Postadresse Njøsavegen 2 6863 Leikanger Besøksadresse Sandane Næringshage Sandane Senter, 3. etasje 6823 Sandane Kontakt Sentralbord: +47 57 64 30 00 Direkte: +47 57 64 31 38 fmsfpost@fylkesmannen.no www.nasjonalparkstyre.no/naustdal- Gjengedal Indre Sunnfjord Turlag v/ Kjell Kleiven Vår ref. 2015/4153-0 432.2 Dykkar ref. Dato 16.08.2017 Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde - Løyve til landing med helikopter ved Longevasshytta - Indre Sunnfjord Turlag Delegert vedtak frå verneområdeforvaltaren Indre Sunnfjord Turlag får løyve til å lande ved Longevasshytta i samband med transport av forsyningar, utstyr og inventar til hytta. Løyvet gjeld for inntil 4 landingar i perioden 24.-27.august 2017, og er gjeve med heimel i verneforskrifta 3 pkt. 5.3.e). Vilkår for løyvet: - Dette løyvet skal vere på landingsplassen. - Statens naturoppsyn v/rune Holen (tlf: 975 95 102) skal informerast om flyginga seinast dagen før flyginga skal skje. SNO kan stogge flyging dersom omsyn til villrein eller andre tilhøve skulle tilseie det. Det vil ikkje verte opna for flyging dersom villreinen oppheld seg nær Longevasshytta, langs Langevatna eller i Blådalen. - Motorferdsla skal avgrensast til det som er strengt naudsynt. - Løyvet kan ikkje nyttast til persontransport. - Indre Sunnfjord Turlag må sjølv syte føre å ha naudsynte løyve frå kommunar og grunneigarar. Klage Vedtaket kan klagast på av alle partar og andre med rettsleg klageadgang, jamfør forvaltningslova kap VI. Klagefristen er tre veker og ei eventuell klage skal stilast til styret. Det er Miljødirektoratet som er klageinstans. Med helsing Alf Erik Røyrvik verneområdeforvaltar Etter våre rutinar er dette brevet godkjent og sendt utan underskrift Landskapsvernområde Naustdal-Gjengedal verneområdestyre
Saksutgreiing Dokument i saka: - Søknad om helikopterlanding - Verneforskrift for Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde - Forvaltningsplan for Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde - Fleirårig løyve til helikopterlanding til IST for perioden 2016-2019 Søknaden Indre Sunnfjord Turlag har siste åra gjort ein del byggearbeid og utvida Longevasshytta. I samband med byggearbeida har dei hatt fleire løyve til helikoptertransport/-landing ved hytta, ut over dei «vanlege» løyva dei har i samband med drift og årlege forsyningar. I samband med avslutning av arbeidet og eit arrangement dei skal ha 26. august i samband med «reopning» av hytta etter utvidinga, søkjer turlaget om løyve til inntil 4 landingar ved Longevasshytta i perioden 24.-27. august 2017. Føremålet med motorferdsla er transport av møblar og inventar til den utvida hytta, samt gass, ved og proviant. Flyginga skal skje frå Legestølen i Jølster. Regelverk Motorferdsel, inkludert å lande og lette med helikopter, er i utgangspunktet forbode i Naustdal- Gjengedal landskapsvernområde. Det er likevel opna for at forvaltningsstyresmakta kan gje løyve til motorferdsel til visse føremål. Transport av forsyningar til hytter er eit av desse føremåla, jamfør verneforskrifta 3 pkt. 5.3.e: 5.3. Forvaltingsstyresmakta kan gje løyve til bruk av luftfarty, båt med motor, eller beltekøyrety på vinterføre i samband med: [ ] e) transport av varer til hytter og stølar Det er med andre ord heimel til å gje eit slikt løyve som det er søkt om i verneforskrifta, og saka kan vurderast etter verneforskrifta. Jamfør styrevedtak i sak 34/15 har verneområdestyret delegert mynde til verneområdeforvaltar i ein del saker av kurant karakter. Det løyvet som det her er søkt om er innanfor definisjonen i det vedtaket, og verneområdeforvaltaren har derfor mynde til å handsame saka på vegne av styret. Søkjaren må sjølv sørge for naudsynte løyver til motorferdsel frå kommune og grunneigar(ar). Vurdering Transport av forsyningar til hytter er eit naturleg og ganske vanleg transportbehov i Naustdal- Gjengedal landskapsvernområde og andre verneområde kor der er ein del bygningar. Forvaltningsstyresmakta har som praksis å vere positive til denne typen transportar, so lenge omfanget er innanfor rimelege rammer og so lenge det ikkje truar sårbare naturverdiar. Side 2 av 5
