Sluttrapport Aktiv betring med hest. Rehabilitering Snr. 342

Like dokumenter
Sluttrapport Hestekrefter gir livskraft

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS. Presentasjon nettverksmøte fredag v/ Linda Meier og Jo Inge Gåsvær

Vaksenopplæringa i Sula

SLUTTRAPPORT TRENINGS- OG SAMTALEGRUPPE FOR PÅRØRANDE 2017/HE

Til deg som er brukarrepresentant ved Lærings- og mestringssenteret i Helse Bergen HF

Kvardagsrehabilitering. Turnusseminar Kristine Mardal Fysioterapeut Sogndal kommune

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær

GLADE ELDRE PÅ SYKKEL EIT PROSJEKT I REGI AV NASJONALFORENINGEN JØLSTER HELSELAG

Tiltak frå førebyggande helse; Jordmor, helsestasjon og skulehelsetenesa

Fastsatt av kommunalsjef helse og omsorg Retningslinje for tildeling av dagplass

Om vestibularisnevritt

Foreldregruppe i barnehagen

Pedagogisk plattform

Med god informasjon i bagasjen

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Rådgiving for berekraftig mjølkeproduksjon

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

Forslag. Har du nokon gong lurt på korfor det er så vanskeleg å velja, eller korfor me no og då vel å gjera ting me eigenleg ikkje vil?

MED ecampus PÅ NETT I LÆRARUTDANNINGANE

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

Neste månad vil me retta fokus mot høgtlesing og språkstimulerande aktivitetar, men dreg sjølvsagt fokus frå denne månaden med oss vidare.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Eksempel frå Stord kommune

Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring

Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra.

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Elevundersøkinga 2016

Barnet si stemme i NAV. Loen

«Mestringsforventningar»

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING I TYSNESBARNEHAGANE

12/2011 NOTAT. Hallgerd Conradi og Kåre Heggen

Metodiske verktøy ved kursleiing

Rettleiar for oppfølging av brukarrepresentantar som deltar i arbeid ved Lærings- og mestringssenteret (LMS).

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

Styret i NTF fikk på Tennistinget høsten 2015 i oppdrag å utarbeide konkrete målsettinger basert på den eksisterende Handlingsplanen for perioden.

Informasjon til pasientar og pårørande

Ungdomsundersøkinga og eigenopplevd helsetilstand

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

2014/

Forslag. Har de nokon gong lurt på kva som gjer at ein fest nærast lever sitt eige liv, at du kan planlegga éin ting, men så skjer ein heilt annan?

Korleis fylle ut søknadsskjema

MØRE OG ROMSDAL FYLKESLAG SLUTTRAPPORT. Prosjektnummer: 2008/1/0468. Dette prosjektet er støtta med EXTRA-midlar frå

TYSNES KOMMUNE RETNINGSLINE FOR TENESTETELEFON

FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM.

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom Haugesund kommune og Haugesund sjukehus, Helse Fonna Dato: 23.februar.2015

Pedagogisk analysemodell

AVLEVERINGSRAPPORT ETTER FOKUSOMRÅDE NR. 6. FOKUSOMRÅDE: VAKSENROLLA I HENTESITUASJONEN STANDARD: BESTE PRAKSIS

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2

De Bonos tenkehattar. Slik arbeider de i Luster Tipset er laget av Ragnhild Sviggum. Til bruk i samtalegruppene og i klassemøtene

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Info til barn og unge

Retningsliner for tilskot til samlivstiltak 2009 (Q-7/09)

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Rettleiar. Undervisningsvurdering ein rettleiar for elevar og lærarar

1. Det er ikkje mangel på veterinærar, men det kan verta ein mangel på dyktige produksjondyrveterinærar i deler av landet.

Private rehabiliteringsinstitusjonar

Pedagogikk som behandling? Ein del av behandlingstilbodet til pasientane

«Tid til faglighet» Loen oktober Anita Holm Cirotzki og Marion Svarstad

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere:

Regional Satsting Psykisk Helse

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12


ØKONOMI- OG ORGANISASJONSAVDELINGA HR-seksjonen

Forsand kommune Rådmannen

Trivsel og vekstvilkår

Utval Møtedato Utvalssak Administrasjonsutvalet

Prosesskart kva gjer du når du er bekymra for eit barn?

