HORDALAND FYLKESKOMMUNE SITT VIDARE ENGASJEMENT I ARBEIDSMARKNADSBEDRIFTENE OPPFØLGING AV FYLKESTINGET SITT VEDTAK FRÅ JUNI 2010 Bakgrunn Hordaland fylkeskommune er i dag medeigar i sju arbeidsmarknadsbedrifter i seks kommunar. Fylkeskommunen sine eigardelar i bedriftene i varierer frå 13,7% til 100% og samla bokført verdi er på omlag 1,8 mill kr. Arbeidsmarknadsbedriftene har viktige oppgåver innan sysselsettingspolitikken gjennom attføring og kompetanseheving. Med utgangspunkt i tidlegare vedtak i fylkestinget og fylkesutvalet vart det sendt ut tilbod til kommunane som har eigardelar i bedriftene om å overta fylkeskommunen sine eigardelar i. Bergen kommune ønskte å overta fylkeskommunen sine eigardelar til pålydande i A2G Gruppen AS og Beredt AS. Fylkeskommunen eig 39,77 % av aksjane i A2G til ein bokført verdi på kr. 350.000. I Beredt er fylkeskommunen eineaksjonær og aksjane har ein bokført verdi på kr. 100.000. Både A2G Gruppen AS og Beredt AS er store verksemder med reelle verdiar langt ut over aksjeverdien. Det var lita interesse til å overta eigardelar i Norheimsund Industrier AS, Storeholmen VTA AS, Voss Bedriftsservice AS, Sunnhordaland Industri AS og Nordhordaland Industriservice. Kommunane har fått god tid til å gje tilbakemeldingar og vise interesse for å overta eigardelar. Oppfølging av vedtak i Fylkestinget Oppfølging i saka har lagt på vent i påvente av avklaring av spørsmålet om fylkeskommunen skal trekkje seg ut av desse bedriftene. Dette vart avklart i fylkesutvalet sitt vedtak 26.1.2012. Vedtaket var at fylkeskommunen sel eigarskapen i A2G Gruppen AS, men beheld eigarskapen i dei andre bedriftene. Oppfølgingsoppgåva er å konkretisere strategiar og prinsipp for korleis fylkeskommunen skal utøve eigarskap i, og korleis administrasjonen i fylkeskommunen skal følgje dette opp. Fylkestinget handsama i juni 2010 rapport frå Deloitte (datert april 2010) om Eigarskapskontroll av. Fylkestinget vedtok ei bestilling til fylkesrådmannen om oppfølging av konkrete punkt. Administrasjonen i fylkeskommunen oppnemnte i mai 2012 ei arbeidsgruppe som skulle sjå på oppfølginga av vedtaket i fylkestinget. Dei prinsippa som arbeidsgruppa utarbeider kan bli modell for ein eventuell meir generell eigarskapsstrategi for fylkeskommunen. Medlemmar i arbeidsgruppa er Paul J. Manger, Regionalavdelinga (leiar), Sigrid H. Aardal, Organisasjonsavdelinga og Nils Egil Vetlesand, Økonomiavdelinga. Arbeidsgruppa skulle levere ein rapport innan utgangen av september 2012. Arbeidsgruppa har hatt tre møte. Rapport om eigarskapskontroll av Kontrollutvalet i Hordaland fylkeskommune gjorde dette vedtak i sak 37/09 i møte 16.12.09: Kontrollutvalet ber Deloitte gjennomføre eigarskapskontroll av, med utgangspunkt i forslag til prosjektplan og ev. innspel under drøftinga i møtet.
