OPPSUMMERING HAUSTEN 2012



Like dokumenter
Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Møteprotokoll. Utval: Valstyre for Nye Øygarden kommune Stad: Skjenet 2, møterom i andre etasje Dato: Tid: 16:00-16:30

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

OPPSUMMERING HAUSTEN 2013

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Teknikk og konsentrasjon viktigast

INTENSJONSAVTALE FOR NYE ØYGARDEN KOMMUNE. Fjell - Sund - Øygarden

044/16 Formannskapet /16 Kommunestyret Kommunereform - Jæren kommune - Endeling vedtak om kommunestruktur.

OPPSUMMERING FØRSTE HALVÅR 2015

Ordføraren Dato: Vår ref.: 2013/74-405/2013 Ark.kode:

Statens vegvesen. Fjell kommune Postboks STRAUME. Att: Willy Sørensen

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg

OPPSUMMERING VÅREN 2013

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

SOTRA BRANNVERN IKS - I arbeid for eit branntrygt lokalsamfunn!

Møteprotokoll for Formannskapet

Kvar står vi og kvar går vi når det gjeld idrett og fysisk aktivitet i Fjell?

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

SAKSPAPIR. Vaksdal kommune RÅDMANNS FRAMLEGG TIL ØKONOMIPLAN

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Biblioteket, Aurland barne- og ungdomsskule Møtedato: Tid: 09:30-13:45

OPPSUMMERING HAUSTEN 2011

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

ØYGARDEN KOMMUNE SAKSPAPIR

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND TORSDAG 13. JUNI 2013 KL , SCANDIC HOTEL, HAUGESUND

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Formannskapsalen Saknr.: 36/13 43/13

FJELL KOMMUNE Ordføraren Dato: Vår ref.: 2012/ /2012 Ark.kode:

SOTRA BRANNVERN IKS - I arbeid for eit branntrygt lokalsamfunn!

Kontrollutvalet i Suldal kommune

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Planprogram. Rullering av Kommunedelplan for Skogsskiftet Sund kommune

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

«Nordhordland kommune»

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 038/2015 Formannskapet PS

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Handegård Arkivsaksnr.: 05/1534. Reguleringsplan Hafslo sentrum - 3. gongs handsaming. Godkjenning.

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Grete S. Lundekvam møtte frå administrasjonen. Eldgrim Springgard og Hilde Løkensgard Bjørnsvik

Referat frå Stillingsgruppa mars 2014

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0216/04 03/01610 PROFILERINGSPROSJEKTET I OS KOMMUNE

KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014

Møtedato: Møtetid: Kl. 13: Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

Saksnr. Utval Møtedato 014/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Torunn Liltved Arkiv: Arkivsaksnr.

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Sakliste: Saknr. Sak 12/13 Godkjenning av innkalling og sakliste

Kvalitetsplan mot mobbing

Revidering av kommunedelplan for oppvekst Struktur

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for natur Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

MØTEPROTOKOLL. Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Dan Helge Bjørneset Medlem H

Sakliste: Saknr. Sak 29/13 Godkjenning av innkalling og sakliste

Møteprotokoll for møte i

ÅRSPLAN SUNDE BARNEHAGE

SOTRA BRANNVERN IKS - I arbeid for eit branntrygt lokalsamfunn!

Høyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Møteprotokoll for Formannskapet

Frå visjon til realitet November 2012

MØTEPROTOKOLL. Arbeidsmiljøutvalet

Dette skjedde 2. halvår Her kan du lesa om litt av det som har skjedd det siste halvåret i arbeidet med å byggja den nye kommunen.

