Møteinnkalling. Rådmannen tek også sikte på å legge fram att saka om Elvaneset, men har ikkje fått avklara om utbyggar/kjøpar kan møte denne dagen.

Like dokumenter
Møteinnkalling. Lista over arbeidsgruppa sine framlegg til driftsendringar, vedlegg til sak 3/18, var ikkje klar då denne saklista vart sett opp.

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Ola Tarjei Kroken Per Jarle Myklebust Anniken Rygg Gunnvor Sunde Arnfinn Brekke Ragnar Eimhjellen

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Utval: Valstyret Møtestad: I Trivselshagen på Sandane (kulturdelen) Dato: Tid: Kl.

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Utval: Oppvekstutvalet Møtestad: På Gloppen opplæringssenter Dato: Tid: Kl. 09:00

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Utval: Oppvekstutvalet Møtestad: Søreide Dato: Tid: Kl. 09:00

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Sakliste. Utval: Oppvekstutvalet Møtestad: På Søreide Dato: Tid: Kl. 09:00

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Selje kommune. Innkalling. Sakliste. Stein Robert Osdal ordfører. Utval: Formannskapet Møtestad: Furebuda Leikanger Dato: Tid: Kl.

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Sakliste. Utval: Administrasjonsutvalet Møtestad: På søreide Dato: Tid: Kl. 14:00

EID KOMMUNE Kontrollutvalet i Eid kommune. Møteinnkalling. Møtedato: Møtestad: Eid rådhus, formannskapssalen Møtetid: Kl.

Nordfjordrådet. Møteinnkalling. Sakliste. Utval: Nordfjordrådet Møtestad: Stryn kulturhus. Tingsalen Dato: Tid: Kl. 10:00 15.

Møteinnkalling for Råd for eldre og menneskje med nedsett funksjonsevne

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Formannskapet Møtestad På Søreide Dato Tid Kl. 14:00-17:10. Følgjande medlemar møtte

GLOPPEN KOMMUNE HELSE- OG OMSORGSUTVALET MØTEBOK

MØTEINNKALLING. Eventuelle forfall meldast til kontrollutvalssekretariatet v/bente Hauge, tlf: eller e- post

EID KOMMUNE Helse-og sosialutval. Møteinnkalling

Møteinnkalling. Møtestart blir rett etter kommunestyremøtet. Klokkeslettet er derfor usikkert.

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Formannskapet Møtestad Gloppen ungdomsskule - GU-salen Dato Tid Kl. 12:45-12:50. Følgjande medlemar møtte

Side 2 av 10 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 004/ /1272 Faste saker 005/ /1210 Arbeidstid og sp

GLOPPEN KOMMUNE ARBEIDSMILJØUTVALET MØTEBOK

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET MØTEBOK

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Utval: Eldrerådet Møtestad: På Søreide Dato: Tid: Kl. 13:00

Fordeling av hovudansvar for utvala mellom tilsette i sekretariatet

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Administrasjonsutvalet Møtestad Gloppen heradshus Dato Tid Kl. 08:30-09:40

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

EID KOMMUNE Eid råd for funksjonshemma. Møteinnkalling

Side 2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/91 Faste saker 002/13 09/635 Utbygging ved Samnangerh

Side 2 av 8 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/12 12/107 Faste saker 002/12 12/69 Revisjon av lønspolitisk

GLOPPEN KOMMUNE RÅDET FOR FUNKSJONSHEMMA

EID KOMMUNE Møtebok. Arkiv: 024 Objekt:

Gloppen kontrollutval SEKOM-sekretariat

GLOPPEN KOMMUNE RÅDET FOR FUNKSJONSHEMMA

Møteinnkalling for Partsamansett Utval

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Utval: Formannskapet Møtestad: På Søreide Dato: Tid: Kl. 09:00

NORDFJORDRÅDET MØTEINNKALLING. Møtedato: Møtestad: Kommunehuset Smia i Hornindal Møtetid: Kl. 09:00

Kontrollutvalet i Hå INNKALLAST TIL MØTE 12. februar 2008 kl på Rådhuset, Varhaug

VANYLVEN KOMMUNE MØTEINNKALLING. Råd for funksjonshemma. Møtestad: Kommunestyresalen - Combisenteret, Fiskå Dato:

Kontrollutval rådmann - revisor. Korleis samarbeider vi?

