REFERAT Styremøte i Bykle og Hovden Vekst A/S Tid: 30.01.2008 Stad: Bykle rådhus Desse møtte: Hans Blattmann 4755 HOVDEN Kay A. Jeiskelid 4754 BYKLE Tore Wiese Hansen Jaktoddveien 20 4621 KRISTIANSAND Olav Mandt 4754 BYKLE Reidar Fuglestad Alvestien 13 4638 KRISTIANSAND Magne Kvaslerud Regevik 4818 FÆRVIK Anne Ellen Senum 4755 HOVDEN Randi Steinsholt 4755 HOVDEN Referat frå: Kjell Pedersen-Rise. Der ikkje anna er notert er alle vedtak samrøystes. Dato: 31.01.08 Agenda: 1. Godkjenning av referat frå tidlegare styremøte 2. Referatsaker/orientering 3. Drøfting av utviklingstankar 4. Hovden Ferie AS oppfølging av gjennomgang og styrevedtak 5. Organisering innanfor reiselivsnæringa 6. Vurdering av salg av Badstogviki Skytebanar 7. Søknad om støtte til øydelagt utstyr 8. Søknad om støtte foredlingsbygg 9. Søknad om støtte- etablering av arrangementselskap 10. Klagesak 11. Møteplan 2008 12. Eventuelle andre saker 1
SAK 01. GODKJENNING AV REFERAT Det hadde ikkje kome forslag til endringar av det siste utkastet. Styremedlemene som deltok i møtet 16.11.07, godkjende referatet og underskreiv dette. SAK 02. REFERATSAKER/ORIENTERING A. Sal av Texaco i Bykle Det blei orientert noko om salsprosessen som har vore i gang ei stund. Kay Jeiskelid orienterte om eit møte mellom eigaren og rådmann og ordførar angåande framtidig drift. B. Møte angåande mogleg nyetablering C. Omorganisering av arbeidet med bygg Kommunen overtek nå teknisk vedlikehald/ettersyn av dei bygga som BHV gjennom dotterselskap, står som eigar av. Dei vil utføre vaktmeistertenester/vedlikehald av dei aktuelle bygga og BNU betalar ein årleg sum for dette. Denne summen blir basert på eit grovt overslag for kor stor vaktmesterstilling som trengst på dei ulike bygga. I tillegg betalar BNU for materiell og innleige av større arbeidsoperasjonar. BNU vil framleis stå som eigar av bygga og ha ansvar for utleige, kontakt med leigetakarar m.m. Hybelbygga til den vidaregåande skulen blir overførte til kommunen. D. Prosjekt VA - Hovden Sør I samband med at Jostein Moe sluttar, har vi drøfta prosjektleiinga med kommunen. Vi er samde om at kommunen no tek over prosjektet. Dette kan innebere noko meir innleige til kommunen i ein overgangsfase, men at BHV ikkje arbeider vidare med dette tiltaket, etter at det er overlevert til kommunen. Vi deltek då heller ikkje i styringsgruppe eller sakshandsaming vidare i dette prosjektet. E. Reiseliv/Helse/Idrett Studietur til Lech i Østerrike blei gjennomført 7. 10. januar, med 14 deltakarar. I tillegg til styringsgruppa og arbeidsgruppa for prosjektet deltok varaordføraren. Fokus på turen var konseptet Welltain (Wellbeing in the Mountain). Som eit alternativ til andre destinasjonar som satsar på spa og andre typar mjukare helseturisme, har Welltain fokus på aktivitet og dokumentert effekt for helsa. For vidare framdrift er det sett ned nokre mindre arbeidsgrupper som skal jobbe med marknadskunnskap, den offentlege aktørrollen og ordningar med offentleg tilrettelegging for bedrifter. Det er seinare tenkt ein temadag med brei deltaking for å forankre prosjektet ytterligare. 2
F. Hovden Booking Styret drøfta driftssituasjonen og utfordringane for Hovden Booking AS. G. Kommunedelplan tur- og skiløyper Både sommar- og vinterløyper byrjer no å kome på plass på kartet. Ein jobbar for å ha klart eit høyringsutkast til politisk handsaming i april. I tillegg til løypekart er det utarbeidd temakart villrein. Ut frå dette vil ein klassifisere dei ulike løypene som blir lagt inn. Det er gjennomført eitt møte med gruppa som representerer ekstern villreinfaglig kompetanse. Representantane gav uttrykk for at dei likte metodikken med å aktivt bruke tilgjengelig villreininformasjon i planarbeidet. Det er gjennomført to møter med referansegruppa; eitt med fokus på vinterløyper og eitt med sommarløyper. Grunneigarmøte blei gjennomført 23.01.08. H. Heimte - prosjekt Det er utarbeidd spørjeskjema om flytting til og frå Bykle i samsvar med mal frå Eli Janette Fosso. Målet er å få sendt ut dette i løpet av januar. Agderforskning kjem til å handsame innkomne data, og framstille analyse/ deskriptiv rapport. Heimtesamlinga blei arrangert i Bykle 28. desember, med 44 deltakarar. I. Ny medarbeidar i BHV Jostein Rysstad er tilsett som ny medarbeidar, etter at Jostein Moe har sagt opp stillinga si. Han er utdanna i forsvaret og har 2 årig økonomiutdanning frå BI. Dei siste åra har han arbeidd i Merkantilservice på Rysstad. J. Hovden Løypekøyring AS Hovden Løypekøyring AS er stifta som eit dotterselskap under BHV. I tråd med tidlegare planar i HovdenFerie AS, er det gjennomført naudsynt vedlikehald av dei to løypemaskinene selskapet nå overdreg til Hovden Løypekøyring AS. Det er kjøpt inn ein ny snøskuter. Prosess for innkjøp av ny løypemaskin er i gang. K. Fakturerbare oppdrag Styret drøfta om BHV skal påta seg fakturerbare oppdrag. Slike oppdrag gir inntekter og kan vere positive i eit større bilde for selskapet. Men det kan også lett ta ressursar og fokus bort frå kjerneoppgavene. Styret meiner selskapet skal ta på seg fakturerbare oppdrag, dersom dei er strategisk viktige. L. Varme/kalde senger Styret i BHV har gjort vedtak om at vi skulle engasjere ekstern bistand til å utarbeide eit notat om kalde/varme senger. Kaizen har levert første utkast til notat. Endeleg utgave bør vere klar om ca 14 dagar. 3
M. Design av framtidas destinasjon Styret har vedteke at det skal settast i gang eit arbeid med å designe Framtidas Hovden. Arbeidet må gjennomførast i nært samarbeid med kommunen og med god politisk forankring. Det er aktuelt å få eit tilbod frå Echosign. Saka må takast opp på kommunen sitt temamøte 25.02. N. Møte mogleg etablering O. Utvikling av verksemd Ikkje offentleg P. Økonomi Jostein Moe orienterte om den økonomiske situasjonen for selskapet. Han gjekk gjennom skjema for løyvingar, orienterte om leigeinntekter, potensiale for meir ref. MVA og nytt betalingssystem for parkering. Til neste møte skal det leggast fram ein oversikt over leigeinntekter og total økonomi for selskapet. SAK 03. DRØFTING AV UTVIKLINGSTANKAR Saka var i første rekke lagt fram som orientering til nye styremedlemer. Styret tok saka og tidlegare vedtak til orientering. I løpet av første halvår skal strategiplanen takast opp til revidering. SAK 04. HOVDEN FERIE AS OPPFØLGING AV GJENNOMGANG OG STYREVEDTAK SAK 05. ORGANISERING INNANFOR REISELIVSNÆRINGA Det blei orientert kort om arbeidet som er gjennomført. Magne Kvaslerud la fram ein presentasjon for styret. Gruppa som er oppnemd, held fram med arbeidet, og melder tilbake konkrete modellar/tankar til styret. 4
SAK 06. VURDERING AV SAL - BADSTOGVIKI SKYTEBANAR Styret drøfta eventuelt sal av Badstogviki Skytebanar. Styret stiller seg i utgangspunktet positive til sal, men ønskjer i første omgang ein leigeavtale. Det blir inngått forhandlingar med interessent. SAK 07. SØKNAD OM STØTTE TIL ØYDELAGT UTSTYR SAK 08. SØKNAD OM STØTTE BYKLEMAT AS Styret drøfta status og utvikling i prosjektet. Styret vil sette av kr 100 000,- til prosjektering av foredlingsbygg. Resten av vedtaket er ikkje offentleg. SAK 09. SØKNAD OM STØTTE- ETABLERING AV ARRANGEMENTSELSKAP SAK 10. KLAGESAK SAK 11. MØTEPLAN Neste styremøte blir måndag 31.03. i Bykle. Møteplan for resten av vårhalvåret blir då fastlagt. SAK 12. EVENTUELLE ANDRE SAKER A. Bjåen Fellsefjos Dagleg leiar orienterte om møte 29.01. med eigarane av Bjåen Fellesfjos. Bykle og Hovden Vekst AS gir Bjåen Fellesfjos eit ansvarleg lån på kr 150.000. 5
B. Søknad om støtte til Hovden Bensin AS Styret drøfta søknaden frå Hovden Bensin AS. Det låg ikkje føre sakshandsaming. Styret drøfta moment om typer av støtte, og støtte til tiltak som var gjennomført. Det skal innhentast noko meir opplysingar, før endeleg handsaming. Dagleg leiar får fullmakt til å gjere vedtak i saka, basert på drøftinga i styret og tidlegare relevante saker. Hans Blattmann Kay A. Jeiskelid Tore Wiese-Hansen Reidar Fuglestad Anne E. Senum Olav Mandt Randi Steinsholt Magne Kvaslerud 6