SAKSFRAMLEGG Saksbehandler: Gunnar Steine Arkiv: 024 G00 &01 Arkivsaksnr.: 11/808-2 Rammeavtale for samhandling mellom kommunane og Helse Førde TILRÅDING: Leikanger kommune har ikkje merknader til framlegget til ny rammeavtale mellom Helse Førde og kommunane i samband med den nye helsereforma gjeldande frå 1.1.2012. DOKUMENT: Framlegg til rammeavtale mellom Helse Førde og kommunane (vedl) SAKSUTGREIING: 1. Bakgrunn Det er etablert felles arenaer for drøfting av samhandlinga mellom spesialist- og kommunehelsetenesta i Sogn og Fjordane. Ein rammeavtale underskriven av helseføretaket og alle kommunane regulerer prinsipp for samhandlinga. Det er vidare inngått fem delavtalar og etablert ein del felles prosedyrar og ordningar. Det vert vist til eige notat som gir eit oversyn over dette. Dei avtalane og dei samhandlingsorgana/arenaene som er etablert, er gitt fellesnemninga samhandlings- og avtalestruktur. Dei samhandlingsorgana/-arenaene som i dag eksisterer, er skissert slik:
Denne samhandlings- og avtalestrukturen skal evaluerast jamleg. No er dette ytterlegare aktualisert av den komande samhandlingsreforma. Ny helse- og omsorgslov av 14.06.11, 6-1 mfl. gir pålegg om inngåing av samarbeidsavtalar med eit visst minimumsinnhald, og det er føresett at arbeidsfordelinga mellom nivåa som ikkje er fastsett i lov og forskrift skal avklarast gjennom slike avtalar. Ved inngåing av samarbeidsavtalen og vedtak av delavtalar, oppfyller partane sin lovpålagte plikt til å inngå samarbeidsavtale. Koordineringsrådet mellom kommunane og Helse drøfta dette i møte den 03.03.11, og det vart her trekt slik konklusjon: Koordineringsrådet ser det som viktig å starte eit arbeid no med vidareføring av ein felles samhandlings- og avtalestruktur som bygger på det ein har i dag. Partane er helseforetaket og kommunale juridiske einingar. I prosessen må det sytast for god forankring hos aktuelle aktørar. KS og Helse Førde v/samhandlingssjefen utarbeider framlegg til prosess. Etter vidare drøftingar mellom KS og Helse Førde vart det bestemt at det skulle oppnemnast ei arbeidsgruppe, og det vart sett opp eit mandat og ein førebels plan for arbeidet. 2. Arbeidsgruppe og mandat Den nedsette arbeidsgruppa fekk slik samansetting: Rådmann Ørjan Raknes Forthun, Eid kommune/rådmannsutvalet (KS) - leiar Helse- og sosialsjef Kjell Idar Dvergsdal, Gaular kommune (KS) Kommuneoverlege/praksiskonsulent Jan Ove Tryti, Sogndal kommune (KS) Fagdirektør Hans-Johan Breidablik (Helse Førde) Samhandlingssjef Vidar Roseth (Helse Førde) Brukarrepresentant Svein Lundevall (brukarutvalet i Helse Førde)
Dagleg leiar Jan Ryste ved KS-kontoret i fylket deltek i møta i arbeidsgruppa og deler sekretærfunksjonen med Vidar Roseth. Arbeidsgruppa utarbeidde eit bakgrunnsnotat som har tent som grunnlag for det vidare arbeidet og drøfting på ulike arenaer. I notatet avklarte arbeidsgruppa aktuelle tema som skulle vurderast i arbeidet. Det vart lagt vekt på å sikre god nok informasjon om arbeidet i høve til både helseføretaket, alle kommunane, andre samarbeidsaktørar og aktuelle brukarrepresentantar. I mandatet for arbeidsgruppa vart det vart sett opp slik plan for arbeidet (vi har innarbeidd korrigert framdriftsplan i høgre kolonne): Frist: Korrigert framdriftsplan: Arbeidsgruppa syter for samråd i regionråda/aktuelle samarbeidsfora og innspel frå andre aktuelle aktørar 01.07.11 01.07.11 Arbeidsgruppa utarbeider framlegg til handsaming i KS, Helse Førde, fagrådet og koordineringsrådet 01.09.11 01.09.11 Framlegg ut på høyring til partane og alle aktuelle aktørar 01.10.11 17.10.11 Handsaming i fagrådet, koordineringsrådet, Helse Førde og KS 01.11.11 01.12.11 Ut til endeleg handsaming i kommunane 15.11.11 15.12.11 Frist for endeleg handsaming i kommunane 31.01.12 Mandatet slo vidare fast at arbeidsgruppa skulle legge til rette for at aktuelle tema vart drøfta i regionråda og andre aktuelle samarbeidsfora. Gruppa skulle orientere seg om sentrale føresegner om krav til avtalar mellom spesialistog kommunehelstenesta, og om tidlegare evalueringar av samhandlingsstrukturen i Sogn og Fjordane. På bakgrunn av dei regionale prosessane, aktuelt informasjonsgrunnlag og gruppa sine eigne vurderingar, skulle arbeidsgruppa utarbeide eit framlegg m.o.t. samhandlingsstruktur og rammeavtale. Vidare skulle arbeidsgruppa skissere kva arbeid som bør gjerast i høve til avtalar, prosedyrar og ordningar utover dette og lage eit framlegg til strategi for dette arbeidet. Dette skulle omfatte eit framlegg til ein god, felles arbeidsmetodikk, og arbeidsgruppa skulle i denne samanhengen orientere seg om metoden som ligg i forbetringsprogrammet i Helse Førde. Gruppa skal kome med framlegg til korleis ein kan sikre oppfølging hos partane og gjennomføring av det som blir avtalt. Etter gjennomført høyringsrunde, er det arbeidsgruppa si oppgåve å førebu den vidare handsaminga av saka i fagrådet, koordineringsrådet, Helse Førde og KS. KS og Helse Førde bidreg med sekretærbistand og ressursar til arbeidet etter nærare avtale.
