Praktisk om nydyrking Lars Kjetil Flesland, NLR Rogaland
Rollefordeling Vanlegvis er dyrkingsarealet ferdig godkjent når vi kjem inn. Vi har i sjeldne tilfelle vore med å lage til søknad om få godkjent areal for nydyrking. Vår rettleiing bygger på økonomi og agronomi. - Men vi kontrollerer alltid om det finst kartfesta kulturhistoriske element i området. Brukar karta (http://www.nibio.no).
Kva areal vert dyrka på Haugalandet Tidlegare kulturbeite mest vanleg Tidlegare planteskog. Der underteikna har vore konsulent Fastmark eller grunn myr på fastmark.
Forbod mot dyrking av myr? Som eit klimatiltak føreslår regjeringa å forby dyrking av myr frå 2017 av. Dette vil omfatte areal med: Meir enn 30 cm torvlag Anna jord med meir enn 20% organisk innhald? (Samson Øpstad pers. medl.)
NLR meiner det er uheldig å innføra forbod mot dyrking av myr. Unødvendig å endra lova, nok med innskjerping i forskrifta. Konsekvensane for norsk landbruk er enda ikkje godt nok belyst. NIBIO har kome fram til at utan eit forbod vil ikkje meir enn 2000-2600 daa myr bli dyrka kvart år (av totalt ca 16.000 daa). Begrensing av utslepp av klimagassar er eit nasjonalt ansvar. Forbod mot dyrking av myr vil overføre dette til dei få som treng ny jord. Staten bør ta den rekninga ved å gje tilskot til omgraving av allereie dyrka myr. Omgraving vil også gjere areala meir robuste mot eit våtare klima.
Utfordringar med myr som dyrkingsareal. I samband med oppattgrøfting av jordbruksareal, er også reine myrareal blitt besøkt. Tett jord som ikkje slepp vatn gjennom Myrsvinn gjer at ein ikkje lenger har nok dreneringshøgde. Men kva gjer ein når ein ikkje har anna areal?
I deler av Haugalandet har vi mykje dyrka myr over fjell.
Dyrking av myr Mogelege løysingar: Omgraving der ein dekkar den organiske jorda med mineraljorda i undergrunnen. Dyr men ofte vellukka. Profilering. God løysing i Nord-Noreg. Lite brukt her. Overflateforming der overflatevatnet vert leia til kum eller anna inntak til grøftesystemet (grusfilter).
Omgraving Store areal er omgrave på Haugalandet av entreprenør Jakob Blikra frå -80 talet og fram til i dag. Der det er sand eller silt i undergrunnen har dette fungert veldig bra. Der det er leire, meir problematisk. I tillegg til å auka bæreevna, og dermed gjera areala meir robust mot eit våtare klima, får vi konservert det organiske materialet og redusert utsleppet av klimagassar.
Profilering Så vidt eg veit er dette ikkje prøvd her.
Nydyrking Start med avskjeringsgrøftene. Må ikkje væra for grunne. Helst 2 meter djupe slik at både overflatevatn men også grunnvatn kan fangast opp og drenerast bort. Grøftekantane må formast slik at dei står. Transportveg langs avskjeringsgrøfta lettar vedlikehaldet av avskjeringsgrøfta, samt transport av husdyrgjødsel og avling. Mindre køyreskader og betre jordstruktur.
Spavending av torva og utristing av stein Ved nydyrking må ein ha store nok maskiner (20 tonn gravemaskin).
Bruk steingrøfter 2-4 meter djupe grøfter fylt med dyrkingsstein. Dekka med fiberduk og minst 0,5 m matjordlag oppå. Lagt rett vert dette: Særs gode grøfter. Fin måte å bli kvitt dyrkingssteinen på.
Tette koplingar til kummar! Bruk fugeskum til å tette rundt røyra der dei går inn i kum!
Ikkje spar på filtermassen på grøfterøyra. «Grøfting er eit drittarbeid. Bruk nok filtermasse, så du slepp å gjera dette drittarbeidet igjen» Magne Risanger, entreprenør og bonde. Rett kvalitet er grøftegrus 2-8. Viktig at du bruka nok. Meir enn dei 1,5m 3 pr. 100 m. som faglitteraturen oppgir. I søkk kan ein ha filtermasse heilt opp til overflata (grusfilter). Når grøfterøyret endar i kanal, må siste røyr væra utan slisser. Tiltetting med røter Større problem med rust.
Filtermasse Grov sagflis Grøftegrus, 2-8. Grovare typar fungerer godt til å auka det drenerande arealet og til å verna grøfterøyret, men filtrerer ikkje bort silt, dynn m.m. Desse fungerer ikkje. Kutterflis blir tett og kan føra til groing (lauvtre). Vil ein likevel bruke kutterflis, må den ha lagt ute eit par år før bruk. Knuste massar som ikkje er vaska. Skjelsand.
Takk for meg!