Ein språknormal for lang tid

Like dokumenter
Tilråding om ny rettskriving for nynorsk

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

styrke i at mest kva som helst kan skje, utan at dei vert mindre aktuelle.

2012-reforma for nynorsk ikkje berre grammatikk og ordformer, men også eit verdival? Aud Søyland, tidlegare sekretær for Riise-nemnda

Vedtakssak. S 34/ normalen for nynorsk rettskriving. Møtedato: 20. mai 2011 Frå: styreleiaren

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Saksnr. Dok-ID Arkivkode Sakshandsamar Dato: 12/639 12/5927 L32 RIF Vedlagt følgjer Høyanger kommune sin uttale til høyringsframlegget.

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Nye kommunar i Møre og Romsdal

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Refleksjon og skriving

VANYLVEN KOMMUNE Rådmannen. Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2012/ /2015 / 002 RÅD / SANGUD

Hei Guro, ei oppdatering frå Holmedal Ungdomslag.

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman.

Vedtaksprotokoll styremøte og styreseminar

Råd i kommunar og fylkeskommunar for ungdom, eldre og personer med funksjonsnedsettelse - høring. Foto: Geir Hageskal

MØTEINNKALLING. Folkevalde, både medlemer og varamedlemer, plikter å møte jf. kommunelova 40 nr. 1, med mindre det ligg føre gyldig forfall.

Kva kompetanse treng bonden i 2017?

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

Samanslåing av sokn på Osterøy - høyringsutkast

St.meld. nr. 10 ( )

Stadlandet 15. februar 2018 (Kontrollutvala i Eid og Selje hadde fellesmøte) Kommunesamanslåing. Dagleg leiar Arnar Helgheim, SEKOM-sekretariat

Saman om å skape. Strategi for innbyggardialog

Saksnr Utval Type Dato 008/18 Formannskapet PS Formannskapet vedtek følgjande medlemmer til den politiske arbeidsgruppa:

Kommunereform. Presentasjon på folkemøta Vinteren 2015 INFORMASJONSSTRIPE REDIGER VIA MASTER SLIDE

POLITISK SAKSHANDSAMINGSREGLEMENT FOR HÆGEBOSTAD KOMMUNE

Fråsegn om norskfaget og nynorsken

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Saksbehandlar: Vigdis Rotlid Vestad. Ref.: 2017/2464/FMMRVIVE Til: Felles kommunestyremøte

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2015

Forslag. Har du nokon gong lurt på korfor det er så vanskeleg å velja, eller korfor me no og då vel å gjera ting me eigenleg ikkje vil?

Vel nynorsk for barnet ditt!

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Dykkar ref.: Vår ref.: 11/ Dato: GISKE KOMMUNE SI VURDERING AV FRAMTIDIG KOMMUNESTRUKTUR - VEDTAK I GISKE KOMMUNESTYRE

Arbeidshefte om kommunereforma for ungdomsskulane i Bremanger

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

MARS. Grøn og oransje. Skogatufto barnehage

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform

Samarbeidsutvalet Foreldrerådsutvalet. arbeidsoppgaver konflikthandtering SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR


Tilleggsinnkalling av Formannskapet

REGLEMENT FOR SAKSHANDSAMING I FOLKEVALDE ORGAN

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Høyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd

Innkalling til ekstraordinært møte i Bystyret

Kunnskapsdepartementet om målbruksarbeidet i universitets- og høgskolesektoren

Veljer vi spesialskule, eller veljer spesialskulen oss?

Dilemma ved ei folkerøysting. Oddvar Flæte og Jan Øhlckers

SOGNDAL KOMMUNE REGLEMENT FOR KONTROLLUTVALET UTKAST

Vedtaksprotokoll styremøte

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 027/2016 Formannskapet PS /2016 Kommunestyret PS

HØYRING - NOU 2006:2 - STATEN OG DEN NORSKE KYRKJA

Vedlagt: Kortversjonen av meldingsdelen i Kommuneproposisjon 2015, «en kort oversikt »

SOTRA BRANNVERN IKS - I arbeid for eit branntrygt lokalsamfunn!

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 056 A20 Arkivsaksnr.: 11/682-3

Vedtaksprotokoll styremøte

Medlemsundersøking for Mållaget i Kristiansand november 2018

Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015

Protokoll frå styremøtet i Språkrådet 6. desember 2012

Skuleåret 2017/2018.

