Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 010/17 Formannskapet 10.02.2017 005/17 Kommunestyret 16.02.2017 Sakshandsamar Arkiv Arkivsaksnr. Ottar Wiik K2 - M60, K2-15/1365 L12 Reguleringsplan Kålsetvegen / reguleringsendring massedeponi i Bøadalen Rådmannen si tilråding Framlegg til reguleringsplan for Kålsetvegen vert godjent med mindre endringar som tilrådd i saksutgreiinga. Framlegg til reguleringsendring for massedeponi i plan RV13 Bøadalen - Tistel vert godkjend med endringar som tilrådd i saksutgreiinga. Formannskapet - 010/17 Aud Marit Berge Feidje (Ap) og Morten Holmberg (V) er begge svograr til grunneigarar i reguleringsområdet. Dei ba om at deira habilitet vart vurdert. Dei gjekk frå under handsaminga av spørsmålet. Ved avrøysting vart dei samrøystes sagt inhabile. Heimelen er forv.lova 6. første ledd pkt. b. Sakshandsamar Ottar Wiik og plansjef Turid Brekke deltok under handsaminga av saka. Sakshandsamar orienterte om prosjektet og gjekk grundig gjennom alle høyringsfråsegner. FS - vedtak: Saka blir lagt fram for kommunestyret med fylgjande framlegg til vedtak: Framlegg til reguleringsplan for Kålsetvegen vert godjent med mindre endringar som tilrådd i saksutgreiinga. Framlegg til reguleringsendring for massedeponi i plan RV13 Bøadalen - Tistel vert godkjend Postboks 134, 6891 Vik i Sogn tel: 57 69 82 00 post@vik.kommune.no vik.kommune.no Bankgiro: 4202.38.41511 Org. nr 937 498 764
med endringar som tilrådd i saksutgreiinga. Samrøystes. Kommunestyret - 005/17 Morten Holmberg V og Aud Marit Berge Feidje Ap vart sagt inhabile i saka. Begge er svoger/svigerinne til partar i reguleringsområdet. Heimel er forvaltningslova 6 første ledd. Det var ikkje varamedlem til stades for Venstre. Reidunn Bolstad tok sete som varamedlem for Berge Feidje. Sakshandsamar Ottar Wiik deltok under handsaminga av saka. Han orienterte om planprosessen og gjekk gjennom alle innkomne merknader med rådmannen sine kommentarar. KS - vedtak: Framlegg til reguleringsplan for Kålsetvegen vert godjent med mindre endringar som tilrådd i saksutgreiinga. Framlegg til reguleringsendring for massedeponi i plan RV13 Bøadalen - Tistel vert godkjend med endringar som tilrådd i saksutgreiinga. Samrøystes. Vedlegg Dokument dato Tittel DokID 02.02.2017 SVV Omtale Merknader 152501 02.02.2017 Merknader regulering Bøadalen m.m. 152502 02.02.2017 Reg. plan Kålsetvegen 152503 02.02.2017 Reguleringsendring Deponi Bøadalen 152504 Kort samandrag Statens vegvesen varsla oppstart av arbeid med Reguleringsplan for Kålsetvegen, og reguleringsendring i plan RV13 Bøadalen- Tistel i januar 2016. Føremålet med planarbeidet er å leggja til rette for deponering/lagring av steinmassar frå Side 2 av 7
Goteviktunnelen med tanke på å bruka dei i bygging av Vikjafjelltunnelen. Det kom inn 10 merknader til oppstartvarsel. Merknader er omtalte og vurderte i planomtalen. SVV la ut ferdig planframlegg til offentleg ettersyn 1.12.2016-18.1.2017. Det kom inn 11 merknader. Merknader er omtalte og vurderte av SVV i eige vedlegg. R rår til å godkjenna reguleringsplan og reguleringsendring med mindre endringar som tilrådd av SVV. Kommunestyret har mynde til å gjera vedtak om godkjenning. Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m. Plan- og bygningslova Saksopplysningar Statens vegvesen varsla oppstart av arbeid med Reguleringsplan for Kålsetvegen, og reguleringsendring i plan RV13 Bøadalen Tistel i brev av 11.1.2016 til partar, naboar og høyringsinstansar Føremålet med planarbeidet er å leggja til rette for deponering/lagring av steinmassar frå Goteviktunnelen med tanke på å bruka dei i bygging av Vikjafjelltunnelen. Det kom inn 10 merknader til oppstartvarsel. Merknader er omtalte og vurderte i planomtalen. SVV la ut ferdig planframlegg til offentleg ettersyn 1.12.2016-18.1.2017. Det kom inn 11 merknader. Merknader er omtalte og vurderte av SVV i eige vedlegg. Om reguleringsplan Kålsetvegen SVV skal transportera ca 300.000 m3 tunnelmassar frå Goteviktunnelen til deponi i lia over Brekkestølen i Bøadalen. Det tilsvarar ca. 20 000 dumperlass. Eks. veg Tistel-Kålsete (Kålsetvegen) må rustast opp for å tola tungtrafikken. Vegen er ca 2,5 km Planen legg til rette for opprusting til normalbreidde 4m og 1,8 m grøft/gjerdeavstand. På særleg bratte strekningar vert breidden 5m. Side 3 av 7
Det er og lagt inn møteplassar og vist avkjørsler til landbrukseigedomane langs vegen. Planen forutset noko inngrep i landbruksareal langs vegen, også i dyrka mark. Samla er det ikkje tale om store areal. Vedlagt planhefte med planomtale, føresegner og plankart gjer nærare greie for forhold i planområdet, planforslaget, og konsekvensar av planen. Om reguleringsendring i plan RV13 Bøadalen Tistel I reguleringsplan RV13 Bøadalen Tistel av 2013 er det sett av eit stort areal til mellombels deponi for tunnelmassar frå Vikafjelltunnelen, med arealformål landbruk (LNF). I etterkant vart det bestemt å byggja Goteviktunnelen som eit rassikringsprosjekt mellom Vik og Vangsnes.Tunnelmassar frå Goteviktunnelen er av god kvalitet, og SVVynskjer å bruka overskotsmassar derifrå til vegbygging i Vikafjelltunnelen. For å kunna lagra steinmassar frå Goteviktunnelen på det regulerte deponiet for Vikafjelltunnelen, trengst ei reguleringsendring i planen frå 2013. Endringa inneber at deler av deponiområdet vert regulert til massedeponi i staden for mellombels deponi. Deponiet skal gå attende til landbruksformål (LNF) etter at Vikafjelltunnelen er bygd, som forutsett i plan av 2013. Deponiet vil strekkja seg over eit område på ca 500 m i lisona mellom Kålsetvegen og lysløypa på Kålsete, og dela 7 landbruksteigar. Planen forutset at det vert bygd ein driftsveg langs baksida av deponiet for å sikra tilkomst til teigane. Deler av den synlege fronten av deponiet mot vest og nord er forutsett dekka av morenemassar og tilsådd. Deponiet vil framstå som ein stor og godt synleg rygg i lia over Kålsetvegen. Vedlagt planhefte med omtale av planendringa, føresegner og plankart gjer nærare greie for planendringa. Side 4 av 7
Merknader etter høyring. Planframlegg vart sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn medio november 2016. Det vart registrert 11 merknader. Kopi av innkomne merknader fylgjer som vedlegg. Alle merknader er omtala og vurderte av SVV i eige vedlegg til saka. Under fylgjer R si samla vurdering og tilråding Økonomiske konsekvensar Vurdering Reguleringsendring for massedeponi Grunneigarane er generelt mot plassering av steinmassar på deponiområdet, og ynskjer at evt. deponi skal vera mellombels, og at planføresegnene skal setja ein tidsfrist for å fjerna massane og tilbakeføra området til landbruksformål. R er samd i at det planlagde deponiet for tunnelmassar er eit stort inngrep i landbrukseigedomane det gjeld, og at det påfører aktive brukarar store ulemper. Massedeponiet vil både i og etter anleggsfasen vera til ulempe for friluftsliv og hytteeigarar i området rundt. Vik kommune legg til grunn at Vikafjelltunnelen vil verta bygd. På det grunnlaget ser R det som ei god løysing å plassera tunnelmassar frå Goteviktunnelen nær innslaget til Vikjafjelltunnelen, og på eit areal som er regulert til deponiområde i tidlegare plan av 2013. At dette er SVV sitt