Samandrag: Landbruksdirektoratet gjev ikkje løyve til omdisponering og deling som søkt om. Omsynet til jordvernet får avgjerande vekt.

Like dokumenter
Endelig vedtak - sak om omdisponering etter 9 i jordloven - gnr. bnr. i kommune

Særutskrift - 112/17 - deling av eigedom - Dimmelsvik - Per Harald Lunde

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Behandling - Søknad om deling - 99/1 - Dimmelsvik - Eivind Tvedt

Særutskrift - 194/6 - ny grunneigedom - Sæbøvik - Fredrik Johan Øvrevik

Endelig vedtak - sak om omdisponering etter 9 i jordloven gnr. 136 bnr. 1 i Verdal kommune

Jordlova. Lov om jord, 12 mai 1995 Sist endret: LOV fra , LOV fra

Stadfesting av vedtak - Kvinnherad - Gnr 64 Bnr 16 - Rosendal - Deling av grunneigedom etter jordlova

Fagdag for folkevalde i landbruks-, areal- og miljøsaker. Jordvern og jordlova

Side 2 av 6 Saka vart handsama i Naturutvalet, og det vart gjeve avslag på søknaden. Klagar skriv i brevet sitt at dei sendte inn forslag om

Løyve til tillatelse til tiltak uten ansvarsrett gnr. 84 Bnr 1

Ragnar Høigilt Tveide 4760 BIRKELAND

Lars Martin Julseth landbrukssjef i Follo

Innherred samkommune Landbruk og naturforvaltningen

Utvalg Utvalgssak Møtedato

Innherred samkommune Landbruk og naturforvaltningen

FORMANNSKAP Rådmannens forslag til VEDTAK:

Opphevinga er gjort med heimel i forvaltningslova (fvl) 35 fjerde ledd andre setning.

Hjelmeland kommune. Dykkar ref.. Vår ref. Arkivkode: Dato: 09/ /13/ HØYRINGSUTTALE - FORSLAG TIL ENDRING AV 12 I JORDLOVA

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Klage Behandling av søknad om frådeling - 145/22 - Sunde -Gundesø/ Svein Røssland

Deres ref. Vår ref. Dato «REF» 26381/2014/10/020/BERSTR

FORMANNSKAP VEDTAK:

FORMANNSKAP VEDTAK:

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. 2.gongs behandling - deling - 278/5 og 272/1 Åkra - Evy Brekke

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. KLAGE - behandling deling - gnr bnr 149/2 -- Sunde - Jenny Grønstøl

Klageavgjerd i byggjesak frådeling bustadtomt 183/11 - tiltakshavar: Ingmar Handeland

FORMANNSKAP Dersom deling ikke er rekvirert innen tre år etter at samtykke til deling er gitt faller samtykke bort.

Saksframlegg. Ark.: GNR 164/4 Lnr.: 11505/18 Arkivsaksnr.: 18/1235-5

Innherred samkommune Landbruk og naturforvaltningen

2 av 14 Kva saka gjeld: Saka gjeld søknad om frådeling av ein parsell (på 4500m2) på gbnr. 34/3. Planstatus: Tiltaket ligg i eit område som er avsett

Vår ref. 2009/ Særutskrift - BS - 139/68 - garasje - Herøysundet - Odd Åge Helvik

Saksframlegg. Utvalg Utvalgssak Møtedato Komite plan

Endringene i jordloven

Grunngjevingsplikta til forvaltninga

Innherred samkommune Landbruk og naturforvaltningen

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Svein Åsen Sluttbehandlende vedtaksinstans (underinstans): Formannskap Dok. offentlig: x Ja Nei. Hjemmel: Klageadgang:

Saksframlegg. Utvalg Utvalgssak Møtedato Komite plan. 108/38 Prestmo - deling, omdisponering og dispensasjon

Endelig vedtak - konsesjon for erverv av gnr. bnr. og i. Dere søkte konsesjon for ervervet ved brev av til

Vedtak: Rønningens forslag enstemmig vedtatt. Til Landbruks og Matdepartementet,

Innherred samkommune Landbruk og naturforvaltningen

Innherred samkommune Landbruk og naturforvaltningen

Referanser: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Larissa Dahl Avslag på søknad om dispensasjon - gbnr 38/2 frådeling av tomt for 2 naust Refskar

