MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: KOMMUNESTYRET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling

Like dokumenter
MØTEPROTOKOLL. Formannskapet. Møtestad: Rådhuset Møtedato: Kl:

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 60/12 12/682 TERTIALRAPPORT 2. TERTIAL BUDSJETTREVISJON

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 2/13 12/824 DELEGERINGSREGLEMENT FOR BALESTRAND KOMMUNE

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/08 08/194 PROTOKOLL: REGULERINGSPLAN FOR HOLMAMYRANE NÆRINGSOMRÅDE

MØTEINNKALLING SAKLISTE 7/11 10/582 PROTOKOLL: SØKNAD OM FRITAK FOR EIGEDOMSSKATT - DE HEIBERGSKE SAMLINGER - SOGN FOLKEMUSEUM

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg

OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Sak 40/08 vart handsama fyrst i møtet.

Tertialrapport 2 tertial 2015

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/13 13/241 OPPFØLGING AV TIDLEGARE VEDTAK I AMU 2/13 13/240 ÅRSRAPPORT FRÅ BEDRIFTSHELSETENESTA

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 54/12 12/678 BUSETJING AV FLYKTNINGAR Tilleggsoppmoding for 2012

Reglement for kontrollutvalet i Selje kommune (Vedteke av Selje kommunestyret den 29. april 2009, sak 030/09)

OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL

Saksframlegg. 1. Kommunestyret godkjenner den framlagde tertialrapporten.

Saksnr. Utval Møtedato 005/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr.

Sakspapir KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR SVEIO OG PLANPROGRAM FOR KOMMUNEPLANEN

MØTEPROTOKOLL. Formannskapet. Britt Grimelid Menes Arnstein Menes Frode Bøthun Harald N. Offerdal

TYSNES KOMMUNE REGLEMENT FOR DELEGASJON TIL RÅDMANN

EID KOMMUNE Kontrollutvalet i Eid kommune. Møteinnkalling. Møtedato: Møtestad: Eid rådhus, formannskapssalen Møtetid: Kl.

EID KOMMUNE Eid råd for funksjonshemma. Møteinnkalling

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/08 08/187 RAMMEAVTALE MELLOM HELSE FØRDE OG BALESTRAND KOMMUNE

Tokke kommune. Møteinnkalling. Til medlemene i Rådet for eldre og funksjonshemma

OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL

MØTEINNKALLING SAKLISTE. 29/12 12/831 Protokoll: Betalingssatsar for barnehagane for 2013

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: KOMMUNESTYRET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 16:30-00:00

Oversyn over økonomiplanperioden Arbeidsgrunnlag av med endringar av

Sakspapir. Saksnr Utval Møtedato 003/14 Styringsgruppe kommunedelplan helse /14 Kommunestyret

BARNEHAGETILBODET I BALESTRAND

Møtebok. Kontrollutvalet i Lærdal kommune. Møtedato: Møtetid: 12:30 15:30. Møtestad: Møterom 2. etasje Saksnr.

Saksframlegg. Skattesatsar/ marginavsetning: Skatten for 2015 på formue og inntekt vert å fastsette til dei maksimalsatsar som Stortinget vedtek.

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 51/08 08/1214 NESSANE VASSVERK - SØKNAD OM KOMMUNAL GARANTI

Møtebok. Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti. Ugilde Sak Følgjande varamedlem møtte

5 LOVLEGHEITSKONTROLL Formannskapet skal ikkje handsama saker som er sendt departementet / fylkesmannen etter reglane i Koml. 59.

OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: FORMANNSKAPET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling

EID KOMMUNE Eid råd for funksjonshemma HOVUDUTSKRIFT

KONTROLLUTVALET FOR FEDJE KOMMUNE FRAMLEGG MØTEUTSKRIFT. Erling Walderhaug (leiar), Anna Marit Storemark (nestleiar) og Inger Steinsbø

STRANDA KOMMUNE SAKSPAPIR

MØTEPROTOKOLL. Kommunestyret. Møtestad: rådhuset Møtedato: Kl:

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Giske formannskap /17 Giske kommunestyre

Jølster kommune Saksutgreiing

MØTEINNKALLING SAKLISTE 2/13 12/824 DELEGERINGSREGLEMENT FOR BALESTRAND KOMMUNE 3/13 13/443 ARBEIDSREGLEMENT FOR FOLKEVALDE

Møteprotokoll for Formannskapet

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 5/09 08/1778 REGULERINGSENDRING BALAFJØRA 6/09 08/1864 SØKNAD OM DISPENSASJON TIL RIVING AV HUS

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 37/11 11/699 PROTOKOLL: SØKNAD OM DISPENSASJON REGULERINGSPLAN HOLMAMYRANE NÆRINGSOMRPÅDE

Skodje kommune Teknisk avdeling

Kontrollutvalet i Sogndal kommune. Sak 9/2015 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2014 for Sogndal kommune

Arkiv FE-140. Kommuneplan Planprogram arealdel - Offentleg ettersyn

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Møtestad: rådhuset Møtedato: Kl:

Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Ivar Mork Asbjørn Gausdal. Leiar Nestleiar

Før møtet starta (kl ) var det synfaring på Fitjar bu- og behandlingssenter, og orientering om drifta ved senteret.

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 45/10 08/189 ENERGI- OG KLIMAPLAN FOR BALESTRAND KOMMUNE, HØYRINGSUTKAST

MØTEINNKALLING. Eventuelle forfall meldast til kontrollutvalssekretariatet v/bente Hauge, tlf: eller e- post

VANYLVEN KOMMUNE Servicetorget

Forfall: Namn Funksjon Representerer. Varamedlemmer som møtte: Namn Møtte for Representerer

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

MERKNADER TIL REGLEMENTA FOR HOVUDUTVALA I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE

21/12 ÅRSREKNESKAP OG ÅRSMELDING FOR BØMLO KOMMUNE UTTALE FRÅ KONTROLLUTVALET

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, SOSIAL OG OMSORG FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM, 30. AUGUST 2016

Skodje kommune Teknisk avdeling

Økonomireglement Delegering i budsjettsaker, rapportering og rekneskap Vedtatt av kommunestyret 14. november 2016

Møtebok. Møtedato: Møtetid: Kl. 9: Møtestad: Rådhuset, Kommunestyresalen Saksnr.: 12/ /2016

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 058/2017 Formannskapet PS /2017 Kommunestyret PS

Balestrand kommune lovlegkontroll av budsjettvedtak sak 70/14 manglande budsjettering av midlar til Fjordtun og Nessane skule frå skuleåret 2015/16

Saksnr. Utval Møtedato 060/12 Plan og utvikling

ADMINISTRATIVT DELEGERINGSREGLEMENT

Fitjar kommune Møteprotokoll

Hyllestad kontrollutval SEKOM-sekretariat

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

Økonomiplan

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 028/17 Formannskapet PS Kommunestyret 023/17 Levekårsutvalet PS

HEMSEDAL KOMMUNE 2016 HEMSEDAL KOMMUNE. Økonomireglement. Vedteke Vedteke

PRINSIPP FOR DELEGERING I SULA KOMMUNE

STORDAL KOMMUNE SAKSPAPIR

Delegeringsreglement

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Stein Kittelsen Arkiv: 153 Arkivsaksnr.: 16/3462-1

