Søknad Byregion Fase 2 Søknadsnr. 2015-0034 Søknadsår 2015 Arkivsak Støtteordning Utviklingsprogrammet for byregioner fase 2 (2015-2017) Prosjektnavn Dialogbasert arealutvikling og verdiskaping i Jærregionen Kort beskrivelse I Jærregionen pågår eit større pilotarbeid knytt til dialog for å løysa krevjande arealkonfliktar. Jæren forvaltar landets viktigaste jordbruksareal og store natur-/kulturverdiar. Området er også del av ein byregion med stor befolkningsvekst og press på areal til bustader, næring og fritidsbruk. Regionen står dermed i ein særs krevjande utviklingssituasjon. I fase 2-prosjektet vil difor jærkommunane nytta deltakakande demokrati og interessedialog som berekraftige areal- og verdiskapingsmodellar. Prosjektbeskrivelse Nødvendigheita av dialogbasert arealutvikling har vakse fram på grunnlag av gjennomførte samfunnsanalysar i Jærregionen (Lønning, HLB 2012:1, 2013:2, 2014). Analysane viser til store interesse- og arealkonfliktar som berre vert meir krevjande, grunna rask folkevekst. Meir enn 140000 menneske med tilhøyrande bustads-, nærings-, fritids- og infrastruktur skal sameksistere i landskapet. Den krevjande forvaltningssituasjonen har fått jærrådkommunane Klepp, Time, Gjesdal, Hå og Sandnes til å vedta at arealplanlegging og transport er fokusområde. Fokusområda er også utgangspunkt for denne samarbeidssøknaden «Dialogbasert arealutvikling og verdiskaping i Jærregionen» og deltaking i utviklingsprogrammet for byregionar fase 2. Deltaking i fase 1 redde grunnen for at kommunale, regionale og private aktørar samlast til reell dialog for å finna felles løysingar på korleis ulike interesser kan sameksistera i by-land-landskapet. Nemnte utviklingsaktørar har med bistand frå Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB), stått bak dialogforumet "Jærsmiå". Jærsmiå samla offentlege og private til dialog på tvers av etablerte sektor-/interessegrenser, og lykkas dermed i å samskapa visjonar og prinsipp som gir rom for sameksistens av ulike arealinteresser og verdiskapingsbehov. Fleire dialogarena er etablert; opne folkemøter der ein har delt syn og gitt innspel til krevjande arealtema. Møtet om jordvern versus bustadbygging, samla 200 deltakarar, og nyleg vart tilsvarande møte arrangert med tema bruk/fleirbruk versus vern. Begge temaområda er utleia av samskapte prinsipperklæringar i Jærsmiå: 1. «Ja, me kan både verna om matjorda og bygga for ei veksande befolkning»! 2. «Privat eigedom. Velkomen!»- eit dialogbasert verdiskapingsprogram for jærlandskapet». I Jærsmiå er prinsippa omforeint, men for at disse og potensielt fleire, skal praktiserast som areal- og verdiskapingsmodell trengst breiare forankring. Fase 2-deltaking vil difor spissast mot «horisontal forankring» og «deltakande demokrati» for at fleire aktørar skal ta del i, få eigarskap til og ansvar for meir berekraftige arealforvaltningsmodellar. Boka Dialogbasert arealutvikling (Lønning 2014, utgitt i fase 1), vil fungere som kunnskapsgrunnlag for korleis regionen kan lykkast i dette arbeidet. - 1 -
Klepp kommune er søkjar, og vil saman med Gjesdal, Sandnes, Time og Hå, HLB, Bioforsk, arealbasert næringsliv, utviklingsaktørar og interesseorganisasjonar vidareføre det etablerte dialognettverket. Hovudmålsettingane for 2015-2017 er: 1.vertikalt og horisontalt forankra prinsipp for ei meir berekraftig dialogbasert arealforvaltning og verdiskaping 2. forankra dialogkompetanse i offentlege/private utviklingsaktørar og interesseorganisasjonar 3. etablera nye dialogforum i kommunalt utpeikte prosjekt 4. vidareføre www.dialogportalen.no som levande kunnskapsforum 5. utvikle og ta i bruk eit nyskapande publiseringsverktøy, «Participatory Representation Tool» (PRT) tilrettelagt for reell medverknad 6. å gjera dialogbasert arealutvikling til vedvarande praksis i jærrådkommunane Lokaldemokratisk styring har sia Plan- og bygningslova av 1965 (PBL) vore bærande prinsipp i plansystemet. Stegvise lovendringar har tydeleggjort kommunane og fylka sitt ansvar òg plikt til å legge til rette for medverknad. I Rundskriv 18.02.2014 frå KMD til kommunar og fylkesmenn, er medverknad, dialog og forankring ytterlegare presisert, og i juni 2014 kom ein ny rettleiar om medverknad. Når medverknad