Protokoll frå styremøte torsdag 13. november 2008



Like dokumenter
Styret godkjenner innkalling og saksliste. Vedtak: Styret godkjenner protokoll frå styremøtet

Protokoll frå styremøte i Telemark Bondelag 10. mars 2010

Hvem gjør hva og Årshjulet i Telemark Bondelag

Møtedato Vår dato: Møtetid 10:00 Utvalgssekretær Telemark Bondelag Møtestad Søve, Ulefoss Telefon

Ny strategiplan for Høgskulen

Møtedato Vår dato: Møtetid 10:00 Utvalgssekretær Telemark Bondelag Møtestad Søve vgs, Ulefoss Telefon

Styremøte 5-6. desember Thon Hotel Opera - Oslo

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Samnanger kommune Møteprotokoll

Tone Edland, Tove B. B. Hoppestad (TBK). 2. og 3. vararepresentant var innkalla, men kunne ikkje møte.

IPT Telemark. Årsmelding Arbeidsutval. Valnemnd

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

11/12 Kontrollrapport 2011 vedr. skatteoppkrevjarfunksjonen i Kvinnherad kommune.

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Møtedato Vår dato: Møtetid 9:30 Utvalgssekretær Telemark Bondelag Møtestad Landbrukets hus, Gvarv Telefon

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 1/10 10/29 POLITISK KVARTER - PERSONALUTVALET

Samnanger kommune Møteprotokoll

FORFALL Kristin Tufta Kirknes (V) meldt forfall Are Traavik (Sp) ikkje meldt forfall på grunn av at innkallinga ikkje var motteke på E-post

Samnanger kommune Møteprotokoll

Styremøte 9. og 10. februar i Bergen

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

Referat. frå styremøte 6. og 7. desember 2012 på Hotell Norge Bergen.

Møteprotokoll Styremøte Lærdal Næringsutvikling AS

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Dato: 24. januar 2012 Kl.: Stad: Fylkeshuset Bergen Møterom Nordhordland 4. et. Saknr.: 1/12-5/12

Styremøte 8-9. februar i Bergen

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

Samnanger kommune Møteprotokoll

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

39/14 14/ Arbeidsplan Telemark Bondelag gjennomgang av arbeidsplanen

Samnanger kommune Møteprotokoll

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Eva Marie Halvorsen har meldt forfall. Åse Løkeland (1. vara) og Rasmus Stokke (2. vara) er kalla inn, men har ikkje høve til å møte

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Fitjar kommune Møteprotokoll

26/10 Godkjenning av protokoll frå møte og telefonmøter og

I forkant av møtet, og etter avslutning av møtet, vart det gjennomført opplæring i bruk av ipad.

Protokoll frå styremøte i Telemark Bondelag 27. oktober 2009 Tid: Tysdag 27. oktober 2009 kl Stad: Landbrukets hus, Gvarv

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

1. Det er ikkje mangel på veterinærar, men det kan verta ein mangel på dyktige produksjondyrveterinærar i deler av landet.

frå møte i gjetarhundnemnda til Nsg tysdag 6. desember 1994 på lagskontoret i Parkveien 71.

MØTEPROTOKOLL FUSA KOMMUNE. Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30-14:00

MØTEBOK. Læringsmiljøutvalet. Sakskart. Møtestad: Møterom 2020, Høgskulebygget Dato: Tidspunkt: 12:30-14:30

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Frå styremøte 5.september på Hotel Grand Majestic Plaza, Praha.

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Referat. Finn Hoff, Liv-Julie Wågan, Jørn Haugli Lunde, Jorulf Refsnes, Gjermund Stuve og Elin R. Haugen.

Per Øyvind Tveiten - leiar, Mari Skeie Ljones nestleiar, Helene M. Bolstad - nestleiar, Jan Heier, Olav Luksengård Mjelva, Tove Leinslie, 1.

MØTEPROTOKOLL. Os eldreråd. Møtestad: Rådhuset, formannskapssalen Møtedato: Frå: til 16.00

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Søknad om treningstid for Øystese Idrettshall 2003/2004.

