VEDLEGG 2. TERTIAL 2004



Like dokumenter
Dato: Fredriksen/Økonomiavdelinga Fra: Ingebjørg By Teigen Referanse: 15/ Kopi:

Oversyn over økonomiplanperioden

Til: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: Fra: Britt Vikane Referanse: 15/ Kopi:

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

Det vil alltid vere ei balansegang mellom bruk av eigne pengar på bok og lån i bank.

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL

NOTAT. Bemanningssituasjonen i pleie og omsorg pr. mai 2007

VEDLEGG TIL BUDSJETT 2005 OG ØKONOMIPLAN

Kyrkja. Kostradokument nr. 16. Førebuande dokument til arbeidet med budsjettet for Gjennomgang av funksjonar under rammeområdet Kyrkja

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

BARNEHAGETILBODET I BALESTRAND

Tertialrapport 2 tertial 2015

Forvaltningsrevisjon «Pleie og omsorg - årsak til avvik mot budsjett og Kostra-tal»

Saksframlegg. 1. Kommunestyret godkjenner den framlagde tertialrapporten.

Årsmelding GOL BARNEHAGE (Kultur og levekår)

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

Kvam herad. Arkiv: N-211 Objekt:

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

BARNEHAGETILBODET 2015/2016

Kommunedelplan for oppvekst

BRUKARSTYRT PERSONLEG ASSISTENT

Oversyn over økonomiplanperioden Arbeidsgrunnlag av med endringar av

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Status og utfordringar. Orientering til heradsstyret Tysdag 16. juni Rådmannen

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Heimetenester til funksjonshemma (Utval for Kultur og Levekår)

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Stein Kittelsen Arkiv: 153 Arkivsaksnr.: 16/3462-1

NTL Sentralforvaltningens representantskapsmøte mars 2014 Sak 3 Regnskap

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE

Lønnsundersøkinga for 2014

Kvam herad. Arkiv: N-031 Objekt: SATS- prosjekt i Kvam - Samordning A-etat, Trygd- og Sosialkontor - P19031

KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET. Retningslinjer og informasjon

Budsjett 2012, økonomiplan

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Årsmelding 2012 løn og personalavdelinga

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Folketalet har gått noko opp sidan årsskiftet, men er framleis noko under målsettinga.

10/60-14/N-211//AMS

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Resultat brukarundersøkingar

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet

Forslag til kommunebudsjett 2019 og økonomiplan

NOTAT. Frå: Rådmannen. Saka gjeld:

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Styresak. Halfdan Brandtzæg Rapportering frå verksemda per november Arkivsak 2014/805/ Styresak 068/2014 A Styremøte

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Rådet for eldre og funksjonshemma. Varamedlemmar møter berre etter nærare innkalling.

SØKNAD OM HJELPETILTAK FOR BORN OG UNGE 0-18 ÅR.

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL

Styre, råd og utval Møtedato Saksnr Levekårskomite /10 Bystyret Arkiv: FA-A22, FA-

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE. Lærdal kommune er eigar av barnehagane og har ansvaret for vedlikehald og drift.

Team Hareid Trygg Heime

Møtedato: Møtetid: Kl. 13: Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti

Fjell kommune Arkiv: 422 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Line Barmen Dato: SAKSDOKUMENT

MØTEINNKALLING. SAKLISTE Åpning av møtet og godkjenning av møteprotokoll frå møte

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte 16.desember 2014.

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

Kvam herad. Arkiv: N-132 Objekt:

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Kontrollutvalet i Sogndal kommune. Sak 9/2015 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2014 for Sogndal kommune

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Budsjett Intern Service Helse Førde

Forfall meldt frå følgjande medl.: Parti Følgjande varamedl. møtte Parti Gunnbjørg Ågotnes Chris. Aksnes Birger Kaland. H Frp

Saksnr Innhald Arkivsaknr Godkjenning av protokoll

KOMPETANSEUTVIKLINGSPLAN FOR MELAND KOMMUNE STRATEGISK DEL

Retningsline for samordna opptak i barnehagar i Stord kommune

Til veljarane i Tysnes

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk

Tertialrapport

Verksemdsrapport psykisk helsevern

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

3. tertial Økonomistatus for Kvam herad per 3. tertial 2016

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Kari Fjugstad Giske Harald Rydland Johnny Westvik LEIAR MEDL. MEDL

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE.

Transkript:

VEDLEGG 2. TERTIAL 2004 Side 1 av 77

Innhaldsregister 1 POLITISK NIVÅ... 4 1.1 UTFORDRINGAR... 4 1.1.1 Utfordringar i 2004... 4 1.1.2 Langsiktige utfordringar i høve til driftsnivå... 4 1.2 JUSTERINGAR I 2. TERTIAL 2004... 6 1.2.1 Justeringar pr. post... 6 1.2.2 Justeringar pr. KOSTRA-tema... 6 2 RÅDMANNSNIVÅ... 7 2.1 UTFORDRINGAR... 7 2.1.1 Utfordringar i 2004... 7 2.1.2 Langsiktige utfordringar... 7 2.2 JUSTERINGAR I 2. TERTIAL 2004... 9 2.2.1 Justeringar pr. post... 9 2.2.2 Justeringar pr. KOSTRA-tema... 10 3 INFORMASJON... 11 3.1 UTFORDRINGAR... 11 3.1.1 Utfordringar i 2004... 11 3.1.2 Langsiktige utfordringar... 12 3.2 JUSTERINGAR I 2. TERTIAL 2004... 13 3.2.1 Justeringar pr. post... 13 3.2.2 Justeringar pr. KOSTRA-tema... 14 4 PLEIE OG OMSORG... 15 4.1 UTFORDRINGAR... 15 4.1.1 Utfordringar i 2004... 15 4.1.2 Langsiktige utfordringar... 16 4.2 JUSTERINGAR I 2. TERTIAL 2004... 19 4.2.1 Justeringar pr. post... 19 4.2.2 Justeringar pr. KOSTRA-tema... 20 5 BARNEHAGE... 21 5.1 UTFORDRINGAR... 21 5.1.1 Utfordringar i 2004... 21 5.1.2 Langsiktige utfordringar... 22 5.2 JUSTERINGAR I 2. TERTIAL 2004... 23 5.2.1 Justeringar pr. post... 23 5.2.2 Justeringar pr. KOSTRA-tema... 24 6 HELSE OG VELFERD... 25 6.1 UTFORDRINGAR... 25 6.1.1 Utfordringar i 2004... 25 6.1.2 Langsiktige utfordringar... 26 6.2 JUSTERINGAR I 2. TERTIAL 2004... 27 6.2.1 Justeringar pr. post... 28 6.2.2 Justeringar pr. KOSTRA-tema... 28 7 SKULE... 30 7.1 UTFORDRINGAR... 30 7.1.1 Utfordringar i 2004... 30 7.1.2 Langsiktige utfordringar... 31 Side 2 av 77

7.2 JUSTERINGAR I 2. TERTIAL 2004... 32 7.2.1 Justeringar pr. post... 32 7.2.2 Justeringar pr. KOSTRA-tema... 33 8 TEKNISK EINING... 34 8.1 UTFORDRINGAR... 34 8.1.1 Utfordringar i 2004... 34 8.1.2 Langsiktige utfordringar i høve til driftsnivå... 35 8.2 JUSTERINGAR I 2. TERTIAL 2004... 36 8.2.1 Justeringar pr. post... 36 8.2.2 Justeringar pr. KOSTRA-tema... 37 9 UTVIKLING... 39 9.1 UTFORDRINGAR... 39 9.1.1 Utfordringar i 2004... 39 9.1.2 Langsiktige utfordringar... 40 9.2 JUSTERINGAR I 2. TERTIAL 2004... 41 9.2.1 Justeringar pr. post... 41 9.2.2 Justeringar pr. KOSTRA-tema... 42 10 ØKONOMI OG ORGANISASJON... 43 10.1 UTFORDRINGAR... 43 10.1.1 Utfordringar i 2004... 43 10.1.2 Langsiktige utfordringar... 44 10.2 JUSTERINGAR I 2. TERTIAL 2004... 46 10.2.1 Justeringar pr. post... 46 10.2.2 Justeringar pr. KOSTRA-tema... 47 11 FINANS... 48 11.1 UTFORDRINGAR... 48 11.1.1 Utfordringar i 2004... 48 11.1.2 Langsiktige utfordringar... 48 11.2 JUSTERINGAR I 2. TERTIAL 2004... 49 11.2.1 Justeringar pr. post... 49 11.2.2 Justeringar pr. KOSTRA-tema... 50 11.3 PLASSERING... 51 11.3.1 Bankinnskot/Likviditetsstyring... 51 11.3.2 Aksjar og andelar... 52 11.3.3 Obligasjonsportefølje... 53 11.3.4 Låneportefølje... 54 12 AKTIVE PROSJEKT I BUDSJETTPERIODEN... 56 12.1 ENDRING AV AKTIVE PROSJEKT I 1.T. 2004... 59 13 ØKONOMISK OVERSIKT DRIFT... 62 14 ØKONOMISK OVERSIKT INVESTERING... 64 15 FONDS- OG LÅNEOVERSIKT... 65 16 DRIFTSREKNESKAPET PR. FUNKSJON PR. EINING... 68 17 OVERSLAG OVER EFFEKTIVISERINGSGEVINSTAR 1998-2003... 74 Side 3 av 77

1 POLITISK NIVÅ 1.1 UTFORDRINGAR 1.1.1 Utfordringar i 2004 Samfunn Arbeidet med kommuneplanar har vore sentrale og arbeidskrevande i 2004, og kjem til å prega hausten, saman med budsjettet for 2005 og økonomiplan 2005-2008. Brukarar Innsyn i politiske saker, som ligg på heimesidene til Kvam herad, gjer det mogeleg for brukarane (innbyggjarar) å følgja den politiske prosessen i større grad. Interne prosessar Gruppeleiarane har fått presentert arbeidet med Balansert Målstyring i ei samling. Den siste nye satsinga, er Politikarar på nett. Heradsstyremedlemmene har fått bærbare pc ar til det politiske arbeidet, og oppretta eigne intranettsider. Medarbeidar Politikarane har gjennomført opplæring i bl.a. pc-bruk. Økonomi Politisk nivå har eit relativt lite budsjett, og dette er kun justert for tildelt lønsjusteringspott. 1.1.2 Langsiktige utfordringar i høve til driftsnivå Samfunn Det er politikarane som har vedteke visjonen til Kvam herad og strategiske tiltak i kommuneplanen. Gitt folketalsutviklinga og økonomiske rammene, er det ei stor utfordring å oppfylla visjonen. Brukarar Vedtak som påverkar brukarane, innbyggjarane i Kvam, skjer ut frå politisk ståstad og økonomiske rammer. Dei økonomiske rammene gjer at det stadig vert mindre rom for å innfri ynskjer og krav utover det som er lovpålagt. Interne prosessar Å utnytta dei nye it-verktøya og laga gode rutinar for gjennoføring av møter og for sakshandsaming, vert ei utfordring i åra framover. Side 4 av 77

