Frukttreproduksjon i Belgia og Nederland Rapport frå studietur 24.-27.august 2005



Like dokumenter
Nye sortar gjev ny giv i pæredyrkinga. Stein Harald Hjeltnes Graminor avd Njøs

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

1 BAKGRUNN 2 GJENNOMFØRING 3 FORSØKSOPPLEGG

Konsekvensar for plantehelse ved opnare import. Arne Stensvand Bioforsk Plantehelse

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

mmm...med SMAK på timeplanen

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Viktige sortseigenskapar for bær til industri. Arnfinn Nes

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

Analyse av frukttrekvalitet i høve til norsk kjernefruktproduksjon

Norsk fruktdyrking - ei framtidsnæring?! Torbjørn Takle Norske fruktdagar 2016, Ulvik 29. januar 2016

Lønnsundersøkinga for 2014

Årsmelding 2014 for Sognefrukt SA

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Forvalting av særavtalekraft og konsesjonskraft

Til deg som bur i fosterheim år

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Brukarrettleiing E-post lesar

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

TRENG DU VAREOPPTELJING I SKOGEN DIN?

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

HAGEBLÅBÆR. Haugaland landbruksrådgjeving

Sognefrukt Medlemsportal - Introduksjon

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Farleg avfall på Voss og i Hardanger Handsaminga av farleg avfall hjå ulike verksemder på Voss og i Hardanger.

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Brukarrettleiing. epolitiker

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Farleg avfall i Nordhordland

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Norsk Bremuseum sine klimanøtter

Prøving av nye jordbærsortar for konsum og industri

Å lykkast med økologisk fruktproduksjon

Ribes. Mette Feten Graneng- rådgiver i hagebruk

Telefrukt AS. Medlemsportal - Introduksjon

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

1. Det er ikkje mangel på veterinærar, men det kan verta ein mangel på dyktige produksjondyrveterinærar i deler av landet.

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

Økologisk føregangsfylke i frukt og bær

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Resultat frå eit lite forsøk med oppfølging av vekst og utvikling av trea. Samt måling av tilvekst av pærekarten og rett haustetid for pæresorten.

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Kvalitetsplan mot mobbing

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

Far min sa ein gong at ein må velje sine kampar

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Pressekonferanse. Utne Hotel 25. Juni 2014

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring.

Storskalaforsøket i eple og. Bioforsk Ullensvang

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Olav Grov Arkiv: 223 U Arkivsaksnr.: 12/2712

Med god informasjon i bagasjen

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

Sandeid skule SFO Årsplan

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Status og utfordringar. Orientering til heradsstyret Tysdag 16. juni Rådmannen

TILBUDSSTRUKTUR FOR FAGSKOLANE I HORDALAND - TEKNISK FAGSKOLE 2013/14

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

SAKSFRAMLEGG. Tiltak 1 side 12 Fjerne til privat bruk. Tiltaket får då fylgjande ordlyd: Ikkje subsidiera straum.

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

Haustetilrådingar per 5. sep (etter prøveuttaking 4. sep.)

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

Transkript:

Frukttreproduksjon i Belgia og Nederland Rapport frå studietur 24.-27.august 2005 Stein Harald Hjeltnes, Torbjørn Takle, Thomas Hesthamar, Jan Meland og John Harald Rønningen

Føreord Fornying av eple- og pærehagane i Norge har gått for seint dei siste åra, og fruktdyrkarane har ikkje fått tak i nok tre av tilfredsstillande kvalitet. Det har vore reist kritikk mot den norske frukttreproduksjonen, og presset på å få opna for import har auka. For å få eit oversyn over situasjonen og kva som bør gjerast for å styrkja norsk epledyrking og frukttreproduksjon, etablerte Gartnerhallen i februar 2005 ei arbeidsgruppe som skulle greia ut problemstillinga. Samansetjing av gruppa og oppgåver vart drøfta i Gartnerhallen sitt styre i juli 2005 og Gartnerhallen sin administrasjon stilte midlar til rådvelde for prosjektet. Arbeidsgruppa har bestått av: John Harald Rønningen, Gartnerhallens eliteplantestasjon, leiar Torbjørn Takle, FMLA Sogn og Fjordane Jan Meland, Forsøksringen Telemark Thomas Hesthamar, fruktdyrkar/frukttreprodusent, Utne Stein Harald Hjeltnes, Planteforsk Njøs, sekretær Arbeidsgruppa bestemte seg for å sjå på frukttreproduksjonen i Belgia og Nederland som del av prosjektutviklinga. Dette for å føreta ei vurdering av risiko med plantematerialet som kjem inn, kvalitet på frukttrea i forhold til det som kan produserast i Norge, og kva konkurransestrategiar som bør veljast for Gartnerhallens eliteplantestasjon, fruktdyrkarane og planteskulenæringa. Studieturen vart gjennomført i tida 24.-27.august 2005 og vart kosta av Gartnerhallen. Rapporten er skriven av Stein Harald Hjeltnes, men alle deltakarane har delteke med innspel til rapporten og bilete.

Samandrag På studieturen vitja me 3 planteskular (Carolus, Nicolai og Fleuren), forskingsstasjonen PCF St. Truiden, fruktlageret Haspengoud og planteoppformeiringsstasjonen i Horst, Nederland. Alle 3 planteskulane har sertifisert produksjon til verna sone for pærebrann i fylgje EU sitt plantehelsedirektiv (2000/29 EC). Sertifiseringa inneber kontroll av jord, planter og området rundt, og både kvist, grunnstamme og planter må sertifiserast. Slik sertifisering vert kravd av dei som skal produsera etter EUREPGAP. For å redusera smittepresset av sjukdomar og skadedyr, er planteskulane plasserte slik at dei ikkje ligg inntil frukthagar. Carolus planteskule nemnde særskilt at norske plantehelsestyresmakter er velkomne til å gå gjennom og sjå på plantingar og rutinar, og dette gjeld truleg også dei andre to. Etter vår vurdering er det liten sjanse for å få inn pærebrann med frukttre frå dei tre planteskulane me vitja. Derimot vil me påpeika at sjansen for å få inn andre karantene-skadegjerarar er til stades, og om det vert opna for import må det leggjast vekt på å kontrollera nøye også for slike. Import av formeringsmateriale til kjernefrukt er òg i høg grad ei landbrukspolitisk sak som ikkje blir vidare drøfta her. Dei tre planteskulane har litt ulik filosofi i produksjonen. Carolus er planteskulemann til fingerspissane, og konsentrerer seg om å produsera topp tre av dei sortane som kundane ynskjer. Han involverer seg ikkje i sortsspørsmålet, og leverer svært mykje tre til Skandinavia. Trea må tingast 2 år i førevegen, men ein kan skifta sort om ein ombestemmer seg etter eit år. Nicolai har sterkt fokus på nye sortar, og er aktiv pådrivar for å få fram nye sortar til dyrking, og har også svært flotte tre. Begge desse to planteskulane ligg i Belgia og har hovudsakleg eple og pære i produksjonen. Ingen av dei har vatningsanlegg, og dei brukar mykje kjemiske innsatsfaktorar som ikkje er tilletne i Norge. Fleuren planteskule i Nederland har også mest kjernefrukt, men er også stor på søtkirsebær og er sterkt involvert i sortimentsutvikling både i kjernefrukt og søtkirsebær. Fleuren hadde litt mindre trestorleik enn dei to i Belgia i år på tross av at der var vatningsanlegg i alle felt, men også her var trekvaliteten svært god. Produksjonen av virusfritt materiale ved oppformeiringsstasjonen i Horst var ekstremt effektiv, og etter det me kunne sjå også innafor gode kvalitetssikringsrutinar. Det er korte generasjonsintervall på mortre for kvistproduksjonen og gode rutinar både for plantehelse og pomologisk kontroll. Stasjonen leverer kvist til heile Europa og her var fleire nyttige tips for Gartnerhallens eliteplantestasjon når det galdt kvisthandtering og produksjon. Det skjer mykje nytt på sortsfronten, og den viktigaste utviklingstendensen er at fleire og fleire sortar vert klubbsortar. Desse sortane har eit merkenamn i tillegg til eit namn som er knytta til rettsvern under UPOV-konvensjonen og dei har såleis rettsvern i EU og evt. andre land. For å få tilgang til slike sortar må næringa stå samla, og i dei fleste tilfelle må ein norsk aktør syta for rettsvern av sortane i Norge. Dei aller fleste av desse sortane er for seine for oss, men me såg nokre som kan vera aktuelle (t.d. eplesorten Appache og pæresorten Corina i tillegg til nokre sortar som ikkje er namnsette). Me fekk også kjennskap til grunnstammer i eple og pære som kan gje betre kontroll med veksten enn dei me har i dag (t.d. M9 T337 og kvede Fleuren ). Tendensen er at det vert mindre marknadsføring av sortar som ikkje er klubbsortar, då klubbkonseptet inneber sterk fokus på marknadsføring av det registrerte namnet. Mange dyrkarar i Belgia og Nederland avventar kva som skjer med klubbsortane, då det kostar mykje å vera med på produksjon av sortane og det er enno usikkert kor mykje ein

