KRAFTFÔR FRÅ OTTADALEN MØLLE Ottadalen Mølle SA vart stifta som eit andelslag i 1976. I 2013 vart det endra til eit samvirkeforetak, og i dag er det eigd av 180 gardbrukarar frå kommunane Skjåk, Lom og Vågå. Hovudkontor, kornmottak, kraftfôrproduksjon, lager og butikk ligg i Lom. I Vågå har vi ei avdeling med butikk og lager. Vi leverar kraftfôr i Nord- Gudbrandsdalen og på vestlandet, og har forhandlarar og lager på Lesja, Stryn, Ørsta, Sogndal og Hafslo. Produksjonsanlegget har heile tida vore under utvikling og utbygging, og vi har i dag eit kraftfôranlegg med ein produksjon på over 32 000 tonn kraftfôr i året. Totalomsetnaden i 2016 var på ca 178 millionar, fordelt på ca 24 årsverk. I tillegg er det mange arbeidsplassar knytt til mølla gjennom bl.a. transport. Ottadalen Mølle SA produserar kraftfôr til drøvtyggjarar og svin. Kraftfôr til fjørfè og hest får vi levert frå andre bedrifter i Norgesfôrkjeda. I kraftfôret har vi pesielt fokus på gode råvarer og kvalitet. Gjennom Norgesfôrkjeda tek vi del i fôrutvikling, og saman med lokal forankring og fleksible løysingar kan vi tilpasse vårt kraftfôrsortiment til lokale forhold.
Våre kraftfôrtyper til drøvtyggjarar og svin: DRØVTYGGJARFÔR Pellets-diameter NEL 20 /kg TS PBV 20 /kg TS AAT 20/kg TS DRØV TIDLEGSLÅTT 4,2 6,7-9 120 DRØV MIDDELSLÅTT 4,2 6,7 11 118 DRØV ENERGIRIK HØG m/levande gjær 4,2 7,0 34 126 DRØV ENERGIRIK 4,2 7,0 15 126 DRØV ENERGIRIK LÅG 4,2 7,0-3 126 DRØV GENIAL m/levande gjær 4,2 7,2 0 131 DRØV FASE 1 m/levande gjær 4,2 7,5 15 136 DRØV FIBER STORFE 4,2 6,4 10 110 DRØV KJØTTFE 4,2 6,6 7 118 DRØV VEKST m/levande gjær 4,2 6,8 15 123 DRØV INTRO m/levande gjær 4,2 7,1 24 128 DRØV FULLGOD 4,2 6,4 102 130 ALKA SUPERVOM MJØLK 4,2 7,3 20 119 ALKA SUPERVOM KJØTT 4,2 6,7 0 106 Pellets-diameter FEm /100 kg PBV /FEm AAT /FEm DRØV GEIT m/levande gjær 4,2 103 5 105 DRØV SAU MJØLKEFOR 4,2 104 0 120 DRØV SAU VINTER 4,2 94-5 110 DRØV LAM 4,2 93-3 112 BYGGPELLETS 4,2 100-60 98 4,2 95-81 97 SVINEFÔR Pellets-diameter FEn /100 kg Råprotein % IDEAL 50 4,2 104 16,7 IDEAL 50 MYSEKOMBI 4,2 104 17,3 IDEAL JUNIOR 4,2 112 17,4 IDEAL JUNIOR MILD 4,2 108 16,1 IDEAL Super DIE 4,2 109 15,4 IDEAL Super DIE EKSTRA 4,2 112 16,6 IDEAL Super DIE MYSEKOMBI 4,2 109 15,5 IDEAL Super DIE EKSTRA MYSEKOMBI 4,2 112 16,1 IDEAL Super GJELDPURKE MYSEKOMBI 4,2 99 12,7 UTEGRIS 4,2 101 15,7 DRØV Kraftfôr til mjølkekyr DRØV TIDLEGSLÅTT: Kornbasert kraftfôr til kyr med moderat yting (opptil 7500 kg EKM), kombinert med surfôr av tidleg hausta gras. DRØV MIDDELSLÅTT: Kornbasert kraftfôr til kyr med moderat yting (opptil 7500 kg EKM) saman med surfôr av gras med middels haustetidspunkt. DRØV ENERGIRIK HØG: Energirik kraftfôrblanding til kyr med høgare ytingar (7000 9000 kg EKM) saman med surfôr av seint hausta gras eller der mykje høy eller halm inngår i rasjonen. Mykje vomstabile råvarer for godt vommiljø. Også aktuell saman med rotvekster og poteter. DRØV ENERGIRIK: Energirik kraftfôrblanding til kyr med høgare ytingar (7000 9000 kg EKM) saman med surfôr av gras med middels hauste-tidspunkt. Mykje vomstabile råvarer for godt vommiljø. DRØV ENERGIRIK LÅG: Energirik