Nord-Fron kommune. Politisk sak. Kommunereform - Nord-Fron - vidare prosess

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet

Styremøte i Sogn og Fjordane Sau og geit april på Quality Hotell Sogndal

Utvalg: Kontrollutvalet Møtestad: Kommunestyresalen, Rådhuset i Austevoll Dato: Tidspunkt: 09:30-12:30

VS 14/7 Godkjenning av innkalling og sakliste VS 14/8 Godkjenning av referat frå førre møte

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Kommunestyresalen Saknr.: 19/12 26/12

Møtedato: Møtetid: Kl. 13: Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti

Protokoll styremøte Telemark Bondelag 17. november 2010

Oslo, 7. april møte i gjetarhundnemnda måndag den 6. april kl på lagskontoret i Parkveien 71.

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Formannskapssalen Saknr.: 01/12 06/12

Samnanger kommune Møteprotokoll

MØTEPROTOKOLL FUSA KOMMUNE

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

Status og utfordringar. Orientering til heradsstyret Tysdag 16. juni Rådmannen

Desse møtte: Kjell A. Sølverød (leiar), Olav S. Nordbø, Synne Vahl Rogn, Jon Midtbø, Borghild Hardang-Hanto (TBK), Tove B.B. Hoppestad (1.

Tysnes kommune Møteprotokoll

Referat. Godkjenning av protokoll frå førre styremøte. Vedtak Protokoll frå førre styremøte er godkjent

Regionalt bygdeutviklingsprogram i Rogaland 2013

Møtebok for Høgskulestyret

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Kommunestyresalen Saknr.: 36/12 42/12. MØTELEIAR Sølvi Ulvenes (H)

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

Kontrollutvalet Møteprotokoll

Tysnes kommune Møteprotokoll

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0013/03 03/00171 POLITISK KVARTER PERSONAL-OG LØNSUTVALET

ARBEIDSPLAN

1. Innleiing. Protokoll frå årsmøte 2009 i IPT Telemark. Tysdag 8. desember, kl , på Lie-Hvalen gård i Solum.

EID KOMMUNE Finansutvalet HOVUDUTSKRIFT

Samnanger kommune Møteprotokoll

Forum for Kontroll og Tilsyn Møteprotokoll

SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: Tid:

20/11 Rapport etter forvaltningsrevisjon av legetenestene i Tysnes kommune. 21/11 Framlegg til budsjett for kontroll- og tilsynsarbeidet for 2012

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Austevoll kommune Møteprotokoll

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

Samnanger kommune Møteprotokoll

Etablering og drift av kraftselskap

Referat. frå styremøte 4. og 5. september 2012 på Hotell Victoria, Stavanger

Transkript:

Telemark Bondelag Protokoll Utarbeida av Arkiv: 022 Bergit Li / Amund Johnsrud Til Kopi til Styret m. 1. vara Protokoll frå styremøte torsdag 13. november 2008 Tid: Torsdag 13. november 2008, kl.10.30. Stad: Landbrukets hus, Gvarv Desse møtte: Zakarias Wingereid (leiar), Kjell A. Sølverød, Tone Edland, Olav S. Nordbø, Tove B. B. Hoppestad (TBK), Jon Midtbø (2. vara) Forfall: Gunnar H. Li, Synne Vahl Rogn (1. vara) Open post Kjell orienterte om at det er tatt kontakt mot Forsøksringen Telemark (nå LFR Austafjells) om moglegheit for å gjere avtale med dei om ein stillingsressurs, som dagleg leiar for Bygdevis. Det er aktuelt å vurdere dette vidare, når ein har endeleg avslutta rekneskapet for BSF Telemark, ved overgangen til Bygdevis. Det manglar avrekning frå BSF sentralt, før ein får gjort denne avslutninga. Prioritering av satsingsområde i BU sin arbeidsplan for 2009. Tove tok dette opp. Synspunkta på er skrive inn i orienteringssak 7: Kontaktmøte med FMLA/Revisjon av RMP. Tove tok også opp at pelsdyrnæringa er blitt utsett for sterk kritikk i fjernsynsprogram på TV2, samt at fleire pelsdyrfarmar nå er melde av aktivistar for brot på Dyrevernlova. Kan og bør TB engasjere seg i saka? Styret var samd om å ta opp saka under Ymse-posten. Olav viste til avisoppslag om at FK Agri nå ser ut til å ha hatt stor inntening på handelsgjødsel. Reaksjonar på det som vert oppfatta som urimeleg prispolitikk i FK, som eit bondeeigd samvirkeselskap. Blir feil å skape eit overskot på denne måten, for seinare å auke medlemsbonusen. Ikkje nødvendigvis dei same som nå får utbetalt bonus, som har fått auka sine kostnader pga. høg gjødselspris. Saker: Sak 01/08 Godkjenning av innkalling og sakliste. Styret godkjenner innkalling og saksliste slik dei ligg føre. Med tillegg av saker under Ymse-posten, samt referatsak om kårbustader og orienteringssak om RMP/BU-midlar.