Medarbeidar Det vil vera naudsynt med kontinuerleg opplæring i det politiske arbeid for både politikarar og sakshandsamarar. Dette vil auka den positive opplevinga for båe partar, samt betra kvaliteten i arbeidet Økonomi Budsjettet til politisk nivå avheng i stor grad av politikarane si møteverksemd, og løn til øverste administrative leiar. Antal heradsstyremedlemmer vart redusert frå 33 til 27 for det heradsstyret som vart vald hausten 2003, og dei tidlegare komitèane oppløyst. Investering i it som verktøy, skal totalt vera økonomisk i høve til lågare papir- og portoutgifter. Det ligg likevel ikkje an til større endringar i dette relativt vesle budsjettet, då utgiftene ligg i andre einingar. Side 5 av 77

1.2 JUSTERINGAR I 2. TERTIAL 2004 1.2.1 Justeringar pr. post Tabell 1 Økonomisk driftsoversikt for eining Postar Oppr. Bud. Reg. 1T Reg. Reg. Bud. Rekneskap I % Lønskostnader (ink. sjukelønsrefusjon) 1 850 0 76 1 926 1 135 59 % Varer og tenester til eigenproduksjon 451 2 0 453 272 60 % Overføringar til andre 377 0 0 377 295 78 % Sum kostnader 2 678 2 76 2 756 1 702 62 % Overføringer med krav til motytelse -27 0 0-27 -12 44 % Finansinntekter (inkl. fondsdisponeringar) 0 0 0 0-2 0 % Sum inntekter -27 0 0-27 -14 50 % Netto 2 651 2 76 2 729 1 689 62 % Kommentar til tabell: ane gjort i 2. tertial 2004, er tildeling av lønsmidlar frå lønsjusteringspotten 1.2.2 Justeringar pr. KOSTRA-tema Tabell 2 KOSTRA-tema for eining KOSTRA-tema Oppr. Bud. Reg. 1T Reg. Reg. Bud. Rekneskap I % Adminstrasjon, styring og fellesutg. 2 650 2 76 2 728 1 689 61,9 % Barnehagar 0 0 0 0 0 Grunnskuleopplæring 1 0 0 1 0 0,0 % Sum KOSTRA-tema 2 651 2 76 2 729 1 689 61,9 % Finans, skatt og rammetilskot 0 0 0 0 0 Sum Kvam herad 2 651 2 76 2 729 1 689 ane gjort i 2. tertial 2004, er tildeling av lønsmidlar frå lønsjusteringspotten. Side 6 av 77

2 RÅDMANNSNIVÅ 2.1 UTFORDRINGAR 2.1.1 Utfordringar i 2004 Samfunn Rådmannsnivået er den eininga som er mest sentral i det overordna arbeidet med å utforma dei strategiske måla ut frå retningslinjene som er gjevne i den politisk vedtekne kommuneplanen. Å utgreia strategiske mål, perspektiv m.m., har det vorte arbeid mykje med i 04. Brukarar Dei direkte brukarane til rådmannsnivå, er politikarar og operative leiarar. Det har vorte gjennomført fleire leiarsamlingar for det operative nivået. Bl.a. har det vore to samlingar for alle leiarar i kommunen i Øystese. Eit i mai som tok for seg bl.a. BMS, HMS, personalpolitisk handlingsplan og økonomi. I midten av september var det kurs i arbeidsgjevarpolitikk og ferielova. Interne prosessar Ny organisering av Kvam herad er framleis så fersk, at arbeidet med å hausta effektar lyt fortsetja. Arbeidet med Balansert Målstyring vil verta teken opp att i full tyngd i november/desember. Medarbeidar Medarbeidarane til eininga er dei tre kommunale leiarane, som har personalansvar for einingsleiarar. Økonomi Rammene til rådmannsnivå er relativt små, og budsjettendringane få. Budsjettet for 2004 er nedjustert med totalt 0,1 mill.kr som går til redusert fondsbruk. I tillegg er det flytta midlar frå løn til drift. 2.1.2 Langsiktige utfordringar Samfunn Å leggja til rette for at Kvam herad kan nå sine strategiske mål, er hovudutfordringa for rådmannsnivå. Gitt dei økonomiske rammene, vert ikkje denne utfordringa mindre i åra framover. På lengre sikt vert satsing på infrastruktur som tunnel og veg sentral for å verta ein del av arbeidsmarknaden og kulturlivet i Bergen. Det bør arbeidast vidare med tunnel under Kvamskogen og gjennom Ulrikken for å gjera den fysiske Side 7 av 77

avstanden mindre, og tilretteleggja for Kvam som ein sentrumsnær bustadkommune. Jondalstunnel og vegutbetring internt i Hardanger må vurderast i høve til å verta eit regionsenter midt i Hordaland. Ei stor utfordring vil også vera å ta vare på dei innbyggjarane som alt er i kommunen. Dei må ha eit variert og godt tenestetilbod skal dei verta verande i dagens konkurrane mellom kommunar i eit svært mobilt samfunn. Brukarar Å ha eit godt samarbeid med politikarane og leggja til rette for at desse kan ta avgjersler på eit godt grunnlag, er ei av einingane sine hovudområde. Det andre er samarbeidet med og tilrettelegginga av organisasjonen Kvam herad, og denne sine operative leiarar og medarbeidarar. Interne prosessar Ei konstant utfordring og eit kontinuerleg arbeid, er å få tilrettelagt organisasjonen slik at den produserer tenester til den kostnaden og den kvaliteten som er lovpålagt eller ynskt frå politisk sida. Å ta i bruk Balansert Målstying i heile organisasjonen i løpet av dei næraste åra, ser eininga som sentralt. Medarbeidar Motiverte leiarar som igjen kan motivera sine leiarar og medarbeidarar er viktig i ein personalkrevande organisasjon som Kvam herad. Å få innarbeidd kjerneverdiane frå personalpolitisk handlingsplan og fortsetja arbeidet med kompetansehevinga, vert svært viktig. Rådmannsnivå har eit særleg ansvar for å leggja til rette for å styra nødvendige kutt-tiltak best mogeleg i høve til dei tilsette, og sikra medverknad i prosessen. Økonomi Eininga sitt eige budsjett er lite, men påverknaden på resten av økonomien i heradet relativt stor. Ei sentral oppgåva for eining er difor å bruka dei midlane eininga får tildelt til strategisk arbeid for å få frigjort ressursar til å nå strategiske mål. Side 8 av 77