Endelig vedtak - omdisponering for produksjon av juletrær - gnr. bnr. i kommune

Stryn kommune Avdeling byggesak og regulering

Jordlovsbehandling - søknad om deling av grunneiendom gbnr 12/98 med driftsbygninger

Balsfjord kommune for framtida

Vår ref. 2016/ Særutskrift - 90/2 - deling av eigedom - Seimsfoss - Merete Guddal

SAKSFRAMLEGG. I tillegg til den jorda som ønskes kjøpt fra bnr. 5, leies det også areal fra bnr. 18.

Innherred samkommune Landbruk og naturforvaltningen

Fylkesmannen sin praktisering av jordlova, konsesjonslova og odelslova i 2016

Vedtak - Omdisponering og fradeling etter jordloven- gnr. 138 bnr.4 og 33 - Utbygging av høydebasseng i Musdal - Øyer kommune

SAKSFRAMLEGG. Saksgang. Utvalg Møtedato Utvalgssak Hovedutvalg teknisk, miljø og naturforvaltning

Vedtak i klagesak - Deling - Viksveen gnr. 80 bnr.3 - Øyer kommune

Begjæring om omgjøring - søknad om deling av Gammelstu Stai gnr 12 bnr 6 m.fl. - Stor-Elvdal kommune, Hedmark fylke

Saksframlegg. Behandling etter jordloven 12 - Fradeling - GB 19/3 Føreid

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Arne Ingjald Lerum Arkiv: MTR 176/4 Arkivsaksnr.: 09/2508

Særutskrift - Omdisponering - 82/16 - areal til kårhus - Joar Tveito

Balsfjord kommune for framtida

ØRSTA KOMMUNE Teknisk sektor

Deanu gielda - Tana kommune Arkiv: 15/55 Arkivsaksnr: 2016/ Saksbehandler: Merete Sabbasen Helander

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Svein Åsen Sluttbehandlende vedtaksinstans (underinstans):formannskapet Dok. offentlig: x Ja Nei. Hjemmel: Klageadgang:

Advokatfirma Wiersholm AS Postboks 1400 Vika 0115 OSLO v/håvard Andreassen

A xxx xxxx xxx. Vedtak i klagesak om produksjonstilskot for søknadsomgangen august 2014

Verdal kommune Landbruk, miljø og arealforvaltning

Fylkesmannen sin praktisering av jordlova, konsesjonslova og odelslova i 2015

Dykkar ref Vår ref Dato 08/ /ROH

8/4 - Pedersborg- fradeling og dispensasjon

Hareid kommune - vedtak i klagesak etter plan- og bygningsloven - gnr41 bnr822 - Melshorn Hotell

Fornyings- og administrasjonsdepartementet

ØRSTA KOMMUNE politisk sekretariat

Advokatene i Landbrukets Hus Postboks 9354 Grønland 0135 OSLO

44/3 - Svedal nordre - dispensasjon og fradeling - klage

Vår ref. 2011/ Særutskrift - DS - 244/2 - deling av grunneigedom - Utåker - Egil Heimvik

Advokatfirmaet Økland& Co DA v/advokat Philip Gustavsen Postboks LILLESTRØM

Møteinnkalling for Formannskapet

Endelig vedtak - konsesjon for erverv av gnr. bnr. i

Om ny delingsbestemmelse etter jordloven

MELDING OM VEDTAK. Deres ref: Vår ref: Saksbeh: Arkivkode: Dato: 2016/ Kirsti Jakobsen,

Vår ref. 2016/ Særutskrift - Konsesjon - fallrettar - Tverrelva - Tverrelva Kraftverk AS

Vår ref. 2013/ Særutskrift - 94/2 - bustadhus - Seimsfoss - Bjarte Naterstad

Klage på avslag på søknad om omdisponering og fradeling av tomt til boligformål på eiendommen 124/1 i Stjørdal kommune tas ikke til følge

