Frå visjon til realitet November 2012 I fleire år har i samarbeid med og nabokommunane Askøy, Sund og Øygarden utvikla samhandlingsprosjekt innanfor ulike helseområde. Dette samsvarar med visjonane og forslaget til den nye lova om kommunale helse- og omsorgstjenester som regjeringa la fram i april 2011. Med eit befolkningsgrunnlag på snart 60 tusen menneske, har samarbeidspartnarane eit svært godt grunnlag for å etablera samhandlingsprosjekt. Samarbeidet mellom og samarbeidskommunane har vore svært godt. I framlegget frå regjeringa heiter det at den nye lova skal sikra samhandling mellom kommunar og sjukehus. Pasientane skal få tenester som heng betre saman. Ofte vert utskrivingsklare pasientar liggjande og venta fordi kommunane ikkje har tilfredsstillande tilbod. Dette er ei uheldig løysing for pasientane og kostbart for samfunnet. Samhandlingsreforma skal føra til at kommunar og sjukehus legg til rette for at pasientane vert behandla i kommunane dersom dei der får eit like godt eller betre tilbod enn på sjukehus. Sjukehus og kommunar skal undersøkja om det er høve til å laga "spleiselag" om lokale samarbeidsprosjekt som kan erstatta behandling på sykehus. I region vest har og kommunane brukt mykje ressursar og energi i arbeidet med samhandling og oppnådd konkrete og gode resultat. Det partane har prøvd å få til, er å etablera løysingar der pasienten får eit tilbod prega av høg kvalitet samstundes som kostnadene vert redusert. Det har vi fått til, og samfunnsnytten er vesentleg. Intermediær avdeling / Lokalmedisinsk senter Oppstart februar 2010 Planlagt ferdig 2016 Intermediær avdeling har seks sengeplassar og er etablert i helseområdet på Straume i Fjell. Målet med dette pilotprosjektet er å gje pasientane god behandling og rehabilitering på det lågaste effektive behandlings- og omsorgsnivået. Tilbodet erstattar den siste fasen av sjukehusopphaldet, og målet er at pasienten etter kort tid kan reisa til sin eigen heim. Etter drift i eitt år, reiste 93 prosent av pasientane direkte heim etter behandling. Gjennomsnittleg liggjetid for pasientane er sju dagar. Med dette tilbodet kan ein yta god rehabilitering og opplæring og sikra heilskaplege og koordinerte tenester. Tilbodet er særleg tilpassa for pasientar frå ortopedisk avdeling og nevrologisk avdeling på Haukeland universitetssjukehus. Det kjem også pasientar frå kirurgisk avdeling. Det vert arbeidd vidare med å inkludera andre avdelingar i for å sikra høg grad av pasientbelegg ved intermediær avdeling. På sikt vert det arbeidd for å etablera ei observasjonseining for å hindra unødig innleggingar på sjukehus.
Avdelinga i Fjell ligg nær Straume terapisenter og Fjell sjukeheim, noko som gjev gode forhold for opptrening og trening i terapibasseng og sambruk av personale. Prosjektet har fått mykje positiv omtale, og mange kommunar har besøkt avdelinga. Intermediær avdeling er eit pilotprosjekt for det lokalmedisinske senteret på Straume som etter planen er klar til bruk i 2015. I dei førebelse planane for senteret er det lagt til rette for 24 sengeplassar. Dette er eit samarbeid mellom og kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. Straume dialysesatellitt Oppstart oktober 2010 Dette er eit halvannalinjetilbod om dialysebehandling for sterkt nyresjuke lokalisert i lokala til Straume buog servicesenter i Fjell. Dette er den første «nære» dialysesatellitten i Noreg. Pasientane, som får behandling tre gonger i veka, får redusert reisetida, samstundes som satellitten ligg relativt nær Haukeland universitetssjukehus om noko skulle skje. Dette er ei pasientgruppe som treng trygge, gode og positive omgjevnader der det er ein fordel med kort reisetid til behandling. Eininga har fem plassar med drift tre dagar i veka. Inntaksområdet er kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. Dialysesatellitten, som vart offisielt opna 22. november 2010, skal etter planen lokaliserast i det nye lokalmedisinske senteret på Straume. står for drifta, medan er huseigar og står for utleige av lokale. Lindrande eining - palliativ avdeling Teken i bruk 1. oktober 2012 Samhandlingsprosjektet Lindrende enhet vert lokalisert til Kleppestø sykehjem på Askøy. Målgruppa vil i starten vera kreftpasientar frå dei fire samarbeidskommunane. Eininga skal gje eit medisinsk tilbod som hindrar innlegging i sjukehus og/eller reduserer liggjetid i sjukehus. Prosjektet startar opp med fire sengeplassar, med høve til vidare opptrapping etter behov. Eininga skal også fungera som eit kompetansesenter for kommunane med rettleiing til fastlegar, sjukeheim og heimesjukepleie. Lindrende enhet skal drivast i eit samarbeid og som eit spleiselag mellom dei fire kommunane og Helse Bergen. Det skal være eit tilbod på halvannalinjenivå, og skal ikkje erstatta dei eksisterande kommunale tilboda innan palliasjon.