kraftfôrblanding til kyr med høgare ytingar (7000 9000 kg EKM) saman med surfôr av tidleg hausta gras. Høgt fiberinnhald og vombestandige råvarer for godt vommiljø. DRØV GENIAL: Til kyr med høge ytingar (8000-10000 kg EKM), saman med godt grovfôr. Tilsett vombeskytta feitt og levande gjær for godt vommiljø, auka fôrutnytting og auka feittog proteinprosent i mjølka. Er eit godt alternativ til Fase 1 for kyr med høge ytingar i seinlaktasjon, men kan også brukast gjennom heile laktasjonen saman med godt grovfôr. DRØV FASE 1: Vår toppblanding til mjølkeku for maksimal yting, høgt fôropptak og godt vommiljø! Tilsett vombeskytta feitt, B- vitamin, antioksidantmix og levande gjær for auka fôrutnytting, godt immunsystem, høge mjølkeytingar, auka feitt -og proteinprosent, samt lågt innhald av frie feittsyrer i mjølka. Spesielt tilpassa fyrste del av laktasjonen, men kan også brukast gjennom heile året. DRØV FIBER STORFE: Kraftfôrblanding med høgt fiberinnhald (NDF) som kan brukast som grovfôrerstattar. Ved moderate ytingar kan blandinga brukast som einaste kraftfôrsort. Til høgare ytingar er det anbefalt med eit anna kraftfôr i tillegg i topplaktasjonen. Tilskotsfôr ved behov for senking av PBV eller meir fiber i rasjonen. Ikkje tilsett mineral/vitamin. tilsett i kraftfôret vil gje betre vommiljø, betre fôrutnytting, og dermed auka mjølkeproduksjon og meir protein-og feitt per ku per dag.
DRØV Kraftfôr til ammeku og storfe i vekst DRØV INTRO: Startfôr for kalv, lam og kje. Smakleg kraftfôrblanding med råvarer og mikroingrediensar som stimulerar til god og tidleg utvikling av vomfunksjon, god helse og høg tilvekst. Inneheld naturleg E- vitamin, prebiotika, levande gjær og mineral tilpassa spedkalven. Anbefalt til kalven er 2-3 mnd. DRØV KJØTTFE: Til oppfôring av oksar, ammekyr og mellomkalv. Tilsett ekstra kalsium, buffer og vomstabile råvarer for godt vommiljø. Egnar seg for kraftfôrmengder opp til 4-6 kg. DRØV VEKST: Eit proteinrikt kraftfôr til kviger og oksar der ein ynskjer høg tilvekst og rask framfôring. Med levande gjær og spesialtilpassa vitamin- og mineralinnhald til dyr i vekst. Anbefalt mengder: Kviger: 0,5 2 kg/dag avhengig av grovfôrkvalitet og alder. Dekkjer dagsbehovet for vitamin og mineral ved ca 1,5 kg/dag. Oksar: Opptrapping til maks 4 kg pr dag. Dekkjer dagsbehovet for vitamin-og mineral ved ca 2,5 kg/dag. DRØV FULLGOD: Eit pelletert tilskotsfôr med vitamin- og mineralinnhald tilpassa ammekyr. Anbefalt mengde: 0,5 kg før kalving og gradvis opptrapping til 1,5 kg etter kalving. Maks 1,5 kg pr dyr pr dag. Bør ikkje kombinerast med andre vitamin- og mineraltilskot som inneheld selen og kopar. DRØV Kraftfôr til småfe DRØV GEIT: Spesialtilpassa blanding for geit. Høgt energiinnhald for høg avdrått, og moderat AAT-innhald for å halde ei flatare mjølkekurve. Inneheld mykje vomstabile råvarer og levande gjær for høg tørrstoff-prosent i mjølka, auka fôrutnytting og godt vommiljø. DRØV SAU MJØLKEFÔR: Protein og energirik kraftfôrblanding til søyer frå ca 6 veker før lamming og til beiteslepp. DRØV LAM: Fiberrik kraftfôrblanding til oppfôring av kopplam og etterfôring av lam