Årsrapport 2012. Senter for Yrkesrettleiing i Hordaland. www.mittyrke.no



Like dokumenter
Årsmelding Senter for yrkesrettleiing i Hordaland

Årsmelding Senter for yrkesrettleiing i Hordaland

Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson.

Evaluering av Senter for yrkesrettleiing

Lindås, Meland, Radøy, Austrheim, Fedje, Masfjorden, Modalen, Osterøy og Gulen. 26.september 2013

Årsmelding 2010 Senter for yrkesrettleiing i Hordaland

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Til deg som bur i fosterheim år

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010

Regional plan for kompetanse og arbeidskraft HANDLINGSPLAN

Innkalling til møte i Opplærings- og helseutvalet

Regional plan for kompetanse og arbeidskraft HANDLINGSPLAN

Ny GIV Oppfølgingsprosjektet

Rekruttering til marin sektor Rådgjevarsamling Trond Wahl

Det nytter. Skuleinterne tiltak

1. Forord s Innhaldsoversyn s Innleiing s Arbeidsområde s Internt utviklingsarbeid s Vedlegg

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Lågterskeltilbod til ungdom mellom år

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Samarbeidsavtale mellom Hordaland fylkeskommune og NAV Hordaland om oppfølging av ungdom med lovfesta rett til vidaregåande opplæring

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Hospiteringsordning for tilsette ved Odda vidaregåande skule

Skulebruksplan Hordaland fylkeskommune Hordaland fylkeskommune prognosar Vedlegg 4

FORDELING AV INVESTERINGSMIDLAR

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane. Skuleåret 2019/20

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Kompetansebehov Spørjeundersøking blant bedrifter i Hordaland Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) AUD-rapport nr

Gjennomføring og val av løp Rett fram eller alternativ modell?

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane.

Ny GIV. (= gjennomføring i vidaregåande skule)

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Rekruttering i Hordaland. Trond Wahl

HØYRING KVALITETSSYSTEM FOR FAG-OG YRKESOPPLÆRINGA

GRUPPER MED REDUSERT ELEVTAL

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Elev- og lærlingombod i HFK

Ka vil DU velje? - hjelp til å g jere det rette yrkesvalet

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring

Kompetanseregionen Nordhordland,

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Brukarrettleiing. epolitiker

Handlingsprogram for Fagopplæringsnemnda i Sogn og Fjordane

Plan for overgangar. for barn og unge

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Spørjeundersøking om sentrumsområde

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Saksframlegg. Orientering om Kompetansesenteret og søknad om regionale utviklingsmidlar til Ny GIV-tiltak ved Kompetansesenteret

Skule - OPPL AVD. Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet

Strategi for kompetanseutvikling

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Strategiplan for fag- og yrkesopplæringa i Hordaland

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Dialog heim - skule. Tilrettelegging for aktiv dialog Mål og tiltak Utfordringar Informasjon Foreldreundersøking Korleis få informasjon frå heimane

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

Prognoseinntaket 2013: Orientering frå opplæringsavdelinga

Ny utdanning i Norge! ARBORIST. Fagskulane i Hordaland. avdeling Hjeltnes

Ungdom og regional utvikling i Nordhordland Spørjeundersøking Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) AUD-rapport nr

på vegne av barn og unge

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Ottar Bjørkedal Eid vgs

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Nytt HFK Intranett

NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. IA-kurs hausten Kurstilbod for IA-verksemder

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

PARTNARSKAP FOR KARRIERERETTLEIING SOGN OG FJORDANE

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Interkommunalt samarbeid ÅLA kommunane vedr økonomisk rådgjevar Mette Hestetun Berg leiar, NAV Årdal

IKT-kompetanse for øvingsskular

Kompetanseregionen Nordhordland,

Orienteringssak - Aktivitet - Karriere Møre og Romsdal

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Retningsliner for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Transkript:

Årsrapport 2012 Senter for Yrkesrettleiing i Hordaland www.mittyrke.no

Årsrapport 2012 1 INNHALD Kompetanseheving: Først ute med nytt studium 2 Etterutdanning 3 Samarbeid skule - arbeidsliv 6 Samarbeid på fleire nivå 7 Mittyrke.no 8 Evaluering av Senter for yrkesrettleiing 8

Årsrapport 2012 2 Kompetanseheving innan yrkes- og utdanningsrettleiing: Først ute med nytt studium Samarbeidspartnarane på høgskulestudiet i Utdanningsval representert ved (f.v.) Kjartan Kversøy frå Høgskulen i Buskerud, Kjell Helge Kleppestø frå Senter for yrkesrettleiing og Unni Høsøien frå Papirbredden karrieresenter. Stein Løvgaard frå Høgskolen i Oslo er forskar og skal studere korleis videreutdanninga kan bidra til å utvikle faget og utøvinga av det på den enkelte ungdomsskule. 2012 var året Senter for Yrkesrettleiing (SYR) tok arbeidet sitt eit steg vidare ved å etablere det første vidareutdanningstilbodet i faget Utdanningsval i landet. Studiet er eit samarbeid med Papirbredden karrieresenter og Høyskolen i Buskerud. På samlinga til «Vox - Nasjonal enhet for karriereveiledning» i november 2012 fekk dei tre samarbeidspartnarane prisen Årets dristigste. SYR er ein del av Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune. Fokus er på kompetanseheving innan yrkes- og utdanningsrettleiing i Hordaland og koordinering av kontakt mellom grunn- og vidaregåande skule og mellom skule og arbeidsliv. Både rådgjevarar og lærarar i grunn- og vidaregåande skule, samt NAVtilsette, nyttar seg av eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod frå SYR. Vidareutdanninga i Utdanningsval, - UTDVAL101 - er på 15 studiepoeng. Målgruppa for vidareutdanninga er lærarar i faget Utdanningsval. Studiet har fokus på arbeidsoppgåvene til dei som driv faget på ungdomstrinnet i skulen. Studiet skal medverke til at studentane utviklar kjennskap til og ferdigheiter i å handtere arbeidsoppgåvene i faget. I UTDVAL101 er det særleg fokus på det å kunne legge til rette for at elevane utviklar evna til å sette ord på, reflektere over og ta kvalifiserte val med omsyn til eige liv, vidare opplæring og framtidig arbeid. Totalt 14 studentar deltar på studiet. Det blei arrangert to samlingar i 2012 - den første samlinga frå 15.-16. november og den andre frå 10.-11. desember. Studentane fullfører studiet våren 2013. Avsluttingsdagen har form av ein delingskonferanse der studentane legg fram sine eksamensprosjekt. Alle prosjekta er praktiske opplegg frå undervisinga i Utdanningsval. Målet er å skape ein arena for god erfaringsdeling mellom studentane, samt tilhøyrarane på konferansen. På denne lenkja finn du meir informasjon om studiet: http://www.hibu.no/studietilbud/larerutdanning/utdanningsvalg/