2.2 JUSTERINGAR I 2. TERTIAL 2004 2.2.1 Justeringar pr. post Tabell 3 Økonomisk driftsoversikt for eining Postar Oppr. Bud. Reg. 1T Reg. Reg. Bud. Rekneskap I % Lønskostnader (ink. sjukelønsrefusjon) 6 493 388 311 7 192 4 480 62 % Varer og tenester til eigenproduksjon 285 16 318 619 365 59 % Overføringar til andre 14 0 0 14 29 206 % Sum kostnader 6 792 404 629 7 825 4 873 62 % Salsinntekter 0 0 0 0-11 0 % Overføringer med krav til motytelse -14 0 0-14 -28 197 % Finansinntekter (inkl. fondsdisponeringar) 0 0-349 -349-20 6 % Sum inntekter -14 0-349 -363-59 16 % Netto 6 778 404 280 7 462 4 814 65 % Kommentar til tabell: Rådmann er tildelt 0,6 mill.kr. frå lønsjusteringspott. Lønskostnaden er deretter redusert med ca. 0,3 mill.kr der 0,2 mill.kr er overført til kjøp av varer og tenester. Rammereduksjonen på 0,1 mill.kr er brukt til reduksjon i fondsbruk. i 2. tertial i finansinntekter, er bruk av VAR-fond pga utgifter til VARlønningar. Side 9 av 77

2.2.2 Justeringar pr. KOSTRA-tema Tabell 4 KOSTRA-tema for eining KOSTRA-tema Oppr. Bud. Reg. 1T Reg. Reg. Bud. Rekneskap I % Adminstrasjon, styring og fellesutg. 4 195 218 358 4 771 3 120 65,4 % Barnehagar 550 90 88 728 336 46,1 % Grunnskuleopplæring 1 055 16 193 1 264 540 42,7 % Kommunehelse 0 0 0 0 3 Pleie og omsorg 511 35 61 607 351 57,8 % Sosialteneste 0 0 0 0 0 Barnevern 0 0 0 0 0 Vatn, avløp og renovasjon/avfall 343 0-330 13 222 1708,2 % Fysisk planlegging, kulturminner, natur og nærmiljø 1 45 27 73 169 231,8 % Kultur 10 0 0 10 0 4,2 % Kyrkje 0 0 0 0 0 Samferdsel 0 0 0 0 0 Bustad 0 0 0 0 0 Tilrettelegging og bistand for næringslivet 0 0 0 0 0 Brann- og ulykkesvern 114 0 7 121 73 60,6 % Sum KOSTRA-tema 6 778 404 404 7 586 4 814 63,5 % Finans, skatt og rammetilskot 0 0 0 0 0 Sum Kvam herad 6 778 404 404 7 586 4 814 Kommentar til tabell: ane i tertialen er fordelt ut på mange ulike tema, men alt er i hovudsak lønsjusteringspott. Drift auka med 0,3 mill.kr pga. for temaet VAR, er bruk av fond til å dekka inn VAR-kostnader. Side 10 av 77

3 INFORMASJON 3.1 UTFORDRINGAR 3.1.1 Utfordringar i 2004 Samfunn I juni fekk eininga tildelt midlar til profilering og flytting av bibliotek. Dette er tenkt som ein del av ei større gjennomgåande profilering av kommunen, som bl.a. skal koma under det strategiske målet: stolte innbyggjarar med felles identitet. Forarbeid og kartlegging i samband med nytt bibliotek er under arbeid og utforming. Brukarar Eininga tek seg av sentralbord og resepsjon i tillegg til arkiv, politisk sekretariat og bibliotek. Å få formidla informasjon til både dei eksterne og interne brukarane står sentralt. Kommunen forset å satsa på å gjera dette best mogeleg med bruk av internett og intranett, som er sentalt i målet om 24- timarskommunen. På internett manglar førebels digitale kart, men dette vert arbeidd med, og er truleg på plass rundt årsskiftet. Lag og organisasjonar har no tilbodet om gratis bruk av Kvam herad sine nettsider, og register over alle planar er lagt ut. Interne prosessar Eininga prøver å få frigjort ressursar på litt lengre sikt ved å bruka tid i 2004 på å gje opplæring internt i bl.a. e-post- og sakssystemet og nye rutinar for politiske saker, slik at dei interne brukarane vert meir sjølvhjelpne. Eininga står òg bak arbeidet med å tilretteleggja for Politikarar på nett. Medarbeidar Internt i eininga er det òg behov for opplæring i eigne system. Dette er forsøkt gjort i 04, men auka belastning på eininga gjer det vanskeleg å få sett av nok tid. Økonomi Ramma til eining for informasjon er i hovudsak uendra for 2004, til trass for utfordringar med opplæring internt og for politikarar. Som for 2003, ligg det an til ein generell auke i aktivitet for eininga, som følgje av satsing på informasjon internt og eksternt. Det er disponert av overskot for 2003 til utarbeiding av ny profil og identitet, samt gjennomføring av denne. Den disponerte sum rekk kun til deler av dette arbeidet. I arbeidet med 2.tertial er det funne midlar innanfor gjeldande rammer for det meste av desse kostnadene, men dette er avhengig av at eininga får inn dei forventa inntektene på slutten av året. Det er òg inngått avtale med Fusa kommune om auke i budsjett på drift av bokbuss som skal finansierast innanfor gjeldande rammer. Side 11 av 77

