Arkivref: 2013/2909-324/2014 Saksh.: Anne-Lise Næs Olsen Saksnr Utval Møtedato 11/14 Forvaltningsstyret 30.01.2014 HANDSAMING AV DISPENSASJON - 66/1 - GJENOPPBYGGING AV NAUST, HUGLO Framlegg til vedtak: Forvaltningsstyret gjev dispensasjon frå formålet «Landbruk» i kommuneplanen og frå pbl 1-8 slik at det kan byggjast eit alternativt mindre naust i samsvar med føresegnene til kommuneplanen. Forvaltningsstyret meiner at omsyn i lova sine bestemmingar ikkje vert vesentleg sett til side, og at fordelane ved å gje dispensasjon er klart større enn ulempene. Vedtaket er gjort i medhald av Plan- og bygningslova 19-2 på fylgjande vilkår: 1. Nytt naust kan maksimalt ha ei grunnflate på inntil 40 m 2, og ha ei mønehøgd på maks 5 meter frå ferdig planert terreng. 2. Takvinkel skal vere mellom 35 og 45 o. 3. Det lyt sendast inn ny situasjonsplan og nye teikningar i samsvar med føresegnene før saka kan handsamast etter pbl 21-4. 4. Nabo lyt nabovarslast på nytt om endringane. Løyvet til dispensasjon fell bort dersom tiltaket ikkje er sett i gong innan 3 år eller stoppar i lengre tid enn 2 år, jf. PBL 21-9. Løyve til tiltak i medhald av 21-4 i Plan- og bygningslova vert handsama administrativt dersom dispensasjonsvedtaket ikkje vert påklaga. Saksprotokoll i Forvaltningsstyret - 30.01.2014 PS 11/14 - HANDSAMING AV DISPENSASJON - 66/1 - GJENOPPBYGGING AV NAUST, HUGLO Vedtak: Forvaltningsstyret gjev dispensasjon frå formålet «Landbruk» i kommuneplanen og frå pbl 1-8 slik at det kan byggjast eit alternativt mindre naust i samsvar med føresegnene til kommuneplanen. Forvaltningsstyret meiner at omsyn i lova sine bestemmingar ikkje vert vesentleg sett til side, og at fordelane ved å gje dispensasjon er klart større enn ulempene. Vedtaket er gjort i medhald av Plan- og bygningslova 19-2 på fylgjande vilkår: 1. Nytt naust kan maksimalt ha ei grunnflate på inntil 40 m 2, og ha ei mønehøgd på maks 5 meter frå ferdig planert terreng. 2. Takvinkel skal vere mellom 35 og 45 o. 3. Det lyt sendast inn ny situasjonsplan og nye teikningar i samsvar med føresegnene før saka kan handsamast etter pbl 21-4. 4. Nabo lyt nabovarslast på nytt om endringane.
Løyvet til dispensasjon fell bort dersom tiltaket ikkje er sett i gong innan 3 år eller stoppar i lengre tid enn 2 år, jf. PBL 21-9. Løyve til tiltak i medhald av 21-4 i Plan- og bygningslova vert handsama administrativt dersom dispensasjonsvedtaket ikkje vert påklaga. Handsaming Samrøystes vedteke. 2 av 6
Rådmannen, 08.01.2014 Vedlegg 1. Søknad om dispensasjon frå Espen Haukanes 2. Situasjonsplan 3. Teikning 4. Oversynskart i målestokk 1:5000 5. Nabosamtykke frå Alf Einar Notland Innleiing Her er søkt om dispensasjon for å byggje opp att eit naust som har ramla ned på eigedom 66/1 på Sør-Huglo. Saka har vore på høyring hjå Hordaland fylkeskommune, Fylkesmannen i Hordaland og hjå Landbruk og miljø i kommunen. Saka vert no å handsame i Forvaltningsstyret. Saksutgreiing Søkjar: Espen Haukanes Søknad journalført: 06.09.2013 Omtale av tiltaket: Her er i samband med byggjesøknad søkt om dispensasjon frå kommuneplanen for Stord og frå pbl 1-8, slik at det kan førast opp eit naust på eigedom 45/237 på Sør-Huglo. Naustet er planlagt med BYA på 45 m 2, og med ei mønehøgd på omlag 5,5 meter. Her har tidlegare stått eit naust på staden, men dette har ramla ned. Naustet er planlagt plassert 1 meter frå nabogrense mot eigedom 66/7, og her ligg føre erklæring om løyve frå nabo til dette. Søknaden er grunngjeven med at omsøkt eigedom i føresegnene til kommuneplanen er på ei liste over eksisterande bygde nausteigedomar i LNF-område med status som LNF-spreidd, og at det ikkje er mange år sidan naustet ramla ned. Søkjar grunngjev vidare med at det på gardsbruket 66/1, der dei driv som aktive mjølkebønder, no bur 4 generasjonar, at tilgangen til, og nærleiken til sjøen, alltid har vore utnytta av familien. Dei driv ikkje med sjøretta næring, men tilgang til sjøen som arena for rekreasjon, fritidsaktivitetar og fiske til eige forbruk har vore og er svært viktig for dei. Søkjar orienterer om at her tradisjonelt har vore to naust tilhøyrande gardsbruket. Dette har vore eit resultat av at bnr. 1 og bnr. 2 av gnr. 66 hadde kvar sitt naust, der Bnr. 2 har blitt innlemma i bnr. 1. Begge nausta står difor på bruksnummeret 1 i dag. Søkjar skriv at begge nausta har blitt aktivt nytta. Han meiner ar retningslinene for differensiert strandsoneforvaltning seier at «muligheten for fritidsfiske gjennom å tillate oppføring av naust og brygge skal også tillegges vekt i vurderingen av tiltak i 100- metersbeltet». Søkar meiner at strandsona ikkje er urørt på staden då her har stått eit naust, og at samanslåing av eigedomar for lang tid tilbake ikkje skal vere til hinder for at naustet skal kunne reetablerast der det i lang tid har stått eit naust. Søkar meiner at området allereie framstår som bebygd, m.a. fordi det på nabotomta er utarbeidd reguleringsplan for oppføring av fritidsbustader/rorbuer. Han skriv at oppattbygging av naustet vil gje høve til forsvarleg lagring av fiskeutstyr og ulike båtar til fiske og rekreasjon, og gje 4 generasjonar betre tilgjenge til sjøen for rekreasjon og fritidsfiske. 3 av 6
Søkjar meiner til slutt at eit naust er eit uthus og at det ikkje vil medføre auka privatisering av strandsona, dette fordi det tradisjonelt har stått eit naust her som tilseier at situasjonen ovafor ålmenta ikkje blir endra i høve til dagens situasjon. Planstatus: Det aktuelle tiltaket ligg innafor Kommuneplanen for Stord, 2010 2021, der omsøkt området er avsett til landbruksformål. Tiltaket ligg også innafor 100-metersbeltet langs sjø der det etter pbl 1-8 er byggjeforbod. Eit naust på omsøkt eigedom står på liste i kommuneplanen over eksisterande naust der tiltak kan skje utan dispensasjon. Det er likevel ikkje det omsøkte naustet som står på denne lista slik søkjar legg til grunn. Omsøkt naust tilfredsstiller ikkje kriteria for å kunna definerast som eksisterande naust fordi det er så lite restar att av dette naustet. Det er derimot eit anna eksisterande naustet på eigedomen som ligg til grunn for at eigedomen er med på lista over eksisterande naust der tiltak kan skje utan dispensasjon. Det omsøkte tiltaket krev difor dispensasjonshandsaming i høve til formålet i kommuneplanen og i høve til byggjeforbodet i pbl 1-8. Aktuelle lovheimlar: PBL 1-8 - Forbod mot tiltak mv. langs sjø og vassdrag: I 100-metersbeltet langs sjø og vassdrag skal det takast særleg omsyn til natur- og kulturmiljø, friluftsliv, landskap og andre allmenne interesser. Andre tiltak etter 1-6 første ledd enn fasadeendringar kan ikkje setjast i verk nærare sjøen enn 100 meter frå strandlina målt i horisontalplanet ved alminneleg vannstand. PBL 19-2 - Dispensasjon: Dersom det skal gjevast dispensasjon, lyt fordelane ved å gje dispensasjon etter ei samla vurdering, vere klart større enn ulempene. Dispensasjon kan ikkje gjevast dersom omsyna bak bestemminga det skal dispenserast ifrå, eller omsyna i formålsbestemminga i lova, vert vesentleg sett til sides. Kommunen bør heller ikkje dispensere frå pbl, forbodet i 1-8 eller planar når eit direkte berørt statleg