OS KOMMUNE Organisasjonseining Utval: OS FORVALTNINGSSTYRE Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: 01.06.2006 Tid: 13.00 MØTEINNKALLING Tillegg SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 173/06 03/276 63/14 SOLSTRANDSVN.- REVIDERTE PLAN FOR MOLO FOR HAUGSTRÆET A/S 2884 174/06 06/665 8/253, LANGEDALEN, NYBYGG 2 STK. TOMANNSBUSTADER - EIPLAN AS 2891 Medlemmer som ikkje kan møta må snarast melda frå til Os kommune, tlf. 56 57 50 00. Varamedlemmer møter berre etter særskild innkalling. Os, 29.05.2006 Terje Søviknes Ordførar Jorunn Solberg Fung. rådmann ADRESSE TELEFON WEB/EPOST INFO Rådhuset Sentralbord: 56 57 50 00 postmottak@os-ho.kommune.no Bankgiro: 6525.05.05676 Torggata 7 Telefax: 56 57 50 01 www.os.hordaland.no Org.nr.: 844 458 312 Pb.84, 5202 Os Dir. innval: 56 57 50 20
Sak 173/06 MØTEBOK 63/14 SOLSTRANDSVN.- REVIDERTE PLAN FOR MOLO FOR HAUGSTRÆET A/S Saksbehandlar: Arve Rød Arkiv: MA 63/--14 Arkivsaksnr.: 03/276 Saksnr.: Utval Type/ Møtedato 59/03 Os Forvaltningsstyre DS 12.02.2003 140/06 Os Forvaltningsstyre DS 26.04.2006 173/06 Os Forvaltningsstyre PS 01.06.2006 Framlegg til vedtak: I medhald av 7 og 93 i plan- og bygningslova dispenserer forvaltningsstyret i Os frå 17-2 i same lov, og godkjenner søknad, dat. 05.05.06 om endring/utviding av molo på gnr.63, bnr.14. Forvaltningsstyret kan ikkje sjå at omsøkte utviding medfører endra bruk av området frå det som tidlegare er godkjent gjennom reguleringsplanen. Os, 25.05.06. Jorunn Solberg Fung. rådmann ADRESSE TELEFON WEB/EPOST INFO Rådhuset Sentralbord: 56 57 50 00 postmottak@os-ho.kommune.no Bankgiro: 6525.05.05676 Torggata 7 Telefax: 56 57 50 01 www.os.hordaland.no Org.nr.: 844 458 312 Pb.84, 5202 Os Dir. innval: 56 57 50 20
Sak 173/06 Vedlegg: 1. Søknad, dat. 05.05.06 2. Revudert plan, dat. 05.05.06 3. Kopi av reguleringsplan for Døsvikhagen. 4. Kart i m = 1=1000 Saksopplysningar: Vi har fåt inn ein korrigert plan for havneanlegget, der det vert søkt om ein forlenging av moloen som er vist i planen. Dei ønskjer å ta bort den utstikkaren frå kaien (der 3 naust kan oppførast). I staden ønskjer dei å forlenga moloen med 20 meter mot nord-aust, for så å vinkla den 10 meter mot land (mot nord-vest). Dennne delen av moloen kjem då utanfor plangrensa, og må følgjeleg behandlast som ei vanleg dispensasjonssak. Som grunn for søknaden er oppgitt at ein får betre demma opp for vind frå aust, og at det vert betre plass for båtar i havnebassenget. Vi kan ikkje sjå at omsøkte utviding av moloen vil medføra vesentlege endringar av tidlegare godkjent bruk, (havneområde), og rår til godkjenning av søknaden. Det er ein føresetnad at søknaden vert godkjent av Bergen- og omland Havnevesen. Os, 25.05.06. Arve Rød Avd.ing Side 3 av 8
MØTEBOK 8/253, LANGEDALEN, NYBYGG 2 STK. TOMANNSBUSTADER - EIPLAN AS Saksbehandlar: Kirsti Runi Huse Arkiv: MA -8/-253 Arkivsaksnr.: 06/665 Saksnr.: Utval Type/ Møtedato 120/06 Os Forvaltningsstyre DS 03.04.2006 174/06 Os Forvaltningsstyre PS 01.06.2006 Framlegg til vedtak: Os forvaltningsstyre stadfestar administrasjonen sitt byggeløyve datert 03.04.06 då retten til vatn vert oppretthalde for klagar Elin Magnussen. Naboar er varsla i samsvar med plan- og bygningslova 94. Klagen vert ikkje teke til følge. Os 26.05.2006 Jorunn Solberg Fung. rådmann ADRESSE TELEFON WEB/EPOST INFO Rådhuset Sentralbord: 56 57 50 00 postmottak@os-ho.kommune.no Bankgiro: 6525.05.05676 Torggata 7 Telefax: 56 57 50 01 www.os.hordaland.no Org.nr.: 844 458 312 Pb.84, 5202 Os Dir. innval: 56 57 50 20
Vedlegg: 1. Kart 1:5000 2. Kart 1:1000 3. Situasjonsplan 4. Søknad 5. Teikningar 6. Avtale om vegrett datert 01.03.06 7. Avtale om brønn datert 15.03.06 8. Byggeløyve datert 03.04.06 9. Klage vedkommande utbygging i Langedalen datert 24.04.06 10. Klage til Fylkesmannen i Hordaland datert 25.04.06. 11. Oversending av klage frå Fylkesmannen. 12. Svar på klage datert 25.04.06 frå Os kommune 13. Brev til Eidplan AS vedkommande brønn datert 25.04.06 14. Brev datert 25.04.06 frå Eidplan AS 15. Kopi av brev datert 25.o4.06 til Elin Magnussen frå Eidplan AS 16. Kommentar til svar på klagebrev datert 25.04.06 frå Elin Magnussen 17. Kommentar til brev frå Eidplan AS datert 25.04.06 frå Elin Magnussen 18. Diverse forespørsler frå Advokatfirma Alvheim & Hansen datert 27.04.06 19. Brev datert 04.05.06 frå Elin Magnussen. 20.Merknader til klage frå Advokatfirma Alvheim & Hansen datert 15.05.06 Saksopplysningar: Søknaden gjeld oppføring av to 2-mannsbustadar i Langedalen. Eigedomen ligg innafor område for spreidd bustadbygging og er ein del av kvote for utbygging i området. Søknaden vart godkjent på fullmakt den 03.04.06 og det var på det tidspunkt ingen protestar til søknaden. I etterkant vart det kjent at Elin Magnussen har tinglyst rett til vatn frå ein brønn på eigedomen. Denne brønnen kan verta skadelidande ved utbygginga og Eiplan AS har derfor prosjektert med vann frå borehull på eigedomen som skal forsyne 6-7 husstandar, deriblant Elin Magnussen. Elin Magnussen er ikkje etter plan- og bygningslova 94 nabo, men har i etterkant fått tilsendt nabovarsel sidan ho har rett til vatn frå brønnen. Eiplan AS har lagt fram ei skisse til løysing på overgang frå brønnvatn til vatn frå borehol utan at Elin Magnussen finn å kunne godta denne. Dette er eit privatrettsleg tilhøve, men plan- og bygningslova 66 pålegg kommunane å sjå til at eigedomane har veg, vatn og avløp før eventuell deling eller bygging skjer. Plan- og bygningslova 66 er den einaste staden i lova kommunane grip inn i privatrettslege tilhøve. Implisitt i dette ligg at kommunane skal sjå til at desse rettane ikkje vert krenka. Omsøkte eigedom har vegrett i samsvar med avtale datert 01.03.06 og godkjent avløp i samsvar med forskrifter og føresegner for Os kommune. Det er kome klage frå 3 hustandar i nabolaget, ingen er naboar etter definisjonen til plan- og bygningslova 94. Klage datert 24.04.06 Frå Elin Magnussen, Andreas Hald, Katarina Andersen, Solfrid Berland og Magne Berland. Dei set spørsmål ved følgjande punkt ved godkjenninga av bustadane: 1. Dei meinar at dei skulle ha fått nabovarsel. 2. Dei meinar 2-mannsbustadar bryt med reguleringsplan for spreidd busetnad. 3. Elin Magnussen må sikrast ny permanent vasskjelde før utbygging startar. Avtale datert 15.03.06 vedlagt byggesøknad er kun underskrive av utbyggar. 4. Dei meiner vegrett er gjeve på feil grunnlag og krev avkjørsel til kommunal veg. Side 5 av 8
