MØTEBOK Organ Møtestad Fylkesrådet for eldre Storehagen Atrium, Førde Møtedato 07.02.2017 Kl. 10:00 15:00 Faste medlemer til stades: Harald Ekroll, Aud Karin Netland, Anna Sofia Skaar, Henrik Oppen Forfall til møtet: Kristoffer Skjolden Varamedlemer til stades: Til stades med møte- og talerett: Sekretariat for møtet: Anne-Kjersti Stavø Stenehjem Ingen merknader til innkalling og sakliste. Møtebok frå 24. november 2016 vart godkjend utan merknader. Annlaug Kjelstad frå FRM plan, var med på slutten av møte og orienterte om planarbeidet i, og var innom fylgjande tema: Korleis kan og vil rådet engasjere seg i planprosessar? Om kommunal og regional planlegging Om regional planstrategi Kva held på med: dei regionale planarbeida Innspel til aktuelle plantema
Følgjande skriv vart lagde fram til orientering: Meldesak 1) Kunngjering av vedtak - del av fylkesdelplan for arealbruk Vedtak om rullering av fylkesdelplan arealbruk i Sogn og Fjordane til orientering. Konklusjon: Teke til orientering. Meldesak 2) Flytte møtedato frå 8. juni Møtedatoen 8. juni vert flytta til ein dato som høver for alle medlemmene i fylkesrådet. Sekretær tek kontakt med Lærdal kommune, for å høyre om erfaringar om flytting av måltid på sjukeheimar. Konklusjon: Møtedato 8. juni vert flytta til 1. juni 2017. Meldesak 3) Førebels program for landskonferansen 22. 24. mai 2017 Landskonferanse for a vert arrangert i Ålesund 22. 24. mai 2017. Det er sendt ut eit førebels program frå arrangørfylket. Konklusjon: Alle i fylkesrådet har ynskje om å delta på konferansen. Sekretær sender påmelding når endeleg program vert sendt ut. Aktuelle tema å melde inn til konferansen er fylgjande: - pasientreiser søknad og refusjon - bestilling av elektroniske billettar på ekspressbussar Meldesak 4) Tema for møte 21. september 2017 Det vart i møte 24. november 2016, ytra ynskje om å få informasjon om velferdsteknologi og omvising på Stryn vidaregåande skule i praksisleilegheita som skulen har. Det er avtalt omvising og informasjon om velferdsteknologi, ved Stryn vidaregåande skule i samband med møte i et den 21. september. Konklusjon: Teke til orientering. Meldesak 5) Referat frå fellesmøte i a i Nordfjord Referatet frå møte den 6. januar. Møte var på Eid, der det møtte medlemmar frå dei kommunale råda i Eid, Stryn, Selje, Gloppen, Bremanger og Vågsøy. Harald orienterte om at dette skulle verte ei fast ordning. Neste møte for a i Nordfjord vert i september 2017, der Stryn har ansvar for agenda, og Eid er vertskommune. Harald orienterte om at samlingane skal vere på Eid, og planlegging og gjennomføring skal skje på rundgang mellom alle a. Det vert eit møte i september 2017, deretter vert det årleg. Stryn tek ansvar for agendaen til septembermøtet og sender «stafettpinnen» vidare for møte i 2018. Det vert sendt innkalling til fylkesrådet. Konklusjon: Teke til orientering. Meldesak 6) Konferanse om velferdsteknologi ved Stryn vidaregåande skule Det er prosjektet for «Velferdsteknologi i kommunane i Sogn og Fjordane» som arrangerer konferansen. Det vert informasjon om fase 3 i prosjektet, innlegg frå brukarrepresentantar, Helsedirektoratet og NAV hjelpemiddel mfl. Konklusjon: Harald møter for fylkesrådet på dette møte. Side 2 av 6
