Statusrapportering for reiselivsnæringa i Møre og Romsdal pr august 2016

Like dokumenter
Statusrapportering for reiselivsnæringa i Møre og Romsdal - heile 2016

Statusrapportering for reiselivsnæringa i Møre og Romsdal - heile 2015

Statusrapportering for reiselivsnæringa i Møre og Romsdal - heile 2018

Destinasjon Geirangerfjord Trollstigen AS - søknad om tilskot til pilotprosjekt

Bjørnar Bjørhusdal. Statistikk

Markedsplan 2010 Del 1 - Oppsummering og evaluering 2009

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Løyve i perioden i Avslag i perioden i Laks og aure i sjø 22

Markedsplan 2011 Del 1 - Oppsummering og evaluering

Status akvakulturforvalting og fiskeri per september 2015

Utviklingsforumet for Ålesund Lufthavn, Vigra - søknad om tilskot i samband med etablering av direkte flyrute mellom Amsterdam og Ålesund.

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

Reiselivsnæringen i Hardanger. Sommersesongen 2006

Statusrapport akvakulturforvalting og fiskeri per mars 2016

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Løyve i perioden til no i Avslag i perioden til no i

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Løyve i perioden Avslag i perioden Laks og aure i sjø 12

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Løyve i perioden til no i Avslag i perioden til no i

Tilskot frå Marint miljøsikrings- og verdiskapingsfond i 2016

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Fjord Norge- prosjektet

I landet er det heilt ledige. Dette er 2,9 prosent av arbeidsstokken, og er ei auke på 10,9 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Reiselivsnæringen i Trøndelag. Status 2008

Saksnr Utval Møtedato Fagskolestyret i Møre og Romsdal I sak FAG 15/17 Økonomirapportering vart det fatta slikt samrøystes vedtak:

Samlede kommersielle overnattinger Etter marked

Statusrapport akvakulturforvalting og fiskeri februar 2014

Reiselivsnæringen i Hedmark. Sommersesongen 2006

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Utdanningsutvalet

Samlede kommersielle overnattinger Etter marked

Tjenesteeksporten i 2. kvartal 2018

NORGES TURISTBAROMETER. Sommersesongen 2014 Prognose for utenlandsk ferie- og fritidstrafikk til Norge

Framlegg Handlingsprogram Kompetanse og Verdiskaping 2017

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Løyve i perioden til no i Avslag i perioden til no i

I landet er det heilt ledige. Dette er 3,1 prosent av arbeidsstokken, og er ei auke på 7,3 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Reiselivsnæringen i Hedmark. Status januar-september 2006

Handlingsplan cruisestrategi for Vestlandsfylka

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Løyve i perioden til no i Avslag i perioden til no i

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

Norsk fiskeeksport 2005: Russland største marknad, laks viktigaste art

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Statistikk

Samlede kommersielle overnattinger Etter marked

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

Søknad om støtte til «Midt-Norge - Føregangsregion for sjøtransport»

2017.Oppsummert... SSB og Benchmark Alliance

Mogleg kapasitetsauke på sambanda Hareid - Sulesund, Sølsnes - Åfarnes og Eidsdal - Linge

Reiselivsstatistikk for Sogn og Fjordane

2014/

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Orientering om mindre ts-tiltak 2019 og prioritering for 2020

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

Nye virkeområde for distriktsretta investeringsstøtte og differensiert arbeidsgivaravgift - verknader for Møre og Romsdal

ØKONOMI- OG ORGANISASJONSAVDELINGA HR-seksjonen

Regional- og næringsutvalet Møtestad: Giske kommune, rådhuset, kommunestyresalen Dato: Tid: 13:15 Protokoll nr: 2/2018

Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet Fylkestinget

Konrad Lillevevang Seksjonsleder Markedsarbeid Samferdselsavdelinga Møre og Romsdal fylkeskommune

Tilskot til rekruttering, likestilling og kompetanseheving i landbruket - 2. utlysing 2015

Norges Turistbarometer Prognose for norsk og utenlandsk ferie- og fritidstrafikk i Norge. Vintersesongen 2017 Margrethe Helgebostad

