Fylkesdelplan med tema knytt til vasskraftutbygging Presentasjon for Fylkesutvalet 28.10.2009 Mål og avgrensing Innhald Aktuelle problemstillingar Innspel og spørsmål (joar.helgheim@sfj.no el. Idar.sagen@sfj.no)
Avgrensing planprogram: Mål for planarbeid: Målet med planarbeidet er å samle kunnskap om viktige regionale og nasjonale verdiar i mulege utbyggingsområde, for deretter å fastsette retningsliner som sikrar at desse verdiane vert teke omsyn til, ved handsaming av utbyggingstiltak etter vassdragslovgjevinga og plan og bygningslova. Planarbeidet skal også på eit overordna nivå synleggjere dei positive verknadene av vasskraftutbygging. Aktuelle retningsliner skal medverke til å minimalisere uheldige konsekvensar av vasskraftkraftutbygging, slik som tap av naturmangfald, friluftsområde, kulturminne og landskapsverdiar. Utgreiingstema: Fisk og fiske Eksisterande utbygging Landskap Biologisk mangfald Inngrepsfrie område Kulturminne og miljø Friluftsliv Reiseliv
Avgrensing av planområde delområde:
Om oppbygging av plandokument og framdrift: Plandokumentet vil få to hovuddelar; ein faktadel med faglege vurderingar knytt til utgreiingstema og ein politisk del med politiske vurderingar og regionale retningsliner Held pååsluttføre faktadel den er delt i to; ein generell del om kvart fagtema og ein spesiell del med omtale av delområde (utarbeidd i samarbeid mellom FM, NVE og FK) Faktadelen har i hovudsak fokus på eksisterande registreringar det vi veit om fagtema i tillegg omtale av nasjonale mål knytt til fagtema Generelt er kunnskapsgrunnlaget ikkje fullgodt/mangelfullt for dei fleste fagtema Tema landskap har vi jobba ekstra med i forhold til å registrere fossar (viktige landskapselement) og gjere ei verdivurdering av fjordlandskap Vi brukar kart på delområdenivå for åvise relevante registreringar for alle fagtema (i teksten og som vedlegg til plan) Målsetjing om å legge framlegg til plan ut til offentleg ettersyn i 28. november Endeleg vedtak i mars 2010
Mogelege retningslinjer i planen? A. Utforme retningslinjer som vil innebere utvida delegasjon til administrasjonen? B. Skal det stillast krav om vurdering av sumverknader innafor definerte område (aktuell situasjon kan vere sterk utnytting etter tidlegare utbyggingar, mange planlagde prosjekt innafor eit avgrensa landskap)? C. Utforme retningslinjer som utfordrar/stiller krav til kommunane om å utarbeide kommunedelplanar ang. vasskraftutbygging (jf. Lærdal)? D. Skal kommunane utfordrast til å bruke konsesjonslova (Lov om konsesjon ved erverv av fast eiendom ev. også jordlova) for å fremje busetjings- og landbruksomsyn i samband med frådeling av fallrettar o.l.? E. Utforme retningslinjer for fylkeskommunen si handtering av vasskraftsaker med utgangspunkt i registrert konfliktnivå i ulike deler av fylket? Dette vil krevje meir arbeid med samanstilling av data frå ulike tema (for mindre område enn delområda som vist), for å kunne identifisere område med ulikt konfliktnivå.
(E) Mogelege retningslinjer for område med ulikt konfliktnivå Lågt konfliktnivå: Moglege konfliktar med allmenne interesser skal vurderast (Dersom få konfliktar med allmenne interesser kan saker evt. tilrådast administrativt). Middels konfliktnivå: I aktuelle prosjekt i skal det takast særskilt omsyn til allmenne interesser og prosjekta skal tilpassast med avbøtande tiltak. Stort konfliktnivå: Ved handsaming av prosjekt i desse områda, skal fylkeskommunen ha sterkt fokus på å sikre allmenne interesser/redusere interessekonfliktar i høve til desse.
(A) Retningslinjer som vil innebere utvida delegasjon til administrasjonen? Kan det vere aktuelt å gje administrative høyringsuttalar til meldingar med forslag til utgreiingsprogram? I dag vert desse lagt fram til politisk handsaming. Skal retningslinene i tilfelle seie noko om kva som bør vektleggast i konsekvensutgreiingar (eks.: krav til visualisering av aktuelle konfliktpunkt, gjere greie for mogelege sumverknader av mange inngrep innafor definerte område)? Alle vasskraftsaker med produksjon over 40 GWh, og nokre saker over 30 GWh skal meldast etter forskrift om konsekvensgreiingar etter plan- og bygningslova. Kraftlinjer over 20 km i ny trasé og spenning 132 kv eller høgare og spenning 66 kv eller høgare, etter NVE si vurdering: Melding skal sendast til NVE med forslag til utgreiingsprogram. Kan det vere aktuelt å gje administrative høyringsuttaler til søknader med få konfliktar med allmenne interesser (i praksis dei sakene der administrasjonen tilrår konsesjon i samsvar med søknad)
Andre problemstillingar/ny oppgåve for FK Frå 01.01.2010 skal det overførast mynde frå NVE til fylkeskommunane til å fatte vedtak om konsesjon for vasskraftverk under 1 MW (minikraftverk). NVE sine regionkontor skal ha hand om den førebuande saksbehandlinga og skal avgje innstilling i konsesjonssakene til fylkeskommunane Delegasjonen skal ikkje gjelde for utbyggingar i verna vassdrag Totalt sett er det venta få saker av denne typen til fylkeskommunen. Dei aller fleste av sakene under 1 MW vert nemleg handtert uten konsesjonsvurdering. (For landet totalt ligg det 40 saker av denne typen, hjå NVE) NVE skal i startfasen gje rettleiing til dei aktuelle fylkeskommunane (oppstartseminar 3. nov. 2009)