Regional plan for vindkraft høyringssvar

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Regional plan for vindkraft høyringssvar"

Transkript

1 Regional plan for vindkraft høyringssvar Dokumentet inneheld tre hovuddelar. Ein del er utgreiingar for ulike fagtema og ein del gjer greie for konfliktsituasjonen i delområde av fylket. Den tredje delen er i det vesentlege forslag til fylkeskommunale retningsliner for vindkraftutbygging. Kommentarane gjeld nokre utvalde delar av teksten som først og fremst gjeld artar, naturtypar og landskap. 1. Biologisk mangfald Kunnskapen på dette feltet er, opplyser rapporten, mangelfullt eit svakt ord i denne samanhengen. Lite kunnskap om eit område inneber mangelfulle opplysningar om kva for artar og naturtypar som finst der. Der er meir å finne for den som leitar. Dette fører igjen til ei undervurdering av konfliktane og skadane som nye inngrep vil føre til. Eit godt døme er situasjonen på Smøla, der påstanden før utbygginga var at fuglelivet ville ikkje ta skade. Etterpå har fakta vist noko anna. Vindturbinar og kraftlinene som følgjer med, er truleg verst for nettopp fuglelivet. Sjøfugl og rovfuglar er på lange trekk for å skaffe seg næring. Ei sakleg meining om verknadene må byggje på kjennskap til kva for artar som finst, kvar dei trekkjer, og altså kor store areal som er deira leveområde. Store inngrep eller installasjonar, som vindturbinsamlingar og kraftliner, fragmenterer leveområda. Dette den viktigaste årsaka til at dyrelivet går tilbake. Samanhengen er nemnd i rapporten, men den tilgjengelege kunnskapen er ikkje god nok til å seie noko kvalifisert om kor store konfliktar nye tiltak fører med seg. Kysten har truleg den mest varierte naturen i vårt land. I møtet mellom landskap med vekslande topografi og den varme Golfstraumen har vi fått mange ulike biotopar og artar. Klimaet gjev grunnlag for høg produktivitet, særleg i låglandet. Kysten er utsett fordi svært lite landareal er verna frå før. Sjøfuglreservata dekkjer delar av livsviktige funksjonar for mange artar, men fuglane har langt større funksjonsområde gjennom året enn det arealet som er verna. Dei samla konfliktane er, viser planen, gjennomgåande størst i dei ytre kyststroka. Det ser ut til å vere ein klar og sikker samanheng mellom karakteristikken lite konfliktpotensial for biologisk mangfald og lite kjennskap til kva for artar som finst i området. Planen avslører at opplysningane er mangelfulle på fleire punkt: - truga og sårbare artar

2 2 - artar som Noreg har plikt til å sikre etter Bern-konvensjonen - område med svært viktige naturtypelokalitetar På andre punkt er det verre, opplysningar manglar stort sett: - terrengdekkande myrar og andre sterkt truga myrtypar - kystlynghei, som er sterkt truga - viktige viltområde - viktige ferskvasslokalitetar Summen av desse manglane inneber at det grunnlaget er svært spinkelt for å seie noko som helst påliteleg om konfliktnivået som gjeld dyr, planter og deira leveområde i store delar av dei kyststroka som har vore til vurdering. Det kan godt hende, og det er jamvel sannsynleg, at fleire av områda med små konfliktar på papiret i planen, i realiteten vil ha middels konfliktar eller større. Noko av denne skavanken kunne vore dempa ved å legge inn føre var-omsyn i planen, men vi kan ikkje sjå at det er gjort. For større rovfuglar ørn, hubro og vandrefalk finst det ein del opplysningar om hekkeplassar. I planen er det lagt til eit visst leveområde rundt reiret. Dette er eit framsteg samanlikna med det som har vore hevda i ein del konsesjonssaker, at så lenge sjølve reirstaden ikkje blir bygd ned, er ikkje reiret noko innvending mot prosjektet. Om sjøfugl er opplysningane meir magre. Nyare radarobservasjonar har vist at fleire av desse artane flyg svært langt for å hente mat til seg og sine. Desse rutene, og sesongtrekka, følgjer faste trasear, sjølv om dei varierer med veret. Også i denne gruppa er fleire artar alvorleg truga, men dei har ikkje fått noko røyst når spørsmålet er etter konfliktar med vindturbinar. Planen legg vekt på artar som Noreg etter internasjonal rett har plikt til å verne, og artar som i stor grad er truga på raudlista. Slike omsyn er viktige, men dei kan ikkje legitimere manglande omsyn til artar som ikkje står på raudlista. Lite omsyn til artar som ikkje i dag er sterkt truga, vil i neste omgang gje også desse artane ein plass på raudlista. Metoden som ligg til grunn for faktadelen, er normalt godt brukande til å kvantifisere konfliktgraden, så sant det er kunnskap nok om kva som faktisk er å finne i marka. Metoden kunne føre fram til eit bilete av konsekvensane av å byggje vindturbinar i eit og eit område. Men effekten av å byggje ut mange område, kvar for seg med små konsekvensar, er ikkje små. Skalaen fangar ikkje opp summen av effektar. Når det er opplyst at i område med lite konfliktnivå er det plass til 10 TWh vindkraft, er ikkje konfliktnivået lenger lite om omfanget av vindturbinar nærmar seg 10 TWh. Utan å legge dette aspektet inn i planen, til dømes

