FRAMTID FOR VESTLANDET?



Like dokumenter
Vestlandet ein stor matprodusent

Vil indre strok på Vestlandet berre tapa på eit ferjefritt E39? Eit scenario for Rv 13-regionen med samfunnsperspektiv

Folketal, verdiskaping og kunnskapsproduksjon på Vestlandet

Avdeling for regional planlegging

Folketalsendring Bu- og arbeidsmarknadsregionar

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Kompetansearbeidsplassar i Hordaland

Arbeidsrapport nr. 110 JØRGEN AMDAM: TILHØVE OG UTFORDRINGAR PÅ SØRE SUNNMØRE

SENTRUMSOMRÅDE I HORDALAND

Arbeidsnotat til bymøtet 7. mai 2007, tiltaket Tilflytting 2017 Av Heidi-Iren Wedlog Olsen og Severin Aarsnes

Regional utvikling i Sogn og Fjordane etter andre verdskrigen

HORDALANDD. Utarbeidd av

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane

Byen som motor i den regionale utviklinga. Bymøte, , fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Status akvakulturforvalting og fiskeri per september 2015

Bli verande eller reise vidare? avgjerande faktorar når høgt utdanna vel å bu og arbeide i distrikta

Næringsanalyse Kinn kommune. Februar 2019

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Regionale effektar av Mørebyane som mellomstore byar. Professor Jørgen Amdam Høgskulen i Volda

Norske arbeidstakarar med berre grunnskole bør ta meir utdanning

FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN

Talet på bedrifter innan eigedom har auka særleg sterkt i nokre av regionane rundt Bergen.

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Løyve i perioden til no i Avslag i perioden til no i

Konsekvensanalyse. Vegomlegging Etnesjøen. Juni AUD-rapport nr

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

På veg mot auka regional ubalanse? Finnst det gode svar på korleis vi kan motvirke sentralisering og sikre regional vekstkraft? Regionaldirektør Jan

8. Museum og samlingar

EXPO 2010 OG SAMARBEIDSRELASJONAR MED KINA

Lønnsundersøkinga for 2014

Byen som motor i den regionale utviklinga. Nasjonal nettverkssamling for regional planlegging, , Kjersti Hasselø

Med fleire bein å stå på.

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Føretak for framtida. Arbeidet med utviklingsplanar Helse Førde

Fiskeriverksemd i Hordaland

INDRE VESTLAND. Innspel frå Hardanger, Sogn, Voss og Vaksdal i dialogmøte med Vestland fylke

Notat 7/2001. Jørgen Amdam SØRE SUNNMØRE SOM REGION STERKE OG SVAKE SIDER OG SAMARBEIDSOMRÅDE

Bustadområde i sentrum. Vurdering

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

Bustadmarknaden i Sogn. Presentasjon for Sogn Regionrådsdag Tirsdag 21.april 2015 Leikanger

Produksjon og ringverknader i reiselivsnæringane

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Løyve i perioden i Avslag i perioden i Laks og aure i sjø 22

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

Kjelde: alle figurar PANDA/SSB

Gjeldsbøra i kommunane Møre og Romsdal

«Årets Bedrift 2015» Slettvoll Møbler AS

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere:

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Strategiplan for Apoteka Vest HF

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn. Siv. Ing Tobias Dahle ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune)

Regionale aktørar sitt arbeid med bygde- og lokalsamfunnsutvikling på Vestlandet Utgreiing: Møreforsking og Ideas2Evidence Oppdragsgjevar:

2014/

Statusrapportering for reiselivsnæringa i Møre og Romsdal - heile 2016

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

Ny strategiplan for Høgskulen

Finnmarks fremtidige arbeidsmarked. Av Sveinung Eikeland og Ivar Lie, Norut NIBR Finnmark as

UTTALE TIL HØYRINGSDOKUMENT NORSK FJELLPOLITIKK 2009

PLANLEGGING FOR KOMPETANSE- ARBEIDSPLASSAR

Kystfiskarane si rolle for auka verdiskaping i fiskeindustrien med fokus på tradisjonsfisk. Bergen 10.juni-2005 Knut Arne Høyvik

Plankonferansen i Hordaland Attraktivitet og stadinnovasjon i Hordaland. Solveig Svardal. Forståingsramme

Korleis skape samhandlig lokal og regionalt Solstrand, 26.september 2012

Leverandørskifteundersøkinga 2. kvartal 2007

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre

ULSTEIN KOMMUNE Politisk sekretariat

Nøkkeltala eit unikt og rikt materiale. Lasse Kolbjørn Anke Hansen, spesialrådgjevar Regionalavdelinga

Riksveg 52 Hemsedalsfjellet. Den nordlege hovudvegen aust - vest

EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv

Utfordringar for Vestlandet

Finansiering av dei offentlege fagskolane

ARBEIDSNOTAT ref. Nordmørskonferansen 2008

Om Fylkesprognoser.no

Lotteri- og stiftingstilsynet

Konsekvensanalyse Ålvik/ Kvam

Forslag frå fylkesrådmannen

Problemstillingar vi vil oppdraget skal belyse

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Til deg som bur i fosterheim år

Skogsvegar på Vestlandet -no eller aldri? Kjetil André Rødland Vestskog

Kompetanse for ei kunnskapsintensiv framtid

NÆRINGSKLYNGER PÅ VESTLANDET OG REGIONAR HORDALAND FYLKESKOMMUNE

FORSLAG TIL HANDLINGSPROGRAM OPPFØLGING AV REGIONALPLAN SJØAREAL HAVBRUK

Saksnr. Arkivkode Saksh. Dykkar ref. Dato 16/309-3 / U43/ Aina Tjosås ADRESSE TELEFON WEB/EPOST INFO

FDALAND FYLKESKOMMUNE 1 3 SEPT Eksp. 'u.off. ! ^

Næringsanalyse Sunnfjord kommune. Mars 2019

Norsk Bremuseum sine klimanøtter

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Forskrift om manntal for fiskarar og fangstmenn

E39 mål eller verkemiddel?

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret HØYRINGSUTTALE TIL UTVIKLINGSPLAN MOT 2030 FOR HELSE MØRE OG ROMSDAL HF

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik

Transkript:

Jørgen Amdam, Finn Båtevik, Einar Leknes og Jon Moxnes Steineke: FRAMTID FOR VESTLANDET? SCENARIO FOR VESTLANDET 2000-2020 Kyststamvegen > 6,4% 0-6,4% -5 - -0,1% < 5% Folketalsutvikling 1990-2000 Rapport: RF-2000/174 Forskingsrapport nr. 43 Rogalandsforskning, Stavanger. Møreforsking og Høgskulen i Volda.

Prosjekt: Landsdelsanalyse for Vestlandet Prosjektansvarleg: Møreforsking, Volda og Rogalandsforskning, Stavanger Finansiering: Kommunal- og regionaldepartementet. Prosjektleiarar: Jørgen Amdam, Høgskulen og Møreforsking i Volda Einar Leknes, Rogalandsforskning, Stavanger. Prosjektmedarbeidarar: Finn Båtevik, Møreforsking Volda Jon Moxnes Steineke, Rogalandsforskning, Stavanger Ansvarleg utgivarar: Møreforsking Volda og Høgskulen i Volda ISBN: ISBN: ISSN: Sats: Jørgen Amdam Trykk: Egset Trykk A/S, 6100 Volda. Opplag: 300 Distribusjon: 2

Innhald Figurar og Tabellar... 5 Samandrag... 6 Forord... 8 Bakgrunn... 9 DEL 1... 11 SITUASJON OG UTFORDRINGAR PÅ VESTLANDET... 11 Næringsutvikling og sysselsetting... 12 Energi olje og gass... 18 Havbruk og fiske... 19 Maritim industri kluster... 22 Kunnskapsnæringar og IKT... 24 Offentleg verksemd... 26 Utkantregionar og næringsliv... 27 Samfunn og kultur... 29 Langsiktige demografiske trendar... 29 Økonomiske tilhøve... 35 Kompetanse og utdanning... 37 Regional identitet... 40 Regional planlegging... 43 Regional struktur og infrastruktur... 45 Kommunikasjonsstruktur... 46 DEL II... 50 SCENARIO...50 Vestland Vestland... 51 Situasjonen i år 2020... 52 Næringsliv år 2020... 53 Befolkning år 2020... 56 Regional struktur og identitet år 2020... 56 Sør og Nord hav og fjord... 58 Situasjonen i år 2020 på Vestlandet... 60 Næring, sysselsetting og befolkning... 61 3

Regional struktur... 64 Kommunikasjonar... 64 Polarisert kulturliv... 66 Regionenes Vestland... 67 Situasjonen år 2020... 68 Kystferjevegen... 68 Næringsutvikling... 69 Befolkning i år 2020... 71 Kultur og identitet... 72 Etterord om strukturen i scenaria... 73 Etterord om offentleg verksemd... 74 Vestland-Vestland... 74 Sør og Nord hav og fjord... 75 Regionenes Vestland... 76 Tilvisingar:... 78 Vedlegg 1. Framskrivingane til SSB i år 2000.... 80 Vedlegg 2: Regioninndeling (NIBR)... 81 4

Figurar og Tabellar Figur 1. Modell for planleggingsrelatert analyse...9 Figur 2. Sysselsettingsutvikling Vestlandet 1980-95. Kjelde: Selstad 1998... 12 Figur 3. Regional sysselsettingsendring frå 1992 til 1998. 1992 = 100%... 14 Figur 4. Samanheng mellom folketalsstorleik (1998) og sysselsetjingsendring 1992 til 1998 (1992 = 100%)... 15 Tabell 2. Sysselsettingsfordeling og totalsysselsetting 1998... 17 Tabell 3. Førstehandsverdi av ilandført og oppdretta fisk 1998, 1000 kr. (Kjelde: SSB internett)... 20 Tabell 4. Det maritime klusteret i Møre og Romsdal i 1997/98 (Hervik et. al. 1998)... 23 Figur 5. Regionale sysselsettingsandelar innan produksjonsretta privat tenesteyting på Vestlandet sett i samanheng med regionstorleik.... 24 Tabell 5. Sysselsettingsandel innan privat produksjonsretta tenesteyting, 1998... 25 Tabell 6. Sysselsettingsendring 1992-98 i regionar på Vestlandet med mindre enn 15.000 sysselsette. 1992=100%... 28 Figur 6. Regional befolkning 1998 og vekst i perioden 1980 til 1998... 29 Figur 7. Befolkningsutvikling på kommunenivå 1990 2000, prosent.... 30 Figur 8. Endring i sysselsetting og befolkningsutvikling i regionane på Vestlandet... 33 Figur 9. Regionstorleik 1998 og folketalsframskriving til 2020 (alt. MMMM, SSB)... 34 Figur 10. Eksportinntekter for landbasert og oljerelatert verksemd per innbyggjar... 35 Figur 11. Eksport av tradisjonelle varer, fylkesfordelt... 36 Figur 12. Andel innbyggjarar med høgre utdanning i 1999 i økonomiske regionar på Vestlandet (prosent over 16 år)... 37 Figur 14. Endring i folketal 30 til 39 år og sysselsetting på 1990-talet etter regiontype. Prosent... 46 Tabell 8. Sysselsettingsutvikling, scenario Vestland-Vestland... 55 Tabell 9. Befolkningsendring på Vestlandet, scenario Vestland-Vestland... 56 Figur 18. Folketilvekst 1990 til 2000 og kyststamvegen med linjebydanningar... 57 Tabell 10. Totalt verdiskapingspotensial for havbruksnæringen stilt opp mot forventet utvikling på oljesektoren, mrd. norske 1999-kroner. (www.ntnu.no/ntva/rapport)... 58 Tabell 11. Næringsstruktur i år 2020, scenario Sør og Nord... 63 Tabell 12. Befolkningsutvikling på Vestlandet, scenario Sør og Nord.... 63 Figur 19. Polysentriske bysystem på Vestlandet, scenario Sør og Nord... 65 Figur 20. Skisse av regionkommunestruktur i år 2020... 68 Tabell 13. Sysselsetting i år 2020, scenario Regionenes Vestland... 71 Tabell 14. Befolkning i regionkommunane, scenario Regionenes Vestland... 72 Tabell 15. Scenario vestland forutsetningar år 2020 strategiske område.... 73 5

Samandrag Vestlandet har mange utfordringar, men også mange moglegheiter. I denne rapporten har vi først omtalt desse, deretter brukt dei som grunnlag for tre scenario for moglege framtider på Vestlandet. Vestlandet og spesielt kysten er fullt av moglegheiter i åra som kjem og innan mange område. Trass i at petroleumsforekomstane i sør tek til å tømmast og at aktiviteten innan leiting og utbygging kan verte mindre, er det bygd opp kunnskapsmiljø som bør kunne omstille seg til andre former for aktivitet eller til aktivitet i andre land. Det er knytt store utfordringar til nasjonal foredling av olje og gass. Det er spådd lysande framtid for havbruksnæringa, og Vestlandet har kompetanse innan forsking og næringsaktivitet til å utnytte slike moglegheiter om det vert satsa målbevisst på FoU-innsats og entreprenørskap for dyrking av nye artar, forbetring av teknologi for transport av produkta, marknadsutvikling m.m. Dei marine og maritime miljøa er sterke på Vestlandet og har store moglegheiter til vidare utvikling spesielt knytt til petroleums- og havbruksverksemd. I tillegg er det meir lokalt aktive miljø innan reiseliv, metallurgisk verksemd, møbel m.m. Vestlandet er svært dyktig til å produsere og sysselsettinga innan sekundærnæringane er høgre relativt sett i alle regionar på Vestlandet enn for Noreg som gjennomsnitt. På den andre sida er spesielt kunnskapskrevjande privat, bedriftsretta tenesteyting underutvikla i lag med forskings- og utdanningsverksemd. Vestlandet produserer og eksporterer, Oslo har tenesteytinga til denne produksjonen og skummar fløyten er ei faktisk beskriving av situasjonen. Dette er ei av dei største utfordringane framover for landsdelen, ikkje å redusere den produserande verksemda, men å auke forskings-, utviklings- og tenesteverksemda for å få best moglege lærings- og utviklingsmiljø. Kulturelt og historisk sett framstår Vestlandet som ei identitetseining ut frå sams trekk som talespråk, ein egalitær småfiskarbondekultur, ein landsdel vendt mot og oppteken av hav, sjø og fjord nærings- og kommunikasjonsmessig m.m. Overgangen frå sjøtransport til landtransport har gjort at fjordane som før var kommunikasjonsårer har vorte hinder og dei kan føre til ei fragmentering av Vestlandet som eining. Medan godstransport og eksport i stor utstrekning går med båt til kontinentet, er persontransport og intern godstransport meir og meir prega av landevegane. Desse går i svært liten grad sør nord som kystferdsla, men aust vest og er med på å skape ei større avhengigheit av Austlandet kommunikasjonsmessig. Biltransport nord-syd er kostbart (ferjer) og tidkrevjande. Enn om det kunne etablerast eit transportsystem nord-sør med god kopling direkte til Europa? Dette er grunnlaget for scenariet Vestland Vestland. I 2020 er det mogleg å reise ferjefritt mellom Stavanger og Trondheim etter at rørbrua over Sognefjorden vart opna. Denne transportkorridoren er bunden saman med kontinentet og UK med hurtiggåande båtar. Denne storstilte satsinga har vorte mogleg gjennom eit offentleg-privat partnerskap og etablering av eit eige utbyggings- og driftsselskap for Kyststamvegen. Ledig kapasitet innan offshore-industrien er nytta til seriefabrikasjon av røyrbruelement noko som også har vorte ein eksportartikkel. Kyststamvegen har vorte det samlande prosjektet for det store Vestlandsfylket, tiltaket som skulle binde Vestlandet saman til ei eining. I realiteten er det skapt to storbysystem med sterk vekstkraft, aksen Stavanger- Haugesund-Leirvik-Bergen med eit folketal på over 800.000 innan dagleg pendlingsavstand til minst eitt av sentra og aksen Stryn, Ørsta/Volda, Ulstein, Ålesund, Molde og Kristiansund med ca. 220.000 innbyggjarar innan dagleg pendlingsavstand til eitt eller fleire av desse sentra. Midt mellom desse finn ein Florø-Førde med ein viss vekst. 6