Årsrapport 2012 3 Etterutdanning i regi av Senter for yrkesrettleiing SYR har i fleire år vore opptatt av å styrke kompetansen til rådgjevarar og lærarar i ungdomsskolen som arbeider med faget Utdanningsval spesielt, og yrkes- og utdanningsrettleiing generelt. SYR har også som oppgåve å knyte kontaktar mellom fylket og NAV. Informasjon om vaksenopplæringa og fagopplæringsordninga er her viktige tiltak. SYR arrangerte i 2012 både kurssamlingar og bransjemøte med arbeidsmarknadsinformasjon på lokale NAV-kontor. Innføring i videregående opplæring og arbeidsliv Grundig innføring Målsetjing: gi grundig innføring i vidaregåande opplæring og arbeidsliv Varigheit: 12 heile dagar over tre semester Målgruppe: lærarar/rådgjevarar i Utdanningsval i ungdomsskulen Stad: vidaregåande skular og bedrifter/verksemder i Hordaland Deltakarar: 20 lærarar/rådgjevarar frå ungdomsskulane i fylket Informasjon om vidaregåande opplæring Målsetjing: gi informasjon om vidaregåande opplæring og arbeidsmarknad Varigheit: 2 dagar Målgruppe: rådgjevarar/ lærarar i Utdanningsval i ungdomsskulen Stad: eitt kurs i Sunnhordland og eitt kurs i Nordhordland Deltakarar: totalt 18 lærarar/rådgjevarar fordelt på kurs i dei to regionane Diverse dagskurs «Foreldrekurs om vidaregåande opplæring» for rådgjevarar og lærarar Målsetjing: gi lærarar/rådgjevarar verktøy for korleis involvere foreldra i utdannings- og yrkesrettleiing av sine barn Varigheit: 1 dag (6 timar) Målgruppe: rådgjevarar/lærarar i ungdomsskulen Stad: Bergen, Fylkeshuset Deltakarar: 21 lærarar/rådgjevarar frå ungdomsskulane i fylket Foreldrekurs om vidaregåande opplæring i samarbeid med rådgjevarar ved ungdomsskular Målsetjing: gi verktøy for korleis involvere seg i utdannings- og yrkesrettleiing av barna sine Varigheit: 3 timar på kveldstid Målgruppe: foreldre til 10. klassinger Stad: Søfteland skule, Os og Rådalslien skole, Bergen Deltakarar: totalt 30 elevar fordelt på dei to skulane Dagskurs om marine fag Varigheit: 1 dag Målgruppe: lærarar/rådgjevarar i grunn- og vidaregåande opplæring i fylket Målsetjing: praktisk innføring i yrker i nautiske og marine fag Stad: Tokt med skulebåten «Stø Kurs» Deltakarar: 15 lærarar/rådgjevarar frå grunn- og vidaregåande skular i fylket Bransjemøte for NAV Målsetjing: Gir info om arbeidsmarknad innan utvalde bransjar. Målgruppe: NAV-rettleiarar ved åtte NAV-kontor Varigheit: 1 time x 26 møte Stad: Åtte ulike NAV-kontor i Stor-Bergen. Deltakarar: I snitt 15-20 deltakarar per møte. Kurs i vidaregåande opplæring for NAVtilsette Målsetting: Gi info om vidaregåande opplæring og arbeidsliv Målgruppe: NAV-tilsette Varigheit: éin dag x fire kurs Stad: Bergen Deltakarar: 80 deltakarar fordelt på fire kurs. Etterutdanning i samarbeid med andre aktører Rådgjevarsamlingar Samarbeidspartnarar: Fylkesmannen i Hordaland, Hordaland fylkeskommune, Bergen kommune og Rådgiverforum Hordaland Varigheit: 3 enkeltståande dagar i løpet av året Målgruppe: rådgjevarar i grunn- og vidaregåande opplæring, ansatte i OT/PPT, NAV-tilsette Målsetting: gi faglig påfyll både innan sosialpedagogisk rådgjeving og yrkes- og utdanningsrettleiing Stad: Sentralt i Bergen Deltakarar: om lag 350 fordelt på 3 samlingar «Rett kompetanse» Samarbeidspartnarar: Varigheit: 1 dag Målgruppe: Målsetting: Deltakarar: 200 frå HFK, NAV og opplæringskontora

