MØTEINNKALLING Utval: UTVAL FOR PLAN OG UTVIKLING Møtestad: Rådhuset Møtedato: 30.08.2011 Tid: 12.30 Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling SAKLISTE Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 23/11 11/535 SØKNAD OM NÆRINGSSTØNAD 24/11 11/547 SØKNAD OM KONSESJON VED OVERTAKING AV FAST EIGEDOM YMSE Balestrand 21.05.12 Knut U. Thue Leiar
Sak 23/11 MØTEBOK Sak nr.: Utval Møtedato 23/11 Utval for plan og utvikling 30.08.2011 Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkivsaknr.: 11/535 Arkiv: U01 SØKNAD OM NÆRINGSSTØNAD Vedlegg: Søknad datert 20. juni 2011 Prosjektplan og budsjett Bakgrunn: Lovheimel: SAKSOPPLYSNINGAR Det vart i 2009 etablert ein ny rundtur Bergen Askvoll Bygstad Førde Balestrand Flåm. Turen er lansert av Fjord Tours. Tilbodet har vore gjort mogeleg ved økonomisk og marknadmessig hjelp i startfasen frå eit prosjekt i regi av Reisemål Sunnfjord, seinare Sunnfjord Næringsutvikling. Midlar frå fylkeskommunen, aktuelle kommunar og næringsliv har finansiert prosjektet. Det var i utgangspunktet lagt til grunn at tilbodet hadde behov for økonomisk støtte i om lag 3 år etter lansering. I startfasen(2009) var det nytta betydelege midlar på prosjektleiing, medan utgiftssida for 2010 og 2011 i det vesentlege består av buss over Gaularfjellet og båt på Dalsfjorden. Askvoll, Fjaler, Førde, Gaular bidrog i 2009 og 2010 med kr 50.000 kvar. Balestrand kommune støtta tiltaket med kr 25.000 i 2009 og kr 20.000 i 2010, og har motteke søknad om støtte på kr 25.000 for 2011. Vedlagt budsjett tyder på art dei andre kommunane er søkt om kr 50.000 kvar. I vedtaket om støtte som vart gjort av komunestyret 16. oktober 2008 heiter det mellom anna. Balestrand kommune er i utgangspunktet positiv til å yte tilskot til føremålet også i 2010 og 2011. Det vert teke endeleg stilling til spørsmålet med utgangspunkt i erfaring frå første driftsår, og når søknad om dette føreligg.
Sak 23/11 I 2009 var det 1658 passasjerar som nytta bussen over Gaularfjellet. Det vert rapportert om ein auke på 15% i 2010 til 1920. For 2011 ventar ein ytterligare auke med ca 15 %. Sjølv om det finn stad ein betydeleg volumauke, kan rundturen likevel ikkje oppretthaldast kommande år utan offentleg subsidiering. Det framgår av vedlagde prosjektplan at ny søknad for åra 2012-2014 kan påreknast. Reiselivsnæringa i Balestrand opplever tiltaket som positivt. Eit anslag på tal overnattingar i Balestrand i 2011 direkte i tilknyting til rundturen er om lag 400. Nokre av desse overnattingane ville truleg ha funne stad i alle høve, det er umogeleg å vite kor mange. Lokal reiselivsnæring støtta tiltaket gjenom marknadsføring av tilbodet gjennnom turistinformasjonen og bedriftene samt deltaking i finansiering av brosjyremateriell. Før dagens møte har ein om lag 30.000 til disposisjon av budsjettet for støtte til næringsføremål. VURDERING Rundturen har fleire positive verknader for Balestrand: - Rundreiseturistar gir direkte overnatting og omsetning ein elles ikkje hadde fått i Balestrand - Ekstra tilbod både til fastbuande og turistar gjennom bussen over fjellet. Bussen gjev tilgang til Gaularfjellet/Fossestien for turistar som ikkje har bil. - Prosjektet bidreg til styrking/oppretthalding av Gaularfjellet som nasjonal turistveg. Med bakrunn i dei positive verkander av rundturen som er skissert ovanfor, og signal om støtte i 3 år som vart gitt i kommunstyrevedtak i 2008, vurderer ein det slik at Balestrand kommune bør støtte tiltaket også i 2011. Kor vidt det er aktuelt å støtte prosjektet utover 2011, må ein ta stilling til når søknad føreligg. Rådmannen si tilråding: Balestrand kommune løyver kr 20.000 til Sunnfjord Næringsutvikling til delfinansiering av infrastruktur for rundtur Bergen-Sunnfjord-Balestrand-Flåm. Løyvinga vert finansiert over kto 310.32511.14701.