Heilt einig. Litt einig

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Fonna HF GÅR TIL: FØRETAK:

Månadsbrev for Rosa september 2014

Sluttrapport: Terapiridning

Styresak. Bakgrunn. Kommentarar. Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato:

Oppleving av føresetnadar for meistring for elevar med spesialundervisning på barnesteget.

Innsats i BTI Barnevern

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Psykiatri, Psykisk Helse og Idrett. Meistring i aktivitet

1. FORMÅL Formålet med tenesta er å fremja sjølvstende og evne til å meistra eige liv med utgangspunkt i brukaren sine ressursar, ønskje og mål.

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

Innbyggarhøyring i Nesse skulekrins

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Velkomen til Mork Rehabiliteringssenter

ÅRETS NYSGJERRIGPER 2017

Hjertetrim,- Trening for livet. Samhandlingsprosjekt i Helsetorgmodellen

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Sammensatte lidelser i Himmelblåland. Helgelandssykehuset

4 x Friluftsskular i Ytre Sogn

Tilstandsrapport for grunnskulen 2014/2015

KVALITETSUTVIKLINGSPLAN FOR BLINDHEIM BARNESKOLE

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Lag, organisasjonar og frivilligsentralar si rolle i folkehelsearbeidet. Hjelmeland frivilligsentral

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla.

SLUTTRAPPORT REHABILITERINGSPROSJEKT 2009/03/0240 AKTIVITETSHAGE FOR DEMENTE OG ANDRE SØKJAR ORGANISASJON: NASJONALFORENINGEN FOR FOLKEHELSEN

Oppfølging av sjukmelde

Transkript:

Sluttrapport Aktiv betring med hest Snr. 342, Hest og helse, Rehabilitering Sluttrapport Aktiv betring med hest Rehabilitering Snr. 342 1

Forord Dette er sluttrapporten for prosjektet Aktiv betring med hest. Prosjektet har gått over to år. Det har vore drive i samarbeid mellom Stall Bjørstad og Muritunet senter for meistring og rehabilitering i Valldal med støtte frå Extrastiftesen helse og rehabilitering. Målet med prosjektet var å tilby hesteassistert terapi til pasientane frå Muritunet med håp om at det kan bli ein varig del av senteret sin behandlingsportefølge. Prosjektet har vore svært lærerikt og givande både fagleg og på det menneskelege plan! Eg ønskjer å takke Extrastiftelsen som gjorde det muleg ved å støtte prosjektet økonomisk. Eg ønskjer også å takke Muritunet for å ha vore ein god samarbeidspartnar og ser fram til å halde fram med det gode samarbeidet. Til slutt vil eg takke familien min som har støtta og hjelpt meg til å realisere draumen om å leve av hest! Og ikkje minst gode kollegaer på to og fire bein som utgjer forskjellen mellom ein topp og ein alminneleg arbeidsdag! Kristin G. Sandnes Prosjektleiar 2