Roar Jenssen 11/21Lii- /3 531b/)2 Myrvold 8800 SANDNESSJØEN

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Saksframlegg. Jordlovsbehandling - Fradeling av 2 boligtomter GB 75/2

ØRSTA KOMMUNE politisk sekretariat

Vår dato Dykkar d

Saksnr Utval Type Dato 006/18 Heradsstyret PS

ØRSTA KOMMUNE Tekniske tenester

Deanu gielda - Tana kommune Arkiv: 12/7 Arkivsaksnr: 2012/720-2 Saksbehandler: Terese Nyborg

ØRSTA KOMMUNE politisk sekretariat

ØRSTA KOMMUNE politisk sekretariat

Tilleggsinnkalling av Formannskapet

SAKSFRAMLEGG. Arkivsaksnr.: 15/1392 Arkivnr.: GNR 15/55

Saksframlegg. Sakshandsamar: Cornelis Erstad Arkiv: MTR 81/53 Arkivsaksnr.: 16/320-10

FORMANNSKAP Lekatun

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. KLAGE - Deling - 113/1 -to fritidstomter - Dimmelsvik - Åse Madsen

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. 3.gongs handsaming - Søknad om deling - 208/3 -Sydnes - Anne Marie Sydnes Helland

MØTEINNKALLING. Utval for tekniske saker og næring

ØRSTA KOMMUNE Teknisk sektor

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 87/2019 Utval for drift og utvikling PS

Omgjøring av vedtak - deling av gnr. 76 bnr. 1 m.fl. i Hjartdal kommune - Telemark

Transkript:

Grete og Sverre Forgard Vår dato: 22.06.2017 Vår referanse: 17/24966-3 Deres dato: 20.04.2017 Deres referanse: Endelig vedtak - klage på omdisponering- og delingsvedtak Samandrag: Landbruksdirektoratet gjev ikkje løyve til omdisponering og deling som søkt om. Omsynet til jordvernet får avgjerande vekt. Du søkte om omdisponering og deling av gnr. 1 bnr. 2 og 3 i Åseral kommune ved brev 15.6.2016. Om eigedomen Gnr. 1 bnr. 2 og 3 har eit samla areal på 3066 daa, av dette er 163,3 daa fulldyrka jord, 28,2 daa innmarksbeite, 494 daa produktiv skog, samd 2380 daa anna areal. Eigedomen har fleire bygningar. Eigedomen ligg i eit LNFR-område utan føresegn om spreidd bygging. Søknad om omdisponering og deling Det er søkt om å frådele 1,2 daa til bustadføremål i samband med generasjonsskifte. Du skriv at din yngste son skal overta gnr. 1 bnr. 3, og skal busetje seg i huset dykk bor i dag, samstundes som eit av dei eldre husa på eigedomen skal rivast. Du ynskjer i det høve å dele frå ei tomt, og oppføre eit bustadhus på dyrka areal. Det dyrka arealet som går tapt, skal kompenserast med at grunnen der huset som skal rivast og området rundt blir dyrka opp. Kommunen sitt vedtak Åseral kommune fatta vedtak i møte 5.10.2016 om å gi løyve til omdisponering og deling jf. jordlova 9 og 12 i samsvar med søknaden. Kommunen grunngjev sitt vedtak med at andelen jord som skal nydyrkast på eigedomen totalt sett vil overstige andelen jord som frådelast. Kommunen syner til at det generelt sett i perioden 2010-2015 er søkt om nydyrking for 311 daa i Åseral, samstundes som det ikkje er frådelt tomter til bustadføremål. Dette syner at landbruksareal i Åseral ikkje er utsett for press frå bustadbygging som mange andre stader i landet. Kommunen syner vidare til kommuneplanen der det er ei overordna målsetjing å styrke busetjinga, og at kommunen ynskjer ein liberal dispensasjonspraksis for bustadbygging utanfor avmerka område for spreidd bustadbygging. Landbruksdirektoratet Org.nr: NO 981 544 315 MVA www.landbruksdirektoratet.no postmottak@landbruksdirektoratet.no Postadresse Postboks 8140 Dep NO-0033 Oslo, Norway Telefon: +47 78 60 60 00 Besøksadresse Stortingsgt. 28, 0161 Oslo Løkkeveien 111-0301, 9510 Alta

