Protokoll frå møtet i interimsstyret i Språkrådet

Like dokumenter
Protokoll frå styremøtet i Språkrådet 6. desember 2012

Protokoll frå styremøtet i Språkrådet 3. september 2012

Protokoll frå styremøtet i Språkrådet 13. og 14. juni 2013

Protokoll frå styremøte i Språkrådet 27. september 2018

Protokoll frå styremøte i Språkrådet 23. april 2018

Protokoll fra styremøtet i Språkrådet 26. april 2013

Protokoll frå styremøte i Språkrådet 18. februar 2019

Protokoll frå styremøtet i Språkrådet 2. juni 2015

Protokoll fra styremøtet i Språkrådet 12. september 2013

Protokoll frå styremøtet i Språkrådet 13. september 2007

Protokoll fra styremøtet i Språkrådet 13. og 14. juni 2012

Protokoll fra styremøtet i Språkrådet 17. september 2014

Protokoll fra styremøtet i Språkrådet 22. november 2007

Protokoll frå styremøtet i Språkrådet 24. april 2008

Protokoll frå styremøtet i Språkrådet 15. februar 2016

Protokoll frå styremøtet i Språkrådet 19. februar 2009

Protokoll fra styremøte i Språkrådet 22. februar 2018

Protokoll fra styremøtet i Språkrådet 10. februar 2015

Protokoll fra styremøtet i Språkrådet 21. september 2006

I forkant av møtet, og etter avslutning av møtet, vart det gjennomført opplæring i bruk av ipad.

Protokoll frå styremøte i Språkrådet 7. desember 2017

35/10 Oppfølging av justert plan for forvaltningsrevisjon og tinging av prosjekt

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Kommunestyresalen Saknr.: 19/12 26/12

Protokoll fra styremøte i Språkrådet 25. oktober 2016

Protokoll fra styremøtet i Språkrådet 21. februar 2013

Protokoll fra styremøtet i Språkrådet 20. november 2008

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Kommunestyresalen Saknr.: 01/13 07/13

Protokoll fra styremøte i Språkrådet 16. februar 2017

25/10 Godkjenning av evaluerte planar for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll

Protokoll fra styremøtet i Språkrådet 3. mai 2007

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Formannskapssalen Saknr.: 32/10 39/10. MØTELEIAR Amram Hadida (Ap)

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Møterom 2. høgda i rådhuset Saknr.: 01/11 07/11

PROTOKOLL FRÅ ÅRSMØTE 2016 LANDSORGANISASJONEN FOR ROMANIFOLKET Org.nr.:

Protokoll frå styremøtet i Språkrådet 10. desember 2014

Før møtet starta (kl ) var det synfaring på Fitjar bu- og behandlingssenter, og orientering om drifta ved senteret.

Vedtaksprotokoll styremøte og styreseminar

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Kommunestyresalen Saknr.: 36/12 42/12. MØTELEIAR Sølvi Ulvenes (H)

Møtedato: Møtetid: Kl Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti

Møteinnkalling SAKLISTE SKODJE KOMMUNE. Utval: ELDRERÅDET Møtestad: Skodje rådhus Møtedato: Tid: 14:00

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Formannskapsrommet Saknr.: 08/12 16/12

Vedtaksprotokoll styremøte

MØTEBOK - Høgskulestyret

Protokoll fra styremøtet i Språkrådet 11. februar 2014

Vedtaksprotokoll styremøte

Møtedato: Møtetid: Kl. 14:00 15:30. Møtestad: Møterom NAV, kommunehuset Saksnr.: 09/14 10/14

Før møtestart vart det gjennomført opplæring i bruk av ipad for kontrollutvalet.

Protokoll fra styremøte i Språkrådet 26. april 2016

Fitjar kommune Møteprotokoll

Møteinnkalling SAKLISTE SKODJE KOMMUNE. Utval: RÅDET FOR FUNKSJONSHEMMA Møtestad: Skodje rådhus Møtedato: Tid: 16:00

11/12 Kontrollrapport 2011 vedr. skatteoppkrevjarfunksjonen i Kvinnherad kommune.