Arbeidet skal følgje dei fastsette fristane ovanfor. Ein må i prosessen vere medviten om at det er den enkelte kommunen som er part i høve til helseføretaket. Helse Førde sitt arbeid med samhandlingsreforma skal gjennomførast innanfor rammene av eit regionalt prosjekt i Helse Vest, og det kan oppstå behov for at helseføretaket ut frå dette tek opp behov for justeringar av planen for dette arbeidet. Gruppa sitt arbeid skal ta omsyn til rettleiing og mal for avtaleverket utarbeidd for Helse Vest-regionen. 3. Framlegg til ny rammeavtale Arbeidet i avtaleutvalet har som nemnd skjedd på oppdrag frå Koordineringsrådet, og i sitt møte 6. oktober vart framlegget frå utvalet drøfta. Følgjande er referert frå møte: Avtaleutvalet sitt førebelse utkast til ny rammeavtale og nasjonal rettleiar for samarbeidsavtalar låg føre til møtet. Det vart informert om nye fristar fastsett av departementet i høve overordna avtale og delavtale (retningsliner). Endringar som bør gjennomførast ut frå den nasjonale malen og for å ivareta formelle krav til avtalen vart gjennomgått. Innspel frå Helse Førde i høve til mogeleg alternativ modell for samhandlingsorgan vart drøfta. Det vart informert om fagrådet sine innspel til det førebelse utkastet og til ein mogeleg alternativ samhandlingsmodell. Koordineringsrådet gjekk gjennom og drøfta avtaleutvalet sitt utkast til avtale. Det vart konkludert slik: Koordineringsrådet gir avtaleutvalet fullmakt til å endre høyringsdokumentet på bakgrunn av handsaminga i rådet og til å førestå utsending av høyringsdokumentet på vegner av koordineringsrådet. Koordineringsrådet ber om at følgjande endringar vert innarbeidd i dokumentet: - Der det er føresett å nytte teksten i nasjonal mal vert teksten endra til å samsvare med den endelege malen. - Omtale av aktuelle delavtalar/prosedyrar vert justert i tråd med gjennomgangen i koordineringsrådet. - Det vert teke inn tekst om arbeidsmåte og prosess i høve til delavtalar og prosedyrar. - Det vert teke inn føresegner om misleghald og innsending av avtalar som i nasjonal mal. - Spørsmål om brukarrepresentasjon bør få meir merksemd i høyringsmaterialet, herunder om brukarutvalet ved Helse Førde skal få eit utvida mandat og kva organ det bør vere brukarrepresentasjon i. - Avtaleutvalet tek opp til vurdering korleis samarbeidsorgana skal organiserast og korleis nærleik og implementering skal ivaretakast. Eventuelle regionale samarbeidsråd vert teke inn som eit vurderingstema. - I staden for overordna samarbeidsutval som i utkastet, bør det reisast spørsmål om ein form for arbeidsutval utnemnt av koordineringsrådet. - I høve til medverknad frå tilsette vert det vist til føresegner i lov- og avtaleverk. Høyringsutkastet vert sendt ut på høyring til følgjande instansar:
Kommunane Regionråda KS Sogn og Fjordane Helse Førde HF FFO SAFO Pensjonistforbundet Sogn og Fjordane fylkeskommune Tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Høgskulen i Sogn og Fjordane NAV Sogn og Fjordane Pasient- og brukarombodet i Sogn og Fjordane Aktuelle arbeidstakarorganisasjonar v/fylkesleddet Avtaleutvalet får fullmakt til å vurdere og fastsette høyringsfristen. Sekretariatet for avtaleutvalet utarbeider mal for saksutgreiing som høyringsinstansane kan nytte. I forkant av dette hadde framlegget vore handsama i KS Sogn og Fjordane sitt rådmannsutval og fylkesstyre, der det vart gjort følgjande vedtak: KS Sogn og Fjordane sluttar seg til at utkastet frå nedsett arbeidsgruppe til overordna rammeavtale for samhandlings- og avtalestruktur mellom kommunane i Sogn og Fjordane og Helse Førde vert sendt kommunane med tilråding om at det vert gjort politiske vedtak innan 31.12.2011. I sitt arbeid med framlegget til ny rammeavtale har avtaleutvalet lagt mykje vekt på informasjon og drøfting med aktuelle instansar. Det har vore gjennomført møte i samtlege regionråd, med Fylkesmannen, Fylkeskommunen, Høgskulen i Sogn og Fjordane, NAV, Pasientombodet, KS og arbeidstakarorganisasjonane. Desse har også vore invitert til å kome med skriftlege innspel. Framlegget er undervegs også justert på enkelte punkt då den nasjonale rettleiaren og nasjonal mal låg føre. Det kommunane/høyringsinstansane no inviterast til, er å kome med merknader til det føreliggande framlegget til ny rammeavtale innan 18.11.2011, jf. vedlegg. Så vil det bli ei ny handsaming i løpet av januar månad 2012, der framlegget med eventuelle endringar som følgje av høyringsrunden blir framlagt for vedtak om tilslutnad i den enkelte kommune.