Øyane distriktspsykiatriske senter (Øyane DPS) Innflytting juni 2011, offisielt opna august 2011 Nye Øyane DPS skal gje psykiatrisk hjelp til menneske over 18 år som bur i kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. Tilbodet omfattar poliklinisk behandling, ambulant team og 20 sengeplassar for kort- og langtidsbehandling. Dette gjer Øyane DPS til eit sjølvstendig DPS. Også psykiatrisk team i Fjell kommune skal halda til i det nye DPS-bygget. Øyane DPS er lokalisert i helseområdet på Straume. Senteret er eit samarbeidsprosjekt mellom som leigetakar og som byggherre og huseigar. Den totale prosjektkostnaden er på om lag 108 millionar kroner. Strakshjelp (ØH) døgntilbod for Fjell og Sund Oppstart 1. mai 2012 Dette tilbodet er etablert i nært samarbeid med og har fire senger i samdrift med sjukeheimen/intermediær avd. Tilbodet er retta mot tungpustne og andre pasientar som vert tilvist frå frå interkommunal legevakt og fastlegar. ØH er 100 prosent statsfinansiert. JordmorHeim Oppstart januar 2011 JordmorHeim i Fjell er eit utvida tilbod til mor og barn i barseltida. Dette er eit samarbeid mellom, Kvinneklinikken og. Mora og barnet får tilbod om oppfølging i barseltida. Mor og barn som reiser tidleg heim etter fødselen, får barselomsorg av lokale jordmødre. Målet med tilbodet er å gje ein roleg og trygg start for den nye familien, kontinuitet i svangerskaps- og barselomsorga og trygg overføring til helsesøster. Jordmor i Fjell tek kontakt med mora første verkedag etter heimkomsten. Den første veka etter fødselen kjem jordmor på besøk eín til tre gonger, og oppfølginga vert tilpassa etter behov. Dei som ikkje ønskjer heimebesøk, får hjelp på helsestasjonen. Så langt har om lag 60 prosent av dei fødande valt å nytta seg av dette tilbodet. JordmorHeim fekk i desember i fjor Helsedirektoratet sin Samhandlingspris for 2010.
Aktuelle samhandlingsprosjekt i og region vest innan helse- og omsorgstenester Prosjekt Samarbeid Innhald Merknad JordmorHeim, Fjell Palliativ avdeling, Kleppestø på Askøy Intermediær avdeling, Straume Lokalmedisinsk senter, Straume Strakshjelp (ØH) døgntilbod for Fjell og Sund Øyane distriktspsykiatriske senter (Øyane DPS) - v/ Kvinneklinikken - (drift) (huseigar) Tilbod i barseltida der mor og barn reiser tidleg heim frå sjukehuset etter fødselen og får oppfølging av lokale jordmødre. Senter for lindrande behandling. I første omgang vert det fire sengeplassar og resurssenter for regionen. Tilbod om behandling på nivået mellom spesialist- og kommunehelsetenesta. Overflytting av pilotprosjektet med utvida innhald: - Intermediære senger - Rehabiliteringseining - Observasjonssenger - Lærings- og meistringssenter/ frisklivstilbod - Dialysesatellitt - Evt. røntgen - 20 kommunale sjukeheimsplassar - Utviklingsavdeling - Lokalitetar for forsking og undervisning - Aksjonssenter for Sjef i eige liv - Kommunalt fastlegesenter Fire senger i samdrift med sjukeheimen/ intermediær avd. Tilbod om psykiatrisk hjelp til vaksne. - Poliklinisk behandling - Ambulent team - 20 sengeplasser - Psykiatrisk team, Fjell kommune Starta opp januar 2011. Rapport ferdig april 2011 og planlagt oppstart 1. oktober 2012. Pilotprosjekt for lokalmedisinsk senter (fase 1 i rapporten Betre Saman). Starta opp februar 2010. Venta innflytting i 2015 (fase 2 i rapporten Betre Saman) Oppstart 1. mai 2012 Innflytting juni 2011, off. opna august 2011 Inntaksområde: - Askøy - Fjell - Sund - Øygarden
Straume dialysesatellitt, førebels lokalisert i Straume bu- og servicesenter (drift) (huseigar) Utvida tilbod om behandling til pasientar med nyresvikt. Planlagt lokalisert i det lokalmedisinske senteret på Straume i 2015. Inntaksområde: - Askøy - Fjell - Sund - Øygarden