vil få att av innsatsen. Norske fruktdyrkarar må fylgja med på kva som skjer innan klubbsortar, slik at ein ikkje vert overkøyrd også på dette området. Produksjonsvolumet og dei naturgitte føresetnadane for frukttreproduksjon i Belgia og Nederland gjev desse landa store konkurransefortrinn jamført med Norge. Både produksjon av kvist, grunnstammer og ferdige tre er sertifisert og blir driven kostnadseffektivt og med gode kvalitetssikringsrutinar. Produksjonen av tre som ikkje er tinga er hovudsakleg på dei viktigaste sortane som er lette å omsetja i Europa, og knapt nokon av desse er aktuelle i Norge. Norske produsentar må altså rekna med og måtta tinga 2 år i førevegen om dei skal importera eple- og pæretre. Produksjonen av steinfrukttre hjå dei planteskulane me vitja var mindre omfattande enn i kjernefrukt, og det er vårt inntrykk at skilnaden mellom trekvalitetar og pris frå Nederland/Belgia til Norge er mindre på steinfrukt enn i kjernefrukt. Konkurransesituasjonen synest altså litt lettare i steinfrukt enn i kjernefrukt også innan treproduksjon. Eittårig frilandsproduksjon av eple i Norge står ikkje langt attende for det me såg i Nederland og Belgia, men det trengst nyskaping i den norske produksjonen for å kunna tilby konkurransedyktig kvalitet av to-årstre. Konklusjonen vår frå denne reisa er at det synest å vera liten risiko med å importera materiale frå dei tre planteskulane som me vitja, men me tilrår at norske plantehelsestyresmakter føretek ein gjennomgang av planteskulane i tilfelle det blir opna for import som fylgje av endringar i plantehelselovgjevinga. Gartnerhallens eliteplantestasjon bør innleia eit nærare samarbeid med planteoppformeiringsstasjonen i Horst for å oppdatera teknikkar og logistikkløysingar. Vidare at Gartnerhallens eliteplantestasjon legg meir vekt på å profesjonalisera produksjon innan steinfrukt og held oppe det spesielle sortimentet innan kjernefrukt. Dersom det blir opna for import av eple- og pæretre, må både Gartnerhallens eliteplantestasjon og norske frukttreprodusentar tilpassa seg denne nye konkurransesituasjonen. Den norske frukttreproduksjonen bør sertifiserast, slik at den ikkje tapar i konkurransen med utanlandske treprodusentar og kan gje opning for eksport. Slik sertifisering er nødvendig både for Gartnerhallens eliteplantestasjon og planteskulane.

Fruitboomkvekwerij Carolus C. b.v.b.a. 24.08.05 Carolus planteskule (http://www.carolustree.com/) ligg i Nieuwerkerken, og planteskule-eigar Koen Carolus møtte oss på flyplassen og brukte heile dagen på oss. Me fekk såleis eit svært godt innblikk i produksjonen hans. Far til Koen lærde planteskuledrift hjå Rene Nicolai, og starta opp planteskulen i 1978. Koen overtok i 1991, og frå 1998 har han vore eine-eigar av planteskulen. Planteskulen har 37 fast tilsette, men i sesongen er dei 80 personar. Hovudproduksjonar er eple og pære, men han lagar også plomme og søtkirsebær på bestilling. Det er 3 mill. tre i produksjon til ei kvar tid, og årleg sel dei om lag 1,5 mill tre. 99 prosent av det dei produserer er knipetre, og produksjonen er mest berre på bestilling (70% er førehandstinga). Han meiner 3K-tre (3-års knipetre) vert altfor kostbare å produsera og transportera, og det er ingen etterspurnad etter slike tre. For å vera sikker på å kunna levera avtalt pris og kvalitet til rett tid, lagar dei 20% fleire tre enn det som er bestilt. Carolus har spesialisert seg på levering til Norden, og har eigen salsagent i Sverige. Elles reklamerer han ikkje i Belgia, og meiner at gode tre og fornøgde kundar er beste reklame. Planteskulen har totalt 110 haa planteskule, og me var innom dei aller fleste felta. Fyrst dei dårlegaste og til slutt dei beste. Det er gjerde rundt alle felt for å stengja mot hare og kaninar, og grinder med lås. Dei ulike parsellane er tydeleg merka og alle som gjer arbeid har kart som skal visa at dei arbeider på rett stad. Planteskulen er godkjend for produksjon av tre til verna sone for pærebrann i høve EU sitt plantehelsedirektiv, og leverer såleis også tre til Finland. Produksjonen er sertifisert, ein prosedyre som omfattar jord, grunnstamme, kvist og treproduksjon. FAVV (Federal agency for the safety of the food chain - http://www.favv-afsca.fgov.be/) inspiserer fleire gonger pr. år både i planteskulen og området rundt. Dette skjer etter definerte prosedyrar som er sette i EU sitt plantehelsedirektiv, og det verka tillitsvekkande. Koen Carolus sa at norske representantar innan plantehelse er velkomne til å sjå og gå gjennom prosedyrane hans som også er EUREPGAP godkjende. Koen Carolus meiner at hans rolle ikkje er å vera sortsrepresentant, og ynskjer at kunden skal gje ein spesifisert ordre på sort, grunnstamme og tretype, så garanterer planteskulen at han får dette. Slik oppfattar han seg sjølv som disc-jockey, som han uttrykte det, og vil vera den beste på å produsera tre. Han produserer klubbsortar berre for sortseigarar som ikkje krev å få gå inn på eigarsida i planteskulen. Det vart nemnt at Valois planteskule i Frankrike eig 40% av planteskulen René Nicolai. Carolus er såleis forhindra frå å produsera ein del sortar i planteskulen, men lagar så mange tre som råd av eplesorten Frida til Sverige i år. Planteskulen gav eit godt inntrykk, og var usedvanleg godt organisert. Dei produksjonsansvarlege møter mellom 07 og 0715 og går gjennom arbeidsplanane for dagen, og køyrer ut arbeidsfolka slik at dei er klare til å byrja kl. 8. Etter arbeidstid møter dei til de-briefing og kryssar av i arbeidslistene kva som er gjort. For bruk av plantevernmiddel har dei eit ark med opplysning om middel, mengd og kva felt som skal sprøytast. Den som sprøyter kryssar av etter kvart som arbeidet går fram, og gjer også notatar om vêret mykje etter avkryssingsmetoden. Etter at sprøytinga er ferdig, vert arket arkivert. Koen Carolus har ein open politikk og legg vekt på å forklara kva som må gjerast og kvifor ting blir gjort på bestemte måtar. Han forklarar til dei produksjonsansvarlege kva trekvalitet han og kunden er blitt samde om, men legg seg ikkje opp i den måten dei formidlar meldingane vidare på. Koen har arbeidd i planteskulen frå han var liten, og kan alle arbeidsoperasjonar.