Fransk Spansk Tysk Andre fs. I alt Østfold 13,1 % 30,2 % 27,0 % -

Syssel busta %- del 00. %- del 11

Samlede kommersielle overnattinger Etter marked

REISELIV STØRRE ENN OLJE OG GASS INNAN 2030? GEIR S. VIK DESTINASJON ÅLESUND & SUNNMØRE 22. JUNI 2017

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Møteinnkalling. Utval: Plannemnd for samferdselsutbygging Møtestad: Rom 700 Fylkeshuset, Molde Dato: Tid: 10:30

Norges Turistbarometer Prognose for norsk og utenlandsk ferie- og fritidstrafikk i Norge vintersesongen Margrethe Helgebostad

Prognose for norsk og utenlandsk ferie- og fritidstrafikk i Norge. Margrethe Helgebostad

Byen som regional motor - økonomiplanperioden

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

ARBEIDSNOTAT. Utviklinga i barnebefolkninga i Møre og Romsdal. Av Heidi-Iren Wedlog Olsen Severin Aarsnes. Dato:

Samlede kommersielle overnattinger Etter marked

Norsk Tindesenter Eiendom AS, Åndalsnes i Rauma kommune - søknad om aksjekapital i samband med etablering.

Kompetansearbeidsplassar i Hordaland

REISELIVET I HORDALAND STATUS OG UTVIKLINGSTREKK og nokre år tilbake i tid

ARBEIDS- OG VELFERDSDIREKTORATET / STATISTIKK OG UTREDNING

Finansrapport 1. tertial 2018

ARBEIDS- OG VELFERDSDIREKTORATET / STATISTIKK OG UTREDNING

Kjelde: alle figurar PANDA/SSB

Tjenesteeksporten i 3. kvartal 2018

Saksnr Utval Møtedato SA 61/14 Samferdselsutvalet

Tjenesteeksporten i 3. kvartal 2017

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

Tildeling av spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet 2016

Reiselivets verdi NHO Reiselivs årskonferanse 2019 Erik W. Jakobsen, Menon Economics

Arbeidsnotat til bymøtet 7. mai 2007, tiltaket Tilflytting 2017 Av Heidi-Iren Wedlog Olsen og Severin Aarsnes

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

Ferjedrift Åfarnes-Sølsnes i perioda

Reiselivsnæringen i Hedmark. Status 2005

12. Færre besøk ved norske kinoar

Guri Bugge Tlf: Saksnr Utval Møtedato Miljøutvalet

ARBEIDSINNVANDRING EIN RESSURS FOR VESTLANDET KVA KJENNETEIKNAR KOMMUNANE I MØRE OG ROMSDAL?

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

Finansrapport 1. tertial 2017

Under blir lista opp faste årlege tiltak gjennomført i 2018 med tal på deltakarar. Målgruppe

Arbeidsmarkedet nå - oktober 2015

ØKONOMI- OG ORGANISASJONSAVDELINGA HR-seksjonen

Effektiv organisering i Fjord Norge skal bidra til mer lønnsomhet for næringen, hvordan? Kristian B. Jørgensen Adm. dir Fjord Norge AS

Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet Fylkestinget

I landet er det heilt ledige. Dette er 2,9 prosent av arbeidsstokken, og er ei auke på 7,4 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Produksjon og ringverknader i reiselivsnæringane

Reiselivsnæringen i Hedmark. Status 2006

Transkript:

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 12.10.2016 106700/2016 Lillian Sæther Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet 24.10.2016 Statusrapportering for reiselivsnæringa i Møre og Romsdal pr august 2016 2016 har så langt vore eit svært godt år for reiselivsnæringa i heile landet, så også for Møre og Romsdal. Det er likevel store regionale forskjellar her i fylket og også forskjellar innan dei forskjellige segmenta som hotell og campingplassar/ hyttegrender og mellom ferie/fritid og yrkestrafikk og kurs/konferansemarknaden. Dette blir nærare skildra nedanfor. I denne saka skal vi sjå på trafikkutviklinga i perioden januar august 2016 samanlikna med same periode i 2015, men vi skal også sjå på 2015 samanlikna med 2014. Det vil bli lagt fram ei ny statusrapportering for reiselivsnæringa i fylket når tala for heile 2016 er klar. Desse tala er mest venteleg klar innan første halvdel av februar 2017. Trafikkutvikling for reiselivsnæringa i fylket januar august 2016 I perioden januar august 2016 har Møre og Romsdal hatt totalt 1 146 392 overnattingar, det vil seie overnattingar på hotell, campingplassar, hyttegrender og vandreheimar. Dette er ein vekst på 7,7 prosent samanlikna med same periode i 2015. Heile landet hadde i same periode totalt 25 194 656 overnattingar og ein vekst på 5,1 prosent. Tilsvarande tal for Fjord Norge-regionen i same periode er totalt 5 989 019 overnattingar som representerer ein vekst på 4,7 prosent. For Møre og Romsdal er nordmenn den desidert største og viktigaste kundegruppa. 706 658 nordmenn overnatta på hotell, campingplassar, hyttegrender og vandreheimar i fylket i perioden januar august 2016. Dette er ein vekst på 1,7 prosent samanlikna med same periode i 2015. Nordmenn utgjer 61,6 prosent av det totale talet på overnattingar her i fylket. Fjord Norge-regionen hadde i denne periode ein nedgang på 0,9 prosent i norske overnattingar medan heile landet hadde ein auke på 2,3 prosent. I same periode hadde vi totalt 439 734 utanlandske overnattingar. Dette representerer ein vekst på 18,8 prosent samanlikna med same periode i 2015. Fjord Norge-regionen hadde i same periode ein vekst på 13,5 prosent og heile landet ein vekst på 11,6 prosent i utanlandske overnattingar.

For Møre og Romsdal har tradisjonelt dei viktigaste marknadene forutan nordmenn vore : Tyskland, Sverige, Nederland og Storbritannia. Nedanfor er det sett opp ein tabell som viser utviklinga i desse viktige marknadene samla marknad, det vil seie alle typar registrerbare overnattingar. 01.01.15 31.08.15 01.01.16 31.08.16 Endring % Tyskland 93 539 120 216 28,5 Sverige 33 303 42 846 28,7 Nederland 30 129 36 055 19,7 Storbritannia 24 959 24 593-1,5 Det er også nokre andre marknader som viser ei spennande utvikling i Møre og Romsdal. Særleg gjelder dette kanskje Kina som har hatt ein fin vekst i heile landet. Kina representerer eit enormt potensiale og alle prognoser viser at den utviklinga vi ser no, er bare byrjinga. Nedanfor er sett opp ein tabell med utviklinga i nokre marknader som har vist særs god utvikling i 2016. 01.01.15 31.08.15 01.01.16 31.08.16 Endring % Frankrike 17 279 22 595 30,8 Polen 17 286 20 003 15,7 USA 14 944 18 549 24,1 Danmark 11 598 15 095 30,2 Kina 12 007 15 087 25,7 Polen har tradisjonelt for ein store del representert arbeidsinnvandring. Det er usikkert om det i same grad framleis er slik med dagens arbeidsmarknad. Hotellstatistikken viser ein auke frå 684 273 til 701 431 overnattingar i perioden januar august 2016 samanlikna med same periode i 2015. Dette er ein auke på 2,5 prosent. Nordmenn har i denne perioden hatt ein nedgang på 3,6 prosent medan internasjonale overnattingar ein auke på 16,9 prosent. Overnattingar ved campingplassar, hyttegrender og vandreheimar har i perioden hatt den største prosentvise auken med ein auke frå 380 499 til 444 961 overnattingar. Dette representerer ein auke på 16,9 prosent. Nordmenn har i denne perioden ein auke på 13,8 prosent medan utanlandske overnattingar har ein auke på 21,0 prosent. Fordelinga mellom overnatting på hotell og overnatting på campingplassar, hyttegrender og vandreheimar er 61,2 prosent på hotell mot 38,8 prosent på campingplassar, hyttegrender og vandreheimar. Overnattingar på hotell som representerer ferie- og fritidssegmentet viser ein auke i perioden, frå 375 351 overnattingar til 394 897 som er ein auke på 5,2 prosent. Overnattingar på hotell i ferie- og fritidssegmentet utgjer i denne perioden 34,4 prosent av totale overnattingar i Møre og Romsdal og 56,3 prosent av overnattingane på hotell. Ferie- og fritidssegmentet blir definert som det segmentet ein kan påverke mest med marknadsføring, medan både yrkestrafikk og kurs/konferanse segmentet er meir konjunkturutsett. Yrkestrafikken på hotell har i