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Tilleggsinnkalling av Kommunestyret

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

Austevoll kommune MØTEINNKALLING

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 038/2015 Formannskapet PS /2015 Kommunestyret PS

Investeringsbehov dei neste 5-10 åra

Regional innsats mot Straume Regionsenter Oversikt over ressursbruken frå Hordaland fylkeskommune

Mål for arbeidet denne kvelden

Saksgang: Utval Saksnummer Møtedato Time formannskap 052/ Time kommunestyre 041/

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE , vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, for

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 15/06 06/6 UTSKRIFT FRÅ FØRRE ELDRERÅDSMØTE 1

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Fjell kommune Arkiv: 212 Saksmappe: 2014/ /2014 Sakshandsamar: Nina Høiem Dato: SAKSDOKUMENT

Tilleggsinnkalling av Formannskapet

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

MØTEPROTOKOLL. Kommunestyret SAKLISTE: 5/09 08/235 Felles sekretariatsteneste - kontrollutvala for kommunane i Sogn

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

BUDSJETT OG SKULESTRUKTUR

Møteprotokoll for Formannskapet

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Utval Saksnummer Møtedato Time formannskap Time kommunestyre

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

MØTEBOK Tysnes kommune

Utval: Partssamansett utval Nye Øygarden kommune Stad: Skjenet 2, møterom i andre etasje Dato: Tid: 09:00 09:45

Transkript:

OPPSUMMERING HAUSTEN 2012 Juli Tekst: Vigleik Brekke Wilhelm Anglevik ny skulesjef Rektor på Knappskog skule, Wilhelm Anglevik (58) tok til som ny skulesjef i Fjell 1. juli. Han overtar etter Ellen Margrethe Hansen som vert seksjonsleiar for skule i fagavdeling for skule og barnehage i Bergen kommune. Wilhelm Anglevik har vore rektor på Knappskog skule dei siste 16 åra. Han starta si lærarkarriere i Fjell på Foldnes skule i 1980. Historisk coaching-eksamen For første gong har tilsette i Fjell avlagt eksamen i coaching trinn 3. I sommar tok styrar for omsorgsbustader psykiatri, psykisk dagsenter og ADL-team, Therese Helgesen, fagleiar byggprosjekt, Gudrun Ølnes, og leiar av PPT, Jogeir Sognnæs, eksamen for det siste trinnet i coaching. Og dei kan visa til svært gode resultat. Sidan oppstarten i 2004 har om lag 100 medarbeidarar i Fjell avlagt eksamen i coaching for trinn (modul) 1 og 2. Det nye er at tilsette i Fjell har avlagt eksamen for trinn 3. August Oppstart på gravplassen på Foldnes Arbeidet med ny gravplass ved Foldnes kyrkje starta opp i midten av august. Generalentreprisen gjekk til Drange Maskin som dermed har fått heile oppdraget med unnatak av rådgjeving som er Bergen kirkelige fellesråd (BKF) si oppgåve. Det er sett av 25 millionar kroner i investeringsbudsjettet for Fjell kommune til ny gravplass ved Foldnes kyrkje. Det er kostnadsramma for byggjesteg 1 som no ligg føre. Det er venta at arbeidet er fullført i løpet av tredje kvartal 2013. Besøk frå sju jærkommunar Det handla om samhandlingsreforma, helse- og omsorgstenester i framtida og regionalt samarbeid då sju kommunar frå Jæren var på besøk i Fjell 24. august. - Vi er imponerte over Stavanger-regionen når det gjeld samarbeid og utvikling. Her ser vi gjerne til dykkar region, sa rådmannen Steinar Nesse då han på vegner av Fjell kommune ønskte gjestene velkomen. Det var kommunane Time, Hå, Klepp, Kvitsøy, Randaberg Sola og Gjesdal som hadde teke turen til Fjell for å verta kjent med samhandlingsreforma og samarbeid i region vest.