Årsrapport 2012 4 Ny GIV i karriererettleiinga: Åtte intelligensar - ein utdanningsveg Sjølv om Sander (16) frå Holen skole er glad i dyr, er det innan bygg- og anleggsbransjen han ser for seg framtida si. Sjølv om Sander (16) frå Holen skole er glad i dyr, er det innan bygg- og anleggsbransjen han ser for seg framtida si. Å bestemme seg for vidaregåande utdanning kan vere svært vanskeleg. Ny GIV-elevane på Ortun- og Holen ungdomsskule fekk i denne samanheng ta del i ein opplevingsreise gjennom åtte ulike intelligensar. Reisemålet var å finne sin utdanningsveg gjennom å bli betre kjent med seg sjølv. Prosjektet, i regi av Ny GIV, Bergen kommune og Senter for yrkesrettleiing, omhandla det å bli kjent med seg sjølv som bakgrunn for å ta gode utdanningsval. Den første dagen var alle deltakarane samla for å legge ut på ei opplevingsreise gjennom åtte intelligenstypar. Elevane fekk 20 minutt på eigenhand på kvar sone, eit skjerma område utan innsyn for andre. Her skulle dei løyse oppgåver og gjere aktivitetar kopla til kvar intelligenstype. Mange aktivitetar Sander Skaar Løvik (16) går i tiendeklasse på Ortun skole og var ein av deltakarane i prosjektet. Kva for ei intelligenssone fann du deg mest heime i? Eg likte godt den som handla om natur. Det er fordi eg er veldig glad i dyr, seier Sander. Sona for naturintelligens var utstyrt med ekte dyr - eit par hamster som elevane fekk halde sjølve. Eg synes opplegget var kjekt. Eg hadde trudd vi skulle sitte mykje i ro, men vi fekk gjere mange aktivitetar. Det likte eg godt, seier Sander. Oppdaga du sider ved deg sjølv som du ikkje visste om frå før? Eg veit i alle fall at eg ikkje ønskjer å jobbe med noko som har med vitskap å gjere, seier han. Samarbeidsprosjekt Prosjektet NY GIV i KARRIEREVEILEDNINGEN er resultat av eit samarbeid mellom fylket og Bergen kommune. Målet er å gje elevane eit intensivt opplegg med utdannings- og yrkesrettleiing, slik at dei skal stå betre rusta til å velje vidaregåande utdanning innan søknadsfristen 1.mars. 20 elevar frå to ungdomsskolar i Bergen fekk tilbod om, og takka ja til, å delta i prosjektet. I tillegg til opplevingsreisa fekk elevane to utprøvingsdagar i bedrifter. Etter den første utprøvingsdagen blei

Årsrapport 2012 5 Blei kåra til ÅRETS DRISTIGSTE det gjennomført ein coachingsamtale. I denne elevane fekk eit verkty for korleis dei kunne arbeide for å oppnå mål dei setter seg. Dei fann dessutan ut av kor dei ville ha sin andre yrkesutprøving. Opplevingsreisa gjennom dei åtte intelligensane lagde vi for å gjere elevane meir bevisst på eigne evner og dermed meir kjend med seg sjølv. Praktiske erfaringar gjennom utprøving og coachingsamtale skulle hjelpe elevane å pense seg inn på eit utdanningsprogram innan fristen 1. mars. Elevane vart i etterkant av deltakinga i prosjektet mellom anna spurt om det å delta i prosjektet har vore til hjelp med tanke på å velje eit utdanningsprogram i vidaregåande skule. To tredjedelar av elevane svarar at det å delta i prosjektet har gjort dei litt eller mykje sikrare på valet. Og det synes vi er eit godt resultat, seier Kjersti Kvaløy frå Senter for yrkesrettleiing i Hordaland fylkeskommune. Saman med LOS i Bergen kommune, Vivian Skjold Henriksen, og prosjektgruppa, har ho vore ansvarleg for både utviklinga og gjennomføringa av opplegget. - Vi er stolte, seier leiar Kjell Helge Kleppestø etter at Hordaland fylkeskommune, ved Senter for yrkesrettleiing, vann prisen Årets dristigste for sitt nystarta høgskolestudium i faget Utdanningsval. Glade prisvinnarar frå Senter for yrkesrettleiing: (f.v) Kjell Helge Kleppestø, Kjersti Kvaløy, Anbjørn Holme, Trond Lygre og Tore Muren. Prisen blei utdelt av «Vox - Nasjonal enhet for karriereveiledning» på samlinga dei arrangerte i Oslo 19. og 20. november. I salen satt representantar frå karrieresenter i heile landet. Høgskolestudiet på 15 studiepoeng er resultat av eit samarbeid mellom Senter for yrkesrettleiing, Papirbredden karrieresenter og Høgskolen i Buskerud i Drammen. Juryen gir all ære til samarbeidspartnarane for å ville noko når det kjem til å profesjonalisere lærarar som skal jobbe med eit fag som openbart ligg karriererettleiinga nær. Dei roser også sentera for å finne kvarandre og trosse geografisk avstand. - Vi er stolte av prisen og synes det er kjekt å få positiv merksemd for arbeidet vi gjer saman med våre gode samarbeidspartnarar i Papirbredden og Høgskolen i Buskerud. Vi håpar fleire karrieresentre no ønskjer å etablere høgskolestudiet i Utdanningsval i sine regionar, seier leiar for Senter for yrkesrettleiing Kjell Helge Kleppestø. Hamsterane på intelligenssona om dyr og natur var populære blant elevane.