Landbruksdirektoratet Side: 2 av 6 Landbruksdirektoratet viser til vedtaket. Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder si omgjering Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder varsla ved brev 20.10.2016 om at Åseral kommune sitt vedtak ville bli vurdert overprøvd jf. forvaltningslova 35 tredje ledd. Du kommenterte Fylkesmannen sitt varsel om overprøving ved brev 5.11.2016. Du viser til at jorda som er søkt frådelt er eit dårleg jordbruksområde, det er synleg fjell og dårleg jord. I tillegg ligg det i utkanten av ein teig inntil vegen. Når det gjeld påstanden om drift- og miljømessige ulemper, peikar du på at eigedomen ligg i det tettaste jordbruksområdet i Åseral, og såleis er det lukt og støy for alle som er busett her. Dette er ikkje eit problem som gjeld spesielt denne tomta. Landbruksdirektoratet viser til dine merknader. Fylkesmannen overprøvde Åseral kommune sitt vedtak ved vedtak i brev av 19.12.2016, jf. fvl. 35 tredje ledd. Fylkesmannen viser blant anna til kommuneplanen, der det omsøkte arealet ligg i LNFR-område der landbruk skal ha prioritet, og det ikkje er tillat anna enn bygningar nytta til landbruk. Vidare legg ein vekt på jordvernet, og at det ikkje er særlege høve til å tillate omdisponering etter jordlova 9. Vidare meiner Fylkesmannen at busetjingsomsynet vert ivaretatt ved at det finnast ledige tomter rett i nærleiken. Fylkesmannen er samd med kommuneadministrasjonen i at ei omdisponering vil føre til eit varig tap av dyrka jord, og vil føre til ei svekking av jordvernet. Det er blant anna vist til at tomta blir liggande som ei øy i landbruksarealet på eigedomen. Landbruksdirektoratet viser til Fylkesmannen sitt vedtaket. Klage Du klaga på vedtaket ved brev 26.1.2017. I klaga skriv du at Fylkesmannen har vore for streng i si vurdering når det gjeld press på jordbruksareal, når det berre er ei tomt som skal avsetjast til bustadføremål, ikkje fleire. Til Fylkesmannen sin påstand om at det finnast fleire ledige tomter i nærleiken, Stabakka nord, viser du til at desse tomtene ikkje er aktuelle for dykk å byggje hus på. Dykk har ei sterk tilknyting til Åsland, og det er her dykk ynskjer å bu. Ein fordel er at dykk kan avlaste gardsdrifta, noko som vil vere langt meir tungvint dersom ein må flytte til Stabakka nord. Du er også ueinig med Fylkesmannen sin påstand om at tomta vil bli liggande som ei øy i jordbruksområdet. Tomta er plukka ut av omsyn til gardsdrifta, og består av skrint jordsmonn og fjell. Frådeling og omdisponering vil dermed ikkje bidra til reduksjon av grunnlaget for matproduksjon på garden. Du meiner at Fylkesmannen ikkje har teke med at omsynet til busetjinga også kan innebere å oppretthalde busetjinga på eigedomen. Du meiner at kommunens vedtak i for liten grad har blitt vektlagt i denne saka. Landbruksdirektoratet viser til klaga. Oversending til Landbruksdirektoratet Fylkesmannen var på synfaring av eigedomen 5.4.2017, saman med dykk og representantar frå Åseral kommune. Under synfaringa blei det konstatert at tomta består av både fjell og grunnlendt mark, men også jordbruksareal. Fylkesmannen tok ikkje klaga til følgje. Det omsøkte arealet ligg i eit samanhengande jordbruksområde, med jordbruksareal på alle kantar, berre skild av ei driftsveg. Fylkesmannen viser også til ei anna sak frå Åseral kommune som gjeld eit liknande tilfelle kor Fylkesmannen omgjorde kommunens samtykke til omdisponering og deling, og Landbruksdirektoratet stadfesta