Dei krev ut frå dette stopp i arbeidet på tomta. Klage til Fylkesmannen i Hordaland datert 25.04.06. Klagarane viser til at det er gjeve byggeløyve til to 2-mannsbustadar i område for spreidd bustadbygging og hevdar dette bryt med byggeskikken og det estetiske i området. Fylkesmannen i Hordaland sender klagen til Os kommune som er rett klageinnstans. Brev datert 25.04.06 frå Os kommune til Eidplan AS. Det vert i brevet sett krav til utbyggar at arbeid som kan skada brønnen eller forureina vatnet vert stoppa. Svarbrev datert 25.04.06 frå Os kommune til klagarane. 1. Nabovarsel er i samsvar med pbl 94. 2. Utbygging krev ikkje 1da pr.hustand. 3. Eidplan AS og Elin Magnussen må verta einige om avtale om tilføsel av vatn til hennar bustad. I mellomtida skal ikkje brønnen verta skada eller forureina. 4. 2-mannsbustadane har vegrett i samsvar med erklæring. Arbeidet vert ikkje stoppa. Brev datert 25.04.06 frå Eidplan AS til Os kommune. Utbyggar legg her fram ei skisse til løysing på av tilførsel av vatn til Elin Magnussen og fam Ervik (har ikkje klaga). Dei føresler at dersom det er naudsynt vert husstandane forsynt med vatn frå vatntank til boreholet er klar for levering av vatn. Det er og teke prøvar av vatnet til dei to husstandane for å kontrollera kvaliteten undervegs. Kopi av brev datert 25.04.06 frå Eidplan AS til Elin Magnussen. Utbyggar seier seg kjent med Elin Magnussen sin rett til vatn frå brønnen, men meinar hennar rett ikkje kan sette grenser for utnyttinga av eigedomen så lenge hennar rett ikkje vert krenka. Utbyggar seier seg innforstått med at dei er erstatningspliktige dersom vassforsyninga vert skadelidande. Kommentar vedkommande svar på klagebrev datert 25.04.06. 1. Gjentar krav om nabovarsel. 2. Krev dokumentasjon på om det er tillate med to 2-mannsbustader på 2da tomt. 4. Hevdar at erklæring om vegrett er ugyldig då dei har hatt vedlikehaldet på vegen. Brev datert 25.04.06 frå Elin Magnussen til Os kommune. Klagar stadfestar at det ikkje føreligg nokon avtale mellom ho og utbyggar. Ho vil heller ikkje akseptere forsyning av vatn frå tank. Diverse forespørsler frå Advokat Arild Dyngeland, brev datert 27.04.06. Advokaten forsikrer på sin klient si vegne at sprenging og graving vil skje med aksomheit. Dersom skade skulle oppstå innestår Eidplan AS for at: 1. Elin Magnussen vil for Eidplan AS sin regning sikres midlertidig leveranse av vann levert på tank som oppstilles på eiendommen. 2. Elin Magnussen vil sikres vederlagsfri og varig påkopling til vannforsyning fra borehull som Eidplan AS oppretter. Borehola kan først verta oppretta etter at tomtane er ferdig sprengde. Boreholet vert dimensjonert for 6-7 husstandar slik at det er teke høgde for at Elin Magnussen kan koplast til. Det vises til at klagar ikkje vil inngå avtale om dette og samtidig klagar på andre forhold i Side 6 av 8
byggetiltaket. Det kan synes som klagar bruker brønn-tvisten til å hindre gjennomføringa av prosjektet. Advokaten viser vidare til utbygger sitt ansvar i høve til nabolova 9 og 10 og at utbygger er innforstått med dette og i tillegg tek på seg ansvar for permanent vassforsyning så vel som mellombels. Advokaten ser ikkje at utbyggar kjem lenger i forsøket til å få til ein avtale og ber om at Os kommune går frå kravet om avtale slik at utbyggar kan iverksette byggeplanane. Brev datert 04.05.06 frå Elin Magnussen. Elin