3.1.2 Langsiktige utfordringar Samfunn Det er ein generell auke i aktivitet og satsing på informasjon. Dette vil vera sentralt i det strategiske arbeidet i åra som kjem for å få eit betre samfunn i Kvam. Brukarar Satsing på informasjon er viktig for å nå ut til innbyggjarane med kunnskap om det kommunen tilbyr. Det vil òg vera sentralt for å endra omdømme, samt betra oppleving av kommunen sine tenester. Dette må vera eit kontinuerleg arbeid, der satsing på visuell identitet vil vera eit viktig verkemiddel for å oppnå dette. Målet med satsing på opplæring er òg å kunne gjera brukarane av informasjonstenesta meir sjølvhjelpen og dermed på sikt få frigjort personalet til andre oppgåver. Interne prosessar Informasjon vil vera eit verkemiddel i arbeidet med dei interne prosessar me ønskjer, og vil vera sentralt ift bevisstgjering av kjerneverdiar og haldningar. Dette arbeidet vil halde fram kontinuerleg, og skal gje oss ein organisasjon som stadig er i endring (justering), og der dette vert opplevd som rett og naturleg. Medarbeidar Betre intern opplæring i eksisterande systemer, vil også betre kvaliteten på arbeidet som vert utført, samt redusera ressursbruken på feilretting og unødig rettleiing. Det store behovet som er meld i kartlegginga av dette stadfestar dette. Kvam herad er ei kunnskapsbedrift som må få meir fokus på betre utnytting av kompetanse på tvers i eigen organisasjon. Dette vil effektivisera drifta, samt auka kvaliteten i alle ledd. Økonomi Som for 2004, vil det i åra framover ligge an til auke i aktivitet for eininga som følgje av satsing på informasjon internt og eksternt, samt auka fokus på utnytting av eigen kompetanse (dvs ressursar til internopplæring). Auka kostnad på drift av bibliotek som følgje av utvida funksjonar (informasjonstenester, kafé i leseavdeling + generell auke i besøk), skal òg finansierast. Oppgradering av lokaler (formannskapsal, kantine og møterom i rådhuset) ifbm ombygging og politikarar på nett, flytting av bibliotek (oppgradering av lokaler, høgare kostnad enn budsjett på investering i inventar), samt profileringsarbeid for nytt bibliotek krev fleire ressursar også dei komande åra ( spesielt i 2005). Flytting av bibliotek i Øystese og Ålvik vil òg medføra auka ressursbehov. Side 12 av 77

3.2 JUSTERINGAR I 2. TERTIAL 2004 3.2.1 Justeringar pr. post Tabell 5 Økonomisk driftsoversikt for eining Postar Oppr. Bud. Reg. 1T Reg. Reg. Bud. Rekneskap I % Lønskostnader (ink. sjukelønsrefusjon) 5 011 41-197 4 855 3 052 63 % Varer og tenester til eigenproduksjon 2 709 225 341 3 275 1 923 59 % Tenester som erstattar eigenproduksjon 929 0-20 909 649 71 % Overføringar til andre 599 0-18 581 364 63 % Finansutgifter (inkl. fondsdisponeringar) 0 0 0 0 1 0 % Sum kostnader 9 247 266 106 9 619 5 989 62 % Salsinntekter -940 0-50 -990-91 9 % Overføringer med krav til motytelse -833 0 16-817 -366 45 % Overføringer uten krav til motytelse -3 0-6 -9-6 67 % Finansinntekter (inkl. fondsdisponeringar) 0-200 0-200 -12 6 % Sum inntekter -1 776-200 -40-2 016-476 24 % Netto 7 471 66 66 7 603 5 513 73 % Kommentar til tabell: Lønskostnader: Fordeling av lønsjuteringspotten auka budsjett fast løn og sosiale utgifter med 66 000 kr. Fast løn justert ned med 474 000 kr, medan vikarløn er justert opp med 240 000 kr. Sjukeløn utover arb.gj perioden justert opp med 95 000 og refusjonsinntekter justert opp med 83 000. Arb.gj.avg. justert ned med 46 000 kr. Varer og tenester til eigenproduksjon: Kjøp av mat justert med ca 60 000. Inntekter justert opp under salsinntekter. Justering på inventar i forbindelse med flytting av hovudbibliotek ca 350 000. Elles korrigering/nedjusteringar på eindel andre driftskontoar. Tenester som erstattar eigenproduksjon: Justering på kjøp av revisjonstenester. Overføringar til andre/overføring med krav til motytelse: Justert momskompensasjon Salsinntekter: Oppjusterte inntekter slag av mat i kantine. Overføringar uten krav til motytelse: Overføring frå andre kommunar Side 13 av 77