Landbruksdirektoratet Side: 3 av 6 Fylkesmannens vedtak. Elles kan ikkje Fylkesmannen sjå at det er kome fram nye opplysningar som tilseier at vedtaket bør omgjerast. Du sendte oss merknader til klaga i brev 31.5.2017. Du meiner at Fylkesmannen ikkje har kommentert kommunens grunngjeving for vedtaket, og at dette er ein sakshandsamingsfeil. Vidare skriv du at Fylkesmannen gir ei feil framstilling når det seiast at området ligg i eit samanhengande jordbruksområde. Du syner til at tomta ligg inntil kommunal veg, og at det ligg bustadhus i nærleiken. Miljø- og driftsmessige ulemper som støy, lukt og støv som nemnd av kommuneadministrasjonen og Fylkesmannen er ikkje typisk for denne tomta, men for heile Kirkebygda i Åseral. Det er heller ikkje slik at ei frådeling vil gje negative konsekvensar for landbruksdrifta på garden, ettersom tomta utgjer berre 1,1 % av jordarealet det skal delast frå. Til sist skriv du at endringane i jordlova inneber at omsynet til busettinga og lokale forhold skal leggjast vekt på. Landbruksdirektoratet viser til dine merknader Landbruksdirektoratet sine merknader Landbruksdirektoratet er klageinstans, og kan prøve alle sider av saka, medrekna nye opplysningar. Klageinstansen skal vurdere dei synspunkt klagaren kjem med, og kan ta opp tilhøve som ikkje er reist av han, jf. forvaltningslova (fvl) 34. Klageinstansen skal syta for at saka er så godt opplyst som mogleg før vedtak treffast, jf. fvl. 33 femte ledd. Rettsleg grunnlag Dyrka jord må ikkje brukast til føremål som ikkje tek sikte på jordbruksproduksjon, jf. jordlova 9 fyrste ledd. Føremålet med føresegna er å verne om jord som kan nyttast til matproduksjon. Om det er «særlege høve» kan departementet gi dispensasjon, om det etter ei samla vurdering er slik at jordbruksinteressene bør vike. Føresegna tek utgangspunkt i eit strengt jordvern. Ved avgjerda kan det mellom anna takast omsyn til godkjende planar etter plan- og bygningslova, drifts- eller miljømessige ulemper for landbruket i området, kulturlandskapet og det samfunnsgagnet ei omdisponering vil gi. Det skal også tas omsyn til om arealet kan førast tilbake til jordbruksproduksjon. Det kan krevjast lagt fram alternative løysningar. Om det er «særlege høve» til å gi dispensasjon til omdisponering Rundskriv M-2013/1 Omdisponering og deling punkt 6.4.2 gir nærare rettleiing på den samla vurderinga etter jordlova 9. Arealbruken i tettstadsnære områder bør i hovudsak regulerast av plan- og bygningslova. Om eit område er regulert i plan til landbruksføremål, er dette eit moment av stor vekt mot at det skal nyttes til anna føremål. Eigedomen i denne saka ligg i LNFR-område i kommuneplanens arealdel. Etter føresegna i planen 3.2.4 kjem det frem at bygningar ikkje skal plasserast på dyrka mark. Dette taler imot å gi løyve til omdisponering. Det kan også takast omsyn til drifts- eller miljømessige ulemper for landbruket i området. Med dette meinast både det grunnleggande vernet av matproduserande areal, nemleg å sikre dei produktive jordbruksareala i området, men også at det kan takast omsyn til påreknelege ulemper ei slik omdisponering kan innebere. Ei omdisponering til bustadføremål kan gje driftsmessige ulemper ved at ei omdisponering fører til dårleg arrondert areal slik at tilgangen på det dyrka arealet blir vanskelegare tilgjengeleg. Ei omdisponering kan også gi miljømessige ulemper som kan vere typiske konfliktar mellom landbruk- og bustadinteresser, som støy, lukt osv. Støy, lukt og andre miljømessige ulemper vil vere ei generell ulempe i dette område kor det båe er bustader og landbruk.

