3692 Sauland Møteinnkalling for Administrasjonsutval Møtedato: 05.03.2012 Møtestad: kommunehuset, formannskapssalen Møtetid: Kl. 12:00 Utvalsmedlemene blir med dette kalla inn til møtet. Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melda frå så snart råd er, tlf. 35 02 80 00, slik at varamedlem kan bli kalla inn. Stad Sauland, 27.02.2012 Sven Tore Løkslid ordførar Sakliste Sak nr. Saktittel 003/12 GODKJENNING AV MØTEBOK 004/12 REFERATSAKER 005/12 DELEGASJONSSAK 006/12 TILSETTINGSREGLEMENT - HJARTDAL KOMMUNE 007/12 ARBEIDSREGLEMENT - HJARTDAL KOMMUNE 008/12 TELEFONIREGLEMENT - HJARTDAL KOMMUNE
Administrasjonsutval 05.03.2012 003/12 IL Saksansvarleg: Ingebjørg Landsverk Arkiv: K2-, K1- Arkivnr.: 12/379 GODKJENNING AV MØTEBOK RÅDMANNEN TILRÅR Møteboka frå Adm.utvalet 16.01.2012 blir godkjent slik ho ligg føre.
Administrasjonsutval 05.03.2012 004/12 IL Saksansvarleg: Ingebjørg Landsverk Arkiv: K2-, K1- Arkivnr.: 12/378 REFERATSAKER Nr Dok.ID T Dok.dato Avs./Mott. Tittel 1 12/1036 U 16.02.2012 Kongsbergregionen PERSONVERN- OG SIKKERHEITSANSVARLEG I HJARTDAL KOMMUNE RÅDMANNEN TILRÅR Referatsakene blir teke til etterretning slik dei ligg føre.
Administrasjonsutval 05.03.2012 005/12 IL Saksansvarleg: Ingebjørg Landsverk DELEGASJONSSAK Arkiv: K2-, K1- Arkivnr.: 12/377 FADM-001/12 24.01.2012: SØKNAD OM PERMISJON VEDTAK Søknad om permisjon med løn for å følgje førelesningar vbed HITN 30.01., 05.03.,23.04. og 23.05. 2012 innvilgast. FADM-002/12 24.01.2012: SØKNAD OM STØTTE TIL VIDAREUTDANNING VEDTAK Søknad frå Karianne Haugan om dekning av utgifter på til saman kr 8.544,- knytt til vidareutdanning i spesialpedagogikk, påbygging 2 våren 2012 imøtekomast. UItgiftene dekkjast frå post 1.1500.210.2010. FADM-003/12 27.01.2012: SØKNAD OM PERMISJON VEDTAK Søknad frå Kristina Rusina om permisjon utan løn i perioden 20.02. - 25.03.2012 imøtekomast. RÅDMANNEN TILRÅR Delegasjonssakene blir teke til etterretning slik dei ligg føre.
Kommunestyret BHO Administrasjonsutval 05.03.2012 006/12 BHO Saksansvarleg: Bengt Halvard Odden Arkiv: K1-410, K1- Arkivnr.: 12/329 TILSETTINGSREGLEMENT - HJARTDAL KOMMUNE Dokument i saka: Nr T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 2 I 27.02.2012 organisasjonssjefen FORSLAG TIL TILSETTINGSREGLEMENT HJARTDAL KOMMUNE 2012 Vedlagde dokument: Dokument nr.2 Aktuelle lover, forskrifter, avtaler m.m.: Arbeidsmiljøloven, Hovudtariffavtalen Saksgang: Administrasjonsutvalet tilrår Kommunestyret vedtar Bakgrunn for saka: Hjartdal kommune har eit sett med reglement og retningsliner, samla i eit hefte og revidert / endra sist i 2007. Ein såg det som naudsynt å revidere dei fleste av reglementa nå på grunn av endra lovverk, tariff og / eller organisasjon.. Reglementa presenterast for nytilsette som samla i eit hefte, men vedtakast kvar for seg. Vurdering: Tilsettingsreglementet til Hjartdal kommune skildrar klart prosessen kring tilsetting i kommunen frå behovet for ein nytilsett oppstår til det endelege vedtaket for tilsettinga er gjort. Det nye reglementet er i stor grad basera på det gamle, med naudsynt endringar. Endringar i dokumentet er gjort med overstreking der ein ynskjar å fjerne tekst. Ny tekst er markert med tjukk, svart skrift.
Det er ei viktig presisering at dei tillitsvalde får tydeligare roller i dette reglementet. Dei tillitsvalde er ein viktig samarbeidspartnar ved alle tilsettingsprosessar i Hjartdal kommune. Endringar i tilsettingsmynde klargjer at Kommunestyret tilsett Rådmannen, som den einaste politiske tilsettingssaka. All annan tilsetting er delegert til Rådmannen. Arbeidet med revidering av reglementet og retningsliner har vore utførd i samarbeid mellom Rådmann, Organisasjonssjefen og dei tillitsvalde i Samråd i løpet av 2011. Forslag til nytt tilsettingsreglement er sendt ut til høyring hjå tillitsvalde og einingsleiarar i Hjartdal kommune. Det kom inga attendemelding på høyringsutkastet. RÅDMANNEN TILRÅR: Tilsettingsreglement for Hjartdal kommune blir vedtatt slik det ligg føre.
