Svanevågen i Øygarden Kommune. GNR. BNR. 45/71 med fleire i Øygarden Kommune. Arealplan-ID:????? Vurdering av planområde sin vegadkomst frå Fv561 Utarbeida: 07.04.2017 Revidert 28.04.2017
I samband med utarbeiding av reguleringsplan for Svanevågen (gnr./bnr. 45/71 med fleire) i Øygarden Kommune skal det vurderast ulike alternativ for tilkomst til feltet frå Fv561. Utbygging av eigedom gnr./bnr. 45/71 med fleire, Svanevågen. Reguleringsplan for Svanevågen omfattar område med ny barnehage, bustadområde, område for fritidsbustader, hotell og naust samt småbåthamn i sjø. Område er i dag eit småkupert ikkje utbygd naturområde med noko utbygging inne i Svanevågen. Øygarden Kommune planlegg ein ny hovudvassleidning gjennom deler av området og Statoil har ein kondensatgassleidning som går ut i sjø i Svanevågen. Denne følger dagens adkomstveg til eksisterande naust inne i vågen. Planområde på land er på om lag 20 hektar. Av dette er om lag 10 hektar satt av til ulike typa byggeområder og vegnett. Område vil kunne få ei utbygging på om lag 75 bustader og fritidsbustader samt eit mindre hotell og ein barnehage. Ei slik utbygging vil kunne generere ein auke i biltrafikk på om lag 3,5 bilturar pr. eining for bustader og 1 biltur pr. eining for fritidsbustad. Samla vert dette ein auke i turproduksjon med bil på om lag 220 ÅDT. Dagens vegsituasjon Planområde ligg ved eksisterande kommunal veg, Breivikvegen, som går mellom Fv561 og Fv228. Den kommunale vegen har ei lengde på om lag 2,4 km og planområde ligg om lag midt på strekningen, men noko nærare Fv228 enn Fv561. Mellom Fv561 og planområdet ligg det i dag om lag 30 bustader som har adkomst ut mot kommunal veg. Mellom planområdet og Fv228 er det om lag 15 20 bustadar og ein del hytter som har adkomst ut til den kommunale vegen. Fleire av desse bustadane er gardsbruk. I tillegg ligg det ein eksisterande barnehage om lag ved planområdet. Breivikvegen er ein relativ smal veg utan fortau/gangveg. Vegbreidda er om lag 4,0 meter. Vegen har lite sideareal, strekningsvis dårleg sikt, men bra veglys, men enkelte møteplassar. Fig. 1: Eksisterande kommunal veg. Langs Breivikvegen er det som nemnt over eksisterande bebyggelse dei første 500 meter frå Fv561 og dei siste om lag 800 meter mot Fv228. Næraste skule / idrettsanlegg og butikk ligg om lag 6 kilometer vekke i Blomvåg. Det er gangveg langs Fv561. Fv228 er etablert utan gangveg eller fortau. Kommunal veg, Breivikvegen, er registrert i NVDB med fartsgrense på 50 km/t, men er ikkje skilta. Fv228 har skilta fartsgrense 60 km/t. Det er ikkje registrert noko trafikkmengde på den kommunale vegen mens Fv228 har registrert ÅDT på 900 kjt/døgn fram til Kollsnes og 200 ÅDT etter Kollsnes. Trafikkmengda på kommunal veg er liten, men det er noko trafikk til og frå barnehagen.
Bebuarar langs kommunal veg vest for planområdet køyrer til Fv561 via Fv228 og ikkje via kommunal veg forbi planområdet. Men foreldre som leverer born i barnehagen bruker Breivikvegen mellom FV561 og barnehagen når dei leverer og hentar born. Vurdering av ulike alternativ for ny adkomst til planområde. Planområdet vil generere meir trafikk til og frå Fv561. Bebyggelsen i planområdet vil ligge over 1200 meter frå Fv561 og kollektivtilbudet ved fylkesvegen. Denne avstanden er etter vår meining så stor at det er mindre attraktivt for bebuarar i planområde å bruke kollektive transportmiddel. For hytteområdet i planen er det heller ikkje attraktivt å bruke kollektiv som transportmiddel. Men det bør leggjast til rette for trygg gangveg frå planområde til Fv561. Born og vaksne som oppheld seg i planområde vil ha ein aksjonsradius som gjer at dei vil ferdast langs Breivikvegen mot Fv561. Det er difor viktig å få etablert ein trafikksikker tilkomst til Fv561. Tiltaket gir en vesentleg auke av ÅDT slik at kryssutforming mellom planområdet og Breivikvegen samt vegstandard på tilkomst fram til Fv561 må tilpassast dette. Det er og planlagt noko bustadar sør for Breivikvegen og avkøyrsla til dette området må ha ei utforming om er riktig. Planområdet Alternativ C Alternativ A Fv561 Alternativ B Det finnes i dag tre ulike alternativ for adkomstveg frå Fv561 til planområde. - Alternativ A. Adkomstveg via kommunal veg, Breivikvegen. Dette alternativet er kortast (ei lengde på om lag 1,2 km), men har dårlegast vegstandard og eit dårleg kryss mellom den kommunale vegen og Fv561. Krysset har dårleg vertikalkurvatur og dårleg sikt. Dette vegalternativet vert brukt av mange av dei som leverer og hentar born i barnehagen.