eller regionalt mynde har gjeve negativ fråsegn. Nabotilhøve: Naboar er varsla. Det er ikkje kome merknader i saka. Veg, vatn og avløp: Ingen endring Forholdet til andre mynde: Saka har vore på høyring hjå Hordaland fylkeskommune, Fylkesmannen i Hordaland og hjå Landbruk og miljø i kommunen. Her er ikkje kome fråsegn frå nokon av instansane. Vurdering Generell vurdering Kommunen er positiv til at søkjar kan byggje opp att naust som har ramla ned. Her har tidlegare stått eit naust og område har såleis tidlegare vore i bruk til dette formålet. Her er som søkjar seier, planlagt rorbuer som utleigehytter på eigedom 66/7 like nord for omsøkt naust. Her er det også planlagt ein større kai. Kommunen er einig i at området vil kome til å framstå som bebygd pga. planlagde rorbuer og kai. Her står også eit gamalt naust frå før på eigedom 66/7, mellom planlagde rorbuer og omsøkt naust. 4 av 6
Oppattbygging av naust som har ramla ned vil etter kommunen sitt skjøn ikkje medføre presedens i området då her ikkje er andre liknande tilhøve på staden. Kommunen ser at det vil vere ein stor fordel for søkjar å få lov å setje opp att omsøkt naust, medan me finn få ulemper. Eit vanleg naust vil verke lite privatiserande i motsetning til rorbuer for utleige som er planlangt i området. Turavik er registret med viktig naturtype pga. større tareskog førekomst med stortare, men kommunen kan ikkje sjå at oppattføring av omsøkt naust vil ha stor innverknad på denne tare førekomsten. Kommunen meiner i denne saka at omsyna bak formålsbestemminga i lova ikkje vert vesentleg sett til side, og at fordelane ved å gje dispensasjon etter ei samla vurdering er klart større enn ulempene. Nytt naust er planlagt med ei grunnflate på 45 m 2 og med ei mønehøgd på om lag 5,5 meter, noko som er litt større enn det kommuneplanen gjev opning for. Kommuneplanen opnar for at naust i område for LNF-spreidd kan førast opp med ei grunnflate på maks 40 m 2, vere i ei høgd og ha maksimal mønehøgd på 5,0 meter over lågaste terreng under bygget. Takvinkel skal vere mellom 35 og 45 o. Kommunen meiner at omsøkt naust er litt for stort, men er positive til at nytt naust kan førast opp i samsvar med føresegnene til kommuneplanen. Nytt naust vil då få ei grunnflate på inntil 40 m 2, ha ei mønehøgd på maks 5 meter frå ferdig planert terreng, og ha takvinkel mellom 35 og 45 o. Kommunen kan ikkje sjå særlege ulemper med dispensasjon i denne saka dersom det vert sett vilkår om alternativt mindre naust i samsvar med føresegnene til kommuneplanen. Økonomiske konsekvensar Bygging av naust vil etter kommunen sitt syn kun få økonomiske konsekvensar for utbyggjar. Miljømessig konsekvens Turavik er registret med viktig naturtype pga. større tareskog førekomst med stortare, men kommunen kan ikkje sjå at oppattføring av omsøkt naust vil ha stor innverknad på denne tare førekomsten. Her er ikkje registrert biologisk mangfald på eller kring omsøkt areal. Her er heller ikkje registrert automatisk freda kulturminne på staden eller rasfare, flom el. Folkehelse Kommunen vurderer at eventuelt naust ikkje har noko innverknad på folkehelsa. Universell utforming Ikkje aktuelt i denne saka. Beredskap Ikkje aktuelt i denne saka. Konklusjon Kommunen rår til at det vert gjeve dispensasjon slik at det kan førast opp alternativt mindre naust i samsvar med føresegnene til kommuneplanen. Kommunen meiner ut frå vurderingane ovanfor, at omsyn i lova sine bestemmingar ikkje vert vesentleg sett til side. Kommunen meiner vidare at fordelane ved å gje dispensasjon er klart større enn ulempene. 5 av 6
6 av 6