Meldesak 7) Innspel til regional transportplan Fylkesrådet for eldre har sendt innspel til kunnskapsgrunnlaget til regional transportplan. Det er sendt inn innspel innan områda: demografi offentlege tenester/institusjonar gang- og sykkelvegar ruteproduksjon med buss og båt Sjå vedlegg for utfyllande informasjon. Meldesak 7) Ymse Studietur til Danmark. Sekretær sender påmelding til fylkesrådet for Rogaland, som er arrangørfylket. Fylgjande frå fylkesrådet for eldre i Sogn og Fjordane reiser: Harald, Aud Karin, Kristoffer og Anna Sofia. Harald orienterte frå informasjon som er kome frå «Samhandlingsnytt» Side 3 av 6
SAK 1/17 Nytt val av brukarrepresentant til brukarutvalet i Sogn og Fjordane Det låg føre slik tilråding til vedtak: Medlemmene i fylkesrådet for eldre valde i møte 7. februar Aud Karin Netland som medlem i brukarutvalet i Sogn og Fjordane. Medlemmene i fylkesrådet for eldre valde i møte 7. februar Aud Karin Netland som medlem i brukarutvalet i Sogn og Fjordane. Side 4 av 6
SAK 2/17 Årsmelding fylkesrådet for eldre - 2016 Sekretæren rår fylkesrådet for eldre til å gjere slikt vedtak: 1. Årsmelding 2016 vert godkjent 2. Fylkesrådet ber sekretariatet om å justere meldinga i samsvar med dei innspel som kom fram under handsaminga av møte den 7. februar 2017 3. Fylkesrådet ber administrasjonen om å legge årsmeldinga tilgjengeleg på heimesida til 4. Fylkesrådet ber administrasjonen distribuere årsmeldinga til fylket sine kommunale Endringsframlegg: Pkt. 5. Fylkesrådet ber administrasjonen distribuere årsmeldinga til dei andre fylkeskommunale a. 1. Årsmelding 2016 vert godkjent 2. Fylkesrådet ber sekretariatet om å justere meldinga i samsvar med dei innspel som kom fram under handsaminga av møte den 7. februar 2017 3. Fylkesrådet ber administrasjonen om å legge årsmeldinga tilgjengeleg på heimesida til 4. Fylkesrådet ber administrasjonen distribuere årsmeldinga til fylket sine kommunale 5. Fylkesrådet ber administrasjonen distribuere årsmeldinga til dei andre fylkeskommunale a. SAK 3/17 Handlingsplan fylkesrådet for eldre 2016-2019 Sekretær rår fylkesrådet for eldre til å gjere slikt vedtak: 1. Handlingsplan for 2016 2019 vert godkjent 2. Fylkesrådet ber sekretariatet om å justere handlingsplanen i samsvar med dei innspel som kom fram under handsaminga i møte 7. februar 3. Fylkesrådet ber administrasjonen om å legge handlingsplanen tilgjengeleg på heimesida til 4. Fylkesrådet ber administrasjonen distribuere handlingsplanen til fylket sine kommunale Side 5 av 6
1. Handlingsplan for 2016 2019 vert godkjent 2. Fylkesrådet ber sekretariatet om å justere handlingsplanen i samsvar med dei innspel som kom fram under handsaminga i møte 7. februar 3. Fylkesrådet ber administrasjonen om å legge handlingsplanen tilgjengeleg på heimesida til 4. Fylkesrådet ber administrasjonen distribuere handlingsplanen til fylket sine kommunale SAK 4/17 Skriv og melding 7. februar 2017 - fylkesrådet for eldre Frå sekretær låg det føre slik tilråding til vedtak: 1. Fylkesrådet for eldre tek skriv og meldingar til vitande 2. Fylkesrådet for eldre sine uttalar og kommentarar til kvart einskild skriv og melding vert lagt under kvar meldesak 1. Fylkesrådet for eldre tek skriv og meldingar til vitande 2. Fylkesrådet for eldre sine uttalar og kommentarar til kvart einskild skriv og melding vert lagt under kvar meldesak Side 6 av 6