stadig vert presisert, kan dette vera uttrykk for at idealet er vanskeleg å realisera. Årsakene kan vera fleire, men omfattande sektorisering set grenser for kva form medverknad kan ha (Lønning 2014). I tillegg synes det uklart kva medverknad tyder (NIBR/Rokkan 2013). Formelt er medverknad godt forankra i PBL. Forsking utført ved HLB, viser likevel at kommunane tenderar mot minimumsløysingar (sjå og NIBR/Rokkansenteret 2013). Medverknad vert utført etter lovverket, men sjeldan vert interessentar invitert til reell dialog så tidleg i prosessane at dei verkeleg kan påverke utviklinga. Dialog slik planleggarar tyder omgrepet, vert praktisert oppover i forvaltningssystemet- i planforum, og ikkje med «folk» og interesseorganisasjonar (pågåande forsking HLB, Fosso). Måten dialog vert nytta på styrkar då dei vertikale heller enn horisontale deltakarstrukturane. Planleggarar kan og sjå medverknad som problem, «ein tidstjuv», heller enn kjelde til verdiskaping (Lønning 2014). Som omgrep kviler medverknad i planlegging på ein praksisteori.kommunikativ handling og kommunikativ planlegging (Amdam 2011) er berande omgrep, og byggjer på ein idé om læring, at ålmenta får heilskapsforståing, tek del i styringsprosessar og påverkar samfunnsutviklinga. Deltaking og «fordomsfri kommunikasjon» er reiskap til læring, maktstyrking og ein meir berekraftig utviklingssituasjon. Dialogbasert utvikling tek denne forståinga vidare. Dialog er ei kommunikasjonsform der ein søkjer gjensidig vilje, openheit og samarbeid for å nå felles mål; altså eit verdiskapingsverktøy, der eit nytt blikk på eit fenomen gjer fenomenet større, meir omfattande og verdfullt. Dialog gir eigarskap (Lønning 2014). - 2 -
Deltakande demokrati er og «meir» enn lokaldemokrati; det er vedvarande involvering, eigarskap og ansvar i/for offentlege prosessar og vedtak. Internasjonalt har interessa for denne typen demokrati vore aukande (TNS 2013), ikkje minst grunna anerkjente resultat frå eksperimentet; millionbyen Porto Alegre i Brasil, der meir enn 150000 har deltake i kollektive utviklingsprosessar. Australia har også stimulert til deltakande demokrati og hausta nyttig kunnskap om kva krav tilnærminga set til det offentlege og den aktive borgar:[g]enuine engagement in the co-production of policy and services requires major shifts in the culture and operations of government agencies. It demands of public servants new skills as enablers, negotiators and collaborators. It demands of citizens an orientation to the public good, a willingness to actively engage, and the capabilities needed to participate and deliberate well. These are tall orders, especially if citizens are disengaged (Holmes 2012). "International Observatory on Partcipatory Democracy" har utvikla ein modell for korleis deltakande demokrati kan realiserast. I modellen er deltaking vedvarande; frå ide til gjennomføring og evaluering. Slik opnar ein for at den enkelte aktør kan gjera oppgåver, utfordringar og løysingar til "sine". Eigennytte er heilt avgjerande for deltaking. Den/dei som skal involverast må kjenna at dette handlar om ein sjølv. Eit teikn på at mobilisering/involvering er vellukka, er at både den enkelte aktør òg fellesskapet står att som vinnarar. For å identifisere slike vinn-vinn-løysingar har dialogverktøyet vist seg vera effektivt. I fase 2 skal ideane om dialog og deltakande demokrati gjerast til reelle verktøy i jærrådkommunane sitt plan- og verdiskapingsarbeid. Dialognettverket og utpeikte «case» skal byggjast opp rundt brei involvering og deltaking, og framlegg til løysingar skal veksa fram nedanfrå gjennom løysingsorientert dialog. Dialogkompetansen skal forankrast i offentlege og private utviklingsaktørar og i interesseorganisasjonar. Nye arena/tema for dialog skal identifiserast og opnast for brei deltaking. HLB skal tilby dialogkurs og utvikle det nyskapande publiseringsverktøyet «Participatory Representation Tool» (PRT), tilrettelagt for reell medverknad i tema som gjeld regionen si areelle utvikling. PRT er ei nyvinning som HLB arbeider med å utvikle, og skal vera digitalt tilrettelagt for at ulike interesser/brukargrupper sjølv kan registrera interesser knytt til landskap/areal. Denne typen aktiv «kartlegginga» vil tidleg kunna avdekka konfliktpotensial og -områder, i tillegg til krevjande case/tema der det openbart vil vera behov for deltaking/dialog tidleg i prosessen. PRT skal gjerast tilgjengeleg på dialogportalen, og kunna nyttast som digital plattform i dialog-, plan og høyringsprosessar. Deltatt i fase 1 av Utviklingsprogrammet for byregioner: Ja Alle tiltak skissert i fase 1- søknaden er gjennomført. Kunnskapserfaringane/regionstudiane er samla og publisert i boka "Dialogbasert utvikling. Manual for lokalt mobiliseringsarbeid og demokratifornying". Boka er skriven av prosjektleiar Dag Jørund Lønning og utgitt på Jæren forlag i 2014. - 3 -
Kontaktopplysninger Funksjon Navn Adresse/poststed Mobil Søker / Prosjekteier Kontaktperson Prosjektleder Klepp kommune Postboks 25 Org.nr:864969682 4358 KLEPPE Ordførar Ane Mari Braut Nese - 4358 KLEPPE Dag Jørund Lønning HØGSKULEN FOR LANDBRUK OG BYGDEUTVIKLING, Postvegen 213 4353 KLEPP STASJON - 41311835 - Geografi 1102-Sandnes, 1119-Hå, 1120-Klepp, 1121-Time, 1122-Gjesdal Spesifikasjon Bakgrunn Jærrådkommunane Klepp, Gjesdal, Sandnes, Time og Hå har hatt ein betydelig befolkningsvekst over ein lengre periode. Det bur no meir enn 140 000 menneske i regionen, fordelt på større og mindre byar, tettstader, bygdesentra og spreidd gardsbusetnad. I 2012 flytta det meir enn 4000 menneske til Jærregionen, medan «Stor-Stavanger» (Stavanger, Sola og Randaberg) til samanlikning hadde ein vekst på 2750 (SSB). Denne skilnaden uttrykkjer ei utvikling som berre har forsterka seg dei seinare åra; meir og meir av veksten i Stavanger-/jærregionen kjem frå Sandnes og sørover. Denne raske veksten medfører store utfordringar når det gjeld langsiktig og berekraftig arealbruk og planlegging. Innanfor eit svært avgrensa geografisk areal er jærregionen både: det viktigaste matproduserande arealet i Noreg, eit av dei mest ettertrakta utbyggingsareala for busetnad og næring i landet, eit mykje nytta fritidslandskap for fleire hundre tusen menneske, og eit landskap med ei lang rekkje verna og/eller verneverdige kultur og naturverdiar. I tillegg gir den rask befolkningsvekst eit akselererande behov for betre infrastruktur, både når det gjeld veg og bane. I desse mangfelte sektor-/interessespenningane ligg det både pågåande og komande arealkonfliktar, samt store og krevjande planleggings- og styringsutfordringar. Alle interessene er arealkrevjande, og alle MÅ dei takast omsyn til og gjevast rom,- og det på eit særs avgrensa areal der land anten er i bruk eller bandlagt/regulert. By-land-regionen representerer såleis eit komplekst, krevjande, men også svært spennande møte mellom eit ruralt produksjonslandskap som er viktig for heile Norge, òg rask regional by- og tettstadvekst. Slik sett uttrykkjer regionen ein svært unik urban-rural integrasjon, ikkje berre lokalt og regionalt, men også i nasjonal samanheng. Ingen stad i jærregionen er det langt til verken næraste gard, næraste by/tettstad eller friluftsområde. Denne arealbaserte by-landintegrasjonen gjev både regionen særpreg og attraktivitet. - 4 -
HLB si forsking på dette unike «by-land-området», viser at svært mange innbyggjarar i regionen er aktive og nøgde brukarar av både urbane og rurale landskap. Ein integrert jobbmarknad og korte avstandar til både by, land og særprega natur inviterer til dette. Samtidig kviler denne tette by-landintegrasjonen på ei særs skjør balanse. Bortimot kvart einaste planlagd eller faktisk arealinngrep utfordrar sterke private og offentlege interesser, enkeltsektorar og/eller interesseorganisasjonar. Med så stor knappheit på areal blir mange arealkonfliktar fort spissa og fastlåste, då regulering til eitt formål/interesse medfører at eit anna føremål/interesse kjem ut som tapande. Arealbaserte interessekonfliktar legg også band på og forsinkar utviklingskrafta i regionen. Med rask befolkningsvekst er det venta at utfordringane berre vil bli større. Fokus i dette breie samarbeidsprosjektet/-søknaden om deltaking i KMD sitt byregionprogram 2015-2017 er difor å vidareutvikla og gradvis implementera ei alternativ tilnærming til arealplanlegging, - ei tilnærming bygd på brei og sektorovergripande deltaking/"deltakande demokrati" og dialog mellom