Samandrag Målsettinga for prosjektet var å tilby hesteassistert terapi for pasientar ved Muritunet - senter for meistring og rehabilitering. Dette var eit nytt tilbod for Muritunet og håpet var at vi gjennom eit toårig prosjektet støtta av Extrastiftelsen skulle vise effekten av tilbudet i behandlinga, og dermed danne grunnlag for hesteassistert terapi som ein varig del av behandlingstilbudet ved senteret. Tilbodet har vore gitt til hovudsakeleg to pasientgrupper: Fibromyalgi og Arbeidsretta rehabilitering. Målet for prosjektet var at pasientane skulle oppleve meistring, individuelle læringsprosessar, bevistgjering av røyrslemønster, auka kroppsbevistheit, auka sjølvinsikt, fokusert oppmerksomheitstrening, målsettingsarbeid m.m. Pasientar innanfor dei definerte målgruppene har fått tilbod om hesteassistert terapi ved Stall Bjørstad. Alle har blitt oppmoda om å bli med i stallen den første økta for å få vite meir om tilbodet. Det har deretter vore frivillig om ein vil vere med vidare eller ikkje. Grunnen til at det har vore valgfritt er at hest er fremmed for mange og ikkje alle meiner at det passar for dei pga. frykt, allergiar m.m. Det er vanskelig å få utbytte av tilbodet viss ein er veldig redd eller umotivert. Vi har lagt vekt på at alle pasientar skal ha ei egen målsetting for aktiviteten i stallen som skal vere relatert til hovudmålet ved rehabiliteringsopphaldet. Dette for at dei lettare skal sjå overføringsverdien av læringa frå stallen til dagleglivet når dei kjem heim, og for at vi lettare skal kunne tilrettelegge aktiviteten til den enkelte. Vi har også lagt vekt på god informasjon, opplæring og at alle får praktisere på eige nivå uten tvang. Alle kan og skal få oppleve meistring! Fokus er ikkje på hesten som sportsdyr, men som terapeut og verktøy for læring og opplevingar som har universell verdi for pasienten også etter endt opphald og situasjonar som ikkje involverar hest. Vi har samla inn evalueringsskjema frå pasientar som har takka ja til tilbodet og deltatt utover den obligatoriske første økta. Evalueringane frå dei som deltok er svært positive (sjå statistikk) og har danna grunnlag for vidareføring av prosjektet gjennom eit nytt modellforsøk "Hestekrefter gir livskraft" støtta av Extrastiftelsen helse og rehabilitering. I det nye prosjektet skal vi dokumentere effekten av "Bjørstadmodellen" som er vår metode for hesteassistert terapi. Prosjektet har danna eit solid grunnlag for framforhandling av vidare avtalar etter prosjektslutt. Prosjektleiar har sagt opp fast stilling i kommunen og satsar for fullt på hesteassistert terapi som resultat av prosjektet 3

Innhaldsliste Forord... 2 Samandrag... 3 Innhaldsliste... 4 Kapittel 1: Bakgrunn for prosjektet... 5 Målsetting... 5 Gruppe 1: Fibromyalgi... 6 Gruppe 2: Arbeidsretta rehabilitering / raskare tilbake... 6 Finansiering... 6 Kapittel 2: Prosjektgjennomføring / metode... 7 Prosjektmål... 7 Kapittel 3: Resultat og evaluering... 9 Konklusjon... 9 Kapittel 4: Vidare planar... 9 Statistikk... 11 Oppsummering av resultat 01.04.14-31.12.14... 11 Oppsummering av resultat 01.10.12 01.04.14... 15 4

Kapittel 1: Bakgrunn for prosjektet Prosjektleiar hadde over tid sett kva effekt samvær med dyr og meistringsopplevingar knytt til dette kunne ha på menneske i moderne samfunn der dei fleste er fjerna frå dette i kvardagen. Eg drøymde om å om å kunne arbeide med hest på heiltid og å dele gleda og dei positive opplevingane hestane gir med andre menneske. Av utdanning har eg Mastergrad i Næringsutvikling og entreprenørskap med hovudfag i organisasjon og ledelse frå UMB, Hestekunnskapseksamen frå Starum og lang erfaring med hest. Eg eig og driv to gardar saman med mannen min. Med dette som bakgrunn hadde vi over mange år investert både tid og pengar med mål om å ein dag kunne realisere denne draumen. Parallelt med dette arbeidde eg i full stilling i kommunen. Muritunet senter for meistring og rehabilitering ligg også i Valldal og tilbyr medisinsk spesialisert rehabilitering etter avtale med Helse Midt Norge RHF. Frå 2008 har senteret også hatt avtale med NAV om arbeidsretta rehabilitering (ARR) som ledd i prosjektet "Raskere tilbake". Fagpersonell ved institusjonen er legespesialistar, sjukepleiarar, fysioterapeutar, ergoterapeutar, idrettspedagogar, attføringskonsulent, logoped, ernæringsfysiolog m.m. Her såg eg ei mulegheit for å realisere draumen og gjekk i dialog med Muritunet om eit samarbeid der vi på Stall Bjørstad skulle tilby hesteassistert terapi til pasientar ved rehabiliteringssenteret. Midlane vi fekk frå Extrastiftelsen helse og rehabilitering til prosjektet Aktiv betring med hest var avgjerande for at denne draumen blei satt ut i livet. Målsetting Folk reagerar ulikt på same belastning. Skilnadane skuldast stor grad tilhøve ved den enkelte sin situasjon, verdiar, personlege erfaringar, forventningar til dagens situasjon og handlingar. Fysisk aktivitet har positiv effekt på individet sine forventningar og åtferd i en gitt situasjon. Denne positive forventninga er definert som "meistring", og er med på å bestemme korleis ein vel å løyse ei utfordring i ein gitt situasjon. Kontrollerte studiar av fysisk aktivitet med realistiske mål for deltakaren har vist seg å påverke individuell trivsel og subjektiv helse. Psykologisk velvære kan oppnåast med fysisk aktivitet dersom aktiviteten blir opplevd som positiv. I so fall kan det gi «smitteeffekt» til andre situasjonar og påverke stressrespons i positiv retning. Som terapi er riding mest kjent for å ha effekt ved nevrologiske skadar og sjukdommar fordi hesten sine rørsler kan medvirke til avspenning, betring av balanse og koordinasjon, oppreist kroppshaldning, og symmetri i tillegg til å kunne løyse opp spastisk muskulatur. Riding krev oppmerksamheit, konsentrasjon og problemløysing, og det både gjev, og krev, mot og sjølvtillit. 5