Saksprotokoll. Arkivsak: 07/779 Tittel: PROTOKOLL: BUDSJETT ØKONOMIPLAN

SAKSPROTOKOLL. Sakshandsamar: OMR Arkivsaknr: 2012/5 Arkiv: 143

Side 2 av 8 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/12 12/107 Faste saker 002/12 12/69 Revisjon av lønspolitisk

Nye kommunar i Møre og Romsdal

KONTROLLUTVALET I FJELL KOMMUNE

Tokke kommune. Planprogram kommunedelplan Helse og omsorg Framlegg 15. mai Ann Wraa Helse - og omsorgsleiar

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

Hyllestad kommune. Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll. Vedteke i kommunestyresak 64/16 den

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Arne Abrahamsen Arkivsaksnr.: 12/608. Arkiv: L12. Reguleringsplan for Sæle sag

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 09.00

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Møtestad: rådhuset Møtedato: Kl: 13:00 15:00

REGLEMENT FOR Utval for Levekår

EID KOMMUNE Finansutvalet HOVUDUTSKRIFT

MØTEREGLEMENT FOR ADMINISTRASJONSUTVAL

Kontrollutvalet i Hå INNKALLAST TIL MØTE 12. februar 2008 kl på Rådhuset, Varhaug

SELJE KOMMUNE Råd for menneske med nedsett funksjonsevne. Møtebok

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

Saksnr. utval Utval Møtedato 184/17 Formannskapet Kommunestyret

Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll

Saksnr. Utval Møtedato 172/16 Formannskapet

SAKSFRAMLEGG. Saksnr Utval Møtedato Sakshandsamar 140/11 KOMMUNESTYRE Steinar Hole. Arkiv: FE-030

Transkript:

MØTEINNKALLING Utval: KOMMUNESTYRET Møtestad: Rådhuset Møtedato: 20.06.2013 Tid: 16.30 Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling Det blir ei orientering om Fjordvegen Rute 13 v/ Leiv Vambheim, dagleg leiar Hardangerrådet frå 16:30 til 17:15 Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 18/13 13/187 Årsmelding 2012 SAKLISTE 19/13 12/862 Årsrekneskapen 2012 Balestrand kommune 20/13 13/361 Tertialrapport 1. tertial 2013 - budsjettrevisjon 21/13 13/115 Opptak av startlån 2013 for vidare tildeling 22/13 13/461 Arbeids- og delegeringsreglement 23/13 13/451 Møteplan 2. halvår 2013 24/13 12/883 Bustadpolitisk plan 25/13 11/1005 Kommunal planstrategi for Balestrand kommune 26/13 12/305 Beredskapsplan for Balestrand kommune Prosjektplan for utarbeiding av overordna ROS-analyse

27/13 12/804 Endring av reguleringsplan for Farnes 28/13 12/195 Unntatt offentlig Ofl 23, 1. ledd Kjøp av areal frå Lunde prestegard 29/13 13/341 Unntatt offentlig Ofl 13, fvl 13 Kjøp av areal YMSE Balestrand 14.06.13 Harald N. Offerdal Ordførar

Sak 18/13 MØTEBOK Sak nr.: Utval Møtedato 22/13 Formannskapet 16.05.2013 18/13 Kommunestyret 20.06.2013 Sakshandsamar: Svein Feidje Arkiv: 004 Arkivsaknr.: 13/187 ÅRSMELDING 2012 Vedlegg: Årsmelding 2012 Bakgrunn: Lovheimel: Kommunelova 48.5, forskrift om årsrekneskap og årsmelding SAKSOPPLYSNINGAR Kommunelova 48 inneheld reglar om m.a. årsmelding: 48. Årsregnskapet og årsberetningen. 1. Kommuner og fylkeskommuner skal for hvert kalenderår utarbeide årsregnskap og årsberetning. 5. I årsberetningen skal det gis opplysninger om forhold som er viktige for å bedømme kommunens eller fylkeskommunens økonomiske stilling og resultatet av virksomheten, som ikke fremgår av årsregnskapet, samt om andre forhold av vesentlig betydning for kommunen eller fylkeskommunen. Det skal redegjøres for den faktiske tilstanden når det gjelder likestilling i fylkeskommunen eller kommunen. Det skal også redegjøres for tiltak som er iverksatt og tiltak som planlegges iverksatt for å fremme likestilling og for å forhindre forskjellsbehandling i strid med lov om likestilling mellom kjønnene. I forskrift om årsregnskap og årsberetning er det gjeve nærare reglar om sakshandsaming og fristar m.v.: 10. Regnskapsfrister og behandling av årsregnskap og årsberetning Årsregnskapet og årsberetningen skal vedtas av kommunestyret og fylkestinget selv senest seks måneder etter regnskapsårets slutt. Årsregnskapet skal være avlagt av fagsjef for regnskap innen 15. februar i året etter regnskapsåret. Administrasjonssjefen eller kommune-/fylkesrådet utarbeider årsberetningen, og fremmer denne for det organ kommunestyret eller fylkestinget bestemmer. Årsberetningen skal avgis uten ugrunnet opphold, og senest innen 31. mars. Hvis årsberetningen ikke fremmes for kontrollutvalget, skal den oversendes til kontrollutvalget før kontrollutvalget avgir uttalelse til årsregnskapet. Årsberetningen skal foreligge til behandling i kommunestyret eller fylkestinget samtidig med at årsregnskapet skal behandles. Der det er vesentlige avvik mellom utgifter i årsregnskapet og bevilgning til formålet i regulert budsjett, skal det redegjøres for avviket. Tilsvarende gjelder ved avvik mellom inntekter i årsregnskapet og regulert budsjett.

Sak 18/13 Arbeidet med årsmeldinga har vore lagt opp på same måten som tidlegare år. Ein har forsøkt å få fram generelle og sentrale utviklingstrekk og viktige forhold som bør kommenterast i høve til årsrekneskapen, samstundes som ein har prøvd å utarbeide eit faktagrunnlag og ein omtale av verksemda på det einskilde tenesteområdet i året som gjekk. Alle einingsleiarar med budsjettansvar har delteke i dette arbeidet. VURDERING Rådmannen vil tilrå at årsmeldinga vert nytta som eit grunnlag for diskusjonar kring kommunen si verksemd i 2012, for å lære, for å gje tilbakemelding til administrasjonen og som eit grunnlag for planlegging av naudsynte grep framover. Rådmannen si tilråding: Årsmeldinga for 2012 vert teken til orientering. Årsmeldinga syner fylgjande forhold som er spesielt positive: Ut frå årsmeldinga må kommunen framover ha spesielt fokus på desse områda: Handsaming: Formannskapet: Formannskapet røysta over rådmannen si tilråding. Vedtak: Årsmeldinga for 2012 vert teken til orientering. Samrøystes.