om hausten. Vitamin- og mineralinnhaldet er tilpassa dyr i vekst, og vil minske risiko for urinstein. Kan gjevast etter appetitt ved opptrapping over minst 2-3 veker, og der det er fri tilgang på godt grovfôr. I tillegg er det anbefalt å vaksinere mot pulpanyre. Blandinga er koparfri. tilsett i kraftfôret vil gje betre vommiljø, betre fôrutnytting, og dermed auka tilvekst. ALKA Kraftfôr til storfe Alka-serien inneheld alkalisk behandla korn. Behandlinga gjev ein høgare proteinverdi, samt ein høgare ph og ein buffereffekt i vomma ved store kraftfôrmengder. Høg andel av norske råvarer. Tilsett mineral og vitamin, og er pelletert og varmebehandla som andre kraftfôrblandingar. Må ikkje gjevast til unge dyr utan utvikla drøvtyggjarfunksjon. ALKA SUPERVOM MJØLK: Energirik blanding med alkalisk korn til mjølkeku. ALKA SUPERVOM KJØTT: Kraftfôr med alkalisk korn til oksar. Vomstabile råvarer, antioksidantmix, tilsette B-vitamin og ekstra innhald av vitamin E gjev god mjølkeyting og friske søyer og lam. Blandinga er koparfri. DRØV SAU VINTER Til påsettlam og søyer etter innsett om hausten, til overgang til DRØV Sau Mjølkefôr om våren. Blandinga er koparfri. Til åringar anbefalast det 0,3 0,6 kg/dag, og til søyer opptil 0,3 kg/dag, avhengig av grovfôr-kvalitet. Sau som får under 0,3 kg kraftfôr per dag bør få tilskotsfôr i tillegg. Tilskotsfôr ved behov for senking av PBV eller meir fiber i rasjonen. Ikkje tilsette mineral/vitamin. DRØV INTRO: Startfôr for kalv, lam og kje. Smakleg kraftfôrblanding med råvarer og mikroingrediensar som stimulerar til god og tidleg utvikling av vomfunksjon, god helse og høg tilvekst. Inneheld naturleg E- vitamin, prebiotika og levande gjær. tilsett i kraftfôret vil gje god vomutvikling på kalv, kje og lam.
IDEAL Kraftfôr til slaktegris og smågris IDEAL 50: Kraftfôr tilpassa slaktegris frå 25-30 kg levandevekt. Blandinga kan brukast som einaste fôrslag gjennom heile slaktegrisperioda, og til purker i kombinasjonsbesetningar. IDEAL 50 Som IDEAL 50 saman med 20 % myse i eit våtfôringsopplegg. UTEGRIS Slaktegrisfôr til bruk gjennom heile slaktegrisperioda. Eit lågare energi- og proteininnhald enn IDEAL 50 vil gje ei svakare framfôring. Kan også brukast som sluttfôr på slaktegris frå ca 60 kg levandevekt. Ekstra mineral -og vitamin er tilsett for at blandinga kan kombinerast med andre produkt som f.eks myse, gras og matavfall i rasjonen. Basert på norske kornråvarer og soyamjølfri. IDEAL JUNIOR: Til smågris frå fyrste leveveke til overgang til slaktegrisfôr i besetningar med stabilt miljø og helseforhold. Eit smakeleg og energirikt fôr, med protein- og aminosyreinnhald tilpassa den unge grisen. Utvalde, lettfordøyelege råvarer, organiske syrer og selekterte enzym vil auke tilgjengelegheita av næringsstoffa, fremje ein sunn tarm og gje høg tilvekst. IDEAL JUNIOR MILD: Eit skånefôr til smågris i besetningar med miljø- eller helseutfordringar som diarè. Kan brukast i delar, eller gjennom heile smågrisperioda. Fôret har eit lågare innhald av energi- og protein enn IDEAL Junior, og er sett saman for å støtte eit mage-tarmsystem i ubalanse. Tilsett immunstyrkande