Hestane tar deg som du er og gir umiddelbar og rettferdig respons på dine handlingar utan fordommar og forventingar. Dette er befriande og kan for mange kjennast enklare enn å forholde seg til andre menneske. På den andre sida er det krevjande. Ein må vere til stades og heile tida følgje med på hesten sitt kroppsspråk og reaksjonar. Hesten les kroppsspråk mykje betre enn oss du kan ikkje lyge til hesten. Gjennom samvære med hestar kan ein bli meir medviten om, og oppmerksam på eige og andre sitt kroppsspråk, og få større innsikt i korleis ein sjølv verkar inn på og blir oppfatta av andre. I prosjektet har vi ønska å benytte oss av desse effektane hestane kan ha på oss for å hjelpe pasientar i dei utvalte målgruppene. Gruppe 1: Fibromyalgi Fibromyalgi er kjent som ei av dei mest utbredte årsakene til kronisk smerte. Berre i Noreg har vi truleg 100 000 personar med denne diagnosen. Hovuddelen er kvinner. Typiske symptom er verkande og brennande smerter i musklar og i muskelfester rundt ledd. Tilleggssymptom som trøttheit, søvnforstyrring, hovudpine, angst, morgonstivheit, prikking, bortdovning og konsentrasjonsproblem er også vanleg. Det finnst ikkje helbredande behandling med legemidlar. Erfaring frå forsking på området syner at den beste behandlinga er ikkje- medisinsk. Hesteassistert terapi kan bidra positivt som ein del av behandling til denne pasientgruppa mellom anna ved å meistringsopplevingar og styrke eigne ressursar, individuelle læringsprosessar, erfaringsutveksling og likemannsarbeid, endringsprosessar og arbeid med målsetting, vedlikehalde funksjon i musklar og ledd, bevisstgjering av eige rørslemønster og auke kroppsbevisstheit. Gruppe 2: Arbeidsretta rehabilitering / raskare tilbake Denne gruppa er personar med samansette lidingar. Dette kan vere kombinasjonar av psykosomatiske og muskel- /skjelettplager med lettare grad av angst/depresjon. Andre symptom og smertetilstandar kan og vere tilstades, ofte utan objektive funn. Tilleggskriteria er at personen er sjukmeld eller langtidssjukmeld og mottar sjukepengar. Det skal vere personar som gjennom tiltaket kan unngå å bli sjukmelde. Fokusområde der hesteassistert terapi vil kunne bidra positivt er som for målgruppa fibromyalgi, og i tillegg rørsle som kjelde til sjølvinnsikt og auka meistringskompetanse, positiv oppleving av fysisk aktivitet, fokusert oppmerksomheitstrening, redusere muskelspenningar, frigjere respirasjonsmønster, betre balanse og auka grounding /bakkekontakt. Finansiering Budsjettet for prosjekt Aktiv betring med hest var på totalt kr 1.467.650,. over to år. Prosjektet fekk kr 1.000.000,- i tilskot frå Extrastiftelsen. Midlane frå Extrastiftelsen helse og rehabilitering dekte dermed om lag 68% av kostnadene ved prosjektet. Resten 6

er finansiert med eigne midlar frå Stall Bjørstad og Muritunet der vi har delt midlane med prosentvis samme sats ut frå budsjett og faktiske utgifter. Kapittel 2: Prosjektgjennomføring / metode Prosjektmål 1. Målet for prosjektet var at 100 personar per år skulle veljast ut og få tilbod om hesteassistert terapi. 200 i løpet av prosjektperioden. Tilbodet skulle gå 40 veker per år, to dagar per veke. Kommentar: I prosjektplanen hadde vi tenkt at teamet av fagpersonar ved Muritunet gjennom velkomstsamtale og vurdering av medisinsk tilstand hos den enkelte skulle velge ut pasientar som skulle få tilbod om hesteassistert terapi. Etter litt erfaring fant vi ut at det kan vere vanskelig å avgjere på forhånd kven som vil ha nytte av tilbodet pga. ALLE kan delta når vi legg til rette, og det er motivasjon og vilje som avgjer kven som finn det meiningsfylt eller ikkje. Det kan vere vanskelig å forklare kva opplegget går ut på til menneske som aldri har vert borti ein hest. Derfor bestemte vi oss for at alle i dei aktuelle gruppene skulle få bli med i stallen den første økta for å helse på hestane og høyre meir om opplegget. Etter denne økta fekk dei velge om dei ville vere med vidare. Anslagsvis 60% av pasientane tok i mot tilbodet. Her var det store variasjonar mellom 10% og 100% avhengig av personlege forhold hos pasientane, gruppedynamikk osv. Erfaringa etter prosjektperioden har vist at dette var ein fornuftig måte å løyse det på og som resulterte i eit gjennomsnitt på 5,86 personar per økt. Målet for prosjektet var 5 stk. Pga. inntakstider for dei ulike målgruppene greidde vi ikkje å fylle 80 veker innanfor to kalenderår. Vi valte derfor å utvide prosjektperioden til målet var oppfylt. Uavhengig av dette blei det nokre avlysingar pga. dårleg ver og kulde. Dette var uunngåeleg då vi ikkje har ridehall og må vere utandørs under dei praktiske øvingane. 2. Kvar pasient/brukar skal i samråd med hestefagleg person frå Stall Bjørstad og helsefagleg personell frå Muritunet sette eit personleg og SMART(Spesifikt, Målbart, Attraktivt, Realistisk og Tidsavgrensa) mål for øktene i stallen. Målet skal vere relatert til hovudmålet for rehabiliteringsopphaldet. Kommentar: Dette har vore ein viktig del av terapitilbodet. Samtalen om personlege mål har gitt oss mulegheit til å fokusere på målsettingsarbeid som viktig for å komme vidare på ulike område i livet. Her har verdien av å sette realistiske og oppnåelege mål har blitt vektlagt. Måloppnåing er viktig for meistring. I staden for å ta samtalen med ein om gongen på byrjinga og slutten av opplegget har vi i staden starta kvar økt med ein samtale i gruppa om den enkelte sitt mål og kva dei sjølve, og vi rundt kan bidra med for at målet skal bli nådd. Vi har også diskutert korleis det kjennest å nå eller ikkje nå målet og kva faktorar 7

