Saksframlegg Saksmappe Saksbehandlar 2013/542-16 Torill Slåke Saksgang Saksnr Utval Møtedato Forvaltningskomiteen Behandling dispensasjon - 248/28 - bølgebrytar/støttemur ved naust - Utåker - Elias Hasan Innstilling frå rådmannen: Kvinnherad forvaltningskomite gjev dispensasjon frå arealføremålet LNF i arealdelen til kommuneplanen og PBL 1-8 om forbod mot tiltak langs sjø og vassdrag. Omsøkt bølgebrytar og støttemurar kan difor handsamast i samsvar med pbl kap 20 og tilhøyrande bestemmelsar. Løyvet er heimla i pbl 19-2 då omsyna bak reglane det vert dispensert frå, eller omsyna i føremåla til lova, ikkje vert vesentleg sette til side. I tillegg må fordelane ved å gi dispensasjon vere klart større enn ulempene etter ei samla vurdering. Bølgebrytaren er eit naudsynt tiltak for å ivareta naustbygningen ved naturpåverknad i form av vind, bølger og stormflo. Søkjar: Elias Hasan, Utåkervegen 260, 5453 Utåker Søknad dagsett: 08.05.2015 Historikk om eigedommen: - 30.01.1997 - Eigedommen vart frådelt 248/6 som nausttomt - 17.03.2006 Fylkesmannen i Sogn og Fjordane avslo dispensasjon - bruksendring til fritidshus - 03.01.2007 Byggeløyve til naust - 11.05.2007 Utsleppsløyve - 03.04.2008 Ferdigattest for naust - 12.06.2013 Avslag dispensasjon for bruksendring naust til fritidshus Om søknaden og eigedommen: Det vert søkt om bølgebrytar og støttemur til naust på 248/28 Utåker. Tiltaka vart utført i 2008 og det vert nå søkt om å få desse godkjent. Grunnegjeving for å ha bølgebrytar framom naustet er for å hindra at det kjem sjøvatn inn i side 1
naustet ved havnivåstiging, stormflo og vind frå sørvest. Bufferen vart laga etter anbefaling frå entreprenøre som hadde grunnarbeid på naustet. Støttemuren bak naustet gjev støtte til felles tilkomstveg, som ma. vert nytta som traktorveg. Arealstatus og strandsone Eigedommen ligg i LNF-område i kommuneplanen for Sandvoll, Holmedal, Matre og Åkra vedtatt. 20.05.2013. Byggjegrensa i planen er lagt i bakkant av eigedommen, parallelt med vegen. Rådmannen vurderer den omsøkte eigedommen til å liggja innanfor funksjonell strandsone. Lim inn utsnitt av aktuell plan Nabovarsel Naboar og gjenbuarar er varsla. Det er kome inn merknad dat.18.05.2015 frå nabo på 248/4 Sverre T. Holmedal I merknaden legg nabo vekt på følgjande: - Murane i bakkant av tomta må sikrast med rekkverk - Vegen må og sikrast med rekkverk - Etter at vegen blei utvida og grusa, fører det med seg ulempe då grusen renn av og ned til naustet hans i regnver - Bølgebrytaren skaper store problem då straumtilhøva vert endra og massane under naustet vert vaska vekk - Stiller seg tvilande til kompetansen til entreprenøren som utførte bølgebrytaren, - verknaden for naboeigedom har vore negative - viser elles til klage i tidlegare sak dat 20.02.2013. Tiltakshavar har gitt følgjande svar dat. 01.06.2015 til merknaden: - - side 2 det har ikkje blitt bygd noko på eigedommen sida 2008 då det vart gitt ferdigattest på naustet I samband med bygging av naust vart A. Skarveland Maskin AS og Teigen Bygg og Trelast leigd inn til å stå for prosjektet. Vegen vart retta opp og grus i samband med naustprosjektet. Vidare vedlikehald, oppsetjing av rekkverk er eit felles ansvar Bølgebrytaren skapar ikkje problem for naustet til S. Holmedal, men derimot verkar den vernande for vestsida av naustet mot vind og flo sjø. Det er bølgerytren og dermed kompetansen til A. Skarveland som har hindra naustet frå å bli skada i stormane og stormfloene som har vore