Landbruksdirektoratet Side: 4 av 6 Når det gjeld dei driftsmessige ulempene vil plasseringa av bustadhuset medføre eit dårlegare arrondert jordbruksareal ved ei omdisponering. Dette taler imot å gi løyve til omdisponering. Det samfunnsgagnet ei omdisponering vil gi skal og vurderast. Dette kan for eksempel vere tiltak som ivareteke omsynet til busettinga, anten om ei omdisponering kan bidra med å styrka eller oppretthalde busettinga. I denne saka er det snakk om å oppretthalde busettinga. I kommuneplanen for Åseral punkt 3.1.2 står det: Det er ei overordna målsetting å oppretthalde og styrke busettinga i dei ulike grendene i kommunen. Med bakgrunn i dette har ein lagt ut ein del aktuelle område for spreidd bustadbygging og ervervsbygg. Ei av hovudutfordringane til kommunen er at Åseral skal vere ein attraktiv bukommune. I dette ligg det òg at kommunen ynskjer ein liberal dispensasjonspraksis for bustadbygging utanfor avmerka område for spreidd bustadbygging. At det å styrke busettinga er ei uttalt målsetning for kommunen taler for å gi løyve til omdisponering. Utgangspunktet er at dyrka areal skal ha et sterkt vern, og at «særlege høve» må ligge føre for at omsynet til jordvernet skal vike. Samstundes må det gjerast ei heilskapsvurdering og vekte der argumenta for og imot omdisponering til bustadføremål. Det avgjerande blir kor tungt omsynet til busettinga skal vege mot omsynet til jordvern. Stortinget vedtok i 2014 ein nasjonal strategi for jordvern, som blant anna fastset eit nasjonalt mål for jordvern om at årleg omdisponering av dyrka jord ikkje skal overstige 4000 dekar. I vår sak vil omdisponering og deling som det er søkt om innebere ei oppsplitting av samanhengande jordbruksareal. Dette er negativt for jordvernet. Ei omdisponering til bustadføremål er eit irreversibelt tiltak, og arealet kan ikkje seinare tilbakeførast til jordbruksføremål. At jorda på tomta ikkje er av spesielt god kvalitet, har ikkje avgjerande betyding her. Tiltaket medfører eit inngrep i samanhengande jordbruksareal, som er regulert i kommuneplanen til LNFR-område utan tillat spreidd bygging. Samstundes finns det alternativ til å byggje ned matjorda. Det er tilgjengelige tomter til bustader i kommunen, og det er mulig å søkje kommunen om å oppføre bustadhus på grunnen der gamlehuset står i dag. Då er i så fall berre ei frådeling naudsynt, og dyrka areal går ikkje tapt. Landbruksdirektoratet meiner etter ein samla vurdering at det ikkje ligg føre «særlege høve» som tilseier at det bør gis løyve til omdisponering etter jordlova 9 anna ledd. Nydyrking som kompenserande tiltak Du skriv i søknaden om omdisponering at jorda som går tapt ved oppføringa av bustadhuset, kan kompenserast ved at huset kor gamlehuset står kan dyrkast opp at. Sjølv om det skal nydyrkast areal på eigedomen, vil ei omdisponering til bustadføremål vere eit varig tap av matjord. Å dyrke opp nytt areal erstattar ikkje jord som blir borte for alltid. Dermed vil ikkje nydyrkinga vere å rekne som erstatning for jorda som går tapt. Søknad om frådeling Det følgjer av jordlova 12 anna ledd at «Skal dyrka jord takast i bruk til andre formål enn jordbruksproduksjon, eller skal dyrkbar jord takast i bruk slik at ho ikkje vert eigna til jordbruksproduksjon i framtida, kan samtykke til deling ikkje givast utan at det er gitt samtykke til omdisponering etter 9.» Ettersom vi allereie har kome fram til at det ikkje er «særlege høve» til å tillate omdisponering etter 9, er det ikkje naudsynt å ta stilling til søknaden om deling.