3 3 gjennom ei grense for det samla omfanget av vindkraft, kan planen lett gje eit misvisande inntrykk av konfliktnivået. Naturvernforbundet har ikkje noko grunnlag for å vurdere delar av eller det samla konfliktnivået i kvart av dei delfelta som planen gjer greie for. Det er også vår oppfatning at konfliktnivået er stort der dette går fram av kartet på side 62. Dette er areal der kunnskapsgrunnlaget for planen ser ut til å vere gjennomgåande godt. Spørsmålet er om det er sant at konfliktane er små der dette går fram av kartet, på delområde der kunnskapen om artar og biotopar er langt mindre. Dette vil seie at planen har kartfesta nokre område som for framtida bør vere utan vindturbinar, men at det ikkje er grunnlag for tillit til at planen viser kva for område som har små konfliktar. Det er ikkje på nokon måte dokumentert at utbygging i delområde med lite eller middels konfliktpotensiale er mogeleg utan å komme i konflikt med det nasjonale miljømålet om å unngå inngrep i truga naturtypar og å halde oppe viktige økologiske funksjonar i naturtypar som krev spesielle omsyn. Mykje av kyststroka er frå før sterkt prega av det moderne samfunnet. Dei samla effektane på naturen er store frå før. Vindkraftutbygging kjem i tillegg til all annan aktivitet som er negativ for livet i landskapet. Når vindkraftindustrien pressar på, kan ikkje forvaltninga og ansvarlege politikarar tenkje med det utgangspunktet at når det er få turbinar frå før, er det plass til mange fleire. 2. Den politiske delen Dokumentet er ein utbyggingsplan. Eit overordna mål er, referert på side 2, at Sogn og Fjordane skal bli eit pilotfylke for utvinning av vindkraft. Motivet er omsynet til næringsinntekter og sysselsetting. Utbygginga skal, etter programmet for planen, ta tilfredsstillande omsyn til viktige regionale og nasjonale verdiar. Ikkje ein gong alle nasjonale verdiar skal vere sikra; berre dei som er viktige, altså større enn andre. Ei storstila vindkraftutbygging kan aldri bli økologisk berekraftig. Det er ein klar konflikt mellom å levere store mengder vindkraft og det operative målet som går ut på å minimalisere dei uheldige konsekvensane. Å redusere slike følgjer gjennom optimal tilpassing av utbyggingane er berre delvis mogeleg, og så lenge det er snakk om få vindturbinsamlingar. Når dei blir mange, gjer dei negative sumeffektane seg sterkt gjeldande, sjølv om det skulle vere tilfelle at dei negative sidene ved anlegga kvar for seg er moderate.

4 4 Planen fortel at i område med lite konfliktpotensiale er det plass til 3000 MW effekt, som med rundt 3000 driftstimar kan utgjere ein årleg produksjon på bortimot 10 TWh. I delar med middels konfliktgrad er potensialet vurdert til 11 TWh MW effekt krev nedbygging av rundt 300 km 2, og ei visuelt samanhangande belte av vindturbinar frå Gulen til Vågsøy. Dersom også område med middels konfliktar skal bli mark med roterande vengjer, er store delar av ytre strok i fylket okkupert. I tillegg til sjølve industriareala med turbinane, vil ei omfemnande utbygging krevje milevis med nye kraftliner, utanom dei store overføringane Ørskog-Fardal, Modalen-Mongstad og Lutelandet-Moskog. På kort tid vil dette bli nedbygging i eit tempo og eit omfang som vi tidlegare ikkje har sett i Sogn og Fjordane. I utkastet til fylkeskommunale retningsliner vil fylkesutvalet legge til rette for 3 TWh fram til Likevel vil fylkesutvalet at område med både lite og middels konfliktpotensiale, og eit teoretisk potensiale på over 20 TWh, skal vere disponible for å plassere turbinane. Dette er ikkje eit opplegg som går ut på å styre utbygginga dit konfliktane er små, eller å avgrense omfanget av omsyn til konsekvensane. Ei forklaring på denne romslege viljen til å komme søkjarane i møte, er kanskje at søknadene som ligg føre, i stor grad gjeld landskap med store konfliktar. Fylkesutvalet har formulert ambisjonar om å gjere skadane små, men vil ikkje styre søkjarane dit faktadelen seier at skadane er små. Her er ingen samanheng mellom mål og middel. Planen gjev ikkje sakleg grunnlag for å vite at 3 TWh vindkraft er gjennomførleg utan store skadar på natur og landskap. Fylkestinget bør stryke dette målet og la planen vere ei avgrensing av eventuell utbygging til areal med små konfliktar. Så får konsesjonsprosessen gje meir kunnskap om dei einskilde prosjekta. 3. Det ugilde fylkesutvalet Den 20. august 2010 kunne Bergens Tidende fortelje at før saka vart send på høyring, fekk Vindkraftforum møte fylkesutvalet og levere sitt syn på utkastet frå arbeidsgruppa som hadde laga planen. Vindkraftforum er ein kamporganisasjon for fleire vindturbinar i Sogn og Fjordane, skipa av fylkesutvalet i Seks av ni medlemer i fylkesutvalet, som vedtok å opne for utbygging i område med middels konfliktar, har styreverv i kraftselskap som har levert sine konsesjonssøknader. Dei har ikkje sjanse til å argumentere vekk mistanken om at kraftselskapa er dei utvalde føringsoffiserane for fleirtalet i det fylkeskommunale planorganet. Fleirtalet i fylkesutvalet har på førehand aktivt alliert seg med vindkraftindustrien, og på den