3.2.2 Justeringar pr. KOSTRA-tema Tabell 6 KOSTRA-tema for eining KOSTRA-tema Oppr. Bud. Reg. 1T Reg. Reg. Bud. Rekneskap I % Adminstrasjon, styring og fellesutg. 4 897 31-434 4 494 3 882 86,4 % Grunnskuleopplæring 0 0 0 0 6 Sosialteneste 150 0 6 156 88 56,2 % Barnevern 150 0 8 158 81 51,2 % Vatn, avløp og renovasjon/avfall 0 0 0 0 43 Fysisk planlegging, kulturminner, natur og 268 0 191 459 223 48,5 % nærmiljø Kultur 2 007 35 295 2 336 1 191 51,0 % Sum KOSTRA-tema 7 471 66 66 7 603 5 513 72,5 % Finans, skatt og rammetilskot 0 0 0 0 0 Sum Kvam herad 7 471 66 66 7 603 5 513 3.2.2.1 Administrasjon, styring og fellesutgifter Temaet er redusert med utgifter til stilling for drift fellessystem og div. kjøp, til å finansiera auka satsing på byggjesaker og bibliotek. 3.2.2.2 Fysisk planlegging, kulturminner, natur og nærmiljø Midlar er overført frå administrasjon til å utføra byggjesaker. 3.2.2.3 Kultur Justert inventar med ca 380 000 i samband med flytting av hovedbibliotek. Til frådrag kjem mindre lønsjusteringar. Side 14 av 77

4 PLEIE OG OMSORG 4.1 UTFORDRINGAR 4.1.1 Utfordringar i 2004 Samfunn Tal brukarar av pleie- og omsorgstenesta er stabil. Tenesta har mange store faglege utfordringar både i heimetenesta og i institusjon grunna mellom anna tidleg utskriving frå sjukehus. Brukarar I sone Ålvik har fleire av omsorgsbustadane stått ledige dei siste månadane. Dette medfører stort innteksttap ( 130.000 for 2004 ). Søkjarar frå andre soner har fått tilbod, men mange takkar nei til tilbodet og vil avvente til det vert ledig omsorgsbustad i den sona dei har tilknyting til. Tenestene vert drivne i samsvar med serviceerklæringane. Pleie og omsorgssjefen har motteke 19 avviksrapportar frå tilsette så langt i år. Dei fleste er knytt opp mot stor arbeidsmengd og problem med å skaffa vikar for fagpersonar ved sjukdom og anna fråvær. Pleie og omsorgstenesta har gjennomført brukarundersøking i september. Etter ein fyrste gjennomgang kan det sjå ut som svarprosenten frå både heimebuande, institusjonsbebuarar og pårørande har auka vesentleg i forhold til forrige brukarundersøking. Resultatet frå undersøkinga er ikkje analysert endå så det er for tidleg å koma med konkrete tilbakemeldingar. Interne prosessar Ombygging og kjøkenreform: Mellombels drift av Øysteseheimen i Mikkjelsflaten omsorgsbustader fungerer tilfredsstillande. Bebuarar og tilsette trivest og planlegging av tilbakeflytting til nye Øysteseheimen har starta. Laurdag 25.9.flytta 51 bebuarar frå Toloheimen ned i Tolo omsorgsbustader og institusjonen skal driva i mellombelse lokaler ut neste år. Det siste av 3 institusjonskjøkken er såleis avvikla og bebuarane på Toloheimen får no alle måltid på eitt av 4 avdelingskjøkken i nye Tolo omsorgsbustader. Grunna plassmangel har flyttinga medført reduksjon av 6 institusjonssenger. Pleie og omsorgstenesta opplever av den grunn sterkt press m.o.t plassar i institusjon no. Kjøkkenet på Strandebarm aldersheim er avvikla og institusjonen har fått nytt avdelingskjøkken i tilknyting til stova. Både bebuarar og tilsette er nøgde med den nye ordninga. Informasjonsteknologi : Pleie og omsorgstenesta er knytt til felles datanett i kommunen. Fagsystemet Gerica vert nytta som sakshandsamings- og journalsystem. Side 15 av 77

Det vert for tida arbeidd med ny versjon av programmet som medfører mange endringar både for sakshandsamarane, for leiarar som skal nytta arbeidsplanar og for dei tilsette som fører journal. Det vert gjennomført omfattande internopplæring. Det vert kjøpt inn handterminalar i haust, dette for å forenkla og effektivisera informasjonsflyten for dei som arbeider i heimetenesta. Kvalitetssystem/ HMS: Kvalitetsarbeidet i pleie og omsorgstenesta har som mål at tilbodet skal vera i tråd med lover og forskrifter. Kvalitetssystemet ligg på intranett og målet er at alle tilsette skal få si eiga epost-adresse og med det ha tilgang til systemet. Systemet skal sikre at vi har nødvendige prosedyrar for at brukarane skal få rett tilbod. Heradet har revidert HMS- systemet i 2004. Det har vore opplæring i dette for alle leiarane og systemet med ulike prosedyrar og skjema ligg tilgjengeleg for alle på intranettet. Medarbeidar Det har vore reduksjon i tal tilsette grunna nedlegging av institusjonskjøkkena. Tenesta får behalde 3,5 årsverk til å styrke grunnbemanninga. Utfordringa er å finne alternativt arbeid for dei som mista arbeidet sitt ved nedlegging av kjøkkena.. Tenesta har som tidlegare år utfordringar m.o.t rekruttering, dette gjeld både sjukepleiarar og hjelpepleiarar. 11 leiarar deltek på leiarutdanning i regi av høgskulen i Bergen og 3 andre kommunar.. Leiarutdanninga er del 1 i EVUK (etter- og vidareutdanning i kommunehelsetenesta ) der Kvam har med 30 helsearbeidarar. Det vert gjennomført tilsetteundersøking i avdelinga i oktober 2004. Økonomi Slik det ser ut ved 2. tertial er fastlønsbudsjettet under kontroll.vi har brukt for mykje i forhold til budsjett på sjukefråvær grunna korttidsfråvær. Lønsutgiftene dei første 16 dagane vert ikkje dekka frå rikstrygdeverket. Langtidsfråværet har også auka mykje i høve til 2003. Økonomisk er ikkje dette eit problem då lønsutgiftene vert dekka av rikstrygdeverket, men for tenesta er det ei stor utfordring grunna problem med å skaffe kvalifiserte vikarar. Vi forventar at netto utgifter i pleie og omsorg held seg innan budsjettramma for 2004. Det vert arbeidd med kartlegging av oppgåver som skal gi grunnlag for best mogeleg fordeling av personellressursane. Dersom kartlegginga viser at ulike grupper/ soner har ulik bemanning i høve til oppgåver vil me sjå nærare på dette. Arbeidet vil resultera i politisk sak innan utgangen av året. 4.1.2 Langsiktige utfordringar Samfunn Befolkningsprognosar frå SSB fram til 2010 viser relativt liten endring i antal personar i befolkningsgruppa 67-70 (-3), 80-89 (-35) og 90 år + (+8). I høve andre kommunar er det små endringar i Kvam herad. Omlegginga i Øystese og Norheimsund med færre institusjonsplassar og fleire omsorgsbustader medfører fleire utfordringar som skal løysast. I bygge-, Side 16 av 77

ombyggings-, og flyttetida er det mange praktiske utfordringar som skal løysast i 2004 og 2005. Redusert tal institusjonssenger og auka tal omsorgsbustader vil også kreve endringar i vår måte å arbeide på. Det kan på sikt føre til behov for organisasjonsendringar. Brukarar Befolkningsprognosane frå SSB viser små endringar i brukargruppa. Krava til tenesta aukar mellom annan grunna tidleg utskriving frå sjukehus og avvikling/ endring av 2. linjetilbod ( Bjørkeli, Olavviken, Valen m.fleire) Målet om lik bruk av ressursar til heimetenesta som til institusjonsomsorga har endra seg dei siste 10 åra frå 80 % på institusjonsomsorg og 20 % på heimetenesteomsorg til fordeling 60/40. Fordelinga går mot 50/50 etter ombyggings- og nybyggingsprosjekta er avslutta. Det vert færre institusjonsplassar og auka tilbod i omsorgsbustader. Bruk av dagtilbod for eldre og funksjonshemma er eit viktig supplement til heimetenesta for personar som elles ville hatt trong for døgnplass. Nivået på tilbodet varierer frå sone til sone og det vert gjennomført kartlegging og eventuelt organisatoriske endringar i dagtilbodet. Det skal gjennomførast årlege brukarundersøkingar. Desse vil gi oss signal om klare forbertingstiltak i tenesta. Interne prosessar Informasjonsteknologi : Fagsystemet Gerica vert nytta som saksbehandlings- og journalsystem. Det vert kontinuerleg arbeidd med å gi alle tilsette opplæring i bruk av systemet, også med å utnytta systemet til å organisera arbeidslister, fakturering, vederlagsberekning m.m.. Behov for forbetra maskinvare vert kontinuerleg lagt vekt på. Innføring av handterminalar skal effektivisera og forenkla informasjonsflyten for dei som arbeider i heimetenesta. Innkjøp av eige turnusprogram vert vurdert, dette for å effektivisera utarbeiding av arbeidsplanar, innleige av vikarar og føring av timelister. Kvalitetssystem / HMS : Forskrift om internkontroll i helse og sosialtenesta vart iverksett 1.1.2003. Kvalitetsarbeidet vårt er i tråd med Kvalitetsforskrifta for pleie og omsorg. Det vert kontinuerleg arbeidd med prosedyrar som mellom anna skal sikra at tilbodet til brukarane er i tråd med lov og forskrift. Sakshandsaming : Tenestetilbodet vert utforma i tråd med serviceerklæringane og aktuelle lover og forskrifter. Innføring av IPLOS ( individbasert pleie og omsorgsstatistikk i kommunane) vil medføra auka fokus på sakshandsaming, vedtak og revurdering av vedtak. Målet med IPLOS er sikker informasjon om søkjarar og mottakarar av kommunale sosial- og helsetenester. Informasjonen er relevant for sakshandsaming og utøvinga av tenesta. Vidare er den nødvendig for planlegging og beslutningar i kommuneleiinga og for statlege myndigheiter. Medarbeidar Tilsette : Side 17 av 77