MØTEBOK Sak nr.: Utval Møtedato 24/11 Utval for plan og utvikling 30.08.2011 Sakshandsamar: Randi Dale Arkivsaknr.: 11/547 Arkiv: V60 SØKNAD OM KONSESJON VED OVERTAKING AV FAST EIGEDOM Vedlegg: 11.06.2011. Lovheimel: seinare Søknad frå Kurt Langeteig om konsesjon på erverv av gbnr. 81/3 datert Lov om konsesjon ved erverv av fast eigedom av 28.11.2003 nr. 98 med endringar og delegasjonsføresegner fastsett i rundskriv M-6/2003. SAKSOPPLYSNINGAR Seljar og noverande eigar av gbnr. 81/3 er Aud Marit Nesse, Nessedalsvegen 7, 6899 Balestrand. Kjøpar og konsesjonssøkjar er Kurt Langeteig, Henjavegen 1, 6863 Leikanger. I søknaden vert det gjeve uttrykk for at eigedomen vert kjøpt med tanke på å oppgradere og halde vedlike bygningsmassen og området rundt. Eigedomen kjem til å verte nytta til fritidsføremål for familien. Kjøpesummen er sett til kr. 1.250.000. Kort omtale av den omsøkte eigedomen: Gbnr. 81/3 ligg på Nessane og er ein liten eigedom med eit ressursgrunnlag på 1 dekar fulldyrka jord, 5 dekar innmarksbeite, 149 dekar produktiv skog og 145 dekar uproduktivt areal, til saman rundt rekna 300 dekar (tal hente frå gardskart utarbeidd av skog og landskap). Felles areal i fjell og utmark er ikkje med på gardskartet og kjem eventuelt i tillegg, saman med vanlege rettar som beite- og jaktrett.
Dei viktigaste bygningane: Storleik/areal Byggje/ombyggingsår Tilstand ----------------------------------------------------------------------------------------------------------- Bustadhus 78 m2 ukjent dårleg Uthus 15 m2 ukjent dårleg Uthus 15 m2 ukjent dårleg Redskapshus/lagerbygg 89 m2 ukjent medels Hytte 21 m2 1980 god ----------------------------------------------------------------------------------------------------------- Som det går fram av oversikta ovanfor er ressursgrunnlaget, både med tanke på bygningar og areal, svært avgrensa. Det vart ved lov av 19. juni 2009 gjort ein del endringar i konsesjonslova frå 2003. Lovendringa inneber mellom anna at reglane om lovbestemt driveplikt i konsesjonslova er samla i jordlova. Endringa inneber at driveplikta er varig, og følgjer av jordlova 8. Det er difor ikkje lenger naudsynt å setje vilkår om driveplikt. Rundskriv M-1/2010 frå Landbruks- og Matdepartementet omhandlar prisar på landbrukseigedomar ved konsesjon, buverdi og nedre beløpsgrense for prisvurdering ved konsesjonsbehandling av bebygd eigedom. Departementet bestemte i dette rundskrivet at for bebygde, konsesjonspliktige landbrukseigedomar der kjøpesummen er under kr. 1.500.000, skal prisvurdering ikkje gjennomførast. VURDERING Konsesjonslova har til føremål ( 1) å regulere og kontrollere omsetninga av fast eigedom for å oppnå eit effektivt vern om landbruket sine produksjonsareal og slike eigar og bruksforhold som er mest gagnleg for samfunnet, bl.a. for å tilgodesjå: 1. framtidige generasjonar sine behov. 2. landbruksnæringa. 3. trongen for utbyggingsgrunn. 4. omsynet til miljøet, almenne naturverninteresser og friluftsinteresser. 5. omsynet til busetjinga. Kapittel 4 i lova omhandlar forhold av betydning for om konsesjon skal gis og det står m.a. følgjande: 9 (særlige forhold for landbrukseiendommer) Ved avgjørelsen av søknad om konsesjon for erverv av eigedom som skal nyttes til landbruksformål skal det legges særlig vekt på: 1. om den avtale prisen tilgodeser en samfunnsmessig forsvarlig prisutvikling, 2. om erververs formål vil ivareta hensynet til bosettingen i området, 3. om ervervet innebærer en driftsmessig god løsning, 4. om erverver anses skikket til å drive eiendommen, 5. om ervervet ivaretar hensynet til helhetlig ressursforvaltning og kulturlandskapet.