Dagens kryss mellom Fv561 og Breivikvegen - Alternativ B. Adkomstveg via Fv228 og kommunal veg, Breivikvegen. Dette alternativet er lengst (ei lengde på om lag 3,5 km). Alternativet har lav vegstandard på den kommunale vegen, men bra standard på Fv228. Dette vegalternativet vert brukt av dei som bur på Breivik når dei skal til Fv561. Dagens kryss mellom Breivikvegen og Fv228 er noko dårleg. Grantre på foto under er no fjerna. Sikt i krysset er i dag om lag 45 meter frå Kolsnesvegen frå sør og inn mot Breivikvegen. Siktssone til høgre på bilde under. Dagens kryss mellom Fv228 og Breivikvegen - Alternativ C. Adkomst til Fv228 via ny tverrforbindelse i trase for kondensatrørleidning. Dette alternativet omfattar bygging av om lag 700 meter ny veg med gangveg og deretter om lag 800 meter langs Fv228. Det meste av ny trafikk til og frå planområde vil ha reisemål lengre sør i Øygarden, Fjell eller mot Bergen. Dette betyr at det meste av trafikken til og frå planområdet har reisemål i sør noko som igjen er gunstig for alternativ 2 og 3. Med utgangspunkt i krysset mellom Fv561 og Fv228 og planområde vert då lengda på
alternativ 1 om lag 1,8 km frå planområde til kryss mellom Fv561 og Fv228, medan alternativ to vert som før om lag 3,5 km og alternativ 3 vert om lag 1,5 km. Det er gjort følgjande vurdering av dei tre alternativa: - Alternativ A har følgjande fordeler og ulemper: o Kort tilkomst til Fv561. o Lav vegstandard med mellom anna dårleg sikt o Mykje eksisterande bebyggelse langs siste del av vegen med ein god del avkøyrslar med dårleg sikt o Ikkje eksisterande gang- og sykkelveg - Alternativ B har følgjande fordeler og ulemper: o Lang tilkomst til Fv561. o Lav vegstandard fram til Fv228 med mellom anna dårleg sikt og mange avkøyrslar med dårleg sikt. Deretter god vegstandard fram til Fv561 o Mykje eksisterande bebyggelse langs siste del av vegen med ein god del avkøyrslar med dårleg sikt o Ikkje eksisterande gang- og sykkelveg - Alternativ C har følgjande fordeler og ulemper: o God tilkomst til FV561 for biltrafikk. Vil og kunne gi reduksjon i forhold til dagens biltrafikk på Breivikvegen o Ubygd veg vil få god standard med gang- og sykkelveg o Del av strekning som i dag ev Fv228 har bra vegstandard, men ikkje gang- og sykkelveg på heile strekket Av desse tre alternativa vil alternativ 3 klart kunne gi det beste alternativet når det gjeld trafikksikring og minst auka trafikk rundt eksisterande busetnad langs Breivikvegen. I tillegg kan ein tenke seg kombinasjonar av desse ulike alternativa og ein har sett på følgjande kombinasjonar: - Alternativ D. Stenging av Breivikvegen mellom planområdet og Fv561. All biltrafikk må da via Fv228. Alternativ 3 blir ikkje bygd. Dette alternativet har følgjande fordeler og ulemper: o Trygg gang- og sykkelveg frå planområde mot Fv561, men med blanda trafikk på siste strekning. o Svært stor auke i trafikk på Breivikvegen mellom Fv228 og planområdet - Alternativ E. Stenging av Breivikvegen mellom planområdet og Fv561. All biltrafikk må da via Fv228. Alternativ 3 blir bygd som rein gang- og sykkelveg. Dette alternativet har følgjande fordeler og ulemper: o Trygg og god gang- og sykkelveg til Fv561 dersom ein og byggjer GS-veg langs deler av Fv228. o Svært stor auke i trafikk på Breivikvegen mellom Fv228 og planområdet - Alternativ F. Stenging av Breivikvegen mellom planområdet og Fv561. Alternativ C blir bygd, men utan gang- og sykkelveg. All biltrafikk må da gå via alternativ C mens all gang- og sykkeltrafikk må via alternativ 1. Dette alternativet har følgjande fordeler og ulemper: o God tilkomst til FV561 for biltrafikk. Vil og kunne gi reduksjon i forhold til dagens biltrafikk på Breivikvegen o Trygg gang- og sykkelveg frå planområde mot Fv561, men med blanda trafikk på siste strekning. Tiltaket vil gi stor trafikkauke på Breivikvegen. Å stenge Breivikvegen for gjennomgangstrafikk vil gi god og trygg tilkomst til Fv561 for mjuke trafikantar, men ei svært stor auke i trafikk på Breivikvegen mot Fv228 og kan ikkje gjennomførast utan tiltak. Den beste løysinga vil vere å etablere alternativ C med gang- og
sykkelveg samt etablere gang- og sykkelveg langs Fv228 til Fv561 eller alternativ 6 der tverrforbindelsen blir etablert, men utan gang- og sykkelveg. Fartsgrense på Breivikvegen kan da og reduserast frå dagens 50 km/t til 30 sone. Vår anbefaling er etablering av alternativ F med tilkomstveg i ny tverrforbindelse og der Breivikvegen mellom planområde og Fv561 bli stengt for biltrafikk like etter dagens bebyggelse og tilrettelagt for mjuke trafikantar. Eikelandsosen André Bjørndal