Barn og unge sin medverknad i barnevernet.

Protokoll frå styremøtet i Språkrådet 13. og 14. juni 2013

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

Protokoll frå styremøte i Språkrådet 20. mai 2011

KONTROLLUTVALET I FJELL KOMMUNE

Å FORME DEN NYE KOMMUNEN DIN?

Styresak. Synnøve Serigstad Retningslinjer for brukarmedverknad i Helse Vest. Arkivsak 2012/105 Styresak 043/14 Styremøte

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Ivar Aasen-tunet, Ørsta, 30. september 2016 kl

ETAT FOR LOKAL UTVIKLING. Utforming av kommuneplan

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2014

Fjell kommune Arkiv: 320 Saksmappe: 2016/ /2016 Sakshandsamar: Monica Pedersen Dato: SAKSDOKUMENT

Møtedato: Møtetid: Kl. 13: Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti

RAUMA KOMMUNE Kultur- og oppvekstetaten

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

Vedtekter for Vestland SV

GLOPPEN KOMMUNE OPPVEKSTUTVALET TILLEGGSSAK SAKLISTE: Møtedato: Møtestad: Gloppen ungdomsskule Møtetid: Kl. 09:00

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS

FELLES RETNINGSLINER FOR BEHANDLING AV SIVILE SAKER I TINGRETTANE. Nynorsk

Kontrollutval rådmann - revisor. Korleis samarbeider vi?

LOV FOR BONDEUNGDOMSLAGET I OSLO. (Skipa 15. oktober 1899) (Lova sist endra 18. mars 2015)

HØYRING VEDK FORSLAG TIL STATLEGE PLANRETNINGSLINJER FOR DIFFERENSIERT FORVALTNING AV STRANDSONA LANGS SJØEN

Tilbakemelding på nasjonalt tilsyn i Vinje kommune i høve forvaltningskompetanse - avgjerder om særskild tilrettelegging

AVLEVERINGSRAPPORT ETTER FOKUSOMRÅDE NR. 6. FOKUSOMRÅDE: VAKSENROLLA I HENTESITUASJONEN STANDARD: BESTE PRAKSIS

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

2 av 6 Desse sakene vart handsama: SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 069/12 12/689 Faste saker 070/12 12/659

Transkript:

Ottar Grepstad Ein språknormal for lang tid Opningsinnlegg på høyring om ny rettskriving for nynorsk Språkrådet, Oslo 21.2.2011 Velkomen til noko ingen har gjort før! På den internasjonale morsmålsdagen skal vi tenkje høgt om korleis eitt av skriftspråka i denne verda skal skrivast. Språkrådet har invitert vidt og breitt til open høyring om framlegget til ny rettskriving for nynorsk. Vi har vilja gi privatpersonar taletid og meiningsrett på linje med institusjonar, organisasjonar og bedrifter, og det er stas at så mange har nytta høvet. Dette blir kanskje ikkje den største reforma i rettskrivinga av nynorsk, men det er den mest demokratiske, truleg også den viktigaste. Å lage eit godt gjennomtenkt framlegg til ei samla rettskriving kan éin person gjere åleine. Det gjorde Ivar Aasen i si tid, og det kan andre gjere i vår tid. Slik spissformulerte eg meg i 2007, og det kunne eg gjerne gjere også i dag: Å lage ei ny rettskriving er lett. Det vanskelege er å vinne tilslutning. Spissformuleringar kjem likevel til kort når det skal ryddast i eit rettskrivingssystem som også må oppdaterast. Då kjem både nyansane, atterhalda og tvilen godt med. Det er krevjande å lage ei rettskriving. Framlegget viser kor mykje ein bør vite og kor mange omsyn og faktorar som skal vurderast før ein kan bestemme seg. Det same framlegget viser også kor viktig det er at ein faktisk bestemmer seg. Å skrive ei slik innstilling er å ta 1