Føremålet med eigarskapskontrollen var å undersøkje og vurdere korleis Hordaland fylkeskommune utøvar eigarstyring av. Rapporten frå Deloitte undersøkte følgjande overordna problemstillingar: 1. I kva grad følgjer fylkeskommunen opp at føremålet med eigarskapet blir ivareteke? 2. I kva grad sikrar fylkeskommunen at selskapa si verksemd er i samsvar med vedtektsfesta føremål? 3. I kva grad følgjer fylkeskommunen opp at selskapa oppnår dei mål som er sett for verksemda? 4. I kva grad følgjer fylkeskommunen opp at selskapa driv i samsvar med lover og reglar? 5. I kva grad følgjer fylkeskommunen opp at selskapa driv på ein forsvarleg måte? 6. I kva grad følgjer fylkeskommunen opp at tilskot til blir nytta i samsvar med føresetnande? Rapporten inneheld m.a. ei detaljert oversyn over eigarskapen i den einskilde arbeidsmarknadsbedrift og nedteikning av korleis eigarstyringa i desse bedriftene er. Rapporten er verifisert og rådmannen har fått høve til å gje uttale. Hovudkonklusjonane i rapporten er følgjande: Fylkeskommunen manglar viktige føresetnader for aktiv og målretta eigarstyring av. Dette er mellom anna knytt til at fylkeskommunen ikkje har: Konkretisert strategiske og operasjonelle målsettingar med eigarskapa Ikkje har utarbeidd grunnleggjande prinsipp og rutinar for oppfølging av eigarskap i Definert kva ansvar dei ulike avdelingane skal ha i eigarskapsoppfølginga og at det i liten grad er samhandling mellom einingane. Fylkeskommunen føreset i stor grad at NAV følgjer opp at selskapa driv i samsvar med føremålet, lover og reglar og på ein forsvarleg måte. Revisjonen stiller spørsmål ved om grunnlaget for ein slik føresetnad er tilstrekkeleg dokumentert. Fylkeskommunen gjer ikkje systematiske analyser og vurderingar av tilsend informasjon frå selskapa, og har difor i liten grad grunnlag for å vurdera om drifta i er forsvarleg og i samsvar med vedtektsfesta føremål. Gjennomgangen viser at eitt av selskapa ikkje har gjennomført generalforsamling innan frist etter aksjelova, og at to andre selskap har ikkje følgt vedtektene når det gjeld kva saker som skulle vore handsama på ordinær generalforsamling. Dette er brot på regelverk og vedtekter som fylkeskommunen på ein enkel måtte kunne fanga opp og forhindra. I kapittel 7 kjem Deloitte med slike forslag til tiltak: Hordaland fylkeskommune bør: konkretisere nærare strategiar og operasjonelle målsettingar med eigarskapa i vurdere innhald i system og rutinar for oppfølging av, til dømes gjennom ei strukturert handsaming av saker som skal opp på generalforsamling vurdere om rollar og ansvarsdeling mellom involverte avdelingar er tenlege vurdere å etablere fora med andre eigarar (uformelle eigarmøte) som grunnlag for ei meir tenleg eigarstyring skaffe seg oversyn over/dokumentera kva som er NAV sitt ansvar i forhold til Fylkestinget gjorde eit vedtok på sitt møte i juni 2010 der ein bad fylkesrådmannen om å følgje opp tilrådingane i rapporten og at det vart laga ein plan for kva tiltak som skal setjast i verk, når dei skal setjast i verk og kven som skal ha ansvaret for iverksettinga. 2
Disposisjon for arbeidsgruppa sitt arbeid Arbeidsgruppa har i sitt arbeid tatt utgangspunkt i forslag til tiltak i rapporten frå Deloitte. I rapporten står det at Hordaland fylkeskommune bør sjå på følgjande moment: 1) Konkretisere nærare strategiar og operasjonelle målsettingar med eigarskapa i 2) Vurdere innhald i system og rutinar for oppfølging av, til dømes gjennom ei strukturert handsaming av saker som skal opp på generalforsamling 3) Vurdere om rollar og ansvarsdeling mellom involverte avdelingar er tenlege 4) Vurdere å etablere fora med andre eigarar (uformelle eigarmøte) som grunnlag for ei meir tenleg eigarstyring 5) Skaffe seg oversyn over/dokumentera kva som er NAV sitt ansvar i forhold til Arbeidsgruppa har valt å svare på desse fem momenta i motsett rekkefølgje av slik dei er sett opp i rapporten frå Deloitte. Grunngivinga for dette er at arbeidsgruppa meiner at vurderingar av målsetjingar, samt system og oppfølging av, først kan gjerast når tenleg eigarstyring og intern ansvarsdeling er avklart. I tillegg meiner arbeidsgruppa at NAV sitt ansvar er viktig å avklare før ein gjer andre vurderingar. Til sist kjem arbeidsgruppa med ei tilråding for Hordaland fylkeskommune sitt vidare engasjement i. Arbeidsgruppa si vurdering 5) Skaffe seg oversyn over/dokumentera kva som er NAV sitt ansvar i forhold til NAV sitt ansvar og rolle inn mot vert regulert av Lov om arbeidsmarkedstjenester (Arbeidsmarkedsloven) og forskrift om arbeidsretta tiltak m.v. NAV sitt ansvar er i hovudsak knytt til den enkelte tiltaksdeltakar (person som er tatt inn i arbeidsretta tiltak), og det tilbodet som skal yta til personen. Ifølgje opplysningar frå NAV vert det utforma ein forpliktande avtale mellom bedrifta og den enkelte deltakaren. NAV gjev tilskot til bedrifta etter den avtale som er inngått. NAV har som oppgåve å følgje opp avtalen og sjå til at tilskotet vert nytta slik det skal. Dette vert gjort gjennom samtalar og møte mellom partane. I forskrifta sin 10-3 er det sett opp kriterium som gjeld for korleis ei arbeidsmarknadsbedrift skal organiserast. Det er òg nedfelt korleis eit eventuelt overskot i bedrifta skal handterast. Etter forskrifta 1-12 har NAV ei oppgåve når det gjeld kontroll og sanksjonar mot arbeidsmarknadsbedrifter. Dette gjeld hovudsakleg mot den enkelte brukar (deltakaren), der ein kontrollerer at tiltaka vert gjennomført og at tilskota vert nytta slik dei skal. Dersom dette ikkje er tilfelle, kan NAV halde tilbake ytingar til tiltaksarrangør dersom dei arbeidsretta tiltaka ikkje vert gjennomført etter føresetnadane som følgjer av forskrifta. NAV har såleis ikkje noko rolle opp mot sjølve bedrifta og korleis denne vert driven. NAV si rolle er knytt til den enkelte deltakar og kva oppfølging denne får av bedrifta, samt at tilskot vert nytta slik som fastsett. NAV kan trekkje attende godkjenning som støttebedrift dersom det ligg føre brot på reglane som gjeld for. 3
4) Vurdere å etablere fora med andre eigarar (uformelle eigarmøte) som grunnlag for ei meir tenleg eigarstyring I rapporten frå Deloitte om eigarstyring av er det tilrådd å vurdere å etablere forum med andre eigarar (uformelle eigarmøte) som grunnlag for ei meir tenleg eigarstyring. KS Eigarforum har utarbeidd dokumentet Anbefaling om eierskap, selskapsledelse og kontroll av kommunalt/fylkeskommunalt eide selskaper og foretak. Dokumentet inneheld 19 tilrådingar om eigarskap der ein går inn på ulike sider ved skiping av selskap, utarbeiding av eigarstrategiar og kontroll av selskap. Som ein del av tilråding nr 8 Gjennomføring av eiermøter heiter det: I tillegg til generalforsamling/representantskap kan det arrangeres andre eiermøter for eksempel interkommunale formøter før representantskapet, eller møter for å drøfte en sak uten at det blir gjort formelle vedtak. Det er opp til eierne selv å vurdere behovet for, og hvordan slike eiermøter skal gjennomføres. Hordaland fylkeskommune har ikkje aksjefleirtal i nokon av, utanom Beredt AS som er fullt ut eigd av fylkeskommunen. Fylkeskommunen sin eigardel varierer frå 13,7% til 36,4% i dei ulike selskapa. I alle selskapa, utanom Nordhordland Industrier, er det kommunen der selskapet er etablert som er største aksjeeigar. I tillegg er nabokommunane til vertskommunen aksjeeigarar. I kva grad det er naturleg å oppretta organ utover dei formelle eigarmøta, generalforsamlinga, vil etter arbeidsgruppa si meining variere frå selskap til selskap. I og med at fylkeskommunen ikkje har fleirtal i nokon av selskapa som har fleire eigarar, vil ikkje arbeidsgruppa tilrå at fylkeskommunen skal ta på seg ei utvida eigarrolle ved å stå for t.d. meir uformelle eigarmøte. Dersom selskapet finn det tenleg å arrangera uformelle eigarmøte t.d. før generalforsamlinga, meiner arbeidsgruppa at største eigar, evt. kommunen der verksemda er etablert, bør stå for eigarmøtet. Fylkeskommunen må sjølvsagt delta på slike eigarmøte for å fremme sine synspunkt, men arbeidsgruppa finn det ikkje naturleg at fylkeskommunen tar på seg ei utvida eigarrolle i desse selskapa. 3) Vurdere om rollar og ansvarsdeling mellom involverte avdelingar er tenlege Arbeidsgruppa ser det viktige i presiseringa frå Deloitte om at roller og ansvarsdeling mellom ulike avdelingar i fylkeskommunen ikkje er definerte. Ei oppfølging av eigarskapen krev at det vert etablert klåre ansvarsoppgåver og god samhandling mellom dei ulike avdelingane i fylkeskommunen. I fylkeskommunen kan ei koordinering av medeigaransvaret i verte plassert i Næringsseksjonen i Regionalavdelinga. Næringsseksjonen har til oppgåve å leggje til rette for god regional næringsutvikling i Hordaland, og å sikre sysselsetting og verdiskaping i alle delar av fylket. Ei integrering av i denne oppgåva vil gi ei auka merksemd mot utfordringane som er med å få innbyggjarane i fylket i varig arbeid. Samstundes kan dette føre til at kan verte med på ei god og positiv utvikling innan fleire bransjar og næringsområde i fylket. Ei koordinering av medeigaransvaret i Næringsseksjonen vil krevje at andre avdelingar i fylkeskommunen samhandlar med Næringsseksjonen for å ivareta det ansvaret som fylkeskommunen har. 4
2) Vurdere innhald i system og rutinar for oppfølging av, til dømes gjennom ei strukturert handsaming av saker som skal opp på generalforsamling Arbeidsmarknadsbedriften Beredt AS er 100% eigd av Hordaland fylkeskommune. Arbeidsgruppa er av den meining at det er berre for denne bedrifta at fylkeskommunen skal ta eit overordna ansvar når det gjeld ei strukturert handsaming av saker som skal opp på generalforsamling. Etter aksjeloven er det i styrande organ den enkelte styrerepresentant som må ta det ansvaret som ligg til det å vere valt til eit styre. Det same gjeld for dei som møter på generalforsamlingar. Arbeidsgruppa vil foreslå at dei folkevalde vender seg til Næringsseksjonen for spørsmål relatert til saker som kjem opp i styremøte og generalforsamlingar. 1) Konkretisere nærare strategiar og operasjonelle målsettingar med eigarskapa i Arbeidsmarknadsbedriftene er verksemder som er drivne på ulike vis og med ulike forretningsområde. Det vil vere svært krevjande å formulere felles målsetjingar for desse bedriftene. Å formulere hovudmål for korleis Hordaland fylkeskommune skal utøve sitt medeigarskap er derimot muleg. Arbeidsgruppa foreslår at eit hovudmål kan vere at Hordaland fylkeskommune gjennom sine eigarskap aktivt skal bidra til tiltak innan attføring og kompetanseheving som gir gode og varige sysselsetjingseffektar. Arbeidsgruppa si tilråding Gjennom ein brei forankra eigarskap i fleire arbeidsmarknadsbedrifter kan fylkeskommunen spele ei rolle ved å medverke til at bedriftene utviklar nye tilbod retta inn mot dei utfordringane som er i kommunane og i fylket. Arbeidsgruppa er av den meining at det er berre for Beredt AS at fylkeskommunen skal ta eit overordna ansvar. For dei andre vil det vere mest naturleg at største eigar tar eit overordna ansvar for å gjere den enkelte arbeidsmarknadsbedrift til ei framtidsretta og god verksemd. Arbeidsgruppa tilrår å gi Næringsseksjonen i Regionalavdelinga ei koordinerande rolle i fylkeskommunen sitt arbeid inn mot i fylket. Som koordinator for medeigaransvaret i vil det vere viktig for Næringsseksjonen å nyttiggjere seg aktivt av den samla kompetansen som er i fylkesadministrasjonen på ulike område, og i ulike avdelingar. Fylkeskommunen vil med ei slik organisering bidra til å sikre god samhandling med andre eigarar, og samstundes sikre sine viktige oppgåver i sysselsettingspolitikken. Revidert versjon 23.8.2012 5