GLOPPEN KOMMUNE TEKNISK OG LANDBRUKSUTVALET MØTEBOK

Nordfjordrådet. Møteinnkalling. Sakliste. Utval: Nordfjordrådet Møtestad: Stryn vidaregåande skule i Stryn Dato: Tid: Kl.

Nordfjordrådet. Møteinnkalling. Utval: Nordfjordrådet Møtestad: Selje, Åhjemsbuda i Selje sentrum Dato: 13. mars 2017 Tid: Kl.

Eid kontrollutval SEKOM-sekretariat

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Jeffrey Thomas Jostein Arne Røyrvik Svein Ottar Sandal Venke Kollbotn

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Desse medlemmene møtte: Ola Tarjei Kroken Per Jarle Myklebust Kristin Sandal Anniken Rygg Gunnvor Sunde Arnfinn Brekke Ragnar Eimhjellen

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Helse- og omsorgsutvalet Møtestad Gloppen heradshus Dato Tid Kl. 09:00-12:00. Følgjande medlemar møtte

EID KOMMUNE Eid ungdomsråd. Møteinnkalling

Tysnes kommune Møteprotokoll

Nordfjordrådet. Møteinnkalling

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

Selje kommune. Møtebok. Utval: Formannskapet Møtestad: Furebuda Leikanger Dato: Tid: Kl. 13:00-14:00

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Oppvekstutvalet Møtestad Synfaring Sandane skule kl 09 / Heradshuset etterpå Dato Tid Kl.

Møteinnkalling. Møtet startar med bedriftsbesøk hos Hjelpemiddelpartner i Skarsteinsbygget på Sandane. Sjølve møtet blir i 'kommunehuset' på Søreide.

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Ola Tarjei Kroken Per Jarle Myklebust Anniken Rygg Gunnvor Sunde Arnfinn Brekke Ragnar Eimhjellen

Selje kommune. Innkalling. Sakliste. Møteleiar: Jan Vidar Smenes

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET MØTEBOK

Møtebok. Kontrollutvalet i Lærdal kommune. Møtedato: Møtetid: 12:30 15:30. Møtestad: Møterom 2. etasje Saksnr.

Helse- og omsorgsutvalet OBS OPPMØTE PÅ TRESFJORD TRYGDEHEIM KL 1500

Hornindal kommune. Innkalling. Sakliste. Utval: Utval for Oppvekst og Helse Møtestad: Smia Dato: Tid: Kl. 14:00-16:00

Desse medlemmene møtte: Ola Tarjei Kroken Per Jarle Myklebust Kristin Sandal Anniken Rygg Gunnvor Sunde Arnfinn Brekke Ragnar Eimhjellen

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Olav Moritsgård Karoline Råd Hans Myklebust Arnfinn Ommedal Kristin Sandal

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

M Ø T E P R O T O K O L L. for KONTROLLUTVALET I VÅGSØY KOMMUNE

Møtedato: Møtetid: Kl. 13: Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti

Fyresdal kommune. Møteinnkalling. Side1

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Hege Lothe Jeffrey Thomas Jostein Arne Røyrvik Svein-Ottar Sandal Gunnvor Sunde

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

SAKSLISTE Saksnr. Tittel side: 1/17 MØTEPROTOKOLL GODKJENNING 2

Stryn kommune. Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll. Vedteken i kommunestyresak 56/16 den

Kommunestyret. Innkalling

SAKSGANG Styre, råd, utval m.m. Møtedato Saksnummer Formannskap /13 Kommunestyre /13

EID KOMMUNE Eid Eldreråd HOVUDUTSKRIFT. Saksnr.: 001/15-005/15

Møtebok. Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti. Ugilde Sak Følgjande varamedlem møtte

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Kontrollutvalet SEKOM-sekretariat

EID KOMMUNE Eid Eldreråd HOVUDUTSKRIFT

GLOPPEN KOMMUNE OPPVEKSTUTVALET TILLEGGSSAK SAKLISTE: Møtedato: Møtestad: Gloppen ungdomsskule Møtetid: Kl. 09:00

Saksnr. Utval Møtedato 172/16 Formannskapet

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Bernt Reed Svein-Ottar Sandal Venke Kollbotn Arnar Kvernevik Gunnvor Sunde Bjarte Gangeskar Hege Lothe

GLOPPEN KOMMUNE HELSE- OG OMSORGSUTVALET

MØTEINNKALLING. NB! Sak Destinasjon Ålesund og Sunnmøre oppløysing og medlemsskap i nytt selskap vil bli ettersendt.