stilling. Då er forma ein del av innhaldet og prosessen ein føresetnad for meiningane. Strategi for endring Å få rett er vanskelegare enn å ha rett. Det gjeld ikkje minst i rettskrivingsspørsmål. Di større endringane har vore, di meir har bøygen vore innføringa. Då den førre store rettskrivingsreforma for nynorsk blei vedteken i 1959, var Noregs Mållag enno ikkje heilt ferdig med å finne ut kva dei meinte om reforma frå 1938. Sist ein prøvde å endre den nynorske rettskrivinga, tok det fire år, og etter dei fire åra var det meste som før. Etter eit omfattande arbeid 2001 2003 vedtok Norsk språkråd på årsmøtet i 2003 framlegg til ny rettskrivingsnorm for nynorsk og bokmål. Eit ferdig framlegg gjekk til Kultur- og kyrkjedepartementet 16. juni same året. I brev 16. februar 2005 godkjende departementet i all hovudsak framlegget for bokmål. Derimot kom departementet til at framlegget for nynorsk ikkje var avklarande nok til at det i denne omgangen er tilrådeleg å skipla den stabiliteten som gjeldande rettskriving trass alt representerer. Det stod ikkje på den faglege kvaliteten. Det var legitimiteten og strategien som skranta. Styret i det nye Språkrådet sette spørsmålet om ny nynorsknorm på saklista sommaren 2007. Styret vedtok 17. september 2007 samrøystes å setje i gang arbeidet med ein revisjon av nynorsknorma. På grunnlag av saksførelegg frå direktøren og drøftinga i møtet blei det vedtaket skrive for hand der og då. Eg minner om kva Olav H. Hauge skreiv i dagboka si for snart 25 år sidan: Kunsten å skriva ligg i handi like mykje som i hovudet. Det som verkeleg er godt, er skrive med hand, skreiv han i dagboka 15. mars 1987. Viss Hauge har rett i dette, var det eit godt vedtak styret gjorde den gongen. 2

Etterpå viste det seg at regjeringa Stoltenberg kom til å ta opp rettskrivingsspørsmål i den språkmeldinga som var i arbeid. Styret utsette difor saka til Stortinget hadde handsama språkmeldinga våren 2009. I mellomtida hadde mange mobilisert slik mange gjer når endring trugar. Debatten stadfesta det styret hadde meint om kor viktig det var å få til ein demokratisk prosess. Den prosessen ville vere den kritiske faktoren. Samstundes la dei færraste i debatten noka vekt på den jamne og nokså usikre språkbrukaren. Som så ofte før var det dei som minst trong ei norm som meinte mest om saka. Det sterke engasjementet tilsa at dei som skulle gjere dette arbeidet, kunne kome til å få ei nokså ubehageleg oppgåve. Difor var det viktig for styret å stå som ein vegg bak det mandatet som blei utforma og det arbeidet nemnda skulle utføre. Vi såg også at nemnda måtte setjast saman slik at den hadde legitimitet i vide krinsar, ikkje berre hos dei som alt var samde i sak. Til no har alle vedtak i denne saka vore samrøystes. Eg seier det som det er, sjølv om det høyrest litt austeuropeisk ut. Mandat for endring Med grønt lys frå Kultur- og kyrkjedepartementet vedtok styret 16. desember 2009 det endelege mandatet og oppnemnde nemnd og sekretær. Slik norsk kommuneforvaltning hadde sin Schei-komité for kommunesamanslåing i 1960- åra, hadde norsk rettskriving då fått sin Skei-komité. Som det høver seg, er skrivemåten skilnaden. Nokre av styremedlemene møttest på Skei i Jølster ein dag i desember 2009 for å førebu styrevedtaket og fylle nemnda med folk. Både vi som var der og andre kring Språkrådet hadde då fått ei klar kjensle av at noko hadde endra seg. Somme av dei som meinte mest i 2007, var ikkje like skråsikre lenger. Nokre som då meinte lite, sa no at endring må til. 3

