STRATEGIPLAN 2015 2019 Handlingsplan for 2015



Like dokumenter
Revidert januar Styrehandsama: 18.april Strategiplan for Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal

STRATEGIPLAN Handlingsplan for 2016

STRATEGIPLAN Handlingsplan for 2018

Revidert januar Styrehandsama: Februar Strategiplan for Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

UE Møre og Romsdal hoppid ue.no FRAMTID - SAMSPILL - SKAPERGLEDE

Vi hoppa i det korleis har vi jobba i programmet, og kva har vi oppnådd?

Ungt Entreprenørskap Hordaland

Entreprenørskap i utdanning samarbeid skole næringsliv Næringssamling Anne Kathrine Slungård Admdir Ungt Entreprenørskap Norge

Kommunikasjonsplan Fylkesplan , regional plan for Møre og Romsdal

Hva gjør Ungt Entreprenørskap

Avtale om partnarskap

Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson.

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Entreprenørskap i Verranskolen

hoppid.no - Nyheiter Gründeråret 2015 Vårens mobiliseringsdugnad er i gang:

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

H A N D L I N G S P L A N for biblioteket i Høgskulen i Sogn og Fjordane

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

Tenesteavtale 7. Mellom Odda kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid

STRATEGIPLAN HØGSKOLEN I ÅLESUND

Innovasjonsmetoden vår

Årsberetning Ungt Entreprenørskap. Møre og Romsdal

Trygg og framtidsretta

Gnist partnarskap heilskapleg satsing på læraryrket frå 2009 status kvalitet kvalite kvalitet rekruttering

Entreprenørskap. Vrådal 19. november 2010

Programmet for entreprenørskap. Eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylke og Innovasjon Norge

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Program for entreprenørskap. Eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylke og Innovasjon Norge og KOMMUNANE

Entreprenørskap er løsningen for framtida!

C:\Documents and Settings\njaalb\Skrivebord\Til nettside adm\ny mappe\kvalitetsutviklingsplan Blhbs.DOCSide 1 av 6

tirsdag 16. april 13 «Brød av sirkus?»

Kvalitetsplanen for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

Påstandar i Ståstedsanalysen nynorsk versjon

Kommunikasjonsstrategi

Ungt Entreprenørskap i høyere utdanning

PLAN FOR KOMPETANSEHEVING

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

Regional kompetansestrategi Sogn og Fjordane sluttrapport fase1

Studieplan for BACHELORSTUDIET I NYSKAPING OG SAMFUNNSUTVIKLING ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB)

UNGDOMSBEDRIFT. Mentorressursen

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Framlegg Handlingsprogram Kompetanse og Verdiskaping 2017

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Strategi for kompetanseutvikling

Program for entreprenørskap. Eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylke og Innovasjon Norge

Visjon, hovedmål og strategiske satsingsområder for

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

Dette er eit høyringsutkast til ein handlingsplan for skolebiblioteka ved dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal fylkeskommune.

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

INSTRUKS FOR ADMINISTRERANDE DIREKTØR I HELSE VEST RHF

R Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Bygdemobilisering. om åløfte bygda etter håret. Synnøve Valle

Pedagogisk plattform

1. Etablering Formål Stiftarar 2

Strategi Ny kunnskap ny praksis

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

UNGT ENTREPRENØRSKAP i NORGE en del av JA-YE worldwide.

PLAN FOR EIT INKLUDERANDE BARNEHAGE- OG SKULEMILJØ

Læreplanverket for Kunnskapsløftet

Strategi Forord

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE , vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, for

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Innovatørar trengs overalt

Tenesteavtale7. Mellom Stord kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid

Fordeling av kommunale næringsfond og hoppid.no-midlar 2016

Tiltaksplan

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

KF BedreStyring. KF brukarkonferanse. Oslo 22. mars Pål Sandal

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

INNOVATØRER TRENGS OVERALT!

Handlingsprogram for Fagopplæringsnemnda i Sogn og Fjordane

UNGDOMSBEDRIFT. Mentor

Vald og trusselhandlingar mot tilsette i skolen førebygging og oppfølging

Hva er nytt? Kan lovendringer være drivkraft for utvikling? LOV- OG FORSKRIFTSENDRING FRA 1. AUGUST

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Samhandlingskonferansen 2015 Regional plan for folkehelse. Regional plan for folkehelse

Korleis kan du i din jobb utvikle deg til å bli ein tydleg medspelar?

Tiltaksforum. - Etablerartilskot

INTERNASJONAL STRATEGI FOR HORDALAND

Forslag frå fylkesrådmannen

Rektorvedtak. Aktivitetsplan for IA arbeidet ved HiSF Innhald aktivitetsplan for IA arbeidet ved HiSF

RAPPORTERING FYLKESPLAN 2014 SATSINGSOMRÅDE KOMPETANSE

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

UB- og mentorressursen

Forventningar til og utfordringar for nettlærarane

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

STRATEGI 2022 NORSK SENTER FOR UTVEKSLINGSSAMARBEID

INVITASJON. Kommunikasjonsstrategi. Kva meinar de er viktig? Til alle medarbeidarar i Jølster Kommune

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Ungt Entreprenørskap - løsninger for framtida. Anne Marit Igelsrud Daglig leder Ungt Entreprenørskap Trøndelag.