Innan desse bysonene som kyststamvegen har skapt er det ikkje samanhengande men delvis overlappande arbeidsmarknader. På den andre sida er indre fjordstrøk og mellomliggjande kystområde prega av stagnasjon og uttynning mellom anna fordi landbruket er dramatisk redusert, med unntak av områda som har greidd ei vellukka omstilling til omsorgsretta verksemd og som har satsa på å vere gode miljø for eldre hushald som flyktar frå byane. Det er ei betydeleg rivalisering spesielt mellom Bergen, Stavanger og Ålesund. Sør og nord, hav og fjord tek utgangspunkt i at det har skjedd ei firedobling av verdiproduksjonen innan fiske og havbruk frå 2000 til 2020. Sjølv om sysselsettinga ikkje har auka i vesentleg grad innan primær- og sekundærproduksjon (lite foredling), har det vore ein formidabel auke i kunnskapsretta verksemd knytt til spesielt havbruk gjennom at ein dei siste 20 åra har stimulert FoU-verksemd, gründarar innan feltet m.m. slik at det har vokse fram eit stort tal små og mellomstore foretak innan utvikling og dyrking av nye artar, enzym-finning og produksjon, kontroll- og kvalitetssikringsverksemd, marknadsutvikling m.m. Vestlandet framstår som havbrukets Silikon Valley. Samstundes er det gjort mange nye petroleumsfunn og det er relativt stor verksemd i Nordsjøen sjølv om prisane er lave. På kommunikasjonssida er kyststamvegen bygd ut mellom Stavanger og Bergen slik at det er mogleg å køyre strekninga på 2 timar og 15 min. og området framstår som ein bandby. Lenger nord vert dei fleste fjordar kryssa med hurtiggåande ferjer. Arbeidsmarknadane til Førde-Florø, Ålesund-Ulstein-Ørsta/Volda og Molde-Kristiansund er samla. Vestlandet framstår som stadig meir delt mellom det eigentlege Vestlandet sør om Sognefjorden (som er lagt ut som naturvernområde), og det meir fragmenterte og austlandsretta Nordvestlandet. Det er også betydelege motsetningsforhold mellom den sterkt veksande kysten og dei meir stagnerande fjordområda. Regionenes Vestland prøver å skildre kva som kan skje dersom Vestlandet vert delt inn i 11 regionkommunar etter at fylkesnivået er avvikla. Sidan utfordringane og utviklingsmoglegheitene er høgst varierande i dei ulike regionane, nokre er prega av samarbeid medan andre av bygdestrid, er det behov for å skrive 11 scenarium her. Petroleumsverksemda er prega av relativt høg aktivitet med mange nye funn og høge prisar, havbruksnæringa av stor vekst, men styrt etter oppkjøp av internasjonale matselskap som har FoU-arbeid og foredling i utlandet, men har i stor grad sine havbruksretta merkantile senter i Ålesund (midtpunkt mellom vest og nord). Det er sterk polarisering kulturelt og på andre måtar mellom regionane og staten spelar på dette ved å sette dei opp mot kvarandre i forhandlingane om betaling for offentleg velferdsproduksjon. Offentleg sysselsetting knytt til spesielt kontroll og administrasjon aukar betydeleg, men er rimeleg jamt fordelt regionalt kombinert med sterk vekst i Oslo. Striden mellom og innan regionar fører til liten satsing på betring av kommunikasjonar nord-sør og mellom regionar, i staden er Oslo sin posisjon som sentralstad styrkt. På den andre sida fører omfordeling og utbygging av lokal og regional offentleg verksemd i alle regionar til ein jamnare vekst mellom sentrale og perifere regionar, sjølv om kysten har dei beste moglegheitene for privat næringsutvikling innan mellom anna havbruk. I etterord er dei grunnleggjande trekka ved dei tre scenaria oppsummert og like eins er det drøfta kva rolle og påverknad organisering av offentleg verksemd kan ha for dei ulike scenaria. 7

Forord Denne rapporten er i hovudsak ført i pennen av Jørgen Amdam med grunnlag i innspel frå alle fire medforfattarane. Ansvarsdelinga er slik at vi alle fire skal ha ære for det som er bra, medan det som manglar eller sviktar her tek prosjektleiar ansvar for. Vi er svært takksame for samarbeidet med dei fire fylkeskommunane. På to møte i Bergen har vi drøfta perspektiv med administrative representantar og dei har også gitt verdfulle kommentarar til denne rapporten. Den gode kvaliteten skuldast deira arbeid, feil og manglar er våre eigne. Ein stor takk også til KRD som gjorde det mogleg for oss å gjere dette arbeidet, sjølv om det ikkje akkurat har skapt overskot i våre respektive organisasjonar. Som prosjektleiar har dette vore eit usedvanleg interessant arbeid som også har vore lærerikt, fordi det er første gong eg har tenkt på Vestlandet som ei eining og kva som er sterke og svake sider og moglegheiter her. Volda 2000-08-26 Jørgen Amdam Prosjektleiar 8

Bakgrunn Å vurdere framtida er ei utfordring spesielt også når ressursramma vi har til disposisjon er temmeleg avgrensa. Derfor sjå dette notatet som innspel for å provosere til debatt. Kva framtid er det vi ønskjer på Vestlandet og kvifor? Kva kan skje om vi ikkje greier å påverke utviklinga i ønskt retning? Kva bør vi gjere og kven bør gjere kva? Spørsmåla er mange og det er ikkje vår intensjon å prøve og svare på dei men heller å stimulere til fleire spørsmål og prosessar som kan gi betre svar enn det vi kan skissere her. Bakgrunnen for arbeidet er KRD sitt arbeid med ny regionalmelding. I analysar som normalt vert gjort i samband med dette arbeidet er det ulike typar regionar (urbane rurale) som står i fokus. For å kunne gi arbeidet med regionale utfordringar sterkare områdevis tilknyting er det sett i gang arbeid med regionale framtidsutsikter for Nord- Noreg, Midt-Noreg, Vestlandet og Agder. Frå før har landsdelssamarbeidet for Austlandet gjennomført arbeid som vert vurdert som tilfredsstillande for KRD (Selstad 1999). I dette notatet vil vi prøvd å oppsummere nokre trendar og utfordringar som vil vere innverkande for scenario som skal utarbeidast og å stille nokre spørsmål som vi må arbeide vidare med. Ein vanleg måte å arbeide analytisk med slike spørsmål kan skisserast som på figur 1, her bygd på Bennett and McCochan (1993). Figur 1. Modell for planleggingsrelatert analyse RESULTAT Scenario for regional framtid 9

Sett i samanheng med modellen på figur 1 vil ulike scenario kunne bygge på meir generelle utfordringar i samfunnet og meir spesielle tilhøve og utfordringar i området. Scenarier vil ikkje vere direkte parallellar til skissering av kapabilitet og respons, dvs korleis er det Vestlandet og ulike regionar på Vestlandet kan møte moglege utfordringar i notid og framtid. I staden vil det vere innspel som kan stimulere til debatt i samband med viktige vegval og som i neste omgang kan påverke planleggings- og utviklingsarbeid knytt til utvikling/endring av kapabilitet og respons. Å utvikle scenarier er ikkje å drive planarbeid, men å vurdere tilhøve, utfordringar og moglege vegval på ein slik måte at ein får best moglege planleggingsprosessar og sams meiningsdanning vidare. Dette er også bakgrunnen for at dette notatet har to delar der første del omhandlar situasjon og utfordringar og andre del skisserer tre ulike scenario (framtidsbilde) med skisser av kva som er bakgrunnen for at ein på Vestlandet er i denne spesielle situasjonen i år 2020. Men ver klar over at scenarium ikkje er planar og heller ikkje utopiar eller dystopiar (men dei kan oppfattast slik). På figur 1 er det nemnd døme på utfordringar som er mykje framme i den allmenne debatten i Noreg. Her vil vi forutsette at ein del slike makrotrendar er velkjende og i staden konsentrere oss om tre hovudfelt av utfordringar og med spesielt fokus på Vestlandet: Næringsutvikling og sysselsetting Samfunn og kultur Region og tettstadutvikling Gjennom denne drøftinga av utfordringar vil vi også omhandle slike overordna megatrendar og utfordringar. Til dømes vil vidare internasjonalisering og globalisering av næringslivet fungere annleis på Vestlandet enn i andre regionar i Noreg. Vestlandet har høgre industriverksemd enn andre regionar i Noreg og er sentral innan eksportverksemd som olje, fisk, skip m.m. Ein kan hevde at det meste av industrien og industriretta tenesteyting alt er internasjonalisert. Men denne internasjonale marknadstilpassinga skaper nye utfordringar som til dømes dei langsiktige følgjene av at industrien vert interessante oppkjøpsobjekt for nasjonale og internasjonale storkonsern. Framstillinga her byggjer i stor grad på to delrapportar der mykje av data, analysar, figurar m.m. er henta frå og anna materiale framstilt til regionalmeldingsarbeidet frå m.a. NIBR: Vestlandet demografiske utviklingstrekk etter 1980 (Finn Båtevik, Møreforsking) Landsdelsstudie Vestlandet 1980 2020. Arbeidsnotater. (Einar Leknes og Jon Moxnes Steineke, Rogalandsforskning) Det er gjort nærare greie for regioninndelinga i vedlegg. Vårt Vestland er samansett av fire fylke; Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Det interessante er at denne avgrensinga ikkje er uproblematisk. I landsdelsplanlegginga på 1970-talet var Vestlandet Hordaland og Sogn og Fjordane. Rogaland var i lag med Agder-fylka og Møre og Romsdal var for seg sjølv. Då vi starta arbeidet delte vi området i to Sør-Vest og Nord-Vest men kom til at det var så mange sams trekk at vi valde å samarbeide og skrive i saman. Kvifor? Ja det håper vi at du kan få svar på ved å lese dette notatet. 10

DEL 1 SITUASJON OG UTFORDRINGAR PÅ VESTLANDET 11

Næringsutvikling og sysselsetting Figur 2. Sysselsettingsutvikling Vestlandet 1980-95. Kjelde: Selstad 1998. Som figur 2 viser har dei fleste regionar på Vestlandet hatt ei positiv sysselsettingsutvikling i perioden 1980 til 1995. Likevel er det ein trekk som umiddelbart kjem fram av kartet: Indre fjordregionar har mindre vekst enn kystregionar, ein del av dei har faktisk til dels stor nedgang i sysselsetting spesielt indre Ryfylke. Spesielt stor vekst har det vore i kyststripa frå Stavanger i sør til Bergen i nord. Også på kysten på Nordvestlandet har det vore vekst, spesielt i Florø- og Ulsteinregionane. Sysselsettingsendring 1980 1995. Kartet viser total sysselsettingsendring i perioden 1980 til 1995. Om ein bryt det opp i periodane 1980-90, og 1990-95 er det om lag same mønster som teiknar seg i begge periodane, men medan nokre regionar hadde stagnasjon på Nordvestlandet i 1980- åra, har dei vekst på 1990-talet. I nasjonal samanheng veit vi at det var liten vekst i total 12

sysselsettingsvekst frå 1980 til 1990, berre 3% (Hansen og Selstad 1998). Ressursbaserte næringar gjekk ned med 16%, anna industri med 14%, medan produksjonstenester voks med 14% og hushaldstenester med 16%. Frå 1992 til 98 viser tabell 1 at nedgangen i primærnæringane fortset, men på 1990 talet har ein hatt ei langt meir positiv utvikling innan industri og spesielt på Vestlandet. Med unntak av Sogn og Fjordane har Vestlandsfylka frå 1992 til 1998 om lag same totale sysselsettingsvekst som Noreg dvs. ca. 12 til 16% vekst. Veksten i S&F var berre på 5%. Men desse tala dekkjer over store regionale endringar som: Nordfylka S&F og M&R har større nedgang i primærnæringane enn Noreg og spesielt sørfylka Hordaland og Rogaland. Med unntak av S&F som har hatt om lag same vekst som landet, har auken i sekundærnæringar vore betydeleg større på Vestlandet (15%) enn i Noreg totalt (10%) Innan personretta privat tenesteyting har Vestlandet om lag same vekst som Noreg (19%), men med større vekst i sør (ca. 22%) enn i nord (ca. 14%) Trass i den sterke veksten i sekundærnæringar er veksten i bedriftsretta tenesteyting heile 10% lavare på Vestlandet enn i Noreg totalt (39% vekst). Berre Rogaland er nær landsgjennomsnittet (32%), Sogn og Fjordane langt etter (19%). Innan offentleg tenesteyting har Vestlandet om lag same vekst som landsgjennomsnittet (7 mot 8%) men Hordaland har mest ikkje hatt vekst i det heile! (1%, grunnen er tilbakegang på Voss og 0% vekst i Bergen) Av fylka er det spesielt Sogn og Fjordane som kjem dårleg ut med lavare vekst eller større tilbakegang enn landsgjennomsnittet i fire av fem hovudnæringar. Tabell 1. Sysselsettingsendring frå 1992 til 1998, Vestlandet. 1992 = 100% Syss.vekst 92-98 Sekundær næringer Personretta priv. tj.yt. Primærnæringer Bedriftsretta priv. tj.yt. Offentlig tj.yt. Rogaland 116 % 89 % 115 % 122 % 132 % 113 % Hordaland 113 % 93 % 115 % 121 % 129 % 101 % Sogn og 105 % 75 % 109 % 110 % 119 % 109 % Fjordane Møre og 112 % 79 % 117 % 116 % 124 % 111 % Romsdal Vestlandet 113 % 84 % 115 % 119 % 129 % 107 % Norge 114 % 86 % 110 % 119 % 139 % 108 % 13

Figur 3. Regional sysselsettingsendring frå 1992 til 1998. 1992 = 100% Syss.v.92-98 1992=100 Norge Surnadal Sunndalsøra Ørsta/Volda Ulsteinvik Ålesund Kristiansund Molde Nordfjord Førde Sogndal/Årdal Høyanger Florø Voss Odda Nordre Sunnhordland Søndre Sunnhordland Bergen Jæren Haugesund Stavanger/Sandnes Egersund 85 90 95 100 105 110 115 120 Figur 3 viser dei regionale endringane og som forsterkar tendensane ein kan sjå på kartet på figur 2: 14

