saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 21.02.2012 10347/2012 Hilde Johanne Svendsen Saksnr Utval Møtedato Fylkestrafikktryggingsutvalet 28.02.2012 Utarbeiding av trafikktryggingsstrategi for Møre og Romsdal Bakgrunn Trafikktrygging er eit overordna mål for alt arbeid vi driv med innan samferdsel. Møre og Romsdal fylkeskommune (MRFK) har ikkje hatt ein eigen plan eller strategi for trafikktrygging, og fylkestrafikktryggingsutvalet (FTU) har bedt om at vi startar arbeidet med ein strategi. Trafikktryggingsarbeidet i Møre og Romsdal har vore styrt gjennom 4-årige handlingsplaner for trafikktrygging. Trafikktryggingsarbeidet nasjonalt, regionalt og lokalt skal vere med på å bidra til å kome så nært opp til nullvisjonen som mogleg. Nullvisjonen er forankra i nasjonal tiltaksplan for trafikktrygging og i NTP. For at Møre og Romsdal skal kunne vere med på ei langsiktig satsing for å betre trafikktrygginga i fylket er det viktig at vi utarbeider ein strategi for dette. Det er Statens Vegvesen (SVV) gjennom sams vegadministrasjon som utfører det faglege arbeidet i samband med trafikktryggingsarbeidet i MRFK. Vi vil gjennom SAMS vegadministrasjon be om at det blir utarbeidd ein trafikktryggingsstrategi for Møre og Romsdal. Trafikktryggingsstrategien sin plass i det fylkeskommunale plansystemet Denne strategien skal vere eit innspel til planar og målsettingar i det fylkeskommunale plansystemet, og då først og fremst Handlingsprogram samferdsel. Fylkesplanen i Møre og Romsdal er delt inn i fire satsingsområde; kultur, kompetanse, verdiskaping og samferdsel. Samferdsel er nytt satsingsområde i fylkesplanarbeidet. Krava i plan og bygningsloven vil vere innfridd i arbeidet med Handlingsprogram samferdsel, noko som mellom anna betyr at vi ikkje er pålagt å sende strategien ut på høyring. Dette er noko vi vil vurdere i prosessen. Figuren under viser korleis fylkesplanen er bygd opp, og korleis ein trafikktryggingsstrategi vil vere plassert:
Side 2 Innhald i trafikktryggingsstrategien Hovudmålsettinga med ein trafikktryggingsstrategi er å få eit godt verktøy for at vi i Møre og Romsdal kan bidra til auka satsing på trafikktrygging, noko som igjen kan føre til redusert tal ulykker. Ei heilskapleg satsing saman med gode samarbeidspartnarar kunne gi ei auka satsing på trafikktrygging. For å få til denne heilskaplege satsinga er det nødvendig å utarbeide ein strategi som seier noko om ulike tema. Strategien skal mellom anna seie noko om: Innleiing Organisering av FTU i Møre og Romsdal Dei konsultative medlemane Anna generell informasjon Samarbeid og aktørar Fylkestrafikktryggingsutvalet (FTU) er eit underutval til samferdselsutvalet og har vedtaksmynde i mindre tilskotssaker for trafikktryggingstiltak, og dei sender tilrådingar i saker med større beløp til samferdselsutvalet. Sekretariatet for FTU har tidlegare vore hos Statens Vegvesen, men etter vedtak i Fylkestinget i 2011 (T-20/11) vart sekretariatsfunksjonen overført til MRFK og samferdselsavdelinga. Forvaltningsreforma av 01.01.2010 innebar ei ansvarsoverføring innan trafikktryggingsarbeidet, og for at vi best mogleg kunne ta dette ansvaret var det nødvendig med ei styrka koordinering mellom utvala innan samferdsel. Ved å flytte sekretariatsfunksjonen over til MRFK fikk også SVV frigitt kapasitet. Denne kapasiteten kan brukast til styrka fagleg arbeid innan trafikktrygging.