dei ulike interessentane i regionen. Utviklingsmodellar basert på aktiv deltaking og samskaping vil i større grad gje eigarskap og rom for fleirbruk/sameksistens av sektorinteresser - ein "vinn-vinn-situasjon" som på sikt frigjer tid og skapar ein meir effektiv og berekraftig plan- og verdiskapingssituasjon. I møte med komplekse og mangfaldige utfordringar, gjev deltakande demokrati og dialog ei opning for at mangfald og kompleksitet kan gjerast til del av løysinga! Dialog, i motsetnad til diskusjon, handlar ikkje om å påtvinga «motparten» ditt syn. "Diskusjon" er eit nullsum-spel, der di vinning er den andre sitt tap (og omvendt). "Dialog" derimot, produserer ikkje vinnarar og taparar, den skaper nye verdiar, idear og synsvinklar som deltakarane i dialogen kan einast om. Dialog er å opna for å skriva inn den nye tilnærminga, og å utforska saman med den andre kva for nye meiningar som oppstår når fleire perspektiv på det same fenomenet får lov til å sameksistera og til og med «befrukta» kvarandre i ein "vinn-vinn-situasjon". Prosjektmål Hovudmål: Den overordna målsetjinga med dialogarbeidet er å utvikle samskapte visjonar og berekraftige modellar for arealutvikling og verdiskaping i jærregionen. Arbeidet skal vera basert på faktisk og brei/kollektiv medverknad (deltakande demokrati) og dialog, for såleis å sikra horisontalt eigarskap og ansvar for utviklinga. Det skal samstundes etablerast vertikalt forankra prinsipp og strategiar for å gjera deltakande demokrati og dialogbasert medverknad til vedvarande praksis/modell for plan- og verdiskapingsarbeidet i regionen. Grunngjeving av hovudmål: Prosjektet har sitt utspring frå grundige samfunnsanalysar, gjennomført av HLB, som viser til mange arealkonfliktar,- konfliktar som berre vert meir krevjande grunna den raske befolkningsveksten og dei mange interesse-/sektormotsetnadane som rører ved bruk av areal i den sørgåande by-land-aksen/jærregionen. Denne situasjonen indikerer også eit sterkt behov for å vidareutvikle og praktisere nye og kreative metodiske tilnærmingar til medverknad i areelle utvikingsog verdiskapingsprosessar. I byregionprosjektet fase 2, vil difor deltakarkommunane legge til rette for, invitere til og aktivt prøva ut deltakande demokrati gjennom dialog som metode og modell for å fremma ei meir konfliktfri og berekraftig arealutvikling. Dette vil og vera i tråd med tidlegare nemnde Rundskriv frå KMD om viktigheita av brei lokal medverknad tidleg i planprosessar. Det deltakande publiseringsverktøyet PRT vil vera ei nyvinning på dette medverknadsfeltet og skal byggje oppunder prinsippet om brei deltaking og aktiv involvering tidleg i plan- og verdiskapingsprosessane. - 5 -
Gjennom prosjektet skal ein koma fram til felles, dialogutvikla innspel til framtidsretta og berekraftige (sosialt, kulturelt og økonomisk) strategiar som tek utgangspunkt i rask befolknings- og byvekst og difor behovet for både fleire bustader, betre kommunikasjon/ infrastruktur, gode friluftsareal, og samstundes sikra langsiktige rammevilkår for det viktige jærlandbruket og vern av sentrale natur- og kulturverdiar i området. Dei to samskapte prinsipperklæringane; «Ja, me kan både verna om matjorda og bygga for ei veksande befolkning!» og «Privat eigedom. Velkommen!» - eit dialogbasert verdiskapingsprogram for jærlandskapet», er ledd i dette framtidsretta "fleirbruksarbeidet". Delmål 1: Dialog som metode for medverknad skal aktivt praktiserast og skreddarsyast for å inkludera flest mogleg interessentar/landskapsaktørar i kompliserte arealsaker i jærkommunane/- regionen. Deltakings- og publiseringsverktøyet PRT skal gjerast tilgjengeleg og nyttast som del av dette demokratiserings- og dialogiseringsarbeidet. Delmål 2: Institusjonalisera dialognettverket og verktøyet blant offentlege plan- og verdiskapingsaktørar, arealbaserte næringar samt involverte/berørte interesseorganisasjonar. Dialognettverket si primære oppgåve skal vera, gjennom dialog, å vurdera arealutvikling og arealbruk i regionen under eitt. Målsetjinga er samskaping av felles ansvar for berekraftige areal- og verdiskapingsløysingar i samspelet mellom by og land i Jærregionen. Delmål 3: Kunnskapsbygging i deltakande kommunar. I prosjektperioden