Austevoll kommune MØTEINNKALLING SAKLISTE

Selje kommune. Innkalling. Sakliste. Åge Starheim leiar. Utval: Råd for eldre og funksjonshemma Møtestad: Kommunehuset Dato: Tid: Kl.

MØTEINNKALLING. Utval: VALNEMND Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: Etter val av valnemnd i kommunestyret SAKLISTE

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET MØTEBOK

Møteinnkalling. Naustdal-Gjengedal verneområdestyre

Oppsummering av saka: Formannskapet er av kommunestyret gitt fullmakt til å utforme endeleg svar til Fylkesmannen i Oppland.

GLOPPEN KOMMUNE ARBEIDSMILJØUTVALET MØTEBOK

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/08 08/194 PROTOKOLL: REGULERINGSPLAN FOR HOLMAMYRANE NÆRINGSOMRÅDE

Lærdal kommune. Sakspapir. Saksnr. Utval Møtedato 104/17 Formannskapet /17 Kommunestyret

Selje kommune. Møtebok. Utval: Administrasjonsutvalet Møtestad: Kommunehuset 2. etg Dato: Tid: Kl. 12:00-13:30

SELJE KOMMUNE Formannskapet. Møtebok. Møtedato: Møtetid: Kl. Møtested: Møte via e-post / tlf. Saksnr.: 060/14-060/14

Møteprotokoll for Formannskapet

Selje kommune. Møtebok. Utval: Administrasjonsutvalet Møtestad: Kommunehuset, 3. etg. Dato: Tid: Kl. 12:00-13:00

2 av 8 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/577 Faste saker 002/13 13/524 Leasingbilar i pleie og omso

Fellesnemnda for Kinn kommune

Transkript:

Møteinnkalling Utval: Formannskapet Møtestad: På Søreide Dato: 27.11.2017 Tid: Kl. 14:00 Den som har lovleg forfall eller er ugild i nokon av sakene, må melde frå så snart råd er til tlf. 57 88 38 00 eller til servicetorget@gloppen.kommune.no slik at varamedlem kan bli kalla inn. Varamedlem møter etter nærare innkalling. Merk deg møtetidspunktet. I tillegg til sakene som no er klare kjem - samfunnsdelen av kommuneplanen - plan for samordning av tenester til barn og unge - gebyr og betalingssatsane i 2018 - budsjettet for 2018 Desse blir lagde ut så snart hovudutvala har gjort unna si behandling 22. og 23. november. Rådmannen tek også sikte på å legge fram att saka om Elvaneset, men har ikkje fått avklara om utbyggar/kjøpar kan møte denne dagen. Sakliste Sak nr. Sakstittel 113/17 Godkjenning av møteprotokoll, innkalling og sakliste 114/17 Referat og orienteringssaker 115/17 Møteplan for 2018 116/17 Oppstart av planarbeid - omregulering av friområde/leikeplassar i Åsen 117/17 Nye vedtekter for IKT Nordfjord Sandane, 21. november 2017 Leidulf Gloppestad ordførar Jan Kåre Fure rådmann

Arkiv: FE - 033 JournalpostID: 17/14592 Saksbehandlar: Anvor Hauge 113/17 Formannskapet 27.11.2017 Godkjenning av møteprotokoll, innkalling og sakliste Vedlegg i saka: 20.11.2017 Protokoll - Formannskapet - 20.11.2017 Ordføraren si tilråding: 1. Formannskapet godkjenner møteboka frå sitt møte den 20. november 2017 2. Formannskapet godkjenner innkallinga og saklista til møtet den 27. november 2017. Møteprotokollen frå siste møtet blir lagt fram til godkjenning. Samstundes ber ordføraren om godkjenning av innkallinga og saklista til dette møtet.

Arkiv: FE - 033 JournalpostID: 17/14635 Saksbehandlar: Jan Kåre Fure 114/17 Formannskapet 27.11.2017 Referat og orienteringssaker Rådmannen legg ikkje fram tilråding i saka. Referatsaker Tittel Helfo legger fram anbefaling til ny kontorstruktur Status for utgreiingar i SFE Avsendar/mottakar Helfo Sogn og Fjordane Energi AS Orienteringssaker: Ordet fritt...

