Hordalandslandbruket. Status og utviklingstrekk. Nr. 7-12



Like dokumenter
Arbeid og inntekt i jordbruket i Aust-Agder

Konsekvensanalyse. Vegomlegging Etnesjøen. Juni AUD-rapport nr

Vestlandet ein stor matprodusent

Inntekt i jordbruket 2013

Kompetansearbeidsplassar i Hordaland

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Korleis ta vare på landbruket og utviklinga av næringa gjennom fylkesplanarbeidet?

Framtidsretta kompetansebehov for landbruket på Sør-Østlandet Statistikk Buskerud

Dreneringstilstanden i Norge - resultater fra Landbrukstelling 2010

VERDISKAPING I LANDBRUK OG LANDBRUKSBASERT VERKSEMD I SOGN OG FJORDANE. Loen 4. november 2015 Heidi Knutsen

Status og utviklingstrekk driftsøkonomi i Hordaland

13. Sendetida på TV aukar

12. Færre besøk ved norske kinoar

Skogsvegar på Vestlandet -no eller aldri? Kjetil André Rødland Vestskog

Fransk Spansk Tysk Andre fs. I alt Østfold 13,1 % 30,2 % 27,0 % -

8. Museum og samlingar

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Folketal, verdiskaping og kunnskapsproduksjon på Vestlandet

RESULTATKONTROLLEN II DETALJERT DEL INNHOLD

SENTRUMSOMRÅDE I HORDALAND

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

10. Arkiv. Kulturstatistikk 2010 Statistiske analysar 127. Riksarkivet og statsarkiva leverer ut færre arkivstykke

2014/

Kartlegging av verksemder sitt syn på drosjetilbodet i Bergensområdet. AUD-rapport nr. 12a

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

RETNINGSLINER FOR TILSKOT TIL NÆRINGS- OG MILJØTILTAK I SKOBRUKET (NMSK) FOR PERIODEN BØMLO KOMMUNE

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane

Retningsliner for bruken av investeringsmidlar Solstrand

HORDALANDD. Utarbeidd av

Notat 21/2018. Behovet for faglærte medarbeidarar aukar i det norske arbeidslivet

Kommunesamlingar 2015

Verdiskapning i landbruksbasert matproduksjon

Vi må ta vare på matjorda. Om jordvern og eigedomspolitikk

RESULTATKONTROLLEN II DETALJERT DEL INNHOLD

3Vaksne i fagskoleutdanning

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Husdyrtal i Aust-Agder siste ti år Kjelde: Produksjonstilskot, Landbruksdirektoratet

Talet på bedrifter innan eigedom har auka særleg sterkt i nokre av regionane rundt Bergen.

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

Norske arbeidstakarar med berre grunnskole bør ta meir utdanning

Avdeling for regional planlegging

Kartlegging av befolkninga sitt syn på drosjetilbodet i Bergensområdet. AUD-rapport nr. 12b

7. Sterk auke i enkeltbesøka ved musea

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Tabell F-k viser kriteriedata som ligg til grunn for berekninga av indeksverdiane i tabell E-k.

14. Radio og TV. Liv Taule

ORGANISASJONSAVDELINGA Personalseksjonen - Org avd

Korleis skape samhandlig lokal og regionalt Solstrand, 26.september 2012

Økologisk føregangsfylke i frukt og bær

1Vaksne i grunnskoleopplæring

Status for skogen i Sogn og Fjordane etter Dagmar. Skogens rolle i klimatilpasning og beredskap. Torkel Hofseth Fylkesskogmeister

STRATEGIPLAN FOR BRUK AV MIDLAR TIL SÆRSKILDE MILJØTILTAK I JORDBRUKET OG NÆRINGS- OG MILJØTILTAK I SKOGBRUKET I VANYLVEN KOMMUNE

// Notat 1 // tapte årsverk i 2013

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Vika skogsveg i Åkra, bygd i 1999 Foto: Anbjørn Høivik. Hovedplan skogsveier Kvinnherad kommune

Til deg som bur i fosterheim år

2Vaksne i vidaregåande opplæring

STRATEGIPLAN FOR BRUK AV MIDLAR TIL SÆRSKILDE MILJØTILTAK I JORDBRUKET (SMIL) OG NÆRINGS- OG MILJØTILTAK I SKOGBRUKET (NMSK) I VANYLVEN KOMMUNE

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Sysselsette (arbeidsplassar i Nordhordland)

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN

ØKONOMI- OG ORGANISASJONSAVDELINGA HR-seksjonen

Gjeldsbøra i kommunane Møre og Romsdal

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Børild Skåra Arkivsak: 2015/433 Løpenr.: 5409/2015. Utvalsaksnr. Utval Møtedato Ørsta landbruksnemnd

Stressar bonden slik at det går på tryggleiken laus?

8. Museum og samlingar

Framtidig tilbod av arbeidskraft med vidaregåande utdanning

Leverandørskifteundersøkinga 2. kvartal 2007

5. Informasjons- og kommunikasjonsteknologi

Tilskott til jord- og skogbruk, Bykle kommune.

Produksjon og ringverknader i reiselivsnæringane

17. Trus- og livssynssamfunn og Den norske kyrkja

Norsk Bremuseum sine klimanøtter

Landbruket i Hamar, Løten og Stange Utviklingen fra

Rapport medlemsundersøking 2016

5. Informasjons- og kommunikasjonsteknologi

Fylkesmannen sin praktisering av jordlova, konsesjonslova og odelslova i 2015

Oppsummering 2013 FOR JORDBRUKET TOKKE

Verdiskaping i landbruk og landbruksbasert verksemd i Sogn og Fjordane

Opplæring gjennom Nav

Om Fylkesprognoser.no

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

Oppsummering 2014 FOR JORDBRUKET TOKKE

Lønnsundersøkinga for 2014

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

NÆRINGS- OG MILJØTILTAK I SKOGBRUKET (NMSK) STRATEGI FOR KLEPP KOMMUNE Foto: Hilde Kristin Honnemyr

Verdiskaping og sysselsetting i jordbruket i Trøndelag, Seminar Rica Hell Hotell , Siv Karin Paulsen Rye

Vegtrafikkindeksen 2018

Utvikling antall søkere til produksjonstilskudd

Vegtrafikkindeksen oktober 2018

Bustadmarknaden i Sogn. Presentasjon for Sogn Regionrådsdag Tirsdag 21.april 2015 Leikanger

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: UTVAL FOR PLAN OG UTVIKLING Møtestad: Telefonmøte Møtedato: Tid: 12.30

Fiskeriverksemd i Hordaland

Areal- og strukturutvikling i Aust-Agder-jordbruket

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Innbyggarundersøking i Nordhordland kommunestruktur

1. Det er ikkje mangel på veterinærar, men det kan verta ein mangel på dyktige produksjondyrveterinærar i deler av landet.

Det er to sider ved en bygning; bruken og skjønnheten. Bruken tilhører eieren, skjønnheten hele verden.

Folkemengd etter kjønn, alder og sivilstand. 1. januar 1999

Transkript:

Hordalandslandbruket Status og utviklingstrekk Nr. 7-12 AUD-rappor t

Utgivar: Tittel: Hordaland fylkeskommune, Regionalavdelinga Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) http://www.hordaland.no/aud Hordalandslandbruket status og utviklingstrekk Publikasjonsserie/nr: AUD rapport nr: 07 12 http://www.hordaland.no/aud rapportar Dato: 27. juni 2012 Forfattar: Framsidebilete: Kathrin Jakobsen Tlf: 55 23 90 61 E post: kathrin.jakobsen@hfk.no Storféprosjektet Hordaland, http://www.tinevest.no/mp30.htm

INNHALD OPPSUMMERING... 3 1 INNLEIING... 7 2 RESSURSAR... 9 2.1 Jord- og skogressursar... 9 2.2 Boligar... 10 2.3 Menneskelege ressursar... 12 3 UTVIKLINGA PÅ LANDBRUKSEIGEDOMAR MED JORDBRUKSAREAL... 17 3.1 Tal jordbruksbedrifter... 17 3.2 Jordbruksareal... 18 3.3 Storleik... 20 3.4 Produksjon... 23 4 UTVIKLINGA PÅ LANDBRUKSEIGEDOMAR MED PRODUKTIVT SKOGBRUKSAREAL... 28 4.1 Tal skogeigedomar, areal og storleik... 28 4.2 Skogavvirking... 32 4.3 Infrastruktur... 34 4.4 Skogkultur... 36 5 TILLEGGSNÆRINGAR... 38 6 KVA BETYR LANDBRUKET FOR NÆRINGSLIVET I HORDALAND?... 41 6.1 Bortfall av jordbruket... 41 6.2 Bortfall av skogbruket... 44 2