Poding og chip-budding er akkordarbeid, men podarane får ikkje utbetalt alt før etter at dei har kontrollert kor mange av podingane som kjem i mars. Grunnstammeproduksjon Grunnstammene produserer Carolus med tilhyppingsmetoden. Morfeltet er røter som ligg horisontalt, og kan haustast av i 20-25 år. I M9 er all produksjon av det hollandske utvalet T337. For å få optimal rotutvikling vert det tilført 200 m 3 sagflis av afrikansk redwood under røtene ved å lyfta plantene med ei spesiell maskin. Deretter vert det hyppa jord over. Grunnstammeproduksjon med sagflis for å betra rotutviklinga Resultatet er flott rotutvikling! Her: M9 T337 Grunnstammene vert hausta i desember og sende til Slovakia for storleiks-sortering. For å kunna nyttast til handpoding, må grunnstammene sitt tverrmål ved 40 cm vera minimum 8 mm, og ha ei håndbreidd med røter. Han legg vekt på at stammene må ha god rotutvikling både til poding og utplanting på friland. Podekvist All podekvist vert kjøpt frå planteoppformeiringsstasjonen i Horst i Nederland (sjå eigen omtale seinare i rapporten), og noko frå Danelite i Danmark. Trepris Carolus har ein grunnpris pr. tre på om lag 3,40 (~27 kr). I tillegg til dette kjem evt. royalties (ofte kring 1 ), pakkekostnader, lagringskostnader og transport. Det er same trepris uavhengig av mengd tre, men transportkostnader og pakkekostnader vert mindre pr. tre når ein kjøper mange. Kostnader til lagring er 5 eurocent pr. tre og mnd etter 1. januar. Viss kunden vil endra sort etter fyrste året, kan dette gjerast for 20 eurocent ekstra. Sorten blir då levert med mellomstamme av opphavleg sort. Det er ynskjeleg at mellomstamma kan ha positiv innverknad på treet og vekstkrafta blir brukt som reguleringsfaktor. Oftast vert det valt mellomstammer som er mest mogeleg nøytrale dersom trea ikkje er spesialtinga. Frukttreproduksjonen Carolus leiger all jord til treproduksjonen, og kjem aldri att på same jorda. Kveite vert rekna som den beste førekulturen, og vanleg leigepris er 1250 pr. haa (1000 kr/daa). Før leiga er i orden, vert det teke jordprøvar og biologiske prøvar av jorda som må til i høve til plantehelsedirektivet. Prøvane må vera i orden før arealet vert teke i bruk. Etter at kveiten er hausta sprøyter dei 2 gonger med roundup, og pløyer til 30 cm. Det vert aldri brukt husdyrgjødsel, for han vil ha full kontroll over alt som vert tilført. All handpoding skjer i Slovakia, og der vert det årleg poda om lag 3 mill. einingar. Poding er som regel Jonagold eller Golden Delicious, og dette er mellomstammer for produsentar som

ikkje har bestemt seg for kva sort dei skal ha. Etter planting på friland vert slike tre chipbudda om hausten til den sorten dyrkaren ynskjer, og deretter vert det laga knipetre året etter. Dei reknar 90 % tilslag på chip-budding og 98-99 prosent på poding. Chip-budding skjer i Belgia, og ved denne økslingsmåten må samanføyinga lukkast heilt, ikkje berre strammast til med strikk som ved okulasjon. Det vert brukt ein plaststrimmel å bitta med. Carolus har betre resultat med chip-budding enn med okulasjon, og bereknar 2000-2500 einingar pr. dag for eit arbeidsteam på 2 personar. Dagen etter går dei over og bitt grunnstamma inntil tonkinstokk, og etter 6 veker tek dei vekk plasten som dekkar samanføyinga. Utskjering av auge til chipbudding. Chip-budding, knoppen er sett på plass Ferdig forsegla chipbudding i eple Grunnstammene vert planta på 88 x 35 cm og til det brukar dei ei eigenkonstruert plantemaskin. Det vert pløgd opp fårer, men plantinga skjer for hand i og med at dei ynskjer å ha med mest mogeleg røter. Fyrste året gjev dei svært lite gjødsel, og denne svelteforinga av trea skal sikra god rotutvikling. Året etter vert det gitt 90 kg N, 120 kg P og 60-80 kg K pr. haa alt etter jordanalysane. PH i området ligg på 6,5-7. Alle andre næringsstoff vert gitt som bladgjødsel. Sink må gjevast åleine, men det vert alltid hatt i bladgjødsling ved bruk av plantevernmiddel. Til magnesiumgjødsling vert det brukt Magnesiumnitrat i staden for kiseritt. Ugraskampen er simazin, dikvat og parakvat, altså middel som har vore forbodne i Norge i fleire år. Basta (Finale) brukar dei ikkje då gassen frå middelet gjev sår på stammene som vert inngangsport for kreft. Dette er også risikabelt dei 2 fyrste åra etter planting. I vekstsesongen tek dei rotugras for hand, men etter kvart som trea lukkar seg, og ikkje tek skade av det, let dei det som er att av ugras veksa. Bladkvaliteten er punkt nr. 1 i produksjonen, og for å oppnå optimal bladkvalitet vert det gitt bladgjødsling minimum 1 gong pr. veke, to gonger dersom det vert sprøytt med sink. For heile sesongen totalt 50 gonger samla for bladgjødsling, plantevern og hormonpreparat. Produksjonen av knipetre tek 3 år om ein reknar med året når grunnstammene vert planta. Året etter chipbudding veks det opp ei piske, som kan vera forgreina. Denne tretypen vert stundom seld, og er ikkje så langt frå dei bestre trekvalitetar som vert produsert i Norge. Skilnaden er at ved produksjon av knipetre vert trea ståande eitt år til i planteskule. Dei vert toppa på 60 cm, og all vekst under den øverste kraftige knoppen vert fjerna når denne er komen i god vekst. Når trea er om lag 70 cm høge vert blada i toppen vridne. Slik oppnår ein forgreining på trea, men for å lukkast er det avgjerande å tilføra Buturyl. Det vert også brukt giberellin 4-7 for å få strekningsvekst. Slik topping vert gjennomført fleire gonger, og totalt vert det gjennomført 64 manipulasjonar pr. tre i produksjonstida. I oktober vert trea sprøytte med koparchelat for å få blada av. Dette er også avgjerande for å ha gode tre å levera. Trea vert tekne opp i november januar.