og prebiotiske stoff. Tilskotsfôr IDEAL Junior Oppstart med levande gjær Smakeleg starterfôr med blant anna lettfordøyelege mjølkeprotein. Innehald både og pre -og probiotika som har positiv effekt på tilvekst, fôrutnytting og diaré. Anbefalt til smågris frå fyrste leveveke, med gradvis innblanding til IDEAL Junior eller IDEAL Junior Mild. IDEAL Super Kraftfôr til purker IDEAL Super DIE: Til purker i dieperioda og rekruttpurker fram til fyrste brunstsimulering. Eit energirik fôr som sikrar ein høg mjølkeproduksjon, samt råvarevalg som gjev ein sunn magetarmhelse og godt næringsopptak. Mineral-, protein- og aminosyreinnhald samansett for å ivareta purka sine eigne kroppsreserver og støtte ei rett mjølkesamansetning. Kan også brukast til drektige purker. IDEAL Super DIE STRUKTUR Som IDEAL Die Struktur saman med 20 % myse i eit våtfôringsopplegg. IDEAL Super DIE EKSTRA Som IDEAL Die Ekstra saman med 20 % myse i eit våtfôringsopplegg. IDEAL Super -kraftfôrserien tilpassa superpurka Nye vitamin og mineralkilder med tilnærma 100 % opptak i tarmen, og protein og energinivå etter siste anbefalingar. Betre holdbarheit med sterke bein og klauver God helse med styrka immunforsvar Stabil energibalanse gjennom heile syklusen Gode produksjonsresultat -fruktbarheit, mjølkeproduksjon og kulltilvekst IDEAL Super DIE EKSTRA: Til høgproduktive, diande purker med over 12-13 avvente. Blandinga har eit veldig høgt protein-og proteininnhald. Råvarevalg for ein sunn mage -og tarmhelse og godt næringsopptak. Anbefalast der det kan brukast IDEAL Super Die eller IDEAL Super Gjeldpurke til dei drektige purkene. Tilskotsfôr til purker eller slaktegris ved behov for meir fiber i rasjonen. Gje tørt eller oppbløytt. Støttar god tarmhelse, er med på å auke råmjølksproduksjonen, førebyggjer svoltstress og halebiting. Ikkje tilsett mineral/vitamin. IDEAL Super GJELDPURKE Til drektige purker og ungpurker etter brunststimulering, saman med 25 % myse i eit våtfôringsopplegg. Høgt fiberinnhald for god mettheitskjensle, god mage- og tarmhelse, god råmjølksproduksjon og evne til høgtfôropptak i dieperioda. Mineral og vitamin tilpassa den drektige purka.
TILSKOTSFÔR Vi anbefaler at alle drøvtyggjarar heile tida har tilgang på saltstein! Til dyr utan eller med lite kraftfôr er det anbefalt eit mineral/vitamintilskot. Vi har eit godt utval av ulike saltsteinar og vitamin- og mineraltilskotsfôr i både granulat, bøtter, fat og bolusar! Spør oss for meir informasjon om dei ulike produkta. Ottadalen Mølle SA har også såvare, gjødsel, plantevern og andre butikkvarer til landbruket. For kontakt og kraftfôrbestilling ring oss på telefon 61 21 18 20. Kraftfôrbestilling kan også gjerast via vår heimeside www.norgesfor.no/ottadalen Vi tek gjerne ein prat om fôring, val av type kraftfôr, oppsetjing av fôrplanar og liknande. Ring ein av våre fagansvarlege på kraftfôr: Siv Andersbakken: 952 10 509 eller Ragnhild Løkken: 990 02 770 Vi har også salskonsulent på vestlandet: John Magne Erdal: 947 91 579 For oppdatert informasjon, sjå vår heimeside www.norgesfor.no/ottadalen, og fylg oss gjerne på facebook via sida vår Ottadalen Mølle SA!