5 5 måten avvikla tilliten til at dei er ute etter ein balansert plan. Ein dag sit dei rundt styrebordet i kraftselskapa, neste dag sit dei i fylkesutvalet og lagar politiske råmer for kraftselskapa. Dersom dette er lovleg, er det fordi regelverket er mangelfullt. Denne mangelen er fjerna ved at reglane er endra, med verknad frå 1. november Tillitvekkjande kan fleirtalet i fylkesutvalet aldri bli for andre enn vindkraftindustrien. Dei har gjort seg til advokat for ein sektorbransje, den eine parten i ei sak som utvalet veit er full av interessemotsetningar. Resultatet planutkastet legg til rette for at fylkesutvalet seier ja til det meste som måtte komme av søknader i Sogn og Fjordane. Planen som er på høyring, er vel eigna til å etterkomme alle ønskje frå vindkraftindustrien, men ueigna som ein balansert plan, ein plan i tråd med ambisjonane i Plan- og bygningslova. 4. Samandrag og konklusjonar 1. Kunnskapen om plante- og dyrelivet i storparten av planområdet er så mangelfull at dersom konfliktpotensialet for den levande naturen er lite og middels der kartet viser det, er dette meir tilfeldig enn basert på faktiske opplysningar. 2. Fylkestinget bør stryke målet om 3 TWh vindkraft innan 2025 og la planen vere ei avgrensing av eventuell utbygging til areal med små konfliktar. Så får konsesjonsprosessen gje meir kunnskap om dei einskilde prosjekta. 3. Eventuell utbygging må vere avgrensa til område med små konfliktar, ikkje middels eller større. Areal med små konfliktar har, i følgje planen, eit energipotensiale på 10 TWh. 4. Fleirtalet i fylkesutvalet har, med sine styreverv i fleire kraftselskap, gjort seg til advokatar for vindkraftbransjen. Planutkastet går ikkje ut på å styre det som måtte komme av vindturbinar til avgrensa område for å etterkomme målet om å gjere konfliktane så små som det er mogeleg. Med helsing Hans-Christian Hansen leiar

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE Side 1 Tingvoll, 21. september 2013 NVE FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE Naturvernforbundet har gått langs elva på den planlagde utbyggingsstrekninga 15.9.2013. Vi har ikkje gått traseen

Detaljer

Fylkesdelplan med tema knytt til vasskraftutbygging Presentasjon for Fylkesutvalet

Fylkesdelplan med tema knytt til vasskraftutbygging Presentasjon for Fylkesutvalet Fylkesdelplan med tema knytt til vasskraftutbygging Presentasjon for Fylkesutvalet 28.10.2009 Mål og avgrensing Innhald Aktuelle problemstillingar Innspel og spørsmål (joar.helgheim@sfj.no el. Idar.sagen@sfj.no)

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom

Detaljer

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane Frå 1. juli i år vert det innført eit nytt regelverk for regionalstøtte i EØS-området, noko som krev

Detaljer

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse KOMPETANSEMÅL Generelt om naturfag: Kunnskap om, forståelse av og opplevelser i naturen kan fremme viljen til å verne om naturressursene, bevare

Detaljer

Klage løyve til å plante sitkagran Øksnevad vid. Skule

Klage løyve til å plante sitkagran Øksnevad vid. Skule Miljødirektoratet v/fylkesmannen i Rogaland fmropost@fylkesmannen.no 19. desember 2014 Klage løyve til å plante sitkagran Øksnevad vid. Skule Vi viser til vedtak gjort av Fylkesmannen i Rogaland 17.11.2014,

Detaljer

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp Anbodssamarbeid er blant dei alvorlegaste formene for økonomisk kriminalitet. Anbodssamarbeid inneber at konkurrentar samarbeider om prisar og vilkår før

Detaljer

Vi bryr oss både om klima og natur.

Vi bryr oss både om klima og natur. Naturvernforbundet i Trøndelag har i meir enn 10 år slost mot vindkraftutbygginga og for natur og mangfald av arter. Ved årskifte hadde vi 2 200 medlemer. I år har vi så langt fått 600 nye. Dei fleste

Detaljer

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08 Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08 Alternative titlar: Vurderingsarbeid: Arbeid med kvalitet i skolen i spenning mellom

Detaljer

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal Sentralt gitt eksamen NOR0214, NOR0215 og NOR1415, 10. årstrinn Våren 2015 Åndalsnes 29.06.15 Anne Mette Korneliussen

Detaljer

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Organisasjonsavdelinga IT-seksjonen Arkivsak 201011409-3 Arkivnr. 036 Saksh. Svein Åge Nottveit, Birthe Haugen Saksgang Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 23.02.2011-24.02.2011

Detaljer

NATURTYPELOKALITET/NØKKELBIOTOP KJØLLIA I TINGVOLL HOGST OG AVGRENSING

NATURTYPELOKALITET/NØKKELBIOTOP KJØLLIA I TINGVOLL HOGST OG AVGRENSING Tingvoll, 16. mai 2012 Tingvoll kommune NATURTYPELOKALITET/NØKKELBIOTOP KJØLLIA I TINGVOLL HOGST OG AVGRENSING Naturvernforbundet i Tingvoll blei tilfeldig klar over for ei tid sidan at det 24.10.2008

Detaljer

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Marka kraftverk i Førde kommune.

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Marka kraftverk i Førde kommune. Førde, 24.02.2015 NVE Konsesjonsavdelinga Postboks 5091 Majorstua 0301 OSLO Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Marka kraftverk i Førde kommune. Vi viser til NVE sitt høyringsbrev av 19.11.2014

Detaljer

Utdrag kart frå fylkesdelplan små vasskraftverk for delområde Masfjorden

Utdrag kart frå fylkesdelplan små vasskraftverk for delområde Masfjorden Utdrag kart frå fylkesdelplan små vasskraftverk for delområde Masfjorden Kraftverk eksisterande, planar og potensial Biologisk mangfald Sårbart høgfjell Utdrag kart frå fylkesdelplan små vasskraftverk

Detaljer

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200903324-51 Arkivnr. 520 Saksh. Farestveit, Linda Saksgang Møtedato Opplærings- og helseutvalet 17.09.2013 EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER

Detaljer

Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune

Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune Miljødirektoratet v/fylkesmannen i Nordland fmnopost@fylkesmannen.no 24. mai 2016 Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune Vi viser til vedtak i sak 2016/2718 den

Detaljer

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012 Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 24.04.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Detaljer

UPU skal vere referansegruppe i fylkeskommunen sitt arbeid med planar og saker som vedkjem barn og unge.