OPPSUMMERING Kva er særtrekka ved hordalandslandbruket? Landbruk omfattar jordbruk og hagebruk, skogbruk og tilleggsnæringar. Til saman representerer hordalandslandbruket betydelege ressursar i form av jordbruksareal, skogareal, husdyr, frukttre, bustadar, driftsbygningar, maskinar, arbeidskraft og kompetanse. Hordalandslandbruket er kjenneteikna av mange, små jordbruksbedrifter og skogeigedomar. Det var 13 411 landbrukseigedomar i Hordaland i 2010. 86 % av desse hadde bustadhus. Hordaland er eitt av dei fylka med størst del ubebudde landbrukseigedomar (2 643 eigedomar). Bøndene i Hordaland skil seg ut frå bøndene i dei andre vestlandsfylka og i landet som heile ved at gjennomsnittsalderen er høgare, i snitt har dei mindre inntekter frå jordbruket, det er færre som har jordbruket som hovudinntektskjelde og det er færre som har landbruksutdanning. Kjønnsfordelinga er derimot om lag den same i Hordaland som i resten av landet. Nokre bønder satsar også stort i Hordaland: Delen jordbruksareal som er leigd er like stort i Hordaland som på landsbasis. Jordbruket Om lag 12 800 landbrukseigedomar med jordressursar ga grunnlag for 3 270 jordbruksbedrifter i Hordaland i 2011. Utviklinga har gått i retning av færre og større jordbruksbedrifter. I Hordaland blei det 38 % færre jordbruksbedrifter i perioden 2000-2011. Jordbruksareal per jordbruksbedrift har auka i same periode, frå 95 dekar i 2002 til 127 dekar i 2011. Men Hordaland har framleis dei minste jordbruksbedriftene i landet. Over halvparten av jordbruksbedriftene hadde mellom 50 og 99 dekar i 2011, mot 30 % på landsbasis. Berre 7 % har over 300 dekar, mot 23 % på landsbasis. Sjølv om jordbruksareal i drift har gått noko ned i Hordaland på 2000-talet, er ikkje nedgangen like stor som i andre fylke, som til dømes Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Det som er spesielt for Hordaland er at berre vel halvparten av jordbruksareal i drift er fulldyrka areal (53 %), som er den lågaste andelen av alle fylka. Resten er innmarksbeite. Også Rogaland og Sogn og Fjordane har låge andelar. Denne andelen har gått mest ned i Hordaland i perioden 2001-2010. Jordbruket i Hordaland er i hovudsak basert på husdyrhald og fruktproduksjon. 85 % av alle jordbruksbedriftene, dvs. 2 790 jordbruksbedrifter, hadde husdyrhald i 2010. Sauehald er den dominerande forma for husdyrhald. Over 70 % av jordbruksbedriftene har sauehald. Ikkje i nokre andre fylke er det ein så stor andel av jordbruksbedriftene som har sauar. Sjølv om det er mogleg å kombinere ulike former for husdyrhald, så er andelen med storfe og mjølkekyr i Hordaland markant lågare enn i andre fylke. 3

På 2000-talet har det vore ein viss vekst i avlssvin og slaktesvin i Hordaland, men ikkje så mykje som i Rogaland, og ein liten vekst i ammekyr. Alt anna husdyrhald har hatt nedgang i Hordaland. Det mest påfallande er likevel at hordalandsbøndene ikkje har teke del i den kraftige veksten i verpehøner og slaktekylling. Dei tre andre vestlandsfylka har alle hatt ein sterk vekst her. Hordaland er det største fruktfylket i Noreg, spesielt på eple og plommer. I 2010 var det 886 jordbruksbedrifter som dyrka frukt i Hordaland på til saman 8 000 dekar. Dette utgjer 40 % av alle jordbruksbedrifter med frukt i Noreg og 38 % av alt areal som blir nytta til fruktdyrking. Storleiken på arealet til fruktbøndene i Hordaland er derimot mykje mindre enn i fruktfylka på Austlandet. Skogbruk Hordaland har også mange små skogeigedomar i landsmålestokk. I 2010 var det om lag 8 700 landbrukseigedommar med skog over 25 dekar i Hordaland. Når vi slår saman landbrukseigedomar med felles eigar, ender vi på om lag 8 500 skogeigedomar. Det er berre dei store skogfylka på Austlandet som har fleire skogeigedomar. Hordaland og dei andre vestlandsfylka er også dei fylka med minst produktivt skogareal. Heile det produktive skogarealet i Hordaland er på skogeigedomar med mindre enn 1 000 dekar skogareal. Alle dei andre vestlandsfylka har skogeigedomar som er større enn dette. I 2010 blei det tatt ut 118 000 kubikkmeter skog for sal i Hordaland. Dette er det høgaste kvantumet som er teke ut etter 1997. Det har vore ein sterk vekst i Hordaland etter eit botnpunkt i 2002. Det er først og fremst gran som blir tatt ut i Hordaland. For å kunne drive moderne skogdrift, er det naudsynt med utbygging av skogbilvegar som er tilpassa transport av skogsmaskinar og tømmer. I Hordaland er det totalt 853 km skogsbilvegar. Bygging av nye skogsvegar skaut fart på byrjinga av 90-talet, men likevel med berre 10 20 km ny veg kvart år. Dei siste åra er det bygd under 10 km ny veg kvart år i Hordaland. Nybygging og ombygging av skogsvegar har flata ut etter 2004 både på landsbasis og i Hordaland. Frå 2002 til 2003 var det ein kraftig nedgang både i skogplantinga og i ungskogpleie over heile landet. Sjølv om desse aktivitetane har teke seg litt opp etter 2003, har ein likevel eit stykke igjen til 2002-nivået. Dette gjeld også Hordaland. Hordaland er eitt av dei fylka kor produktivt skogareal har auka mest i perioden 2006-2010 (12 %). Det er venta at skogplantinga på 60- og 70-talet vil føre til at dette arealet aukar enno meir dei næraste åra. Infrastrukturen er imidlertid ikkje på plass for å kunne ta ut denne skogen på ein effektiv måte. Nyplanting og skogpleie, nødvendig for å halde kontinuiteten i skogsdrifta, ser heller ikkje ut til å vere ivareteke. Ein struktur med mange små skogeigedomar og skogeigarar set også krav til planlegging og koordinering av dette arbeidet. 4

Kva skjer på landbrukseigedomane? I tillegg til jordbruk og skogsdrift skjer det også andre næringsaktivitetar på landbrukseigedomane. Om lag halvparten av jordbruksbedriftene i Hordaland hadde ei eller fleire tilleggsnæringsnæringar i 2010. Leigekøyring med traktor/skurtreskar er den mest vanlege tilleggsnæringa (19 %), deretter bearbeiding av skogvirke (16 %), utleige av jakt- og fiskerettar (13 %) og utleige av driftsbygningar eller våningshus (10 %). 6 % av jordbruksbedriftene i Hordaland har camping, hytteutleige og gardsturisme som tilleggsnæring, noko som er så vidt over snittet for landet som heilskap. I perioden 1999-2010 har det vore ein auke i alle tilleggsnæringane, med unnatak av camping, hytteutleige og gardsturisme. Størst auke har det vore innan utleige av jakt- og fiskerettar og bearbeiding av skogvirke. Kva betyr landbruket for næringslivet i Hordaland? Jordbruket i Hordaland stod i 2008 for ein produksjon på 1,4 milliardar kroner. I tillegg kjem ringverknader i andre næringar som leverer varer og tenester til jordbruksbedriftene, tilsvarande 239 millionar kroner. Ringverknadene er berekna gjennom ein konsekvensanalyse av eit fullstendig bortfall av jordbruket i Hordaland. Ringverknadene vil vere størst innan eigedomsdrift, privat tenesteyting, varehandel og næringsmiddelindustri. Totalt står den jordbruksrelaterte produksjonen for 1,6 milliardar kroner i Hordaland. Dette utgjer 0,4 % av den totale produksjonen i næringslivet i Hordaland. Sysselsettingsverknadene er noko mindre. Det er ikkje berekna ringverknader i dei næringane som baserer sin produksjon på varer og tenester frå jordbruket i Hordaland. Dette skuldast at det i analysemodellen blir føresett at denne produktinnsatsen kan erstattast med import eller kjøp utanfor regionen. Dette vil ikkje gjelde for mottaksleddet for mjølk og frukt i Hordaland. Produksjonen i næringsmiddelindustrien totalt i Hordaland er 7 milliardar kroner. Noko av denne produksjonen vil bli redusert som følgje av manglande lokale leveransar av jordbruksprodukt til desse verksemdene. Den totale produksjonsnedgangen i Hordaland vil difor vere større enn 1,6 milliardar kroner. Skogbruket i Hordaland stod i 2008 for ein produksjonsverdi på 126 millionar kroner, som er markant lågare enn i jordbruket. Ringverknadene av ei nedlegging av skogbruket i Hordaland vil først og fremst kome innan varehandel og eigedomsdrift. Til saman vil ringverknadene i dei næringane som leverer varer og tenester til skogbruket føre til ein nedgang i produksjonen tilsvarande 14 millionar kroner. Den skogbruksrelaterte produksjonen står etter dette for 140 millionar kroner til saman. Dei største ringverknadene vil truleg kome i dei næringane i Hordaland som skogbruket leverer tømmer til. Den største av desse næringane er trelast- og trevareindustrien. Produksjonsverdien i denne næringa var 1,2 milliardar kroner i 2008. Kor mykje av denne produksjonen som er avhengig av leveransar frå skogprodusentar i Hordaland er uklårt. I tillegg vil truleg også treforedlingsindustrien i Hordaland bli råka. 5