7 regionar har hatt meir enn 14 % vekst i perioden (landsgjennomsnittet), 5 i sør (vesentleg dei store byregionane) og to i nord (Ålesund og Ulstein). 1 region Odda har hatt tilbakegang i sysselsetting, men også mange andre har hatt mindre vekst enn 5 %, vesentleg regionar i Sogn og Fjordane og regionar i indre fjordstrøk prega av einsidig industri. Av dei mellomstore byregionane har spesielt Kristiansund (5 %) og Molde (9%) hatt liten sysselsettingsvekst. Den sterke veksten i Rogaland rundt Stavanger, Haugesund og Bergen har utvilsamt samanheng med oljerelatert verksemd, men også sterk vekst i personretta verksemd der storleik på regionane betyr mykje. Den sterke veksten i Ålesund og Ulsteinvik heng truleg saman med sterk vekst i industrien (23 og 31% vekst), spesielt den maritimt retta, og i bedriftsretta tenesteyting (29 og 41% vekst). Figur 4. Samanheng mellom folketalsstorleik (1998) og sysselsetjingsendring 1992 til 1998 (1992 = 100%) 400000 350000 Bef. storleik og sysselsettingsvekst Bef 98 Sysv92-98 120 Lineær (Sysv92-98) 115 300000 250000 200000 150000 100000 50000 0 Bergen Stavanger/Sandnes Haugesund Ålesund Molde Nordre Sunnh Jæren Kristiansund Nordfjord Førde Sogndal/Årdal Ulsteinvik Egersund Ørsta/Volda Voss Florø Odda Søndre Sunnh Sunndalsøra Surnadal Høyanger På figur 4 er det sett nærare på samanhengen mellom regionstorleik målt i folketal i 1998 og sysselsetjingsendring mellom 1992 til 1998. Med unntak av spesielt Ulsteinregionen er 110 105 100 95 90 85 15

det ein tydeleg samanheng slik at dess større region i folketal, dess større sysselsetjingsvekst (dette er markert med trendlinje på figuren). Samstundes, fortsatt med unntak av Ulsteinvik, er det ingen av regionane med under 40000 i folketal som har hatt meir enn 10% sysselsetjingsvekst, medan alle regionar med større folketal har hatt ein sysselsetjingsvekst på minst landsgjennomsnittet (14%) med unntak av Molde (9%). Utan å gå nærare inn på dette synes det å vere ein terskel rundt 40 til 50.000 innbyggjarar som kan henge saman med moglegheitene til å utvikle tenesteyting. I tilfelle kan dette tale sterkt for kommunikasjonsendringar som gjer regionar større i folketal. På tabell 2 er vist den totale sysselsettinga i 1998 i kvar region og med prosentvis fordeling på dei fem hovudgruppene av næringar. Dei store regionale forskjellane på Vestlandet kjem klart fram på tabellen: I sysselsetting er Bergensregionen større enn Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane til saman (ca. 160.000 sysselsette). Dernest kjem Stavanger/Sandnes (ca. 112.000 sysselsette). Haugesund og Ålesund er om lag like store med litt over 38.000 sysselsette. Desse fire regionane er heilt dominerande med over 2/3 av totalsysselsettinga på Vestlandet. Rogaland og Hordaland har til saman 70% av sysselsettinga på Vestlandet. Primærnæringane har relativt liten betydning for sysselsettinga i dei fleste regionar på Vestlandet med unntak av Jæren, Søndre Sunnhordland og Surnadal (over 15 %) der dominert av landbruk. Men den indirekte betydninga kan vere stor i framtida spesielt knytt til fiskeri og havbruk der det er mange som ventar stor vekst i framtida. Utfordringsmessig bør ein derfor sjå nærare på spesielt havbruksnæringa. Innan landbruk har liten grunn til å forvente anna utvikling enn landet elles men ein kan ha store regionale variasjonar her. Spesielt ser ein av tabell 1 at primærnæringane har gått tilbake med 20 til 25 % i M&R og S&F og dette er truleg i det vesentlege innan landbruk. Omlegginga av landbruksstøtten frå mindre til større bruk vil også klart vere ein stor ulempe for regionar med små bruk. Sekundærnæringane er viktige i dei fleste regionar på Vestlandet (ingen under 20%), spesielt (over 40%) Egersund, Nordre Sunnhordland, Ulsteinvik og Sunndalsøra. Innan dette feltet er det spesiell grunn til å sjå nærare på energiproduksjon spesielt framtidig olje- og gassutvinning og bruk og industri som er nært knytt til denne verksemda maritim industri. Det kan vere grunn til å sjå nærare på privat bedriftsretta tenesteyting som gjennomgåande omfattar høgt kvalifiserte arbeidsplassar. Som ein ser av tabell 2 er dette næringar som er spesielt sentrumsrelaterte. Berre 5 regionar har over 10% i sysselsetting her, dei fire største regionane i sysselsetting og i tillegg Florø. Framtidig lokalisering og dimensjonering av desse næringane kan vere avgjerande for regional utvikling både i sentrum og i periferi spesielt fordi nivået på Vestlandet er lavt i forhold til spesielt Oslo-området. For både privat personretta tenesteyting og offentleg tenesteyting ser ein at det er ein del regionale variasjonar. Likevel bør ein her kunne rekne med at denne sysselsettinginga i stor grad er proporsjonal med spesielt folketalet med ein viss grad av korrigering som følgjer av regionstorleik fordi dei største regionane vil ha større forekomst av skjeldentenester. Innan dette feltet kan det imidlertid vere grunn til å sjå 16

nærare på den kunnskapsproduserande og formidlande verksemda knytt til IKT, forsking og høgare utdanning. Tabell 2. Sysselsettingsfordeling og totalsysselsetting 1998 Region Primærnæring Sekundærnæring Personr. priv te Bedriftsr priv ten Off tenester Sum = 100% Egersund 11 % 40 % 20 % 5 % 24 % 8746 Stavanger/Sandnes 3 % 30 % 29 % 15 % 23 % 112186 Haugesund 5 % 31 % 28 % 10 % 25 % 38791 Jæren 17 % 34 % 22 % 5 % 22 % 15651 Rogaland 5 % 31 % 28 % 13 % 23 % 175374 Bergen 2 % 23 % 31 % 14 % 29 % 159692 Søndre Sunnhordland 16 % 25 % 21 % 9 % 29 % 3748 Nordre Sunnhordland 5 % 40 % 21 % 8 % 26 % 20099 Odda 6 % 34 % 22 % 5 % 33 % 5706 Voss 10 % 20 % 32 % 7 % 32 % 6690 Hordaland 3 % 25 % 30 % 13 % 29 % 195935 Florø 10 % 35 % 22 % 10 % 23 % 6686 Høyanger 13 % 31 % 16 % 5 % 35 % 4482 Førde 8 % 32 % 22 % 7 % 31 % 12251 Sogndal/Årdal 11 % 21 % 28 % 9 % 32 % 12189 Nordfjord 14 % 31 % 24 % 6 % 25 % 13091 Sogn og Fjordane 11 % 29 % 23 % 7 % 29 % 48699 Molde 8 % 29 % 26 % 7 % 30 % 27278 Kristiansund 8 % 26 % 29 % 9 % 28 % 13452 Ålesund 6 % 33 % 28 % 11 % 23 % 38350 Ulsteinvik 12 % 40 % 20 % 8 % 20 % 11485 Ørsta/Volda 9 % 26 % 26 % 8 % 30 % 7637 Sunndalsøra 8 % 42 % 18 % 5 % 26 % 4371 Surnadal 18 % 30 % 22 % 5 % 26 % 4302 Møre og Romsdal 8 % 32 % 26 % 8 % 26 % 106875 Vestlandet 6 % 29 % 27 % 11 % 26 % 526883 Norge 4 % 23 % 30 % 14 % 28 % 2064244 17

Ut frå ei totalvurdering meinar eg at dei strategiske næringane for den vidare utviklinga av Vestlandet, og som spesielt bør analyserast nærare, vil vere: 1. Energiproduksjon spesielt olje- og gassutvinning og foredling. 2. Havbruk og fiske 3. Maritim industri kluster i sør (olje/gass) og nord (fiske/olje/gass) 4. Kunnskapsrelaterte næringar delar av produksjonsretta privat tenesteyting og forsking og høgare kunnskapsformidling 5. Næringar spesielt viktige for utkantområde (landbruk, reiseliv) I tillegg er mange andre næringar interessante og viktige for spesielle regionar som møbelproduksjon, smelteverk m.m., men dei er ikkje avgjerande for utviklinga av Vestlandet som ein totalitet. Energi olje og gass Vestlandet har tradisjonelt vore ein stor nettoprodusent av energi til dels med stor eksport i form av elektrisitet til Austlandet og i form av energibasert foredling av råvarer. I dei siste 10-åra har dei store olje og gassfunna ført til store eksportverdiar og også til store økonomiske ringvirkningar spesielt i Rogaland og etter kvart Hordaland men også resten av Vestlandet. Større vekt på fornybar energi som vind- og bølge-energi har stort potensiale på Vestlandet. I 1998 var samla sysselsetting i petroliumsretta verksemd om lag 92.500 (Leknes og Steineke 2000). Av desse ca 92.500 arbeidde i underkant av halvparten med bygging av faste og flyttbare innretningar. Undersøking, boring og produksjon utgjer omlag 1/3 av sysselsettinga, mens basar, transport, forpleining og administrasjon står for omlag 15% og bygging og drift av ilandføringsledningar og foredlingsanlegg utgjer omlag halvparten av dette. Sidan slutten på 1980-tallen har den regionale fordelinga av petroleumsretta sysselsetting i store trekk vore stabil. Rogaland er det viktigaste fylket innan petroleumsretta verksemd. Bedrifter i dette fylket har i gjennomsnitt hatt omlag halvparten av rikets sysselsetting innan denne sektoren noko som tilsvarer ca. ¼ av totalsysselsettinga i fylket. Vidare har Hordaland gjennomsnittleg omlag 20 % av dei sysselsette, mens Øst- og Sørlandet har hatt i overkant av 20%. Sidan 1990 har den petroleumsretta sysselsettinga i de fire vestlandsfylka utgjort omlag ¾ av den petroleumsretta sysselsettinga i riket og dette svarar til 14% av sysselsettinga på Vestlandet. Denne verksemda er derfor svært viktig for den vidare utviklinga i landsdelen, spesielt i Rogaland. Den vidare utviklinga innan dette feltet kan vere avgjerande for sysselsetting og busetting. Nokre av utfordringane er (sjå også Leknes og Steineke 2000): Framtidig investerings- og aktivitetsnivå innan petroleumsverksemd er usikker og svært avhengig av om det vert gjort nye funn, evt. Utvinning i marginale felt og at prisane på produkta er høge. Likevel kan ein rekne med at ein no har eit toppnivå og at sysselsettinga innan denne sektoren vil falle frå ca. 92.500 i 1998 til kanskje 70.000 men også så lavt som 50-60.000 i år 2020 er mogleg. Dette vil spesielt kunne ramme 18

bygging av faste og flyttbare innretningar, noko som vert forsterka av overgangen til mindre, fjernstyrte og til dels automatiske installasjonar på havbotnen. Olje- og gassutvinninga og leitinga vert trappa ned i sør og aukar i nord. Dette kan føre til negative konsekvensar spesielt for Rogaland, men kan også bety nye moglegheiter for Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. På den andre sida manglar nordområdet infrastruktur som relaterte administrasjons-, forskings- og kompetansemiljø som i dag finst i Oslo, Stavanger, Bergen og Trondheim. Dette kan bety at dei eksisterande kompetansestrukturane vert vedlikehaldne og at det som skjer er ei omflytting av arbeidsplassar som krev mindre kvalifisert arbeidskraft (produksjonsarbeidarar). Noreg har ein svært lav foredlingsgrad av olje og gass, stort sett eksporterer vi denne energien i rå form. Debatten knytt til gasskraftverk viser at dette kan endre seg i framtida. Olje og gass representerer også store biologiske ressursar ved foredling til for eksempel mat for plankton og i neste omgang mat for fisk eller som råmateriale til ulike kjemiske og biokjemiske industriar. Dette er lite påakta i Norsk samanheng, men kan verte viktig spesielt i ein situasjon med formangel innan fiskeoppdrett og Vestlandet er med sin industrielle tradisjon og nærleik til råvarer truleg det einaste området i Noreg der det kan vere mogleg å få til slik industriutvikling. Om energiprisane stig vil utnytting av energien i vind og bølgjer verte meir interessant og også her har Vestlandet store fordelar samanlikna med område lenger nord i landet fordi marknaden regionalt er større og tilgangen til den europeiske marknaden er betre. Men dette kan også skape store utfordringar med omsyn til landskapsvern og i kystområda med både vernekonflikter og konflikter med fiske, oppdrett og anna havbruk. Regionalt sett kan ein vente stabilitet eller litt vekst i sysselsetting i denne sektoren i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal (men her er sysselsettinga lav i 1998, berre til saman 6000), medan til dels Hordaland og spesielt Rogaland uansett kjem til å få store utfordringar i åra som kjem spesielt knytt til bygging og vedlikehald av faste og flyttbare innretningar. Havbruk og fiske Fiskerinæringen er ei stor næring i Noreg, faktisk den største eksportnæringa etter råolje og på linje med naturgass målt i verdi. I 1998 blei det eksportert 1.95 millioner tonn sjømat til ein verdi av 28,2 milliarder kroner. I verdi sto oppdrett av laks og aure for omlag 1/3 av dette. Fiskeriene sin andel av norsk eksport utgjorde då 8,5 %. 1 Omlag halvparten av verdiskapningen både innanfor tradisjonelt fiske og oppdrett kommer frå dei fire vestlandsfylka. Både innan fiskeri og spesielt havbruk er Vestlandet stadig meir dominerande i Noreg og med stor auke i eksport og eksportverdi. Innan fiskeri utgjorde verdien av ilandført fisk på Vestlandet 36% av all ilandføring i 1980, 47% i 1990 og 55% i 1997. Målt i mengd vart 68% ilandført på Vestlandet i 1997. Spesielt er det Møre og Romsdal som har fått stadig sterkare posisjon. I 1980 vart ca. 20% av all 1 Kilde: www.fiskeoppdrett.no / Eksportutvalget for Fisk 19

fisk målt i verdi ilandført i dette fylket, dette auka til 28% i 1990 og 32% i 1997 (SSB Nordisk statistikk på CD-rom 1999). Fiskerimiljøet på Nord-Vestlandet (M&R og S&F) hadde i 1997 42% av ilandført verdi i Noreg og 39% av mengd i tillegg til avgjerande kontroll over mykje av industrien og eksporten også frå Nord-Noreg. Vidare utvikling i regionar som Ålesund, Ulsteinvik, Nordfjord (Måløy) og Florø vil vere sterkt prega av utviklinga innan fiskeriverksemd. Innan fiskeri har delinga på Vestlandet vore slik at i sør har industrifiske og feitfisk dominert, medan i nord (M&R og S&F) har også kvitfisk stor betydning. Av tabell 3 ser ein at Vestlandet sine fire fylke har om lag 50% av verdien til ilandført fisk i 1998 og 53% av verdien til oppdrettsfisk. Innan fiskeri er spesielt Møre og Romsdal dominerande, innan oppdrett er Hordaland litt større enn Møre og Romsdal. Tabell 3. Førstehandsverdi av ilandført og oppdretta fisk 1998, 1000 kr. (Kjelde: SSB internett) Fylke Fiskeriverdi Oppdrettsverdi Sum Rogaland 794716 556166 1350882 Hordaland 296891 1774130 2071021 Sogn og Fjordane 931888 781250 1713138 Møre og Romsdal 3184356 1389406 4573762 Vestlandet 5207851 4500952 9708803 Noreg 10409428 8513332 18922760 Innan tradisjonelt fiskeri er auke i mengdene av fangst sterkt avgrensa og bestand som torsk er truleg overbeskatta. På den andre sida har verdien på spesielt kvitfisk auka sterkt dei siste åra, noko som har aktualisert oppdrett. Med langsiktig konstante mengder av fanga fisk vil utfordringane framover å auke verdien ved å take betre hand om råvarene og å utnytte produkta betre. Dette gjeld både bifangst og også utfordringar knytt til biprodukt frå avfall som til for og til biokjemisk produksjon. Kvalitetsforbetring, foredling, biprodukt og nye marknader synes å vere hovudutfordringar innan tradisjonell fiskeriverksemd. Det er store forventningar til vekst innan oppdrett, noko som er å forvente når ein veit at mengde seld oppdretta laks auka med over 100% frå 1993 til 1998, frå ca. 160000 tonn til ca. 360000 tonn. Verdien har auka i litt mindre grad, ca. 80%. I rapporten Norges muligheter for verdiskaping innen havbruk (DKNVS 1999) vert det antyda eit potensiale for ein formidabel verdivekst innan fiskeri, oppdrett og tilknytta verksemd frå ca. 40 milliard kr. i år 2000 til ca. 240 milliard kr. i år 2030. Svært mykje av denne veksten vil eventuelt kome frå dyrking av artar som tidlegare berre har vorte fangsta men også ei femdobling av mengde oppdrettslaks. Ei slik endring vil imidlertid krevje ei dramatisk opptrapping av forskings- og utviklingsinnsats. Det er rimeleg å tru at Vestlandet vil ha sin andel av ein slik vekst noko som gjer det viktig å studere nærare kva konsekvensar ei slik utvikling vil ha. 20