2av 10 Sak 02/08 Godkjenning av protokoll frå førre styremøte Etter styremøtet 22. okt. er det kome høyring om forskrift for kvoteordninga på mjølk. Den er sett opp for behandling på styremøtet i dag. Det er eit spørsmål om rovviltnotatet frå førre møte skal justerast mtp. å seie noko om omlegging til frå småfe til kumjølkproduksjon i rovviltutsette område. Det vert i så fall å ta opp under den aktuelle saka. Styret godkjenner protokoll frå styremøtet 22.10. slik den ligg føre. Sak 03/08 Referatsaker 1. Møte med Øystein Dahle og Ingeborg Gjærum, 07.10, i Bø Samarbeid med Høgskulen i Telemark, avdelinga i Bø. Positivt at vi får til slikt samarbeid Ca. 60 deltakarar. Var ei etter måten brei marknadsføring av møtet, både med direkte invitasjonar til parti og politikarar i Telemark, samt til mange organisasjonar. Også annonsering og førehandsomtale i media. Kor fornøgd er det grunn til å vere med eit slikt oppmøte? Ideelt sett bør det fenge fleire blant politikarane enn det gjorde, men samtidig ser vi at det er dei færraste som får særleg større deltaking på slike temamøte enn det TB fekk til denne gongen. Men spørsmål om informasjonen om møtet har nådd ut til medlemmane i lokallaga våre i særleg grad. Stoppar den hos lokallagsleiarane? God respons frå deltakarane etter møtet, spesielt vart Ingeborg Gjærum trekt fram som ein både spenstig og kunnskapsrik føredragshaldar.. 2. Temadag/Skattekurs 14.-16. oktober Veldig bra oppmøte, ca 110 påmeldte. Gode tilbakemeldingar i løpet av kurset. Evaluering i form av elektronisk e-postundersøking skal sendast ut til deltakarane direkte frå Norges Bondelag. I løpet av kurset kom det synspunkt frå enkelte om behov for meir kontakt internt mellom rekneskapskontora i fylket og samarbeid om enkelte funksjonar. M.a. er det kome opp ønske om ein form for avløysarordning slik at små kontormiljø kan få litt assistanse ved sjukdom, vakanse o.l. Det er derfor tatt initiativ til å halde eit idémøte om dette. Det vert på Bø hotell 13. januar. Alle rekneskapskontor i Telemark som har samarbeidsavtale med Norges Bondelag vert inviterte til å delta. TB er bede om å leggje til rette for dette møtet 3. Verneplan Hardangervidda. Møtet på Skinnarbu 24.09. Mari deltok på møtet, og hadde skrive eit notat om det, det var sendt ut til styret tidlegare. Styret slutta seg til konklusjonane som er skissert i notatet. (dokulive nr 2008/00613/003)