Arkiv: HIST - 15/1046 JournalpostID: 17/14614 Saksbehandlar: Jan Kåre Fure 115/17 Formannskapet 27.11.2017 Møteplan for 2018 Vedlegg i saka: 21.11.2017 Utkast til møteplan for 2018 Rådmannen si tilråding Formannskapet godkjenner rådmannen sitt framlegg til møteplan for 2018. Saksutgreiing Bakgrunn for saka Rådmannen legg som vanleg fram eit forslag til møteplan for 2018. Kort om framlegget Onsdag er no møtedag også for kommunestyret og formannskapet, slik at det berre er MULTEKutvalet og administrasjonsutvalet som ikkje har onsdag som møtedag. Planen seier ikkje noko om møtetidspunkt, men det er lagt opp til at møta som hovudregel startar kl 09:00. Møteplanen tar omsyn til skuleferiane og fylkeskommunen sin møteplan. Talet på møte er om lag det same som tidlegare, og i samsvar med det som er budsjettert i møtegodtgjersle og tapt arbeidsforteneste. Planen legg til grunn at revidert 2018-budsjett skal vedtakast 28. februar, med utlegging som ved den ordinære budsjettbehandlinga. Det betyr at det praktiske arbeidet med å balansere 2018-budsjettet må vere klart til formannskapsmøtet den 7. februar 2018. Det er teke omsyn til framskunda behandling av 2019-budsjettet slik det har vore snakka om under årets budsjettbehandling. Erfaringane tilseier at møteplanen ikkje er «hoggen i stein». Vi må derfor vere budde på endringar, men vi bør prøve å avgrense dette sidan mange har ein stram timeplan også elles. --- Tradisjonelt har det vore formannskapet som har vedteke møteplanen, og så har denne vore referert for kommunestyret. Rådmannen reknar med at denne praksisen framleis gjeld sjølv om vi ikkje har noko kommunestyrevedtak på at det skal vere slik.

Arkiv: FA - L13, PLANID - 201701, PLANNAVN - Detaljreguleringsplan for tidlegare friområde i Åsen JournalpostID: 17/14526 Saksbehandlar: Bjørn Aurlien 116/17 Formannskapet 27.11.2017 Oppstart av planarbeid - omregulering av friområde/leikeplassar i Åsen Vedlegg i saka: 21.11.2017 Kart planområde Rådmannen si tilråding Gloppen formannskap vedtek i samsvar med plan- og bygningslova 12-1 og 12-3 oppstart av arbeid med detaljreguleringsplan for tidlegare friområde i Åsen. Planområdet er vist på kart datert 21.11.2017 Saksutgreiing Bakgrunn for saka Med ujamne mellomrom har kommunen gjennom mange år fått spørsmål om to leikeområde i Åsen på Sandane som anten ikkje er brukt i det heile eller er svært lite brukt. Rådmannen foreslår nå å sette i gang eit kommunalt detaljreguleringsarbeid for å vurdere framtida til desse områda, samt den tidlegare barneparken i same området. Fakta i saka Dei to regulerte leikeområda ligg inntil Furelia og mellom Kreklingen og Furelia. Samla kommunalt areal er om lag 4 dekar. Leikeplassane har ikkje vore opparbeidd og tilrettelagt av kommunen, og i følgje naboar som har kontakta kommunen nesten aldri vore brukt etter intensjonen. Attgroing er eit problem, og kontakten som har vore mellom kommunen og naboar går på ønskje om tilleggsareal og omregulering til bustadtomt. I det same området ligg det også ein regulert gangveg som ikkje er bygd. Den tidlegare leikeparken er om lag 1 dekar, og vil vere ei flott einebustadtomt. Det vart vurdert å omregulere området også i 2009 rett etter at parken var nedlagt, men det vart ikkje gått vidare med arbeidet då. Økonomiske konsekvensar for kommunen Det ligg eit ikkje ubetydeleg inntektspotensiale i sal av tomteareal i dette området, men kor stort det kan vere er ikkje vurdert i detalj. Intektene vil sjølvsagt vere avhengig av tal tomter, utnyttingsgrad og liknande. Rådmannen reknar med at det kan kome krav om å vidareføre i alle fall delar av leikeområda. Dette må vi i så fall ta stilling til seinare. Her er som nemnt også ein regulert gangveg mellom Kreklingen og Orevegen som anten bør opparbeidast som del av dette prosjektet, eller utgå frå planane. Rådmannen si vurdering Rådmannen foreslår å starte reguleringsarbeid for området markert på vedlagt kart. Formålet med