S T R A T E G I D O K U M E N T

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Regionale aktørar sitt arbeid med bygde- og lokalsamfunnsutvikling på Vestlandet Utgreiing: Møreforsking og Ideas2Evidence Oppdragsgjevar:

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Transkript:

Revidert januar 2015. Styrehandsama mars 2015. STRATEGIPLAN 2015 2019 Handlingsplan for 2015 UNGT ENTREPRENØRSKAP MØRE OG ROMSDAL BRUBYGGAREN UE

UNGT ikke gammelt ENTRE fra fransk entrer (gå inn), fra engelsk enter (gå inn) PRENØR fra fransk prendre (ta) entreprendre=ta på seg, ta fatt på SKAP suffix (norrønt: skapr: beskaffenhet), evne Entreprenørskap: Se mulighetene og gjør noe med dem! Skjevik Ungdomsskole med fleksibel bru som kan tåle naturkreftene. (Gründercamp Molde) Hovudmål for Ungt Entreprenørskap 2015 2019: UE skal bidra til å vidareføre og styrke satsinga på entreprenørskap i utdanning i Norge, i omfang og kvalitet. 2 Strategiplan UE MR 2015 2019

Strategiplan 2015 2019, med handlingsplan 2015. Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal. INNHALD I INNLEIING... 4 1. Strategiske satsingsområde:... 4 1.2 Visjon, formål og kjerneverdiar... 5 II BRUBYGGAREN UE... 6 1 Framtidas verdiskaparar vert utdanna no... 6 2 Forankring av entreprenørskap i utdanning (EIU)... 6 3 Entreprenørskap på internasjonal dagsorden... 7 4 Forsking på effekten av UE sine program... 7 III. UNGT ENTREPRENØRSKAP SINE PROGRAM OG AKTIVITETAR... 8 1. Verdiskaping og innovasjon som grunnlag for velferd og bærekraft... 8 2. Utdanning for og gjennom entreprenørskap... 8 3. Entreprenørskapskriterier i UE sine program... 9 4. UE sin Progresjonsmodell... 9 IV. STRATEGISKE HOVUDSATSINGSOMRÅDE FOR UE MR 20152019... 10 1 Forankring av entreprenørskap i utdanning... 10 1.1. Mål:... 10 1.2. Målgrupper: og høgskolar med leiing og ansatte, administrasjon og politisk nivå i kommunar og fylkeskommunen, bedrifter og organisasjonar.... 10 1.3. Tiltak:... 10 1.4. Resultatmål:... 11 2 UE sine produkt og tenester.... 12 2.1. Mål:... 12 2.2 Målgrupper:... 12 2.3. Tiltak:... 12 2.4 UE Møre og Romsdal skal tilby følgjande program i progresjonsmodellen:... 13 2.5 Resultatmål:... 15 3 Organisasjons og kulturutvikling... 17 3.1 Mål:... 18 3.2 Målgrupper:... 18 3.3 Tiltak:... 18 3.4 Resultatmål 2015:... 18 4 Media og kommunikasjonsarbeid... 19 4.1 Mål:... 19 4.2 Målgrupper:... 19 4.3 Tiltak:... 19 5 Dokumentere resultat og måle effekt.... 20 5.1 Mål: Dokumentere resultat og måle effekt av UE sine program... 20 5.2 Tiltak:... 20 6 Finansiering og tilhøvet til samarbeidspartnarar.... 20 6.1 Mål:... 20 6.2 Målgrupper:... 20 6.3 Tiltak:... 20 Vedlegg: Finansiering 3 Strategiplan UE MR 2015 2019

I INNLEIING Dokumentet er Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal si strategiplan for 2015 2019. Strategiplana byggjer på Ungt Entreprenørskap Norge sitt dokument: Strategiske hovedsatsingsområder 2015 2019. Handlingsplan for 2015 er lagt inn i dokumentet og viser aktivitetsmål, der det er naturleg. 1. Strategiske satsingsområde: UE Møre og Romsdal sine strategiske satsingsområde for perioden 2015 2019 er i samsvar med dei som er vedtatt for UE Norge. UE Norge sine strategiske hovudsatsingsområde 2015 2019: 1. Forankring av entreprenørskap i utdanning 2. Utvikling av UE sine produkt og tenester 3. Utvikling av UEs organisasjon og kultur 4. Utvikle media og kommunikasjonsarbeidet 5. Dokumentere resultat og måle effekt 6. Auka finansiering og fleire samarbeidspartnarar UE Møre og Romsdal vil tilpasse satsingane slik at vi kan møte fylket sine særlege behov og utnytte fylket sine sterke sider. Vi vil ta omsyn til kvar einskild skole sine behov; storleik, lokalisering og kultur. UE Møre og Romsdal ønskjer at entreprenørskap i utdanning skal vere eit viktig distriktspolitisk virkemiddel for å: halde på og auke folketalet styrke næringsutvikling og innovasjon betre karriererettleiing og auke gjennomføring i vidaregåande opplæring 4 Strategiplan UE MR 2015 2019

1.2 Visjon, formål og kjerneverdiar VISJON: Ungt Entreprenørskap inspirerer unge til å tenke nytt og til å skape verdiar. Formål: Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal sitt formål er i samspel med skolane, næringslivet og andre aktørar å: utvikle barn og ungdom sin kreativitet, skaparglede og tru på seg sjølv gi barn og ungdom forståing for verdiskaping og nyskaping i næringslivet fremme barn og ungdom si samarbeidsevne og ansvarskjensle gi forståing for og kunnskap om etikk og reglar i nærings og arbeidslivet styrke samhandlinga i lokalsamfunnet mellom nærings og arbeidslivet og skolane stimulere til samarbeid over landegrensene inspirere til framtidig verdiskaping i ein sosial, kulturell og økonomisk samanheng Kjerneverdiar Framtid Styrke unge menneske si evne og kompetanse til å meistre framtida Være ei drivkraft for verdiskaping og nyskaping Gi viktige bidrag til å skape livskraftige lokalsamfunn og global bærekraftig utvikling Samspel Lære barn og unge å samarbeide Være ein forutsigbar og langsiktig samarbeidspartnar i spennet mellom skole, arbeids og næringsliv Skape møteplassar og bygge nettverk; lokalt, nasjonalt og internasjonalt Skaparglede Gi unge menneske muligheiter til å utvikle kreativitet, skaparglede og tru på seg sjølv Motivere unge menneske til å tenke nytt og til å skape verdiar Sette Lære ved å gjøre i sentrum for all aktivitet 5 Strategiplan UE MR 2015 2019