same perioden ein nedgang på 4,9 prosent medan kurs/konferanse har ein auke på 20,7 prosent. Det er bare hotellstatistikken som er delt inn i segmenta kurs/konferanse, yrke og ferie/fritid. Trafikkutvikling i destinasjonsselskapa i denne perioden. I Møre og Romsdal hadde vi pr 31. desember 2014 fire destinasjonsselskap. Dette var Destinasjon Kristiansund & Nordmøre AS, Destinasjon Molde & Romsdal AS, Destinasjon Ålesund & Sunnmøre og Destinasjon Geirangerfjord & Trollstigen AS. Frå 1. januar 2015 vart Destinasjon Kristiansund & Nordmøre AS og Destinasjon Molde & Romsdal AS slått saman og namnet på dette nye selskapet er Visit Nordmøre & Romsdal AS. I statistikksamanheng opererer ein framleis med to destinasjonsselskap for denne regionen, men dette vil nok bli endra. På Sunnmøre er Destinasjon Ålesund & Sunnmøre utvida til også å omfatte Stranda og Norddal kommunar som tidlegare var med i Destinasjon Geirangerfjord & Trollstigen AS. Destinasjon Geirangerfjord & Trollstigen AS har endra namn til Destinasjon Geirangerfjord AS og er vidareført som destinasjonsselskap for bygda Geiranger og nokre andre bygder både i Stranda og Norddal. Dette selskapet er enno i støypeskeia og det er for tidleg å seie noko konkret om storleik eller ressursar. I statistikksamanheng og dermed i avsnitta nedanfor, vil ein derfor operere med dei fire opphavlege destinasjonsselskapa slik dei var inndelt pr 31. desember 2014. Desse vil bli omtala som regionar sidan dei ikkje speglar den reelle destinasjonsstrukturen. Ålesund & Sunnmøre Ålesund & Sunnmøre har i perioden hatt totalt 648 899 overnattingar, det vil seie overnattingar på hotell, campingplassar og hyttegrender. Dette representerer ein auke på 12,8 prosent samanlikna med same periode i 2015. Campingplassar og hyttegrender hadde ein auke frå 163 706 til 217 429 overnattingar som er ein auke på heile 32,8 prosent. Overnatting på hotella i regionen hadde ein auke på 4,8 prosent frå 411 742 til 431 470 i denne perioden og for Ålesund by er auken på 3,0 prosent. Dersom ein ser nærare på overnattingsstatistikken på hotell så viser denne ein nedgang frå 137 791 til 131 425 for yrkestrafikken til regionen, medan både kurs/konferanse og ferie/fritidsmarknaden begge har positiv utvikling. Nordmenn er den viktigaste kundegruppa for regionen med 369 456 overnattingar som utgjer 56,9 prosent av totale overnattingar i dette området. Geirangerfjord & Trollstigen Geirangerfjord & Trollstigen har i perioden hatt totalt 236 450 overnattingar. Dette representerer ein auke på 21,7 prosent samanlikna med same periode i 2015. Campingplassar og hyttegrender hadde ein auke frå 95 584 til 137 497 overnattingar som er ein auke på heile 43,4 prosent medan hotella i regionen hadde ein auke på 0,5 prosent frå 98 481 til 98 953 i denne perioden. Yrkestrafikken hadde i denne perioden ein nedgang frå 4 469 til 3 072 som er ein