som påverka om målet blei nådd eller ikkje. Målsettingsarbeidet har vore nyttig for at pasientane skulle sjå overføringsverdien av opplevingane og effektane av hesteassistert terapi. Det at alle har hatt eit personleg mål har også gjort det lettare å tilrettelegge for meiningsfull aktivitet. I opprinneleg prosjektplan var prosjektperioden satt til februar 2012 februar 2014. So blei prosjektleiar gravid og vi fekk etter søknad til Extrastiftelsen endra prosjektstart til 1. Oktober 2012. Då skulle prosjektet eigentleg vere ferdig 1. oktober 2014. Fordi vi ikkje hadde fullført økter med pasientar dei planlagte 80 vekene innanfor prosjektperioden valgte vi å fortsette til midten av november 2014 slik at vi nådde målet om antal økter. Planen var at pasientane skulle vere to korte økter per veke i stallen. Av praktiske årsaker fekk vi etter søknad endra dette til ei lang økt per veke(to dagar per veke med to ulike grupper). Dette gav meir tid med hestane per person og ei innsparing på transport som vi brukte til å dekke delar av kostnaden ved å leige inn ein person ekstra hos Stall Bjørstad. Slik fekk vi meir tid til kvar pasient og meir tid til å jobbe med deira individuelle mål. I tilbodet har vi lagt vekt på god informasjon/teori om opplegget, om hestens åtferd og formålet med terapien. Den teoretiske undervisninga har vore nødvendig for å skape tryggleik og få tillit frå pasientane slik at dei får full nytte av dei praktiske øvingane. Ut frå måla til pasientane har vi nytta hestane som verktøy til å jobbe med ulike problemstillingar som; gruppedynamikk (i familien, arbeidsplassen og lignende), kommunikasjon og kroppsspråk, grensesetting og relasjonsbygging gjennom praktiske øvingar. Vi har også latt pasientane ri for å oppleve meistring og dra nytte av dei fysiske effektane riding har på kroppen (ref. måla for dei ulike målgruppene). På grunn av at Muritunet sine inntaksgrupper har veksla mellom fibromyalgi, revmatiske pasientar og kvinner med bekkenleddsplager har alle desse blitt inkludert under målgruppa fibromyalgi for å hindre at det blei opphald i tilbodet. Dette har fagpersonar ved Muritunet vurdert som uproblematisk fordi alle desse har liknande symptom og utfordringar og har same mål for hesteassister terapi. Frå og med 2015 er desse gruppene samla under eit i Muritunet sine inntaksgrupper som: Personar med langvarige kroniske smerter som kan ha nytte av fysisk aktivitet og kognitiv terapi. Som del av prosjektet fekk vi også noko støtte til nødvendige innkjøp av hestar, spesialutstyr, og bygging av undervisnings/opphaldsrom i tillegg til det vi hadde frå før. Dette har gått etter planen og vi har i dag fem hestar på stallen som er godt trent og gjer ein fantastisk jobb i terapien. Vi har også fire andre hestar på stallen som vi brukar ved behov. Undervisningsrommet og utstyret er i dagleg bruk. 8

Kapittel 3: Resultat og evaluering For å få tilgang til mest mulig informasjon frå pasientane og mulegheit til forbetring og justering av tilbodet valte vi å lage eigne evalueringsskjema for hesteassistert terapi. Vi har samla inn og analysert informasjon frå 145 evalueringsskjema frå pasientar som har deltatt på tilbodet. Det manglar eit ukjent tal skjema av grunnar som t.d. folk har gløymt å levere inn, nokre har vore sjuke/reist heim før siste økt osb. Likevel meiner vi målet om 200 personar i.l.a. prosjektperioden er nådd pga. gjennomsnittstal personar per økt og tal økter er oppfylt. Resultat frå evalueringsskjema er samanfatta i to vedlegg. Grunnen til at det er delt i to periodar før og etter 01.04.14 er at vi endra litt på spørjeskjema denne datoen etter evaluering av resultata. Resultata viser at ein stor del av pasientane har hatt utbytte av tilbodet iht. målsettingane og ser overføringsverdien til andre område i livet der hest ikkje er involvert(sjå statistikk). Konklusjon Vår erfaring viser at dei kognitive og sosiale elementa av hesteassistert terapi har vel so stor verdi for pasientane i våre målgrupper som den fysiske effekten av riding. Vi har erfart at ved å bli meir bevisst på eigen kropp, kroppsspråk og tydeleg kommunikasjon kan pasienten bli betre kjent med seg sjølv og lettare forstå seg sjølv i relasjon til andre. Dette kan saman med konkret trening i grensesetting for seg sjølv og andre hjelpe pasienten i mellommenneskelege relasjonar. Effekten av oppmerksomt nærvær og utadretta fokus som ein pause frå eige tankekjør og fokus på smerte bør heller ikkje undervurderast. Til slutt kan gode meistringsopplevingar utanfor komfortsona vere med på å gi styrka sjølvkjensle og auka sjølvtillit. Kapittel 4: Vidare planar Erfaringane vi har fått gjennom prosjektperioden på to år har ført fram til utvikling av ein standardisert metode som vi og helsepersonell frå Muritunet meiner fungerer godt og gir gode resultat. Denne metoden kallar vi Bjørstadmodellen for hesteassistert terapi. Vi ønska å få meir kunnskap om korleis og kvifor hesteassistert terapi kan hjelpe. Med slik informasjon vil vi kunne nytte metoden meir målretta og effektivt. Vi meiner metoden også kan ha overføringsverdi for andre som driv denne type terapi og ønsker å dokumentere effektane i eit modellforsøk. Dette har resultert i eit nytt toårig prosjekt støtta av Extrastiftelsen helse og rehabilitering Hestekrefter gir livskraft som vi no er i gang med. 9