UPU skal vere referansegruppe i fylkeskommunen sitt arbeid med planar og saker som vedkjem barn og unge. Vedtekter for ungdomspolitisk utval (UPU) i Sogn og Fjordane Vedtatt på fylkesting for ungdom på Skei i Jølster den 0.0.0. Endra på fylkesting for ungdom på Skei i Jølster den.0.0. 1 Føremål Ungdomspolitisk

Detaljer

Brukarrettleiing. epolitiker

Brukarrettleiing. epolitiker Brukarrettleiing epolitiker 1 Kom i gang Du må laste ned appen i AppStore Opne Appstore på ipaden og skriv «epolitiker» i søkjefeltet øvst til høgre. Trykk på dette ikonet og deretter på «hent» og til

Detaljer

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013. I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013. I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak; saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 14.08.2013 49823/2013 Sverre Hollen Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013 Anonym retting av prøver våren 2013 Bakgrunn I sak Ud-6/12 om anonym

Detaljer

Høyringsfråsegn til meldinga om 420 kv kraftleidning Ørskog-Indre Sogn

Høyringsfråsegn til meldinga om 420 kv kraftleidning Ørskog-Indre Sogn Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) Postboks 5091 Majorstua 0301 OSLO Epost nve@nve.no 21. juni 2006 Høyringsfråsegn til meldinga om 420 kv kraftleidning Ørskog-Indre Sogn Vi viser til brev frå

Detaljer

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor Eit undervisningsopplegg om BARNERETTANE MÅL frå læreplanen DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING Artikkel 2: Alle barn har rett til vern mot diskriminering PRIVATLIV Artikkel 16: Alle barn har rett til

Detaljer

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir SAKSGANG Styre, råd, utval m.m. Møtedato Saksnr.: Saksbehandlar Utval for Oppvekst og Helse 04.11.2008 037/08 MO Kommunestyret 13.11.2008 072/08 MO Saksansvarleg: Eirik Natvik

Detaljer

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv): VEDLEGG 1 I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv): 2-12 tredje ledd skal lyde: For private grunnskolar

Detaljer

HØYRING KVALITETSSYSTEM FOR FAG-OG YRKESOPPLÆRINGA

HØYRING KVALITETSSYSTEM FOR FAG-OG YRKESOPPLÆRINGA HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Fagopplæringskontoret Arkivsak 201307419-2 Arkivnr. 545 Saksh. Mjelstad, Torbjørn Saksgang Møtedato Yrkesopplæringsnemnda Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet

Detaljer

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: 02.05.2013 Tidspunkt : 10:00

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: 02.05.2013 Tidspunkt : 10:00 Møteinnkalling Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: 02.05.2013 Tidspunkt : 10:00 Eventuelt forfall må meldast snarast. Vararepresentantar møter etter nærare beskjed.

Detaljer

Nynorsk Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo Hovudtest Elevspørjeskjema 8. klasse Rettleiing I dette heftet vil du finne spørsmål om deg sjølv. Nokre spørsmål dreier seg

Detaljer

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE Vedteke av kommunestyret 2. oktober 2014, sak 67/14 1 Innhold 1. Kvifor plan for bruk av nynorsk i Nissedal kommune?... 3 1.1 Bruk av nynorsk internt i organisasjonen

Detaljer

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Fjell kommune Arkiv: Saksmappe: 2014/2350-21542/2014 Sakshandsamar: Grethe Bergsvik Dato: 09.10.2014 SAKSDOKUMENT Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Drøftingssak - Eigarskapsmelding 2015 Samandrag

Detaljer

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd VISJON I arbeidet for og med dei medarbeidarane i Fjell sokn har vi utarbeida ein visjon: I Fjell sokn vil vi

Detaljer

BERGEN KOMMUNE- FANA BYDEL- REGULERINGSPLAN FOR SKJOLDNES - MOTSEGN TIL INNGREP VED TROLDHAUGEN

BERGEN KOMMUNE- FANA BYDEL- REGULERINGSPLAN FOR SKJOLDNES - MOTSEGN TIL INNGREP VED TROLDHAUGEN HORDALAND FYLKESKOMMUNE Strategi- og næringsavdelinga Seksjon for kommunesamarbeid Arkivsak 200407511-12 Arkivnr. 714 Saksh. Rødseth, Marit Ekerhovd, Per Morten Saksgang Kultur- og ressursutvalet Fylkesutvalet

Detaljer

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE» «ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE» FYLKESREVISJONEN Møre og Romsdal fylkeskommune RAPPORT, FORVALTNINGSREVISJONSPROSJEKT NR. 4-2000 INNHALDSREGISTER 1. INNLEIING I 2. FORMÅL 1 3. METODE OG DATAGRUNNLAG

Detaljer

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing Hovudutval for plan og næring Side 1 av 5 Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing Fylkesdirektøren rår Hovudutval for plan og næring til å gjere slikt vedtak: 1 Fylkeskommunen vil ikkje engasjere

Detaljer

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201112362-125 Arkivnr. 522 Saksh. Landro, Adeline Saksgang Møtedato Hordaland fagskulestyre 19.03.2013 SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL

Detaljer

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje Vinje kommune Næringskontoret Ånund Åkre Granåsen 66 B 1362 HOSLE Sakshands. Saksnr. Løpenr. Arkiv Dato THORCH 2011/2495 6636/2015 64/15 26.03.2015 Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist

Detaljer

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv. Særemne 3-100 år med stemmerett I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte

Detaljer

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418 Vaksdal kommune SAKSFRAMLEGG Saksnr: Utval: Dato Formannskap/plan- og økonomiutvalet Kommunestyret Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418 Revisjon av retningsliner

Detaljer

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak. Vi takkar for mulegheita til å vere til stades og kommentere nye og spennande tal. For oss som interesseorganisasjon er det naturleg å gå rett på operasjonalisering av ny kunnskap. Bør funna vi har fått

Detaljer

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman Olaug Nilssen Få meg på, for faen Roman 2005 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2012 ISBN 978-82-521-8231-6 Om denne boka Ein humorstisk roman om trongen

Detaljer

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Kva kompetanse treng bonden i 2014? Kva kompetanse treng bonden i 2014? Fagleiar Bjørn Gunnar Hansen TINE Rådgjeving Samtalar med 150 mjølkebønder dei siste 6 åra, frå Østfold til Nordland Kompetanse Kunnskap (Fagleg innsikt) Ferdigheiter

Detaljer

Regulering av laksefiske i vassdrag og sjø i Sogn og Fjordane 2011 Innspel til Direktoratet for naturforvaltning

Regulering av laksefiske i vassdrag og sjø i Sogn og Fjordane 2011 Innspel til Direktoratet for naturforvaltning Sakshandsamar: Martine Bjørnhaug Vår dato Vår referanse Telefon: 57655151 29.11.2010 2010/2186-443.2 E-post: mab@fmsf.no Dykkar dato Dykkar referanse Direktoratet for naturforvaltning Postboks 5672 Sluppen

Detaljer

Dokument nr. Omb 1 Dato: 14.07.2011(oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Dokument nr. Omb 1 Dato: 14.07.2011(oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid. Visjon og formål Visjon: Ved di side eit lys på vegen mot arbeid. Formål: Telemark Lys AS er ei attføringsbedrift som, gjennom framifrå resultat, skal medverke til å oppfylle Stortingets målsetting om

Detaljer

Unngå inngrep i viktige naturområde og ivareta viktige, økologiske funksjonar.

Unngå inngrep i viktige naturområde og ivareta viktige, økologiske funksjonar. Biologisk mangfald Mål Unngå inngrep i viktige naturområde og ivareta viktige, økologiske funksjonar. Status Jernbaneverket arbeider kontinuerleg med å handtere konfliktar mellom biologisk mangfald og

Detaljer

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 12.10.2015 SAKSHANDSAMAR: Erik Sverrbo SAKA GJELD: Variasjon i ventetider og fristbrot ARKIVSAK: 2015/2228 STYRESAK: 107/15 STYREMØTE: 10.11.

Detaljer

Reisevanekartlegging i Hordaland fylkeskommune Fylkesbygget og Skyss.

Reisevanekartlegging i Hordaland fylkeskommune Fylkesbygget og Skyss. Reisevanekartlegging i Hordaland fylkeskommune Fylkesbygget og Skyss. Spørjeundersøking blant tilsette i Hordaland fylkeskommune AUD-rapport nr. 6 2013 Bakgrunn og metode Undersøkinga er utført på oppdrag

Detaljer

Møteinnkalling. Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen. Utvalg: Møtested: E-post Dato: 25.03.2015 Tidspunkt:

Møteinnkalling. Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen. Utvalg: Møtested: E-post Dato: 25.03.2015 Tidspunkt: Møteinnkalling Utvalg: Møtested: E-post Dato: 25.03.2015 Tidspunkt: Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen E-postbehandling av hastesak. Ber om rask tilbakemelding per e-post. Magnus Snøtun Side1

Detaljer

Forskrift om manntal for fiskarar og fangstmenn

Forskrift om manntal for fiskarar og fangstmenn Strandgaten 229, Pb. 185, Sentrum, 5804 Bergen Faks 55 23 80 90* Tlf. 03495 MELDING FRA FISKERIDIREKTØREN J-7-2009 (J-214-2008 UTGÅR) Bergen, 15.1.2009 JL/EW Forskrift om manntal for fiskarar og fangstmenn

Detaljer

DATO: 10.08.2015 SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Val av styremedlemmer til styra i helseføretaka - føringar for val av representantar

DATO: 10.08.2015 SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Val av styremedlemmer til styra i helseføretaka - føringar for val av representantar STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 10.08.2015 SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Val av styremedlemmer til styra i helseføretaka - føringar for val av representantar ARKIVSAK:

Detaljer

Fylkesdelplan for vindkraft i Sogn og Fjordane

Fylkesdelplan for vindkraft i Sogn og Fjordane Vindkraftplanlegging ein prosess med lause endar og eksterne organ som gjer endeleg vedtak Fylkesdelplan for vindkraft i Sogn og Fjordane V/Joar Helgheim, Sogn og Fjordane fylkeskommune Disposisjon: Bakgrunn

Detaljer

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn Når det gjeld barn som vert utsett for vald eller som er vitne til vald, vert dei ofte utrygge. Ved å førebygge og oppdage vald, kan me gje barna

Detaljer

Utfordringar med knappe budsjett for kontrollutvala. Kva gjer me? Kontrollsjef Hogne Haktorson

Utfordringar med knappe budsjett for kontrollutvala. Kva gjer me? Kontrollsjef Hogne Haktorson Utfordringar med knappe budsjett for kontrollutvala. Kva gjer me? Kontrollsjef Hogne Haktorson Bevisstgjera kontrollutvalet. God opplæring av utvala. Må bl.a. kjenna til: Lovfesta rekneskapsrevisjon (godt