Behov for meir kunnskap om hordalandslandbruket? Hovudbiletet er at det er mange små jordbruksbedrifter i Hordaland og det er dei færraste som har gardsdrifta som hovudinntektskjelde. Samstundes er det ein del bønder som satsar på gardsdrifta. Vi har behov for å vete meir om: Korleis går det med dei som satsar stort? Dei som leiger jordbruksareal? Dei som har etablert samdrift? Kva skjer på dei landbrukseigedomane som har leigd ut jordbruksarealet? Korleis nyttast ressursane på garden? Er desse eigedomane bebudde? Kor viktig er tilleggsnæringane for den totale drifta på garden? Kva kompetanse og kompetansebehov har bøndene som gruppe i høve til jordbruksdrifta? Skogsdrifta er på mange landbrukseigedomar i Hordaland å sjå på som ei tilleggsnæring til jordbruket. Det er svært få landbrukseigedomar som berre har skogsdrift. Arbeidet til skogeigarane omfattar i hovudsak pleie av skogen og vedhogst. Avvirking av skog blir sett ut til entreprenørar. Produksjonen i skogbruket er låg per i dag, men skogbruket har likevel eit stort næringsmessig potensiale som skuldast at store mengder skog er hogstmoden dei komande åra. I tillegg til å byggje ut ein god infrastruktur, er det viktig med kompetanse i alle ledd. Det vi har behov for å vete meir om er: Kva kompetanse, kunnskap og haldningar har dei mest sentrale aktørane i skogbruket til drift, avvirking og nyplanting av skog, slik som: Skogeigarane Kommunane Med atterhald om at denne typen kunnskap allereie finst i forskingsrapportar og utgreiingar som vi ikkje har funne fram til, så må den manglande kunnskapen om landbruket som er identifisert her, i hovudsak innhentast gjennom kartleggingar/spørjeundersøkingar. 6

1 Innleiing Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) har på oppdrag frå Utviklingsseksjonen i Regionalavdelinga gjennomført ein analyse av landbruket i Hordaland. Fokus for denne analysen skulle vere på: 1. Kva ligg i omgrepet landbruk? Kva tyding har det fått over tid og kva praksis er knytt til det? 2. Kva er særtrekka ved hordalandslandbruket? 3. Korleis har utviklinga vore over tid? 4. Kva skjer på landbrukseigedomane i Hordaland? 5. Kva skjer med bruk som blir lagt ned (t.d. med omsyn til areal, overgang til nye næringar)? 6. Kva kompetanse har bøndene i Hordaland? 7. Identifisere kunnskapshol og ev. kome med med framlegg til korleis desse kunnskapshola kan fyllast. For å svare på desse spørsmåla har vi i hovudsak nytta deskriptiv framstilling av statistikk basert på offisielle kjelder. I tillegg har vi gjort ein analyse av ringverknadene av landbruket i Hordaland i dei næringane som leverer varer og tenester til landbruket. Dette er med å kaste lys over kva betydning landbruket har for næringslivet i fylket. Punkt 5 har vi ikkje klart å gje ei god framstilling av basert på tilgjengeleg statistikk. Her vil det vere nødvendig å gjere nye kartleggingar. Det har heller ikkje vore mogleg å gje tilfredsstillande svar på kva kompetanse bøndene i Hordaland har (jf. pkt. 6), utover andel bønder med landbruksfagleg utdanning. Det er gjennomført ei undersøking blant bøndene i Hordaland om kva type opplæring dei ønskjer (jf. Ønskje om opplæring, kjøp av tenester, framtidsutsikter og hindringar for bøndene i Hordaland, NILF, Notat 2009-16). Dette vil seie noko om kva kompetanse dei ikkje har, og dermed delvis vere eit svar på spørsmålet. Svarprosenten var imidlertid for låg til at resultata kan seie noko om opplæringsbehovet for bøndene i Hordaland totalt sett. Landbruk blir som oftast nytta som ei felles nemning på jordbruk, skogbruk og hagebruk (jf. punkt 1). Med jordbruk meinar vi dyrking av jorda og stell av husdyr for å framskaffe produkt frå planter og dyr. Med skogbruk meinar vi skjøtsel og drift av skogen for virke- og tømmerproduksjon. Med hagebruk meinar vi dyrking av frukt, bær, grønnsaker, urter, blomstar og planteskolevekster i veksthus og/eller på friland. Mange har teke til orde for eit utvida landbruksomgrep som også inkluderer tilleggsnæringar til landbruket. Landbruks- og matdepartementet (LMD) kalla sin strategi for næringsutvikling i 2005 for: Landbruk mer enn landbruk. Det blei her uttalt at det viktigaste målet med 7

næringsstrategien var å styrke og utvikle primærproduksjonen og å auke merksemda retta mot heile verdikjeda. Styresmaktene ønskte å fremje eit meir robust landbruk med fleire bein å stå på etter kvart som lønsemda for tradisjonell landbruksdrift gjekk ned og bruka blei færre. Dei nye næringane skulle kome i tillegg til og som eit supplement til tradisjonell jordbruksproduksjon. For å stimulere denne satsinga oppretta LMD ulike støtteordningar som gjekk under nemninga Landbruk Pluss I den nye landbruksmeldinga (Meld.St.9, 2011-2012) innfører LMD eit nytt omgrep bygdenæringar. Departementet meiner at korkje tilleggsæringar eller nye næringar blir sett på som dekkjande for den verksemda som har vakse fram - tilleggsnæringar fordi nokre tilleggsnæringar har blitt hovudinntektskjelda på bruket og nye næringar fordi dei har vore ein del av landbruket i generasjonar. Bygdenæringar blir definert som næringar som er basert på landbruket sine ressursar, men utan behov for støtte utover det som gjeld generelt. På bakgrunn av dette er det behov for å skilje mellom det tradisjonelle jord- og skogbruket og bygdenæringane når vi skal prøve å beskrive hordalandslandbruket. Vi vil likevel halde fram med å nytte omgrepet tilleggsnæringar i staden for bygdenæringar, sidan dette omgrepet er innarbeidd både hos SSB og andre statistikkprodusentar. 8

2 Ressursar Landbrukseigedomar er eigedomar som blir nytta eller kan nyttast til jord- og/eller skogbruk. Alt som som høyrer til same eigar i ein kommune, høyrer til same landbrukseigedom utan omsyn til om den omfattar fleire matrikkelnummer (grunneigedomar). Det er landbrukseigedomane med tilhøyrande jord- og skogressursane, bustadmasse og dei menneskelege ressursane som er grunnlaget for landbruksdrifta i Hordaland. I Hordaland var det 13 411 landbrukseigedomar i 2010. 2.1 Jord- og skogressursar 60 % av landbrukseigedomane i Hordaland hadde både jord og skog i 2010, medan 35 % hadde berre jord (sjå figur 1). 5 % hadde berre skog. Det betyr at 95 % av landbrukseigedomane i Hordaland (12 800 landbrukseigedomar) har jordressursar og 65 % av landbrukseigedomane (eller om lag 8 700 landbrukseigedomar) har skogressursar. Berre jord Berre skog Både jord og skog 35 % 60 % 5 % Figur 1: Del landbrukseigedomar i Hordaland med både jord (> 4 daa) og skog (> 24 daa), berre jord og berre skog, 2010 Kjelde: SSB 9