Behovet for ridehall er klart tilstades i vinterhalvåret grunna ver og føreforhold. Den det nye prosjektet støtta av Extrastiftelsen og det gode samarbeidet med Muritunet har gjort at vi no satsar for fullt på hest og vil ha ridehall ferdig bygd på garden sommaren 2015. 10

Statistikk Oppsummering av resultat 01.04.14-31.12.14 Deltaking på øktene ved Stall Bjørstad 2012: 90 pasientar fordelt på 15 økter = 6,0 2013: 310 pasientar fordelt på 58 økter = 5,34 2014: 346 pasientar fordelt på 59 økter = 5,86 per økt Samla gjennomsnitt for prosjektet: 5,65 pasientar per økt Spørsmål 1: Kva for økter deltok du på hos Stall Bjørstad? Spørsmål 2: Kva var dine forventingar til opplegget ved Stall Bjørstad? Spørsmål 3: I kor stor grad blei forventningane oppfylt? Deltok ikkje/veit ikkje 1,7% 1 Ikkje i det heile 0% 0 I liten grad 1,7% 1 I noko grad 10,3% 6 I stor grad 38% 22 I svært stor grad 48% 28 SUM 58 Deltok ikkje/veit ikkje 1,7% Ikkje i det heile 0% I liten grad 1,7% I noko grad 10,3% I stor grad 38% I svært stor grad 48% 11

Spørsmål 4: I kor stor grad hadde du utbytte av aktivitetane ved stall Bjørstad? a.) Stell av hestane Deltok ikkje/veit ikkje 7% 4 Ikkje i det heile 5% 3 I liten grad 0% 0 I noko grad 19% 11 I stor grad 31% 18 I svært stor grad 38% 22 SUM 58 Deltok ikkje/veit ikkje 7% Ikkje i det heile 5% I liten grad 0% I noko grad 19% I stor grad 31% I svært stor grad 38% b.) Arbeid med kommunikasjon og kroppsspråk Deltok ikkje/veit ikkje 3,4% 2 Ikkje i det heile 1,7% 1 I liten grad 1,7% 1 I noko grad 13,8% 8 I stor grad 41,4% 24 I svært stor grad 38% 22 SUM 58 Deltok ikkje/veit ikkje 3,4% Ikkje i det heile 1,7% I liten grad 1,7% I noko grad 13,8% I stor grad 41,4% I svært stor grad 38% 12

c.) Riding Deltok ikkje/veit ikkje 12% 7 Ikkje i det heile 1,7% 1 I liten grad 6,9% 4 I noko grad 12% 7 I stor grad 32,8% 19 I svært stor grad 34,5 20 SUM 58 Deltok ikkje/veit ikkje 12% Ikkje i det heile 1,7% I liten grad 6,9% I noko grad 12% I stor grad 32,8% I svært stor grad 34,5 d.) Anna Deltok ikkje/veit ikkje 64% 37 Ikkje i det heile 0% 0 I liten grad 0% 0 I noko grad 7% 4 I stor grad 15,5% 9 I svært stor grad 14% 8 SUM 58 Deltok ikkje/veit ikkje 64% Ikkje i det heile 0% I liten grad 0% I noko grad 7% I stor grad 15,5% I svært stor grad 14% 13

Spørsmål 5: I kor stor grad har du opplevd meistringskjensle ved aktivitetar med hest? Deltok ikkje/veit ikkje 0% 0 Ikkje i det heile 0% 0 I liten grad 3,4% 2 I noko grad 17,2% 10 I stor grad 29,3% 17 I svært stor grad 50% 29 SUM 58 Deltok ikkje/veit ikkje 3,4% Ikkje i det heile 0% I liten grad 1,7% I noko grad 26% I stor grad 35% I svært stor grad 35% Spørsmål 6: I kor stor grad kan erfaringane ved Stall Bjørstad ha overføringsverdi til andre område der hest ikkje er involvert? Deltok ikkje/veit ikkje 3,4% 2 Ikkje i det heile 0% 0 I liten grad 1,7% 1 I noko grad 26% 15 I stor grad 35% 20 I svært stor grad 35% 20 SUM 58 Deltok ikkje/veit ikkje 3,4% Ikkje i det heile 0% I liten grad 1,7% I noko grad 26% I stor grad 35% I svært stor grad 35% 14