Me såg Conference på kvede C som han meinte vil gje 2,5 tonn pr. daa året etter planting. Pærer er vanskelege å få til som knipetre, men Carolus har utvikla ein spesiell metode som skal gje gode knipetre i pære. Same metoden brukte han til å få best mogeleg trekvalitet på Discovery. Kjøling og ekspedering Fleire og fleire dyrkarar i Nederland og Belgia plantar no i april-mai, og det er viktig at lagringsforholda er optimale. Ved innsetjing vert trea dyppa i ei blanding av Benlate og Captan og lagra i to store kjølerom (450.000 og 350.000 tre) som har elektronisk styring av temperatur og luftråme. Temperaturen er 1,5-2 C (kjernetemperatur i trea) og råmen 98% RH (dei går aldri under 0 C på lageret). Det er installert etylenfilter som skal sikra at det ikkje vert etylenskade på trea, og desse filtera vert skifta kvart år. 5 og 5 tre vert pakka i nett og pakka i pallekassar med 600-1000 tre pr. kasse avh. av trestorleiken. Carolus er svært nøygen med at alt vert stabla slik at trea aldri vert trakka på når dei står i reolane på lageret. Ei hydraulisk spesialforlenging på trucken sine gaflar gjer at dei kan lasta alle tre frå ei side av traileren. Logistikken i ekspedisjonshallen er nøye planlagd, og dei lastar ein trailer med hengar på ½ time. Elles vart det nemt at røtene på Discovery produserer mykje etylen, og lett kastar knoppane. Dette har vore observert i Norge utan at me har visst årsaka til det. Ein må venta lengst mogeleg med å ta opp denne sorten, og ha etylenfilter i kjølerommet. Sprekking i barken som sorten har i felt meiner han også har samanheng med etylen, og at denne skaden kjem i periodar utan vekst. Trekvalitetar Carolus har ulike kvalitetsgraderingar for ulike sortar, men ynskjer helst minst 10 korte greiner (10+). Slike tre gjev 8 kg året etter planting. For Discovery er minimum 4+, og sorten Rubinola er også vanskeleg å få forgreining på. Knipetrea skal vera 3 cm tjukke ved basis og 1,80 m høge. Trea var litt mindre i år enn dei pleier p.g.a dårleg sommar, men dei var flotte. Koen Carolus viser forgreining på knipetre og har god grunn til å vera stolt over trekvaliteten!

Fruitboomkwekerij René Nicolai n.v. 25.08.05 Kontaktmannen vår hjå planteskulen René Nicolai (www.nicolai.be) var Florent Geerdens, som har vore eigar av denne planteskulen sidan 1999. Planteskulen vart grunnlagd i 1925 av René Nicolai, og gjekk frå far til son i 3 generasjonar. Paul Nicolai døydde berre 26 år gamal, og faren ynskte då å kvitta seg med planteskulen. Florent hadde vore tilsett i planteskulen sidan 1975, og fekk tilbod om å ta over. Nicolai planteskule er sterkt involvert på sortsfronten, og på nyvinningar innan grunnstammer. Det vert produsert 1 mill. grunnstammer pr. år, noko for eigen produksjon og noko for sal. Nicolai starta tidleg med virusfritt materiale av grunnstammer. Tidleg i 1960-åra selekterte dei mellom dei beste i grunnstammefelta og sette 30 utval i varmeterapi. Resultatet av dette vart dei virusfrie stammene RN1-RN30. I fleire andre land vart det gjort tilsvarande rensing i M9. I England kom M9 EMLA, i Frankrike Lancep, osb. RN19 og RN29 er litt sterkare enn standard M9, og er mykje etterspurde i U.S.A. (RN29 har også vore i produksjon i Norge). I Belgia er det ynskje om å ha stammer som er svakare enn standard M9, så no er den viktigaste stamma M9 T337 frå Nederland. Nye klubbsortar har svakare vekst, og det vert vurdert å gå opp på litt sterkare grunnstammer. Då kan RN-stammene bli meir aktuelle. I pære vert det øksla kvede C og kvede Adams, og i tillegg kvede A til Polen. Kvede A er meir frostherdig, men for sterktveksande i Belgia. I søtkirsebær er 90% av det som vert produsert på Gisela 5 som vert kjøpte frå Nederland eller Tyskland. Produksjonen på denne stamma er 10 kg/tre alt 5 år etter planting, og det når ein aldri med Prunus avium eller Colt. Gisela 5 kostar 1,70-2 (14-16 kr) pr. stk, og dette er rimelegare enn i Norge der den kostar 33 kroner (Gartnerhallen importerte i 2004 for 3,68 pr. stk). For 2-3 år sidan kom Gisela 6, og denne gjev 5-10% meir vekstkraft enn Gisela 5. Florent Geerdens trur den vil vera betre for dei sjølvfertile sortane (t.d. Lapins og Skeena) som ofte produserer for mykje og får for små bær på Gisela 5. Nicolai planteskule prøver å tilby sortiment for 7 veker med søtkirsebærplukking: Merchant/Burlat Samba Summit Kordia Skeena/Lapins Regina Sweetheart. Samba og Benton vert vurderte som lovande sortar, medan dei stogga øksling av Satin p.g.a. virus i materialet. Nicolai planteskule har lisensar for Delbard, WSU, Canadiske foredlingspogram, m.fl. For å gå inn på kontraktar om sortar, må dei ha gode data på sortane. Nicolai har også sertifisert produksjon, der dei også legg vekt på å ha jomfrueleg jord. Det er obligatorisk prøvetaking for nematodar, men dette er til vanleg ikkje noko problem når ein skifter jorda. Produksjonsmetode Til skilnad frå Carolus, brukar Nicolai grøngjødsling om hausten i staden for å brakka med roundup. Dei sår sennep som har djup rot, deretter vert grøngjødslinga pløgd nedi om hausten. Nicolai har både standard planteskule og ein økologisk planteskule. I den økologiske har dei problem med ugras, men det har vorte betre etter at dei tok i bruk voven svart duk. For tida er det liten etterspurnad etter økologiske tre, og dei vert omsette for 1 tillegg i prisen i høve til vanleg produksjon. Generelt ynskjer dei å ha felta lengst mogeleg vekk frå produksjonsfelt for å unngå frukttrekreft. Denne sjukdomen er den dei fryktar mest.

I søtkirsebær vert alle tre øksla med chip-budding, medan eple- og pæretre vert produserte både ved chip-budding og kopulasjon. I ugraskampen vert det brukt 3 sprøytingar med 3 liter paraqvat pr. haa. Den fyrste er tidleg, deretter sprøyter dei med simazin tidleg om våren. Andre paraqvat-sprøyting er i juni, medan den tredje er i august. Bladgjødsling vert gitt kvar veke (N, Mg, Mn). Mangan vert gitt berre når det er kaldt, medan det ikkje vert nytta bor eller sink. Desse næringsstoffa er det nok av i den næringsrike siltjorda som finst i området. Det vert alltid brukt bladgjødsling ved bruk av plantevernmiddel. Avbladingsopplegget var litt annleis enn hjå Carolus. Frå midt i september vert det sprøytt 2-3 gonger med koparsulfat i aukande dose ein gong pr. veke. Fyrste sprøyting er 2-3 kg pr. haa, aukande til 5-6 kg/haa. Kring 10-15. oktober vert avbladinga fullført med koparchelat. Truleg vil koparkalk ha same effekt som koparchelat. Thomas Hesthamar var nøgd med trekvaliteten hjå Nicolai! Trea vert tekne opp frå månadsskiftet oktober-november, fyrst kirsebær, deretter pære og til slutt eple. Opptaket bør vera ferdig kring 10. desember, for då startar opptaket av grunnstammene som må vera oppe før frosten kjem. Kjøling og ekspedering Etiketten på trea viser kva type tre det er. CAC-materiale er ikkje virusfritt, og har til vanleg ein kvit etikett. Etiketten garanterer at det er rett sort, men ikkje noko meir. Slik merking kan vera aktuell t.d. for ein ny mutasjon der reinsinga ikkje er fullført. Proefcentrum voor fruitteelt (PCF), St.Truiden 25.08.05 Denne forskingsstasjonen er ein av tre som har anvendt FoU i Belgia (http://www.pcfruit.be/). Stasjonen i Tongern arbeider med veksthuskulturar og bær, i Velm (St.Truiden) er det sortar og dyrkingsspørsmål i eple, pære og søtkirsebær, medan stasjonen i Gorssem arbeider med meir grunnleggjande spørsmål innan plantevern. Me fekk orientering og omvisning av dir. Jef Vercammen som nemnde at dei tre einingane truleg vert slått saman til ei eining, men det skortar på pengar. Totalt arbeider det 90 personar i PCF, men i St.Truiden er dei berre 11 (3 vitskapleg personale og 4 forskingsteknikarar). Vercammen er administrator.

