Sakspapir Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Turi Ottersland Tjøstheim K2 - K40 15/5 Saksnr Utval Type Dato 053/17 Utval for landbruk, miljø og teknikk (LMTutvalet) Forskrift om bandtvang på hund - Suldal kommune PS 30.05.2017 Rådmannen si innstilling Suldal kommune vurderer å innføre utvida bandtvang for hund. Jf vedlagde forslag til»forskrift om sikring av hund og bandtvang etter Hundelova, Suldal kommune, Rogaland.» Bandtvangen for hund vert utvida i tillegg til ordinær bandtvan frå 21 august til 31. oktober. Det vert etter dette bandtvang i perioden 01.04. 31.10. I oppkøyrde skiløyper o l vert det bandtvang heile året. Etter den første høyringsrunden har forskrifta fått inn eit nytt moment vedkomande utvida bandtvang i oppkøyrde skiløyper, anlegg for leik, idrett og sport heile året. Forskrifta må difor ut på ny høyring. Sand, 16.06.2017 Øyvind Valen rådmann
Dokumentliste: Dokumentliste: Vedlegg: Forskrift om sikring av hund og bandtvang etter Hundelova Saksopplysningar: Samandrag Kvilldal beitelag har oppmoda Suldal kommune om å innføra utvida bandtvang for hund frå 20 aug. til 1 des. Denne oppmodinga kom etter utfordringar med laushundar i beite i fjor haust. Kommunen kan etter hundelova gi forskrifter blant anna om bandtvang. LMT-utvalet vedtok i sak 20/17 å leggja forslag til forskrift ut på høyring. Hundelova vil og normalt ivareta det ei forskrift om utvida bandtvang skal sikra, men ein set eit ekstra fokus på problem med laushundar ved å forlenge bandtvangen. Nå har forslag til Forskrift vore ute til høyring og kommunen har fått inn fleire innspel. Eit nytt forslag er bandtvang i preparerte skiløyper og anlegg for idrett. Juridisk sett er dette klare innskrenkingar som ikkje var tatt med ved 1. gongs høyring, dermed må ein ha ny høyringsrunde om ein vel å ta med dette punktet. Rådmannen rår til å ta dette med i forskrifta. Forslaget inneber at bandtvangen vert utvida frå 21. august til 31. oktober. Det vil seia at det er bandtvang frå 1.april til 31. oktober. Fakta Kvilldal beitelag opplevde problem med laushundar som sprang etter sau på beite i fjor haust, og vedtok på årsmøte i 2016 å oppmoda Suldal kommune til utvida bandtvang for hund frå 20 aug til 1 des. Ved dette håpar dei og å få meir blest om dette med bandtvang, då dei opplev at hundeeigar kan sjå ut til å ha ei dårleg haldning til kva hunden gjer utanom bandtvangstida. Lover, føresegner, rundskriv Hundelova og Forvaltningslova. Innkomne uttalar Suldal Sau og Geit v/leiar Sveinung Havrevoll -Støtter forslag om utviding av bandtvang for hund i Suldal. Leif Jostein Krokedal -Er oppteken av at ein må kunne sleppe hund i samband med jakt ved jaktstart i september, og at det påkvilar hundeeigarar eit ansvar for at hunden ikkje skal forårsake skade. At den bandtvangstida som gjeld pr i dag og hundelova etter hans meining er god nok for å beskytte beitedyr og ein sårbar natur i yngletida.
Arve Aarhus -Peikar på at kommunen bør informere/tilgjengeliggjere informasjon om hundehald og hundelova sine bestemmelsar. At nettsider eller facebook blir brukt til jamleg til å minne om ansvar og plikter for godt og ansvarleg hundehald, og at dette kan ha like stor verdi som innføring av utvida bandtvang. Han meiner òg at unntaksreglane for bandtvang skal vere opplista i ein forskrift, ikkje bere vist til etter hundelova 9. Suldal idrettslag v/leiar Arne Vold -Idrettslaget har vært borti fleire uheldige hendingar med hund i og rundt skiløyper i Suldal, og dei vil tilrå generell bandtvang året rundt i og ved oppkøyrde, skiløyper, anlegg for leik, idrett og sport heile året. Kvilldal beitelag v/leiar Gunnar Steinbru -Dei vil halde fram med at bandtvang bør vere frå 20 aug 30 nov. Skilt om bandtvang for hund bør setjast opp på strategiske stader, då all informasjon er viktig. Samt at dei oppmodar kommunen til å sjå på forskriftene om bandtvang frå Hemsedal og Tolga. Dei nemnar og bandtvang i preparerte skiløyper. Suldal bondelag v/leiar Ola Hauge -Støttar rådmannen sitt forslag om ny forskrift om bandtvang. Vurdering og konklusjon Henvendinga frå Kvilldal beitelag, er den første administrasjonen har fått om forlenga bandtvang. Rådmannen har forståing for frustrasjon over hendinga. Men hovudoppfatninga har vore at Hundelova i seg sjølv er tilstrekkeleg for å sikra dei same omsyna som ei ekstra forskrift. Ved innføring av ny Hundelov i 2004 oppheva departementet alle tidligare forskrifter då den nye lova gir hundeeigaren eit større ansvar. Hundeeigar har eit generelt aktsomhetskrav jf hundelova 3 der hundeigar ikkje skal ha lov til å sleppe hundar laust om ikkje eigar er i stand til å ha kontroll med hunden. Hundehaldar skal vise aktsomhet for å unngå at hunden gjer skade på folk, dyr, eigedom