planarbeidet vil vere å redusere arealet friområde slik at kommunen skal kunne selje tilleggsareal til eksisterande tomter og 3-4 nye bustadtomter. Rådmannen meiner i utgangspunktet at gangvegen bør etablerast, då det manglar ein snarveg for gåande og syklande her. Dette vil bli nærare vurdert i planarbeidet. Rådmannen sitt inntrykk er at Åsen Vel legg all sin energi i det store sentrale friområdet rundt Myra, og at behovet for leikeplassar i tillegg til dette området er svært begrensa. Det er ikkje observer ein aktiv bruk av den tidlegare barneparken som tilseier at denne bør takast vare på, men dette vil sjølvsagt bli nærare drøfta i planarbeidet.

Arkiv: FE - 026, HIST - 12/742 JournalpostID: 17/14508 Saksbehandlar: Jan Kåre Fure 117/17 Formannskapet 27.11.2017 Kommunestyret Nye vedtekter for IKT Nordfjord Vedlegg i saka: 17.11.2017 Vedtekter for IKT Nordfjord 17.11.2017 Vedtekter for felles IKT-driftssenter i Nordfjordkommunane Rådmannen si tilråding Gloppen kommunestyre godkjenner for sin del vedlagde vedtekter for interkommunalt IKTsamarbeid i Nordfjordkommunane. IKT Nordfjord blir oppretta så snart alle kommunestyra i samarbeidet har godkjent vedtektene. Frå same tidspunkt blir «vedtekter for felles IKT-driftssenter i Nordfjordkommunane», vedtekne av kommunestyret i Gloppen den 17. desember 2012 oppheva. Saksutgreiing Bakgrunn for saka Rådmannsgruppa har i lengre tid arbeidd med å endre organiseringa av IKT-samarbeidet i Nordfjord. Arbeidet er no kome så langt at nye vedtekter for samarbeidet er klar til politisk behandling. Fakta i saka Kort historisk oppsummering Kommunane i Nordfjord, her inkludert Bremanger kommune, har i lang tid hatt eit godt og omfattande samarbeid på nær sagt alle område som har med IKT å gjere. I 2013 vart dette samarbeidet formalisert ved etableringa av Nordfjordnett, der kommunane sine IKT-ressursar på driftssida vart samla. Etter ein konkurranse kommunane i mellom vart driftssenteret plassert i Måløy, med eit backup-senter på Eid. Fellestilbodet frå Vågsøy og Eid kommunar, som vart valt, gjaldt for ein 5-årsperiode, som går ut i 2018. I samband med etableringa av Nordfjordnett vart det utarbeidd vedtekter for samarbeidet. Det var rådmannsgruppa som skreiv desse. Etter at førsteutkastet var sendt ut til kommunane vart rådmannsgruppa samde om eit nytt framlegg, som vart ettersendt. Dessverre resulterte dette i at kommunestyra fekk seg førelagt ulike utkast til vedteker. Kommunestyra i Stryn og Vågsøy behandla det første framlegget til vedteker, medan dei andre kommunestyra behandla det nye framlegget. Det er ulike oppfatningar om kvifor det vart slik. Uansett vart resultatet at vi har hatt to ulike vedtekter for Nordfjordnett. Hovudskilnaden på dei to variantane er rolla til vertskommunen for Nordfjordnett.