skal kunnskap om og praktisering av dialog og deltakande demokrati som metode, styrkast og implementerast i alle deltakande kommunar. Kunnskapsbygging om verdiskapingspotensial (sosialt, kulturelt, miljørelatert og økonomisk) i gode og berekraftige modellar for samarbeid mellom by og omland, skal også delast og utviklast gjennom deltaking i Distriktssenteret sitt nasjonale nettverk for byregionprogrammet. Delmål 4: vidareføre dialogportalen som eit levande kunnskapsforum for dialogbasert utvikling og verdiskaping (jf. http://www.dialogportalen.no/). Delmål 5: utvikle og ta i bruk det nyskapande digitale publiseringsverktøyet «Participatory Representation Tool» (PRT). Publiseringsverktøyet skal gjerast tilgjengeleg på dialogportalen (www.dialogportalen.no) og leggjast til rette for aktiv/brei deltaking i saker som gjeld regionen si areelle utvikling. Forankring Prosjektet spring ut av gjennomførte samfunnsanalysar og det etablerte regionsamarbeidet; Jærrådet. Prosjektsøknaden sine aktivitetar og hovudmål/delmål uttrykkjer felles utfordringar og prioriterte temaområder både i regionen og dei enkelte deltakarkommunane (arealplanlegging, infrastruktur/transport). Prosjekteigar og søkjarkommune Klepp har politisk forankra i arbeidet formannskapet. Signert stadfesting frå Klepp er vedlagt denne søknaden. Dei øvrige kommunane si endelge stadfesting vert ettersendt innan fastsett frist 18. juni. Dei utfordringar (arealkonfliktar) og potensial (deltakande demokrati og dialogutvikla løysingar) som er hovudtema for prosjektsøknaden og -satsinga, eksisterer både på regionnivå OG innanfor kvar enkelt deltakarkommune. Alle kommunane er, i nasjonal målestokk, store landbrukskommunar, alle har dei viktige friluftsområde med verneinteresser, og alle opplever dei rask tettstad/byvekst og transport-/infrastrukturutfordringar. - 6 -
Jærrådet har som nemnt vedteke at dei viktigaste fokusområda for rådet skal vera transport og arealplanlegging (i tillegg til barnevern). Grunnen til at desse temaområda er så høgt prioriterte, er dei store arealbaserte interessekonfliktane som finst i området. Deltaking i KMD sitt byregionprogram fase 2, vil gje grunnlag for å implementera breitt, - politisk, administrativt, private utviklingsaktørar, interesseorganisasjonar og "blant folk flest", - eit nyskapande utviklings- og verdiskapingsarbeid med stor betyding for berekraft i regionen. Erfaringane som vil verta hausta i den treårige prosjektperioden, vil også ha stor nasjonal og internasjonal overføringsverdi, og vil kunne fungera som føregangsdøme på korleis ein kan leggja til rette for gode deltakande prosessar, tidleg involvering og sikre eit breitt vedtaks- og gjennomføringsgrunnlag i kommunane og regionen sitt planarbeid (jf. tidlegare nemnt Rundskriv frå KMD om betydninga av lokal forankring og "breie politiske vedtak"). Å sikre "Regionalplan for byutvikling på Jæren", finna breitt forankra løysingar for dei interkommunale kommunedelplanane om "Bybandet Sør" og "dobbeltspor mellom Sandnes og Nærbø", samt delplan for ny E39-trase, er alle døme på arealkrevjande planarbeid der dialogisering og deltakande demokrati vil vera særs verdfulle verktøy. Tidleg involvering og dialog vil sikra interesseovergripande og konfliktfrie løysingar. Prosjektorganisering Den formelle prosjektorganisasjonen ser slik ut: Søkjar og prosjekteigar (på vegne av deltakande kommunar): Klepp kommune ved ordførar Ane Mari Braut Nese. Klepp kommune ligg midt i den involverte regionen. Deltakande FoU-aktørar er også lokaliserte i Klepp (Kunnskapsparken Rogaland Landbrukspark på Særheim). Andre kommunar i regionen Jæren som tek aktivt del i prosjektet, er Sandnes, Time, Gjesdal og Hå. Prosjektleiar: Professor Dag Jørund Lønning, rektor ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB). Styringsgruppe: Prosjektleiar samt ordførarane i dei deltakande kommunane. Styringsgruppa møter fire gongar i året for å spele inn aktuelle temaområder i dialognettverket, sikre prosjektframdrift og oppnåing av delmål-/hovudmål. Samarbeidspartnere Byregionprosjektet «Dialogbasert arealutvikling og verdiskaping i Jærregionen» er eit samarbeid mellom kommunane i Jærrådet, Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB), Bioforsk