II BRUBYGGAREN UE 1 Framtidas verdiskaparar vert utdanna no Det vi med størst sikkerheit kan sei om framtida, er at verken Norge eller resten av verda vil bli som i dag. Dagens organisasjonar, både private og offentlige, vil ha stadig større behov for individ med både endringsvilje og kompetanse, samt ei tilnærming til læring som ein livsvarig prosess. Ein stor del av framtidas bedrifter og arbeidsplassar er ennå ikkje skapt. Dei vil bli skapt av menneske som tør ta sjansar, menneske som nyttar sine evner og ressursar til å skape nytt. Både noverande og tidlegare regjeringar har sidan tidleg på 2000tallet hatt som ambisjon at Norge skal vere blant Europas mest innovative land. Dette vil krevje at alle samfunnsaktørar i enda større grad samarbeider og gjennom det legg til rette for eit breiare grunnlag for verdiskaping. 2 Forankring av entreprenørskap i utdanning (EIU) Ungt Entreprenørskap (UE) vart etablert i 1997, og har gjennom utvikling av sine program vært ein sentral aktør i utforming og implementering av entreprenørskap i utdanning (EiU). Det er eit samla Storting som stiller seg bak den gjeldande handlingsplana «Entreprenørskap i utdanning fra grunnskole til høyere utdanning 20092014». Satsinga på entreprenørskap i utdanning har vore breitt forankra i fleire departement og gjennom fleire dokument sidan starten på 2000tallet. Ungt Entreprenørskap meiner at dei to hovudmåla i dagens handlingsplan for entreprenørskap i utdanning 20092014 bør vidareførast. Å styrke kvaliteten på og omfanget av entreprenørskapsopplæring på alle nivå og fagområde i utdanningssystemet. Norge skal være leiande internasjonalt innafor entreprenørskap i utdanning. Forankring av entreprenørskap i utdanning gir føringar for UEs aktiviteter og for organisasjonens vidare utvikling, og gir legitimitet til UEs rolle som brubyggjar. 6 Strategiplan UE MR 2015 2019

3 Entreprenørskap på internasjonal dagsorden Entreprenørskap er på den politiske dagsorden i heile Europa. På oppdrag frå Arbeids og sosialdepartementet, Kunnskapsdepartementet, Kommunal og moderniseringsdepartementet og Nærings og fiskeridepartementet publiserte OECD rapporten OECD Skills Strategy Diagnostic Report: Norway. Her analyserer OECD Norges kompetansemessige utfordringar og konkluderer med 12 utfordringar Norge må løyse. «Promoting entrepreneurship» er ein av hovedsatsingsområda som vert anbefalt frå OECD. Key Competence Nettwork on school Education (KeyCoNet) er eit Europeisk nettverk initiert av EU for å utarbeide framtidige nøkkelkompetansar for elevar på barne og ungdomstrinnet. 18 land med relevante organisasjonar deltar og bidrar med anbefalingar for politikk og praksis. «Trening i initiativ og entreprenørskap» er ein av åtte nøkkelkompetansar som vert framheva. 4 Forsking på effekten av UE sine program Ulike rapportar peikar på at det tek tid å få etablert nye former for læring og at det tek tid å dokumentere effekt; det må nødvendigvis gå år frå eit ungt menneske får kompetanse og ferdigheiter til dei vert sett ut i livet i form av t.d. ein bedriftsetablering eller spesifikk åtferd på arbeidsplassen (intraprenørskap). NIFU og Østlandsforskning arbeider med eit større følgjeforskingsprosjekt på EiU, på oppdrag av Kunnskapsdepartementet (KD), Kommunal og moderniseringsdepartementet (KMD) og Nærings og fiskeridepartementet (NFD). Ein sluttrapport vil bli overlevert myndigheitene ved utgangen av 2014. Sluttrapporten vil både analysere korleis handlingsplana har blitt følgt opp og gi anbefalinga til korleis entreprenørskap i utdanning bør verte følgt opp vidare. UE vil revidere og oppdatere sin strategi når myndigheitene i løpet av 2015 kjem med sine føringar for den vidare satsinga på EiU. Det har blitt utarbeidd fleire delrapportar. Ein midtvegsrapport hausten 2012 samanstilte dei foreløpige funn og konklusjonar. Det vart her mellom anna peika på at UE har hatt ein heilt avgjerande rolle for entreprenørskapstilbodet i grunnopplæringa. Nordlandsforskning evaluerte i 2011 på oppdrag av KMD og NFH korleis UE hadde forvalta statstilskotet gjennom nær ti år. Det vart poengtert at UE er ein veldriven og effektiv organisasjon som når ut til eit stort antall elevar med dei midlar organisasjonen har til rådighet. 7 Strategiplan UE MR 2015 2019