3av 10 4. Dyrsku`n i Seljord Oppsummering av aktivitetane på Bondens møteplass og i Landbrukshallen var sendt styret tidlegare. Amund orienterte om erfaringane frå årets arrangement. 5. Brev til Porsgrunn og Siljan kommunar om prinsippavklaring for kårbustader. På oppmoding frå Eidanger Bondelag, og sidan Siljan Bondelag, har TB sendt brev til desse to kommunane og bede dei utsetje den politiske behandlinga av prinsipp for oppføring og frådeling av kårbustader. (dokulive 2006/00715/010) Kommunane har akseptert dette og legg nå opp til ei lokal høyring i saka. Styret merka seg dei framlagde referatsakene. Sak 04/08 Orienteringssaker 1. NB: Prosjekt politikarkontakt 2009/ TB: Politiske kontaktmøte hausten 2008 Norges Bondelag har vedtatt å prosjektorganisere delar av det politiske kontaktarbeidet fram mot Stortingsvalet. Lars Peter Taule, organisasjonssjef i Hordaland Bondelag er tilsett som prosjektleiar, det er etablert ei styringsgruppe som vert leia av Harald Milli. Info om prosjektet var sendt ut med sakspapira til førre styremøte (22.10) På bakgrunn av drøftingane i tidlegare styremøte, har Zakarias og Amund vurdert TB sin politikarkontakt framover. Det er sendt førespurnad til H, FrP og AP om møte før jul. (kvart parti for seg). Målet er å få til møte der vi kan kome med innspel til deira programforslag. Ønskt ramme frå vår side, vil vere å leggje dette opp som kjøkenbordssamtaler ute på gardsbruk hos bondelagsmedlemmar som stillar seg til rådvelde for opplegget. H har meldt at de kjem tilbake til konkret møtedato etter 24.11. Førstekandidaten, Torbjørn Røe Isaksen er utanlands til den datoen, og partikontoret ønskjer å vente med å gjere avtale til han er attende. AP har enno ikkje svara på førespurnaden frå oss Det er gjort avtale med Frp v/kåre Fostervold den 17.11. Møtestad blir hos Sondre og Jan Erik Skoglund i Bjørkedalen. Det vil kome fleire frå partiet i tillegg til Fostervold. På møtet legg vi opp til å kommentere ein del av formuleringane i programforslaget deira som gjeld jordbruk, og vurdere desse i lys av det Bondelaget ser som dei mest sentrale saker for landbruket og bonden i tida framover. Stikkord her er behov for å sikre effektive marknadsordningar, samt vilkår for inntektsdanninga i landbruket (nivået på, og kombinasjonen av pris og budsjettmidlar). Behov for investeringsverkemidlar. Om tida tillet det, vil vi og kome inn på tema jordvern og rovviltforvaltning.

4av 10 Vertsskapet på garden vil også orientere om økonomi og framtidsutsikter hos seg. 2. Inn på tunet-konferanse 21-22. jan. 2009 IPT-nettverket har etter avtale med Fylkesmannen fått i oppdrag å planlegge og gjennomføre ein regional konferanse om IPT for austlandsfylka, Telemark og Agder. Den er lagt til Bø 21-22. januar. Tilsvarande konferanse vart arrangert i Østfold i januar i år. Målgruppe er kjøparsida i IPT, konkretisert ved skuleverk og kommunar. Hovudtema for konferansen er korleis landbruket kan bidra til kravet for tilrettelagt opplæring, for grupper med særskilte behov. Det er eit mål om å få 100 120 deltakarar til å kome. Fylkesmannen har løyvd inntil kr. 80 000,- som støtte til konferansen. Som formell arrangør står IPT-nettverket i Telemark/Telemark Bondelag og Norges Bondelag, Fylkesmannen i Telemark, og Kommunanes Sentralforbund. Endeleg program for konferansen blei delt ut på styremøtet. 3. Instruks for gjennomføring av styremøte På førre møtet vart saka utsett. Amund har etter møtet tatt opp saka med NB, og fått tilbakemelding om at det kan vere aktuelt å vurdere behovet for at sentralleddet lagar nokre felles retningsliner for bruk i fylka. Dette vil bli tatt opp m.a. på NBs organisasjonssamling i januar. Ein ser det difor som mest riktig å utsetje vidare behandling av saka i fylkesstyret til ein veit meir om dette. 4. Medlemstalsutvikling, TB Medlemstal pr. 7. november er 1742, ein auke på 7 medlemmer frå årsskiftet. Sjå vedlagde oversikt over medlemstal, inn- og utmeldte for kvart lokallag. Minner om at Norges Bondelag har lansert ein vervekampanje for enkeltmedlemmer. Verv 3, 5 eller 10 medlemmer og vinn gåvekort i FKbutikken. Vervepoeng kan sparast og ein bestemmer sjølv når ein vil hente ut vervepremien. 3 nye medlemmer verva: Gåvekort kr 500,- i FK-butikken 5 nye medlemmer verva: Gåvekort kr 1.000,- i FK-butikken 10 nye medlemmer verva: Gåvekort kr 3.000,- i FK-butikken I tillegg får alle som har verva minimum 3 nye medlemmer Bondelagets populære T-skjorte med teksten BONDE på brystet. Bør leggje meir vekt på dei næringspolitiske argumenta i bondelaget. Ikkje så mykje vekt på dei individuelle medlemsfordelane. Sende brev til NB om dette. 5. Leiarmøtet, aktuelle saker frå fylkeslaget Styret drøfta kva saker som ein bør prioritere å orientere om, under denne bolken på dag 2 av leiarmøtet. Aktuelle saker er t.d. rovvilforvaltning, samt arangement og møte i fylkeslaget framover vinteren