Samstundes er sysselsettingseffektane av oppdrett små til no på grunn av lav foredlingsgrad innanlands. Berre 4284 personar var direkte sysselsett innan næringa direkte i 1997, av desse 213 i Rogaland, 960 i Hordaland, 389 i S&F og 678 i M&R, eller 52 % av totalsysselsettinga (SSB Internett). I tillegg vil kome sysselsetting innan tilgrensande aktivitet som eksportfirma, transport m.m. som til dømes vart utrekna til ca. 9.700 av Fiskeridirektoratet i 1994 (Leknes og Steineke 2000) til saman ein sysselsettingseffekt på ca. 14.000, av dette minst ½ på Vestlandet. Mellom utfordringane vi vil peike på: Til no har oppdrett vore svært fokusert på auke i mengde og på råvareeksport. Med auke i produksjon på same måte vil ulemper som forureiningar m.m. kunne auke dramatisk utan at ein får tilsvarande verdiauke for samfunnet. M.a. er slik primærproduksjon svært effektiv med omsyn til arbeidskraftbruk. Det same gjeld anna sjøretta fangst med t.d. basisforedling om bord. Ein står derfor ovanfor vegval med om lag same økonomiske verdi for området som mellom t.d. stor auke av eksportert mengde (råvarestrategi) og mindre mengdeauke men større grad av foredling (foredlingsstrategi). Den siste strategien kan krevje endringar i marknadstilgang for foredla produkt, auka marknadskunnskap og langt større satsing på produktutvikling. Ei sterk satsing på foredling av oppdrettsfisk og eksport til EU vil imidlertid medføre konkurranse med foredlingsindustrien innanfor EU som ikkje vil ha de samme tollbarrierar for foredla varer som Noreg utanfor EU vil ha. Også andre land innanfor EU med naturgitte forutsetningar (Storbritannia og Irland) kan by på konkurranse og samtidig dra nytte av tollbarrierar og på den måte vanskeleggjere ekspansjon av oppdrettsnæringen i Noreg. Alternativ kan vere nye marknader som fjerne Austen m.m. Både innan fiskeriverksemd og oppdrett har det foregått ein betydeleg konsentrasjon. Med om lag konstant mengde fangst og med oppmjuking av kvoteordningar må ein rekne med ein vidare konsentrasjon til større og færre båtar og truleg også ein vidare konsentrasjon på produksjons- og eksportsida. Nordvestlandet har vore ein klar vinnar til no i slike prosessar. På oppdrettssida foregår storstilte oppkjøp av konsesjonar og konsentrasjon både på produksjons- og eksportsida. Vestlandet synes å styrke stillinga si her, men her kan ein også vente større innslag av internasjonale operatørar. Ein stor vekst i oppdrett vil kunne føre til problem med naturleg fôr (fisk) og vil truleg medføre auka bruk av landplantar og/eller for med basis i olje/gass. Det kan også vere aktuelt å stenge av fjordarmar og havområde for gjødsling og dermed dyrking av maritime plantar og krill til fôr eller beiting. Slike endringar kan få store miljømessige konsekvensar dels knytt til auka forureining av sjø og havet, men også sperring av store område for fri ferdsel. Problema knytt til vekst innan oppdrettsnæringen ikkje berre marknadstilgang. Interne forhold som til dømes tilgang på fôr, teknologisk utvikling og effektiv bekjemping og kontroll med sjukdom vil og kunne vere avgjerande. Dyrking av fisk og andre maritime dyr og plantar vil sette nye krav til sjukdomsforebygging og kjemping. Truleg vil det også kunne verte teke i bruk genmodifiserte artar og genmodifisert fôr som kan få uforutsette konsekvensar for ville artar og for det genetiske materialet i naturen. Ny teknologi kan også føre til at dei naturgitte fordelane vi har i Noreg vert mindre, til dømes meir sjøgåande oppdrettsanlegg. 21

Vidare utvikling av oppdrettsverksemd vil sette store krav til arealbruksplanlegging og forvaltning både til lands og på og i sjøen. Dette kan krevje utvikling av nye styringsformer og nye måtar å samarbeide på mellom næringsliv, samfunnsliv og offentlege aktørar. Det er sannsynleg at ein slik vekst først og fremst vil kome i kystområdet der vekstkrafta alt er sterk, og i mindre grad vil kome områda knytt til indre fjordarmar og fjellområda til gode. Framvekst av nye arter og moglegheiter for samlokalisering reiser spørsmål om ein ytterlegare regionalt spesialisering av havbruksnæringa i Noreg. Samlokalisering av oppdrettsanlegg for fisk og skjel er potensielt gunstig både med omsyn til bruk av eksisterande infrastruktur og personell, og arealmessig fordi mange etablerte anlegg for fiskeoppdrett ligg i område som også kan vere gunstige for oppdrett av skjel. Samdrift kan ha klare økonomiske fordeler, når både grunnlagsinvesteringar, marknadsførings- og distribusjonskanalar deles i fellesskap. Det er imidlertid også en rekke ulike faktorar som kan tenkjast å påverke samlokalisering negativt. Det kan være både biologisk og smittehygienisk uheldig å samlokalisere oppdrett av ulike deler av den marine faunaen. Faren for overføring av sjukdomar har ført til en konsesjonspraksis som er svært restriktiv med omsyn til slik samlokalisering. Med så sterk vekst som forventa vil det også sette store utfordringar til forsking, finansiering og eigarskap. Truleg vil ein få nye store internasjonale aktørar inn som eigarar og med store utfordringar knytt til styringsrett, lokalisering, skattlegging og foredlingsverksemd. Oppbygging og produksjonen av nye havbruksprodukt vil ikkje være ei pionernæring på samme måte som fiskeoppdrettsnæringa i si tid var det, og nye regionale produksjonssystem for kvitfisk, skjel og andre marine arter kan delvis kunne foregå langs allereie oppgådde stier. Maritim industri kluster Historisk har fiskeriverksemd og sjøfart vore svært avgjerande for utvikling av den marine industrien på Vestlandet. Utviklinga har fulgt den franske modellen (Wicken 1997) der handverkarar har utvikla industri i tett samarbeid med brukarar med grunnlag i nye utfordringar og teknologiske moglegheiter. Frå trebåtar vart utvikla metallbåtar og moderne skipsbygging. Kopiering av enkle motorar og anna utstyr førte til produksjon av det avanserte utstyret som trengst i moderne båtar. Industrien har i prinsippet utvikla produkter som fiskarar og reiarar trengde etter kvart som behov vart definert og teknologi gjorde det mogleg å produsere dette. Etter oljefunna på 1970-talet har desse miljøa på Vestlandet i det vesentlege vorte delt i to. På Sørvestlandet vart det danna eit oljekluster der den maritime industrien i stor grad omstilte seg til å dekke behov innan oljeleiting og utvinning. Tyngdepunkt her er Rogaland, men også Hordaland. På Nordvestlandet fortsette ein med skipsbygging og skipsutstyr, men med nye båttypar som supplybåtar m.m. til oljeverksemd i tillegg til båtar til fiske og ulike spesialskip. Den siste tilveksten på denne stamma er båtar for legging av optiske kablar på sjøbotnen. Tyngdepunkt her er Møre og Romsdal med base i Ulstein- og Ålesundregionane, men også Sogn og Fjordane og dels Hordaland. Desse to til dels integrerte maritime kluster er svært viktige for Vestlandet. For å vise dimensjonane og integrasjonen vil vi vise til desse opplysningane om verksemda i Møre og 22

Romsdal (Hervik et.al. 1998), sjå tabell 4. Av dei 13.000 sysselsette er heile 4000 i Ulsteinregionen og snart like mange i Ålesundregionen. Tabell 4. Det maritime klusteret i Møre og Romsdal i 1997/98 (Hervik et. al. 1998) Bransje Tal foretak Omsetning 1997, mill kr. Sysselsetting Resultatgrad Skipsverft 23 5700 3000 1,2 % Leverandørar og skipskonsulentar 190 6000 4900 6 % 15 % Rederier (shipping/havfiske) 13 trad. Shipping 130 båtar havfiske 2700 2900 5300 29 % 15 % Sum: 15700 (1) 13000 (1)- korrigert for internleveranser. I realiteten er skipsverfta som er den mest synlege verksemda berre 1/3 av den totale tett samanbundne verksemda. Hervik si gransking viser også at skipskonstruktørar har heile verda som marknad, men også at dei fører til at båtar vert bygd i Noreg og spesielt at det vert brukt norsk utstyr. Dei har ei nøkkelrolle i utviklinga av samspeleffekten i klusteret. I perioden 1994 til og med 1997 totalprosjekterte skipskonstruktørane i fylket 198 båtar, av desse 101 for utanlandske reiarar. 43% av båtane vart bygd i fylket, 31% i utlandet. Regionale reiarar har også stor tendens til å bruke regionale skipsverft og utstyrprodusentar. Tilsvarande strukturar knytt til maritim verksemd finn ein truleg i dei tre andre fylka, der spesielt konstruktørmiljøa i dei større byane betyr mykje for heile verksemda. Samstundes kan ein peike på ein del utfordringar knytt til denne verksemda: Det maritime klusteret på Sørvestlandet er i sterk grad knytt til olje og gassverksemd. Lavare leite- og utvinningsnivå i lag med bruk av ny meir småskalaprega teknologi kan føre til store utfordringar spesielt for verftsdelen av verksemda. Også klusteret på Nordvestlandet er i stor grad knytt til den same verksemda i form av bygging og drift av supplybåtar og andre spesialskip for olje- og gassverksemd. Likevel kan denne verksemda vere meir robust på lang sikt sidan marknadene er meir internasjonale. Det maritime klusteret på Nordvestlandet er i stor grad avhengig av fiskeriverksemd med t.d. 130 havgåande båtar berre i Møre og Romsdal. Det er store behov for fornying av flåten, men slik verksemd er i stor grad avhengig av m.a. kvoteregelverk og ressurstilgang. Endringar i fiskeripolitikk kan få store både positive og negative konsekvensar for klusteret. Den tette symbiosen mellom reiarar/brukarar, konstruktørar og industri har til no gitt dei maritime kluster stor omstillingsevne og evne til fleksibel spesialisering. Samstundes har denne overlevingsevna også gjort denne verksemda til interessante 23

oppkjøp frå nasjonale og internasjonale konsern. Dette kan i verste fall føre til mindre fleksibilitet og brot på samspelet mellom sentrale regionale aktørar, t.d. ved at konserninterne produkt må brukast framføre regionale. Mykje av denne verksemda på Vestlandet og spesielt på Nordvestlandet er lokalisert avsides, dvs. i regionar med einsidige og små arbeidsmarknader. Dette fører til store utfordringar med å rekruttere dyktige leiarar, spesialarbeidarar m.m. Det fører også til at tilgangen til spesielt høgt kvalifisert bedriftsretta tenesteyting vert dårleg (Amdam 1998). Kunnskapsnæringar og IKT I omtalen av det maritime klusteret (sjå ovanfor) peikar Hervik et.al. (1998) på den sentrale rolla til skipskonstruktørane. Dei hadde ei nøkkelrolle i kraft av evnene sine til å trekke til seg oppdrag frå heile verda og som førte til at båtar vart bygd i Noreg og spesielt at utstyr vart brukt frå norske produsentar. På 1980- og 1990- telet har vi sett at bedriftsretta tenesteyting har ekspandert sterkt, spesielt den høgt kompetansekrevjande delen av slik verksemd. Produksjonsretta kunnskapsrelaterte tenester som forretningsmessig tenesteyting og forsking voks med heile 71% i sysselsetting på 1980-talet (Selstad 1998) ja det meste av den nasjonale veksten på 14% innan desse næringane kom innan dette feltet. Figur 5. Regionale sysselsettingsandelar innan produksjonsretta privat tenesteyting på Vestlandet sett i samanheng med regionstorleik. 400000 350000 Bef 98 % priv prodt.98 Geom. (% priv prodt.98) 16 14 300000 250000 200000 150000 100000 50000 0 Bergen Stavanger/Sandnes Haugesund Ålesund Molde Nordre Sunnh Jæren Kristiansund Nordfjord Førde Sogndal/Årdal Ulsteinvik Egersund Ørsta/Volda Voss Florø Odda Søndre Sunnh Sunndalsøra Surnadal Høyanger 24 12 10 8 6 4 2 0

Inndelinga på tabell 2 er litt annleis men den viser at medan Noreg har ca. 14% av total sysselsetting innan bedriftsretta privat tenesteyting, har Vestlandet berre 11% og sjølv i Rogaland og Hordaland er andelen berre 13%. Stavanger/Sandnes og Bergen er faktisk berre på nivå med landsgjennomsnittet eller litt over. Fylke som Møre og Romsdal og spesielt Sogn og Fjordane ligg langt under landsgjennomsnittet. Figur 5 viser at det er relativt klar samanheng mellom regionstorleik og nivå på produksjonsretta privat tenesteyting, som ein kan vente. Positivt avvikande er spesielt Florø-regionen med 10%. Dei reelle utfordringane innan denne delen av næringslivet er illustrert på tabell 5 nedanfor, der alle regionar i Noreg med same eller høgre sysselsettingsandel enn landsgjennomsnittet er medtekne. Oslo og Asker/Bærum har heile 26 og 25% sysselsetting innan dette feltet. Også Kongsberg og Trondheim ligg over Stavanger/Sandnes og Bergen i sysselsettingsandel, noko som truleg heng saman med dei tunge teknologiske miljøa i begge desse regionane. Det ein kan fastslå er at innan dette næringsfeltet er Oslo-området heilt dominerande og med mange aktivitetar som har heile landet som marknad. Den lave andelen på Vestlandet skuldast til ein viss grad den høge sysselsettingsandelen i sekundærnæringane, men dette forklarar berre ein liten del av den store forskjellen i forhold til Oslo-området. Tabell 5. Sysselsettingsandel innan privat produksjonsretta tenesteyting, 1998. Oslo 26 % Bærum/Asker 25 % Kongsberg 17 % Trondheim 16 % Stavanger/Sandnes 15 % Follo 15 % Bergen 14 % Kristiansand 14 % Innan forskingsfeltet og IKT har ein om lag same sentraliserte mønster som ovanfor, sjå Leknes og Steineke (2000). I 1997 var FoU-utgiftene per innbyggjar svært forskjellige i dei fire Vestlandsfylka. Medan Hordaland låg litt over landsgjennomsnittet i utgifter pr. innbyggjar, låg Rogaland på under 50%, M&R ca. 25% og S&F berre 10% av landsgjennomsnittet. I Hordaland blei nær halvparten av FoU-innsatsen utført av universitets- og høgskolesektoren, mens næringslivet utførte det meste av FoU-arbeidet både i Rogaland og Møre og Romsdal. I Sogn og Fjordane sto instituttsektoren for nær halvparten av FoU-innsatsen i fylket. Sett i forhold til den store aktiviteten i sekundærnæringane på Vestlandet, er dette eit klart teikn på manglande offentleg FoU-innsats i nærområdet til næringslivet noko som gjer det vanskeleg å få til interaktiv læring mellom FoU-miljø og næringsliv (Isaksen og Spilling 1996, Isaksen 1997). 25