Uttale frå regionale og statlege styresmakter Saka har vore sendt på høyring til følgjande: Fylkesmannen i Hordaland har i brev dat. 08.12.2015 gitt negativ uttale. Fylkesmannen rår sterkt i frå at det vert gjeve dispensasjon frå LNF- i kommuneplanen og PBL 1-8 byggeforbodet i 100 m beltet langs sjøen. Fylkesmannen skriv at oppføring av bølgebrytar på eigedommen ikkje er i samsvar med god strandsoneforvaltning og byggjeforbodet i 1-8. Bølgebrytaren medfør vesentlege terrenginngrep og er eit visulet dominerande tiltak. I dette tilfelle har bølgebryrtaren fått eit privatiserande og dominerande preg som set LNF-føremålet i kommuneplanen og visuelle kavlitetar til side, ogutan ein klar overvekt av fordeler sett frå eit samfunnsperspektiv. Hordaland fylkeskommune Ingen merknad. Naturmangfaldlova Det er ikkje registret viktige naturtypar eller biologisk mangfald i området. Kulturminne Det er ikkje registrert automatisk freda kulturminne eller sefrak-bygg i området. Støy Ikkje relevant. Klimatilpassing Det må takast omsyn til evt. stormflo og estimert havstiging. Veg, vatn og avløp Ikkje relevant. Aktuelle lovheimlar side 3
Det planlagte tiltaket krev dispensasjon etter pbl 19-2 frå formålet LNF i kommuneplanen for Sandvoll, Holmedal, Matre og Åkra vedtatt 20.06.2013 og PBL 1-8 om forbod mot tiltak langs sjø og vassdrag. Dersom det skal gjevast dispensasjon må omsyna bak reglane det vert dispensert frå, eller omsyna i føremåla til lova, ikkje verta vesentleg sette til side. I tillegg må fordelane ved å gi dispensasjon vere klart større enn ulempene etter ei samla vurdering. Vurdering Det vert søkt om dispensasjon frå arealføremål LNF og forbodet mot tiltak i strandsona for ein bølgebrytar/rampe bygd framføre naust. Bølgbrytaren vart bygd samstundes med naustet i 2008, men var ikkje ein del av behandlinga då, og gjekk ikkje fram av dei innsendte teikningane for naustet. I samband med søknad om bruksendring i 2013 vart tiltaket registrert, og rådmannen skulle følgja saka vidare. Tiltakshavar har nå søkt om tiltaket og grunngjeve søknaden med at bølgebrytaren er nødvendig for å hindra vatn frå å fløyma inn i naustet når det bles og er stormflo. Det vert og søkt om godkjenning for støttemurar i bakkant av naustet. Muren gjev støtte for felles veg. Det vart ikkje gjeve dispensasjon til bruksendring til fritidsbustad då saka vart behandla i 2013. I uttalen frå fylkesmannen i denne saka vert det og rådd frå å gje dispensasjon til bølgebrytar. Tiltakshavar sine argument for å behalda tiltaket og prøva få dette formelt godkjent er at det er naudsynt for å sikra dei verdiane han har på eigedommen, dvs. naustet, då det er svært verhardt når det bles frå vest. Det er lagt med bilete i søknaden som m.a. syner bølger over rampen og inntil naustveggen. Nabo meiner at tiltaket er svært negativt for hans eigedom, då endra straumtilhøve vaskar vekk grunnen under hans naust. Rådmannen meiner at sidan det omsøkt tiltaket vart bygd samstundes med naustet, er det blitt ein del av heile prosjektet. Her er verhardt og dette gjev store utfordringar ved påverknad av stormflo, vind og eventuell framtidig havnivåstiging. Det vil vera teknisk utfordrande å fjerna rampen. Murane i bakkant av tomta har ein klar funksjon som støttemurar for vegen, og desse bør kunna godkjennast. Den omsøkte rampen vert eit hinder i strandsona, men det er det fullt mogleg å passera langs stranda ved normal vannstand. Ideelt sett skulle ikkje rampen vore bygd, men rådmannen meiner at funksjonen rampen har kan forsvarast, då det samfunnsmessig er lite tenleg å få vesentlege skader på naust og eigedom. Fylkesmannen rår i sin uttale frå å gje dispensasjon til tiltaket, og viser til at kommunen ikkje bør gje dispensasjon dersom regional eller statleg styresmakt har uttala seg negativt til søknaden. Rådmannen vel likevel i dette tilfellet å oppretthalda si innstilling til dispensasjon, då vi meiner tiltaket er ein nødvendig buffer for å ivareta verdiane på eigedommen, dvs. eit godkjent naustbygg som vart gjeve byggeløyve og vart oppført i 2008. Grunngjeving Ut frå ei samla vurdering og i samsvar med utgreiinga ovanfor finn rådmannen at tiltaket ikkje kjem vesentleg i strid med intensjonane i planen og føremålet i lova. Det kan difor gjevast dispensasjon til omsøkt tiltak då fordelane er større enn ulempene med å ha tiltaket ståande slik det er bygd. Vedlegg: 1. Søknad om dispensasjon dat. 22.01.2015 og 08.05.2015 2. Nabomerknad frå Sverre T. Holmedal dat. 18.05.2015 3. Svar på nabomerknad dat. 01.06.2015 4. Uttale frå Fylkesmannen i Hordaland dat. 08.12.2015 side 4
side 5