Årsrapport 2012 6 Samarbeid grunnskole,vidaregåande skule og arbeidsliv Informasjonsmøte på Garnes ungdomsskule: Kjell Hæggernæs frå Blikkenslagarlauget presenterar dei mange yrkesmoglegheitene innan Bygg- og anleggsteknikk. Latteren sit laust når han tek i bruk ein mopp som peikestokk. Utprøving av utdanningsprogram SYR har teke ansvar for å få system på alle ungdomsskoleelevar i Hordaland sine utprøvingar av utdanningsprogram i vidaregåande opplæring. På heimesida vår www.mittyrke.no finns eit verktøy som koordinerer desse utprøvingane. Systemet er laga med tanke på at elevane skal få simulert korleis ein gjer for å søkje om plass i vidaregåande skole. Dette skal lette arbeidet for begge skuleslaga slik at koordineringsbehovet blir tatt hand om. I Hordaland er det no 29 av 33 kommunar som brukar dette systemet. I 2012 tok skular i Sotra, Øygarden og Voss i bruk systemet for første gong. Utprøvingar av yrker i bedrift I februar og mars hadde elevane ved tre ungdomsskular på Askøy utprøving i bedrift delvis organisert gjennom internettsida www.mittyrke.no. 27 bedrifter ga tilbod om til saman 128 stillingar. Bedriftene fekk søkjarar til 46 av desse stillingane. Tilbodet om å få hjelp til koordinering av utprøving i verksemder gjeld alle kommunar i Hordaland. Vidaregåande skule Prosjekt til fordjuping Hausten 2012 blei mittyrke.no tilrettelagt for å vere til hjelp i vidaregåande skular sitt arbeid med koordinering av utprøving i faget Prosjekt til fordjuping. I februar 2013 skal Askøy vidaregåande skule vere pilot for denne delen. for rådgjevarar i ungdomsskulen og verksemder i heile Hordaland. Dette er ei vidareutvikling av ei ordning SYR har gitt tilbod om til heile fylket sidan 2007. Tidlegare avtalte SYR informasjonsmøta med verksemder og skular per telefon. No registrerer aktuelle verksemder seg på ei liste for velviljuge verksemder som ønskjer å besøke skular og fortelje om sine yrker og sin bransje. Rådgjevarane har tilgang på denne lista i mittyrke.no og avtalar informasjonsmøta direkte med bedriften. Ved å leggje alt inn i mittyrke.no vil lokal nettverksbygging komme i system og vere tilgjengeleg for alle på skulen. Verksemder som ønskjer å synleggjere seg får no ein høveleg kanal til det. 140 verksemder er registrert ved utgangen av 2012, og 40 ungdomsskular har aktivt sagt dei vil bruke dette. Dette er like mange skular vi har gjeve informasjonsmøter tidlegare år. Etablering av brukarforum - HSA Hordaland fylkeskommune er ikkje aleine om å nytte det digitale koordineringsverktøyet som er tilgjengeleg på mittyrke.no. Den aktuelle løysinga har vi kjøpt oss inn i hos «Haugaland skole og arbeidsliv». Saman med Akershus Fylkeskommune, Buskerud Fylkeskommune og Troms Fylkeskommune har vi vore med å vidareutvikle systemet. I Haugesund i mars var vi med å skipa eit brukarforum for løysinga, og vi er særs nøgd med samarbeidet mellom fylka. Informasjonsmøter - verksemder vitjar ungdomsskular I 2012 fekk mittyrke.no enda ein ny funksjon til bruk