2.2 Boligar 11 552 landbrukseigedomar i Hordaland hadde bolighus i 2010. Nesten ein firedel av desse (2 643 eigedomar) hadde ikkje busetting 1. Berre dei tre fylka i Nord-Noreg, Agderfylka, Oslo og Sogn og Fjordane hadde ein større del ubebudde landbrukseigedomar enn Hordaland. På landsbasis er 21 % av landbrukseigedomar med bolighus ubebudde (sjå figur 2). 6,4 % av befolkninga i Hordaland bur på landbrukseigedomar. 30 Del landbrukseigedomar (%) 25 20 15 10 15,6 22,9 24,3 20,1 21,4 5 0 Rogaland Hordaland Sogn og Fjordane Møre og Romsdal Alle fylke Figur 2: Del landbrukseigedomar med bolighus, men utan busetting, fylke, 2010 Kjelde: SSB Statistikkbanken, Landbrukseiendommer 1 En landbrukseigedom reknast som busett dersom minst ein person i Det sentrale folkeregisteret er registrert med fast adresse på eigedomen (SSB). 10

Sjølv om eigedomen har busetting, er det ikkje nødvendigvis eigar som bur på eigedomen. Figur 3 viser at berre 60 % av eigarane bur på eigedomen. 18 prosent bur andre stadar i same kommune, medan 11 % bur andre stadar i Hordaland. Busett i fylket 11 % Busett annan stad 7 % Anna 4 % Bur på eigedomen 60 % Busett i eigedomskommunen 18 % Figur 3: Del eigarar av landbrukseigedomar med bolighus i Hordaland etter busettingsstad, 2010 Kjelde: SSB 11

2.3 Menneskelege ressursar I 2011 var det 3 135 bønder i Hordaland i tydinga at dei var hovudansvarleg for drifta på garden. 478 av desse var kvinner (15 %) og 2 657 menn (85 %). Andelen kvinner er om lag like stor i alle fylka i Noreg (14-15 %). Gjennomsnittsalderen for bøndene i Hordaland er relativt høg, 51 år for menn og 49 år for kvinner. 17 % av bøndene er under 40 år og 57 % er over 50 år. Rogaland har saman med Nord-Trøndelag dei yngste bøndene i landet (49 år i snitt), medan Sogn og Fjordane har dei eldste (52 år i snitt) (sjå figur 4). 100 % 146 128 140 99 1470 90 % 80 % 730 665 692 570 8292 70 % 60 % 50 % 40 % 30 % 1147 1240 952 823 956 809 842 758 12729 12503 70 år eller eldre 60 69 år 50 59 år 40 49 år Under 40 år 20 % 10 % 1000 535 465 472 7837 0 % Rogaland Hordaland Sogn og Fjordane Møre og Romsdal Heile landet Figur 4: Aldersfordeling personlege brukarar etter fylke, 2011 Kjelde: SSB Statistikkbanken 12

Bøndene i Hordaland er blant dei som har minst formell landbruksfagleg kompetanse (sjå figur 5). 35 % av dei som har hovudansvaret for drifta har landbruksutdanning. 9 % av partnarane har slik utdanning. Den formelle landbruksfaglege kompetansen er langt høgare på landsbasis med 44 %. På Vestlandet er det berre Rogaland som ligg på dette nivået. Aller høgast ligg Nord-Trøndelag med 55 %. 50 45 44,4 44,2 40 35 35,1 35,7 39,8 30 25 20 Andel med landbruksutdanning Andel der partnar har landbruksutdanning 15 10 10,9 9,2 8,8 7,8 9,8 5 0 Rogaland Hordaland Sogn og Fjordane Møre og Romsdal Heile landet Figur 5: Andel personlege brukarar og partnarar med landbruksutdanning, 2010 Kjelde: SSB Statistikkbanken, Landbrukstellingane I ei spørjeundersøking gjennomført av NILF i samarbeid med Fylkesmannen i Hordaland 2, retta mot bøndene i Hordaland, blei respondantene spurde om kva type opplæring innan tradisjonelle produksjonar dei ønskte seg. Flest respondentar ønskte opplæring innan småféproduksjon, gras- og fôrproduksjon, mjølkeproduksjon, vedproduksjon og storféproduksjon. 2 Jf. Ønskje om opplæring, kjøp av tenester, framtidsutsikter og hindringar for bøndene i Hordaland, NILF, Notat 2009-16. Målgruppa for undersøkinga var alle gardbrukarane i Hordaland, også dei som ikkje har søkt om produksjonstilskot. Spørjeskjemaet var innlegg i tidsskrifta Vestlandsk landbruk og Bondevennen. Svarprosenten var 5 %. Resultata er difor ikkje representative for alle gardbrukarane i Hordaland og kan difor berre gje ein liten peikepinn på kva opplæringsbehova blant bønene i Hordaland er. 13

Også i høve til kor stor del av bruttoinntekta som kjem frå jordbruk, skil Hordaland seg frå dei andre vestlandsfylka og landsgjennomsnittet (sjå figur 6). Berre 22 % av brukarane i Hordaland har meir enn halvparten av bruttoinntekta si frå jordbruket. Til samanlikning er jordbruket hovudinntektskjelda til 40 % av bøndene i Rogaland. Landsgjennomsnittet er på 32 %. Kvar tredje brukar (32 %) i Hordaland har inga inntekt frå jordbruket. Halvparten av brukarane har under 10 prosent av inntekta si frå jordbruk. Rogaland er blant dei fylka som har minst andel brukarar utan inntekt frå jordbruket (21 %). 100 % 90 % 20 10 12 19 14 80 % 70 % 19 12 19 19 18 60 % 50 % 40 % 30 % 27 13 28 18 32 25 14 12 27 15 90 prosent eller mer 50 89 prosent 10 49 prosent 1 9 prosent 0 prosent 20 % 10 % 21 32 24 25 26 0 % Rogaland Hordaland Sogn og Fjordane Møre og Romsdal Heile landet Figur 6: Andel brukarar etter næringsinntekt frå jordbruk i prosent av bruttoinntekt, 2010 Kjelde: SSB Statistikkbanken Gjennomsnittsinntekta frå jordbruket per brukar er følgeleg lågare i Hordaland, både i høve til dei andre vestlandsfylka og i høve til landet som heile (sjå figur 7). Kvar brukar i Hordaland i har i snitt 103 000 kroner i inntekt frå jordbruket. I Rogaland er snittet over dobbelt så stort, 210 000 kroner. På landsbasis er snittet 155 000 kroner. 14

250 000 210 000 200 000 170 400 150 000 129 600 154 800 100 000 102 800 50 000 0 Rogaland Hordaland Sogn og Fjordane Møre og Romsdal Heile landet Figur 7: Næringsinntekt frå jordbruket per brukar, 2010 Kjelde: SSB Statistikkbanken 100 % 90 % 609 469 484 419 7 494 165 184 164 133 2 647 80 % 70 % 60 % 50 % 40 % 12 446 6 295 6 893 6 618 94 534 Tilleggsnæringar Skogbruk Jordbruk 30 % 20 % 10 % 0 % Rogaland Hordaland Sogn og Fjordane Møre og Romsdal Heile landet Figur 8: Arbeidsinnsats i jordbruk, skogbruk og andre tilleggsnæringar på landbrukseigedomar, etter fylke. 1 000 timeverk. 2009/10 Kjelde: SSB Statistikkbanken, Landbrukstellingane 2010 15

I Hordaland blei det i 2010 utført 6,3 mill timeverk i jordbruket (sjå figur 8). Dette utgjorde 90 % av alle timeverka som blei utført på landbrukseigedomane. 184 000 timeverk blei utført innan skogbruk og 469 000 timeverk i tilleggsnæringane. Jordbruket er med andre ord den desidert største landbruksnæringa målt i sysselsetting. Dette gjeld også for landet som heilskap. I Rogaland er denne delen enda større enn i Hordaland (94 %). 16