5av 10 6. Saker frå leiarmøtet i Norges Bondelag 05-06.11 a. Behandling av prinsipprogram for NB Det skal vedtakast nytt prinsipprogram på årsmøtet i NB juni 2009. Eit første høyringsutkast vert sendt ut i organisasjonen først i januar. Høyringsfrist for fylkeslaget er 24. april. Vi ser for oss slik behandling blant fylkes- og lokallag i Telemark: Leiarmøtet: Regionmøta: Januar/februar/mars: Fylkesårsmøtet: April: Kort orientering om saka Kort presentasjon av høyringsforslaget. NB. Motivasjon for å delta i høyringa. Regionmøta bør starte ikkje tidlegare enn kl 19.00. Presentasjonen av høyringsforslaget kan takast som sak ved starten av møtet: Kl. 19.00 19.15 Drøfting i lokallaga Debatt/innspel. Denne debatten og skriftlege innspel frå lokallaga dannar grunnlag for fylkesstyrets behandling av saka. Behandling i fylkesstyret b. Revisjon av marknadsordningane Det er sett ned ei arbeidsgruppe mellom avtalepartane, som skal gjennomgå marknadsordningane for kjøt og egg, med føremål å gi større rom for gul støtte (AMS) innanfor WTO-regelverket. Dette vert ein ei hovudsak ved dei komande jordbruksforhandlingane til våren. Vi må rekne med at arbeidsgruppa skal levere si utgreiing i februar, truleg tidleg i den månaden. Det kan vere fornuftig å ha eit drøftings- og informasjonsmøte i løpet av vinteren der ein tar opp temaet, både internt i landbruket. På leiarmøtet i NB vart det m.a. foreslått å lage fylkesvise møte der ein bed inn lokale tillitsvalde frå både bondelag og samvirket. Dette for å bidra til ein felles debatt og nokolunde lik informasjon blant dei forskjellige landbruksorganisasjonane. I fjor gjennomførte TB-styret ei møterekke med fleire organisasjonar for å få innspel til jordbruksforhandlingane, i februar. Alternativet i år, kan vere å lage til eit felles møte, der ein spesielt bed inn tillitsvalde frå organisasjonane og frå lokale bondelag for å drøfte framlegget til endringar i marknadsordningane. Her bør ein få ei orientering frå ein av dei som har vore med i den sentrale arbeidsgruppa. Eit slikt møte kan også annonserast som ope for alle interesserte, men vi bør, som sagt, leggje særleg vekt på å få med tillitsvalde frå dei lokale landbruksorganisasjonane i fylket.

6av 10 I tillegg til eit slikt møte, bør TB vurdere å kontakte representantar for partia, der ein diskutere marknadsordningane også med dei. Det vil vere viktig å fremje forståing og aksept for at marknads- og produksjonsregulering framleis er nødvendig. Dette kontaktarbeidet mot partia kan gjennomførast i mars. c. Saker på eige møte for fylkesleiarane Zakarias orienterte om at fylkesleiarane hadde eit eige møte for seg dagen før det ordinære leiarmøtet i NB: To viktige saker der var: Kontakt med SLF og drøfting omkring etatens sitt handlingsrom innanfor landbrukspolitikken, og SLF sin kompetanse mtp. instruksjon overfor Fylkesmennene. Om Landbrukets HMS-teneste. Det kom fram misnøye med og kritikk av delar av apparatet til L-HMS frå fleire fylke. Konklusjon at NB må ta meir ansvar som, i eigenskap av å vere ein av eigarane og med i styret for stiftinga L-HMS. 7. Kontaktmøte med FMLA/Revisjon av RMP Zakarias og Amund orienterte frå kontaktmøte med Fylkesmannenss landbruksavdeling 11.11. Der hadde ein drøfta revisjon av RMP på bakgrunn av høyringsrunden som har vore i haust. TBs synspunkt er formidla i høyringssvaret som er utarbeidd etter førre styremøte (Dokulive 2008/00742/002). På møtet vart det ikkje utarbeidd noko endeleg revisjon. SLF har gitt Fylkesmannen ein månads ekstra frist (fram til 15.12) Ein tar difor sikte på å sluttføre saka på eit nytt kontaktmøte i starten av desember. Det punktet som ser ut til å skape mest diskusjon, er kor vidt RMP skal innehelde ei løyving til organisert beite på utmark. Også spørsmål om og evt. korleis, ein skal gi løyving til skjøtsel av fysiske kulturminne. Vidare ulike syn på å innføre kulturlandsskapstilskot som ordning i alle kommunar, framfor dagens dyretilskot. M.a. trong for å få opp betre kritrerium for utveljing av slike område. På det komande møtet i desember vil ein også revidere det årlege handlingsprogrammet for bruk av fylkesvise BU-midlar. Styret peika på element som TBs representantar bør ta med til behandlinga av dette handlingsprogrammet: Vidareføre satsinga på frukt, helst utvide til heile grøntnæringa. FMLA/IN bør gjerne skipe til eit dialogmøte med grøntnæringa om dette. Innanfor tradisjonelt landbruk elles bør mjølkeproduksjon vere prioritert satsingsområde, som oppfølging av den spørjeundersøkinga som nå er gjort blant mjølkeprodusentane. Om nyetablering på mjølk. At satsane for etablering er for låge. Skal IN vere meir enn toppfinansiering for desse nyetablerte produsentane? Eggproduksjon bør vere prioritert satsingsområde fram til 2012, når nye burforskrifter vert sett i verk.