Oppsummering av resultat 01.10.12 01.04.14 Spørsmål 1: Kva forventningar hadde du til aktivitetsdagane ved Stall Bjørstad? Spørsmål 2: I kor stor grad blei forventningane oppfylt? I svært stor grad 56,5 % 49 I stor grad 33 % 29 I noko grad 6% 5 I liten grad 0 % 0 Ikkje i det heile 0 % 0 Ikkje svart 4,5 % 4 SUM 87 I svært stor grad 56,5 % I stor grad 33 % I noko grad 6% I liten grad 0 % Ikkje i det heile 0 % Ikkje svart 4,5 % Spørsmål 3: I kor stor grad hadde du utbytte av aktivitetane ved stall Bjørstad? a.) Stell av hestane I svært stor grad 31 % 27 I stor grad 31 % 27 I noko grad 4,5 % 4 I liten grad 10,5 % 9 Ikkje i det heile 6 % 5 Ikkje svart 17,5% 15 SUM 87 I svært stor grad 31 % I stor grad 31 % I noko grad 4,5 % I liten grad 10,5 % Ikkje i det heile 6 % Ikkje svart 17,5% 15

b.) Arbeid med kommunikasjon og kroppsspråk I svært stor grad 44 % 38 I stor grad 29 % 25 I noko grad 11,5 % 10 I liten grad 3,5 % 3 Ikkje i det heile 2 % 2 Ikkje svart 10 % 9 SUM 87 I svært stor grad 44 % I stor grad 29 % I noko grad 11,5 % I liten grad 3,5 % Ikkje i det heile 2 % Ikkje svart 10 % c.) Riding I svært stor grad 45 % 39 I stor grad 33 % 29 I noko grad 11,5 % 10 I liten grad 2 % 2 Ikkje i det heile 6,5 % 5 Ikkje svart / blank 2 % 2 SUM 87 I svært stor grad 45 % I stor grad 33 % I noko grad 11,5 % I liten grad 2 % Ikkje i det heile 6,5 % Ikkje svart / blank 2 % 16

d.) Målsettingsarbeid I svært stor grad 32 % 28 I stor grad 36 % 31 I noko grad 8 % 7 I liten grad 2 % 2 Ikkje i det heile 0 % 0 Ikkje svart / blank 22 % 19 SUM 87 I svært stor grad 32 % I stor grad 36 % I noko grad 8 % I liten grad 2 % Ikkje i det heile 0 % Ikkje svart / blank 22 % e.) Anna I svært stor grad 23 % 20 I stor grad 19,5 % 17 I noko grad 2 % 2 I liten grad 5 % 4 Ikkje i det heile 0 % 0 Ikkje svart / blank 50,5 % 44 SUM 87 I svært stor grad 23 % I stor grad 19,5 % I noko grad 2 % I liten grad 5 % Ikkje i det heile 0 % Ikkje svart / blank 50,5 % 17

Spørsmål 4: I kor stor grad har du opplev meistring ved aktivitetar med hest? I svært stor grad 53 % 46 I stor grad 25 % 22 I noko grad 6 % 5 I liten grad 1 % 1 Ikkje i det heile 0 % 0 Ikkje svart / blank 15 % 13 SUM 87 I svært stor grad 53 % I stor grad 25 % I noko grad 6 % I liten grad 1 % Ikkje i det heile 0 % Ikkje svart / blank 15 % Spørsmål 5: I kor stor grad kan erfaringane ved Stall Bjørstad ha overføringsverdi til andre område der hest ikkje er involvert? I svært stor grad 34 % 29 I stor grad 41 % 36 I noko grad 10 % 9 I liten grad 1 % 1 Ikkje i det heile 0 % 0 Ikkje svart / blank 14 % 12 SUM 87 I svært stor grad 34 % I stor grad 41 % I noko grad 10 % I liten grad 1 % Ikkje i det heile 0 % Ikkje svart / blank 14 % 18