Ordskiftet om språkmeldinga hadde også vist at Språkrådet som så ofte elles var på parti med eit breitt fleirtal i Stortinget. Det var ingen ting vi måtte endre i mandatet, men det var somt vi ville leggje til. Innspela frå fagrådet for normering og språkobservasjon har heile tida vore viktige. Arbeidet måtte organiserast med ei klar arbeids- og rolledeling mellom styre, fagråd og nemnd. Dette gjekk seg til etter kvart. Fagrådet og fagrådsleiar Helge Dyvik fortener varm takk for lojal, innsiktsfull og respektfull deltaking i arbeidet. I mandatet gjeld punkta 1 3 det språkfaglege arbeidet. Alt styret sa om dette i 2007, står også i det endelege mandatet frå 2009, med to viktige tillegg. Det eine tillegget blei skrive på Skei Hotell. Tillegget lyder slik i punkt 2: Norma skal vera lett å bruka uavhengig av formell utdanning og språkkompetanse. Dette tillegget var ein direkte konsekvens av debatten hausten 2007. Vi ville markere at språket er til for alle og skal kunne brukast av alle. Det andre tillegget gjaldt krava til ei landsgyldig norm. I brev av 17. september 2009 hadde departementet framheva at nynorsken framleis skal vera slik utforma at han kan ha appell til språkbrukarar over heile landet, og at ein ikkje stengjer ute former som er i allmenn bruk blant breie grupper av nynorskbrukarar. Dette tok vi ordrett inn i mandatet. Språkrådet vil vere der språkbrukarane er og stå til rådvelde for så vel mannen i blomebutikken som kvinna på universitetet, driftsleiaren oppe i tunet og direktøren nede i gata. Fleire har peikt på at mandatet inneheld omsyn og faktorar som kan stri mot kvarandre. Dette kunne styret ha løyst før vi vedtok mandatet, men då hadde vi føregripe debatten og lukka prosessen. Alle omsyn skulle ikkje vege like tungt, men det måtte vere opp til nemnda å balansere mellom interessene og motsetnadene. Dette presiserte også styret til nemnda undervegs: De må vurdere, ta stilling og grunngi vala de gjer. 4

Open og inkluderande prosess Skal det gå så fort? Er ikkje det uansvarleg? Dette kjem til å gå gale. Slik var reaksjonane på framdriftsplanen der styret føresette at det berre skulle gå halvtanna år frå mandatet var vedteke til departementet hadde fått ei tilråding. Så fort kunne dette berre gå av to grunnar. Den eine var det grundige forarbeidet i åra 2001 2003. Den omfattande dokumentasjon av språkbruk og tendensar frå den gongen var ein nødvendig føresetnad for å lage eit kunnskaps- og forskingsbasert framlegg til ny rettskriving. Den andre grunnen var at prosessen skulle vere open og inkluderande. Blir slike prosessar langdryge, misser prosessen momentum, engasjementet falmar, og berre dei mest meiningssterke held ut. Det som hadde teke til som ein demokratisk prosess, kunne ende i ein ufullendt kakafoni for filibustarar og anna godtfolk. Her skulle alle få same taletid, men ikkje for all tid. Historia om nynorsk rettskriving har mange døme på komitear og grupper som har arbeidd på sjølvstendig grunnlag bak nokså stengde dører. At eit skriftspråk som så til dei grader var bygt på kvardagstalen til folk flest, skulle normerast av eit fåtal menneske, stilte få spørsmål om i si tid. Etter som organisasjonssamfunnet Noreg tok form, utfordra det representative systemet denne arbeidsforma meir og meir, til det kulminerte i det gamle Norsk språkråd. Denne gongen har det vore eit tett samspel mellom nemnd og språkbrukarar ved hjelp av vår tids digitale kontakt- og omgangsformer. Dei siste tolv månadene har kven som helst når som helst kunna stille spørsmål eller seie si meining. Ein slik prosess fører gjerne til eit anna resultat enn om ein hadde arbeidd for seg sjølv i det stille. Eg har aldri forstått grunnlaget for påstandane om at nynorsk er eit elitespråk. Det kan vere vel og bra å lese teori utvikla i til dømes det sterkt 5

sentralstyrte, sosialt elitistiske og språkleg nokså einsretta Frankrike for å forstå kva som er typisk norsk. Den klokskapen som følgjer av slik lesnad, må iallfall koplast til kunnskap om den norske røynda. Ein av dei viktigaste grunnane til at nynorsk står så sterkt som språket faktisk gjer, er at språkbruken er blitt til med demokratiske avgjerder landet rundt. Å bruke folkerøystingar til å endre eller stadfeste språkleg praksis var eit dristig val, men truleg også den einaste måten å oppnå resultat på. Dei avgjerdene som har gjort Noreg til eit land med ein språkdelt kultur, er gjerne blitt tekne i vegkrysset mellom ekspert og veljar, representasjon og folkevald. Den er denne tradisjonen også Språkrådet har bygt på i denne saka. Vi ville lage ein møteplass mellom kvalifiserte språkbrukarar og solide fagfolk, og mellom nemnd og brukar. Å gjere noko slikt trudde vi var dristig. Der tok vi feil. Kritikk var venta, og den kom, men stort sett i milde og dialogiske former. Prosessen har fått mange til å skifte meining, ikkje berre om sak, men også om nemnd og prosess. Nokon av dei som kritiserte det Språkrådet fann på i 2009, sluttar seg no til mykje av det prosessen har resultert i. Av slikt står det respekt. Kva er poenget? Nemnda har halde styret i Språkrådet godt orientert. Vi har følgt arbeidet på avstand og har nok vore litt avstandsforelska. Styret, både det førre og det nye, er imponert over krafta og soliditeten i det arbeidet som er utført. Nynorsknemnda kan kome til å bli eit lærestykke i moderne samfunnsendring. Mykje kunne sett annleis ut i norsk politisk debatt og i utviklinga av det norske samfunnet viss fleire hadde brukt prosessar av dette slaget for å finne fram til kloke avgjerder. I dag er ingen meir meiningslause enn styret i Språkrådet. Den dagen kjem då vi skal ta stilling. Der er ei tid for alt ei tid for å meine, ei for å lytte. 6