Arbeidet med nye vedtekter Då Nordfjordnett vart etablert, hadde i alle fall rådmennene i samarbeidet, store ambisjonar for kva driftssenteret skulle ta seg av. Det var ikkje unaturleg sidan alt driftspersonalet rundt om i kommunane skulle flyttast til driftssenteret og ha Måløy som ny arbeidsstad. I tida etter at Nordfjordnett vart etablert, har det vore stor utskifting i rådmannsgruppa i Nordfjord. Gruppa har vore sentral i styringa av IKT-samarbeidet, og er samde om at organiseringa av IKTsamarbeidet kan bli betre. Vi må sjølvsagt først og fremst ha like vedtekter for Nordfjordnett. I arbeidet med å samordne dei to variantane av vedtektene, viste det seg med ein gong at ulike vedtekter berre var ein del av utfordringa som må løysast. IKT-samarbeidet er mykje meir omfattande enn eit reint driftssamarbeid. I tillegg kjem strategidelen av samarbeidet, eigarskapen og drift av Nordfjordfiberen som bind kommunane i hop og ulike ordningar der enkeltkommunar handterer løysingane for fellesskapet. Dette har vore eit eit system med mange aktørar, som kvar for seg har gjort sitt beste for samarbeidet. Rådmennene er likevel samde om at summen ikkje har blitt god nok. Rådmannsgruppa har konkludert med at alt IKT-samarbeidet må samlast under eitt styre og ein leiar, og kallast IKT Nordfjord. Nye vedtekter er utarbeidd med dette som utgangspunkt og føresetnad. Spørsmålet om å organisere samarbeidet som eit IKS har vore drøfta, men rådmennene ønskjer ikkje ei slik organisering i dag. Det er fleire årsaker til dette, m.a. er lovgjevinga for IKS under revisjon. Vi står også mykje friare i å organisere samarbeidet viss vi ikkje gjer dette til eit IKS. Truleg blir det også billigare for alle. Vedtektene legg derfor til grunn at samarbeidet skal vere etter 27 i kommunelova, med to kontorkommunar: Eid for dagleg leiar og strategidelen av samarbeidet og Vågsøy for driftsdelen av samarbeidet, som framleis blir heitande Nordfjordnett. Kontorkommunane skal likevel ikkje ha noko med styringa og administreringa av IKT Nordfjord å gjere. Arbeidet med å få på plass ei ny organisering har teke si tid. Rådmannsgruppa har prøvd å involvere alle som i dag har roller og funksjonar i IKT-samarbeidet. Med så mange aktørar skal det sjølvsagt godt gjerast at alle er samde. Slik rådmannsgruppa har oppfatta det, er alle samde om at ei ny organisering må på plass, og ingen er avvisande til det framlegget som no ligg føre. Rådmannsgruppa er samde om å vere styre for IKT Nordfjord saman med ein representant for dei tilsette. Etter kvart som den nye organisasjonen kjem i godt gjenge, kan det naturlegvis bli aktuelt å ha andre i styret enn rådmennene sjølve. Eit 27-samarbeid føreset at alle kommunane er representerte i det øvste organet for samarbeidet. Endringar i kommunestrukturen Frå 1. januar 2020 vil kommunestrukturen i Nordfjord bli endra. Dette vedkjem sjølvsagt også IKT Nordfjord, og nye vedtekter må på plass når det er klart korleis vi då skal organisere oss på dette området. Kort om dei nye vedtektene Dei nye vedtektene er korta ned og kan seiast å vere minimumsvedtekter. Det nærare innhaldet i samarbeidet vil bli regulert gjennom ein samarbeidsavtale og ein tenesteavtale. Meininga er at rådmennene inngår desse avtalane. Vedtektene er tydelege på styringa av IKT Nordfjord. Det er styret og dagleg leiar som styrer og administrerer samarbeidet. Kontorkommunane Eid og Vågsøy si rolle er av formell karakter. Personellmessig er desse kommunane formell arbeidsgjevar, men arbeidsgjevarrolla blir utøvd av

styret (overfor dagleg leiar) og av dagleg leiar (overfor dei andre i samarbeidet). Det er på dette punktet dagens to vedtektsvariantar er ulike. Reglane om oppseiing og utmelding følgjer kommunelova sine reglar. Som sagt ovanfor må vedtektene endrast når ny kommunestruktur er iverksett. Økonomiske konsekvensar for kommunen Dei nye vedtektene har i seg sjølv ingen økonomiske konsekvensar for kommunen. Målet er at ei strammare og ryddigare organisering og styring av samarbeidet vil gje både betre tenester og føre til at vi får meir ut av IKT-samarbeidet. Særleg er det viktig å følgje med på digitaliseringa av offentleg sektor. Det er ei klar målsetting frå rådmennene si side at vi skal hente større gevinstar ut av IKTbruken vår enn det vi får til i dag. Alle kommunane har sett av midlar i sine 2017-budsjett til to nye stillingar i IKT-samarbeidet i Nordfjord. Ei av desse blir ny dagleg leiar for IKT Nordfjord. Rådmannen si vurdering Rådmannsgruppa har brukt mykje tid både på å drøfte IKT-samarbeidet og på å ta stilling i konkrete saker som vi samarbeider om på fagområdet. Behovet for å forenkle og strukturere samarbeidet er udiskutabelt. Samstundes er det viktig at vi i lag er med på og førebur oss til den utviklinga i bruk av teknologi og smarte løysingar som kjem. Rådmannsgruppa står samla bak dei endringane som det no blir gjort framlegg om.