I moderne økonomier er teknologiske forbetringar den viktigaste årsaka til økt verdiskaping. Utviklinga av ny informasjonsteknologi (IT) har vore særleg viktig for å gjøre alminnelege produksjonsprosessar meir effektive, og for å utvide spekteret av forretningsmessige tenester. Teknologien gjer sitt inntog på stadig fleire verksemdsområde, og det har etter kvart blitt mogleg å påvise ein klar positiv samanheng mellom investeringar i informasjonsteknologi og forbetringar i produktiviteten til verksemder (Leknes og Steineke 2000, Farsund m.fl. 1999). Bergen og Stavanger/Sandnes er dei dominerande regionane i IT-næringa på Vestlandet både absolutt og relativt. I Bergen er det 8.5 arbeidsplassar i IT-næringa per 1000 innbyggar. Dette utgjer i underkant av 3000 personer. I Stavanger/Sandnes er desse tala respektive 7.65 og 1650. Av andre økonomiske regionar på Vestlandet er det berre Ålesund, Molde og Haugesund som hadde meir enn 100 personer sysselsett i IT-næringa ved utgangen av 1998. Denne kunnskapsintensive næringa er hovudsakleg lokalisert til dei største byene på Vestlandet. Utfordringar: Sett i forhold til kor viktig industriverksemd er på Vestlandet, er sysselsettingsandelen innan privat produksjonsretta tenesteyting, svært lav, spesielt i dei større byane som Bergen, Stavanger, Haugesund (10%) og Ålesund (11%). Det same gjeld FoUverksemd og IT. Vidare utvikling av næringslivet på Vestlandet vil kunne avhenge av at ein har nær tilgang til høg kvalitet og kvantitet på slike tenester og dette krev at dei større byregionane satsar spesielt på å utvikle slike tenester for sitt eige omland og for Vestlandet. Medan foretak og konsern før i stor grad produserte slike tenester sjølv, er det aukande tendens til kjøp av slike tenester. Dette betyr også at viktige element innan forsking og utviklingsarbeid vert ført ut av produksjonsverksemdene. Om slik verksemd ikkje er lokalisert nær produksjonen, kan ein misse vesentleg deler av den tause kunnskapen som er så vesentleg for å gjere forskingsbasert kunnskap om til produksjonsretta og marknadsretta kunnskap og produkt. Det kan også få alvorlege følgjer for innovasjon og fleksibilitet i næringslivet. Slike og andre utviklingstrekk taler sterkt for målretta tilrettelegging for skjeldne former for produksjonsretta privat tenesteyting i dei større byregionane i ulike deler av Vestlandet, spesielt Stavanger, Haugesund, Bergen og Ålesund, like eins næringsretta FoU-innsats og IKT-verksemd. Berre desse byregionane kan truleg ha sjanse til å konkurrere med Oslo-området og utlandet innan slik verksemd. Dette vil truleg også krevje oppbygging av spesielle næringskluster og områderetta forskings-, utviklingsog konsulentmiljø, gjerne i partnerskap mellom privat og offentleg kapital. Samstundes må ein gjennom kommunikasjonsforbetringar m.m. sørgje for best mogleg kontakt mellom slike relativt sentraliserte miljø og produksjonsmiljøa i meir perifere regionar. Offentleg verksemd Den offentlege sysselsettinga på Vestlandet er 26% mot Noreg 28% i 1998, og veksten frå 1992 til 1998 var på 7% mot 8% i landet. Sysselsettinga i Hordaland og Sogn og Fjordane er litt over landsgjennomsnittet og den er klart under i Rogaland. På regionalt nivå er sysselsettinga høg i småregionar som Høyanger, Odda og Voss og som lett kan verte utsett for nedbygging, og i regionar som Bergen, Førde, Sogndal/Årdal, Molde og Ørsta/Volda 26

der den høge andelen er knytt til utdanning og/eller administrasjon. Denne lave andelen offentleg sysselsetting i dei fleste av regionane på Vestlandet fører etter vår meining til at Vestlandet som eining i mindre grad enn andre landsdelar vil vere sysselsettingsmessig utsett for konsekvensar av offentleg omorganisering, men slike kan føre til større sentralisering eller desentralisering av verksemd. Spesielt utsett vil utkantregionane vere for kommunesamanslåing, nedlegging av småsjukehus og anna verksemd, nedlegging/oppretting av administrasjonar m.m., men på landsdelsnivå vil dette ha liten betydning. Ei anna utfordring er auka grad av privatisering, spesielt at produksjon vert oppdragsorganisert, men igjen vil dette ha liten effekt sysselsettingsmessig anna enn som ei omklassifisering frå offentleg til privat verksemd. Noko anna vil det vere om ein tek til å kjøpe slike tenester i utlandet, i andre landsdelar m.m. Dette kan også vere svært interessant omfordelingsmessig mellom kyst og fjordområde, fordi når den private næringsveksten kjem på kysten så kan det vere rom for at personretta tenesteyting kan ekspandere i fjordområda med grunnlag i gode kommunikasjonar, betre klima m.m. Framover mot år 2020 vil dei eldre aldersgruppene stige også på Vestlandet, spesielt i Hordaland og Rogaland der gruppa 67-79 år vil auke med ca. 14.000 og gruppa over 79 år med ca. 2000 i kvar av desse fylka. Tilsvarande tal i Møre og Romsdal er 7,500 og 500, mot 2000 og 300 i Sogn og Fjordane ut frå SSB sine framskrivingar. Sjølv om det er store variasjonar mellom kommunar, betyr dette at utfordringane knytt til aldring ikkje er spesielt store på Vestlandet dei komande 20 åra. Ut frå desse framskrivingane kan ein vente ein liten nedgang i aldersgruppa under 12 år og ein viss auke mellom 12 og 19 år, men denne variasjonen er under 10% av aldersgruppene i alle fylka. Også her er det betydelege regionale og lokale variasjonar. Utkantregionar og næringsliv Dei minste regionane er prega av høge sysselsettingsandelar innan primær og sekundærnæringar og lav sysselsettingsvekst samanlikna med dei større og meir sentrale regionane. Regionane er også gjennomgåande små fordi dei har vanskelege topografiske og kommunikasjonsmessige tilhøve ei periferiplassering i høve til dei større byområda. Som tabell 6 viser har regionane, med unntak av Ulsteinvik, med mindre enn 15.000 arbeidsplassar mindre vekst i sysselsetting enn landet og Vestlandet i perioden 1992-98. Odda har faktisk hatt ein nedgang i sysselsetting på 1 %. Dei fleste av desse regionane har også hatt større nedgang i primærnæringane enn det Vestlandet har sett under eitt. På den andre sida har dei fleste av dei større vekst i offentleg sysselsetting enn gjennomsnittet for Vestlandet (unntaka er Voss og Florø). Med fire unntak er veksten i sekundærnæringar mindre enn i gjennomsnitt for Vestlandet. Samla sysselset desse 14 regionane 21% av Vestlandet sine arbeidstakarar. Alle 9 regionar med mindre enn 10.000 sysselsette har mindre vekst enn Vestlandet. I desse finn ein ca. 52.000 arbeidstakarar eller under 10% av dei sysselsette på Vestlandet. 27

Tabell 6. Sysselsettingsendring 1992-98 i regionar på Vestlandet med mindre enn 15.000 sysselsette. 1992=100% Region Syssels 98 Syss.v. 92-98 Primærnæringar Sekundær næringar Personretta priv. tj.yt. Bedriftsretta priv tj.yt. Offentlig tj.yt. Kristiansund 13452 105 82 111 106 97 110 Nordfjord 13091 105 76 113 115 114 109 Førde 12189 108 69 121 121 122 110 Sogndal 12251 100 71 104 94 111 109 Ulsteinvik 11485 117 77 131 123 141 110 Egersund 8746 106 87 105 120 119 107 Ørsta/Volda 7637 109 69 106 128 157 109 Voss 6690 102 79 111 113 115 94 Florø 6686 105 87 98 117 137 105 Odda 5706 99 79 96 98 90 111 Søndre Sunnh 3748 107 73 117 111 149 113 Sunndalsøra 4371 101 80 98 94 129 119 Surnadal 4302 108 83 117 115 131 111 Høyanger 4482 105 81 109 102 115 112 Sum: 114836 Vestlandet 534062 113 84 115 119 129 107 Utfordringar: Utkantsregionane på Vestlandet er prega av stagnasjon i det private næringslivet, spesielt i primærnæringane. Kva kan gjerast for å bygge opp alternative næringsvegar til dømes innan reiseliv, omsorg m.m.? Kva kan gjerast innan utvikling av nye småskala prega produksjonsformer t.d. spesialprodukt innan næringsmiddel m.m. Tradisjonelt har mangesysleri vore den vanlegaste forma for sysselsetting for hushald på Vestlandet, dvs stor grad av kombinasjon av yrke på same person eller at hushalda har fleire ulike inntektskjelder. Næringspolitikken innan primærnæringane har satsa storstilt på einesysleri gjennom oppbygging av store landbrukseiningar, heiltidsarbeid som fiskarar m.m. Landbruksoppgjeret i år (2000) forsterkar slike trekk. Er det mogleg og ønskjeleg å snu slike trendar t.d. landbruk og eller fiske kombinert med reiseliv m.m.? Storleik på arbeidsmarknadsregionen målt som folketal eller totalsysselsetting betyr mykje for den regionale dynamikken. På Vestlandet ligg mange slike utkantområde innan rimeleg luftlinjeavstand frå større og meir vekstkraftige senter og regionar, men fjordar og fjell dannar barrierar. Kva kan gjerast for å forbetre kommunikasjonane slik at små regionar kan integrerast i større? 28

Samfunn og kultur Ein finn om mogleg ein endå klarare samanheng mellom regionstorleik og vekst i befolkningsutvikling som for næringsutvikling, sjå figur 6. 7 av 14 regionar med under 40.000 innbyggjarar og 15.000 sysselsette i 1998 har faktisk nedgang i folketalet i perioden 1980 til 1998. På den andre sida har Stavanger og Bergen med sine nærområde hatt betydeleg vekst. Figur 6. Regional befolkning 1998 og vekst i perioden 1980 til 1998 400000 350000 300000 250000 200000 150000 100000 50000 0 Bergen Stavanger/Sandnes Denne ulikskapen mellom store og små økonomiske regionar, dei vanskelege kommunikasjonstilhøva m.m. som også er ein forskjell mellom sentrum og periferi, skaper utfordringar knytt til samfunnsliv og kultur som ein bør take spesielt omsyn til ved framtidsvurderingar på Vestlandet. Langsiktige demografiske trendar Befolkning 1998 og bef.vekst 1980-98 % Bef 98 Bef 1980-98% Lineær (Bef 1980-98%) Haugesund Ålesund Molde Nordre Sunnh Jæren Kristiansund Nordfjord Førde Sogndal/Årdal Ulsteinvik Egersund Ørsta/Volda Voss Florø Odda Søndre Sunnh Sunndalsøra Surnadal Høyanger Figur 6 viser folketalsutviklinga på regionnivå. Når ein går ned på kommunenivå vert sentrum-periferiforskjellane i folketalsutvikling endå tydelegare, sjå figur 7. 30,0 25,0 20,0 15,0 10,0 5,0 0,0-5,0-10,0-15,0-20,0 29

Figur 7. Befolkningsutvikling på kommunenivå 1990 2000, prosent. > 6.4% 0% - 6.4% -5% - -0.1% < -5% Medan ein på region-nivå får eit klart bilde av vekst på kysten og stagnasjon og tilbakegang i indre fjordstrøk, så vert dette bildet modifisert på kommunenivå. På kysten ser ein at veksten er konsentrert til beltet mellom Stavanger/Sandnes og Bergen. Lenger nord er det visse kommunar på kysten som har sterk vekst som Førde, Flora, Ulstein, Sykkylven, Ålesund og Molde. I dette området har perifere kommunar i dei økonomiske regionane som vert dominert av desse kommunane til dels betydeleg tilbakegang i folketal. Dette er gjerne kommunar som ligg utanfor rimeleg dagleg reiseavstand til vekstkommunane som Bremanger, Selje, Sande, Vanylven m.m. Dei demografiske utviklingstrekka er vurdert nærare av Finn Båtevik (2000), framstillinga nedanfor byggjer i det vesentlege på oppsummeringa hans. 30

På kartet over befolkningsutviklinga i Noreg på 1990-talet er det ein klar sentrum/ periferidimensjon (Copus, Hanell og Petrie 2000). Dei sentrale regionane i landet, i hovudstadsområdet og rundt ein del andre byar har hatt den sterkaste veksten. Det er også ein annan dimensjon som gjer seg gjeldande i dette biletet. Dette kan ein kalle ein kyst/innlandsdimensjon. Kyst-Noreg har jamt over hatt ei meir positiv befolkningsutvikling enn innlandsområda. På indre Austland har mange regionar hatt ein klar nedgang i folketalet i 1990-åra. Langs kysten har dei aller fleste regionar hatt ein klar folkevekst, ikkje berre på Austlandet, men også på kysten av Sør- og Vestlandet. Mykje av det same mønsteret viser att i analysen av den interne utviklinga på Vestlandet. Den regionale befolkningsutviklinga på 1990-talet kan best karakteriserast som ei polarisering. Dei mest sentrale regionane veks mest. Dei har også styrkt veksten jamført med tiåret tidlegare. Dei minst sentrale regionane har i hovudsak nedgang i folketalet. Nedgangen har også vore større enn tiåret tidlegare. Stavanger-/Sandnesregionen veks klart raskast. Elles er veksten relativt godt fordelt mellom regionar med småbyar og regionar med store bygdebyar. Slik sett er veksten i regionen ikkje prega av ein einsidig konsentrasjon til storbyregionane. Samstundes er det ein kyst/innlandsdimensjon i utviklinga også internt på Vestlandet. Sjølv om det er fleire enkeltkommunar på kysten med klart nedgang i folketalet, er det på kysten av Vestlandet at veksten i folketalet er sterkast. Dei store byane utgjer sjølvsagt tyngdepunkt i denne utviklinga, men veksten på kysten er på ingen måte utelukkande knytt til storbyregionane. Innover fjordane har befolkningsutviklinga vore svakare. Regionane i desse områda er i stor grad prega av relativt små senter. Det er også i desse områda at innslaget av einsidige industristader er størst. Vestlandet har hatt vekst i folketalet over landsgjennomsnittet både på 1980- og 1990-talet. Likevel er det mange tilhøve og utfordringar ein må take omsyn til i vurderinga av den framtidige utviklinga. Eit påfallande trekk ved utviklinga i landsdelen er likevel at befolkningsveksten er relativt svak i forhold til den sterke veksten i sysselsettinga. Det er ingen enkeltregionar der veksten i befolkninga har vore sterkare enn veksten i sysselsettinga. Dette i motsetnad til Austlandet der mange regionar har hatt ein slik situasjon (Selstad 1999: 49). Sjølv ikkje i storbyregionane på Vestlandet veks folketalet raskare enn talet på arbeidsplassar. Eit anna påfallande trekk er utviklinga for aldersgruppa 30-39 år. Denne aldersgruppa representerer unge vaksne i etableringsalder. Blant desse har det vore eit skifte i utviklinga på Vestlandet i 1990-åra jamført med tiåret før. I 1980-åra hadde Vestlandet ein vekst i denne aldersgruppa godt over landsgjennomsnittet. I 1990-åra er situasjonen endra. Veksten i landsdelen var under landsgjennomsnittet. Trass i relativ sterk befolkningsvekst på Vestlandet i løpet av 1990-talet, er det såleis teikn til at rekrutteringa av nyetablerte unge vaksne er svekt i forhold til føregåande tiår. Eit tredje trekk ved den demografiske utviklinga på Vestlandet er at nokre av dei regionane som har hatt ei rimeleg positiv utvikling i forhold til ein del demografiske variablar, kjem dårlegare ut i forhold til andre variablar. Enkelte relativt industridominerte regionar har til dømes vekst både i sysselsettinga og i aldersgruppa 30-39 år. Det som likevel er påfallande er at slik vekst også kan bli følgt av at 31