Sortsarbeidet vert sett som svært viktig. Jonagold går dårleg i marknaden og må erstattast (på same måte som Gravenstein hjå oss). Tre til forsøka vert laga av ein lokal planteskule som får mormateriale med kode. Det vert podar 20 tre og PCF vel ut dei 10 beste til fyrste steg i utprøvinga. Av desse 10 vert 6 planta i standard dyrkingsforsøk medan dei 4 andre går til ein parsell med sterkt redusert plantevernprogram. I pære vert alle poda på kvede C med Hardy som mellomstamme. Dei som synest lovande går til andre steg i utprøvinga, og då vert det planta 100 tre pr. sort. I dette steget vert kompatibilitet med kvede testa i pære. Det er ikkje handelsdyrking av plommer i området, og fersken er også borte frå produksjon etter at billeg frukt frå sør-europa har kome inn. Tidlegare arbeidde stasjonen i Rillaar mykje med plommer (Hilde Wustenbergh), men denne stasjonen er no nedlagd. PCF St.Truiden hadde litt plommer fram til i fjor vinter, men alt er no rydda. Det vert arbeidd berre med dei artene der fruktdyrkarane kan tena pengar og der kunnskap er etterspurd. For tida er det ikkje spørsmål etter plommer, fersken eller aprikos. Finansieringa er samansett, og for kvar 100 dei får frå staten, må dyrkarane inn med 75. Dyrkarane sine bidrag kjem i hovudsak frå frukt-kooperativa, og dei er såleis sterkt delaktige i kva som skal forskast på. I tillegg får dei litt midlar frå provinsen og har ein del mindre prosjekt. Tidlegare ytte EU mykje midlar til marknadsregulering i eple, men dette måtte gjerast som fylgje av internasjonale handelsavtalar. EU gjev no midlar til reorganiseringsaktivitetar i tidsbolkar på 3-5 år, og kooperativa søkjer midlar med opplista punkt over tiltak dei ynskjer å gjennomføra (m.a. FoU og rådgjeving). I desse programma yter EU 50% av kontantmidlane, dyrkarane 50%. Med andre ord er dei avhengige av å ha ei sterk næring bak seg for å kunna løysa ut store EU-midlar. På forskingsstasjonen såg me at sortering av Delcorf-forsøk var i gang. Sorteringsmaskina var kobla til eit datasystem og kunne sortera på mange parametrar. Dei hadde fått vesentleg betre tilbakemeldingar på sortsforsøka etter at dei tok i bruk denne sorteringsmaskina, for det er lettare å formidla kor gode sortane er når dei vert sorterte slik vanleg praksis er hjå fruktlagera. Haspengoud fruktkooperativ 25.08.05 På dette fruktlageret hadde dei auksjonsur, og totalt fruktmottak var om lag 150.000 tonn pr. år, altså nær 15 gonger meir enn heile den norske produksjonen. Det går mindre frukt over auksjon no enn før, sidan meir går på forhandlingar og kontrakter direkte med kunden. Auksjonane er kobla saman, slik at ein oppkjøpar kan handla på fleire auksjonar samstundes. Auksjonsur hjå Haspengoud Ein liten del av berget med haustekassar hjå Haspengoud

Ein del dyrkarar lagrar frukta på lageret, medan andre har lager og sorteringsmaskiner heime. Dei kjem då med frukta inn til Haspengoud der frukta vert kontrollert og klassifisert før ho går ut på auksjonen. Totalt er det 1000 dyrkarar med i kooperativet, og mottaket i Haspengoud kan lagra 35.000 tonn i ULO-lager. Pakkeriet har 2 ulike linjer. Den eine linja sorterer i storkassar, slik at dei kan køyra storkass direkte ut i supermarknad. Graderinga er 5-mm klassar, og sorteringa føregjekk med minimal bruk av personale. Den andre linja sorterer og pakkar i flowpack (6-pack), 2-kg pose og 7 kg trekassar. Trekassane har to hovudkvalitetar: Haspengoud som er den finaste sorteringa der kvart eple er etikettert, og lauspakka estival som er litt svakare kvalitet. Desse merka er tilsvarande enza og cape. Enza hadde hovudkontoret for Europa rett over vegen for Haspengoud. Då me var der, vart Jonagold som var lagra frå 2004, seld for heilt ned i 8 eurocent pr. kg! Kostnader til lagring og pakking er 25 eurocent (kr. 2,-) og produksjonskostnadane er jamt over kring 35 eurocent (kr. 2,80). Alt under 60 eurocent (4,80) er såleis reint tap for produsentane når frukta skal lagrast. Mange produsentar som har vore trege med å fornya sortimentet, står no framfor store økonomiske problem. Det er viktigare enn nokon gong at dyrkarane vel rett sort og art, og situasjonen vil bli kritisk for dei som har mykje Jonagold. Klubbsortane medfører store meirkostnader for dyrkarane, og ein veit ikkje kor mykje dei vil gje. Mange fruktdyrkarar ser seg difor om etter nye sortar som ikkje vert dyrka etter klubbkonseptet. Problemet er at klubbsortane har ein sterk PRpakke med seg, og det er vanskeleg å få til ei skikkeleg marknadsføring av andre sortar. Eit døme på dette er Pinova, som er ein god sort, men som ikkje kjem skikkeleg i gang fordi ingen tek ansvar for marknadsføringa. Vermeerderingstuinen, Horst, Nederland, 26.08.05 Den nederlandske formeiringsstasjonen (www.vermeerderingstuinen.nl) heitte tidlegare Naktuinbouw, forkorta NAKB, og det var dette namnet som vart brukt i daglegtale hjå planteskulane. Denne formeiringsstasjonen er tilsvarande Gartnerhallens eliteplantestasjon, og sel kvist til heile Europa. Formeiringsorganisasjonen er ei stifting utan statlege tilskot. Tidlegare var formeiring og sertifisering same stiftinga, og starta som eit samarbeid mellom planteskulane Frå år 2000 vart formeiringsstasjonen og den eininga som handterer sertifisering og kvalitetskontroll skilde som eigne stiftingar. Medlemer i stiftinga har fortrinnsrett til kvist i tilfelle mangel på materiale. Dette skjer t.d. ved introduksjon av nytt materiale, for frå ein ny sort vert introdusert i formeiringsstasjonen til fyrste eliteproduksjon går det minst 6-7 år, litt avhengig av kor stabil klonen er. Det er få stasjonar i verda som produserer elitemateriale i frukt, og dei deltek aktivt i eit internasjonalt nettverk på dette området. Prosser i U.S.A. og CTIFL Lanxade i Frankrike er to av dei viktigaste. Det er 2 slike formeiringsstasjonar som utfyller kvarandre i Nederland - Horst og Zeewolde. Stasjonen i Horst har frukt medan Zeewolde har prydtre og grunnstammer. Produksjonen i Horst er 30 millionar okulasjonsauger og 7 millionar podingar pr. år som vert produsert på 12 ulike lokalitetar. Eple utgjer 90%, pære 5% og resten er steinfrukt.