Kommunedelplan for Ågotnes på høyring 20. august vedtok formannskapet samrøystes å leggja kommunedelplan for Ågotnes ut til offentleg høyring i 10 veker. Veksten i den nordre delen av Fjell har vore svært stor dei siste 15 åra, og det er venta at veksten vil halda fram. Dei bustadføremåla som ligg i planframlegget, kan opna for ein auke på om lag 700 bustadeiningar. September Ny rolle for Willy Sørensen Frå første september fekk Willy Sørensen nye oppgåver i Fjell kommune. Sidan januar i år har han vore prosjektleiar for Sotrasambandet. Denne oppgåva skal han halda fram med, men frå første september arbeider han også med andre oppgåver som rådgjevar for rådmannen. Han rundar dermed av som plan- og utbyggingssjef etter vel åtte år som leiar av avdelinga. Nye lokale for heimetenesta I september flytta heimetenesta i Fjell inn i nye lokale i lokalet der Bodoni held til på Straume. Dei siste åra har heimetenesta halde til i FjellVAR sitt bygg på Søre Straume. Det er åtte medarbeidarar som har sitt faste kontor i det nye lokalet. Totalt er det nærare 90 medarbeidarar i heimetenesta som no har fått ein ny base på Skjenet. Eigen grønsakshage i Bjorøy barnehage Barna på Bjorøy barnehage har verkeleg vortne skitne på fingrane i år. I vår starta nemleg barnehagen arbeidet med eigen grønsakshage (forundringshage). Det vart særleg arbeidd med fagområdet natur, teknikk og miljø. Det vart planta frø i gamle toalett, vaskar, badekar og støvlar. Små og store barn var med i prosessen med å fylla på steinar, jord og setja ned spirer. Og i sommar vart det invitert til sommarfest. Barnehagen ville at foreldra skulle frå sjå kva barna hadde arbeidd med. Barn og vaksne viste stolt fram prosjektet. (Bilete: Anne-Stine Kallevik Bystyret vedtok plan for Sotrasambandet 19. september vedtok Bergen bystyre kommunedelplan med konsekvensutgreiing for strekninga mellom kommunegrensa til Fjell og Storavatnet. Fjell kommunestyre godkjente kommunedelplanen i juni. Vedtaket i bystyret innebèr bygging av ei firefelts bru i den såkalla høgspenttraséen. Bystyret legg også til grunn at det skal gjennomførast teknisk-økonomiske utgreiingar for bybanetrasé på ny firefelts bru som ein del av reguleringsarbeidet, inklusive utgreiingar av korleis bybane kan førast inn på brua.

Avduka ministatue av Fredrik Kayser 21. september vart ei ministatue av Fredrik Kayser avduka på Tranevågen ungdomsskule. Det var Lisken Kayser (kona til Fredrik Kayser) som avduka ministatuen (bilete). Familien Kayser budde på Ågotnes i Fjell i nærare 30 år, og Fredrik var økonomidirektør hjå Namtvedt i ei årrekkje. Den markerte motstandsmannen Fredrik Kayser deltok i kampane etter 9. april 1940 og vart medlem av Kompani Linge. Han var mellom anna med på tungtvatnaksjonen på Rjukan i 1943. Kommunestyremøte i september Kommunestyret godkjente reguleringsplan for gravplass ved Foldnes kyrkje og Anglavika Det vart også vedteke å utvida Ågotnes barnehage (avd. Lillebjørn) frå to til fem avdelingar. Branndokumentasjonen for Sotra Brannvern vart godkjent. Kommunestyret godkjente også for sin del at forliksråda i Fjell og Øygarden vart slått saman. Oktober Viktige politiske signal Ei nyvinning i 2012 var strategi- og budsjettseminaret på Solstrand i oktober. Kommunestyrerepresentantane i Fjell gav tydelege politiske signal. Mellom anna fekk rådmannen klare tilbakemeldingar på spørsmål om kommunestruktur og strakstiltak for trafikkavviklinga mellom Sotra/Øygarden og Bergen. - Dette har vore svært positivt, og vi har jobba saman mot felles mål. På denne måten har vi teke ansvar og fått eit sterkare eigarforhold til det vi arbeider med, sa ordførar Eli Årdal Berland då ho oppsummerte konferansen. Nei til plan for Knutepunktet I oktobermøtet avviste kommunestyret framlegget til reguleringsplan for Knutepunkt Kolltveit. Etter at planen hadde lege ute til offentleg ettersyn i februar-april 2011, kom det inn fem merknader. Fylkesmannen og Hordaland fylkeskommune fremja motsegn til planframlegget. Andre saker: - Det vart vedteke at som hovudregel skal det vera tilknytingsplikt til det offentlege vass- og avlaupsnettet. Kommunestyret vedtok også at det skal innførast bruk av vassmålar i Fjell kommune. Offisiell opning av Lindrande eining Fredag 26. oktober vart Lindrande eining på Askøy offisielt opna. Dette er ei avdeling ved Kleppestø sykehjem som vert drive i fellesskap mellom kommunane i Regionrådet Vest. Avdelinga er eit prosjekt i samarbeid mellom Askøy, Fjell, Sund, Øygarden kommunar, Kreftforeningen, Helse Bergen og Kompetansesenteret i lindrende behandling i Helseregion Vest. Ordførar i Askøy, Siv Høgtun, stod for den offisielle opninga (bilete). (Bilete: Øyvind Haugland)