Landbruksdirektoratet Side: 5 av 6 Påstand om sakshamningsfeil I klaga 31.5.2017 til Landbruksdirektoratet skriv du at Fylkesmannen ikkje har kommentert grunngjevinga i kommunens vedtak. Dette meiner du at utgjer ein sakshamningsfeil. Kommunen har grunngjeve løyve til omdisponering blant anna med at: «I tidsromet 2012-2015 er det godkjent nydyrka areal 298 daa. I same tidsrom er det ikkje dela frå tomter på fulldyrka jord. Dette syner at landbruksareal i Åseral ikkje er like utsett for auka press frå bustadbygging slik det kan vere i andre og meir sentrale strok og i nasjonal samanheng.» Vi er einige med deg om at Fylkesmannen burde kommentert grunngjevinga til kommunen i sitt vedtak. Samstundes har ikkje grunngjevinga hatt bestemmande verknad for vedtakets innhald, jf. fvl 41. Når det gjeld betydinga av kompenserande tiltak, visast til utgreiinga ovanfor om nydyrking. Feilen er med dette å rekne som reparert. Høve til å gjere om kommunen sitt vedtak etter fvl. 35 tredje ledd Om omsynet til andre privatpersonar eller offentlege interesser tilseier det, kan klageinstans eller overordna myndigheit gjere om underordna organ sitt vedtak til skade for den som vedtaket retter seg mot eller direkte gjeld, jf. fvl. 35 tredje ledd. Den offentlege interessa i denne saka gjeld jordvern. Det er i praksis lagt til grunn at overordna organ (her Fylkesmannen) kan gjere om underordna organ (her kommunen) sitt vedtak dersom vedtaket er egna til å dreie praksis i ei klårt uheldig retning. Om kommunens vedtak blir ståande, vil det opne for ein praksis som gjev løyve til omdisponering av dyrka mark til bustadføremål. Dette er ei praksis som vil vere i strid med omsynet til jordvernet. Grunna offentlege interesser hadde dermed Fylkesmannen høve til å gjere om vedtaket til Åseral kommune. Overprøving av det kommunale skjønn Der statleg organ er klageinstans for vedtak fatta av ein kommune eller fylkeskommune, skal klageinstansen leggje vekt på omsynet til det kommunale sjølvstyre ved prøving av det frie skjønn, jf. fvl. 34 anna ledd. I vår sak har kommunen fått delegert myndigheit til å fatte vedtak etter jordlova 9 i fyrste instans. Kommunen har i si avgjerd lagt vekt på omsynet til busetting, og viser til at dette er eit overordna mål for kommunen. Det er blant anna vist til at det i kommuneplanens arealdel står at kommunen ynskjer å vere liberal i sin praksis når det gjeld dispensasjon frå plan, også i LNFR-områder utan tillat spreidd bygging. Spørsmålet blir derfor kor tungt kommunens frie skjønn skal vektleggast i ei sak om omdisponering etter jordlova 9. Rundskriv H-1998-2103 frå Kommunal- og Moderniseringsdepartementet blir det gitt nærmare rettleiing for praktiseringa av fvl 34 anna ledd. Punkt 9.1 gjeld landbrukslovgivinga spesielt. Det står at i saker som vore handsamma etter bl.a. jordlova gjer ei rekke nasjonale omsyn seg gjeldande. Omsynet til jordvern er som kjend eit slikt nasjonalt omsyn. I saker der omsynet til jordvern gjer seg gjeldande, vil det kommunale skjønnet ha forholdsvis liten vekt. Dermed vil omsynet til jordvernet gå føre omsynet til busettinga i denne saka. Vedtak: Landbruksdirektoratet stadfestar Fylkesmannen i Aust- og Vest- Agder sitt vedtak av 19.12.2016. Dette inneber at det ikkje er gjevast løyve til omdisponering og deling etter jordlova 9 og 12 for eigedomen gnr. 1 bnr. 3 i Åseral kommune. Vedtaket er endeleg, og kan ikkje klagast vidare jf. forvaltningslova 28 tredje ledd.

Landbruksdirektoratet Side: 6 av 6 Med helsing for Landbruksdirektoratet Berit Lundamo fung. seksjonssjef Maja Sandvik Schartum førstekonsulent Dokumentet er elektronisk godkjent og trenger derfor ingen signatur. Mottakere: Grete og Sverre Forgard Kopi til: Bjarne Haugstad og Tove Forgard Gardsvegen 182 4540 ÅSERAL Fylkesmannen i Aust- og Vest- Postboks 788 Stoa 4809 ARENDAL Agder Åseral kommune 4540 ÅSERAL