Pleie og omsorgstenesta er den tenesta som har flest tilsette i Kvam herad. Gjennomsnittsalderen er høg ( 49 år), og fordelinga er slik at svært mange vert pensjonistar i løpet av 5-10 år. Dette vil gje stort behov for nyrekruttering av både faglært og ufaglært personale. Dersom ikkje noko vert gjort i høve til rekrutteringsarbeid vil det sannsynlegvis verta stor mangel på arbeidskraft. Dette er ein situasjon som dei fleste kommunane i landet vil oppleva, og det vil verta stor konkurranse om arbeidskrafta. Utan befolkningsauke ( i arbeidsfør alder)let ikkje dette problemet seg løyse. Potensiale for tilgang av nytt personell ligg hjå flyktningar busett i Kvam, auka tilflytting frå andre kommunar eller frå utlandet. For å utnytta dette potensialet er det nødvendig med overordna, målretta og langsiktig arbeid. Tenesta er kjenneteikna ved mange deltidsstillingar.. Mange ynskjer stillingsauke, noko som er vanskeleg å etterkome utan stor fleksibilitet frå dei tilsette om å arbeide i ulike arbeidsgrupper. Turnusordning med arbeid 3. kvar helg medfører arbeidsplanar med mange deltidsstillingar. Stillingsauke for desse føreset fleire årsverk. Det skal gjennomførast årlege medarbeidarundersøkingar. Sjukefråvær : Mange opplever ein svært travel arbeidssituasjon som set store krav til prioriteringar. Innføring av IA- avtale og mellom anna forventning om tilrettelagt arbeid for sjukemelde og delvis uføre er ei stor utfordring innan ordninær stillingsramme. Kompetanseheving : Aktivitets- og opplæringsplan vert lagt til grunn for kompetansehevingstiltak i avdelinga.evuk ( etter og vidareutdanning i kommunehelsetenesta ) er den største satsinga i avdelinga med 11 leiarar på leiarutdanning og 30 sjukepleiarar/ hjelpepleiarar/ vernepleiarar/ omsorgsarbeidarar i 3 årig etter og vidareutdanningsopplegg. Målet om faglærde i alle stillingar i tenesta er ikkje nådd, men det vert sett inn tiltak for å få fleire til å gjennomføra grunnutdanning, spesielt gjeld dette innan hjelpepleie og omsorgsarbeid. Økonomi Tenesta har utfordringar med omsyn til å oppretthalde tenestetilbodet i tråd med vedtekne serviceerklæringar. Tal brukarar er stabilt, men brukargruppa vert meir kompleks og fleire av brukarane har meir omfattande og samansett hjelpebehov. Lønnsutgifter stig som fylgje av sentrale lønnsoppgjer og utgifter til pensjonspremiar aukar meir enn pris- og lønnsvekst. Auke frå 2004 til 2005 i lønns- og pensjonskostnader( forutsett same tal tilsette) utgjer ca. 5,5 mill. Rammetilskot og skatteinntekter for heradet endrar seg svært lite frå 2004 til 2005. Dette tilseier at rammene for pleie og omsorg i realiteten vert redusert. Ordninga med øyremerka vertskommunetilskot vert avvikla 1.1.2005 og tilskotet vert lagt til ramma. Tilskotsbeløpet vert redusert grunna færre vertskommunebrukarar, men det er ikkje like enkelt å redusere utgiftene i pleie og omsorg i same takt. Endra system for tildeling av øyremerka midlar for særs ressurskrevjande brukarar har medført reduksjon for Kvam herad sin del. Side 18 av 77

4.2 JUSTERINGAR I 2. TERTIAL 2004 4.2.1 Justeringar pr. post Tabell 7 Økonomisk driftsoversikt for eining Postar Oppr. Bud. Reg. 1T Reg. Reg. Bud. Rekneskap I % Lønskostnader (ink. sjukelønsrefusjon) 93 504-385 1 515 94 634 59 263 63 % Varer og tenester til eigenproduksjon 9 959 461-150 10 270 5 922 58 % Tenester som erstattar eigenproduksjon 112 0 0 112 150 134 % Overføringar til andre 3 177 0 0 3 177 1 966 62 % Finansutgifter (inkl. fondsdisponeringar) 0 0 0 0 28 0 % Sum kostnader 106 752 76 1 365 108 193 67 328 62 % Salsinntekter -16 686-510 295-16 901-11 588 69 % Overføringer med krav til motytelse -3 782 510 30-3 242-1 746 54 % Overføringer uten krav til motytelse -7 628 0 0-7 628-6 034 79 % Finansinntekter (inkl. fondsdisponeringar) 0 0 0 0-292 0 % Sum inntekter -28 096 0 325-27 771-19 659 71 % Netto 78 656 76 1 690 80 422 47 669 59 % Kommentar til tabell: Lønskostnader er redusert med 302 ved overføring av reinhaldspersonale til teknisk. Regulering for lønsoppgjer pr 1.5. 2004 auker lønsutgiftene med 1.992 ( inkl sosiale kostnader). Pga høgt sjukefråver med mer er ordninga med sjukepleiar på topp tilført 94 For mykje budsjettert forsikringspremie (ulykke/ulykke/gruppeliv) er redusert med 269. Varer og tenester til eignenproduksjon er auka med 140 til opplæring (auka tilskott) og redusert med 130, mindre tilskott særleg ressurskrevjande brukarar. Pga redusert tal lærlingar er lærlingetilskott redusert med 40. Salsinntekter er redusert med 295 som er mindre eigenbetaling på institusjonsplassar. Overføringer med krav til motyting er redusert med 140, auka tilskott frå Fylkesmannen i Hordaland til opplæring. Alle auka utgifter/reduserte inntekter er enten finansiert frå lønnsjusteringspotten eller gjennom andre reduserte utgifter/auka inntekter. Side 19 av 77

4.2.2 Justeringar pr. KOSTRA-tema Tabell 8 KOSTRA-tema for eining KOSTRA-tema Oppr. Bud. Reg. 1T Reg. Reg. Bud. Rekneskap I % Adminstrasjon, styring og fellesutg. 0 0 0 0 11 Kommunehelse 89 2 3 94 65 68,7 % Pleie og omsorg 91 720 74 1 682 93 476 57 295 61,3 % Sosialteneste 5 0 5 10-11 -106,2 % Bustad -5 329 0 0-5 329-3 407 63,9 % Tilrettelegging og bistand for næringslivet -396 0 0-396 -280 70,7 % Sum KOSTRA-tema 86 090 76 1 690 87 856 53 673 61,1 % Finans, skatt og rammetilskot -7 434 0 0-7 434-6 004 80,8 % Sum Kvam herad 78 656 76 1 690 80 422 47 669 Kommentar til tabell: Alle budsjettjusteringane nevnt ovanfor, gjeld temaet pleie og omsorg. Side 20 av 77