Vest, arealbasert næringsliv på Jæren, regionale utviklingsaktørar og ulike interesseorganisasjonar med fokus på utviklinga i jærlandskapet. Prosjektet skal gjennomførast i tett samspel mellom desse aktørane, samt det etablerte samarbeidet med aktørane i «Jærsmiå», Rogaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Rogaland. Presentasjon av FoU-aktørane: Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB), ved rektor/professor Dag Jørund Lønning, er prosjektleiar, og institusjonen er ansvarleg for kunnskapsutvikling- /formidling, dialogkurs, utvikling og tilrettelegging av publiseringsverktøyet PRT, prosessleiing i dialognettverket og nye tematisk bestemte dialogforum, vedlikehald av dialogportalen og fagleg programadministrasjon. HLB har gjennom fleire års forskings- og utviklingsarbeid utvikla brei kompetanse rundt arealutfordringar/-konfliktar langs by-land-aksen på Jæren. Saman med næringsaktørar i regionen har HLB - 7 -
teke initiativet til Jærsmiå som har vore ein dialogpilot for å kunna arbeida med krevjande arealutfordringar på tvers av sektorar, interesser og forvaltningsnivå. HLB har også leia eit forskingsrådstøtta forskingsprosjekt (RFF) på denne tematikken. Pr. dato er HLB den einaste kvalifiserte norske forskingsmedlemmen i nettverket OIDP International Observatory on Partcipatory Democracy. Høgskulen er også sertifisert som medlem i IACD- "International Association for Community Development". Generelt har høgskulen stor FOU-aktivitet knytt til kommunalt-/regionalt plan- og utviklingsarbeid, landskapsforvalting, lokalsamfunnsutvikling og verdiskaping. Over 95% av fagstaben ved HLB har professor eller førsteamanuensiskompetanse. Dette er høgast i UoH-sektoren i Noreg. I dette byregionprosjektet «Dialogbasert arealutvikling og verdiskaping i jæregionen» medverkar, i tillegg til prosjektleiar, dr.polit. førsteamanuensis Eli Janette Fosso, professor II Håvard Teigen, førsteamanuensis Olav Eggebø, høgskulelektor Eli-Grete Høyvik og informasjonsmedarbeidar Christel Bachmann Barbo. HLB er også del av landets største kompetansesenter for landbruk, Rogaland Landbrukspark SA i Klepp kommune på Jæren. Rektor Dag Jørund Lønning har rolla som styreleiar for denne kunnskapsparken. CV for prosjektleiar Dag Jørund Lønning er vedlagt søknaden. Aktiviteter Det er planlagt ei rekkje aktivitetar i fase 2. 1. Dialognettverket skal vera verksamt heile prosjekt-/programperioden og vera samansett av offentlege og private utviklingsaktørar, kunnskapsutviklarar og interesseorganisasjonar som (meir eller mindre) faste dialogpartnarar. Nettverket har heile Jærregionen som utgangspunkt, men skal vera tydeleg forankra i alle deltakande kommunar,- mellom anna gjennom deltaking av politisk/administrativ leiing. Dialognettverket skal jobba med konkrete arealsaker og bruka deltakande demokrati og dialog som utviklings- og verdiskapingsverktøy. Nettverket si primære oppgåve er, gjennom dialog, å vurdera arealutvikling og arealbruk i regionen under eitt. Målsetjinga er samskaping av berekraftige areal- og verdiskapingsløysingar. Det er kommunane som skal definera og spela inn konkrete tema som skal handsamast i dette nettverket. HLB skal fasilitera dialogen/samskapinga i dialognettverket. 2. Dialognettverket skal også peike ut konkrete «plan-/prosjektcase» - dvs. tema, prosjekt, planprosessar i kommunane og regionen der dialog og deltakande demokrati skal praktiserast tidleg i prosessarbeidet. 3. Dialogkurs i kommunane for kommunalt tilsette, politikarar, faglag og interesseorganisasjonar. Dette arbeidet er påbegynt og skal vidare-/sluttførast i første år av fase 2-prosjektet. Deltakarane på kursa skal få teoretisk, metodisk og praktisk kunnskap om deltakande demokrati og dialog som kommunikasjonsform og verdiskapingsverktøy. Dialogkursa skal også gje kunnskap om korleis planog utviklingsarbeid kan gjerast enklare og meir effektivt gjennom brei involvering, breitt ansvar og etablert eigarskap til viktige vedtak som gjeld regionen si utvikling. HLB har ansvar for dette faglege tilbodet. 4. Vidareføre dialogportalen som eit levande medium for kunnskap om dialogbasert utvikling og verdiskaping. Kunnskap om aktivitetar og resultat skal formidlast fortløpande i heile - 8 -