III. UNGT ENTREPRENØRSKAP SINE PROGRAM OG AKTIVITETAR 1. Verdiskaping og innovasjon som grunnlag for velferd og bærekraft Med dei demografiske og næringsmessige utviklingstrekk samfunnet har og som ser ut til å forsterkast i åra som kjem, vert betydinga av verdiskapingsperspektivet sterkare. Den norske velferdsmodellen krev auka verdiskaping i brei betyding for å kunne vidareutviklast, og innovative løysningar vert kravd for å underbygge ei bærekraftig utvikling. Det er eit mål i seg sjølv å utdanne fleire unge som vil, kan og tør skape noko sjølv. Når elevar får bruke faga i praksis, samarbeide med næringslivet og realisere eigne draumar og ambisjonar, utviklar dei haldningar og eigenskapar som det ikkje går an å lese seg til. UEs pedagogiske plattform bygger på læring gjennom praksis. 2. Utdanning for og gjennom entreprenørskap Det er tradisjonelt tre måtar å forstå EiU på: Utdanning OM entreprenørskap, dvs. om entreprenørskap som eit samfunnsfenomen Utdanning FOR entreprenørskap, dvs. opplæring og trening for å utvikle kunnskapar og ferdigheiter som gir grunnlag for å starte ny verksemd Utdanning GJENNOM entreprenørskap, der entreprenørskap vert brukt som ein pedagogisk metode og der ein nyttar entreprenørielle prosessar som virkemiddel for å oppnå bestemte læringsmål UE har hovudfokus på utdanning gjennom og for entreprenørskap. Det kjem til uttrykk ved at vi gir elevar og studentar erfaring med å starte, leie og delta i verdiskapande prosessar. Erfaring vert etablert i samhandling med omgivnadene og gitt ved at elevar og studentar får omsett idear til handling. Fra regjeringens handlingsplan: Entreprenørskap i utdanning fra grunnskole til høyere utdanning 20092014. Entreprenørskap i utdanning handlar om å utvikle elevar og studentar sine personlege eigenskapar gjennom å stimulere deira kreative evner, utvikle deira handlingskompetanse og deira forståing av omverda. 8 Strategiplan UE MR 2015 2019

3. Entreprenørskapskriterier i UE sine program UE har fem kriterier som ligg til grunn for å identifisere og kvalitetssikre program som fremjar elevar og studentar sin entreprenørskapskompetanse: Kreative prosessar Erfaringslæring Tverrfaglegheit Samarbeid utdanning / arbeids og næringsliv Verdiskaping sosialt, kulturelt, økonomisk. Dei fem kriteria er sidestilte, men det vil variere kva krateri som har sterkast fokus i ulike program og aktivitetar. Programma vert delt inn i tre grupper: Idéverkstader Arbeids og næringslivsprogram Bedriftsprogram I alle program og aktivitetar er det lagt til rette for eit nært samarbeid mellom utdanning og lokalt arbeids og næringsliv. 4. UE sin Progresjonsmodell Illustrasjonen viser alle programma til UE. Inndeling etter utdanningsnivå. UE MR sitt val av program er tatt på bakgrunn av ressursar, erfaring og fylket sine behov. Programma vert presentert i kap. 2.4 side 13 14. 9 Strategiplan UE MR 2015 2019

IV. STRATEGISKE HOVUDSATSINGSOMRÅDE FOR UE MR 20152019 Prosessen med å prioritere utviklingsområde for Ungt Entreprenørskap i dei komande åra, er bredt forankra i organisasjonen. Det er drøfta i nettverksmøte, Leiarmøte og Rådsmøte/Nasjonal styresamling. UE har i tillegg fått innspel frå ulike interessentgrupper gjennom to nasjonale omdømme, visjons og kulturundersøkingar (2010 og 2013). Seks strategiske hovudsatsingsområde: 1. Forankring av entreprenørskap i utdanning 2. Utvikling av UE sine produkt og tenester 3. Utvikling av UE sin organisasjon og kultur 4. Utvikle media og kommunikasjonsarbeidet 5. Dokumentere resultat og måle effekt 6. Auka finansiering og fleire samarbeidspartnarar 1 Forankring av entreprenørskap i utdanning 1.1. Mål: UE MR skal bidra til å forankre og implementere entreprenørskap i utdanningen gjennom å vere ein tydeleg brubyggjar mellom skole og lokalt arbeids og næringsliv. 1.2. Målgrupper: og høgskolar med leiing og ansatte, administrasjon og politisk nivå i kommunar og fylkeskommunen, bedrifter og organisasjonar. 1.3. Tiltak: a. UE MR skal arbeide for forankring i planar hos skoleeigarar og skoleleiing administrativt og politisk ved å: Arbeide for forankring i kommunane og skolane sine planer for utdanning, gjennom prosjektet Entreprenørskapsløype. Avtalen inneber at alle elevar i kommunen skal nytte 2 4 entreprenørskapsaktivitetar i løpet av grunnskolen. Arbeide for at entreprenørskap i utdanning skal vere tydeleg i Fylkesplan for Møre og Romsdal og i tilhøyrande handlingsprogram for satsingsområda Kompetanse og Verdiskaping. Arbeide for at entreprenørskap i utdanning skal vere godt synleg i fylkeskommunen si Kvalitetsplan for vidaregåande opplæring. Samarbeide med MRFK utdanning i utvikling av ei KarriereLøype, der aktivitetar i karriererettleiing vert synleggjort. Samarbeide med MRFK og Fylkesmannens Landbruksavdeling, og ha fokus på entreprenørskapsaktivitetar som er i tråd med fylket sine satsingsområde. Arbeide for at høgskolane i fylket legg entreprenørskap inn i studieplanane for dei enkelte studia. Arbeide for at nye lærarar kjenner UE sine program, gjennom å forelese ved lærarutdanninga ved Høgskolen i Volda. 10 Strategiplan UE MR 2015 2019