3 Utviklinga på landbrukseigedomar med jordbruksareal Jordbruket har dei siste tiåra gjennomgått ei rask utvikling mot færre og meir effektive jordbruksbedrifter 3. I følgje SSB blei tal gardsbruk redusert med nesten sju bruk kvar einaste dag mellom 1999 og 2008. Fulldyrka jordbruksareal minka med 380 000 dekar i perioden. Samstundes går utviklinga mot større jordbruksbedrifter og meir jordleige. Denne utviklinga finn vi i alle fylka i Noreg om enn i varierande grad. 3.1 Tal jordbruksbedrifter I 1969 var det 12 196 jordbruksbedrifter i Hordaland. Etter den tid har talet jordbruksbedrifter gått kraftig ned, med over 2 000 per tiår. På 2000-talet har tal jordbruksbedrifter gått ned frå 5 047 i 2001 til 3 270 i 2011, ein nedgang på 35 %. I den siste delen av denne perioden har utviklinga flata noko ut (sjå figur 9). Rogaland er det fylket i landet som har hatt minst prosentvis nedgang i tal jordbruksbedrifter, men også her har det skjedd ei omfattande omstrukturering mot færre bruk. Nedgangen på 2000-talet har vore på 24 %. Dei andre vestlandsfylka har hatt om lag same utvikling som Hordaland. 7 000 6 000 5 000 Tal jordbruksbedrifter 4 000 3 000 Rogaland Hordaland Sogn og Fjordane Møre og Romsdal 2 000 1 000 0 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 Figur 9: Utvikling i tal jordbruksbedrifter, 2001 2011 Kjelde: SSB statistikkbanken, Strukturen i landbruket 3 Ei jordbruksbedrift er ei verksemd med jordbruksdrift, inkludert hagebruk og husdyrhald. Bedrifta omfattar alt som blir drive som ei eining under ei leiing og med felles bruk av produksjonsmidlar. 17

Det betyr at dei 12 800 landbrukseigedomane i Hordaland som har jordressursar gir grunnlag for 3 270 jordbruksbedrifter. Dette skuldast truleg primært at jordbruksproduksjonen på desse eigedomane er lagt ned over tid, men også at drifta på fleire landbrukseigedomar er blitt slått saman til ei eining. 3.2 Jordbruksareal Jordbruksareal i drift 4 auka noko på landsbasis fram til tusenårsskiftet. Etter det har jordbruksareal i drift vist ein svak nedgang. Frå 2010 til 2011 har jordbruksareal i drift gått ned med 77 000 dekar. Det er fleire årsaker til denne nedgangen, til dømes omdisponering til andre føremål (boligar, andre bygningar, samferdselsføremål, friområde/golfbane, skogplanting med meir) og omdisponering innanfor jordbruket, til dømes bygging av nye driftsbygningar. Innføring av nytt kartverk i delar av landet har også ført til ei viss nedjustering av jordbruksarealet 5. Andre årsaker er gjengroing og at marginale område blir tatt ut av produksjon (www.slf.dep.no/no/statistikk/utvikling/jordbruksareal). I Hordaland har nedgangen i jordbruksareal i drift vore 7,8 % i perioden 2001-2011 (sjå figur 10). Møre og Romsdal er det fylket som har hatt størst prosentvis nedgang i jordbruksareal i drift i denne perioden i heile landet (10 %), medan Rogaland er det fylket som har hatt minst nedgang (0,4 %). Jordbruksareal i drift har vore nokolunde stabilt i Rogaland og til og med ein liten auke frå 2010 til 2011. I dei andre vestlandsfylke har det vore ein vedvarande nedgang. 4 Statens landbruksforvaltning publiserer statistikk basert berre på søknadar om produksjonstilskott i jordbruket. Statistisk sentralbyrå sin statistikk inneheld i tillegg eit mindre tal jordbruksbedrifter som ikkje søkjer tilskott. Dei seinare åra har dette tillegget utgjort 3 4 prosent av totalt tal jordbruksbedrifter, medan det tilhøyrande jordbruksarealet har utgjort i underkant av ein prosent. Totalpopulasjonen av jordbruksbedrifter for åra etter 1999 er avleda av aktive bedrifter i følgje Landbruksregisteret, og blir deretter kombinert med ei rekkje andre datakjelder: Søknadar om produksjonstilskott i jordbruket Leveranseregisteret for korn og oljevekstar Leveransar av slakt Bedrifts og føretaksregisteret Tilleggsskjema til næringsoppgåve Jordbruksteljing 1999 Årlege landbruksundersøkingar 5 I 2003 blei det starta eit arbeid med å betre kontrollgrunnlaget for arealtilskot. Det blei laga digitale kart på grunnlag av nye flyfoto av jordbruksareala. Dei nye karta viser at jordbruksareala var mindre enn det dei gamle karta viste. Dei nye karta blei tatt i bruk ved kontroll av søknadane frå 2006. Målet er at alle kommunane har tatt i bruk det nye kartgrunnlaget i løpet av 2013. I 2011 hadde 296 kommunar tatt i bruk det nye kartgrunnlaget. 18

0 0,4 2 % vis endring 4 6 4,6 8 7,8 8,4 10 10,0 12 Rogaland Hordaland Sogn og Fjordane Møre og Romsdal Heile landet Figur 10: Prosentvis endring i jordbruksareal i drift etter fylke og heile landet, 2001 2011 Kjelde: SSB statistikkbanken, Strukturen i landbruket Jordbruksareal i drift kan delast inn i fulldyrka areal og innmarksbeite. Fulldyrka jordbruksareal er areal som kan pløyast og/eller fulldyrka eng. Andelen fulldyrka areal var 53 % i Hordaland i 2010. Det er den lågaste andelen av alle fylka. Samanlikna med mange andre fylke er mykje av jordbruksarealet i Hordaland oppdelt i små og ofte bratte jorde, som er lite eigna for bruk av moderne maskinar og reiskap (http://www.ssb.no/valgaktuelt/art-2009-08-26-01.html) Men også Rogaland og Sogn og Fjordane har mykje mindre fulldyrka areal målt i prosent av jordbruksareal i drift, enn dei andre fylka. Samtlege fylke har hatt negang i andelen fulldyrka areal i perioden 2001-2010, men Hordaland er det fylket som har hatt størst nedgang med 6,1 prosentpoeng (sjå figur 11) 6. Det fulldyrka jordbruksarealet har minka i denne perioden, frå om lag 450 000 dekar til om lag 415 000 dekar. 6 SSB har ikkje publisert 2010 tal for fulldyrka areal for Modalen kommune og Fedje kommune av omsyn til anonymitet. Sum fulldyrka areal i 2010 er difor for lågt. Det gjer at den berekna nedgangen på 6,1 prosentpoeng er større enn den reelle. Dersom vi nyttar sist tilgjengelege tal for Modalen (2009) og Fedje (2005), er endringa på 5,8 prosentpoeng. Det reelle talet er dermed ein stad mellom 5,8 og 6,1 prosentpoeng. 19

90 80 82 9 7 70 5 60 54 53 61 3 Prosent 50 40 0,6 1 1 Prosentpoeng 30 20 10 4,0 6,1 3,3 3 5 7 Fulldyrka jord i % av jordbruksareal i drift Endring 2001 2010 (prosentpoeng) 0 Rogaland Hordaland Sogn og Fjordane Møre og Romsdal 9 Figur 11: Fulldyrka areal som prosent av jordbruksareal i drift og endring 2001 2010. Kjelde: SSB statistikkbanken, Strukturen i landbruket 3.3 Storleik Samstundes med at tal jordbruksbedrifter går ned over heile landet og fulldyrka areal minkar, aukar gardsbruka i storleik. I hovudsak skuldast denne auken leige av jordbruksareal frå eigedomar der eiga jordbruksverksemd er lagt ned. Dei fleste brukarane som leiger jordbruksareal, eiger i utgangspunktet ein eigedom med jordbruksareal, og det leigde arealet omtalast vanlegvis som tilleggsjord (kjelde: SSB). Auken i jordbruksareal per jordbruksbedrift har vore mindre i Hordaland og Sogn og Fjordane samanlikna med Møre og Romsdal og Rogaland og landet som heilskap (sjå figur 12). I Hordaland har jordbruksarealet per jordbruksbedrift auka frå 41 dekar i 1969 til 127 dekar i 2011. Den kraftigaste auken har kome på 2000-talet. I 2011 er det Hordaland som har dei minste jordbruksbedriftene i landet, målt i jordbruksareal per jordbruksbedrift. 20