Side 3 Det gode samarbeidet med SVV skal halde fram, men no vil rollene vere dei same som for andre vegsaker. Det betyr at MRFK bestiller tenester frå SVV, og SVV leverer til MRFK. I samband med endringa i organisering vil det vere naturleg å sjå på alt arbeid innan trafikktrygging på nytt. Det vil seie at vi mellom anna skal sjå på: Samarbeidet mellom MRFK og SVV. Dei konsultative medlemmane si rolle i trafikktryggingsarbeidet i Møre og Romsdal Korleis vi organiserer FTU i forhold til SA. Det vil seie korleis vi handterer budsjettprosessar og arbeidsdelinga mellom FTU og SA. Generelt om aktørane innan trafikktryggingsarbeidet i Møre og Romsdal Nasjonale føringar Nullvisjonen er det overordna målet i Nasjonal Transportplan og Handlingsplan for trafikksikkerhet på veg. Det bør skrivast kort om kva krav nasjonale føringar sett til trafikktryggingsarbeidet i fylkeskommunane. Kva krav som er til kommunane bør også omtalast. Analyse av ulykkene i Møre og Romsdal Administrasjonen har bestilt ei analyse av ulykkene i Møre og Romsdal. Dette arbeidet har Statens vegvesen starta på, og administrasjonen har mottatt eit utgangspunkt for analysen. Analysen vil bli levert av Statens vegvesen og vil vere eit viktig bidrag inn i strategien. Analysen skal framstillast så kortfatta som mogleg, og det er viktig at det gjennom tilrådingar til strategiar tar utgangspunkt i denne analysen. Mål for trafikktryggingsarbeidet i Møre og Romsdal Her skal dei overordna måla for trafikktryggingsarbeidet i Møre og Romsdal utarbeidast. Vi ser for oss at det blir utarbeidd eit eller fleire generelle overordna mål for Møre og Romsdal, og at det i tillegg blir utarbeidd delmål. Analysen av ulykkene i Møre og Romsdal skal vere nullpunkt i arbeidet, og delmåla skal synleggjere på kva område vi kan oppnå størst effekt. Delmåla skal vere målbare. Vi ser gjerne at samarbeid er innhald i eit eller fleire av måla. Strategiar for trafikktryggingsarbeidet i Møre og Romsdal Dette kapittelet skal innehalde strategiar for korleis vi kan innfri måla for trafikktryggingsarbeidet. Kapittelet skal innehalde strategiar for arbeidet med åtferdsretta tiltak, for arbeidet med fysiske tiltak, for samarbeid, for informasjonsog kommunikasjonsarbeid og for andre aktuelle tema. Organisering av arbeidet med trafikktryggingsstrategi Det er eit ønskje om at denne strategien skal få ei god forankring ute i kommunane, og dette vil vi oppnå berre dersom vi involverer kommunane i prosessen. Det same vil gjelde for andre viktige samarbeidspartnarar innan trafikktryggingsarbeidet. Vi ønskjer derfor at arbeidet blir delt inn i tre fasar: Fase 1) SVV gjer grunnarbeid, analyser, ser på korleis kommunane har organisert sitt trafikktryggingsarbeid og kva innhald dei har i sine planer, ser på kva andre fylke har gjort, kjem med innspel på dei
Side 4 ulike tema vi ønskjer i strategien og eventuelt kjem med forslag til andre og/eller fleire aktuelle tema. Fase 2) Fase 3) SVV kallar inn til arbeidsverkstad (eitt eller fleire), gjerne i samband med møte i FTU (ein arbeidsdag). Innhald for ein slik dag bør vere SVV sin presentasjon av grunnarbeidet, gruppearbeid der vi fordeler tema, forslag på fokusområde innan TS-arbeidet og kva vil vi. Deltakarar bør i tillegg til FTU vere kommunar, dei konsultative medlemmane og andre aktuelle aktørarar innan trafikktryggingsarbeidet. Utarbeiding av strategidokument på bakgrunn av grunnarbeid/analyser og innspel frå arbeidsverkstad/-er. SVV har ansvaret, og MRFK sin administrasjon vil vere representert i ei prosjektgruppe i denne fasen. Styringsgruppe Vi tilrår også at det blir oppretta ei styringsgruppe for arbeidet, og vi foreslår at dette blir ein representant for leiinga i administrasjonen, ein representant for leiinga i SVV og leiar av FTU. Strategidokumentet Vi ønskjer eit kortfatta og lettlest dokument. Det betyr at vi ber om at strategien berre tar for seg oppsummering av grunnarbeidet, og at grunnarbeidet som blir gjort blir vedlegg til strategien. Dette gjeld til dømes ei analyse av ulykkene i Møre og Romsdal. Vedlegga kan vi gjere tilgjengelege på MRFK sine nettsider. Vi ønskjer at strategidokumentet blir levert så snart som råd, og at SVV legg fram framdriftsplan for arbeidet innan neste møte i FTU 24. april. 2012. Det er ønskeleg at strategien blir sluttbehandla i fylkestinget i oktober 2012. Vurdering Det er i denne saka bedt om at ulike tema blir omtalt i strategien. Statens vegvesen er Møre og Romsdal fylkeskommune sin fagetat innan trafikktrygging, og vi ønskjer derfor at SVV skal kome med innspel dersom det er tema dei meiner er viktige å sjå på. I samband med grunnarbeid i fase 1 ber vi om at SVV kjem med innspel til fleire og/eller andre tema. Dette skal vere ein del av grunnarbeidet. Handlingsprogram Samferdsel i fylkesplanarbeidet skal vere ferdig i januar 2013, og vi har eit sterkt ønskje om at ein trafikktryggingsstrategi skal vere eit viktig bidrag inn i dette arbeidet. Det betyr at vi ønskjer at arbeidet startar opp så snart som mogleg. Organisering av arbeidet gjennom arbeidsverkstader er noko vi ser på som særs viktig, og vi ber om at SVV innan neste møte startar grunnarbeidet og leverer ei skisse over organiseringa av arbeidet med strategien.
Side 5 Forslag til vedtak: FTU ber om at SVV startar opp arbeidet med trafikktryggingsstrategi for Møre og Romsdal snarast råd, og at arbeidet har innhald og organisering som skissert i saksframlegget. Arild Fuglseth samferdselssjef