11 (vilkår for konsesjon) Konsesjon kan etter loven gis på slike vilkår som i hvert enkelt tilfelle finnes påkrevd av hensyn til de formål loven skal fremme. Det kan lempes på vilkårene etter søknad. Kongen skal ut frå hensynet til bosetting, helhetlig ressursforvaltning og kulturlandskap ta stilling til om det er påkrevd å stille vilkår om boplikt, og om boplikten skal vere en personlig plikt fort eier. Søknad om konsesjon kan innvilgast, avslåast eller innvilgast på slike vilkår som er påkrevd for å fremje lova sine føremål. Utgreiing av saka må i utgangspunktet ha som mål å avklare om konsesjonssøkjar sitt føremål med ervervet gir dei mest gagnlege eigar- og bruksforhold for samfunnet. Det må føretakast ei samla vurdering der ein tek stilling til om det skal setjast vilkår, og i tilfelle kva vilkår som skal setjast. Med heimel i 11 kan konsesjonsmyndigheitene fastsetje vilkår om buplikt og konsesjonsmyndigheitene skal skal ut frå hensynet til en helhetlig ressursforvaltning, bosetting og kulturlandskap ta stilling til om det er påkrevd å stille vilkår om boplikt, og om boplikten skal være en personlig plikt for eier. Busetjingsomsynet: Etter konsesjonslova 9 første ledd nr. 2 er busetjingsomsynet eit tilhøve det skal leggjast særleg vekt på. Dette inneber at busetjingsomsynet gjer seg særleg gjeldande i det aktuelle området. Det må takast stilling til om det er nedgang eller fare for nedgang i folketalet i denne delen av kommunen. Det må gå fram av saka om det er trong for å oppretthalde eller styrke busetjinga i området. Prisen på gbnr. 81/3 er avtalt til kr. 1.250.000 og kommunen går difor ikkje nærare inn på vurdering av prisnivået. Dette med bakgrunn i rundskriv M-1/2010 frå Landbruks- og Matdepartementet. Kurt Langeteig oppgjev i søknaden at eigedomen skal nyttast til fritidsføremål og at fast busetjing ikkje vert aktuelt. I utgangspunktet bør gardsbruk som vert selde til nye eigarar i størst mogleg grad vere bebudde, og då først og fremst av eigaren sjølv. Gbnr. 81/3 har eit svært avgrensa ressursgrunnlag som omtala ovanfor, og kan vel knapt reknast å vere ein tradisjonell landbrukseigedom. Dette medfører at vurderingane etter 9 «særlige forhold for landbrukseiendommer» truleg ikkje bør vektleggjast for tungt i denne saka. Spørsmålet om ein ynskjer at denne eigedomen skal ha fast busetjing og demed buplikt, vert ut frå dette meir infløkt. Busetjingsomsynet bør likevel vurderast nøye. Ein har eit regelsett som gjennom den siste lovendringa på eit vis har vorte «innstramma» og der ein oppfattar det slik at det lokale sjølvstyret skal setje rammer for handtering av denne typen saker. Det vert eit politisk spørsmål kva linje ein vil leggje seg på i spørsmålet om buplikt på eigedomar av denne storleik. Folketalet stagnerer i Balstrand og i delar av kommunen går det attende. På Nessane har det frå kommunen si side vorte tilrettelagt for auke folketal og busetjing gjennom
kommuneplanen der det m.a. er sett av område til bustadfelt/industri og ikkje minst utbyggjing av Nesse oppvekstsenter/fleirbrukshus. Kommunen driv såleis ein aktiv politikk for å stimulere til tilflytting til denne grenda. Denne saka kan få ulikt utfall og ein ser føre seg følgjande to alternative vedtak: Alternativ 1: Balestrand kommune gjev i medhald av lov om konsesjon ved erverv av fast eigedom av 28.11.2003 nr. 98 med seinare endringar og delegasjonsføresegner fastsett i rundskriv M- 6/2003, Kurt Langeteig konsesjon for overtaking av gbnr. 81/3 i Balestrand kommune. Alternativ 2: Balestrand kommune gjev i medhald av lov om konsesjon ved erverv av fast eigedom av 28.11.2003 nr. 98 med seinare endringar og delegasjonsføresegner fastsett i rundskriv M- 6/2003, avslag på søknad om konsesjon for overtaking av gbnr. 81/3 i Balestrand kommune. Grunngjeving for avslaget er omsynet til busetjinga på Nessane og at kommunen set vilkår om buplikt på gbnr. 83/1 ( 11). Det er moment som dreg i kvar sin retning i denne saka. Den politiske diskusjonen vil måtte avgjere saksutfallet. Rådmannen si tilråding: