saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 15.02.2017 15515/2017 Åge Ødegård Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet 07.03.2017 Utbedring av forfall og etterslep på fylkesveg Bakgrunn Plannemnd for samferdselsutbygging bestilte i møte 24.01 2017 kartlegging og plan for dekkeleggingsbehovet, og forsterkningsprogram for fylkesvegane i Møre og Romsdal. Statens vegvesen gjorde i 2013 ei kartlegging av forfall på fylkesvegnettet. Kostnadene ved å fjerne forfallet og «ta inn vedlikehaldsetterslepet», inkludert oppgradering av tunnelar vart estimert til 5,6 mrd. kroner i Møre og Romsdal. Justert til 2016 kroner er forfallet berekna til om lag 5,9 milliardar kroner. Kartlegginga syner at Møre og Romsdal er eitt av fylka med størst vedlikehaldsetterslep. Dei estimerte kostnadene omfattar berre tiltak for å fjerne forfall, inkludert nødvendige oppgraderingstiltak for å tilfredsstille nye krav (til dømes til tunnelsikkerheit). Kostnader for å rette opp manglande generell vegstandard og å vidareutvikle vegnettet etter krav angitt i vegnormalane (linjekurvatur og vegbredder osv.) er ikkje medrekna. Fylkesvegnettet kan delast inn i elementa: - Tunnelar - Bruer - Ferjekaier - Veg Etterslep knytt til tunnelar, bruer og ferjekaier utgjer dei største kostnadene og representerer store investeringar for fylkeskommunen. Det er og verd å merke seg at tunnelar og konstruksjonane i sjø/ vatn er dei som det er vanskelegast å berekne forfallet på i og med at mykje er skjult under vatn eller bak konstruksjonane. Arbeid med å få oversikt over dei ulike elementa er i gang. Formålet med denne saka er å gi eit oversiktsbilete over fylkesvegnettet, og sjå samanhengane mellom dekkeleggingsprogram og fornyingsprogram for vegen. Vidare vurdere om fornyingsprogrammet skal leggast inn som eige programområde i investeringsprogrammet.
Tunnel Då tunnelsikkerheitsforskrifta trådde i kraft for fylkesveg frå 1.1.2015, utløyste dette eit stort investeringsbehov for tunnelane på vegnettet. Dette gjeld i tunnelar som er lengre enn 500 meter og har høgare ÅDT enn 300. Det vil og vere behov for utbetringar i tunnelar som ikkje er omfatta av forskrifta. Utbetringa for å oppfylle krava frå sikkerheitsforskrifta skal vere utført innan 2025. Dette gjeld 32 av dei 62 tunnelane som ligg på fylkesveg i Møre og Romsdal. Samla kostnad for desse tiltaka er estimert til 1332 mill. kroner. Arbeidet med Fannefjordtunnelen er ferdigstilt, og for Godøytunnelen vert det oppstart i 2017. Desse to tunnelane har ein kostnad på om lag 550 mill. kroner. Det vil seie at det er om lag 772 mill. kroner igjen til dei resterande 30 tunnelane. Det vart 21.04 2016 lagt fram ei eiga sak for Fylkestinget om plan for rehabilitering av tunnelane på fylkesvegnettet, T-13/16. Bru Det er 1150 bruer på fylkesvegnettet. Mange av desse krev tiltak, for å oppretthalde tillat akseltrykk. Det ligg i dag investeringar for 1546 mill. kroner i investeringsprogrammet for utbetring av bruer, dette omfattar dei større bruene. Statens vegvesen jobbar med å få oversikt på tilstanden på alle bruene. Det vart 5.12 2016 lagt fram ei eiga sak for Samferdselsutvalet om plan for utbetring av nedklassifiserte vektgrenser ved fylkesvegbruer, SA-51/16 Ferjekaier Det er 57 ferjekaier i fylket. Mange av desse er i dårleg forfatning og er ikkje tilpassa nytt ferjemateriell ved nye anbod. Statens vegvesen arbeider no med ein større gjennomgang av tilstanden på ferjekaiene i Møre og Romsdal, hovudrapporten skal vere ferdig 17. mars, delrapport for fergekaiene i Nordmørspakken er ferdig 8. mars. Veg/vegdekke I Møre og Romsdal er det 3100 km fylkesveg, mykje av dette vegnettet fyller ikkje dagens krav. Mange av vegane som no er fylkesveg vart bygd opp ved hjelp av stein- og grusmaterial frå nærområda. Dette var ei god løysing då, men samfunnsutviklinga sitt endra krav til mobilitet og transport stiller heilt andre krav til vegane no enn tidligare. Fleire stader har vegane vorte utvida og fått fast dekke utan at det har blitt gjort forsterkning av sjølve vegkroppen. Der vegkroppen i utgangspunktet var dårleg, er forfallet på vegdekket stort. Statens vegvesen gjennomfører årleg målingar av vegdekket, denne syner at 46,8 % av fylkesvegnettet i Møre og Romsdal er klassifisert til å ha dårleg/svært dårleg dekkestandard.
Tilstandsutvikling 2010 2011 2012 2013 2014 2015 60,0 50,0 40,0 30,0 20,0 10,0 - Møre og Romsdal Sør-Trøndelag Nord-Trøndelag Det kostar om lag 650 000 kroner per km å legge asfalt, og forventa levetid for dekket er om lag 15 år. For å halde dagens tilstand på dei 3000 km fylkesvegane i fylket vårt, er det årlege behovet på 130 mill. kroner. For å få gode tiltak med lengre varigheit må det i tillegg til dekkelegging, gjerast forsterking av sjølve vegkroppen fleire stadar. Figur nedanfor viser oppbygging av vegkroppen etter dagens standard: Det er ikkje berre dårleg trafikksikkerheit og mindre komfort for trafikantane som er resultat av forfallet. Drift og vedlikehald av vegnettet vert og meir arbeidskrevjande, komplisert og meir kostbart. Forsterkningsmetodar For å forlenge dekket si levetid, er det mange stader eit behov å gjere tiltak for å utbetre svakheitene i vegkroppen, før det blir lagt nytt dekke. Det er ulike metodar som kan nyttast, val av metode avheng av tilstanden på vegen, trafikkmengde og samfunnsessige krav.
Forsterkning med asfaltdekke Figuren under viser 2 alternativ for forsterkning av dårlige fylkesveger med asfalt: Den øverste viser en oppbygging på om lag 400 kg/m2 og den nedre 150 kg/m2. Val av alternativ og metode må vurderast opp mot behovet og tilstanden på vegen. Kostnadene med ren asfaltforsterkning ligg på om lag 660 1750 kr/m (for en 5,5 m bred veg). Djupstabilisering Der bærelaget inneheld mykje finstoff, er det nødvendig å djupstabilisere vegen. Pukk blir da frest saman med det gamle asfaltdekket, inn i eksisterande bærelag, før ein legg ny asfalt. Resultatet vert ein veg med god profil og bæreevne. Eksempel på utføring av dypstabilisering: Fornyingsprogram I Nord-Trøndelag arbeidar dei med fornyingsprogram for fylkesvegnettet. Kostnadane varierer mykje i forhold til kva tiltak som må gjerast for å få ein tilfredsstillande veg som stettar dens funksjon. Dei enklaste tiltaka omhandla berre vegen, mens meir omfattande tiltak kan og omhandle, drenering, kantforsterkning, sideterreng, siktrydding, rekkverk med meir. Løpemeterpris for tiltaka i Nord-Trøndelag varierer frå knapt 1000 kr til opp til om lag 2000 kr. Det er viktig med god planlegging før tiltak gjerast. Året før dekkelegging må forberedande tiltak (forsterkning, drenering, utbetring av sideterreng med meir) gjerast.
Fornyingsprosjekt av vegnettet vil ha høgare kostnad enn berre asfaltering, men det gir auka effekt på ein kostnadseffektiv måte. Val av fornyingsprogram Møre og Romsdal bør sjå på dei alternativa som nyttast i Nord-Trøndelag, og utforme ein eigen strategi ut frå dette. Det bør vurderast ein strategi kor ein finn val for enkle løysingar, til meir omfattande løysningar. Kategoriar for fornyingsprogrammet: Dekke (Veger med god stabilitet, kor berre dekkeslitasje er problemet) Dekke og forsterkning (Veger kor stabilitet og dekkeslitasje er problem) Dekke, forsterkning og annen utbedring (Veger kor stabilitet og dekkeslitasje er problem. I tillegg tiltak for breddeutviding, sideareal, drenering, rekkverk, skiltfornying med meir) Val av nivå for fornying må settast opp mot behov og vegens funksjonsklasse. Fornyingsprogrammet må vere knytt opp mot dekkefornyingsprogrammet. For dei vegane med lågare funksjonsklasse og vegen har god bereevne, kan det vurderast å nytte enklare metode som til dømes forsterkning med asfalt. Der vegen har dårleg bereevne må det vurderast tyngre tiltak. For vegane med dei høgaste funksjonsklassane bør det vurderast å legge til grunn alternativ som omfattar god oppgradering av vegen. Der det blir gjort tiltak for forsterkning av veg, betre drenering, utbetring av sideterreng, utbetring av rekkverk og kanskje utviding av veg der dette er eit behov. Funksjonsklassar på fylkesvegnettet: Funksjonsklasse A Svært viktige B Viktige vegar C Sambindingsvega D Lokalvegar E Lokale tilkomstvegar Prioritering av strekningar: Vedtatt funksjonsinndeling ÅDT Næringstrafikk. Om tilstanden vurderast som kritisk for trafikksikkerheit og vegen ikkje er framkommeleg. Utveljing av aktuelle strekningar for forberedande tiltak bør skje ut frå vegens tilstand og funksjonsklasse. Nokre av kriteria bør vere: Strekningar omfattast av dekkeplan dei kommande åra Strekningar som har dårlig dekke og bereevne (setningsskader, krakelering og sprekker), som igjen gjer det problematisk å drifte eller gir dårleg trafikksikkerheit
Fylkesrådmannen foreslår at utarbeidast eit fornyingsprogram for fylkesvegane, der kompetanse frå eige og andre fylke vert nytta. Programmet må knytast opp mot dekkefornyingsprogram. Det vert arbeidd vidare med å få oversikt over tilstanden på fylkesvegnettet. Ut frå denne oversikta blir det laga ei prioriteringsliste med forslag til tiltak og kostnadsoverslag, som blir innarbeida i investeringsprogrammet til Møre og Romsdal fylkeskommune. Forslag til vedtak: Det skal utarbeidast eit fornyingsprogram for fylkesvegnettet i Møre og Romsdal, kor tiltak vert vurdert opp mot funksjonsklassane på fylkesvegnettet. Fornyingsprogrammet skal innarbeidast som eige programområde i investeringsprogrammet for Møre og Romsdal fylkeskommune Ottar Brage Guttelvik fylkesrådmann Vedlegg 1 Notat forsterkningsprogram SVV Arild Fuglseth samferdselssjef