eller ting uavhengig av bandtvangstid. Dermed vil aktsomhetskravet jf 3 i Hundelova i botn ivareta det ei forskrift om utvida bandtvang til vanleg ivaretek. Etter 9 i Hundelova er ei rekkje føremål unnateke til dømes gjetarhund, jakthund og hund til redning og ettersøk etc. Men kommunen kan like fullt etter hundelova, gi forskrifter om hund og hundehald om bl.a bandtvang og bestemmelsar om kor hundar ikkje har adgang etter 6. Oppmodinga frå Kvilldal beitelag slik sakshandsamar tolkar brevet, blir etter 6 e) «i heile eller delar av kommunen i eit bestemt angitt tidspunkt når storfe, sau, geit eller hest normalt går ute». Vidare står det i Hundelova at ved «Fastsetting av bandtvang etter bokstav e) og f) kan bandtvang berre
innførast i dei områder av kommunen kor husdyr har rett til å beite, og faktisk beiter» Kvilldal beitelag ønskjer bandtvang frå 20 aug til 1 des. Normalt sett burde ein ha fått ned sau/beitedyr frå utmarksbeite til ca 15 okt, sjølv om administrasjonen er kjent med at kan gå dyr igjen etter dette. Bykle og Odda kommune er to «nabokommunar» som har eige forskrift om hundehald. Bykle har utvida bandtvang til 15 okt og Odda til 31 okt i beiteområder for husdyr. Med tanke på hundeeigarar som ser glede i å kunne sleppe hunden fri på tur og som held aktsomhetskravet jf 3, skal ein ikkje strekke ekstra bandtvangstid lenger enn det som faktisk er normalen for når beitedyr bør vere nede frå heia. Administrasjonen foreslår at om ekstra forskrift skal innførast, å sette datoen til 31 okt tilsvarande det Odda har. Så sjølv om Kvilldal beitelag i nytt innspel vil halde fast på bandtvang fram til 1 des, vel rådmannen med tanke på andre brukarar, å avgrense ekstra bandtvang med tanke på omsyn til beitedyr fram til 31 okt. Når det gjeld andre innspel kommunen har fått blir mykje av det som er nemnt tatt til følgje og følgt opp i forslaget til ny forskrift. Leif J. Krokedal er oppteken av at ein må ha høve til å sleppe hund i samband med jakt, dette er rådmannen samd i, og vil ha inn i forskrifta unnatak for bandtvang jf Hundelova 9. Desse unnataksreglane vil ein òg nemne i sin heilhet jf innspel frå Arve Aarhus. Idrettslaget foreslår bandtvang året rundt i og ved oppkøyrde skiløyper, anlegg for leik, idrett og sport heile året, og kommunen ser at dette kan vere fornuftig. Då dette skal vere trygge arenaer for born og vaksne utan frykt for laushundar. Kvilldal beitelag støtter òg opp om bandtvang i preparerte skiløyper. Om ein ser til andre kommunar Suldal kan samanlikne seg med, t.d Sirdal har dei òg eit punkt der det er bandtvang i preparerte skiløyper. I Hemsedal har dei bandtvang heile året på bestemte skianlegg/stadionar, samt i alle preparerte løyper i skulen sine ferier vinterstid. Dette er eit nytt pkt i høve det som var på høyring i første runde. Etter rådføring med miljødepartementet har ein kome fram til at dette juridisk sett er ei klar innskrenking. Så om lmt-utvalet vel å ta inn dette punktet i forslag til ny forskrift, må ein ha ny høyringsrunde. Rådmannen er samd i at utvida bandtvang og meir blest og fokus på emnet kan føre til færre ulemper med laushundar. Uttalane både frå Suldal sau og geit og Bondelaget støttar forslaget om bandtvang. Det er og fleir innspel som nemner at informasjon både på nett og plakatar på strategiske plassar om hundeeigars rettar og pliktar må setjast meir fokus på. Dette kan kommunen bli flinkare på og sette seg som mål å informere betre. Men her vil kommunen òg spele ballen tilbake til saueeigarar eller grunneigarar om at dei og bør sette opp informasjonsskriv på plasser der dei meiner det er påkravd. Etter ei heilhetsvurdering og innspel rår ein til at forslag om Forskrift om sikring av hund og bandtvang etter Hundelova, Suldal kommune, Rogaland vert lagt ut på ny høyring. Forslaget er utvida bandtvang til 31. oktober og bandtvang i preparerte skiløyper og liknande heile året. Perioden med ordinær bandtvang vert frå 1.april til 31. oktober.
Utval for landbruk, miljø og teknikk (LMT-utvalet) - 053/17 LMT - handsaming: Røysteresultat: Samrøystes vedtak i samsvar med innstillinga. LMT: vedtak Suldal kommune vurderer å innføre utvida bandtvang for hund. Jf vedlagde forslag til»forskrift om sikring av hund og bandtvang etter Hundelova, Suldal kommune, Rogaland.» Bandtvangen for hund vert utvida i tillegg til ordinær bandtvan frå 21 august til 31. oktober. Det vert etter dette bandtvang i perioden 01.04. 31.10. I oppkøyrde skiløyper o l vert det bandtvang heile året. Etter den første høyringsrunden har forskrifta fått inn eit nytt moment vedkomande utvida bandtvang i oppkøyrde skiløyper, anlegg for leik, idrett og sport heile året. Forskrifta må difor ut på ny høyring. Oppfølging: Turi Ottersland Tjøstheim