b. UE MR skal gje informasjon om EiU til lokalt arbeids og næringsliv og aktivt nytte deira kompetanse i gjennomføring av aktivitetar, ved å: Skape kultur for entreprenørskap i lokalsamfunnet. Gjennom kurs og andre samlingar skal vi stimulere til idé og erfaringsutveksling mellom skolar og mellom skolar og lokalt næringsliv. c. UE MR skal stimulere skolane til aktiv bruk av lokalt næringsliv og motivere til forankring av samarbeidet i langsiktige avtalar t.d. Partnarskapsavtalar ved å: Nytte personar frå lokalt arbeidsliv i gjennomføring av UE sine program. skal få god kunnskap om lokale ressursar og slik sjå muligheiter i eige lokalmiljø. Det gjeld både i høve framtidig arbeid, rekruttering og som etablerarar av eigen verksemd. Fortsette samarbeidet med dagens samarbeidspartar og aktivt søkje samarbeid med fleire bedrifter og organisasjonar. 1.4. Resultatmål: Forankring Delmål 2014 Resultat 2014 Delmål 2015 Mål 2019 2 nye kommunar: 2 4 nye kommunar skal ha Skodje og Rauma. forankra Ny avtale i Haram. Entreprenørskapsløype i si 2 4 nye kommunar skal ha forankra Entreprenørskapsløype i si plan for utdanning EiU er tydeleg i Fylkesplan for MRFK og handlingsprogramma for Verdiskaping og Kompetanse Undervise i grunnutdanning for lærarar og på PPU Tilby studentbedrift, arr. FM for SB og kurs for SB m/ NAV og SMSØ/Visma. Tilby Temabasert GC for HiM, HiÅ og HiVO EiU har plass i Fylkesplan og Handlingsprogramma for Verdiskaping og Kompetanse UE MR har hatt 3 kurs ved HiVO. Det har vore kurs og arr. GC etter modell Utrinn. 10 SB v/hials i 2014/15. Kurs i IA. FM SB. GC v/him plan for utdanning. EiU har plass i Fylkesplan og Handlingsprogramma for Verdiskaping og Kompetanse Samarbeide med MRFK utdanning om KarriereLøype Fleire vg skolar skal ta i bruk UB og GC Forelese om EiU på lærarutdanninga og PPU (vidareutd. for lærarar.) v/hivo Tilby studentbedrift med kurs og FM, samt Gründercamp for alle høgskolane i fylket. 25 kommunar skal ha forankra Entreprenørskapsløype i si plan for utdanning EiU har plass i Fylkesplan og Handlingsprogramma for Verdiskaping og Kompetanse. EiU vert etterspurt ved tilsyn frå utdanningsavdelinga. KarriereLøypa for MRFK skal vere ferdig og i bruk ved skolane Alle vg skolar skal ha tilbod om UB og GC til sine elevar. EiU og UE sine program er kjent/nytta i alle studiar for lærarutdanning i fylket. Alle høgskolar skal nytte temabasert Gründercamp og studentbedrift. 11 Strategiplan UE MR 2015 2019

2 UE sine produkt og tenester. 2.1. Mål: Gjennom UE sine aktivitetar skal vi gi flest mulig barn og ungdom auka entreprenørskapskompetanse. 2.2 Målgrupper: i grunnskole og vidaregåande opplæring. Studentar ved høgskolane i fylket. 33 000 elever i 237 grunnskolar, 10 000 elevar i 25 vidaregåande skolar og studentar ved 3 høgskolar. 2.3. Tiltak: a. UE MR sitt arbeid skal kvile på UE si pedagogiske plattform ved å: Gje medarbeidarane kjennskap til UE sin pedagogiske plattform og aktivt nytte den i arbeidet. Styrke kompetansen og interessa for entreprenørskap hos personalet i utdanningssystemet (kurs og rettleiing) Nytte UE Norge sin kvalitetsplan med omsyn til tidsbruk, kurs for lærarar og rettleiarar, fornying av program, samt sikre eigen kompetanse i programma vi tilbyr. b. UE MR skal medverke til utvikling og spreiing av programma, med særskilt vekt på bedriftsprogramma ved å: Arbeide for at alle elevar får tilbod om entreprenørskapsaktivitetar Vedlikehalde aktivitet som er i gang / har vore nytta Auke tilbodet i dei skolane som nyttar UE sine program Gi tilbod til nye skolar og gjere koplingar til lokalt næringsliv Arbeide for ein klar og forpliktande progresjon i entreprenørskap i utdanning til og med høgare utdanning. Fokusere på bruk av læremateriell som skolar og lokalt næringsliv etterspør og vil nytte. c. UE MR skal arbeide for at entreprenørskap i utdanning framleis vert ein del av lærarutdanninga i fylket. d. Rolla som brubyggjar skal framhevast i rekruttering, skolering og oppfølging av lærarar og frivillige frå arbeidslivet. 12 Strategiplan UE MR 2015 2019