Kommunestyret BHO Administrasjonsutval 05.03.2012 007/12 BHO Saksansvarleg: Bengt Halvard Odden Arkiv: K1-404, K1- Arkivnr.: 12/330 ARBEIDSREGLEMENT - HJARTDAL KOMMUNE Dokument i saka: Nr T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 2 I 27.02.2012 organisasjonssjefen FORSLAG TIL ARBEIDSREGLEMENT HJARTDAL KOMMUNE 2012 Vedlagde dokument: Dokument nr.2 Aktuelle lover, forskrifter, avtaler m.m.: Arbeidsmiljølova, lov om barnehagar, opplæringslova, ferielova, avtale om inkluderande arbeidsliv, Saksgang: Administrasjonsutvalet tilrår Kommunestyret vedtar Bakgrunn for saka: Hjartdal kommune har eit sett med reglement og retningsliner, samla i eit hefte som sist var revidert / endra i 2007. Ein såg det som naudsynt å revidere dei fleste av reglementa. Endra lovverk, tariffavtaler og organisasjon gjorde det aktuelt å revidere tilsettingsreglement. Reglementa presenterast for nytilsette som samla i eit hefte, men vedtakast kvar for seg. Vurdering Arbeidsreglementet til Hjartdal kommune beskrivar det formelle tilsettingsforholdet for alle kommunale arbeidstakarar. Forslag til nytt reglement er i stor grad basert på det gamle, med naudsynte endringar for å følgje endring i lovverk eller for å tydeleggjera dokumentet. Framlegg til arbeidsreglement er markert med overstreking der ein har fjerna tekst og markert med tjukk, svart skrift ved forslag til endring i tekst. Forslag til nytt arbeidsreglement for Hjartdal kommune er utarbeida av Rådmann, Organisasjonssjef og dei tillitsvalde i Samråd i løpet av 2011.
Dokumentet vart sendt ut på høyring til tillitsvalde og einingsleiarar. Det kom inga attendemelding på høyringsutkastet. RÅDMANNEN TILRÅR: Arbeidsreglement for Hjartdal kommune vert vedtatt slik det ligg føre.
Kommunestyret BHO Administrasjonsutval 05.03.2012 008/12 BHO Saksansvarleg: Bengt Halvard Odden Arkiv: K1-050, K1- Arkivnr.: 12/328 TELEFONIREGLEMENT - HJARTDAL KOMMUNE Dokument i saka: Nr T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 2 I 27.02.2012 Kongsbergregionen FELLES TELEFONIREGLEMENT - HJARTDAL KOMMUNE OG AVTALE OM TILGANG TIL OG BRUK AV MOBILTELEFON Vedlagde dokument: Dokument nr.2 Saksgang: Administrasjonsutvalet tilrår Kommunestyret vedtar Bakgrunn for saka: Hjartdal kommune har, som medlem av Kongsbergregionen, deltatt i faggruppa Regionalt telefonisamarbeid. Faggruppa har utarbeida eit forslag til felles telefonireglement for alle kommunane i regionen. Forslaget til nytt telefonireglement innehaldar eit telefonireglement og ei avtale om tilgang til og bruk av mobiltelefon i Hjartdal kommune. Vurdering: Hjartdal kommune har vore gjennom ei større prosess der reglement og retningsliner for tilsette i kommunen reviderast. Retningsliner for telefongodtgjersle vart sist vedtatt i 2007 og er eit gjeldande reglement. Gjennom arbeidet i faggruppa Regionalt telefonisamarbeid i Kongsbergregionen er det gjort eit arbeid for å etablere mest mogleg like telefoniløysingar av praktiske samarbeids- og økonomiske årsaker. Faggruppa har sett det som naturleg at ein bør ha eit mest mogleg likt regelverk og det er difor utarbeida eit forslag til reglement som kvar kommune kan handsame, i staden for at kvar kommune skal utarbeide sitt eiget. Reglementet er
sendt ut til høyring til tillitsvalde og einingsleiarar i Hjartdal kommune. Det kom inga attendemelding på høyringsutkastet. Reglementet byggar på prinsippet om at dei med tenestleg behov skal få tilgang til mobiltelefon. I dagens IT-verden er og mobiltelefon eit arbeidsreiskap utover moglegheitene for å ringe. Tilsette i Hjartdal kommune vil difor kunne arbeide effektivt, mellom anna over e-post, sjølv om dei ikkje er fysisk tilstades på kontoret eller ved datamaskina. Reglementet skal praktiserast for alle tilsette i Hjartdal kommune. I reglementet er det lagt opp til at det er rådmannen som avgjer kven som kjem inn under dei ulike ordningane. Rådmannen kan ikkje tildele tenestetelefon til seg sjølv. Kommunestyret må derfor ta stilling til kva for telefoniordning rådmannen skal ha. For å få samla alle telefoniavtaler i eit dokument er det i forslag til reglement for godtgjersle til folkevalde vist til telefonireglementet. Kommunestyret må derfor òg ta stilling til kva for telefonordning ordførar skal ha. RÅDMANNEN TILRÅR: 1. Telefonireglement for Hjartdal kommune blir vedteke slik det ligg føre. 2. Rådmannen blir tildelt kommunal tenestetelefon og mobilt breiband etter alternativ 2.1 3. Ordførar blir tildelt kommunal tenestetelefon og mobilt breiband etter alternativ 2.1