Statens vegvesen Samferdselsdepartementet Postboks 8010 Dep 0030 OSLO Behandlande eining: Sakshandsamar/telefon: Vår referanse: Dykkar referanse: Vår dato: Vegdirektoratet Ola Omenås / 91778477 15/204205-84 08.11.2016 Uttale frå Vegdirektoratet - Motsegn til kommunedelplan for E39 Heiane- Ådland/Nordre Tveita, Stord kommune Vi syner til epost frå Samferdselsdepartementet av 29.8.16 vedlagt brev av 17.7.16 frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet og synfaring i Stord kommune 17.10.16. Kva saka gjeld Saka gjeld kommunedelplan for E39 på den om lag 8 km lange strekninga Heiane - Ådland/ Nordre Tveita forbi tettstaden Leirvik i Stord kommune. Dagens veg er 2-felts utan trafikkdelar og dels ulukkesbelasta, det er konflikt mellom gjennomgåande og lokal trafikk og vegen har for liten kapasitet i høve til forventa trafikk. Det er rekna med at trafikken i 2050 vil vere mellom 8500 14600 køyrety pr døgn, og mellom 15600 18200 med E39 Stord Os, som gir ferjefri veg til Bergen, er utbygd, og at ev bompengeinnkreving på dette anlegget er avslutta. Planen inngår som ein del av «Kyststamvegen» frå Kristiansand til Trondheim, og den aktuelle strekninga er ei av delstrekningane for opprusting av E39 mellom Stavanger og Bergen. Strekninga ligg mellom delstrekningane Bokn-Stord i sør og Stord Os i nord. Heile strekninga mellom Stavanger og Bergen skal etter føresetnadene byggast som 4-feltsveg og dimensjonerast med fartsgrense 110 km/t. Postadresse Telefon: 02030 Kontoradresse Faktur aadresse Statens vegvesen Br ynsengfaret 6A Statens vegvesen Vegdirektoratet fir mapost@vegvesen.no 0667 OSLO Landsdekkende regnskap Postboks 8142 Dep 0033 OSLO Or g.nr: 971032081 9815 Vadsø
2 I samsvar med planprogrammet for prosjektet er det utgreidd fire alternative trasear for strekninga slik det er vist i kartet nedenfor. Alternativ 1(raud) er utviding av eksisterande veg forbi Leirvik, alternativ 2 (blå) ligg vest for eksisterande veg og litt inn i natur- og friluftsområdet vest for Leirvik. Dei neste alternativa 4 (grøn) og 5 (gul) ligg lenger inn i naturområdet, begge med tunnel gjennom delar av området. Skilnaden på desse to alternativa er i hovudsak tunnellengda; alternativ 5 inneber ein lang tunnel under områda Landåsen og Lønningsåsen (2650 m), medan det i alternativ 4 i hovudsak er veg i dagen gjennom Landåsområdet, inklusive ein kort miljøtunnel (245 m) i tillegg til tunnel under Lønningsåsen (1233 m). Alternativ: Prosess: Vedtak Stord kommune Motsegn varsla av Fylkesmann Motsegn varsla av SVV Region vest 1 (Raud) Utviding i eksisterande trase X 2 (Blå) Nært/litt vest for Leirvik (X) fråfallt* 4 (Grøn) Lenger vest for Leirvik m to korte tunnellar X 5 (Gul) Lenger vest for Leirvik m ein lang tunnel O X X Figur 1; Utgreidde alternativ for ny E39 forbi Leirvik i Stord. Tabellen syner elles kva motsegn som låg føre da kommunen gjorde sitt vedtak i saka, og kva alternativ kommunen vedtok.