kjønnsbalansen i dei same aldersgruppene blir skeivare. Dermed har enkelte regionar større mannsoverskot ved slutten av 1990-talet enn kva dei hadde i 1980. Desse utviklingstrekka opnar for ei drøfting av drivkreftene bak utviklinga av busetnadsmønsteret i landsdelen. Tradisjonelt blir det lagt vekt på at tilgang på arbeid legg grunnlag for hovudtrekka i busetnadsmønsteret. Men det er også slik at folk skaper arbeid. Store befolkningskonsentrasjonar er til dømes store marknader både for sal av varer og tenester. I eit slikt lys kan også vere bustadsattraktivitet vere ein viktig faktor for utviklinga. Det at folk gjerne vil til ein region vil i seg sjølv kunne påverke jobbskapinga. Dersom regionar blir oppfatta som lite attraktive kan dette på si side vere eit hinder for vidare næringsutvikling. Mangel på arbeidskraft, mangel på nøkkelpersonale og liknande kan bli flaskehalsar for utviklinga. Spørsmålet er om det er det siste som er problemet i fleire av vekstregionane på Vestlandet spesielt dei meir perifere vekstregionane som Ulsteinvik, Florø m.m. Det kan vere nærliggjande å sjå manglande samsvar mellom sysselsetjingsvekst og befolkningsvekst på Vestlandet i lys av dette. Det kan likevel vere nødvendig å utvide dette perspektivet noko. Spørsmålet kan også vere kor attraktive jobbane i dei ulike regionane er. Kan det vere slik at mange av dei jobbane som blir skapte på Vestlandet er mindre attraktive enn jobbane som blir skapte i det sentrale Austlandsområdet? Inngår desse jobbane i ein arbeidsmarknad der føresetnadene for karrierebygging er langt betre? Ligg forholda betre til rette for toinntektstilpassingar? Slike spørsmål må vere med i vurderinga når etableringsmønsteret blant den nye utdanningsgenerasjonen skal vurderast. På figur 8 er samanhengen mellom sysselsettings- og befolkningsendring illustrert nærare. Sett i forhold til veksten i sysselsettinga har veksten i folketalet vore moderat. Odda er den einaste av regionane som har hatt nedgang i sysselsettinga i perioden. Samstundes har åtte regionar hatt nedgang i befolkninga mellom 1990 og 1998. I tillegg til Odda gjeld dette regionane Sogndal/Årdal, Voss, Sunndalsøra, Nordfjordeid, Kristiansund, Høyanger og Surnadal. Surnadal er den av regionane med nedgang i befolkninga som samstundes har hatt sterkast vekst i sysselsettinga. Denne regionen hadde ein vekst i sysselsettinga på nærare 8 prosent, medan folketalet gjekk ned med nærare 5 prosent. Florø var den regionen med størst grad av samsvar mellom sysselsetjingsvekst og folketalsvekst. I denne regionen voks både folketal og sysselsetting med om lag 5 prosent. Ulsteinvik var derimot ein av dei regionane som fekk relativt lite befolkningsvekst vurdert i forhold til utviklinga i sysselsettinga. I denne regionen voks sysselsettinga med i underkant av 17 prosent, medan folketalet voks med knapt 3 prosent. Sjølv om enkelte regionar får relativt større utteljing for veksten i sysselsettinga enn andre, er likevel hovudmønsteret klart for heile Vestlandet. Veksten i sysselsettinga er jamt over langt sterkare enn veksten i folketalet. Sjølv storbyregionane på Vestlandet har hatt ein klart sterkare vekst i tal arbeidsplassar enn folketal. Dette stadfestar i høgste grad det biletet Selstad tidlegare har teikna av situasjonen på Vestlandet. Jobbveksten i landsdelen gjev relativt liten grad av utteljing i befolkningsvekst. 32

Figur 8. Endring i sysselsetting og befolkningsutvikling i regionane på Vestlandet. Det kan vere fleire grunnar til at befolkningsveksten ikkje er i samsvar med veksten i sysselsettinga: - Det kan skuldast at det er vanskeleg å få folk til jobbane som blir skapte, noko som gjer at ein i stor grad må fylle stillingar på andre måtar. I industrien blir slike situasjonar gjerne løyste ved at ein til dømes hentar inn leigearbeidarar anten frå andre stader i Noreg eller i utlandet. - Samsvar mellom etterspurnaden etter og tilbodet av arbeidskraft er også avhengig av kva kompetanse som blir etterspurt og tilbydd. Ungdom i distrikta satsar på lik line med ungdom elles i stor grad på utdanning, også lange utdanningar. Slike utdanningsval er ofte i større grad motivert ut frå kva ein ønskjer å bli enn kva behov det er for arbeidskraft i eigen oppvekstregion (Heggen, Båtevik og Olsen 2000, Wiborg og Anvik 2000). I ein slik situasjon kan det oppstå ein mismatch mellom etterspurnad og tilbod på arbeidsmarknaden. Dette vil særleg råke regionar som har vanskar med å rekruttere arbeidskraft gjennom tilflytting. 33

- Vanskar med å skaffe jobbar til to personar frå same hushald på ein stad er også eit veldokumentert problem i mange regionar. Når eit hushald skal etablere seg vil det i mange tilfelle vere eit krav at begge kan få relevant arbeid. - Det kan også vere demografiske årsaker til at områder har mindre vekst i folketalet enn veksten i sysselsettinga skulle tilseie. Regionar med negativ naturleg tilvekst, til dømes på grunn av ein høg andel eldre i befolkninga, kan ha svak vekst i folketalet sjølv med ein auke i tal nye familiar som etablerar seg i regionen. Figur 9. Regionstorleik 1998 og folketalsframskriving til 2020 (alt. MMMM, SSB) 400000 350000 300000 Bef 98 End%98-2020 Lineær (End%98-2020) 20 % 15 % 250000 200000 150000 100000 50000 0 Bergen Stavanger/Sandnes Haugesund Ålesund Molde Nordre Sunnh Jæren Kristiansund Nordfjord Førde Sogndal/Årdal Ulsteinvik Egersund Ørsta/Volda Voss Florø Odda Søndre Sunnh Sunndalsøra Surnadal Høyanger Figur 9 viser den midlare folkeframskrivinga til SSB til år 2020. Det er dei same tendensane som ein kan sjå av utviklinga dei siste 20 åra (noko som ein kunne vente sidan framskrivinga i stor grad byggjer på trendar), og viser igjen den store forskjellen mellom store og små regionar på Vestlandet. Regionar som er positivt avvikande i forhold til trendlinja er Jæren (nærleiken til Stavanger/Sandnes), Florø, Førde, Søndre Sunnhordland og Høyanger. Negativt avvikande er spesielt Molde, Kristiansund, Ørsta/Volda, Sogndal/Årdal, Voss, Odda og Surnadal. Denne framskrivinga viser at Møre og Romsdal har eit betydeleg nordfylkeproblem ved at byane Molde og Kristiansund ikkje har den vekstkraft som skulle følgje av regionstorleik og dei andre regionane nord om Romsdalsfjorden er ikkje betre stilt. Lenger sør er det tilsvarande problem rundt Sognefjorden inklusive Voss og i Odda sett i forhold til det ein kan vente i høve til regionstorleik. Samstundes vil vi gjere merksam på 10 % 5 % 0 % -5 % 34

utviklinga på kommunenivå, dei regionale framskrivingane dekkjer over betydelege variasjonar mellom sentrale og perifere kommunar i kvar region der ein har same tendens det er dei sentrale kommunane som har vekst. Økonomiske tilhøve Som vi har sett har Vestlandet høgre aktivitet innan vareproduserande verksemd enn resten av landet. Dette gir utslag i form av høg sysselsetting i sekundærnæringane, men også høge eksportverdiar samanlikna med andre fylke, sjå figur 10 og 11 (Kjelde: http://www.savos.rogaland-f.kommune.no/strategiske1.htm, SAVOS er Vestlandet og Agder-fylka). Figur 10. Eksportinntekter for landbasert og oljerelatert verksemd per innbyggjar. Målt per innbyggjar er Vestlandet og Agder heilt dominerande innan oljerelatert eksportverksemd, men også innan annan eksport ligg nivået på nesten det dobbelte av resten av Noreg og minst fire gongar så høgt som Oslo og Akershus. Om ein ser på fylkesfordelinga av eksportinntekter utanom olje så ligg dei på ca. 20 milliardar kr. i året i Rogaland, Hordaland og Møre og Romsdal, og ca. 7 milliard kr. i Sogn og Fjordane. Målt per innbyggjar er eksportinntektene spesielt høge i Møre og Romsdal som har ca. 5 % av folketalet og heile ca. 12% av eksporten til Fastlandsnoreg. 35

Figur 11. Eksport av tradisjonelle varer, fylkesfordelt. Trass i den høge eksportverksemda samanlikna t.d. med Austlandet, er dei personlege nettoinntektene lavare på Vestlandet (ca. 160.000 kr.) enn på Austlandet (ca. 170.000 kr), men klart høgre enn i dei andre landsdelane (Karlstad 2000). På tabell 7 er vist utviklinga i gjennomsnittleg nettoinntekt før særfrådrag i nokre utvalde fylke. Medan Hordaland ligg om lag på landsgjennomsnittet, er inntektene høgast i Rogaland (men ikkje så høge som i Oslo og Akershus) og lågast i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Desse to fylka har også ei svakare utvikling enn landet generelt og Oslo spesielt, slik at inntektsgapet aukar. Truleg heng dette saman med næringsstrukturen der spesielt M&R og S&F har svært lav sysselsettingsandel innan privat bedriftsretta tenesteyting og anna kunnskapsrelatert verksemd der lønnsnivået tradisjonelt er høgre enn i vareproduserande verksemd. Sett på spissen er det grunnlag for å seie at Vestlandet har svært høg verdiproduksjon og eksportverksemd, men at området får lite igjen for dette i form av personlege inntekter og i form av avanserte og kompetansekrevjande arbeidsplassar, som tradisjonelt betyr mest for å få regional utvikling. 36

Tabell 7. Nettoinntekt før særfradrag (gj.snitt) 1985-98 fordelt etter fylke. Løpande prisar (Kjelde: Karlstad 2000). Fylke Gj.sn Gj.sn Gj.sn Gj.sn Antall98 NtoInnt85 NtoInnt90 NtoInnt95 NtoInnt98 0301 Oslo 89 621 129 235 163 782 202 288 409 114 Vest-Agder 72 839 103 100 125 389 150 331 118 202 Rogaland 87 415 117 879 144 729 175 916 277 775 Hordaland 75 851 109 048 131 341 160 397 334 023 Sogn og Fjordane 65 212 100 132 119 355 143 350 86 227 Møre og Romsdal 68 666 98 972 119 807 147 125 191 705 Sør-Trøndelag 70 353 103 024 121 717 148 913 203 527 HELE LANDET 75 689 109 141 131 147 160 712 3 530 377 Kompetanse og utdanning Figur 12 viser samanhengen mellom regionstorleik og andelen av innbyggjarar med høgare utdanning i 1999. Som ein ser er det klar samanheng slik at dei to storbyområda har nesten 10% høgre andel (ca. 23%) enn dei minste regionane (ca. 15%). Figur 12. Andel innbyggjarar med høgre utdanning i 1999 i økonomiske regionar på Vestlandet (prosent over 16 år) 400000 350000 300000 250000 200000 150000 100000 50000 0 Bergen Stavanger/Sandnes Bef 98 Andel høgre utd.99 Geom. (Andel høgre utd.99) Haugesund Ålesund Molde Nordre Sunnh Jæren Kristiansund Nordfjord Førde Sogndal/Årdal Ulsteinvik Egersund Ørsta/Volda Voss Florø Odda Søndre Sunnh Sunndalsøra Surnadal Høyanger Regionar som tydeleg ikkje greier å utnytte potensialet sitt for kunnskapsretta verksemd er Haugesund, Jæren, Egersund og Surnadal. For dei tre første kan nærleiken til Stavanger/Sandnes vere ei viktig forklaring. Regionen som er mest avvikande frå denne 30 25 20 15 10 5 0 37

strukturen positivt sett er Ørsta/Volda med ein andel på 20,6% (høgskule), men også Førde (Sentralsjukehus i liten region), Sogndal/Årdal (høgskule, fylkesadministrasjon) og Voss. Som vi alt har sett er FoU-innsatsen på Vestlandet langt under landsgjennomsnittet og spesielt er den offentlege innsatsen lav. Det er store utfordringar knytt til å utvikle interaktiv læring i dei einskilde foretaka, i samarbeid mellom foretak og mellom foretak og andre aktørar i samfunnet og då spesielt FoU-miljø (jamfør Isaksen 1997, Storper 1997). Strategiar som foretaka sjølv vel, synes i høg grad å vere avhengig av både næringslivstruktur og regional struktur. Nilsson (1998) peikar på paradokset at i t.d. Silocon Valley med stor grad av ny kunnskaps- og produktskaping er det stor kunnskapsopenheit mellom foretak og mellom personar som deltek i slikt arbeid, truleg for å redusere risikoen for feilsatsing. Tilsvarande kan ein sjå i lærande regionar (Isaksen 1997), medan etablert og stagnerande næringsliv og regionar er meir prega av lukka foretaks- og konserninterne kunnskapsprosessar (Storper 1997). Det typiske synes å vere at regionar med positiv utvikling har høg intern omvandlingskraft, høg og open kunnskapsflyt mellom aktørar og lang tradisjon for vekst (Nilsson 1998), gjerne slik at vekst i nokre næringar kompenserer for nedgang i andre. Tilvekst av ny kunnskap og kompetanse kjem i form av eigenutvikling i eksisterande foretak og miljø, kunnskapsoverføring mellom næringar og foretak, stor nyetablering av kunnskapsbaserte foretak og gjennom av rekruttering av unge velkvalifiserte menneske. På Vestlandet er den store utfordringa at medan vi har eit sterkt produksjonsretta næringsliv, foregår det meste av utdanning og forsking retta inn mot slik verksemd i andre landsdelar. Dette gjer det vanskeleg både å få til eit nært, dagleg samarbeid mellom foretak og FoU-miljø og gjer det også vanskelegare å rekruttere unge velkvalifiserte menneske med interesse for det eksisterande og potensielle næringslivet. Med delvis unntak for Stavanger (oljeretta FoU) og Bergen (NHH, ingeniørutdanning, havforskingsverksemd), er det aller meste av det offentlege FoU-arbeidet av allmenn og grunnleggjande karakter (universitetsverksemd) eller i stor grad retta inn mot offentleg verksemd (høgskulane med unntak av litt ingeniør- og bedriftsøkonomiutdanning). Næringslivet utviklar seg meir på trass av enn på grunn av interaksjon med regionale FoU-miljø, med unntak av Rogalandsforskning sin tette interaksjon med oljemiljøa. I ei gransking av høgskolekandidatar (1990-96) sin arbeidsregion i 1997 (Mønnesland 2000) for eit utval på 10 regionale høgskolar var Høyskolen i Stavanger den av høgskolane i utvalet der den største andelen av ferdige kandidater arbeidde i eigen region etterpå. Det er uklart om det er økonomiske eller demografiske faktorar som best forklarer den lave mobiliteten til høgskolekandidatane frå Rogaland. I Mjøsutvalget sin rapport, kap. 4 forklarast denne stabiliteten med fagtilbodet på dei regionale høgskolane, idet det observerast at høgskoler med det bredeste fagtilbudet, og høgskoler med bare fagtilbod innenfor økonomisk-administrative fag, synes å utdanne en stor andel til sine nærområder. Det skjer ei tiltakande polarisering mellom på den eine sida dei store, differensierte lokale arbeidsmarknadene og på den andre sida dei små, lokale arbeidsmarknadene som har ein mye smalare bransjesamansetning. Kunnskapssamfunnet blir meir geografisk polarisert. 2 2 Også i andre nordiske land er det gjort tilsvarende observasjoner. Se for eksempel SOU 2000:36 Lokala arbetsmarknader i konkurrens Næringsdepartementet, Stockholm. 38