Møtedato: Møtetid: Kl. 13: Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti Guri Olsen

Tysnes kommune Møteprotokoll

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I SJUKEHUSAPOTEKA VEST HF

Sakliste: Saknr. Sak 29/13 Godkjenning av innkalling og sakliste

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet

Vedtaksprotokoll styremøte

Møteprotokoll Styremøte Lærdal Næringsutvikling AS

Nye Øygarden kommune Prosjektrådmannen

20/11 Rapport etter forvaltningsrevisjon av legetenestene i Tysnes kommune. 21/11 Framlegg til budsjett for kontroll- og tilsynsarbeidet for 2012

Vedtaksprotokoll styremøte

Tilleggsinnkalling av Formannskapet

Protokoll fra styremøte i Språkrådet 12. juni 2018

Protokoll fra styremøtet i Språkrådet 25. februar 2008

Dato: kl. 9:00 11:45 Rom H-2020 Keiserinna, Høgskulebygget i Sogndal Arkivsak: 15/01012

Protokoll fra styremøtet i Språkrådet 2. september 2011

Møtebok. Møtedato: Møtetid: Kl. 9: Møtestad: Rådhuset, kommunestyresalen Saksnr.: 1/12 8/12

Sakliste: Saknr. Sak 40/12 Godkjenning av innkalling og sakliste MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet

MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Formannskapsalen Saknr.: 10/11 21/11. MØTELEIAR Georg Lønning (FrP)

09/10 Rapport etter undersøking når det gjeld ordføraren si rolle i samband med tomtekjøp

46/10 Forvaltningsrevisjon innan psykisk helsearbeid i Bømlo kommune Rapport

Vedtaksprotokoll styremøte

Kontrollutvalet Møteprotokoll

Samnanger kommune Møteprotokoll

Musea i Sogn og Fjordane Styremøte

Innkalling av Valnemnd

33/11 Framlegg til budsjett 2012 for kontroll- og tilsynsarbeidet for 2012

Møtebok. Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti. Ugilde Sak Følgjande varamedlem møtte

MØTEPROTOKOLL. Høgskulestyret

Protokoll fra styremøte i Språkrådet 6. desember 2018

Bømlo kommune MØTEPROTOKOLL Kontrollutvalet Dato: Kl.: Stad: Saknr.: MØTELEIAR DESSE MØTTE FORFALL DESSUTAN MØTTE Sakliste: Saknr.

Kontrollutvalet i Fusa kommune Møteprotokoll

Tysnes kommune Møteprotokoll

Møteprotokoll Styremøte Omstillingsprogrammet i Lærdal og Årdal

Innkalling Ordinær innkalling og saksdokument var sende ut i brev 4. mai Tenesteplan for HVO 2005, frå HMS-Consult Ørsta Volda AS

MØTEINNKALLING Forskingsutvalet

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Formannskapsalen Saknr.: 36/13 43/13

Protokoll frå styremøte 02/2016

Kristin Maurstad for Anneli Nesteng. Inger Grøgard Stensaker og Anneli Nesteng. Rektor Rasmus Stokke og personaldirektør Wenche Fjørtoft (referent)

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Formannskapssalen Saknr.: 01/12 06/12

MØTEINNKALLING. Eventuelle forfall meldast til kontrollutvalssekretariatet v/bente Hauge, tlf: eller e- post

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I SJUKEHUSAPOTEKA VEST RHF

SVEIO KONTROLLUTVAL PROTOKOLL. Tysdag 23. september 2014 blei det halde møte i Sveio kontrollutval under leiing av utvalsleiar Håkon J. Skimmeland.

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Sognekraft, Vik Møtedato: Tid: 09:30-13:45. A.

Dato: Kl.: Stad: Kommunehuset møtelokale på NAV-kontoret Saknr.: 30/13 37/13

Møtedato: Møtetid: Kl. 13: Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti

2 av 6 disponering av midlane kommunen får tildelt gjennom ordninga med Den kulturelle spaserstokken, og utvalet krev å bli tatt med i drøftingar når

Kontrollutvalet i Fusa kommune Møteprotokoll

Protokoll frå styremøte i Språkrådet 2. juni 2017

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet

Transkript:

Protokoll frå møtet i interimsstyret i Språkrådet 13.6.06 Til stades: Fretland, Fuglevik, Haugen, Karlsen og Østerud Forfall: Eikemo og Øvrebotten Frå sekretariatet: direktør Lomheim og rådgjevar Runnestø Møtestad: Språkrådet, Observatoriegata 1 B, Oslo Møteleiar: Karlsen Referent: Runnestø Møtetid: Kl. 17.00 19.15 Sakliste: Vedtakssaker Sak 11.1/06 Protokoll frå styremøtet 23. mars 2006 Sak 11.2/06 Rekneskap per 31. mai 2006 Sak 11.3/06 Revidert budsjett for 2006 Sak 11.4/06 Verksemdsplan for 2006, justering Sak 11.5/06 Årsmelding for 2005, utkast Sak 11.6/06 Ekstern organisering av Språkrådet Sak 11.7/06 Nordisk arbeidsgruppe for språkteknologi mandat Sak 11.8/06 Rosings språkpris oppnemning av jurymedlemmer 2006 2007 Orienteringssaker Sak 12.1/06 Intern organisering og omstilling Sak 12.2/06 Vedtektene for Språkrådet Sak 12.3/06 Ordbokbase for bokmål Sak 12.4/06 Orientering ved direktøren Drøftingssak Sak 13.1/06 Ordbokbase for bokmål (overført frå orienteringssak 12.3/06) Eventuelt Det var ingen innvendingar til saklista. Haugen bad om at orienteringssak 12.3 vart gjord til vedtaks- eller drøftingssak. Vedtakssaker Sak 11.1/06 Protokoll frå styremøtet 23. mars 2006 Protokollen var send ut før møtet. Ingen av dei frammøtte hadde merknader til han. Fuglevik spurde om det ville prega framstillingsmåten at protokollane heretter skal offentleggjerast på nettsidene til Språkrådet, jf. sak 7.1/06. Direktøren svara at det ikkje får noko å seia. Personalsakene skal i alle høve vera tekne ut. Protokollen vart godkjend.

Sak 11.2/06 Rekneskap per 31. mai 2006 Merknader til saka var sende ut. Då budsjettet vart fordelt, rekna ein med at aktiviteten i fagråda ville koma i gang for alvor i andre halvår 2006. Men fagråda kan først nemnast opp av det nye styret når det blir operativt, og dette er hovudforklaringa på at utgiftene er mindre enn budsjettert. Styret tek rekneskapen til etterretning. Sak 11.3/06 Revidert budsjett for 2006 Denne saka vart utsett til det nye styret er på plass. Sak 11.4/06 Verksemdsplan for 2006, justering Eit revidert forslag til verksemdsplan var sendt ut (jf. S 1.4/06). Direktøren gjekk gjennom endringane i planen. Styret kommenterte ein del av tiltaka, men sa seg stort sett nøgd med det justerte planframlegget. Styret godkjende den justerte verksemdsplanen. Sak 11.5/06 Årsmelding for 2005, utkast Eit utkast til årsmelding var sendt ut. Styret hadde bede (jf. S 28.2/06) om ei omlegging av framstillingsforma i årsmeldinga; ei eksternt retta årsmelding, som skulle vera ein del av den nye profilen for Språkrådet. Det utkastet til årsmelding som vart lagt fram, ber framleis mykje preg av den gamle malen. Det er dessutan for lite kongruent og gjennomarbeidd. Direktøren vil syta for å få ekstern hjelp til å utarbeida meldinga for neste år, slik at ho for 2006 kan lagast etter ein ny mal. Styret meinte at ei lengd på 20 sider var passe viss innhaldet er poengtert og lett skrive. Dei tykte elles at styret burde få årsmeldinga til behandling mykje tidlegare. Styret godkjende årsmeldinga med dei endringane det vart gjort framlegg om på møtet. Sak 11.6/06 Ekstern organisering av Språkrådet Eit notat frå 1. juni var sendt ut. 2

Den første delen av notatet gjeld mandata for dei fire fagråda. Styret sa seg vel nøgd med framlegget og hadde berre eit par mindre redaksjonelle endringar. Den andre delen av notatet, som handlar om det organisatoriske tilhøvet mellom fagråda og styret og direktøren, kan ein først gjera ferdig når gruppa for intern arbeidsorganisering har kome med forslaget til omstilling og organisering av sekretariatet. Der vil koplinga mellom fagråda og sekretariatet få ein sentral plass. Dei førebelse merknadene frå interimsstyret blir likevel arbeidde inn i det notatet som skal setja i verk vedtaket frå styret i denne saka. Det må gå fram av notatet kva for status desse merknadene har. Styret vedtek teksten til dei fire fagrådsmandata med dei endringsforslaga som kom fram på møtet. Sak 11.7/06 Mandat for ei nordisk arbeidsgruppe for språkteknologi Eit brev frå 8. mars frå arbeidsgruppa for språkteknologi var sendt ut. Det nordiske språkmøtet sette i september i 2005 ned ei arbeidsgruppe som skulle utforma mandat for eit nordisk samarbeid om språkvern og språkteknologi. Nordens språkråd skal finansiera dette arbeidet. Gruppa la no fram eit utkast til mandat. Styret i Språkrådet, Noreg, sluttar seg til mandatet for arbeidsgruppa. Sak 11.8/06 Rosings språkpris jurymedlemmer for 2006 2007, oppnemning Desse sakspapira var sende ut: Eit notat frå 15. mai med framlegg til jury, statuttar for Rosings språkpris, ei oversikt over tidlegare vinnarar av prisen og ei e-postveksling 2. og 6. juni 2006 mellom Dataforeningen og Språkrådet. Rosings språkpris er eit samarbeidstiltak mellom Den Norske Dataforening og Språkrådet og er ein pris for bruk av godt norsk språk på IKT-området. Prisen har vore delt ut tre gonger, og skal delast ut neste gong 20. november. Torbjørg Breivik, som har representert Språkrådet og vore juryleiar, skal ha permisjon, og det må nemnast opp ein ny språkrådsmedlem. Interimsstyret nemner opp denne juryen til Rosings språkpris for 2006 2007: Jan Olav Fretland, styremedlem i Språkrådet og førsteamanuensis ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (for hausten 2006) Heidi Arnesen Austlid, prosjektleiar, IKT-Norge Annike H. Asserson, direktør, Creuna AS Morten Solli, journalist, Computerworld Norge Henrik Wigestrand, redaktør, Den Norske Dataforening 3