Denne høyringa er ein lyttepost for oss. Vi vil høyre kva alle seier, og så gjer vi oss etterpå opp ei meining om kven vi vil høyre mest på. Når punktum er sett, blir ingen trudd som hevdar at dei ikkje fekk sagt det dei ville. Etter denne høyringa skal nemnda samanfatte synspunkt, vurdere for og mot, ta endeleg stilling og så leggje fram si innstilling. Trykket må haldast oppe. Difor kan eg ikkje snakke vekk nemnd og sekretariat med all verdas takk i dag, men eg gled meg stort til den dagen kjem då det kan gjerast. Til VG sa kong Harald laurdag 19. februar noko om det særmerkte ved dei store pedagogane i norsk idrett. De er jo så flinke til å overføre det de mener slik at spillerne forstår det, sa han. Det gjeld å gjere ting enkelt, for du klarer ikke å konsentrere deg om mer enn et par ting når du konkurrerer, i særlig grad ikke når du er sliten. I den lange debatten om nynorsk rettskriving har mange gått lei. To dagar før eit skirenn opnar oppi bakkane her, burde vi helst kunne seie at det var slik vi tenkte då vi la strategien for denne rettskrivingsendringa. Som kjent er lykka betre enn forstanden. Vi samla det heile i få ord: ei enkel, tydeleg og stram norm etter ein open og inkluderande prosess. Vi sa det ikkje slik fordi vi var utsøkte pedagogar, men fordi vi ville markere tydeleg ei retning og ei form for arbeidet. Eg trur kong Harald har rett. Det gjeld å fortette det heile til nokre få setningar og dei orda som får fram kva det heile dreiar seg om. På dette høyringsmøtet er ordet så ope og fritt som det skal vere om både form og innhald, prosess og resultat. Likevel vonar eg høyringa også kan hjelpe nemnda og styret med å få fram det som er aller viktigast når den dagen kjem at ei ny norm vonleg er vedteken og om få år er enkel og grei røynd for dei mange som kvar einaste dag fører vidare det Ivar Aasen sette i gang. Som han sjølv skreiv det med eit ordtak frå allmugen: Stort verk vilja byrja smått. Til lykke med dagen, Ivar Aasen! 7

Mandatet for nynorsknemnda Styrevedtak 16.12.2009 Tillegg etter 2007 står i kursiv 1 På grunnlag av utgreiinga om nynorsknorm i 2003, seinare offentleg ordskifte, språkmeldinga frå 2008 og drøftinga av denne i Stortinget våren 2009 set styret i gang arbeidet med å laga ei tydeleg, enkel og stram norm for nynorsk, utan sideformer. Denne nye norma skal vera eit tilbod til alle som ynskjer å skriva korrekt nynorsk, og ho skal gjelda for alle som pliktar å skriva innanfor ei norm. 2 Målet er å etablera ei norm som gjer det lettare å vera nynorskbrukar, som er tydeleg for alle som bruker nynorsk som sidemål, og som er stabil over tid. Norma skal vera lett å bruka uavhengig av formell utdanning og språkkompetanse. 3 Norma skal vera slik at nynorsken framleis kan appellera til språkbrukarar over heile landet og gir rom for former som er i allmenn bruk blant breie grupper av nynorskbrukarar. Breitt talemålsgrunnlag, mykje brukte former og ord, geografisk spreiing og skriftspråktradisjonar er difor blant dei viktigaste faktorane som skal balanserast i den nye norma. 8