7av 10 Nye næringar: Sjå på samarbeidet mellom landbruk, reiseliv, kultur. Definere ansvar og koordinering for dette samarbeidet blant aktørane. Generelt: Vurdere om maks finansiering bør aukast frå kr. 600.000 og op til 750.000 Undersøkje om det er mogleg å samordne med evt. kommunal finansiering utan å måtte avkorte den statlege delen Få fram at rentestøtteordninga er eit viktig element i det samla finansieringstilbodet frå IN. Styret merkar seg dei framlagde orienteringssakene. Sak 42/08 Aktivitetsmidlar for lokallaga I TB sitt budsjett for i år står 50.000 kr til aktivitetsmidlar lokallaga. Det har vore ein runde med utdeling av aktivitetsmidlar i år, søknadsfristen var 28. mai, basera på aktivitetar første halvår. Tilskot til Open gard, innkjøp av landbruksspelet og godtgjering for medlemsverving har også gått av denne budsjettposten. Det står nå att ca. 8000 kr. Det kan vere føremålstenleg med 1 søknadsrunde pr. år, og at søknadane blir behandl på styremøtet i juni. Da kan lokallaga søke om tilskot på aktivitetar som er gjennomført sist haust og vinter. Er det aktivitetsmidlar igjen ved slutten av året, blir desse overført neste år. Blir det vanskeleg for lokallaga at evt. tilskot kjem etter at arrangementet er gjennomført, kan dei ta kontakt med fylkeskontoret. Det blir ein søknadsrunde på aktivitetsmidlar pr. år på grunnlag av aktivitetar som lokallaga har gjennomført sist haust/vinter. Søknadane blir behandla på styremøtet i juni. Evt. udisponera midlar ved slutten av året blir overført neste år. Sak 43/08 Forskrift, kvoteordninga for mjølk Framlegg til forskrift, samt saksnotat for styret i NB låg ved styrepapira. Framlegg til høyringssvar var ettersendt til styret Høyringsfrist for fylkeslaga er 18.11. Styret vurderte forslaget til forskrift, i forhold til rovviltproblematikk, gjeld vilkår for omlegging av produksjon. Inntil vidare endrar ein ikkje på rovviltnotatet frå førre styremøtet, i forhold til denne, konkrete problemstillinga. Styret godkjenner det framlagde høyringssvaret, med justeringar og tillegg gjort i møtet. Brevet er lagt ved protokollen (dokulive 2008/00152/018)