prosjektperioden. Deltakarkommunane og samarbeidspartane i dialognettverket skal inviterast til å skriva dialogbloggar. Bloggen skal både inspirera, informera om resultat og stimulera til vidare brei kollektiv deltaking for å samskapa berekraftige arealutviklingsmodellar for jærregionen. HLB administrerer og inviterer til deltaking/bidrag i dette formidlingsarbeidet. 5. HLB har også ansvar for å utvikle det deltande publiseringsverktøyet PRT og gjera dette tilgjengeleg på dialogportalen (www.dialogportalen.no). Verktøyet skal lanserast januar 2016. Kommunane skal deretter invitere til brei deltaking og bruk av reiskapen for å fremma bruk/deltaking og slik synleggjera areal-/sektorinteresser tidleg i prosessar som rører ved bruk av areal i jærlandskapet. 6. HLB er ansvarleg for tildeling av brukar-/publiseringsrett og opplæring i korleis publiseringsverktøyet kan nyttast i konkrete plan- og verdiskapingsprosessar 7. Administrasjon. Administrasjonen er fordelt mellom søkjarkommune Klepp og Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB). Klepp: Ansvar for å følgja opp og koordinere arbeidet mellom/mot deltakarkommunane/dialognettverket. Dialognettverket skal identifisera temaområder/planprosessar der deltakande demokrati, dialog og PRT konkret skal utprøvast/praktiserast. Temaområde kan vera kommunale, interkommunale og/eller regionale. HLB: Ansvar for å administrera/tilby fagleg bistand/opplæring i prosjektarbeidet, kunnskapshenting/- formidling, dialogkurs, administrasjon kring utvikling av PRT-verktøyet, brukarrettleiing og brukartilgang. Målgrupper Dette byregionprosjektet opererer med tre sett av målgrupper: 1. For det første dei deltakande kommunane generelt, og politikarar og planleggjarar/utviklarar i kommunane spesielt. Det skal byggjast opp kunnskap om dialog og deltakande demokrati som medverknadsmetodikk i arealsaker i alle deltakande kommunar. Dialog- og demokrativerktøyet skal takast i bruk og gjerast til institusjonalisert praksis i regionen når prosjektperioden er over. 2. Den andre målgruppa er deltakaraktørane i dialognettverket. Dette er individuelle, men sentrale, representantar for ulike sektorar og arealinteresser. Målet er å kunna påverka samarbeidsklimaet positivt, også på organisasjonsnivå. 3. Den tredje målgruppa er «folk flest» for å fremma større og breiare involvering, reell medverknad, eigarskap og felles ansvar for areal- og verdiskapingsprosessar i jærregionen (altså horisontal forankring). Prosjektet vil over tid ha stor/brei samfunnseffekt bl.a. i form av eit betre «klima» mellom «konfliktpartar» i arealsaker. Resultat 1. Styrka og institusjonalisera dialognettverket beståande av deltakande kommunar, arealbasert næringsliv, interesseorganisasjonar med fokus på areal-og verdiskaping, FOU-institusjonar og regionale utviklingsaktørar. - 9 -
Nettverket og aktivtetane som er tilknytt skal styrka kommunikasjonen på tvers av kommunegrenser og etablerte sektorar, og opna for meir heilskapleg arealplanlegging langs ein by-land-akse. Dette vil gjera sektorovergripande partar/aktørar betre i stand til å samskapa visjonar, prinsipp og praksisar for ei berekraftig utvikling og verdiskaping i jærregionen. 2. Kunnskapsproduksjon/-formidling om dialog og deltakande demokrati som medverknadsmodell i areal- og verdiskapingsprosessar-/prosjekt. Det skal gjennomført kurs i dialog som planleggings-/medverknadsverktøy i alle deltakande kommunar. Det skal også gjennomførast kurs i bruk av PRT- som medverknads- og publiseringsverktøy. Med basis i samskapande dialog og aksjonsforskingsmetodikk (innanfor dialognettverk og i utpeikte tema/prosjekt i deltakande kommunar), skal det utviklast kunnskapsstatus og nye visjonar for medverknad/deltakande demokrati og berekraftig utvikling i jærregionen. Det skal utviklast ein forskingsbasert manual for deltakande demokrati. Manualen skal publiserast i 2017, og byggje på forskingsbaset før-, undervegs- og slutterfaring henta frå prosjektet «Dialogbasert arealutvikling og verdiskaping i jærregionen». Manualen vil vera ei oppfølging av Dag Jørund Lønning (2014): «Dialogbasert utvikling». Manual for lokal mobilisering og demokratifornying. Jæren forlag (publisert som del av fase 1- deltakinga i byregionprogrammet). 