Årsrapport 2012 7 Samarbeid på fleire nivå Regionalt Det skjer mykje spennande i heile fylket i arbeidet med å skape gode arenaer for samarbeid mellom skule og arbeidsliv. Fleire kommunar har eigne prosjekt. Andre stader er det sett i verk interkommunalt samarbeid som til dømes i Nordhordland og Odda/Ullensvang. SYR sitt arbeid krev godt samarbeid med lokale krefter. I 2012 har vi, som tidlegare, delteke aktivt i denne type arbeid. SYR sine samarbeidspartnarar: Samarbeidsforum skole-arbeidsliv Odda/Ullensvang, nettverksgruppe Askøy kommune skole arbeidsliv samarbeid, styringsgruppe Stord skole og arbeidslivsforum, nettverksgruppe Forum for oppvekst i Sunnhordland Ka vil DU bli? Bergen kommune sitt samarbeidprosjekt med Hordaland Fylkeskommune På bakgrunn av dette arbeidet tok SYR sommaren 2011 initiativ til å samle koordinatorane i desse prosjekta i eit koordinatorforum. Koordinatorforumet har vore veldig vellukka og er etablert som ein fast aktivitet der SYR har referat- og innkallingsansvar. Hovudfokus i arbeidet er erfaringsdeling og deling av gode idear og aktivitetar, og nye koordinatorar vert invitert inn etter som vi vert kjend med dei. Aktørkart SYR har på bestilling frå Næringsalliansen i Bergen utarbeidd ei førsteutgåve av eit såkalla aktørkart. Aktørkartet har namnet Samarbeid skule og arbeidsliv i Hordaland fylke - eit mangfald av innovative aktørar. Det er publisert elektronisk på: http://www. mittyrke.no/no/artikler/ Om-senter-for-yrkesrettleiing/ samarbeid der NAV finansierer éi av stillingane ved Senter for Yrkesrettleiing. Avtalen blei inngått ved oppstarten av SYR i 2005. Frå 2013 tek Hordaland fylkeskommune over ansvaret for også denne stillinga, og NAV Hordaland er framover ein samarbeidspart på linje med mange andre. Nasjonalt I april var SYR vertskap for ein delegasjon frå Østfold, både representantar frå fylkeskommunen, kommunane og næringsliv. Dei ønskja å lære korleis vi arbeida med tema samarbeid skule og arbeidsliv i Hordaland og lære om www. mittyrke.no. Dei var her to dagar, og den eine dagen tok vi dei med til Askøy kommune for å lære dei om Askøymodellen eit godt eksempel på dette arbeidet. Hausten 2012 var leiar for SYR med å skipa nettverk for leiarar av karrieresenter i Norge. VOX Nasjonal eining for karriererettleiing i Norge var representert, og ser dette nettverket som ei viktig gruppe å ha dialog med. Nasjonal enhet for karriereveiledning arrangerte Karriereveildeningskonferansen 2012. http://www.vox.no/no/kurs-og-konferanser/konferansepresentasjoner/karriereveiledningskonferansen-2012/ SYR blei kåra til Årets dristigste på konferanen. Internasjonalt Internasjonal seksjon i Hordaland fylkeskommune sendte i januar ein delegasjon til Tyskland med representantar for SYR, NAV, Industrikonsulenten Osterøy kommune og Osterøy vidaregåande skule. Grunnen til reisa var mogleg prosjektsamarbeid knytta til yrkesutdanning, CNC og robotering. Referansen er knytt til Tiltak 20 i den strategiske næringsplanen for Bergens-regionen: "Styrke CNC og robotklyngen". Føremålet var vurdering av mogleg samarbeid rundt ein eigen opplæringsmodell kring yrkesopplæring innan verksemda Jobweiser (etter Paternoster-prinsippet). Ideen var å kople vidareutdanningsbehovet i ei verksemd med jobb- og kompetansepåfylls-/trenings-behov for personar utanfor eller i randsona av arbeidslivet. Aktørkaret skal gi eit oversyn og samstundes stimulera til auka kontakt mellom partane, verksemder (privat og offentleg) og skule. Aktørkartet skal vere ein ajourført utgåve av kva som skjer på feltet. Det skal dermed alltid være opent for tilføring av nye aktuelle aktørar. Partnarskapsavtale avslutta NAV Hordaland og Hordaland fylkeskommune har gjennom ein partnarskapsavtale mellom anna inngått eit økonomisk