Sak 19/13 MØTEBOK Sak nr.: Utval Møtedato 23/13 Formannskapet 16.05.2013 19/13 Kommunestyret 20.06.2013 Sakshandsamar: Svein Feidje Arkiv: 212 Arkivsaknr.: 12/862 ÅRSREKNESKAPEN 2012 BALESTRAND KOMMUNE Vedlegg: Uttale frå kontrollutvalet (blir ettersendt) Årsrekneskapen 2012 Vedlegg Årsrekneskapen investering Vedlegg Årsrekneskapen drift Vedlegg Årsrekneskapen balanse Melding frå revior Fråsegn om årsrekneskapen Bakgrunn: Lovheimel: Kommunelova 48 SAKSOPPLYSNINGAR Årsrekneskapen til kommunen skal handsamast i kommunestyret innan utgangen av juni månad etter tilråding frå formannskapet og uttale frå kontrollutvalet. Vedtak i kommunestyret skal innhalda disponering av overskot eller inndekning av rekneskapsmessig underskot. For kommentarar til rekneskap/budsjett, og tenestetilbodet generelt, vert det vist til årsmelding. Årsmelding skal handsamast i same møte som årsrekneskapen. Årsrekneskapen drift 2012 er avslutta med rekneskapsmessig mindreforbruk (overskot) på kr 1.450.841,76. Netto driftsresultat er eit uttrykk mål på om kommunen har ei sunn drift over tid. Teknisk berekningsutval og Kommunaldepartementet har tilrådd at dette resultatet bør visa 3 % av driftsinntektene for å ivareta formuesbevaringsprinsippet. Det vil sei at kommunen skal vera i stand til å setja av midlar for slit og elde og eigenfinansiering av kommunale investeringar. Netto driftsresultat for Balestrand kommune i 2012 viser 4 % mot 1,6 % i 2011. Den store auken kan i hovudsak tilskrivast øyremerka inntekter der unytta del er avsett til bundne fond med netto 3,7 mill kr, bl.a bustadtilskot på 2,0 mill kroner. Korrigert netto driftsresultat samanhalde med korrigert resultat i 2011, viser ein auke på 0,3 % eller om lag kr 450.000.

Sak 19/13 Disposisjonsfond viser ein saldo per 31.12.2012 på kr 2.328.000. Av dette utgjer vel 2,0 mill kr avsette tilskot til flykningar for å møta framtidige forpliktingar. Kommunen har såleis ikkje ved årsskifte i særleg grad udisponerte midlar til å møta uføresette hendingar. Årsrekneskapen investering 2012 er avslutta i balanse. Investeringsutgifter viser likevel ei meirutgift i høve til budsjett på kr 560.000, som er finanisert med meir mva-kompensasjon enn budsjettert, og redusert budsjettert avsetjing av mottekne avdragsutgifter til ubundne fond med kr 463.400. I hovudsak skriv meirforbruket seg frå kjøp av lisenskostander, som vi etter avtale skal betale i 2013, men som etter rekneskapsreglane må utgiftsførast i 2012, totalt kr 332.000. I tillegg er det meirforbruk på prosjekt knytt til flytting av SFO til Sagatun skule og nytt låssystem i Belehalli med høvesvis kr 68.000 og kr 72.000. Rådmannen si tilråding: Årsrekneskapen 2012 vert godkjend slik den ligg føre med rekneskaps messig mindreforbruk på kr 1.450.841,76. Mindreforbruket blir sett av til disposisjonsfond. Handsaming: Formannskapet: Formannskapet røysta over rådmannen si tilråding. Tilråding: Årsrekneskapen 2012 vert godkjend slik den ligg føre med rekneskaps messig mindreforbruk på kr 1.450.841,76. Mindreforbruket blir sett av til disposisjonsfond. Samrøystes.

Sak 20/13 MØTEBOK Sak nr.: Utval Møtedato 10/13 Utval for oppvekst og omsorg 11.06.2013 5/13 Utval for plan og utvikling 11.06.2013 28/13 Formannskapet 13.06.2013 20/13 Kommunestyret 20.06.2013 Sakshandsamar: Svein Feidje Arkiv: 153 Arkivsaknr.: 13/361 TERTIALRAPPORT 1. TERTIAL 2013 - BUDSJETTREVISJON Vedlegg: Tertialrapport 1. tertial 2013 Rekneskapsutskrift pr 30. april 2013 Bakgrunn: Lovheimel: Kommunelova 44 og 45 SAKSOPPLYSNINGAR Det skal leggast fram rapport om rekneskapen i høve til budsjett og om den kommunale verksenda etter 1. og 2. tertial. I samband med tertialrapporten skal ein vurdera trongen for budsjettendringar. Det vert då i hovudsak lagt vekt på budsjettendringar som ligg utanfor det mynde og det høvet administrasjonen og utvala har til å omdisponera innanfor dei ulike budsjettansvarsområda. Rapporten vil vera konsentrert om dei viktigaste avvika og tiltaka. VURDERING I vedlagt tertialrapport er det føreteke ei framskriving av rekneskap opp mot budsjett etter 1. tertial. Driftsbudsjettet for 2013 er vesentleg redusert i høve til 2012 og det vert arbeidd aktivt for å tilpassa tenestetilbodet til dei nye rammene. Dette føreset svært stram styring av ressursbruken innan alle ansvarsområde. Likevel viser samla vurdering eit meirforbruk på kr 268.000. I framlegg til budsjettjustering er underskot føreslått dekka av rekneskapsmessig overskot 2012. Når det gjeld investeringsbudsjettet, er ein per no ikkje kjend med vesentlege avvik i høve til budsjettramme. Det er likevel trong for nokre formelle endringar for å justera budsjettet i høve til meir-/mindreforbruk i rekneskapen 2012. Rådmannen si tilråding:

Sak 20/13 Rådmannen gjer framlegg om slik budsjettendring for å balansera driftsbudsjettet 2013 ANSVAR Budsjettavvik 120 RÅDMANN/FELLESTENESTER kr 300 000 190 TILLEGGSLØYVINGAR OG NYE LØYVINGAR kr -800 000 210 SAGATUN SKULE kr 118 000 212 NESSE OPPVEKSTSENTER kr 40 000 260 BIBLIOTEKET kr 10 000 271 HELSESTASJON kr 50 000 275 PLEIE OG OMSORG kr 190 000 277 SPESIALOMSORG PU kr 600 000 296 NAV kr 180 000 350 TEKNISK DRIFT kr 160 000 800 SKATT, RAMMETILSKOT, FINANSIERING - Skatteinntekter /rammetilskot kr 440 000 - Vertskommunetilskot kr -90 000 - Refusjon ressurskrevjande brukarar kr -750 000 - Integreringstilskot flykningar kr -50 000 - Redusert avsetjing til fond, integreringstilskot kr -130 000 - bruk av overskot 2012 kr -268 000 TOTALT kr - + = meirforbruk/mindreinntekt - = mindreforbruk/meirinntekter Rådmannen gjev slik framlegg til justering av investeringsbudsjettet INVESTERINGSPROSJEKT 2013 Rekneskap 2013 Buds(end) 2013 Budsjettendring Investeringsutgifter: 100 IKT INVESTERINGAR 75 431 700 000-332 000 199 Fjortun skule - avkøyring - 150 000 201 NESSE SAMBRUKSHUS - 97 000-4 000 213 BYGNINGSMESSIG OPPRUSTNING 24 123-220 HYTTEFELT KVAMSØY - TILKOMST - 25 000 228 BEREDSKAP - AGGREGAT MM 93 844 280 000 301 OMSORGSBUSTADER- SEJETUNET 145 959 900 000 400 KOMMUNAL NÆRINGSVERKSEMD - 3 702 000-38 000 713 OMSORGSBUSTADER BALA - 11 001 000 714 HITTUNSFJØRA 28 465 4 900 000 127 000 800 ANDRE FINANSIERINGSTRANSAKSJONAR 627 500 1 010 000 801 FORMIDLINGSLÅN 517 595 - Finansiering: Avsett til ubunde investeringsfond 332 000 Redusert bruk av ubunde innvesteringsfond 42 000 Auke bruk av lånemidlar -127 000 TOTALT 1 512 916 22 765 000 -