240 220 200 180 160 Dekar 140 120 100 80 Rogaland Hordaland Sogn og Fjordane Møre og Romsdal Heile landet 60 40 20 0 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 Figur 12: Jordbruksareal (dekar) per jordbruksbedrift etter fylke og heile landet, 2002 2011 Kjelde: SSB statistikkbanken, Strukturen i landbruket Dersom vi ser på korleis jordbruksbedriftene i Hordaland fordeler seg på ulike storleikskategoriar (sjå figur 13), ser vi at over halvparten av jordbruksbedriftene har mindre enn 100 dekar jordbruksareal i drift (53 %). Både Rogaland og Møre og Romsdal ligg på landsgjennomsnittet. Det er berre 7 % av gardsbruka (237 gardsbruk) i Hordaland som har meir enn 300 dekar i 2011. I Rogaland er denne andelen 24 % og på landsbasis 23 %. Del jordbruksareal som er leigd i Hordaland er like høgt som på landsbasis (42 %) (sjå figur 14). Dersom leige av jordbruksareal skal gje utslag i større jordbruksbedriftene i Hordaland relativt sett, må denne andelen vere mykje større enn for landet som heile. 21

100 % 90 % 80 % 333 778 56 26 181 182 375 490 108 415 3617 6 765 70 % 60 % 50 % 40 % 30 % 932 1 225 940 958 1 150 830 615 8 236 904 12 903 500 dekar og mer 300 499 dekar 200 299 dekar 100 199 dekar 50 99 dekar 49 dekar 20 % 612 534 7 918 10 % 0 % 760 760 558 371 6 060 Rogaland Hordaland Sogn og Fjordane Møre og Romsdal Heile landet Figur 13: Andel jordbruksbedrifter etter storleik (dekar) etter fylke, 2010 Kjelde: SSB statistikkbanken 50 47 45 42 42 40 38 35 33 30 Prosent 25 20 15 10 5 0 Rogaland Hordaland Sogn og Fjordane Møre og Romsdal Heile landet Figur 14: Andel jordbruksareal som er leigd, 2010 Kjelde: SSB statistikkbanken, Landbrukstellingane 22

3.4 Produksjon Jordbruket i Hordaland er i hovudsak basert på husdyrhald og fruktproduksjon. Det er berre fire jordbruksbedrifter med areal til korn- og oljevekster i fylket i 2010. Dette utgjer med andre ord ein forsvinnande liten del av arealet av korn- og oljevekster i landet. Husdyrhald 2 790 jordbruksbedrifter i Hordaland har husdyrhald i tydinga at dei har søkt om produksjonstilskot til drifta i 2011. Dette utgjer 85 % av alle jordbruksbedriftene i Hordaland. Det betyr at det er nesten 500 jordbruksbedrifter som ikkje har husdyrhald. Sauehald er den mest vanlege formen for husdyrproduksjon i Hordaland. Over 70 % av jordbruksdriftene har vinterfora sauar (sjå figur 15). Også i Rogaland og Sogn og Fjordane er det flest jordbruksbedrifter som har vinterfora sauar (om lag 60 %), men dette husdyrslaget er ikkje så dominerande i dei to nabofylka som i Hordaland. 41 % av jordbruksbedriftene i Hordaland har storfe, 23 % har mjølkekyr og 13 % har ammekyr. I alle dei andre vestlandsfylka og i landet som heilskap er andelen jorbruksbedrifter med storfe godt over 50 %. Rogaland skil seg frå dei andre fylka ved at ein større del av jorbruksbedriftene har svin og fjørfe (høner og slaktekylling). 80 70 60 Prosent 50 40 30 20 Storfe Mjølkekyr Ammekyr Vinterfora sauer Svin Høner Slaktekyllingar Mjølkegeiter 10 0 Rogaland Hordaland Sogn og Fjordane Møre og Romsdal Heile landet Figur 15: Andel jordbruksbedrifter etter husdyrslag, 2012 Kjelde: SSB statistikkbanken, Husdyrhold 23

Når vi ser på utviklinga i perioden 2002-2012 er det tre særeigne trekk som peikar seg ut (sjå figur 16). For det første har det vore ein veldig vekst i ammekyr på landsbasis (37 %). Dette er kyr som ikkje nyttast i mjølkeproduksjonen, men skal ale fram kalvar for kjøtproduksjon. Mange bønder har seld mjølkekvota og gått over til ammekyr, andre har konsentrert mjølkeproduksjonen til færre kyr og fyller opp plassen med ammekyr. I Rogaland var veksten enno større (46 %). I dei andre vestlandsfylka har det berre vore ein liten vekst. I Hordaland var det imidlertid en kraftig vekst i tal ammekyr frå 1998 til 2002 og så har det halde seg på dette nivået gjennom 2000-talet. 120 110 100 90 % vis endring 80 70 60 50 40 30 20 10 0 10 20 30 40 Rogaland Hordaland Sogn og Fjordane Møre og Romsdal Heile landet Figur 16: Prosentvis utvikling i dyretal etter husdyrslag etter fylke, 2002 2012 Kjelde: SSB statistikkbanken, Storfe Mjølkeku Ammeku Anna storfe Vinterfora sauar Alssvin Slaktesvin Verpehøner Slaktekylling For det andre har det vore ein stor vekst i verpehøner og ikkje minst slaktekyllingar. Figuren viser at i Rogaland har tal verpehøner auka med 110 %. Hordaland er det einaste fylket på Vestlandet som har hatt nedgang i tal verpehøner (32 %). På landsbasis har det vore ein vekst på 87 % i tal slaktekyllingar. Desse tala svingar mykje frå år til år. I denne perioden har Rogaland hatt ein vekst på 110 %. Møre og Romsdal har ikkje hatt noko nemneverdig vekst. Hordaland har hatt ein markant nedgang (26 %). Sogn og Fjordane manglar vi data for. Fjørfeproduksjonen i Noreg passerte produksjonen av storfekjøtt for første gang i 2009 (Kjelde: SSB, Budsjettnemnda for jordbruket). Meir kyllingkjøtt, først og fremst kyllingfilet, har med dette blitt tilgjengeleg for forbrukarane. Dette har skjedd samstundes som helsemyndigheitene har oppfordra folk til å spise kvitt 24

kjøtt. Utsalgsprisane har også gått ned. Kyllingkjøt har med dette blitt kvardagsmat i norske heimar. Denne utviklinga har ikkje hordalandsbøndene teke del i. Dette kan med anna skuldast mangel på areal. Fjørfjeproduksjon krev stort spreiingsareal. Nye EU-reglar frå 01.01.2012 har gjort slutt på tradisjonelle bur for verpehøns og eggproduksjonen krev no enno større produksjonsareal enn tidlegare. Fruktdyrking Hordaland er det største fruktfylket i Noreg. Til saman blir det dyrka frukt på over 8 000 dekar i fylket (sjå figur 17). Dette utgjer 38 % av alt areal med frukt i Noreg. Hordaland har klårt størst areal innafor eple, plommer og morellar. Sogn og Fjordane er om lag lik på pærer. 4 900 dekar blir nytta berre til eple i Hordaland. Den nest største fruktsorten i Hordaland målt i areal, er plommer (2 000 dekar). 9 000 8 000 7 000 6 000 Dekar 5 000 4 000 3 000 Morellar Kirsebær Plommer Pærer Eple 2 000 1 000 0 Buskerud Vestfold Telemark Rogaland Hordaland Sogn og Fjordane Figur 17: Areal med frukt etter fruktsortar, 2010 Kjelde: SSB statistikkbanken, Landbrukstellingane 2010 Øvrige fylke I 2010 var det 886 jordbruksbedrifter som dyrka frukt. Dette utgjer 40 % av alle jordbruksbedrifter med frukt i Noreg. Sjølv om Hordaland har flest jordbruksbedrifter med frukt, er det Buskerud, Telemark og Vestfold som har mest fruktareal per jordbruksbedrift (sjå figur 18). Hordaland har med andre ord mykje mindre fruktgardar enn fruktfylka på Austlandet, spesielt gjeld dette areal til dyrking av eple og kirsebær. For kirsebær og morellar har Sogn og Fjordane større areal per jordbruksbedrift enn det fruktbøndene i Hordaland har. 25

35 32,7 30 Areal med frukt per jordbruksbedrift 25 20 15 10 5 0 26,6 25,3 16,1 9,3 8,7 7,5 3,43,23,3 2,4 1,5 0,50,8 12,0 11,8 9,4 7,4 5,75,5 4,6 21,1 20,0 8,6 2,8 4,0 1,2 0,8 9,6 7,0 12,9 22,5 18,9 17,5 9,3 6,3 6,4 5,9 5,3 5,4 4,1 3,3 Eple Pærer Plommer Kirsebær Morellar Alle fruktsorter Figur 18: Areal med frukt per jordbruksbedrift, 2010 Kjelde: SSB statistikkbanken, Landbrukstellingane 2010 Buskerud Telemark Vestfold Hordaland Sogn og Fjordane Rogaland Øvrige fylke Verdiskaping etter produksjon 0,5 % 1,8 % 12 % 0,2 % 22 % 8,0 % 0,1 % 0,5 % 9 % 41 % Kumjølk Mjølk og svin Geitmjølk Kjøtproduksjon, ammekyr Sauehald Fjørfekjøt Egg Frukt og bær Grønnsaker, potetar og korn Veksthus 4 % 2,3 % Pelsdyr Birøkt Figur 19: Verdiskaping i jordbruket fordelt etter driftsform, Hordaland, 2007 Kjelde: NILF 2009 14 26