Detaljer

Reglar for servering av alkohol i fylkeskommunale bygg, leigebygg og utleigebygg

Reglar for servering av alkohol i fylkeskommunale bygg, leigebygg og utleigebygg Reglar for servering av alkohol i fylkeskommunale bygg, leigebygg og utleigebygg Framlegg til vedtak frå fylkesrådmannen: 1. Følgjande reglar skal gjelde for servering av alkohol i fylkeskommunale bygg,

Detaljer

NATURVERNFORBUNDET I SOGN OG FJORDANE

NATURVERNFORBUNDET I SOGN OG FJORDANE NVE, Postboks 5091 Majorstuen 0301 Oslo Dykkar dato: 12.01.2015. Vår dato: 18/4.2015 FLEIRE SØKJARAR- SØKNADER OM LØYVE TIL Å BYGGJE 7 SMÅKRAFTVERK I AURLAND,VIK, HØYANGER OG BALESTRAND KOMMUNAR Merknad

Detaljer

Etablering og drift av kraftselskap

Etablering og drift av kraftselskap Etablering og drift av kraftselskap Småkraftseminar i Målselv 02.06.2010 Målselv 02.06.2010 1 Vi får Norge til å gro! Kva for selskapstypar er aktuelle? Aksjeselskap er den vanlegaste selskapstypen Nesten

Detaljer

Samansette tekster og Sjanger og stil

Samansette tekster og Sjanger og stil MAPPEOPPGÅVE 5 Samansette tekster og Sjanger og stil Skreve av Kristiane, Renate, Espen og Marthe Glu 5-10, vår 2011 I denne oppgåva skal me først forklare kva ein samansett tekst er, og kvifor samansette

Detaljer

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema. 1 Oppdatert 16.05.09 Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.) Velkommen til Hordaland fylkeskommune sin portal

Detaljer

Høyringsfråsegn søknad frå Småkraft AS om løyve til å byggje fem kraftverk og ny kraftline langs Fjærlandsfjorden i Sogndal kommune

Høyringsfråsegn søknad frå Småkraft AS om løyve til å byggje fem kraftverk og ny kraftline langs Fjærlandsfjorden i Sogndal kommune Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane NVE Konsesjons- og tilsynsavdelinga Postboks 5091 Majorstua 0301 OSLO nve@nve.no Den 2. desember 2005 Høyringsfråsegn søknad frå Småkraft AS om løyve til å byggje

Detaljer

Aurland kommune Rådmannen

Aurland kommune Rådmannen Aurland kommune Rådmannen Kontrollutvalet i Aurland kommune v/ sekretriatet Aurland, 07.10.2013 Vår ref. Dykkar ref. Sakshandsamar Arkiv 13/510-3 Steinar Søgaard, K1-007, K1-210, K3- &58 Kommentar og innspel

Detaljer

Lønnsundersøkinga for 2014

Lønnsundersøkinga for 2014 Lønnsundersøkinga for 2014 Sidan 2009 har NFFs forhandlingsseksjon utført ei årleg lønnsundersøking blant medlemane i dei største tariffområda for fysioterapeutar. Resultata av undersøkinga per desember

Detaljer

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS.

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS. Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS. Stryn 06.11.14 1 Det eg vil snakka om er: Sone inndeling av vassnettet på Bømlo for å få lekkasjekontroll Stryn 06.11.14 2 Påstandar

Detaljer

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

Rettleiing for revisor sin særattestasjon Rettleiing for revisor sin særattestasjon Om grunnstønad til nasjonalt arbeid til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar, statsbudsjettets kap. 857, post 70 (Jf. føresegn om tilskot til frivillige

Detaljer

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE.

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE. REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE. 1. GENERELT 1.1 Føremål Møre og Romsdal fylke har som mål å yte god service og vere tilgjengeleg for innbyggarane i fylke og for

Detaljer

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN Os kommune Utval: OS FORMANNSKAP Møtestad: Luranetunet Møtedato: 26.10.2004 Tid: 09.00 MØTEINNKALLING Tillegg SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING

Detaljer

Habilitetsavgjerder for tilsette, styremedlemmer og andre som utfører arbeid eller tenester for KORO. Gjeld frå 1. januar 2015

Habilitetsavgjerder for tilsette, styremedlemmer og andre som utfører arbeid eller tenester for KORO. Gjeld frå 1. januar 2015 Habilitetsavgjerder for tilsette, styremedlemmer og andre som utfører arbeid eller tenester for KORO Gjeld frå 1. januar 2015 1 Innhald Innleiing... 3 Del 1: Reglar om inhabilitet... 4 1.1. Automatisk

Detaljer

HØYRING OM NYE IT-STANDARDAR FOR OFFENTLEG SEKTOR

HØYRING OM NYE IT-STANDARDAR FOR OFFENTLEG SEKTOR HORDALAND FYLKESKOMMUNE Organisasjonsavdelinga Arkivsak 201202564-2 Arkivnr. 036 Saksh. Svein Åge Nottveit Saksgang Møtedato Fylkesutvalet 25.04.2012 HØYRING OM NYE IT-STANDARDAR FOR OFFENTLEG SEKTOR SAMANDRAG

Detaljer

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS 25.03.2015

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS 25.03.2015 Sakspapir Saksbehandlar Arkiv ArkivsakID Ingvild Hjelmtveit FE - 002 15/709 Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS 25.03.2015 Kommunestruktur - oppstart reelle drøftingar Vedlegg: Etablering