I forholdet mellom samfunn, næringsliv og FoU-verksemd er det to grunnleggjande spørsmål som ofte er framme (Amdam 2000). Fører universitets- og forskingsmiljø til bedriftsetablering og næringsutvikling? Døme som gjerne vert brukt på vellukka samarbeid mellom forskingsverksemd, foretaksetableringar og regional utvikling er Bostonregionen i USA. Nilsson (1998) har sett nærare på forholda i denne regionen og nokre europeiske storbyregionar, og har funne at samarbeidet på langt nær fungerer så godt i desse som i Bostonregionen. FoU-verksemd er sjølvsagt i seg sjølv ikkje nok til å fremme regional næringsutvikling. I tilfellet Boston peikar Nilsson på at eit universitet sin politikk (MIT med 10.000 studentar), synes å vere langt meir avgjerande enn verksemda til ei rad andre universitet i området (der er 36 universitet og 255.000 studentar). Alt frå etableringa i 1861 la MIT stor vekt på å bygge på området sin industrielle tradisjon og å stimulere tilsette til å drive konsulent- og forskingssamarbeid med næringslivet. Som Rolv Petter Amdam viser (Amdam, R.P. 2000) har dei økonomisk administrative studiane ved distriktshøgskulane berre hatt ei marginal rolle i rekruttering av leiarar til regionale foretak. Regionale forskingsinstitutt har og hatt problem med å kome i aktivt samarbeid med regionale næringsmiljø. Etablering av offentlege utdannings- og forskingsinstitusjonar i ein region synes ikkje i seg sjølv å føre til eit meir innovativt næringsliv, men ein fin variasjonar avhengig av kva undervisnings- og forskingsprogram dei har (Sæther et al 2000). Tilflytting av velutdanna ungdom kan likevel føre til framvekst av nye næringar og høgre sysselsetjing spesielt innan tenesteyting. Det synes å vere skrankar knytt både til eksisterande næringsliv sin bruk av velutdanna ungdom og dei akademiske miljøa sine (manglande) evner til å etablere kontakt med eksisterande næringsliv, skape knoppskyting og å stimulere til nye foretak. Spørsmålet er om eit område som Vestlandet faktisk kunne gjere innovasjons- og endå betre og meir effektivt om det i regionen fantest velfungerande FoU-miljø som kunne assistere foretaka og (som MIT) kunne overføre entreprenørkultur til studentar og tilsette. Slike samkvemsprosessar må take utgangspunkt i dei faktiske tilhøva og behova i næringslivet. Utfordringa er å få aktørar i næringslivet og i FoU- og rettleiingsmiljø til å snakke saman på ein slik måte at ein utviklar gjensidig forståing og tillit og gjensidig handlingsretta kunnskap (Storper 1997). Det er ikkje nok å aktivisere tilfeldige einskildpersonar i foretak når både leiarane og tilsette må endre erkjenning og praksis. Nærleik er ikkje nok om ikkje FoU-miljø har økonomi, evne, vilje og kompetanse til å gå inn i meiningsfylte samtalar og samarbeidsprosessar med næringslivet. Også foretaksleiarar må oppleve kontakt som verdifull og ikkje slik at forskarar må lærast opp av næringslivet og at dei stel idear og løysingar, slik fleire av leiarane i storforetaka på Nordvestlandet hevdar dei har opplevd (Amdam 1998). Er utdanning og forskingsverksemd viktig for regional samfunns- og næringsutvikling? Om ein ikkje kan vise til så mange direkte innovasjonar i næringslivet som følgje av regionale offentlege FoU-institusjonar, kan dei vere viktige indirekte. Regionaløkonomisk må slike aktivitetar samanliknast med andre eksportaktivitetar. Etablering og drift av slike institusjonar er i stor grad finansiert over statsbudsjettet, dvs. at verksemda skaper eksportinntekt til regionen. Til dømes i Voldaregionen tilfører dei vel 212 tilsette og over 2400 studentane ved høgskulen regionen inntekter som gir grunnlag for minst like mange arbeidsplassar innan ulike servicetenester (truleg ca. 250, Mønnesland 2000). Med eit folketal på ca. 18.000, er det neppe galt å hevde at godt over 10% av busetjinga er 39

direkte avhengig av høgskulen, truleg meir. Analysar som Mønnesland (2000) har gjort viser at høgskulen med studentar står for 13,4% av regionalt BNP. Miljøet gir også grunnlag for meir avansert tenesteyting enn regionen ville ha hatt utan miljøet, til dømes Noregs største bokhandel innan postordresal og nest største innan internettsal av bøker. Ein annan kvantitativ argumentasjon er knytt til at yrkesutdanning bør foregå regionalt fordi dette fører til at ungdomen vert i regionen. Men regionalisering av utdanning skaper også andre utfordringar. Ein viktig lekk i regional kunnskaps- og næringsutvikling synes å vere at ungdom vandrar ut til andre samfunn og får impulsar der som dei tek med seg tilbake. Mykje av den franske industrireisinga på Vestlandet synes å ha slik bakgrunn (Wicken 1997), gjerne ved at etablerte næringar og verksemd vert vidareutvikla gjennom impulsar frå andre. Nilsson (1998) peikar også på den viktige rolla som tilflyttarar og tilbakeflyttarar har for samfunns- og næringsendring, ubundne som dei ofte er av tradisjonar, normer m.m. som skaper hinder for endring. Det utekonkurrerande private næringslivet er open for impulsar utanfrå. Det er faktisk ein forutsetning for å kunne overleve, medan utdanningssystemet på grunn av økonomi og tradisjon synes å vere langt meir lukka. Faktisk trengst eit tett samarbeid for at næringslivet skal kunne stimulere det offentlege kunnskapsformidlingssystemet! Dette reiser spørsmål om ikkje ein god del av slik kunnskapsformidling og opplæring i dag faktisk kan organiserast best av det private næringslivet sjølv, i tett samarbeid med offentlege aktørar. Regional identitet Regional identitet og sjølvkjensle er viktig for regional utvikling. Eit typisk trekk i det moderne samfunnet er at om samfunnsmedlemmar ønskjer å bu i eit bestemt lokalsamfunn eller region, så er det mange moglegheiter til dette for dei velkvalifiserte. Moderne kommunikasjonssystem gjer det mogleg å skilje mellom bustadsamfunn og arbeidsnettverk på ein heilt annan måte enn før (Törnquist 1997). Dette betyr at om eit område først er attraktivt nok som bustadområde slik at fotlause flyttar til, vil dette i seg sjølv skape nye arbeidsplassar (hushaldtenester), men også at velutdanna tilflyttar tek arbeidet sitt med seg eller etablerer eigne verksemder (Nilsson 1998). I dette perspektivet er det flyttarane som er berarar av innovative evner i samfunnet og i næringslivet. Bør strategien vere utvikling av sterk lokal og regional identitet hjå ungdom, så sterk at dei ønskjer å vende tilbake etter å ha fått verdfulle impulsar og kunnskap i andre regionar? Vestlandet som identitetsregion vart bygd opp då sjøen var viktigaste kommunikasjon. Som Törnquist (1997) peikar på var raskaste kommunikasjonsform i hovudsak like rask som gange fram til jernbanen vart teken i bruk. Roing og spesielt segling kunne faktisk vere raskare og spesielt på Vestlandet, sjøen var langt meir framkomeleg enn ferdsel til lands. Av den grunn har identitet vorte bygd opp kring slike ferdselsårer som fjordar (fogderi) og kysten som hovudferdselsåre (Vestlandet). Alle dei store tettstadene frå gamalt og i dag er lokalisert i skjeringspunkt mellom hovudferdselsåra (kysten) og sidearmar (fjordar) og med Bergen som ei overordna node midt på Vestlandet. Sjøfart kombinert med fjell mot aust gjorde også at samkvem og handel i stor grad var vendt mot vest i staden for mot aust. Om lag dei same næringsvegane fiske på kysten og jordbruk i midtre og indre fjordarmar under om lag dei same naturgitte tilhøva, og dermed i stor grad om lag same historie med visse regionale variasjonar, har også vore med til å bygge opp under ein sams Vestlandsidentitet som overbygning over regionale identitetar klart markert med dialekter m.m. At kulturen i stor grad har vore eins finn ein igjen i 40

økonomiske tilpassingsmåtar som stor grad av garddeling i samband med arveskifte, garden var ein bustad ein base for mangesysleri til lands og til sjøs. Like eins at husmannsvesen m.m. var lite utvikla, det var tett samarbeid men og arbeidsdeling mellom begge kjønn i hushalda samfunnet var egalitært samanlikna med tilhøva i andre landsdelar i Noreg. Som Rokkan (1967/87) peikar på: Sørlandet, og i enda høyere grad Vestlandet, har utmerket seg som de regioner der den kulturelle motstand mot sentraliserende og urbaniserende krefter har vært sterkest og barrierene mot utbredelsen av en klassepolarisert politikk mest virksomme. (s. 156) og (s. 170): Så lenge det brede lag av folket har deltatt i norsk politikk, har Sør- og Vestlandet gitt sterkere støtte enn andre regioner til tre sett av politiske spørsmål: 1) De har vært en forsvarsskanse for lutheransk ortodoksi og pietistisk fundamentalisme mot byenes radikaliserende og sekulariserende innflytelse. 2) De har gitt god grobunn for avholds- og forbudsbevegelser. 3) De har vært støttepunkt for målrørsla mot det vanlige riksmålet knyttet til hovedstaden og byenes borgerskap. Likevel, det er i område dominert av primærnæringar der slike verdiar har vore mest framtredande på Vestlandet. Til dels har det vore sterke motsetningsforhold mellom riksmålbrukande bysamfunn og nynorskbrukande omland. Den same egalitære haldninga finn ein igjen i industrialiseringa av Vestlandet. Wicken (1997) skil mellom ein engelsk og ein fransk modell for industrialisering. I den engelske modellen vert ein region tilført eit nøkkelferdig industrianlegg og ekspertar følgjer med. Industrialisering skjer frå toppen. Grunnlaget for industrien kan vere energi, råvarer, marknadsnærleik m.m. Arbeidskrafta vert lært opp til å bruke anlegget noko som fører til utvikling av ein lønnsmottakarkultur og lite entreprenørskap. Den gjerne storskala fabrikken er symbolet på forandring og samfunnet som vert bygd opp kring fabrikken har gjerne andre og meir urbane verdiar enn det omliggjande samfunnet (radikalisering) samfunnet vert endra. Typisk norsk døme på slik industrialisering er Oslofjordområdet. I den franske modellen er det regionale handverkarar og andre aktørar som utviklar industri, gjerne med grunnlag i handverk, og ut frå konkrete regionale behov. Ei relativt trinnvis utvikling gjer at dei tradisjonelle verdiane i samfunnet vert overført til industrien og at entreprenørane er ein del av samfunnet industrialiseringa skjer frå botnen og gjerne med primærnæringane som utgangspunkt. I følgje Wicken (1997) er det typisk at det kan skje store teknologiske endringar utan at samfunnet endrar seg i tilsvarande grad. Verkstaden er ein integrert del av bygdesamfunnet sjølv om dimensjonane etter kvart vert store. Dei tilsette er meir enn arbeidarar, dei er samstundes grannar, medlemmar i dei same laga som eigarane m.m. Han meinar at Vestlandet historisk sett har gjennomgått ei typisk slik fransk industrialisering, spesielt Jærområdet knytt til industriproduksjon knytt til landbruk og Nordvestlandet tilsvarande knytt til fiske og fangst. Men langs heile kysten på Vestlandet finn ein framvekst av slik industri knytt til båtbyggjeriet, motorverkstaden, fiskebruket m.m. Lenger inne finn ein utvikling av møbelfabrikkar, tekstilproduksjon, skredderi m.m. knytt til regionale og etter kvart nasjonale og internasjonale marknader, i den grad desse næringane har greidd å overleve. Kapitalen var lokal og regional, til dels med kollektivt eigarskap og entreprenørskap. 41

Dette forhindrar ikkje at vi på Vestlandet også har engelsk industri, spesielt knytt til einsidige industristader som Sauda, Odda, Høyanger, Årdal, Sunndal m.m. men desse er enklaver som er lite integrerte i økonomien på Vestlandet. Også på dette feltet skil Vestlandet seg frå resten av Noreg; eit engelsk Oslofjordområde, fråver av industri i indre Austland, eit aktivt motindustrioppdemmande Nord-Noreg og meir blanda utvikling i Trøndelag og på Sørlandet. Medan det mest typiske mønsteret i Noreg elles og i Europa på regionalt nivå er fråvær av industri, er det berre to regionar på Vestlandet som har om lag like lav sysselsettingsandel i sekundærnæringane som gjennomsnittet i Noreg. Eit spørsmål som kan reisast er kva som er Vestland i denne samanhengen. Nordgrensa administrativt er mellom Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal. Samstundes har Nordmøre klart ein annan og meir engelsk og midtnorsk karakter enn Sunnmøre (m.a. velutvikla husmannsvesen), med Romsdal midt i mellom (Løseth, pers. med.). Dialektmessig er Sunnmøre Vestland, Nordmøre Trøndelag og Romsdal ei blanding med innslag av Austland. Truleg kan ein argumentere for at nordgrensa for Vestlandet i dag går i Romsdalsfjorden. I sør er det tilsvarande avgrensingsproblem identitesmessig. Haugesundregionen er klart Vestland, Stavenger/Sandnes og Jæren er meir labilt. På den andre sida er dei mentale skiljelinjene ikkje så klare her ved at også Sørlandet er klart prega av dei same verdiane som Vestlandet og fransk næringsutvikling. Slik sette kunne ein også argumentere for at Agderfylka også er Vestland. Utfordringane framover er om denne særmerkte sams historiske utviklinga til Vestlandet vil halde fram eller om det er utviklingstrekk som vil skape radikale endringar i framtida. Nokre av utfordringane vil vere: Med oljeverksemd og anna energiretta verksemd har den engelske modellen fått sterkare fotfeste på Vestlandet. Spesielt om ein får ei storstilt utbygging av petroleumsretta foredlingsanlegg så vil desse fabrikkane industrielt og samfunnsmessig ha mest til sams med dei engelske enklavane i form av framandt eigarskap, kapital utanfrå, nøkkelferdige anlegg m.m. Dette kan føre til radikale samfunnsendringar regionalt med framvekst av sterkare lønnsmottakarkultur og mindre entreprenørskap. Sjølv om sjølve leitinga, utvinninga og forsyningsverksemda til oljeverksemda etter kvart har vorte prega av produkter og teknologi utvikla og produsert av foretak utvikla frå småskalaproduksjon, har ein samstundes ei utvikling der slike foretak er kjøpt opp av store nasjonale og internasjonale konsern. Det same gjeld også store deler av anna industri på Vestlandet. Dette kan på sikt føre til dramatiske endringar i samspelet mellom regionale aktørar og til engelske industrianlegg med sterkt redusert internt og regionalt entreprenørskap og innovasjonsevne. Vestlandet vert stadig meir urbanisert. I 1998 bur 63% av dei ca. 1,1 mill. innbyggarane på Vestlandet i Storbyregionane Bergen og Stavanger/Sandnes og snart 70% i regionar med over 50.000 innbyggjarar. Dette fører i seg sjølv til ei svekking av særmerkte rurale Vestlandsverdiar som målrørsle, fråhaldssak, motstand mot sentralisering og urbanisering, likestilling mellom sosiale grupper og kjønn m.m. Samstundes er også verdiane i dei mindre regionane prega av tilsvarande utviklingstrekk med redusert nynorskbruk i skulane, stor auke i tal utsal av øl, vin og brennevin m.m. Dette kan tyde på at Vestlandet er i ferd med å miste sin eigen særskilde identitet. 42