NILF har rekna ut kor mykje dei ulike driftsformene i jordbruket bidrar til vediskapinga i jordbruket i Hordaland, med utgangspunkt i 2007-tal (sjå figur 19). Sauehald er den dominerande driftsforma i Hordaland, målt i andel jordbruksbedifter med sauehald. Over 70 % av jordbruksbedriftene har sauehald. Sauhald bidro likevel med berre 22 % av verdiskapinga i jordbruket i fylket i 2007. Den driftsforma som bidrar aller mest til verdiskapinga er mjølkeproduksjon (kumjølk) (41 %). I tillegg kjem 9 % av verdiskapinga frå jordbruksbedrifter som driv med både mjølk og svin. Både tal sauar og mjølkekyr har gått kraftig ned i Hordaland på 2000-talet. Dette vil få stor innverknad på den totale verdiskapinga i jordbruket i Hordaland framover. Frukt- og bærproduksjon bidro med 12 % av verdiskapinga i jordbruket i 2007, veksthus med 8 % og kjøtproduksjon ammekyr med 4 %. Dei andre driftsformene gir berre mindre bidrag, som til dømes fjørfekjøt og eggproduksjon. Desse driftsformene har også svært lite omfang i Hordaland. 27

4 Utviklinga på landbrukseigedomar med produktivt skogbruksareal Skogbruket har hatt stor betydning i Noreg gjennom mange hundre år. Skogbruket er ikkje lenger like arbeidsintensiv som tidlegare. Den tradisjonelle skogsarbeidaren er blitt erstatta av hogstmaskinar. I følgje SSB er tal tilsette i skogbruket halvert dei siste 30 åra. Det årlege hogstkvantumet har vore nokonlunde stabilt, men volumet av skogen og den årlege tilveksten av ny skog er dobla dei siste 80 åra. Dei siste to tiåra har det vore lite fokus på skogbruket og liten innsats i form av vedlikehald og nyplanting. Det årlege planta arealet og arealet det er utført ungskogpleie på, er meir enn halvert og skogbilvegbygginga redusert til ein sjettedel, i følgje SSB. Ifølgje Statens Landbruksforvaltning (SLF) har det skjedd ei auka satsing på skogbruk og bioenergi i Noreg etter 2007, med anna gjennom auka tilskot til skogbrukstiltak og betre skatteopplegg i tilknytting til skogfondsordninga. Signal frå styresmaktene tyder på at det framover skal satsast meir på skog. I landbruksmeldinga (Meld.St.9 (2011-2012)) blir det sagt at det skal leggjast til rette for auka berekraftig avvirking og uttak av skogbiomasse, og auka oppbygging av skog. I klimameldinga (Meld. St. 21 (2011-2012)) er auka produktivt skogareal framheva som eit klimatiltak, gjennom redusert avskoging og nyplanting av skog. Hovudmåla i skogpolitikken er å auke verdiskapinga frå dei skogbaserte næringane, samstundes som viktige miljøoppgåver blir ivaretatt. 4.1 Tal skogeigedomar, areal og storleik Ein skogeigedom er definert som ein landbrukseigedom med minst 25 dekar produktivt skogareal 7. 2006 er første år med fulltelling av skogeigedomar basert på register. Vi har difor vald å berre presentere tal for perioden 2006-2010. Hordaland har mange skogeigedomar i landsmålestokk (sjå tabell 1). I 2010 var det registrert 8 528 skogeigedomar i Hordaland. Det er berre dei store skogfylka som har fleire slike eigedomar enn Hordaland. Også Møre og Romsdal har mange skogeigedomar. Vestlandet er samstundes den landsdelen med minst produktivt skogareal (sjå tabell 2). Hordaland har 2,1 millionar produktivt skogareal. Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal har om lag like mykje produktivt skogareal, med Rogaland eit stykke bak. Hedmark er det største skogfylket i landet. 7 Ved publisering av resultat for skogeigedomar har SSB i dei tilfella der ein eigar er registrert med fleire eigedomar i Landbruksregisteret i ein og same kommune, slått dei saman til ein eigedom. Tal skogeigedomar er difor litt lågare enn det som kjem fram i kapittel 2.1. 28

Tabell 1: Tal skogeigedomar etter fylke, 2010 og prosentvis endring 2006 2010 Tal skogeigedomar, % vis endring 2010 2006 2010 Hedmark 10 850 0,3 Oppland 10 678 1,1 Nordland 10 091 1,9 Hordaland 8 528 3,9 Troms 8 235 7,9 Møre og Romsdal 8 129 1,4 Sør-Trøndelag 7 381 1,7 Buskerud 7 315 1,4 Telemark 6 433 0,3 Sogn og Fjordane 6 119 3,2 Nord-Trøndelag 6 053 1,9 Vest-Agder 5 670 9,3 Akershus og Oslo 5 192 0,7 Østfold 5 119 1,7 Rogaland 4 531 3,6 Aust-Agder 4 281 0,7 Vestfold 3 526 0,7 Finnmark 498 5,7 Kjelde: SSB Statistikkbanken, Skogbruk strukturstatistikk Tabell 2: Produktivt skogareal etter fylke, 2010 og % vis endring 2006 2010. Produktivt skogareal (dekar) % vis endring 2006 2010 Hedmark 12 691 326 1,9 Oppland 6 265 870 3,8 Nord-Trøndelag 6 201 196 13,5 Buskerud 5 429 208 4,2 Telemark 5 031 546 0,4 Nordland 3 858 567 8,1 Sør-Trøndelag 3 699 357 1,9 Troms 3 628 184 34,0 Aust-Agder 3 268 445 0,5 Akershus og Oslo 3 229 224 0,2 Vest-Agder 2 408 345 0,2 Østfold 2 398 379 0,6 Møre og Romsdal 2 282 986 4,6 Hordaland 2 148 614 12,3 Sogn og Fjordane 1 799 692 2,0 Rogaland 1 234 487 2,1 Vestfold 1 226 756 2,2 Finnmark 892 655 2,1 Kjelde: SSB Statistikkbanken, Skogbruk strukturstatistikk 29

Hordaland er eitt av dei fylka kor det produktive skogarealet har vekse aller mest i perioden 2006-2010 med 12,3 %. Berre i Nord-Trøndelag og Troms har det vore ein større prosentvis auke. I Hordaland er relativt små skogressursar fordelte på svært mange eigedomar. Figur 20 viser at Hordaland er det fylket som har minst produktivt skogbruksareal per skogbrukseigedom. Deretter følgjer dei tre andre vestlandsfylka. 2 000 1 800 1 792 Dekar 1 600 1 400 1 200 1 000 800 1 170 1 024 782 763 742 600 622 587 501 469 441 425 400 382 348 294 281 272 252 200 0 Figur 20: Produktivt skogbruksareal (dekar) per skogbrukseigedom, 2010 Kjelde: SSB statistikkbanken I tråd med dette er det Hordaland som i størst grad har det produktive skogarealet på dei minste eigedomane. Heile det produktive skogarealet i Hordaland er på skogeigedomar som er mindre enn 1 000 dekar (sjå figur 21). 38 % av det produktive arealet ligg på eigedomar som er mindre enn 250 dekar. 29 % av det produktive arealet ligg på skogeigedomar mellom 500 og 999 dekar. Situasjonen i dei andre vestlandsfylka er noko ulik den som er i Hordaland. Her er ein stor del av det produktive skogarealet knytt til eigedomar som er over 2000 dekar. 30

100 % 90 % 80 % 70 % 60 % 50 % 40 % 30 % 20 % 20 000 dekar eller mere 5 000 19 999 dekar 2 000 4 999 dekar 1 000 1 999 dekar 500 999 dekar 250 499 dekar 100 249 dekar 25 99 dekar 10 % 0 % 11 Rogaland 12 Hordaland 14 Sogn og Fjordane 15 Møre og Romsdal Heile landet Figur 21: Produktivt skogareal etter storleik på skogeigedomane, 2010 Kjelde: SSB statistikkbanken 31