Rensing og testing Det er sortseigaren som betalar for rensing og testing, og alle tenester frå rensing til komplett testing og oppbevaring av mortre er prisa separat. Rensing og testing av eple kostar 4.000 (32.000 kr.). Stasjonen har fleire rom til å gjennomføra termoterapi, og den beste tida for å starta denne prosessen er i februar-mars. Plomme-materialet frå Romania er mest alltid infisert med Sharka, og dei køyrer standard rensing før materialet vert teke inn i prøving. Elles har CTIFL Lanxade i Frankrike spesialisert seg på steinfrukt og Horst er spesialistar på kjernefrukt. Slik spesialisering er nødvendig i og med at plante-artene oppfører seg ulikt i termoterapi. Vekstkammera var små og hadde glatte vegger og tak. Oppvarminga skjer ved varmtvassutveksling som gjev nøyaktigheit på +/- 0,5 grader, og litt variasjon i temperaturen er gunstig for plantene. Temperatur-reguleringa skjer ved hjelp av datamaskin. Luftråmen i romma bør vera 60-65 %. Dersom den vert for høg (>70%RH), vil spalteopningane opna seg og plantene visnar. Dette er mest problem viss det er få planter i rommet. Trea står på perforerte metallplater på golvet og vert ikkje flytte. Varmlufta stig opp gjennom desse hola og går ut gjennom taket. Prisen for å gjennomføra termoterapi er 780 (6.300kr) pr genotype. Rensinga startar med ein førekultur i veksthuset slik at podingane kjem i gang. Temperaturen i cellene vert auka frå 24 til 34 C på 10 døger. Natte-temperaturen er 3-4 C lågare enn dagtemperaturen og det er 16 timars fotoperiode. Frå 34 C vert temperaturen trappa opp med 0,5 C annakvar dag opp til 37 C eller litt over alt etter kor mykje sorten tåler. På denne høge temperaturen står trea i minimum 3 veker. Tip-poding skjer ved ulike tider utover i termoterapien, og dei tek vare på den beste. Termoterapi er ein prosess som krev grøne fingrar og grøne auger, og sortane reagerer ulikt både på varme og om dei har virus i seg. Virologen på Horst meinte det er større sjanse for genetiske endringar ved in vitro formeiring enn ved termoterapi. Etter at termoterapien er ferdig og det er gjort tip-podingar, vert materialet testa for mange vira. Dei brukar mykje Elisa og PCR-testar, og ein del testar tek svært lang tid. Dei ulike testane kostar ulikt mykje, og det er kunden som vel kva som skal utførast. Dersom materialet skal inn i sertifiseringssystemet, må eple testast for 22 ulike virus. Kjernemateriale ( Nuclear stock ) Kjernematerialet står i potter i insekt-tette veksthus i Horst (klassifisert som N3). Det står fleire tre av kvar type, alt etter kor mange sortseigaren ynskjer å ha, og trea vert skorne om lag som bonzai. Trea står vanlegvis i 15-20 år, men det fyrste virusfrie treet som vart produsert i 1961, er oppbevart som kuriositet. Dyrkingsmediumet er jord som er sterilisert med γ-stråler, og pottene står på mypex-duk over lavastein. Oppbevaring av kjernetre er fullt betalt av sortseigarane, og dei bestemmer korleis dei vil ha det med kontroll, formeiring, etc. Kostnadane til årleg vedlikehald pr. plante er 60 (480 kr), og til vanleg oppbevarar dei 3-4 tre pr. sort. Det vert skore inn podekvist til om lag 100 podingar frå kvart tre kvart år. Desse vert lagra ved 0,5 C og ligg i 3 år før dei vert kasta. Såleis har dei liggjande 3 årgangar med 100 podingar frå kvart år og kvart tre som ein back-up i tilfelle noko skulle skje med kjernetrea.

Elitemateriale til pomologisk kontroll ( Propagation stock ) Frå kvart av kjernetrea vert det produsert 1-10 eliteplanter (klassifisert som Propagation stock P3 ) som vert planta i Zeewolde for grundig pomologisk kontroll. Denne kontrollen skjer i 3 påfylgjande år før ein går vidare i formeiringsprosessen. Planteskulefolk, fruktdyrkarar, rettleiarar og forskarar samlast 7 gonger i sesongen og kasserer dårlege typar. Kvart 10. år fornyar ein trea i P3. Dette for å sjå at stabiliteten på kjerneplantene er i orden, og at ein heile tida har det beste materialet. Tidlegare var det sterkast fokus på virusreint materiale, men dei legg no også svært mykje vekt på at det er gode typar. Til vanleg økslar dei berre på den beste klonen. Som døme på ustabile klonar vart nemnt raud Elstar der dei hadde totalt 80 tre til pomologisk kontroll. Av desse er det no berre att 3-4 som dei arbeider vidare med. Andre sortar er svært stabile. Frå P3-nivået kan dei gå tilbake og rydda dårlege kjerneplanter. Elitemateriale til formeiring Etter at den pomologiske kontrollen er ferdig, startar dei formeiring av elitetre ( propagation stock P5 ). Elitetrea vert planta tett (1x1,5m) og det blir produsert kvist i 4 år, deretter vert trea rydda og nye tek over. Det vert produsert ¼ av trea som er i produksjon kvart år, slik at dei har elitetre av fleire årsklassar. Totalt produserer dei 60.000 mortre kvart år. Elitetre i eple vert poda på MM111 eller frøstamme, pære på BA29, plomme på St.Julien A og kirsebær på Colt. Eplefrøstamme vert produserte frå eigne frøkjelder i veksthus ( Bittenfelder ). I viktige sortar er det opp til 25.000 tre på P5, og dei ulike elitekjeldene frå P3 vert ikkje haldne frå kvarandre når kvisten vert seld. Alt i alt er det 55 haa med 340.000 tre i produksjonsfelt i Horst. Elitetrea vert planta på registrert jord, som er sjekka for hovudsjukdomar i samsvar med EU sitt plantehelsedirektiv. Tagetes vert brukt som førekultur for å redusera talet på nematodar. Sorten Tagetes patula nana Sparky er rekna for å vera den beste i så måte, og den vert fresa ned i jorda i grøn tilstand. Dei vil ha minimum 2 år mellom epleplantingar (eitt år brakk og eitt år tagetes), og har såleis mindre krav til vekstskifte enn planteskulane. Jorda vert desinfisert med metam-na kvart 5. år. Virologen frå Horst og Sjaak Walraven frå Fleuren ved produksjonstre for elitemateriale Sortar det er lite spørsmål etter og steinfrukt står opp til 10-12 år i eliteplantingar (P5) på avstand 3,5 x 1,5 m og med dryppvatning. Desse felta låg inntil bygningane og vart nytta i samband med omvisningar. Alle felta vert gått gjennom ein gong pr. veke og sjekka for avvik. Dersom det er avvik vert trea merka, slik at det ikkje vert skore kvist av desse. Trong for plantevern vert også sjekka kvar veke. All blom på eple- og pæretre vert fjerna i ballong, men dette er ikkje råd og gjennomføra i steinfrukt.