Sak 20/13 Handsaming: Utval for oppvekst og omsorg: Utvalet fekk orientering frå kommunalsjefane. Vedtak: Tertialrapport vert tatt til orientering. Handsaming: Utval for plan og utvikling: Uvalet handsama rådmannen si tilråding med følgjande tillegg. Utvalet ser at det ikkje er samsvar mellom budsjetterte leigeinntekter og faktiske innteketer i rekneskapen frå kommunale utleigebustader. Ut i frå dette ynskjer utvalet ei oversikt over kommunale utleigehusvere og vurdering av framtidig behov. Tilråding: Rådmannen gjer framlegg om slik budsjettendring for å balansera driftsbudsjettet 2013 ANSVAR Budsjettavvik 120 RÅDMANN/FELLESTENESTER kr 300 000 190 TILLEGGSLØYVINGAR OG NYE LØYVINGAR kr -800 000 210 SAGATUN SKULE kr 118 000 212 NESSE OPPVEKSTSENTER kr 40 000 260 BIBLIOTEKET kr 10 000 271 HELSESTASJON kr 50 000 275 PLEIE OG OMSORG kr 190 000 277 SPESIALOMSORG PU kr 600 000 296 NAV kr 180 000 350 TEKNISK DRIFT kr 160 000 800 SKATT, RAMMETILSKOT, FINANSIERING - Skatteinntekter /rammetilskot kr 440 000 - Vertskommunetilskot kr -90 000 - Refusjon ressurskrevjande brukarar kr -750 000 - Integreringstilskot flykningar kr -50 000 - Redusert avsetjing til fond, integreringstilskot kr -130 000 - bruk av overskot 2012 kr -268 000 TOTALT kr - + = meirforbruk/mindreinntekt - = mindreforbruk/meirinntekter

Sak 20/13 Rådmannen gjev slik framlegg til justering av investeringsbudsjettet INVESTERINGSPROSJEKT 2013 Rekneskap 2013 Buds(end) 2013 Budsjettendring Investeringsutgifter: 100 IKT INVESTERINGAR 75 431 700 000-332 000 199 Fjortun skule - avkøyring - 150 000 201 NESSE SAMBRUKSHUS - 97 000-4 000 213 BYGNINGSMESSIG OPPRUSTNING 24 123-220 HYTTEFELT KVAMSØY - TILKOMST - 25 000 228 BEREDSKAP - AGGREGAT MM 93 844 280 000 301 OMSORGSBUSTADER- SEJETUNET 145 959 900 000 400 KOMMUNAL NÆRINGSVERKSEMD - 3 702 000-38 000 713 OMSORGSBUSTADER BALA - 11 001 000 714 HITTUNSFJØRA 28 465 4 900 000 127 000 800 ANDRE FINANSIERINGSTRANSAKSJONAR 627 500 1 010 000 801 FORMIDLINGSLÅN 517 595 - Finansiering: Avsett til ubunde investeringsfond 332 000 Redusert bruk av ubunde innvesteringsfond 42 000 Auke bruk av lånemidlar -127 000 TOTALT 1 512 916 22 765 000 - Utvalet ser at det ikkje er samsvar mellom budsjetterte leigeinntekter og faktiske inntekter i rekneskapen frå kommunale utleigebustader.. Ut i frå dette ynskjer utvalet ei oversikt over kommunale utleigehusvere og vurdering av framtidig behov. Handsaming: Formannskapet: Samrøystes. Lars Trygve Sæle fremma framlegg om at auke i driftsbudsjettet for ansvar 120 vert endra frå ei auke på kr 300.000 til ei auke på kr 200.000. Det vart først røysta over framlegget til Lars Trygve Sæle. Framlegget vart ikkje vedteke Formannskapet kom deretter samla fram til følgjande tillegg Det vert sett av kr 125.000 til faresonekartlegging under ansvar 300. Det vert sett av kr 10.500 til organiststilling under ansvar 120. Samrøystes. Samrøystes. Ein ser at det ikkje er samsvar mellom budsjetterte leigeinntekter og faktiske inntekter i rekneskapen frå kommunale utleigebustader. Ut i frå dette ynskjer kommunestyret ei oversikt over kommunale utleigehusvere og vurdering av framtidig behov. Samrøystes. Det vart deretter røysta over tertialrapporten og budsjettrevisjonen samla.

Sak 20/13 Tilråding: Det vert gjort slik budsjettendring for å balansera driftsbudsjettet 2013 ANSVAR Budsjettavvik 120 RÅDMANN/FELLESTENESTER kr 300 000 120 RÅDMANN/FELLESTENESTER, organiststilling kr 10 500 190 TILLEGGSLØYVINGAR OG NYE LØYVINGAR kr -800 000 210 SAGATUN SKULE kr 118 000 212 NESSE OPPVEKSTSENTER kr 40 000 260 BIBLIOTEKET kr 10 000 271 HELSESTASJON kr 50 000 275 PLEIE OG OMSORG kr 190 000 277 SPESIALOMSORG PU kr 600 000 296 NAV kr 180 000 300 PUA, Opsjon faresonekartlegging kr 125 000 350 TEKNISK DRIFT kr 160 000 800 SKATT, RAMMETILSKOT, FINANSIERING - Skatteinntekter /rammetilskot kr 440 000 - Vertskommunetilskot kr -90 000 - Refusjon ressurskrevjande brukarar kr -750 000 - Integreringstilskot flykningar kr -50 000 - Redusert avsetjing til fond, integreringstilskot kr -130 000 - bruk av overskot 2012 kr -268 000 - bruk av overskot 2012 kr -135 500 TOTALT kr - + = meirforbruk/mindreinntekt - = mindreforbruk/meirinntekter

Sak 20/13 Det vert gjort slik justering av investeringsbudsjettet INVESTERINGSPROSJEKT 2013 Rekneskap 2013 Buds(end) 2013 Budsjettendring Investeringsutgifter: 100 IKT INVESTERINGAR 75 431 700 000-332 000 199 Fjortun skule - avkøyring - 150 000 201 NESSE SAMBRUKSHUS - 97 000-4 000 213 BYGNINGSMESSIG OPPRUSTNING 24 123-220 HYTTEFELT KVAMSØY - TILKOMST - 25 000 228 BEREDSKAP - AGGREGAT MM 93 844 280 000 301 OMSORGSBUSTADER- SEJETUNET 145 959 900 000 400 KOMMUNAL NÆRINGSVERKSEMD - 3 702 000-38 000 713 OMSORGSBUSTADER BALA - 11 001 000 714 HITTUNSFJØRA 28 465 4 900 000 127 000 800 ANDRE FINANSIERINGSTRANSAKSJONAR 627 500 1 010 000 801 FORMIDLINGSLÅN 517 595 - Finansiering: Avsett til ubunde investeringsfond 332 000 Redusert bruk av ubunde innvesteringsfond 42 000 Auke bruk av lånemidlar -127 000 TOTALT 1 512 916 22 765 000 - Ein ser at det ikkje er samsvar mellom budsjetterte leigeinntekter og faktiske inntekter i rekneskapen frå kommunale utleigebustader. Ut i frå dette ynskjer kommunestyret ei oversikt over kommunale utleigehusvere og vurdering av framtidig behov. Samrøystes.

Sak 21/13 MØTEBOK Sak nr.: Utval Møtedato 24/13 Formannskapet 16.05.2013 21/13 Kommunestyret 20.06.2013 Sakshandsamar: Svein Feidje Arkiv: 251 Arkivsaknr.: 13/115 Opptak av startlån 2013 for vidare tildeling Vedlegg: Tildeling av startlån for vidaretildeling 2013 Låneavtale alminnelege vilkår Nedbetalingsplan Bakgrunn: Lovheimel: Kommunelova 50 nr. 6 SAKSOPPLYSNINGAR Balestrand kommune har søkt og fått tilsagn på startlån i Husbanken til vidare utlån på kr. 2.000.000 i 2013. Vilkåra er serielån med totalt 30 år løpetid herav 8 år utan avdrag. Kommunen kan ta opp startlån i Husbanken til vidare utlån til privatpersonar. Startlån er behovsprøvd og kan omfatta blant anna unge i etableringsfasen, flyktningar, eineforsørgjarar, barnefamiliar, funksjonshemma, økonomisk vanskelegstilte med fleire. Føremålet er å bidra med å skaffa og sikra eigne bustader for unge og vanskelegstilte. Ved tap på utlån har kommune tapsrisikoen for de første 25 prosent av startlånet si restgjeld på tapstidspunktet. Staten har tapsrisikoen for dei siste 75 prosent. Grunnlaget er heile restgjelda før oppgjør for sal er mottatt. Kommunen har per 31.12.2012 lån i Husbanken på 9.227 mill kr. Av dette er det utlånt 8.561 mill kr. Det er avsett til tapsfond kr 179.000.

Sak 21/13 VURDERING Startlån kan vera ei gunstig finansieringshjelp for nokre. Ein kommune som er i ein fråflyttingssituasjon og som treng verktøy for å stimulera til ny aktivitet og busetjing kan nytta startlån aktivt som ein del av sitt arbeid. Rådmannen si tilråding: Balestrand kommune tek opp startlån på kr 2.000.000 i samsvar med tilsagn frå Husbanken av 11.03.2013. Handsaming: Formannskapet: Formannskapet røysta over rådmannen si tilråding. Tilråding: Balestrand kommune tek opp startlån på kr 2.000.000 i samsvar med tilsagn frå Husbanken av 11.03.2013. Samrøystes.

Sak 22/13 MØTEBOK Sak nr.: Utval Møtedato 22/13 Kommunestyret 20.06.2013 Sakshandsamar: Alf M. Høyrem Arkiv: 044 Arkivsaknr.: 13/461 Arbeids- og delegeringsreglement Vedlegg: Framlegg til nytt arbeids og delegeringsreglement Bakgrunn: Vedtak i Formannskapet av 15.11.2012 Lovheimel: SAKSOPPLYSNINGAR Formannskapet gjorde i møte 15.11.2012 slikt vedtak: «Balestrand kommune set i gang arbeidet med revisjon av arbeids og delegasjonsreglementet. Rådmannen er ansvarleg for den samla gjennomgangen og legg fram eit samla dokument til politisk handsaming og vedtak når dette er ferdig. Eit framlegg til nytt arbeids og delegasjonsrelement skal vere ferdig innan 01.03.2013». VURDERING Framlegget til nytt reglement er laga med bakgrunn i eksisterande reglement. I del I arbeidsreglement for folkevalde, er det føreteke ein del endringar, men innhaldet er i stor grad det same som i gjeldande arbeidsreglement. I del II delegasjonsreglement, er det kun gjennomført redaksjonelle endringar og oppdateringar. Når det gjeld reglement om delegasjon til rådmannen, har ein ved denne gjennomgangen i praksis laga eit nytt reglement sjølv om innehaldet i stor grad er det same som i eksisterande reglement. I tillegg har ein valt å skifte namn frå delegasjonsreglement til delegeringsreglement. I ordlista som liggv tilgjengeleg på nettet og som m.a. språkrådet står bak, finn ein at delegering tyder det å delegere. Delegasjon tyder gruppe av utsendingar med fullmakt til å føre tingingar på vegne av ein institusjon, stat e l. Rådmannen meiner difor at Delegeringsreglement vert det rette namnet å nytte.

Sak 22/13 Rådmannen sin avgjerdsrett er planlagt vidaredelegert til kommunalsjefane. Kommunalsjefane kan så vidaredelegere sin avgjerdsrett. Alle avgjerder som vert gjort med heimel i dette reglementet, vert gjort på vegne av rådmannen. Rådmannen, eller på rådmannen sine vegne, assisterande rådmann, skal kunne instruere tenesteområde-/einingsleiarane, og gjere om vedtak gjort av desse så langt forvaltningslova gjev høve til det. I det vidare arbeidet med delegering frå rådmannen er det viktig at leiarar og tillitsvalde får vere med å kome med innspel i den vidare prosessen. Leiarar som får fullmakter etter dette reglementet, har aldri større fullmakter enn det rådmannen har: Rådmannen kan berre ta avgjerd i enkeltsaker eller typar saker som ikkje er av prinsipiell karakter (kommunelova 23.4). Kommunestyret kan gi retningsliner for rådmannen sine fullmakter. For brukarar med samansette behov, skal einingsleiarane saman sikre brukaren eit heilskapleg tilbod, og vedtak skal så langt det er praktisk mogeleg gjerast av kvar enkelt einingsleiar. Større og meir omfattande tiltak skal vedtakast av rådmannen eller kommunalsjef eventuelt etter utgreiing frå det einskilde tenesteeining. Dette reglementet gjeld fullmakter til å utøve offentleg mynde og å forvalte komunen sine eigedomar og økonomi. Reglementet vert supplert med andre reglement og tenestebeskrivelsar for dei enkelte tenesteområda. Vedtak gjort med heimel i kommunen sitt delegeringsreglement, skal leggast fram for kommunestyret som meldingssak. Slik tilbakemelding skal som hovudregel skje i form av ei samla oppstilling. Reglar for delegasjon All delegert mynde skal nyttast i hht lover, føresegner og retningsliner gjeve av overordna organ, og innafor budsjettet sine rammer og føresetnader. Eit overordna organ kan krevja å få seg førelagt ei sak som eit underordna politisk organ eller rådmannen har til behandling i hht delegert fullmakt. Eit overordna organ kan av eige tiltak omgjere eit underordna organ sitt vedtak i samsvar med forvaltningslova 35. Vedtak gjort etter delegert mynde, kan påklagast på vanleg måte etter reglane i forvaltningslova. Ved politiske vedtak er formannskapet klageinstans i hht forvaltningslova 28, jfr pkt 5.1.b. Særlov kan bestemma anna klageinstans, og om klaga ikkje vert imøtekomen, skal den oversendast dit. Ved administrative vedtak, er også formannskapet klageinstans i hht forvaltningslova 28, jfr pkt 5.1.b. Gjeld klaga ei personalsak er partssamansett utval klageinstans. Ved administrative vedtak der det etter særlov tilligge organ utanom kommunen å

Sak 22/13 vera klageinstans, vert klagen behandla av det politiske organ som klagen naturleg høyrer inn under, før den eventuelt vert oversendt klageinstansen. I saker der eit folkevalt organ har fått delegert avgjerdsrett frå kommunestyret, kan 2 to medlemer eller ordføraren før møtet er slutt, krevje at saka vert lagt fram for kommunestyret til avgjerd. I budsjettsaker har rådmannen rett til å bringa vedtaket inn for overordna organ. Rådmannen må då seinast innan 3 dagar etter at vedtaket er gjort, melde skriftleg til det organet som har gjort vedtaket, at vedtaket vil bli lagt fram for eit overordna organ. Serskilde punkt i delegasjonsreglementet til rådmannen: 6.1.4. Tilsetjing Rådmannen har fullmakt til å tilsette, konstituere og seie opp alt personell med unnatak av medlemmer av rådmannen sin leiargruppe. Tilsetting og konstituering av medlemmer av rådmannen si leiargruppe utover 6 månader skal gjerast av partssamansett utval, jfr. kommunelova 24, nr.1. Det er rådd til at partsammensatt utval tilset medlemmer av rådmannen si leiargruppe med unntak av rådmannen. Alle andre vert, som i dag, tilsett av rådmannen. Det vert og rådd til rådmannen får fullmakt til å seie opp alt personell med unnatak av medlemmer av rådmannen si leiargruppe. I dag er det partsamansett utval (administrasjonsutvalet) som står for oppseiingar. 6.1.6. Lokale lønsforhandlingar Rådmannen har fullmakt til å gjennomføre lokale lønsforhandlingar etter hovudtariffavtalen og å vedta forhandlingsresultatet. Før lønsplassering av medlemmer av rådmannen si leiargruppe vert gjort, skal rådmannen ha gjennomført drøfting med formannskapet. Det er foreslått at rådmannen gjennomfører lokale lønnsforhandlingar med alle tilsette som i dag. Det er gjort framlegg om at rådmannen og ikkje Formannskapet, som i dag, også vedtek forhandlingsresultet. Rådmannen skal imidlertid gjennomføre drøfting med formannskapet før lønsplassering av medlemmer av rådmannen si leiargruppe. 6.8.1 Plansida Rådmannen har fullmakt til å dispensere frå plan- og bygningslova, vedtekter og forskrifter, og frå arealdelen til kommuneplanen og reguleringsplan så langt dette er kurante ja eller nei saker. Rådmannen har vidare fullmakt til å gjere mindre vesentlege endringar i reguleringsplan og fastsette tomteinndeling. Føresetnaden er at det skal vere kurante endringar ( 12-14, 2. ledd). Rådmannen har også fullmakt til å starte/rå til reguleringsplanarbeid for utbyggingsområde i arealdelen og å kunngjere slik oppstart.

Sak 22/13 Det er foreslått at rådmannen skal ha fullmakt til å starte/rå til reguleringsplanarbeid for utbyggingsområde i arealdelen og å kunngjere oppstart. Kommunestyret vil, som i dag, få saka tilbake til endeleg handsaming. Rådmannen si tilråding: 1. Kommunestyret vedtek rådmannen sitt framlegg til nytt arbeids- og delegeringsreglement for Balestrand kommune. 2. Kommunestyret vedtek at reglementet vert iverksett frå 01.07.2013. 3. Kommunestyret sitt vedtak i denne saka opphevar alle tidlegare vedtak om delegering frå kommunestyret til utval, rådmannen eller andre organ.

Sak 23/13 MØTEBOK Sak nr.: Utval Møtedato 30/13 Formannskapet 13.06.2013 23/13 Kommunestyret 20.06.2013 Sakshandsamar: Trude Ytrelid Arkiv: 033 Arkivsaknr.: 13/451 Møteplan 2. halvår 2013 Vedlegg: Framlegg til møteplan 2. halvår 2013 Bakgrunn: Lovheimel: SAKSOPPLYSNINGAR Vedlagt ligg framlegg til møteplan for 2. halvår 2013. VURDERING Det er så langt mogleg teke omsyn til andre møte som ein har kjennskap til pr. dato. Formannskapsmøta i september, oktober og november er tilpassa og lagt i forkant av møta i Sogn regionråd Med atterhald om at kommunestyret vedtek framlegg til nytt arbeidsreglement for folkevalde er det sett opp møte i finansutvalet. Møta er samanfallande med møta i formannskapet. Det blir vidare lagt opp til: at rådmannen sitt budsjettgrunnlag skal bli ferdig til 12.09.13, eige budsjettmøte mellom utvida leiargruppe, utvalsleiarane og finansutvalet i etterkant av at rådmannen har lagt fram sitt budsjettgrunnlag, det faste halvårlege møtet med politisk og administrativ leiing, møte i beredskapsrådet og eiga opplæring for røystestyra. Rådet for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne set opp sin møteplan seinare og blir såleis lagt inn i ettertid.

Sak 23/13 Rådmannen si tilråding: Møteplanen blir vedteken som framlagt. Handsaming: Formannskapet: Formannskapet kom samla fram til følgjande tilråding Tilråding: Møteplanen blir vedteken som framlagt med følgjande endring Kommunestyret vert endra frå 31.10.13 til 26.09.13 Samrøystes.

Sak 24/13 MØTEBOK Sak nr.: Utval Møtedato 43/12 Utval for plan og utvikling 04.12.2012 92/12 Formannskapet 06.12.2012 12/13 Formannskapet 21.03.2013 21/13 Formannskapet 16.05.2013 24/13 Kommunestyret 20.06.2013 Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 131 Arkivsaknr.: 12/883 Bustadpolitisk plan Vedlegg: Framlegg til bustadpolitisk plan Høyringsuttale frå Nesse Grendelag Høyringsuttale frå Tjugum og Esefjorden Grendalag Bakgrunn: Vedtak i formannskapet 21.3.2013. Lovheimel: SAKSOPPLYSNINGAR Bustadpolitisk plan var handsama i formannskapet 21.3.2013, der det vart gjort slikt samrøystes vedtak: «Framlegg til bustadpolitisk plan vert sendt ut på høyring med frist 30.4.2013. Høyringsutkastet vert sendt til grendelaga i kommunen og Balestrand Næringsforum. I tillegg vert det lagt ut på rådhuset, biblioteket, Nesse skule, Fjordtun skule og publisert på heimesida til kommunen.» Det har komme inn uttalar til planen frå Nesse Grendelag og Tjugum og Esefjorden Grendalag. VURDERING Stikkordsmessig kan innspela kort oppsummerast slik:

Sak 24/13 Nesse Grendelag: - Presisering av at gjennomgangsbustader/prøvebustader må vere tilgjengeleg over heile kommunen. - Påpeikar behov for nye og spennande arbeidsplassar - Ønskjer eit konkret punkt om oppretthalding av skule/barnehage i grendene. - Strengare prakisering av reglane når det gjeld bu og driveplikt. Tjugum og Esefjorden Grendalag: - Etterlyser konkrete planar for tilrettelegging av bustadtomter både i sentrum og i grendene. - Påpeikar at kommunikasjonar er viktig og at dette temaet bør vere ein del av verkelegheitsbeskrivinga i planen. Ein vil ikkje tilrå at detaljert geografisk fordeling av prøvebustader i utgangspunktet skal vere heilt fastlagt. Her bør prioriteringar gjerast ut frå etterspurnad og innanfor tilgjengelege økonomiske rammer. Nokre utfordringar og satsingar som er nemnde i høyringsuttalane, skal vidare konkretiserast i andre planar, og blir difor ikkje konkret omtala i framlegget til bustadpolitisk plan. Utvikling av arbeidsplassar vil vere tema ved rullering av næringsplanen. Spørsmål som gjeld skule/barnehage vil vere tema i kommuneplanen sin samfunnsdel, medan konkretisering av bustadtomter m.v vil bli ivareteke ved rullering av arealdelen i kommuneplanen og gjennom reguleringsplanar. På bakgrunn av høyringsuttalane vil ein tilrå tilføyingar i punkt 1.1 og punkt 3.3.4: Rådmannen si tilråding: Framlegg til bustadpolitisk plan vert godkjent med følgjande endringar: - Ny nest siste setning i punkt 1.1. side 3: «Arbeispendling blir vanskeleggjort av usikre vegar og skjeldne ferjeavgangar» - Ny siste setning i punkt 3.3.4 første avsnitt, side 17: «Streng praktisering av regelverket når det gjeld buplikt for landbrukseigedommar».