4.2 Skogavvirking Det er i dei store skogfylka i Innlandet at det blir tatt ut mest skog, men også Aust-Agder, Østfold, Vestfold og Nord-Trøndelag. Sogn og Fjordane er det fylket, saman med Troms og Finnmark, kor det blir avvirka minst skog. Figur 22: Kjelde: SSB statistikkbanken, Skogbruk skogavvirkning I Hordaland blei det i 2010 tatt ut 118 000 kubikkmeter skog for sal. Dette er det høgaste kvantumet i perioden 1998-2010 (sjå figur 23). Avvirka kvantum har variert noko over tid, men etter eit botnpunkt i 2002 har det vore ein tydeleg vekst. I Møre og Romsdal har utviklinga vore mykje den same, medan Rogaland som låg eit stykkje bak i 1998 kan vise til ein klår vekst gjennom heile perioden. I Sogn og Fjordane har uttaket av skog gått ned. Veksten i Hordaland i denne perioden skuldast større uttak av gran (sjå figur 24). I 2010 blei det tatt ut 111 000 kubikkmeter gran, som utgjer 94 % av totalt avvirka kvantum. 32

140 000 120 000 100 000 Kubikkmeter 80 000 60 000 Rogaland Hordaland Sogn og Fjordane Møre og Romsdal 40 000 20 000 0 1998 1999 2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 Figur 23: Avvirking av industrivirke for sal, 1998 2010 etter fylke. Kubikkmeter. Kjelde: SSB statistikkbanken, Skogbruk skogavvirkning 120 000 100 000 80 000 Kubikkmeter 60 000 Gran Furu Lauv 40 000 20 000 0 1998 1999 2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 Figur 24: Skogavvirking for sal i Hordaland, 1998 2010, etter treslag. Kubikkmeter. Kjelde: SSB statistikkbanken, Skogbruk skogavvirkning 33

4.3 Infrastruktur Norge har den lågaste dekkinga av skogsvegar i Skandinavia og det er store regionale forskjeller på både vegtettleik (veglengde per areal) og standarden på vegnettet i ulike landsdelar (jf. Landbruksmeldinga 2011/2012). Innlandsfylka har ei vegdekking på rundt 10 meter skogsbilveg og 8 meter traktorveg per hektar produktiv skog. Kystfylka har ei betydeleg lågare vegdekking på rundt 4 meter skogsbilveg, mens det også her er om lag 8 meter traktorveg per hektar produktiv skog. Til samanlikning har Østerrike, med relativt stor andel av skogressursane i bratt terreng, om lag 45 meter skogsveg per hektar. Sverige har om lag 21 meter per hektar i sør og synkande til 7 meter per hektar i nord. (Kjelde: Landbruksmeldinga) I Norge i 2011 er det i underkant av 56 000 km traktor- og vinterbilveier og om lag 48 600 km skogsbilveier i Norge. I Hordaland er det totalt 853 km med skogsbilvegar (sjå figur 25). Møre og Romsdal er det fylket på Vestlandet som har flest km skogbilvegar med 1 080 km. 14 000 12 000 11 651 10 000 8 000 6 000 6 965 6 107 4 974 4 000 2 000 0 1 632 2 905 1 214 2 422 669 308 853 572 1 080 2 398 3 396 316 937 187 Figur 22: Skogbilvegar etter fylke, 2011. Total veglengde (km). Kjelde: SSB Bygginga av nye skogsveger i Noreg har avtatt betydeleg sidan 80- og byrjinga av 90-tallet og ligg nå betydeleg under det skogbruket oppgir som naudsynt. Samtidig er det store skilnader mellom landsdelane og behovet for nye vegar er mindre i skogstrøka i innlandet enn i kyststrøka (jf. Meld.St.9 (2011-2012). Både nybygging og ombygging av skogsveier har flata ut etter 2004. I denne perioden er det i gjennomsnitt blitt bygd 72 km nye skogsbilvegar og 242 km nye traktor- og sommarbilvegar per år. I same periode er det ombygd 252 km skogsbilvegar i gjennomsnitt per år. 34

I Hordaland har det vore lite bygging av skogsbilvegar totalt sett etter 1950 og med små variasjonar (sjå figur 26). Det blei ein auke i bygging av nye skogsbilvegar først på 90-talet, men likevel med berre mellom 10 og 20 km ny veg kvart år. Dei siste åra har det blitt bygd under 10 km ny veg kvart år. Hordaland følgjer såleis utviklinga i resten av landet etter 2004, men tok altså ikkje del i boomen av nybygging på 70- og 80-talet, og berre i liten grad på 90-talet. I gjennomsnitt er det bygd 9 km ny skogsbilvegar per år i Hordaland i perioden 1971-2011, mot 696 km per år for heile landet (1,3 %). Vidare blei det ombygd om lag 1,5 km skogsbilvegar per år i Hordaland, mot 242 km i landet som heile (0,6 %). 120 110 100 90 80 70 Km 60 50 40 30 20 10 0 1950 1952 1954 1956 1958 1960 1962 1964 1966 1968 1970 1972 1974 1976 1978 1980 1982 1984 1986 1988 1990 1992 1994 1996 1998 2000 2002 2004 2006 2008 2010 Nybygde skogsbilvegar (km) Nybygde traktorvegar (km) Ombygde skogsbilvegar (km) Ombygde traktorvegar (km) Figur 26: Bygging og ombygging av skogsvegar 8, Hordaland 9, 1950 2010. Km. Kjelde: SSB statistikkbanken I likskap med resten av landet har det blitt bygd mest nye traktorvegar i Hordaland. Her var det stor aktivitet på 70- og 80-talet og byrjinga av 90-talet. I toppåret 1988 blei det bygd 115 km nye traktorvegar. I snitt er det bygd 39 km nye traktorvegar i Hordaland i perioden 1971-2010 mot 242 km for heile landet (16 %). Traktorvegar er imidlertid ikkje eigna til moderne skogdrift med behov for transport av skogsmaskinar og tømmer. 8 I prinsippet omfatter statistikken alle private skogsveier bygd for motorkjøretøyer. Oppgaver over veier som er bygd uten tilskudd fra det offentlige, kan imidlertid ha mangler og må betraktes som minimumstall. Statistikken dekker veianlegg som ble ferdigstilt og godkjent i meldingsåret. Veianlegg som er påbegynt i meldingsåret, er ikke med. Kjelde: SSB 9 Fram til og med 2011 var Ølen kommune ein del av Hordaland. Tala for Hordaland er ikkje korrigert for dette. 35

4.4 Skogkultur Skogkultur inneber både etablering av ny skog etter hogst og stell av ungskog. Skogkulturarbeidet er soleis ei investering for å sikre kortare ventetid og god kvalitet på den nye skogen. (Kjelde: Statens landbruksforvalting). Landbruks- og matdepartementet fjerna tilskotsordninga til investeringar i skogbruket i 2003. Dette har gitt klåre utslag i statistikken (sjå figur 27 og 28). Frå og med 2004 blei det innført ei ny tilskotsordning, tilskudd til nærings- og miljøtiltak i skogbruket. Skogfondet 10 er også ei ordning som skal sikre at skogeierne har midlar til å finansiere investeringar på skogeiendomane sine. På Vestlandet, som elles i landet, var det ein kraftig nedgang i skogplantinga frå 2002 til 2003 (sjå figur 27). Nedgangen heldt fram inntil 2005. Etter 2005 har det vore ein liten auke i skogplantinga i Hordaland. I 2011 blei det planta 299 000 skogplantar, som er det høgste nivået etter 2002. Men i eit lengre tidsperspektiv er skogplantinga i Hordaland framleis svært liten. På Vestlandet har nedgangen i skogplantinga vore aller størst i Hordaland. 8 000 7 000 6 000 Tal 1000 plantar 5 000 4 000 3 000 Rogaland Hordaland Sogn og Fjordane Møre og Romsdal 2 000 1 000 0 1971 1973 1975 1977 1979 1981 1983 1985 1987 1989 1991 1993 1995 1997 1999 2001 2003 2005 2007 2009 2011 Figur 27: Skogplanting på Vestlandet. Tal 1971 2011. I 1000 plantar. Kjelde: SSB Statistikkbanken 10 Ordninga med skogfond blei innført allereie i 1931. Ved tømmerhogst skal ein del av verdien på tømmeret setjast av på skogfond. I starten var skogfond ei tvungen avsetting på 10% av tømmerverdien. I dei seinare åra er dette blitt til ei valfri avsetting på 4 40%. Samstundes oppnår skogeigaren skattefrådrag ved avsetting og bruk av skogfond. Kjelde: www.skogfond.no 36