Indre Sunnfjord turlag har fleire gonger tidlegare fått løyver til bruk av helikopter, både i samband med forsyningar til drifta av hytta og no siste åra i samband med utviding og byggearbeid. Slike byggearbeid vert ein særskilt situasjon som skil seg frå den vanlege drifta, og ein har forståing for at transportbehovet både vert større og at det kan vere utfordrande å planlegge. Turlaget har søkt om løyve i perioden 24.-27.8.2017. I tidlegare løyve om helikoptertransport ti Longevasshytta har vi unngått å opne for flyging so lenge villreinjakta i Førdefjella går føre seg. Dette fordi ein ynskjer at både villrein og jegerar skal få ro under jakta slik at den kan føregå so human og «stressfri» som muleg. Villreinjakta startar 20.8 og varer til 30.9. I Førdefjella er den oftast i praksis ferdig tidlegare, når alle løyva er felt ein gong tidleg i september. I denne saka kjem vi altso i ein konflikt der turlaget har søkt om landing i den perioden kor vi tidlegare har sagt nei til landing grunna reinsjakta. Verneområdeforvaltaren har vore i kontakt med Førdefjella villreinutval i samband med denne søknaden. Villreinutvalet ynskjer ikkje motorferdsel som kan uroe jakta. Erfaringar frå jakta dei siste åra syner at villreinen normalt står eit stykke lenger mot nordvest i denne tida av året. So langt i frå Longevasshytta at helikopterlandingar ved hytta ikkje vil uroe villrein eller jegerar. Starten av jakta er dessutan ei tid kor jaktoppsynet er mykje i fjellet og har relativt god kontroll på kor reinen oppheld seg og korleis den trekker. Villreinutvalet konkluderer i si tilbakemelding til verneområdeforvaltaren at dei ikkje har motførestillingar til søknaden, so lenge der vert lagt vilkår om at flyginga kan stoggast dersom villreinflokken skulle opphalde seg i nærleiken av Longevasshytta. Reint konkret kan ein sette som vilkår om at det ikkje skal vere helikoptertrafikk til Longevasshytta dersom det står villrein i dalføret mellom yste Langevatnet og hytta, i Blådalen sør for Blådalsvatnet, eller om det står villrein aust for Longevasshytta. Dette ser verneområdeforvaltaren på som eit godt kompromiss, som kan forsvare at forvaltninga i dette særskilde tilfellet kan gå vekk i frå tidlegare prinsipp, om å nekte helikoptertrafikk i leveområdet til reinen under jakta. Denne løysinga krev god kommunikasjon mellom jaktoppsynet, Statens naturoppsyn og turlaget. Vurdering opp mot miljørettsprinsippa i naturmangfaldlova kap II I følgje naturmangfaldlova (nml) 7 skal alle vedtak som kan ha verknad på naturmiljøet, vurderast opp mot nml 8-12. Det er ganske vanleg å bruke helikopter til transport av forsyningar, materialar, utstyr mm. i verneområde, særleg i barmarksesongen. Erfaring og kunnskap syner at dette er den mest skånsame måten å gjennomføre ein slik transport på, då den ikkje set spor i terrenget. Omsyn til villrein og rovfugl vil verte lagt vekt på når periodar for flyging vert bestemt i eit eventuelt løyve, og det vil kunne leggast vilkår om slike omsyn. I dette tilfellet vil omsynet til villreinen verte lagt mykje vekt på og det vert sett strenge vilkår for å unngå uro og stress for dyr og jegerar i jakta. Databasane Naturbase og Artskart syner ingen sårbare førekomstar i dette området som kan verte påverka negativt av tiltaket. Kunnskapsgrunnlaget (jf. 8) kring tiltaket er godt, og føre-var-prinsippet (jf. 9) treng derfor ikkje nyttast. Side 3 av 5
Omfanget av motorferdsel i dette området er i utgangspunktet lågt. Dei siste åra har det, grunna utvidinga av Longevasshytta, vore noko meir motorferdsel enn normalt. Dette har likevel vore i regulerte former og innanfor det akseptable. Det er få andre bygningar i dette området, og dei får dekka transportbehov gjennom skuterløyve på seinvinteren/våren. Den samla belastinga (jf. 10) av motorferdsel i dette området er låg, og forvaltninga ser på den som uproblematisk so lenge løyve og vilkår vert fylgt.. Det er ikkje forventa at tiltaket kan føre til skade på naturmiljøet som kan utløyse krav om miljøerstatning (jf. 11). Som påpeika tidlegare er bruk av helikopter vurdert til å vere den mest skånsame måten (jf. 12) å gjennomføre ein slik transport på. Kopi til: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Njøsavegen 2 6863 Leikanger Førdefjella villreinutval Naustdal kommune Tunavegen 6 6817 NAUSTDAL Villreinnemnda i Sogn og Fjordane SNO Sandane Side 4 av 5
Side 5 av 5