nedgang på 31,3 prosent. Det er verdt å nemne at yrkestrafikken er eit forholdsvis lite segment i denne regionen. Kurs/konferanse segmentet viste i same periode ein auke på 17,2 prosent medan ferie/fritidsmarknaden hadde ein auke på 0,6 prosent. I denne regionen utgjer utanlandske gjestedøgn den viktigaste kundegruppa med 131 246 overnattingar som utgjer 55,5 prosent av totale overnattingar. Molde & Romsdal Molde & Romsdal har i denne perioden hatt totalt 296 819 overnattingar. Dette er ein auke på 5,0 prosent samanlikna med same periode i 2015. Campingplassar og hyttegrender hadde ein auke frå 123 507 til 136 025 overnattingar som er ein auke på 10,1 prosent. Overnatting på hotella i regionen hadde ein auke på 1,0 prosent frå 159 208 til 160 794 i denne perioden og for Molde by er det ein nedgang på 2,5 prosent. Yrkestrafikken ved hotella i regionen har i denne perioden hatt ein auke på 5,3 prosent medan kurs/konferanse marknader har hatt ein nedgang på 4,2 prosent og ferie/fritidsmarknaden har hatt ein nedgang på 1,5 prosent. Nordmenn er den viktigaste kundegruppa for regionen med 191 471 overnattingar som utgjer 64,5 prosent av totale overnattingar i området. Kristiansund & Nordmøre Kristiansund & Nordmøre har i perioden hatt totalt 185 016 overnattingar. Dette er ein nedgang på 3,3 prosent samanlikna med same periode i 2015. Campingplassar og hyttegrender hadde ein nedgang frå 77 941 til 75 849 overnattingar som er ein nedgang på 2,7 prosent. Overnatting på hotella i regionen hadde ein nedgang på 3,7 prosent frå 113 323 til 109 167 i denne perioden og for Kristiansund by er det ein nedgang på 8,8 prosent. Yrkestrafikken ved hotella i regionen har i denne perioden hatt ein nedgang på 17,3 prosent medan kurs/konferanse har hatt ein auke på 51,5 prosent (forholdsvis små tal) og ferie/fritidsmarknaden har hatt ein auke på 7,0 prosent. Nordmenn er den viktigaste kundegruppa også for denne regionen med 139 486 overnattingar som utgjer 75,4 prosent. Yrkestrafikken utgjorde 42,8 prosent av talet på overnattingar ved hotella i denne regionen. Nedgangen i yrkestrafikken skuldast truleg det som skjer i petroleumssektoren. Ein ser også den same utviklinga i Rogaland og Hordaland som også er ramma av nedgangen i denne sektoren sjølv om nedgangen i desse to fylka er noko mindre. Trafikkutvikling i Møre og Romsdal 2015 samanlikna med 2014 I 2015 var det totalt sett 31 653 839 overnattingar ved norske hotell, campingplassar, hyttegrender og vandreheimar. 2015 var eit år med nedgang for reiselivsnæringa i Møre og Romsdal der talet på totale overnattingar vart 1 357 408 overnattingar som representerte ein nedgang på 4,9 prosent samanlikna med 2014. Nedgangen var størst i prosent for utanlandske gjestedøgn med ein nedgang på 5,2 prosent. Norske gjestedøgn hadde ein nedgang på 4,7 prosent. Nordmenn er den viktigaste kundegruppa for fylket med 935 982 overnattingar som utgjer 69,0 prosent av det totale talet på overnattingar. I 2015 hadde vi 421 426 utanlandske overnattingar i fylket som utgjer 31,0 prosent av det totale talet på overnattingar.

Til samanlikning kan det nemnast at Fjord Norge-regionen hadde ein auke på 0,8 prosent medan heile landet hadde ein auke på 4,4 prosent i 2015 samanlikna med 2014. Forslag til vedtak: Regional- og næringsutvalet tek statusrapporteringa for reiselivsnæringa i Møre og Romsdal pr august 2016 til orientering. Ottar Brage Guttelvik fylkesrådmann Bergljot Landstad regional- og næringssjef Vedlegg 1 Statistikk samla heile 2015 2 Statistikk januar august 2016.