2.4 UE Møre og Romsdal skal tilby følgjande program i progresjonsmodellen: Grunnskole: Det er om lag 33 000 elevar på nesten 200 grunnskolar i Møre og Romsdal. Kommunane som skal inn i arbeidet med Entreprenørskapsløypa vil kunne velje 2 4 program (eller fleire) for heile grunnskolen. For kommunar med Entreprenørskapsløype vert utfordringa å få med alle skolane i kommunen på forpliktande planer. Grunnskole 1. 7. trinn: Vårt Lokalsamfunn: Elevane skal oppleve korleis menneske, lokalt næringsliv og offentlige tenester påverkar kvarandre i eit lokalsamfunn. Programmet kan nyttast på 4. 5. trinn avhengig av lokale tilhøve. Det skal nyttast ekstern rettleiar gjerne frå offentleg verksemd/organisasjonar. SikkSakk Europa: Programmet skal gi elevar forståing av at vi i Europa er gjensidig avhengige av kvarandre når det gjeld m a økonomi og næring. Læring skjer gjennom praktiske øvingar, leik og spill. Programmet høver for 6. 7. trinn. Det skal nyttast ekstern rettleiar gjerne frå bedrift som driv internasjonal verksemd. Grunnskole 8. 10. trinn: Elevbedrift: Elevbedrift har fokus på kreativitet, samarbeid, handlingskompetanse og verdiskaping. Elevane har sin eigen forretningsidé gjerne basert på lokale ressursar. Dei startar, driv og avviklar si bedrift over ein kortare eller lengre periode. Elevbedrift (EB) høver godt i valfaga og kan nyttast på alle trinn. Kvar EB bør ha ein mentor frå næringslivet. Økonomi og karrierevalg: Økonomi og karrierevalg vil bevisstgjere elevane på eigne ferdigheitar, interesser og verdiar knytt til framtidige utdannings og karriereval. Dei kan òg reflektere over eigen økonomi og korleis dei planlegg eiga framtid. Programmet skal gjennomførast med ekstern rettleiar frå næringslivet. Programmet høver godt inn i faget utdanningsval. 8. 10. trinn. Gründercamp: Gründercamp er trening i kreativitet, nyskaping og samarbeid. Elevane får eit oppdrag som dei skal løyse i løpet av eit gitt tidsrom. Oppdraga skal vere realistiske og gitt av lokalt arbeids og næringsliv. Gründercamp har eit konkurranseaspekt og løysingane vert vurdert av ein jury. Det er skolen saman med lokalt næringsliv som skal arrangere sin Gründercamp. UE Møre og Romsdal har laga eit rettleiingshefte til bruk for skolane. Det vart revidert i 2014. Gründercamp med fleire oppdrag, slik han vert gjennomført i Møre og Romsdal har blitt ein suksess og gir mange positive effektar i lokalmiljøet. Jobbskygging for 8., 9. og 10. trinn: Målet med aktiviteten er å gi elevane ei oppleving av eit yrke dei kan tenkje seg. Eleven får høve til å skygge ein kjenning, delta på utprøving i vidaregåande skole og skygge ein framand arbeidstakar i ordinært arbeid. 13 Strategiplan UE MR 2015 2019

Vidaregåande opplæring Møre og Romsdal har 25 vidaregåande skolar med ca. 10 000 elevar. Skolane varierer sterkt i storleik og tilbod av program. Ungdomsbedrift: i vidaregåande opplæring startar og driv si eiga bedrift i eitt skoleår. Bedrifta vert registrert i Brønnøysundregistra, har eige styre og mentor frå næringslivet. i ungdomsbedrifter vil få tilbod om Fylkesmesse, kurs i inkluderande arbeidsliv (IA) og rekneskapskurs. Ved slutten av skoleåret avviklar dei bedrifta. Temabasert Gründercamp: Gründercamp er trening i kreativitet, nyskaping og samarbeid. Elevane får eit oppdrag som dei skal løyse i løpet av ein dag. Oppdraget skal vere realistisk og gitt av ei lokal bedrift. Elevane arbeider i grupper. Dei nyttar rettleiarar til hjelp i prosessen. Løysingane vert vurdert av ein jury. Fra utdanning til jobb: Programmet høver på alle studieprogram i vidaregåande skole. Målet er opplæring i å søke jobb og finne rett jobb. Eitt anna mål er auka sjølinnsikt og sjølvtillit. UE Norge har inngått samarbeidsavtale med Manpower om den faglege delen. Høgskole Det er 3 høgskolar i fylket; Molde, Ålesund og Volda. Studentbedrift: Studentane startar og driv si eiga bedrift over ein periode 1 2 semester. Dei registrerer bedrifta i Brønnøysundregistra, har eige styre, finansiering og mentor frå næringslivet. Innovasjonsgraden er høg og studentane må ofte nøye seg med å utvikle ein prototyp. Studentane får òg tilbod om Fylkesmesse, kurs i inkluderande arbeidsliv (IA) og rekneskapskurs Entreprenørskap i lærarutdanninga: Ungt Entreprenørskap og Høgskolen i Volda gir kurs i og arrangerer Gründercamp for studentane på grunnutdaninga for lærarar (GLU) 5. 10. trinn. UE gir òg kurs i dei andre programma for ungdomstrinnet for GLU 5.10. trinn. Begge grunnutdanningane for lærarar: GLU 1.7. trinn og GLU 5.10. trinn, vert kursa i UE sine program for barnetrinnet. Gründercamp for andre studium: Gründercamp er trening i kreativitet, nyskaping og samarbeid. Studentane får eit oppdrag som dei skal løyse i løpet av 2 dagar. Oppdraget skal vere realistisk og gitt av ei lokal bedrift/organisasjon. Studentane arbeider i grupper og dei kan nytte rettleiarar til hjelp i prosessen. Løysingane vert vurdert av ein jury. 14 Strategiplan UE MR 2015 2019