I plommer vart det poengtert at det ikkje må skjerast for mykje kvist av eitt tre, men heller gå langs rekkjene og ta av mange tre. Dersom ein tek for mykje av eitt tre, vil ein få fysiologisk sylvglans året etter. Mange tre hadde slik sylvglans i feltet. Dei har poda 100 tre frå grøne tre og 100 tre frå tre med fysiologisk sylvglans, og desse trea vart heilt like. Også i Horst vart det nytta flittig Paraqvat og i tillegg ei spiregift (ikkje simazin). Roundup vart nytta til flekkbehandling av problemugras. Grunnstammeproduksjon All grunnstammeproduksjon skjer ved tilhyppingsmetoden. Dei er ikkje sikre på at in vitroformeiring, som vert brukt i Norge, gjev tilstrekkeleg einsarta grunnstammer. Det finst ikkje in vitro laboratorium i Horst, for kostnadane vert for høge med denne metoden i fruktformeiring. Dei fleste planteskular har eigen grunnstammeproduksjon, med organisasjonen har 200 haa grunnstammer som det vert levert elitemateriale frå. Hausting og ekspedering av kvist Kunden spesifiserer kvist-tjukn som vert definert i 3-4 storleikar: Tunn/medels (5-7mm) medels (7-9) grov (9-11). Dei kan også levera under 5 og over 12. Til okulasjon/chipbudding vert det brukt mest 5-7mm, medan det går mest 7-9 mm til poding. Etter registrering av ordren, vert det skrive ut etikett og liste for det som skal skjerast inn. Okulasjonskvist vert skoren og etter brusing med vatn, transportert inn på kjøl i vogner der den står ved 4-5 C i 1-2 timar. Avbladinga går deretter raskt ved å halda i skotspissen og stryka skota av. Fjerning av bladstilken hadde ingen negativ effekt, og vart brukt på det aller meste av kvist til okulasjon og chip-budding. Dersom kunden ynskjer å ha med ein del av bladstilken, vert den køyrd gjennom ei spesiell maskin. Etter avblading vert kvisten pakka i spesielle plastposar, lufta klemd ut, og den går på nytt inn på kjøl v/ 3 C i 3 timar før sending (kan liggja slik på kjøl i 3 veker). Det vert ikkje brukt våte aviser som er vanleg i Norge. Avblading av kvist til okulasjon/ chip-budding Dersom heile rense- og testeprosessen er ferdig, vert kvisten sel med oransje merkelapp merka sertifisert virusfri ( Gecertificeerd virusvrij ). Kvit etikett vert nytta når den pomologiske testinga er ferdig, men materialet ikkje er ferdig testa for alle virus. Materialet vert då merka sertifisert ( Gecertificeerd ). Fleuren Boomkwekerij, Nederland, 26.08.05 Fleuren planteskule (www.fleuren.net) ligg i Baarlo, og er ei familiebedrift som starta opp i 1922. Noverande direktør er Hans Fleuren, men me vart viste rundt av marknadsansvarleg Sjaak Walraven. Totalt har denne planteskulen 35 tilsette og 20 sesongtilsette. Fleuren er også godkjend for produksjon til verna sone, og opplegget var mykje likt som hjå Carolus og Nicolai. Produksjonen er 70% eple, 20% søtkirsebær og 10% pære, og her var

såleis mest søtkirsebær i høve til dei andre. Totalt sel dei 1,2-1,5 tre pr. år og ha 2,5 mill tre under produksjon. Fleuren har ikkje plommer, då dette er ein liten kultur i Nederland, men dei kan produsera på kontrakt. Planteskulen treng 45 haa nytt areal kvart år, og ein del felt ligg 20 km frå kontor og lager-bygg. I Nederland vert det no planta mykje i mai, noko som set krav til større kjølekapasitet for planteskulane. Fleuren har kjølelagerkapasitet til 110.000 tre, men leiger mykje kjølerom i distriktet. Kjølelagring er kostbart, og kostnadane til dette vert lagt til treprisen. Lagringa føregår ved 1 C og 90 % RH (helst opp mot 95%). Fleuren har ikkje installert etylenfilter, men vedgår at dei burde hatt det. Produksjonen er basert på poding og okulasjon, halvparten av kvar. Etter dårleg tilslag med chip-budding for 5-6 år sidan, gjekk dei over til okulasjon, men dei vurderer å endra dette att. Okulasjonen skjer i tettplanting, og grunnstammene med okulasjonsauga vert tekne opp i november og lagra ved 2 C. Om våren vert grunnstammene med tilslag på okulasjonen planta ut saman med podingane på avstand 90 x 0,35. Tidlegare brukte dei 70 cm radavstand, men i Italia vert det brukt 1 m og dei meiner at 70 cm gjev for lite lys mellom trea. Difor har Fleuren auka radavstanden ein del. Samleband for handpoding hjå Fleuren Fleuren har vatningsanlegg i alle felta. Dersom jordeigaren ikkje har vatn på eigedomen, deler dei på utgiftene til boring, elles er det uaktuelt med leige. Området i Baarlo der Fleuren har sin planteskule har mindre nedbør enn der Carolus og Nicolai driv, i tillegg til at jorda har mindre vasskapasitet. Dei to belgiske planteskulane hadde ikkje vatning. Før planting tilfører Fleuren 50-60 tonn avfall frå champignon-produksjon pr. haa. Dette gjev god fertilitet i jorda, og dei kjem gjerne inn etter asparges som førekultur (har truleg samanheng med stor asparges-produksjon i området). Poding skjer etter samleband-prinsippet i lokalet hjå Fleuren. Røtene vert dyppa i vatn før podingane vert lagde inn på lager. Utplantinga skjer med ei eigenprodusert plantemaskin der 6 personar legg planter i belta. Effektiviteten er høg: 45 haa vert planta på 2 veker. I Nederland er det ikkje tillete å bruka simazin, og dei likar heller ikkje Finale. Trekvalitetar og prisar Fleuren har 3 kvalitetsgraderingar av søtkirsebær, og 4-5 graderingar i eple. Beste kvalitetsgradering i eple er 7+. Skilnad på sorteringane er om lag 50 eurocent (4 kr.). Prisen pr. tre er 3-4 pr tre, men den sveitsiske klubbsorten Junami kostar 5. Søtkirsebærtre kostar 7,5 pr. tre av beste kvalitet på Gisela 5.

Grunnstammer Fleuren har fått tak i to lovande morell-stammer frå Krymsk (Krymsk 1 og 2). Elles vert moreller i hovudsak produserte på Gisela 5, men også på Gisela 3, 5 og 6. I pære har Fleuren ei eiga stamme som dei er byrja øksla. Kvede Fleuren har veksekraft om lag som kvede Adams (svakare enn kvede A), har vore produktiv i forsøk og er meir herdig enn kvede Adams. Grunnstamma M9 Fleuren 56 er ein eigen seleksjon i M9 som er 15% svakare enn M9 T337. Tidlegare hadde dei ein eigen forskingsavdeling for utvikling og utval i grunnstammer, men dei har lite aktivitet på dette feltet no. Nytt frå sortsfronten Jonagold Red Prince er 2-3 veker tidlegare enn standard Jonagold og kan vera interessant hjå oss. Hjå Carolus fekk me sjå og smaka 3 epleseleksjonar med mogningstid frå Discovery til Elstar, som er foredla ved ein annan planteskule ( Better3fruit ) i Belgia. Den eine kan lagrast i 6-7 mnd, og alle smaka godt. Det kjem til å bli søkt rettsvern for sortane i EUi løpet av vinteren, men namna er ikkje klare. Viss det skal produserast tre for Norge, må det søkjast rettsvern for sorten også her i landet. Sortane skal lanserast etter eit konsept for torghandel og lokal handel, og skal ikkje inn i supermarknader, men det kan evt. gjerast annleis i Norge. Me fekk sjå og høyra om mange seine klubbsortar. Inova er eit selskap i Nederland som har hand om mange klubbsortar, m.a. Rubens. Denne sorten er seinare enn Elstar og såleis for sein for oss. Junami [(Maygold x Idared)xElstar] er frå sveits og er ein klubbsort som treng lang vekstsesong (mognar kring 10.oktober i Nederland). Kanzi mognar om lag samstundes som Junami. Corina (syn. Vroege Conference Saels) er 2-3 veker før standard Conference og vert forhandla av Nicolai. Denne sorten fekk me til Njøs i 2001, og fyrste avling vil koma hausten 2005. Ein så tidleg mutasjon i Conference kan vera svært interessant for oss. Delcorf (til høgre) med to lovande raude mutasjonar, der Appache ser ut til å vera den beste