Sak 24/13 Handsaming: Formannskapet: Formannskapet kom samla fram til følgjande tilråding. Framlegg til bustadpolitisk plan vert godkjent med følgjande endringar: - Ny nest siste setning i punkt 1.1. side 3: «Arbeispendling blir vanskeleggjort av usikre vegar og skjeldne ferjeavgangar» - Ny siste setning i punkt 3.3.4 første avsnitt, side 17: «Streng praktisering av regelverket når det gjeld buplikt for landbrukseigedommar». - Tiltaksdelen av planen skal evaluerast årleg. Planen skal rullerast kvart 4. år. Tilråding: Framlegg til bustadpolitisk plan vert godkjent med følgjande endringar: - Ny nest siste setning i punkt 1.1. side 3: «Arbeispendling blir vanskeleggjort av usikre vegar og skjeldne ferjeavgangar» - Ny siste setning i punkt 3.3.4 første avsnitt, side 17: «Streng praktisering av regelverket når det gjeld buplikt for landbrukseigedommar». - Tiltaksdelen av planen skal evaluerast årleg. - Planen skal rullerast kvart 4. år. Samrøystes.

Sak 25/13 MØTEBOK Sak nr.: Utval Møtedato 4/12 Formannskapet 08.02.2012 2/12 Kommunestyret 16.02.2012 16/12 Formannskapet 15.03.2012 20/12 Formannskapet 19.04.2012 25/13 Formannskapet 16.05.2013 34/13 Formannskapet 13.06.2013 25/13 Kommunestyret 20.06.2013 Sakshandsamar: Arne Abrahamsen Arkiv: 141 Arkivsaknr.: 11/1005 KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR BALESTRAND KOMMUNE Vedlegg: Kommunal planstrategi for Balestrand kommune, 02.05.13 Uttaler NVE, region vest, 14.05.13 Statens vegvesen, 23.05.13 Fylkesmannen, miljøvernavdelinga, 03.06.13 Bakgrunn: Tilstandsanalyse 31.01.12. Oppsummering frå gruppearbeid 16.10.12 Lovheimel: Plan og bygningslova 10-1 SAKSOPPLYSNINGAR Etter Plan og bygningslova skal ein gjennom arbeidet med ein kommunal planstrategi drøfte kommunens strategiske val knytt til samfunnsutvikling. Målet med ein planstrategi er at det skal ligge ei vurdering til grunn for prioritering av planbehovet. Denne vurderinga skal skje ut i frå ei vurdering av kva utfordringar og utviklingspotensial kommunen har som samfunn og organisasjon. Altså tre viktige element; 1. Gjere greie for utviklingstrekk og utfordringar 2. Vurdere dei langsiktige utviklingspotensiala 3. Ta stilling til kva planar som skal utarbeidast. Særskild ta stilling til om kommuneplanen skal reviderast heilt eller delvis eller vidareførast utan endringar. Det har vore gjennomført arbeidsmøte i kommunestyret med utpeiking av hovudutfordringar, og vidare gjennomført gruppearbeid med spissing av strategiar for å møte utfordringane og

Sak 25/13 utnytte Balestrand kommune sitt utviklingspotensial. Det har vidare vore møte mellom kommunen og Sogn og Fjordane fylkeskommune, plan- og samfunnsavdelinga. Ein vart her rådd til å ha ein noko enklare prosess med omsyn på medverknad av sjølve planstrategien, og heller ha gode involveringsprosessar på dei einskilde planane. Ut i frå dette er planbehov vurdert og det er lagt føringar for dei ulike planane. Arbeidet er samanfatta i «Kommunal planstrategi for Balestrand kommune, 02.05.2013» (vedlegg). Planstrategien er sendt til offentlege instansar til uttale. Kommunen har innan fristen/utsending motteke 3 innspel. Innspel som kjem etter dette vil bli lagt fram direkte i møtet. Formannskapet handsama vidare planstrategien i møte 16.05.13, og tilråding vart kunngjort 30 dagar i forkant av vedtak i kommunestyret i samsvar med krav i Plan og bygningsloven. Formannskapet handsamar planstrategien som sak i møte 13.06.13, og har med dette høve til å justere planstrategien på bakgrunn av innkomne innspel før denne vert lagt fram for kommunestyret til endeleg vedtak. VURDERING Kommunen har motteke følgjande innspel: NVE, region vest Har ingen merknad. Statens vegvesen Vil bidra til utarbeiding av kommunedelplan for Esefjorden, og finn det positivt at arbeid med veg og trafikktryggingsplan er sett i gang. Fylkesmannen, mijøvernavdelinga Påpeiker at miljøutfordringar burde vore drøfta. Har elles ikkje vesentlege merkander. Dei innkomne merkndene gjev i seg sjølv ingen grunn til å endre planstrategien. Når det gjeld innhald i planstrategien vert det vist til vedlagde dokument. Det er mogeleg å justere kva planar som skal utarbeidast, og føringar som vert lagt til grunn for arbeidet med kvar einskild plan. Det er viktig å ha med seg at ein planstrategi ikkje er til hinder for at kommunen kan utarbeide andre planar undervegs, eventuelt unnlate å utarbeide einskilde planar som er sett opp. Ved oppstart av eit planarbeid vil det også bli sett meir eksakte føringar og føremål med planarbeidet og det vert sett ein framdriftsplan for heile planprosessen. Planstrategien vil likevel vere eit godt verktøy for å ha ein medviten halding til kva utvikling ein ynskjer for Balestrand, og korleis ein vil jobbe langsiktig, strategisk og planmessig for å oppnå dette. Planstrategien vil også gje grunnlag for å avsette ressursar i samband med budsjett og økonomiplan til utarbeiding og handsaming av planar.

Sak 25/13 Rådmannen si tilråding: Balestrand kommune vedtek i samsvar med plan og bygningslova 10-1 Kommunal planstrategi for Balestrand kommune, 02.05.13. Handsaming: Formannskapet: Formannskapet røysta over rådmannen si tilråding. Tilråding: Balestrand kommune vedtek i samsvar med plan og bygningslova 10-1 Kommunal planstrategi for Balestrand kommune, 02.05.13. Samrøystes.