2.5 Resultatmål: Tabellen under viser måltall for UE MR for 2015 og 2019. Ein forventar jamn vekst i perioden. For samanlikning er måltal og resultat for 2014 tatt med. Tabellen vert oppdatert kvart år. Barnetrinnet: Vårt Lokalsamfunn Mål 2014 Resultat 2014 Mål 2015 Mål 2019 900 33 856 40 1300 50 1600 SikkSakk Europa 800 17 583 25 900 50 1300 Ungdomstrinnet: Elevbedrift Mål 2014 Resultat 2014 Mål 2015 Mål 2019 Elevbedrifter 300 6 133 30 20 400 50 30 600 70 Gründercamp Økonomi og karrierevalg Jobbskygging Vidaregåande opplæring: 1500 2400 1700 30 1558 28 1545 4427 35 1900 40 2300 5000 40 2100 40 2300 7000 Ungdomsbedrift Mål 2014 Resultat 2014 Mål 2015 Mål 2019 Ungdomsbedrifter 550 18 620 111 20 650 115 20 700 120 Inkluderande arbeidsliv IA IAsertifiserte UB 250 15 298 16 350 90 18 500 100 Kurs i rekneskap 150 152 170 200 Gründercamp Frå Utdanning til jobb Fylkesmesse for UB Ungdomsbedrifter 1200 100 350 11 1122 4 204 15 306 57 15 1600 2 100 15 470 94 20 2000 2 100 17 500 100 15 Strategiplan UE MR 2015 2019

Høgskole: Studentbedrift Mål 2014 Resultat 2014 Mål 2015 Mål 2019 Studentar Studentedrifter 60 2 48 15 2 60 15 3 100 20 Inkluderande arbeidsliv IA Studentar IAsertifiserte UB 1 13 2 45 9 3 100 15 Kurs i rekneskap Studentar 0 45 100 Gründercamp Studentar Lærarutdanninga Kurs Studentar Studentar på GC Fylkesmesse for SB Høgskolar Studentar Studentbedrifter 200 40 13 1 120 + 11 4* 174 39 1 13 3 2 250 4 180 40 2 45 11 3 400 5 200 50 3 80 15 *SSE, VL, GC, div. 16 Strategiplan UE MR 2015 2019

3 Organisasjons og kulturutvikling UE Møre og Romsdal er i stor grad prosjektfinansiert. Det medfører at antall årsverk kan variere i tråd med tilgjengeleg finansiering. Styret består av 10 medlemmer og samansettinga skal ta omsyn til geografi, samarbeidspartar, samt offentleg og private aktørar. Lokalt arbeids og næringsliv er viktige bidragsytarar når aktivitetar skal gjennomførast og ved UE MR sine arrangement. Administrasjon og organisering: Pedagogisk organisering: For å nå fram til og halde seg oppdatert om dei ulike utdanningsnivåa grunnskole, vidaregåande opplæring og høgskole, er det behov for å spesialisere seg på dei ulik nivå. Dette er løyst ved pedagogiske ansvarsområde. Geografisk organisering: Det er svært store avstandar i fylket, og for å utnytte ressursane best mogeleg har tre av medarbeidarane desentraliserte kontor. Slik organisering medfører òg langt betre kunnskap om lokale tilhøve både kva gjeld utdanningsinstitusjonane og lokalt arbeidsliv. I 2015 er det 6 medarbeidarar i til saman 5 årsverk, som dekkjer følgjande funksjonar. Dette er forsøkt vist i modellen. Dagleg leiing Pedagogisk ansvar: Hovudansvar Grunnskole Hovudansvar vidaregåande opplæring Hovudansvar Høgskole Geografisk organisering: Nordmøre grunnskole Nordmøre vg. opplæring Romsdal grunnskole Romsdal vg. opplæring Sunnmøre grunnskole Sunnmøre vg. opplæring 17 Strategiplan UE MR 2015 2019

3.1 Mål: Å utvikle Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal sin organisasjon og kultur. 3.2 Målgrupper: Den viktigaste ressursen til UE Møre og Romsdal er dei tilsette, styret og alle støttespelarane til organisasjonen. 3.3 Tiltak: a) Vidareutvikle interne arenaer for erfaringsdeling og utviklingsarbeid ved å: Arrangere Møteplass for medarbeidarane i UE MR. For å styrke samarbeidet og auke kompetansen i personalet skal UE MR arrangere Møteplass for medarbeidarane 3 til 4 gonger pr. halvår. På Møteplass vert det gitt informasjon og opplæring. Det skal vere tid til å dele erfaring og å utvikle organisasjonen. Sende deltakarar til forum, kurs og samlingar i UE Norge UE MR skal aktivt delta på samlingar og kurs som er nyttig for UE MR og som UE Norge arrangerer. Dei som deltar på slike samlingar skal formidle innhaldet til resten av organisasjonen. b) Det skal leggast til rette for kompetansebygging blant ansatte og styret i UE Møre og Romsdal ved å: Arrangere samling for styremedlemmer og administrasjon ein gong kvart år. Halde styreevaluering ein gong i året. Styreleiar skal ha samtale med dagleg leiar om styret sitt arbeid, etter at styret har hatt si evaluering. c) Det skal være attraktivt og utfordrande å arbeide i, eller ha styreverv i UE Møre og Romsdal. UE MR skal arbeide for at UE MR er ein synleg brubyggjar mellom skole og arbeidsliv. UE MR skal opplevast som ein seriøs samarbeidspart med kunnskap om entreprenørskap i utdanning. både for utdanningsinstitusjonane og næringslivet. 3.4 Resultatmål 2015: Gjennomføre 6 8 Møteplassar for tilsette. Gjennomføre 1 styresamling. Dagleg leiar skal delta på leiarsamlingar. Hovudansvarleg skal delta på forum. Minst ein deltakar frå administrasjonen skal delta på NM UB og NM SB. UE MR har utsendingar til Rådsmøte og Årsmøte i UE Norge. 18 Strategiplan UE MR 2015 2019