8av 10 Ymse 1. Aksjonar mot pelsdyrnæringa. Jf. det som står om saka under Open post Fylkesleiar tar kontakt med representantar for pelsdyrnæringa lokalt i Telemark, for å bli orientert, og evt. vurdere om TB bør engasjere seg meir i saka. 2. Rovviltsituasjonen Olav tok opp situasjonen omkring avslaget på fellingsløyvet på bjørn i Vinje/Åmotsdal. Stor frustrasjon blant beitebrukarane om denne saka. TB bør vurdere å ta opp dette med Fylkesmannen, på generelt grunnlag ---------------------------------------- Som i avslutning på møtet hadde styret ei kort oppsummering/evaluering av dagen. Ein drøfta mellom anna bruk og omfang av Open post. Ein ser det som mest hensiktsmessig setje møtet formelt ved start, og få notert op evt. saker under Ymse Etter saksbehandlinga kan ein ta oppsummeringa av møtet, og så heilt til slutt setje av litt tid til Open post. Møtet heva kl. 14.10 Ved protokollen Amund Johnsrud

9av 10 Til Næringspolitisk avdeling Vår sakshandsamar Vår dato Vår referanse 2008/00152/018 Amund Johnsrud 2008-11-17 Arkiv: 425-B21 35 95 90 32 Dykkar dato Dykkar referanse Endring i kvoteordinga for mjølk. Høyringssvar frå Telemark Me viser til dokument i saka mottatt frå Norges Bondelag 20. oktober, med intern høyringsfrist 18. november. Saka er drøfta på styremøte i Telemark Bondelag 13. november. Me har valt å konsentrere mykje av høyringssvaret vårt til geitmjølkproduksjonen, og vil peike på følgjande når det gjeld innhaldet i forslaget til ny forskrift om kvoteordninga for mjølk: 8 Konvertering av kvote TB bed om at det vert nytta forholdstal 1:1 ved all konvertering frå kyr- til geitnjølkkvote, innanfor kjerneområda for geitmjølkproduksjon til industriell bearbeiding. I dag er det bare kombinerte besetningar som får bruke slikt forholdstal ved konvertering. Reine kyrmjølkbesetningar får konvertert etter regelen 1:2. I leveringsområdet til Haukeli ysteri er det i dag behov for auka leveransar, Tine har anslått at det på kort sikt er behov for ei auka mjølkemengde opp mot 10 prosent. Me ser at for å dekke dette behovet, bør ein stimulere sterkare til konvertering til geit enn tilfellet er i dag, også blant dei reine kyrprodusentane. Det er vidare ein realitet at det er ein stor del små kvotar blant kyrprodusentane i geiteområda. Med dagens regelverk for kjøp av kvote, (prosent av eksisterande kvote) vert det vanskeleg for desse å auke sitt produksjonsvolum av kyrmjølk i monaleg grad. For fleire av desse kan det vere eit godt alternativ å skifte over til geit, men det set som vilkår at dei ikkje missar særleg produksjonsvolum i overgangen. Difor bør forholdstal 1:1 gjelde for desse, også. Ei slik regelendring kan evt kombinerast med eit tak, slik at overskytande kyrmjølkskvote i staden kan bli lagt ut for sal ved dei ordinære salsrundane. Dette taket kan til dømes bli lagt på det som er landsgjennomsnittet for geitmjølkkvote i dag.

10av 10 TB ønskjer vidare at det vert prøvd ut ei ordning for nyetablering innanfor geitmjølkproduksjon på line med det som nå er lansert for kyrmjølk. Dvs. at det vert lagt ut eit bestemt tal liter med tanke på nyetablering. Ordninga bør avgrensast til dei nemnte kjerneområda, og ein kan vidare vurdere ei målretting mot unge brukarar, slik det er gjort for kyrmjølk. Me har tru å på at eit slikt rekrutteringstiltak kan vere ein god stimulans for den samla næringa innanfor geitehaldet. 10 Vilkår for kvoteleie I forslaget står det at reglane for kvoteleige for geit først skal iverksetjast frå 01.01.2010 for geit, mens dei startar opp for kyr alt frå komande årsskifte. Me ser ingen avgjerande grunnar for å gjere slik skilnad, og bed difor om regelverket for geit vert samkjørt med kyr og byrjar å verke nå frå 01.01.2009. 14 Geografiske begrensinger ved omsetning og leie av kvote I forslaget står det at geitmjølkkvoter kan omsettast og leigast innanfor dei to omsetningsregionane Nord-Norge og Sør-Norge. Me bed om at ein her i staden bruker Tine sine tilførselsområde som geografiske avgrensingar for sal og leige. På den måten kan ein styrkje grunnlaget for dei lokale anlegga som tar i mot og foredlar geitmjølka. Med helsing Zakarias Wingereid/s Amund Johnsrud