Årsrapport 2012 8 mittyrke.no Internett er ein effektiv og viktig informasjonskanal for SYR. Med heimesida www.mittyrke.no forsøkjer vi å nå både elevar, rådgjevarar, foreldre og verksemder med både rettleiingsråd, informasjon og nyttige lenkjer. Sida er også inngangsporten til vårt koordineringsverktøy - systemet som mellom anna administrer utprøving i vidaregåande skule og bedrifter. Mittyrke.no skal vere ein portal der brukarane får viktig informasjon om yrkesrettleiing, samt blir losa vidare til gode nettstader med inngåande informasjon om ulike utdanningsretningar. Det er eit mål med sida at den skal vere undervisningsstøtte for lærarar og rådgjevarar til bruk i faget Utdanningsval. På mittyrke.no er det mogleg for elevar å skrive såkalla yrkesintervju, der elevane intervjuar ein arbeidstakarar om yrka deira. Intervjua som er gode nok til å bli publisert pånettsida, premierast med kinobillettar. Utprøving av utdanningsprogram og arbeidsliv I løpet av to år, har SYR utvikla www.mittyrke.no frå berre å formidle informasjon til òg å vere ein portal som organiserar elevane si utprøving av utdanningsprogram i vidaregåande skule, samt utprøving av yrker og arbeidsliv. Erfaringane frå både grunnskole og vidaregåande skule så langt er at SYR har treft godt gjennom å bidra til auka effektivisering og god synlegjering av både arbeidslivet og elevane sine moglegheiter i fylket. Stadig fleire brukarar Tall frå Google Analytics viser at trafikken på nettsida hadde auka til 43 023 besøk i 2012, ei forbetring på 8000 treff frå året før. 28 868 av besøka var unike brukarar. Med dette meiner ein kor mange treff nettsida har frå unike IP-adressar. Prosentvis hadde mittyrke. no 65% nye brukarar og 35% tilbakevendande brukarar i 2012. År Tal på besøk Unike brukarar 2010 17909 12737 2011 35 082 24799 2012 43 023 28 868 Evaluering av Senter for yrkesrettleiing Hausten 2012 kom resultatet av ein større evaluering av Senter for Yrkesrettleiing, utført av avdelinga Analyse, Utgreiing og Dokumentasjon (AUD) i Hordaland fylkeskommune. SYR oppnår i evalueringa mange gode resultat når brukarane vurderer tilboda til senteret. Det er særleg delar av kursverksemda som scorar høgt. Den gruppa som har hatt tilbod om flest aktivitetar, er lærarane i ungdomsskolen. Dette er også den gruppa som i fleire tilfelle er dei som er mest nøgde med tilboda. Når det gjeld SYR sitt mål om å vere eit ressurssenter innan rettleiing, tydar funna i evalueringa på at dette er noko dei langt på veg har lukkast med. Spørsmålet er meir om dei når ut til mange nok. Evalueringa viser at SYR sine tilbod har bidratt til at lærarane i stor grad opplever at dei er betre i stand til å gje yrkes- og utdanningsrettleiing enn tidlegare. På overordna nivå er det eit mål at SYR sitt arbeid skal vere ein del av Fylkeskommunen sine tiltak for å redusere fråfallet i vidaregåande opplæring. Ein slik samanheng kan ikkje dokumenterast direkte med bakgrunn i denne evalueringa, men at SYR si aktivitet påverkar i positiv retning er det gode indikasjonar på, først og fremst med tanke på å forhindre feilval. Heile evalueringa, og årsrapportane våre, kan lastast ned her: http://www.mittyrke.no/no/artikler/om-senter-for-yrkesrettleiing/