November La ned grunnsteinen for hallen 1. november la Fjell-ordførar Eli Årdal Berland ned grunnsteinen for fleirbrukshallen i Straume Idrettspark. - Denne dagen har vi venta på lenge. Eg er utruleg stolt over at vi har fått dette til og at det vart politisk fleirtal for dette prosjektet, sa ordføraren då ho la ned grunnsteinen (bilete). Nedlegginga av grunnsteinen vart kombinert med kranselag for 65 gjester. Den nye fleirbrukshallen har ei kostnadsramme på 156 millionar kroner og er på totalt ca. 9.200 kvadratmeter. (Bilete: Kjell Andersland) Jubla for 40 år gamal skule Stemninga stod i taket i den fullsette gymsalen på jubileumsfesten på Tellnes skule 1. november. Tellnes skule passerte 40 år i 2012, og på jubileumsfesten fekk elevane forsamlinga med seg på ei flott mønstringa med underhaldning for foreldre og føresette. - Dette var heilt fantastisk. Alle elevane har blomstra i kveld, og eg er stolt av både dei store og små, sa Hjelle. Opna infosenter for kystbyen Fredag 9. november vart infosenteret for Sotra Kystby på Straume offisielt opna. Det var fylkesordførar Tom-Christer Nilsen som klipte av snora for å markera den offisielle opninga. På opninga var ordførarane i Fjell, Sund og Øygarden, andre politikarar, den administrative leiinga i Fjell og andre samarbeidspartnarar på plass. Infosenteret er lokalisert i Sotra Minimarked og er tenkt å vera ein felles "base" for presentasjon av komande prosjekt i kystbyen. Første litteraturfestival I midten av av november var det klart for første Juuhl litteraturfestival. I år er det 100 år sidan journalisten og forfattaren Johan C.W. Juuhl (1866-1947) gav ut si første bok "Havstriler". Juuhl var den sentrale forfattaren på den tre dagar lange litteraturfestivalen. Bygdebokforfattar Halvor Skurtveit (bilete) har skrive innleiinga i den ferske boka som er ei samling av noveller, forteljingar, romanar og andre artiklar av Juuhl. Styrkjer eigenkapitalen i pensjonskassen Kommunestyret vedtok 22. november å opna for å styrkja eigenkapitalen i Fjell kommunale pensjonskasse ved å overføra eigedom som tinginnskot frå Fjell kommune til pensjonskassen. Elles vart det vedteke å redusera talet på valkrinsar til ni og at kommunestyremøta skal vera