3. PRT- verktøyet skal utviklast og gjerast tilgjengeleg på dialogportalen i januar 2016 og deretter tas i bruk som deltakingsverktøy i utpeikte «case», prosjekt/-prosessar. Dette vil vera eit nyskapande verktøy for å fremma deltakande demokrati og tidleg involvering/synleggjering av arealinteresser i plan- og verdiskapingsprosessar. Effekter Brukareffektar: Auka kunnskap om og praktisk bruk av deltakande demokrati og interessedialog vil føra til horisontalt forankra arealprosessar og færre arealkonfliktar. Tidleg medverknad gjennom deltakarverktøyet PRT og dialog mellom partane i betente arealsaker, skal medverka til å finna felles løysningar og sikre breie politiske vedtak der alle har eigarskap og ansvar i prosess og for resultat. Prosjektet «Dialogbasert arealutvikling og verdiskaping i jærregionen» vil også kunne betre samarbeidet på tvers av kommunegrenser, interesser og sektorar. Det særlege fokuset på by-landaksen i prosjektet, vil medverka til større medvit om regionen sitt heilskaplege særpreg og på strategiar for ein framtidsretta og berekraftig forvalting av dette særprega by-land-landskapet. Samfunnseffektar: Ved å skapa effektive modellar for å fremma deltakande demokrati og dermed løysa/forhindra arealkonfliktar, vil ein leggje til rette for ei horisontalt og vertikalt forankra berekraftig utvikling i jærregionen. Ei berekraftig utvikling vil ta omsyn både til behov for fleire bustader, landets viktigaste landbruk, store verneinteresser og friluftsareal. Deltakande demokrati vil gje kollektivt eigarskap og ansvar for at ulike interesser kan sameksistere i eit berekraftig samspel i/mellom det urbane og rurale landskapet. - 10 -
Prosjektet vil og, gjennom sterk vektlegging av interessentmedverknad og deltakande demokrati i arealsaker, skapa større kollektivt engasjement, eigarskap og ansvar knytt til viktige politiske val som rører ved berekraft og framtida for Jæren som region. Prosjektet vil samstundes kunna bidra til å nå statlege mål om å «styrka lokaldemokratiet», sikre «tidleg medverknad» og gi innbyggjarane moglegheit til deltaking og reell påverknad i utviklinga av eige samfunn, sikre breie politiske vedtak, unngå innseiingar osv. (jf. Rundskriv og rettleiar for medverknad etter Plan- og bygningslova, frå Kommunal og moderniseringsdepartementet 2014). Tids- og kostnadsplan Tidsplan Periodisering av deltakarkommunane og HLB sine aktivitetar i 2015-2017 er vedlagt i eige prosjektdiagram. Kostnadsplan/budsjett Tittel 2015 2016 2017 SUM Admin.utg. Klepp kommune 100 000 100 000 100 000 300 000 Innkjøp FoU tenester: Kunnskapsutv./formidling 400 000 400 000 400 000 1 200 000 Innkjøp prosjektleiing 260 000 260 000 260 000 780 000 Kostnader nettverkssamlingar (lokale, mat, honorar 100 000 100 000 100 000 300 000 Publikasjonskostnader/rapportering 50 000 50 000 50 000 150 000 Reisekostnader nettverksdeltaking/byregpr 60 000 60 000 60 000 180 000 Reisekostnader prosjektleiing 30 000 30 000 30 000 90 000 Timekostnader kommunalt tilsette jmf. aktplan 100 000 100 000 100 000 300 000 Timekostnader ordførarar jmf akt.plan 900 000 900 000 900 000 2 700 000 Sum kostnad 2 000 000 2 000 000 2 000 000 6 000 000 «Kostnadene skal spesifiseres, jf. punkt 4 i Utlysningen» Finansieringsplan Tittel 2015 2016 2017 SUM Eigentid Gjesdal 200 000 200 000 200 000 600 000 Eigentid Hå 200 000 200 000 200 000 600 000 Eigentid Klepp 200 000 200 000 200 000 600 000 Eigentid Sandnes 200 000 200 000 200 000 600 000 Eigentid Time 200 000 200 000 200 000 600 000 Søkjer Byregionprogrammet 1 000 000 1 000 000 1 000 000 3 000 000 Sum finansiering 2 000 000 2 000 000 2 000 000 6 000 000-11 -
«Byregionens egenfinansiering skal spesifiseres, jf. punkt 4 i Utlysningen» Vedleggsliste Dokumentnavn Filstørrelse Dato CV DJLonning januar 2015.pdf 349 704 04.05.2015 Deltaking byreg fase II Time kommune.pdf 245 448 04.05.2015 Deltaking Gjesdal byreg fase II.pdf 152 904 04.05.2015 Deltaking Hå byreg fase II.pdf 113 415 04.05.2015 Deltaking Sandnes byreg fase II.pdf 125 966 04.05.2015 Tidsplan og periodisering av aktivitetar byreg fase II.pdf 188 827 04.05.2015 Vedtak deltaking byreg fase II Klepp.pdf 55 021 04.05.2015-12 -