Språkrådet har framleis leiarskapen for Rosings språkpris. Orienteringssaker Sak 12.1/06 Intern organisering og omstilling To notat frå 19. mai 2006 var sende ut. Direktøren orienterte om arbeidet i gruppa for intern arbeidsorganisering. Eit endeleg dokument i denne saka vil først liggja føre til hausten. Styret tok notata til etterretning. Det var ynske om at organisasjonskonsulenten orienterer om arbeidet på neste møte. Sak 12.2/06 Vedtektene for Språkrådet Brev frå 25. april 2006 frå Kultur- og kyrkjedepartementet med vedtekter for Språkrådet og brev frå 8. mai frå departementet med merknader til vedtektene var sende ut. Styret tok vedtektene med merknader til etterretning. Sak 12.4/06 Orientering ved direktøren status for nyordsboka Nyord i norsk 1976 1999 eit års permisjon for ein medarbeidar tilsetjing av to nye medarbeidarar som skal arbeida med språk i staten arbeidet i Nordens språkråd og det nordiske språkmøtet på Island i september to større språkdebattar i Stortinget i vår, 16. mars og 15. mai Dette var det siste møtet for interimsstyret. På neste møte, som er sett til 14. september, må ein rekna med at det første ordinære styret i Språkrådet er oppnemnt og har kome i gang med verksemda si. To av styremedlemmene forlet med dette møtet verva sine i Språkrådet: Tove Kristin Karlsen, som har vore styreleiar i Språkrådet sidan interimsstyret vart oppnemnt i juni 2004, og Ola Haugen, som kom inn i Norsk språkråd i 1992 for Den norske Forleggerforening, og som frå 1996 til juni 2004 var leiar og nestleiar i styret. Direktøren gav gåver til Haugen og Karlsen og takka for innsatsen for Norsk språkråd og Språkrådet. Dei på si side takka for eit interessant og gjevande arbeid og samarbeid med dei andre styremedlemmene, med direktøren og med sekretariatet. 4

Drøftingssak Sak 13.1/06 Ein ordbokbase for bokmål (overført frå orienteringssak 12.3/06) Desse sakspapira var sende ut: E-post frå Ola Haugen 26. mai 2006, innlegg av Tor Guttu i Aftenposten 20.mai 2006, innlegg av Ruth Vatvedt Fjeld og Hanne Gram Simonsen i Aftenposten 14. mai 2006, innlegg av Sylfest Lomheim i Dagbladet 3. mai 2006, e-post frå Ola Haugen 12. juni 2006, vedlagd eit notat frå han 11. juni 2006 og ein førforprosjektrapport om Norsk bokmålsordbok frå 21. desember 2005 frå Ruth Vatvedt Fjeld og Boye Wangensteen Haugen viste til sakspapira og sa at arbeidet med eit ordbokverk for bokmål enno er på forprosjektstadiet. Han bad om at Språkrådet må engasjera seg i arbeidet med å få utvikla ein slik ordbokbase. I så fall må styret få på bordet ei vurdering av korleis det kan realiserast. Styret meinte dette kunne vera tema på eit seinare møte, og at det var viktig å trekkja inn både intern og ekstern kompetanse i denne saka. Oslo, 18. juni 2006 Tove Kristin Karlsen leiar Sylfest Lomheim direktør 5