4 Media og kommunikasjonsarbeid Media i fylket serleg avisene dekkjer svært ofte UE MR sine aktivitetar rundt om på skolane. Det er ikkje like lett å få fram at UE står bak programma. UE Norge har utarbeidd kommunikasjonsplan for organisasjonen. Dei utformar òg pressemeldingar i forkant av dei nasjonale arrangementa, samt for Fylkesmessene for ungdomsbedrifter. I Møre og Romsdal vertavisa SPOR gitt ut av fylkeskommunen 4 gonger pr. år. Avisa vert delt ut til alle husstandar i fylket. UE MR får høve til å publisere fleire korte innlegg i kvar utgåve. 4.1 Mål: Utvikle media og kommunikasjonsarbeidet. 4.2 Målgrupper: Skoleeigarar, skoleleiarar, lærarar, elevar og foreldre. Rettleiarar og mentorar. Politikarar og offentleg tilsette. Bedrifter, organisasjonar og publikum generelt. 4.3 Tiltak: a) UE MR skal auke kjennskapen til Ungt Entreprenørskap ved å: Nytte profilhandboka til UE Norge i relevante samanhengar. Nytte kommunikasjonsstrategien til UE Norge og lære av den. Formidle gode pressemeldingar til media i for og etterkant av eigne arrangement. b) UE MR skal auke kunnskapen om og omdømmet til UE sine program ved å. Oppfordre og minne skolane om mediakontakt når dei gjennomfører aktivitetar. Nytte eigen nettside og sosiale media aktivt. Sende artiklar til MRFK til bruk på deira nettside. Skrive artiklar til SPOR. c) UE MR skal skape verdi for våre samarbeidspartnarar ved å synleggjere verksemdene deira og engasjementet til deira tilsette. 19 Strategiplan UE MR 2015 2019

5 Dokumentere resultat og måle effekt. 5.1 Mål: Dokumentere resultat og måle effekt av UE sine program 5.2 Tiltak: a) UE Møre og Romsdal skal: Støtte opp om forsking rundt effekten av UEs program. Støtte opp om relevante eigenevalueringar knytt til våre program for å få systematisk tilbakemelding innan læringsmål og UEs målsettingar. Gjere systematisk registrering og rapportering av UE MR sin aktivitet. Etablere motiverande måltall for dei ulike programma i eige fylke. Fortløpande evaluere eigne aktivitetar Medverke til at tilsette held seg oppdatert om forskingsresultat som kan ha betydning for UE MR sitt arbeid, og formidle slik kunnskap der det er relevant. 6 Finansiering og tilhøvet til samarbeidspartnarar. 6.1 Mål: Sikre god og langsiktig finansiering av organisasjonen. 6.2 Målgrupper: Eksisterande og nye private og offentlege hovudsamarbeidspartar. Støttemedlemmer kommunar, bedrifter og organisasjonar. Bedrifter og organisasjonar som bidreg med rettleiarar, jurymedlemmer osb. 6.3 Tiltak: a) UE Møre og Romsdal skal: Vidareføre eksisterande avtalar. Arbeide for å skaffe nye partnarar og støttemedlemmer. Arbeide for å auke privat finansiering. Målet er 40 % for UE samla. Delta på kurs for UEtilsette om aktivt marknadsarbeid. Auke kompetansen hjå UE MR sine tilsette,så dei betre kan kommunisere med eksisterande og potensielle samarbeidspartnarar. Ha god dokumentasjon på oppnådde resultat til samarbeidspartnarane. Styrehandsama for UE MR i mars 2015. Kirsten Aure 20 Strategiplan UE MR 2015 2019

Vedlegg: Finansiering 2015. INNTEKTER Budsjett 2014 Rekneskap 2014 Budsjett 2015 Tilskot programmidlar frå UEN: 950 000 950 000 950 000 MRfylke Utd. løn ei stilling 800 000 911 000 1 000 000 + Ekstra tilskot for KarriereLøypa 200 000 35 847 Medlemskontingent støttemedlemmer 250 000 220 000 250 000 Kontingent for UB/SB variabel 13 000 2000 40 000 Samarbeidspartar: SBM, SHELL, 600 000 530 000 700 000 Innbet. kontingent NM / NGC/kurs 5 000 48 000 40 000 Andre inntekter 23 000 30 887 Momskompensasjon og sykelønn 50 000 54 000 50 000 LMD/finansstaf./SMSØ/Ta sjansen 60 000 50 000 50 000 Tilskot: Program hoppid.no 1 000 000 1 000 000 1 000 000 Gründersatsing Høgskole/hoppid.no 500 000 467 500 500 000 Fylkesmannens Landbruksavdeling 200 000 200 000 200 000 IArådet/NAV. Tilskot 125 000 100 000 Prosjekt ENOVA 65 000 70 000 70 000 Nytt prosjekt frå MRFK / RN i vgo. SUM 4 716 000 4 694 234 4 950 000 Utdanningsavdelinga kontorplassar 80 000 90 000 90 000 Sykkylven og Bølgen kontor 40 000 40 000 40 000 21 Strategiplan UE MR 2015 2019