forslag, gjev eit sterkt signal om SVV sine intensjonar om å byggja Vikafjelltunnelen. R meiner at samfunnsinteressene for Vik kommune her er så store at andre interesser må vika. R er samd med SVV sitt forslag om å regulera til permanent deponi. Det gjev SVV heimel for å oreigna naudsynt areal dersom forhandlingar om minnelege avtalar ikkje fører fram. Denne planendringa gjeld fram til arbeid med Vikafjelltunnelen startar opp. (Reg.endring 1) Frå den dagen gjeld reguleringsplan for RV13 Bøadalen-Tistel av 2013. Der ligg deponiet som mellombels deponi, og skal tilbakeførast til LNF når veganlegget er avslutta. Side 5 av 7
Dersom oppstart av Vikafjelltunnelen dreg ut i tid, eller forutsetningane endrar seg på anna vis, kan Vik Kommune ta opp området til ny regulering/omregulering. På vilkår av rimeleg og rettferdige erstatning for grunn og ulemper til eigarar og brukarar, og avbøtande tiltak som er lova frå SVV, meiner R at deponiet må akseperast slik det er planlagt. Reguleringsplan Kålsetvegen SVV ber Vik Kommune vurdera bruken av opparbeidde møteplassar etter anleggsperioden, etter innspel frå grunneigarar om å fjerna møteplassar etter anleggsperioden. Vik kommune eig vegen frå krysset på Tistel til Espeset. (Ca 0,5 km) Vegen vidare opp til Vik Skisenter (ca 2km) er privat grunn. Vik kommune har i tinglyst avtale av 2006 med grunneigarane teke på seg framtidig vedlikehald av vegen. Avtalen gjeld i 40 år frå 2001. Etter veglova er då vegen å rekna som offentleg veg, sjøl om grunnen er privat. Avtalen pkt.3, om tilkomst til Vik Skisenter: «Det er ein føresetnad for denne avtalen at Vik Kommune overtek framtidig vedlikehald av av tilkomstvegen til området. I tillegg skal Vik Kommune rusta opp vegen til høveleg standard» Vegen har i dag ikkje «høveleg standard «for den aktuelle bruken. Smal veg og mangel på møteplassar skapar store problem i samband med stemne og utfartsdagar. Tiltak som vist i SVV sitt framlegg til plan inneber ei opprusting til «høveleg standard», etter R si vurdering. R vil difor ikkje tilrå endringar i planframlegget ut over det SVV sjølv tilrår. R forutset at Kålsetvegen vert offentleg veg inntil Vikjafjelltunnelen og ny veg til Tistel er ferdig. Då vil ny veg gje tilkomst til Vik Skisenter, og Kålsetvegen kan tilbakeførast til grunneigarane. Dei kan då velja å fjerna møteplassar, om det er ynskjeleg. Regulering til offentleg veg gjev grunneigar høve til å kreva innløysing av arealet. SVV har i plan og omtale av merknader imøtekomme fleire ynskje og krav frå partar i planområdet om avbøtande tiltak : - Landbruksavkjørsler er vist på planen etter ynskje frå eigarar. - SVV forpliktar seg til å ta omsyn til landbruk og beiteinteresser med vaksinering, inngjering Side 6 av 7
av anleggsområde, kvi og tilgang til drikkevatn for dyra. - SVV planlegg å leggja fast dekke på opprusta veg fram til Vik Skisenter, medrekna parkeringsplass. Opprusting av vegen i samsvar med reguleringsplanen vil etter R si vurdering gje ein fullgod tilkomstveg til Vik skisenter, og til landbrukseigedomane langs vegen. Ulemper for brukarar og eigarar er i hovudsak knytt til anleggstida for opparbeiding av vegen og deponiet, og bør tolast i lys av samfunnsnytten på lengre sikt. Samla vurdering R viser til vurdering over og sluttar seg til SVV si tilråding om mindre endringar og rettingar i planhefte for Kålsetvegen og reguleringsendring for massedeponi i plan RV13 Bødalen- Tistel. Endringane utløyser ikkje krav om ny utlegging, etter R si vurdering. R rår til å godkjenna reguleringsplan og reguleringsendring med mindre endringar som tilrådd av SVV. Side 7 av 7