på dagtid som ei prøveordning i 2013. Jubileum for Landro skule 27. november var tilsette og inviterte gjester pynta til fest for å markera at Landro skule (nyeskulen) er 50 år. Elevar og lærarar varta opp med flott song, musikk, dans, turnoppvisning og dikt for dei frammøtte. Den spreke 93 år gamle Rakel Bjorøy fortalte om korleis det var å vera lærar på gamleskulen der det no er gapahauk og restar av muren etter gamle Landro skule. Rakel var lærar og rektor på Landro frå 1945 til ho gjekk av i 1986, og det er ingen tvil om at ho var ein "institusjon" på Landro i fleire tiår. Bilete: Dei tre rektorane på Landro skule sidan 1945; Willy Landro (noverande rektor), Karstein Lunde og Rakel Bjorøy. Desember Føreslår felleskontor på Askøy Styret i regionrådet går inn for at det vert etablert eit felleskontor på Askøy for oppfølging av fosterheimsplasserte barn i region vest. Saka går vidare til endeleg behandling i kommunestyret i dei fire kommunane i region vest, Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. Det er føreslått at kontoret vert etablert som ei vertskommuneløysing med oppstart 1. august 2013. Denne saka er ei oppfølging av prosjektet "Betre saman for barna". Pris til Absence Crew og arbeidsmiljøpris 9. desember vart kulturprisen i Fjell kommune for 2012 delt ut til dansegruppa Absence Crew. Prisen vart overrekt på Sotra Brass sin julekonsert i Foldnes kyrkje. Prisen er ei pengegåve på 10 tusen kroner og eit kunstverk. 14. desember vart Arbeidsmiljøprisen 2012 delt ut til Straumsfjellet avlasting (bilete). - Vinnaren har eit systematisk HMT-arbeid med vernerundar kvart år og medarbeidarsamtalar årleg, annakvart år individuelt og annakvart år i grupper, sa personalrådgjevar Wenke Sandvær då ho delte ut prisen i forkant av julekonserten for medarbeidarane i Foldnes kyrkje. (Bilete: Kjell Andersland) Bildøyna-plan på høyring Formannskapet vedtok 10. desember å leggja kommunedelplan for Bildøyna/Sotra Kystby 2013-2024 på høyring i åtte veker. Planprogrammet for kommunedelplanen vart godkjent av kommunestyret hausten 2011. No er det sjølve kommuneplanen som vert lagt ut på høyring.

Formålet med planen er å utvida og utvikla regionsenteret på Straume mot sjøen og mot Bildøyna. Budsjettet i hamn 13. desember vedtok kommunestyret budsjettet for 2013. Driftsbudsjettet har ei ramme på knapt 1,4 milliardar kroner. Det skal investerast for 150 millionar kroner i 2013. Den største enkeltsummen i investeringsbudsjettet neste år er 76 millionar kroner til fleirbrukshallen på Straume. Kommunestyret godkjente også sal av Knappskog gamle skule. Det låg føre bod på skulen og eigedomen på 6,6 millionar kroner frå Skålevikveien Eiendom AS. Ei reise i 80-åra Elevane på Tranevågen ungdomsskule imponerte 1 400 publikummarar då Ung 2012 vart avslutta med finale og stormønstring i Grieghallen 19. desember. Dette er tredje året på rad at ungdomsskulen har leigd storstova i Bergen for å runda av 14 dagars intenst arbeid med Ung 2012. Den 90 minutt lange framsyninga var først og fremst ein presentasjon av populærkulturen i 80-åra. Rapport om skulestruktur er klar Norconsult går inn for å samla elevane frå Syltøyna, Algrøyna og Skålvika på Ulveset skule. Dette er ein av tilrådingane i rapporten om framtidig skulestruktur. Konsulentselskapet føreslår også at Misje-elevane vert overførte til Landro skule. Ekerhovd-krinsen vert føreslått overført til Kolltveit skulekrins. På Litlesotra er det ikkje forslag om endringar i skulestrukturen. Eigen folkehelsekoordinator i Fjell Fjell kommune er siste tilskot i Partnarskap for folkehelse i Hordaland. Frå midten av november har Fjell kommune hatt eigen folkehelsekoordinator. Kulturkonsulent Jarle Steinsvik Pedersen (bilete) er tilsett i denne stillinga i 50 prosent. Han kombinerer denne stillinga med jobben som konsulent hjå Kultursjefen.