Årsrapport 2012 9 Tilsette Tore Muren 100 % Kjersti Kvaløy 100 % Anbjørn Holme 100 % permisjon 21.05.12 12.08.12 Ragnhild Hvoslef Krüger 100 % Trond Lygre 100 % Kjell Helge Kleppestø, leiar SYR 100 % T: 55 23 94 57 M: 997 17 156 E: kleppesto@hfk.no Agnes Mowinckelsgt 6 pb 7900 5020 Bergen Hordaland fylkekommune

Årsrapport 2012 10 Samarbeidspartnarar i 2012 i forbindelse med etter- og vidareutdanningskurs Bedrifter og virksomheter Bergensavisen AS BA Coast Center Base AS (CCB-basen, Ågotnes) Hellebakken Barnehage Husfliden Bergen AS BKK AS Hjemmesykepleien, Bergenhus, Sentrumsgruppen Kinne Gård, Voss v/ Lars Istad NAV, avdeling Lindås Nordhordland Handverk- og industrilag Norsk Landbruksrådgiving Otera Delta AS Palografen Statoil ASA Sætrevik Interiørsnekkeri Thon Hotel Bergen Airport Tine Rådgjeving Walløe & Nilsen AS (tidl. A.K. Walløe Møbeltapetserer AS) Opplæringskontor Blikkenslagmestrenes Opplæringskontor Murermestrenes Opplæringskontor Live 2 Learn Opplæringskontor for Sotra og Øygarden Opplæringskontoret for anleggs- og bergfagene Opplæringskontoret for fiskerifag/norsk Sjømatsenter Opplæringskontoret for tømrerfaget Opplæringskontoret i Norhordland Videregående skoler /opplæring Fagopplæringskontoret, avdeling Stord Fagopplæringskontoret, HFK Bergen Senter for voksenopplæring, Bergen katedralskole Senter for voksenopplæring, Årstad videregående skole Askøy videregående skole Bergen maritime videregående skole Fana Gymnas (Studiespes.) Langhaugen videregående skole (Musikk, dans og drama) Lønborg videregående skole (HS) Nordahl Grieg Videregående skole (MK) Sandsli videregående skole (RM) Slåtthaug videregående skole (Elektro) Sotra vidaregåande skule, Avdeling Bildøy (SS) U. Pihl videregående skole (Idrettsfag) Voss Jordbruksskule (NB) Årstad videregående skole (DH) Åsane videregående skole (BA)

Årsrapport 2012 11

Hordaland fylkeskommune har ansvar for å utvikle hordalands samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelse tenester og kollektivtransport til inn byggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for verdiskaping, nærings utvikling, fritidsopplevingar og kultur. Som del av eit nasjonalt og globalt samfunn har vi ansvar for å ta vare på fortida, notida og framtida i Hordaland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen. Agnes Mowinckels gate 5 Postboks 7900 5020 Bergen Telefon: 55 23 90 00 e-post: hfk@hfk.no www.hordaland.no Månad År. Avdeling/seksjon.