3 Nøkkeldata frå den samfunnsøkonomiske vurderinga av de ulike alternativa går fram av tabellane nedanfor: Utbyggingskostnad 2 199 mill. kr. 2 416 mill. kr. 2 338 mill. kr. 2 713 mill. kr. Tabell 1: Forventa utbyggingskostnad i 2015-kroner for dei ulike planalternativa, fastsett ved bruk av Statens vegvesen sin metodikk for Anslag. Tr afikant og tr ansportbrukarar -269 577 712 052 764 364 764 364 O peratørar -9 922 6 924 5 180 5 180 Investeringar -2 047 915-2 249 599-2 177 125-2 526 197 Dr ift og vedlikehald -57 398-197 506-197 783-290 969 Skatte- og avgiftsinntekter -15 975 75 410 67 692 65 702 Ulykker 234 696 292 484 298 718 298 718 Støy og luftforureining -14 362-50 379-46 436-49 599 Skattekostnadar -373 273-472 119-459 225-548 074 Netto nytte -2 298 801-1 871 634-1 740 477-2 276 738 Netto nytte pr. budsjettkrone -1,23-0,79-0,76-0,83 Tabell 2: Prissette konsekvensar for dei ulike planalternativa, i 1000 2015-kroner. Tabellen syner endring i høve til å halde fram med dagens vegsystem. Landskapsbilete - --/--- -- -/-- Nærmiljø og fr iluftsliv + 0 - ++ Naturmiljø --- --/--- --/--- -- Kulturmiljø -- --/--- -/-- -/-- Naturressursar - -/-- - - Samla vurdering -- -- -- -/-- Rangering 3 4 2 1 Tabell 3: Ikkje-prissette konsekvensar for dei ulike planalternativa. Alt. 1 Alt. 2 Alt. 4 Alt. 5 Rangering 4 3 1 2 Tabell 4: Statens vegvesen si rangering av dei ulike planalternativa. Sakshandsaming og -prosess Statens vegvesen Region vest varsla Stord kommune i brev av 6.11.15 og 14.1.16 motsegn mot alternativ 1 og 5, og tilrådde alternativ 4. I korte trekk vart det reist motsegn mot
4 alternativ 1 fordi standarden ikkje samsvarar med føresetnadene, og motsegn mot alternativ 5 grunna omlag 536 millionar i meirkostnader (samla budsjettbelastning inkl. m.a. noverdi av framtidige drifts- og vedlikehaldskostnader) for dette alternativet i høve til alternativ 4. Utbyggingskostnadene for alternativ 5 er 375 mill. høgare enn for alternativ 4. Fylkesmannen varsla i brev av 15.2.16 motsegn til planarbeidet i sin heilhet, grunna vesentlege manglar i skildring av konsekvensane for naturmangfald, friluftsliv og landskap. Fylkes - mannen meinte at alternativa 1 og 2 begge kunne vere utgangspunkt for ei god løysing. Kommunen gjorde 29.4.16 vedtak om alternativ 5. Fylkesmannen inviterte Statens vegvesen og kommunen til mekling, men på bakgrunn av dialogmøte før planvedtaket, vart det ikkje gjennomført mekling. Statens vegvesen Region vest har for sin del gjort ein del endringar i alternativ 4 for om mogeleg å kome kommunen i møte, jf brev frå etaten av 29.3.16, men dette har ikkje endra kommunen si avgjerd. Planarbeidet har hatt som føresetnad at alternativa 2, 4 og 5 vil gå igjennom naturområder. Slik Fylkesmannen opplyser i brev av 20.10.16 og som det elles vart påpeika under synfaringa i oktober, kan trasevalet for E39 innebere at den framtidige veglinja også vil verte grense for framtidig byvekst frå Leirvik vestover og inn mot ny E39, slik det er drøfta i nemnde brev. Alternativ 2 vil på den måten kunne ha som konsekvens at inngrepa i naturområda vil bli mindre enn for alternativa 4 og 5. Statens vegvesen Region vest si haldning Statens vegvesen Region vest har merka seg at Fylkesmannen under sakshandsaminga etter kvart har stilt seg meir positiv til alternativ 2, og at han meiner at alternativ 2 synes best å kunne ta vare på natur-, kultur- og friluftsområda i området i eit langt perspektiv. Uansett val av alternativ er det ein føresetnad at det vert arbeidd vidare med kryssutforminga i sør (Heiane) og når det gjeld nærføring til Ådlandsvassdraget. Region vest ga under synfaringa uttrykk for at alternativ 2 er eit tenleg alternativ også ut ifrå vegtekniske og økonomiske omsyn, men påpeika at det har kome svakast ut på miljø i konsekvensutgreiinga. Men med den barriereverknaden mot utbygging som alternativ 2 representer, er det eit positivt moment som regionen la vekt på under synfaringa. Vegdirektoratet si tilråding Vegdirektoratet er samd med Statens vegvesen Region vest i at alternativ 5 representer ein meirkostnad i høve til det tilrådde alternativ 4 som ikkje synes samfunnsøkonomisk forsvarleg. Vegdirektoratet vil elles vise til det som er framheva ovanfor frå Fylkesmannen sine saksutgreiingar, og stiller oss i likheit med Statens vegvesen Region vest positive til at alternativ 2 også kan tene som framtidig trase for E39 på denne strekninga. Val av alternativ inneber m.a. utfordringar når det gjeld korridor for hjort i Heianeområdet. Vi ser det slik at når alternativ 2 til ein viss grad er lagt inn i industriområdet Heiane, er det
5 oppnådd ein betre og breiare grøntkorridor av omsyn til hjort enn i alternativa 4 og 5. Når det gjeld konflikt med fattig boreonemoral regnskog, er alternativ 2 på same nivå som alternativ i 5, og begge er betre enn alternativ 4. Samla sett vil Vegdirektoratet støtte Region vest si motsegn mot alternativ 5. Både alternativ 4 og 2 er etter vår syn tenlege løysingar. Ut ifra konsekvensutgreiinga, fylkesmannen sine merknader om naturomsyn, byutvikling og diskusjonen under synfaringa, vil direktoratet tilrå at alternativ 2 vert lagt til grunn for det vidare arbeid med E39 forbi Leirvik. Uansett val av trase må det ved sida av dei trafikale omsyn leggast betydeleg arbeid i vidare planlegging for å ivareta dei naturtilhøva som er påpeika i konsekvensutgreiinga. Veg- og transportavdelingen Med helsing Gyda Grendstad Ola Omenås Dokumentet er godkjent elektronisk og har difor ingen handskrivne signaturar.