Me fekk elles sjå to flotte raude mutasjonar i Delcorf som såg svært lovande ut, også for norske forhold. Dette var Appache og Embassy. Appache er i sortimentet både til Fleuren og Nicolai. Det er også aktuelt å ta inn og prøva M9 utvala Fleuren 56 og T337 i tillegg til kvede Fleuren for pære. Viktige moment Iflg. Florent Geerdens ved Nicolai planteskulen er ikkje pærebrann noko stort problem i Belgia. Då sjukdomen kom for 20-25 år sidan, var det panikk mellom dyrkarane, men dei har lært seg å leva med den. Han har aldri sett eplefelt som har hatt store skadar i Belgia, men derimot i mange sørlegare land. I pære derimot, har det vore store skader i utsette sortar (t.d. Tongre), og ein kjenner til frå Tyrol at eplesorten Pinova er svært utsett. Det er viktig å kjenna symptoma og skjera ut infiserte greiner snøgt. Me kjenner til at andregongs bløming om sommaren er viktig inngangsport for pærebrann, men Florent nemnde også at haglskade kan vera inngangsport. Pærebrann har svært sterkt fokus i den sertifiserte produksjonen, og det synest for oss lite risikabelt å importera materiale som er godkjent i høve til EU sitt plantehelsedirektiv. Derimot vil me gjerne påpeika at andre skadegjerarar kan koma med materiale. I eitt av felta såg me ein heil del Colorado-bille og inne i trerekkjene såg me tydelege symptom på eplebladgallmygg. Begge desse er karanteneskadegjerarar hjå oss. Det vil såleis alltid vera ein viss risiko ved å importera materiale, men det er også risiko ved å flytta materiale innnanlands. Med god inspeksjon og klåre retningslinjer for kva skadegjerarar som Norge har vernesonestatus for, bør det vera god tryggleik ved import. Alle planteskulane produserer sertifiserte tre på friland og jomfrueleg jord, på same måte som Fjeld hagebruk produserer i Norge. Planteskulane produserer grunnstammene sjølve til ein kostnad på 30-35 eurocent (ca kr. 2,50), og gjennomfører nøye kvalitetssortering av stammene før bruk. Dette er ein vesentleg lågare kostnad enn den norske produksjonen. All kvist vert henta frå eliteplantestasjonen i Horst, men prisen på kvisten er om lag på nivå med den norske. Den norske frukttreproduksjonen er ikkje sertifisert, sjølv om det finst retningslinjer for slik produksjon. Sertifiseringssystem er bygd opp kring EPPO-standardar, og det norske sertifiseringssystemet er bygd på dei same prinsipp som dei andre nordiske landa og elles i Europa. Me fekk ikkje detaljert kjennskap til det Belgiske og nederlandske sertifiseringssystemet, og dette bør gjennomgåast før evt. import vert sett i verk. I dei tilfelle at dyrkarane skal eksportera frukt og det vert stilt krav om EUREPGAP-godkjenning, må trea som vert sette inn i produksjonen vera sertifiserte. Tidlegare var royalties på nye sortar rundt ein gylden pr. tre (ca 3 kroner), men no er det vanleg med 1 (ca 8 kroner). I søtkirsebær kan det vera over 1,50 pr. tre, men kundane betalar dette for å få tilgang til dei nyaste og beste sortane. Grunnen til den kraftige prisauken er m.a. at sortsforedlinga i stadig større grad vert finansiert gjennom inntening frå marknaden og med mindre offentlege tilskot. Konklusjon Dei tre planteskulane me vitja hadde god styring på produksjonen, og alle er sertifiserte for produksjon til verna sone for pærebrann i fylgje EU sitt plantehelsedirektiv 2000/29 EC. Trekvaliteten på knipetrea var svært god, og er vesentleg betre enn standardtre som vert

produserte i Norge. Prisen for importrerte standardtre vil truleg liggja på kring 40 kroner for knipetre inkl. transport, og er såleis lågare enn prisen for eittårstre i Norge (som er ca 50 kroner). Trekvalitet på forgreina eittåringar var ikkje svært ulik dei beste trekvalitetane som vert produserte på friland i Norge. Hovudskilnaden er at planteskulane i Nederland og Belgia legg hovudinnsatsen på treet det andre året, og at produksjon av toårstre i Norge er dyrt og har vore lite nytta. Naturgitte føresetnader, produksjonsvolum og tilgjengelege innsatsfaktorar gjer at dei kan levera 2-års tre til under det eittårstre kostar i Norge. Grønpisk frå plasthus og veksthus som har vore ein vesentleg del av den norske frukttreproduksjonen, fell heilt igjennom på kvalitet. Norske tre er litt dyrare, men ikkje så mykje at det har særleg innverknad på produksjonsøkonomien i eit omlaup. Eittåringar krev kortare tingingstid, men er eit dårlegare utgangspunkt ved etablering av frukthage. Det er likevel eit fullt brukbart utgangspunkt, og i dette segmentet bør norske planteskular kunna konkurrera dersom produksjonen blir lagt opp etter same mal som i utlandet, og på dei best eigna lokalitetane. Kvalitetskontrollen av mormaterialet verka svært tillitsvekkjande - særleg den kontinuerlege pomologiske kontrollen og rask utskifting av elitetre. Grunnstammeproduksjon ved tilhyppingsmetoden har ikkje vore vellukka i Norge, men produksjon frå in vitro synest ikkje å vera konkurransedyktig korkje på pris eller kvalitet. Her bør vurderast endringar i korleis grunnstammeproduksjonen føregår, og korleis arbeidet til ferdig tre skal organiserast for å få ned kostnadane på norske frukttre. Gartnerhallens eliteplantstasjon bør også vurdera å etablera eit nærare samarbeid med eliteplantestasjonen i Horst for å oppdatera teknikkar, krav til sertifisering av produksjonen og logistikkløysingar. Det kan verta vanskeleg for Gartnerhallens eliteplantestasjon å konkurrera både i grunnstammeproduksjon og kvistproduksjon, på same måte som at planteskulane ikkje vil klara å produsera tilsvarande kvalitet til konkurransedyktig pris. Dette skuldast i hovudsak naturgitte føresetnader som klima og tilgang på eigna jord, men også andre generelle produksjonskostnader og omsett volum. Generelt inntrykk var elles at det er lettare å konkurrera på trekvalitet innan steinfrukt enn på kjernefrukt. Den norske fruktnæringa må på bana for å få tilgang til aktuelle utanlandske klubbsortar. Dette kan skje gjennom ei sterkare organisering av næringa eller ved eit samarbeid med Graminor. Gartnerhallen har iflg. Aksjelova ikkje høve til å vera nasjonal representant for sortsmateriale i og med at dei er aksjonær i Graminor. Samla sett er hovudkonklusjonen frå studiereisa at norsk frukttreproduksjon har små sjansar til å konkurrera i åra som kjem om det ikkje vert sett inn særskilde tiltak. Dette gjeld også aktiviteten knytt til eliteproduksjon av kvist og grunnstammer. Dersom me får import av vertplanter for pærebrann om få år, vil dei norske aktørane måtta finna seg nisjer i marknaden der ein er konkurransedyktig, og spesialisera seg på desse. Aktivitetar med basis i in vitro kompetanse kan vera ein av desse konkurransefordelene, særskilt sortiment for norske dyrkingsforhold er ein annan.

Forslag til konkurransestrategiar 1. Få på plass god produksjonsplanlegging i fruktmottaka 2. Få tilgang til klubbsortar som er eigna for produksjon i Norge 3. Rask og god utprøving av nye sortar frå norsk og utanlandsk foredling, herunder også testing i marknaden og sertifisering av treproduksjonen 4. Etablera sertifisert produksjon av frukttre i Norge 5. Fornya og forbetra klonutval i kvistbanken ved Gartnerhallens eliteplantestasjon 6. Utvikla meir kostnadseffektiv norsk grunnstamme- og kvistproduksjon, og større sikkerheit for genetisk stabilitet 7. Vidareutvikla frilandsproduksjon av frukttre gjennom kompetanseheving, tilgang på nødvendige vekstregulatorar og ny teknologi 8. Utvikla nye system for frukttreproduksjon i potter i plasthus/veksthus 9. Utprøving av nye typar plasttunnellar i frilandsproduksjon av frukttre 10. Vidareutvikling av E-plantsystemet som merkevare 11. Etablera eit trygt system for import av frukttre til Norge