Detaljer

Metodiske verktøy ved kursleiing

Metodiske verktøy ved kursleiing Metodiske verktøy ved kursleiing Lærings- og Meistringssenter Helse Fonna 30.03.2015 Metodiske verktøy - LMS Helse Fonna 1 Runde Enkel måte å få alle til å delta: Gi ei enkel oppgåve som er mogeleg for

Detaljer

Innfartsparkering Kollektivtransportforum årskonferanse 2015

Innfartsparkering Kollektivtransportforum årskonferanse 2015 Innfartsparkering Kollektivtransportforum årskonferanse 2015 Erlend Iversen Samferdselavdelinga, Hordaland fylkeskommune Dagens tekst: Hordaland fylkeskommune har utarbeidd eit forslag til strategi for

Detaljer

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Har igjen fått sps om dekninga i Sør. Veit ein meir om når utbygging av skal skje? Kor mange barn i sør får ikkje plass i nær? Svar frå administrasjonen: Vi syner til

Detaljer

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID SAK 04/12 SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID Saksopplysning Kommunane i Hallingdal søkjer i brev dat. 2.9.2011 om tilskot til regionalt plansamarbeid. Målet er å styrke lokal plankompetanse gjennom

Detaljer

Kommunen skal vidare legge vekt på kunnskap som er basert på lokalkunnskap og erfaringar gjennom bruk av naturen.

Kommunen skal vidare legge vekt på kunnskap som er basert på lokalkunnskap og erfaringar gjennom bruk av naturen. KU Geithei Naturmangfaldlova tredde i kraft 1. juli 2009. Sentrale prinsipp i lova skal leggast til grunn ved utøving av mynde etter naturmangfaldlova og annan lov, slik som lov om motorferdsel i utmark

Detaljer

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

Brukarutval. Kva er ein brukar i denne samanheng?

Brukarutval. Kva er ein brukar i denne samanheng? 1 Brukarutval Kva er ein brukar i denne samanheng? Ein brukar er i denne samanheng ein som nyttar helse, sosial og omsorgstenester eller potensielt kunne hatt velferdsgevinst ved å gjere det fordi vedkomande

Detaljer

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring Ansvarleg sakshandsamar sign. for utført handling: Saka er godkjend av fylkesrådmannen: Dokumentoversyn: Tal prenta vedlegg: * Tal uprenta vedlegg: * Riksregulativet for ferjetakstar - høyring Fylkesrådmannen

Detaljer

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går i.

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK Minnebok NYNORSK 1 Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. Når vi er triste,

Detaljer

Dok.dato: 27.09.2011 Vår Ref: 2011001929-1 Arkiv: N-025 REGLEMENT FOR SUND KOMMUNESTYRE

Dok.dato: 27.09.2011 Vår Ref: 2011001929-1 Arkiv: N-025 REGLEMENT FOR SUND KOMMUNESTYRE Dok.dato: 27.09.2011 Vår Ref: 2011001929-1 Arkiv: N-025 REGLEMENT FOR SUND KOMMUNESTYRE 1 REGLEMENT FOR SUND KOMMUNESTYRE 1. SAKSFØREBUING TIL KOMMUNESTYRET Administrasjonssjefen skal sjå til at dei saker

Detaljer

KOMMUNEDELPLAN FOR VÅGSLID, VINJE KOMMUNE. UTTALE

KOMMUNEDELPLAN FOR VÅGSLID, VINJE KOMMUNE. UTTALE KOMMUNEDELPLAN FOR VÅGSLID, VINJE KOMMUNE. UTTALE ARKIVKODE: SAKSNR.: SAKSHANDSAMAR: SIGN.: L10 2012/722 Jørn Trygve Haug UTV.SAKSNR.: UTVAL: MØTEDATO: 13/22 Arbeidsutvalet i villreinnemnda 28.08.2013

Detaljer

Melding om oppstart av frivillig skogvern på Skarvatun i Kvinnherad

Melding om oppstart av frivillig skogvern på Skarvatun i Kvinnherad Sakshandsamar, innvalstelefon Magnus Johan Steinsvåg, 5557 2325 Vår dato 23.03.2015 Dykkar dato Vår referanse 2010/48811 432.0 Dykkar referanse Sjå adresseliste Melding om oppstart av frivillig skogvern

Detaljer

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

Møteinnkalling for Administrasjonsutval Hjartdal kommune 3692 Sauland Møteinnkalling for Administrasjonsutval Møtedato: 02.09.2009 Møtestad: Formannskapssalen, kommunehuset Møtetid: Kl. 12:00 (merk tida)!! Utvalsmedlemene blir med dette kalla

Detaljer

ÅRSRAPPORT 2008. 2. Nærare om nemnda Klagenemnda har åtte medlemer. Frå 1. januar 2008 var følgjande personar medlem i nemnda:

ÅRSRAPPORT 2008. 2. Nærare om nemnda Klagenemnda har åtte medlemer. Frå 1. januar 2008 var følgjande personar medlem i nemnda: ÅRSRAPPORT 2008 1. Miljøinformasjonslova og klagenemnda for miljøinformasjon Miljøinformasjonslova 1 tok til å gjelde 1. januar 2004. Lova gjev alle rett til å få miljøinformasjon om tilhøve ved offentlege

Detaljer

Høyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd

Høyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd Servicetorgsjefen Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet postmottak@bld.dep.no Dykkar ref. Vår ref. Saksh. tlf. Dato 2014/2792-2652/2015 Unni Rygg - 55097155 05.02.2015 Høyringsuttale - Tolking

Detaljer

Rådet for funksjonshemma Leikanger 2.12.2013. Arbeid og tiltak for unge funksjonshemma

Rådet for funksjonshemma Leikanger 2.12.2013. Arbeid og tiltak for unge funksjonshemma Rådet for funksjonshemma Leikanger 2.12.2013 Arbeid og tiltak for unge funksjonshemma Unge arbeidssøkjarar (16-24 år) Kven er dei som står utanfor arbeidsmarknaden og er registrert hos NAV? Kjelde: Arbeid

Detaljer

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: 24.11. 2014 SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: 24.11. 2014 SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 24.11. 2014 SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Omdømmemåling 2014 ARKIVSAK: 2014/816/ STYRESAK: 145/14 STYREMØTE: 08.12. 2014 FORSLAG

Detaljer

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Aktivitetsark med oppgåveidear og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginalar DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING

Detaljer

Saksbehandling kva er no det?