Magnussen seier ho har ikkje motteke noko tilbod om permanent vasskjelde og hennar brønn ligg på tomta som skal byggast ut. Ho viser vidare til at arbeidet på eigedomen var starta opp før ho fekk nabovarsel. Brev datert 15.05.06 frå Advokat Arild Dyngeland. Advokaten viser til at naboar er varsla i samsvar med naboliste og at manglande nabovarsel ikkje var gjort med overlegg. Han viser til at utbyggar har lagt alt til rette for at Elin Magnussen fortsatt skal oppretthalde sin rett til vasskjelde på eigedomen. Advokat Dyngeland meinar derfor det gjennstår no kun eit privatrettsleg tilhøve mellom partane som kommunen ikkje treng ta stilling til. Klagarane har uttrykt overfor fylkemannen at omsøkte tiltak bryt med det estetiske og byggeskikken i området. Advokaten viser til at 2-mannsbustaden er klart innafor rammen både når det gjeld byggeskikk og estetikk. Han meinar klagen først og fremst er eit uttrykk for at nabolaget ynskjer ein einebustad i staden for to 2-mannsbustadar. Det vert derfor bedt om ei stadfesting av byggeløyve. Administrasjonen si vurdering: Klagar sine anmekningar går på : 1. Rett til vatn frå eigedomen gnr 8 bnr 253 2. Vegrett 3. Nabovarsel 4. Estetikk og byggeskikk. Klagar si vassforsyning vil verta oppretthalde ved den løysinga utbyggar har lagt fram. Det vil verta ei mellombels løysing med vatn frå tank som riktignok er uheldig, men likevel fullgod. På førespurnad svarar utbyggar at dei eventuelt treng 14dagar på å få på plass ei permanent løysing med borehol frå tomta er ferdig sprengt. Dette vil tilsvare den perioda det vert levert vatn frå tank. Administrasjonen vurderar det slik at klagar sin rett på tilførsel av vatn er ivareteke. Dog vert det anmerka frå administrasjonen at utbyggar heilt klart hadde ansvar for at rettigheite vedkommande vatn og brønn skulle vore løyst før søknaden var realisert. Eigar av vegen har gjeve utbyggar vegrett og vedlikehaldsplikt. Utbyggar har og plikt til utbetring av vegen etter byggeperioda. Administrasjonen meinar vegretten er i samsvar med lova. Eigedomen kan og få avkjørsle frå kommunal veg om dette er ynskjeleg. Nabovarslinga er i samsvar med plan- og bygningslova 94. At Elin Magnussen i etterkant har fått nabovarsel beror på at utbyggar ikkje har vist nok aksemd i forkant og fått ein avtale om brønn og vassrettigheite. Nabovarselet har gjeve Elin Magnussen ein klagerett og høve til å få søknaden prøvd for klageinstans. Søknaden er i tråd med utbygging i område for spreidd busetnad. 1/3 av tomta skal vera ubebygd og i samsvar med parkeringsnormen skal det vera 3 parkeringsplassar pr. bustad. Utsjånaden er ganske så lik andre 2-mannsbustadar som vert bygd i Os. Det er ein tradisjonell bygning det er søkt om og kan ikkje seiast å vera så lite tilpassa omgjevnadane at ein kan gje avslag etter plan- og bygningslova 74.2. Side 7 av 8
Administrasjonen har ikkje sett krav om at arbeidet på eigedomen vert utsett etter forvaltningslova 42, då utbyggar heile tida har hevda at retten til god tilførsel av vatn til Elin Magnussen vil verta oppretthalde. Alternativt forslag til vedtak. Arbeidet på gnr 8 bnr 253 vert gjeve utsettjande verknad etter Forvaltningslova 42 til dei privatrettslege tilhøva er ordna opp i. Os 26.05.06 Kirsti Runi Huse Side 8 av 8