Sak 26/13 MØTEBOK Sak nr.: Utval Møtedato 17/12 Formannskapet 19.04.2012 12/12 Kommunestyret 26.04.2012 35/13 Formannskapet 13.06.2013 26/13 Kommunestyret 20.06.2013 Sakshandsamar: Arne Abrahamsen Arkivsaknr.: 12/305 Arkiv: X26 Beredskapsplan for Balestrand kommune Prosjektplan for utarbeiding av overordna ROS-analyse Vedlegg: Notat - Prosjektplan for utarbeiding av overordna ROS-analyse, 14.05.13 Bakgrunn: Lovheimel: Sivilbeskyttelseslova 14 Forskrift om kommunal beredskapsplikt 2 SAKSOPPLYSNINGAR Balestrand kommune er med i eit læringsnettverk for beredskapsplanlegging i regi av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. I dette er det lagt opp at kommunane skal gjennomføre konkret beredskapsplanlegging mellom samlingane. Med bakgrunn i dette er det lagt opp til at Balestrand kommune startar opp arbeidet med ein overordna ROS-analyse. Arbeidet vert ein oppfølging av vedtak i kommunestyresak 12/12 «Beredskapsplan og arbeid med kommunal beredskapsplikt» og Planstrategi for Balestrand kommune. Arbeidet med ein overordna ROS-analyse må følgje krava i Sivilbeskyttelseslova 14 og Forskrift om kommunal beredskapsplikt 2. Det er utarbeida ein Prosjektplan for arbeidet (vedlagt). I denne er det lagt opp til at kommunestyret set i gang arbeidet ved å godkjenne prosjektplanen og sidan godkjenner den samla overordna ROS-analysen når denne er utarbeidd. Det vert ut over dette vist til prosjektplanen. VURDERING Ein overordna ROS-analyse vil ikkje gå detaljert inn i alle fagområde. Den vil kunne avdekke behov for vidare kartleggingar og vurderingar ned på eit meir detaljert nivå, og som då vert

Sak 26/13 gjennomført som tiltak vidare. Ei overordna ROS-analyse vil også måtte rullerast med jamne mellomrom i eit kontinuerleg forbetringsarbeid. Gjennom å vere med i læringsnettverket får kommunen ein viss oppfølging og rettleiing i arbeidet undervegs. Ein får også tilgang til alle andre kommunar sine vurderingar og kan på den måten kvalitetssikre at vesentlege moment vert teke med. Hovuddelen av arbeidet må likevel bli gjort lokalt, og aktuelle instansar må bli kopla inn der det er naturleg. Då ROS-analysen til Balestrand kommune er utdatert på einskilde område er det vurdert som viktig å prioritere dette arbeidet no medan læringsnettverket pågår, og då i samsvar med vedlagde prosjektplan. Rådmannen si tilråding: Balestrand kommune set i gang arbeidet med ei overordna ROS-analyse i samsvar med Prosjektplan for utarbeiding av overordna ROS-analyse, 14.05.13 (vedlagt). Handsaming: Formannskapet: Formannskapet røysta over rådmannen si tilråding. Tilråding: Balestrand kommune set i gang arbeidet med ei overordna ROS-analyse i samsvar med Prosjektplan for utarbeiding av overordna ROS-analyse, 14.05.13 (vedlagt). Samrøystes.

Sak 27/13 MØTEBOK Sak nr.: Utval Møtedato 71/12 Formannskapet 15.11.2012 33/13 Formannskapet 13.06.2013 27/13 Kommunestyret 20.06.2013 Sakshandsamar: Arne Abrahamsen Arkiv: GBNR 23/2 Arkivsaknr.: 12/804 Endring av reguleringsplan for Farnes Vedlegg: Endring av reguleringsplan for Farnes planutgreiing 21.03.2013 Plankart 21.03.2013 Reguleringsplan for Farnes plandokument Uttaler- Statens vegvesen, region vest, 10.04.2013 NVE, region vest, 17.04.2013 Bakgrunn: Brev til uttalepartar, 25.03.2013 Kunngjering om høyring, 25.03.2013 Brev med varsel om oppstart av planarbeid, 31.01.2013 Kunngjering om oppstart. 01.02.2013 Formannskapssak 71/12 Lovheimel: Plan og bygningslova 12-12 SAKSOPPLYSNINGAR Balestrand kommune har motteke søknad om endring av «Reguleringsplan Farnes». Kommunen har handsama denne i formannskapet, sak 71/12, og gjorde her vedtak om å handsame saka vidare som endring av reguleringsplan. Dei framlagde endringane er: Omregulering av delar av friområde SpFr1 til hytteområde, og slik at dette inngår i område Fb1. Ein liten reduksjon av område Fb1 mot nord slik at området ikkje kjem inn i bekkefaret som er vurdert som rasfarleg i rasrapport frå Cowi AS 11.08.2011. Føresegnene for Fb1 er litt justert og vil gjelde for det utvida hytteområdet. Omlegging av tilkomstvegen til Fb1 slik at denne ikkje kryssar bekkefaret som er vurdert som rasfarleg i rasrapport frå Cowi AS 11.08.2011. Omsynssone for Fareområde ras er lagt inn i samsvar med rasrapport frå Cowi AS 11.08.2011.

Sak 27/13 Oppstartvarsel var sendt 28.01.2013 og oppstart planarbeidet kunngjort. Etter høyringsfristen vart det utarbeidd ei eiga planutgreiing med vurderingar og framlegg til endring av reguleringsplanen (vedlagt). Opprinneleg plan er også lagt ved. Endringsforslaget vart sendt ut til høyring og offentleg ettersyn med uttalefrist 07.05.2013. Det er kome inn 2 uttaler. Saka er lagt opp til at kommunestyret, på bakgrunn av tilråding frå formannskapet, gjer vedtak om endring av reguleringsplanen. VURDERING Uttalene er kort gjengjeve og vurderte. Statens vegvesen, region vest Har ingen merknad. NVE, region vest Har ingen merknad. Fylkesmannen har i tillegg til dette gjeve melding om at dei ikkje vil gje uttale i denne saka. Ut i frå dette er konsekvensane ved planendringa vurdert som akseptable og kurante, jf. Endring av reguleringsplan for Farnes planutgreiing 21.03.2013 (vedlegg). Rådmannen si tilråding: Balestrand kommune vedtek i medhald av Plan og bygningslova 12-12 å endre Reguleringsplan for Farnes i samsvar med justert plankart 21.03.2012 (vedlegg) og justering av føresegner i samsvar med «Endring av reguleringsplan for Farnes planutgreiing 21.03.2013 - side 8» (vedlegg). Handsaming: Formannskapet: Formannskapet røysta over rådmannen si tilråding. Tilråding: Balestrand kommune vedtek i medhald av Plan og bygningslova 12-12 å endre Reguleringsplan for Farnes i samsvar med justert plankart 21.03.2012 (vedlegg) og justering av føresegner i samsvar med «Endring av reguleringsplan for Farnes planutgreiing 21.03.2013 - side 8» (vedlegg). Samrøystes.

Sak 28/13 MØTEBOK Sak nr.: Utval Møtedato 36/13 Formannskapet 13.06.2013 28/13 Kommunestyret 20.06.2013 Sakshandsamar: Arne Abrahamsen Arkiv: GBNR 20/1 Arkivsaknr.: 12/195 Unntatt offentlig Ofl 23, 1. ledd Kjøp av areal frå Lunde prestegard

Sak 29/13 MØTEBOK Sak nr.: Utval Møtedato 37/13 Formannskapet 13.06.2013 29/13 Kommunestyret 20.06.2013 Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 611 Arkivsaknr.: 13/341 Unntatt offentlig Ofl 13, fvl 13 KJØP AV AREAL