På den andre sida er Vestlandet langt meir internasjonalisert enn resten av Noreg. Det meste av industrien, også den eigenutvikla, konkurrerer i dag på den internasjonale marknaden. Samstundes kan dette føre til ei indre splitting mellom hushald, lokalsamfunn og regionar som er prega ikkje prega av internasjonal konkurranse. Dette kjem til dømes til syne i form av haldningar til EU-medlemsskap. Medan det var byane og dei engelske industrisamfunna på Vestlandet som var sterkast for medlemskap i 1972, var polariseringa endå større i 1994 der industrifattige regionar til dels hadde auke i nei-andel, medan dei sterkt industrialiserte regionane, spesielt dei franske, hadde sterk auke i jatilslutning. Forskjellane mellom by og land synes å minke. Samstundes synes det å oppstå indre spenningar mellom regionar med vekst og regionar som heng etter spesielt dei minste og mest avsidesliggande regionane. Regional planlegging Manglande klar Vestlandsidentitet finn ein også igjen i planleggingshistorien. På slutten av 1960-talet vart det sett i gang ei storstilt landsdelsplanlegging. Det typiske var at Rogaland var i lag med Agderfylka, Vestlandet vart oppfatta som Sogn og Fjordane, Hordaland og Bergen, medan Møre og Romsdal var for seg sjølv. Som ein har tendensar til no også, greidde ikkje å avgjere om fylket var Midt-Noreg eller Vestland. Perspektiva var tidstypiske og komiteen peika på behov for tettstadvekst, overføring av kommunikasjonar frå sjø til land og fortsatt satsing på industriutbygging og sysselsettingsvekst. Om ein skal peike på eitt grunnleggjande trekk i komiteen sitt arbeid då er det påpeiking av behov for senterutvikling og tettstadvekst, noko som også har prega utviklinga seinare utan at ein kan seie at det er denne landsdelsplanlegginga som har vore avgjerande, vil vi peike på desse vurderingane knytt til tettstadvekst frå Innstilling fra Vestlandskomitéen. (Kommunal- og arbeidsdepartementet 1969). Store tettsteder byr på mange fordeler i forhold til de mindre. Spesielt vil komiteen peke på alle de valgmuligheter som der er både for arbeid og fritidssysler. Svært viktig er også at de større tettsteder lettere vil være stabile overfor strukturelle endringer i næringslivet. Komiteen vil understreke betydningen av å utvikle sentra av ulik størrelsesorden i landsdelen. Det trengs både større og mindre sentra, og et samspill mellom dem er avgjørende for et harmonisk og levedyktig samfunn. I tillegg til at det må utvikles en del hovedsentra, vil utbygging av også andre sentra med videregående skoletilbud, og andre kommunesentra måtte bli sentrale oppgaver. Mellom dei meir konkrete forslaga er utpeiking av Førde som vekstsenter: Komiteen ser de påtenkte industrivekstanlegg som et godt virkemiddel for å få lokalisert et relativt stort antall industriforetak til et sted, og har under sitt arbeid med landsdelsplanen foreslått for Kommunaldepartementet at et slikt anlegg blir lagt til Førde i Sunnfjord. Komiteen er tilfreds med at departementet nå har pekt ut Førde som sted for et industrivekstanlegg. Medan Vestlandskomitéen var meir generell og vurderande enn planleggande, forsøkte komiteen for Agder og Rogaland å konkretisere målsettingane sine regionalt med m.a. oppstilling av alternative busetjingsmønster (NOU 1973:28). I desentraliseringsalternativet vart befolkninga anslått til 335.000 innbyggjarar i 1990, noko som slo til men med ei 43

noko anna fordeling enn skissert. Kort oppsummert kan landsdelsplanen for Rogaland sin del seiast å ha undervurdert sentraliseringstendensane rundt Stavanger-Sandnes, og også å ha overvurdert vekstpotensialet i Nord-Rogaland. For dei meir perifere regionane Ryfylke og Dalane viste anslaga for den framtidige befolkningen i 1990 å stemme rimeleg vel. Ein del av denne positive utviklinga kan indirekte tilskrivast den geografiske nærleiken til vekstområdet på Nord-Jæren. Etter desse forsøka er det lite sams overordna planlegging på Vestlandet. I staden har det vore satsa stort på meir tematisk planlegging som arbeidet med Kyststamvegen frå Kristiansand til Trondheim og også SAVOS -samarbeidet der Vestlandsfylka i lag med Agderfylka har ein sams arena for strategi- og politikkutvikling. Ei utfordring vi har i dette arbeidet er om ESDP-perspektivet med utvikling av polysentriske bystrukturar, kommunikasjonsnett m.m. passar på Vestlandet. Utfordringa er dels knytt til dei store avstandane, men spesielt til at Vestlandet primært har hatt og delvis har eit sjøretta transport- og kultursystem. Fjordar, sjå og fjell gjer at strukturar som kunne vere todimensjonale i stor grad vert eindimensjonale eller linjer. Dette skaper utfordringar spesielt innan romleg planlegging, samanlikna med spesielt Austlands- og Trøndelagsområda. I desse områda er kommunikasjonslinjer og infrastruktur stort sett på plass, utfordringa er knytt til å utvikle og forbetre systema. På Vestlandet har dei store fysiske hindra gjort at omlegginga frå sjøtransport til veg og jernbane dels har brote opp dei interne kommunikasjonssystema på Vestlandet, dels skapt svært stor avhengigheit av Austlandet kommunikasjonsmessig. Område og regionar som i luftlinje ligg svært nære kvarandre, er isolerte på grunn av manglar i kommunikasjonssystem. Avgifter på ferjer og tunnelar skaper økonomiske barrierar som ein ikkje har tilsvarande av på Austlandet eller i Trøndelag. Nasjonale kommunikasjonssystem som byggjer på jernbane og vegar passar i liten grad til dagens situasjon fordi utfordringane på Vestlandet er knytt til korleis sjø-, land og lufttransport kan kombinerast. Sjøvegs er det korte avstandar mellom Vestlandet og sentrale stader i Europa som London, Amsterdam m.m. Til lands med bil eller jernbane er avstandane lange. Når ein også tek omsyn til at Vestlandet er den dominerande eksportøren av varer frå Noreg til Europa, dei store vanskane med landtransport i Europa m.m., er det spesielt store utfordringar knytt til å utvikle raske, effektive og miljøvennlege sjøretta transportsystem. 44

Regional struktur og infrastruktur Figur 13. Region- og tettstadstruktur på Vestlandet (Kjelde: Selstad 1998) Kartet på venstre side (figur 13) her viser regioninndelinga til Selstad (1998) og med markering av tettstadstorleik. Denne regioninndelinga er i hovudsak den same som nytta i statistikkane framanfor, men meir oppdelt for i tabellane er nokre regionar slått saman (t.d. dei to Nordfjord- regionane, Ålesund og Stranda, Molde og Rauma) og namna som er brukt kan også variere ein del. (Regioninndelinga som er nytta i tabellane er vist i vedlegg). Det kartet viser er eit Vestland som i aust er sperra av fjell, i vest av hav og sjølve det langstrakte landområdet er delt opp av fjordar og fjell som skaper små regionar og store kommunikasjonshinder. Som vi har vist framanfor er det på Vestlandet klar samanheng mellom regionstorleik og utviklingskraft, der spesielt storbyregionane (dei mørke på figur 13) har ei langt meir positiv utvikling enn meir rurale regionar (dei lyse på figur 13). Dette ser ein også klart av t.d. analysen til Finn Båtevik (2000) der figur 14 er 45

henta frå og som viser at trass sysselsettingsvekst så greier regiontypane med minst senter ikkje å rekruttere tilstrekkeleg i aldersgruppa 30 til 39 år. 20,0 15,0 10,0 Prosent 5,0 0,0-5,0-10,0 Vestlandet Småsentra Liten bygdeby Stor bygdeby Småby Storby Sysselsetingsutvikling 1992-98 Endring i aldersgruppa 30-39 år 1990-98 Figur 14. Endring i folketal 30 til 39 år og sysselsetting på 1990-talet etter regiontype. Prosent. Kommunikasjonsstruktur Medan ein på Austlandet for det meste har bygd ut kommunikasjonssystem slik at kommunikasjonslinjer mellom senter/regionar i stor grad følgjer kortaste linje, er dette på langt nær tilfelle på Vestlandet. Spesielt skaper fjordar og fjell barrierar som gjer at det er store avvik mellom luftlinjeavstand og transportavstand. Til dømes er luftlinjeavstanden mellom Ålesund og Volda 35 km, medan reisetida med bil og ferje er opp mot 90 minutt. Men dette betyr også at det fortsatt er stort potensiale på Vestlandet til å etablere større og meir utviklingsdyktige regionar. Nært knytt til dette er også den kostnadsmessige og tidsmessige sida ved intern- og eksterntransport på Vestlandet som klart er vist av Leknes og Steineke (2000) som denne delen byggjer på. Vegnettet mellom Østlandet og Vestlandet kan karakteriserast som eit fingersystem med handbaken plassert i Oslo mens fingrane går vestover til ulike tettstader på Vestlandet (sjå figur 15). Mellom fingrane er det fjordar. Som kartet viser vanskeleggjer fjordane ein effektiv og rask transport i nord-sør retning. Austover dannar høge fjellområder delvis barrierar for ein effektiv transport over land. Det er til saman 9 ferjesamband på Kyststamvegen mellom Trondheim og Kristiansand, noko som er ein reduksjon på 3 samband etter 1990. Vegane i landsdelen er av varierande standard, og store deler av det som er definert som stamveg i dag tilfredsstiller ikkje dei krav som vegnormalane set til vegbreidde og kurvatur. På halve strekningen mellom Kristiansand og Trondheim langs E 39 /rv1/rv71/rv65 er det ei vegbreidde under 6,5 meter (dvs. at det ikkje er gul midtstripe). Det meste av transportarbeidet på vegnettet går med personbil. I tillegg er det et godt utbygd rutenett både med hurtigbåtar, lokale bussruter og ekspressbusser som dekker heile Kyststamvegstrekninga. Spesielt på strekningar sør om Stadt og til Stavanger er hurtigbåtar viktig for persontransport. Ein ny Stadt-tunnel kan utvide slike samband lenger nordover. 46

Figur 15. Infrastruktur på Vestlandet Dei seks Kyststamvegfylka (Vestlandet samt Sør- Trøndelag og Vest-Agder) sto i 1997 for 30 millioner tonn av den samla norske godseksporten på 49 millioner tonn. Transport på veg dominerer godstransport over 100 kilometer innanlands i Noreg. Vegtransporten utgjer omlag 60% av samlet tonnasje. Internt langs Vestlandet blir det transportert fleire tonn på sjø enn med bil. Av dei om lag 7.5 millionane tonn gods som går i lange innanlandske transporter langs kysten, går omlag 60% til sjøs (Kyststamvegutvalget 2000). Vestlandet har eit klart eksportoverskot. Bulk utgjer ein stor del av den samla eksporttonnasjen, og heile 96% av godsmengda mellom Vest- Noreg og utlandet går sjøvegen. Det interessante med figur 15, og som viser innlands- og austlandstenkinga hjå dei som planlegg transportsystem, er at hamner og sjøtransport ikkje er innteikna. Jernbanenettet er lite utbygd på Vestlandet og har låg del av trafikk internt i landsdelen. Det er tilknyting til jernbane i Kristiansand, Stavanger, Bergen, Flåm, Åndalsnes og Trondheim, og jernbanen si viktigaste rolle på Vestlandet er transport austover. Den einaste strekninga der jernbanen spelar ei viss rolle for interntransport er mellom Stavanger og Kristiansand der jernbanen går parallelt med E 18. Den innanlandske godstransporten på veg held seg i all hovudsak innan fylka i perioden 1995 til 1997 skjedde i tonnasje 93.2% av all godstransport i Rogaland internt i fylket, 93.8% av all godstransport i Hordaland internt, 91.8% av all godstransport i Sogn og Fjordane internt, og 93.8% av all godstransport internt i Møre og Romsdal (NOS Lastebilstatistikk 1995-1997). Den overvegande delen av godstransporten ut av det enkelte Vestlandsfylket går til mottakarar i fylket sør eller nord for avsendarfylket. 47

E39 er ei viktig transportåre mellom dei fire Vestlandsfylka. Rogaland er fylket med den største transporterte godsmengda både internt og eksternt. Det går særleg mykje gods mellom Rogaland og Hordaland. Rogaland har i lang tid hatt ein betydeleg større vekst i vegtrafikken enn landet for øvrig (Rogaland Fylkeskommune 1999b). Kyststamvegen bør imidlertid ikkje berre vurderast som eit vegprosjekt i denne landsdelen. I internasjonal samanheng vil Kyststamvegen kunne være sentral som ein del av ein effektiv nord-sør retta transportkorridor på Vestlandet. Dette vil krevje utbygging av felles transportterminalar for gods på sjø, og land (inkludert jernbane) og dagleg samband mot kontinentet og at Kyststamvegen kan knytast opp mot det nye transeuropeiske nettverket (TEN). På grunn av dårleg utbygde kommunikasjonar nord-sør på Vestlandet vert unødig mykje trafikk ført austover og inn på eit pressa transportsystem rundt Oslo og vidare sørover. Kyststamvegen vil medverke til å knyte regionane på Sør- og Vestlandet betre saman og gjere dei mindre transportavhengige av Austlandsområdet ved at det vert lagt betre til rette for direkte båt- og ferjesamband mot utlandet. Ein skal ikkje undervurdere gode samband mellom Vest- og Austlandet, men det ligg store uforløyste transportvinstar i å utvikle kyststamvegen som eit samanbindande element for Sør- og Vestlandet. Dette gjeld til dømes for å utnytte hamnene som knutepunkt for godstransport. Slike forhold talar klart for at investeringar eller manglande slike i kyststamvegen er ein avgjerande faktor for framtidsvurderingane på Vestlandet. Kyststamvegen kombinert med direktetransport frå sentralhamner på Vestlandet til kontinentet (det er Vestlandet som har dei store eksportvoluma) vil vere med på å frigjere Vestlandet frå transportsystema på Austlandet, sjå figur 17. Store delar av Vestlandet er avhengig av ferjene. Dette gjeld ikkje berre til øyane men også over dei store fjordane som er barrierar for samferdsla langs kysten. Ferjene er flaskehalsar for folk og næringsliv, med låg frekvens, lang reisetid, liten fleksibilitet og nattstenging som fører til dårleg tilgjenge. I tillegg er ulukkesrisikoen større for trafikk som skal nå ferjene. Ferjene er også kostnadskrevjande i høve til ordinær vegtransport. Medan trafikantane på vegnett ikkje betalar ekstra for bruk av vegen, har ferjetrafikken store utlegg for betaling på ferjene. Dette gir meir kostbar transport i forhold til andre delar av landet (sjå figur 16). Prinsipielt burde takstane på alle ferjesamband reduserast til kostnaden for bruk av bil på same strekning, slik at ferjetrafikken vart likestilt med annan vegtrafikk. For å knyte utkantregionar til meir sentrale regionar må ein både satse på vidare veg- og tunnellbygging, men også raskare og hyppigare ferjer og lavare kostnader. Høge avgifter på transport (bompengar, ferje, drivstoffavgift) fungerer som regionaløkonomiske barrierar. For å få større og meir berekraftige regionar kan det vere nødvendig med strategiar som reduserer transportkostnadene og tidene mellom dei i vesentleg grad. Spesielt vil dette gjelde regionar som ligg klart innanfor rimeleg luftlinjeavstand frå større senter, men der fysiske barrierar skaper utkant- og uttynningsproblem. 48

Figur 16. Ferje- og bompengekostnader mellom sentrale knutepunkt - Vogntog fullpris aug. 1999. (Kjelde: SAVOS) Figur 17. Kyststamvegen som system (Kjelde: SAVOS) 49