Saksbehandling kva er no det? Saksbehandling kva er no det? Rådgjevar Ole Knut Løstegaard Eforvaltningskonferansen 2012, Oslo, 16/2-2012 Innleiing «Saksbehandling»: ubestemt omgrep Brukt ei rekkje stader i lov- og forskriftsverket

Detaljer

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode Ved Kari Vik Stuhaug Helsepedagogikk Helse Fonna 5. Mars 2015 09.03.2015 Kari Vik Stuhaug, LMS Helse Fonna 1 Kva gjer du når du får eit problem? Og kva

Detaljer

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU Møteinnkalling Stølsheimen verneområdestyre - AU Utval: Møtestad: Fjordsenteret, Aurland Dato: 30.09.2014 Tidspunkt: 11:00 Eventuelt forfall må meldast snarast på tlf. 99499753 eller e-post fmsfano@fylkesmannen.no.

Detaljer

FYLKESKOMMUNENS KUNST FYLKESREVISJONEN

FYLKESKOMMUNENS KUNST FYLKESREVISJONEN FYLKESKOMMUNENS KUNST FYLKESREVISJONEN Møre og Romsdal fylkeskommune RAPPORT, FORVALTNINGSREVISJONSPROSJEKT NR. 3 2001 INNHALDSREGISTER 1. INNLEIING 1 1.0 Heimel 1 1.1 Bakgrunn.. 1 1.2 Formål... 1 1.3

Detaljer

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR TIME KOMMUNE Arkiv: K1-070, K3-&32 Vår ref (saksnr.): 08/1355-6 JournalpostID: 08/14810 Saksbeh.: Helge Herigstad BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR Saksgang: Utval Saksnummer

Detaljer

BUDSJETT 2013 - KONTROLLORGAN

BUDSJETT 2013 - KONTROLLORGAN HORDALAND FYLKESKOMMUNE Sekretariat for kontrollutvalet Arkivsak 201202903-10 Arkivnr. 111 Saksh. Breistein, Roald Saksgang Møtedato Kontrollutvalet 23.08.2012 BUDSJETT 2013 - KONTROLLORGAN SAMANDRAG 1.

Detaljer

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007 Rapport om målbruk i offentleg teneste 27 Institusjon: Adresse: Postnummer og -stad: Kontaktperson: E-post: Tlf.: Dato: Høgskolen i Sør-Trøndelag 74 Trondheim Lisbeth Viken lisbeth.viken@hist.no 7355927

Detaljer

Bustønad 2008. Ei stønadsordning for deg med høge buutgifter og låge inntekter

Bustønad 2008. Ei stønadsordning for deg med høge buutgifter og låge inntekter Bustønad 2008 Ei stønadsordning for deg med høge buutgifter og låge inntekter 2 Denne brosjyren gir eit oversyn over bustønadskontoret. Brosjyren byggjer på gjeldande reglar per 1. januar 2008. Vi gjer

Detaljer

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg? IA-funksjonsvurdering Ei samtale om arbeid kva er mogleg? // IA - Funksjonsvurdering Ei samtale om arbeid kva er mogleg? Målet med eit inkluderande arbeidsliv (IA) er å gje plass til alle som kan og vil

Detaljer

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET ADMINISTRASJONSUTVALET MØTEINNKALLING Møtedato: 03.09.2015 Møtestad: Heradshuset Møtetid: Kl. 16:00 Merk deg møtetidspunktet! Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melde frå

Detaljer

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere:

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere: STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 16.01.2015 SAKSHANDSAMAR: Baard-Christian Schem SAKA GJELD: Differensierte ventetider ARKIVSAK: 2015/1407/ STYRESAK: 012/15 STYREMØTE: 04.02.

Detaljer

Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 80/14 05.06.2014 Kommunestyret 41/14 19.06.2014

Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 80/14 05.06.2014 Kommunestyret 41/14 19.06.2014 Nissedal kommune Arkiv: Saksmappe: Sakshandsamar: Dato: 202 2012/1256-7 Jan Arvid Setane 26.05.2014 Saksframlegg Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 80/14 05.06.2014 Kommunestyret 41/14 19.06.2014 Prinsipp

Detaljer

KLAGE LØYVE TIL UTSETTING AV UTANLANDSKE TRESLAG TIL JULETREPRODUKSJON PÅ EIGEDOMEN GNR. 110, BNR 49 I KRISTIANSAND KOMMUNE

KLAGE LØYVE TIL UTSETTING AV UTANLANDSKE TRESLAG TIL JULETREPRODUKSJON PÅ EIGEDOMEN GNR. 110, BNR 49 I KRISTIANSAND KOMMUNE Miljødirektoratet v/fylkesmannen i Vest-Agder fmvapostmottak@fylkesmannen.no 20. januar 2015 KLAGE LØYVE TIL UTSETTING AV UTANLANDSKE TRESLAG TIL JULETREPRODUKSJON PÅ EIGEDOMEN GNR. 110, BNR 49 I KRISTIANSAND

Detaljer