MØTEINNKALLING Utval: Fast utval for plansaker Møtedato: 15.05.2012 Møtestad: Ingebrigt Davik-huset, Brattvåg Møtetid: Kl. 12:45 Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melde frå så snart råd er, tlf. 70 20 75 32 (00), slik at varamedlem kan bli innkalla. Varamedlemmer møter etter nærare innkalling. Dokument som ikkje er utsendt, kan du få kopi av på rådhuset. Dokument som ikkje er offentlege, vil bli utleverte i møtet. Dersom medlemmene på førehand ønskjer å gjere seg kjent med innhaldet i desse dokumenta, er dei tilgjengelege på rådhuset. Haram kommune 10.05.12 Bjørn Sandnes ordførar Elin A. Moen sekretær
Sakliste Sak nr. Saktittel 023/12 Godkjenning av møtebok 24.04.12 024/12 Gnr. 20/15, 7 og 6 - privat regulering bustadtomter på Lepsøy - oppstart
HARAM KOMMUNE Sakspapir Utval Møtedato Saksnr Saksbeh. Fast utval for plansaker 15.05.2012 023/12 Elin A. Moen Avgjerd av: Fast utval for plansaker Godkjenning av møtebok 24.04.12 Arkiv: 033 Arkivsaknr 12/493 Framlegg frå Rådmannen: Møtebok frå møtet 24.04.12 vert godkjent.
HARAM KOMMUNE Sakspapir Utval Møtedato Saksnr Saksbeh. Fast utval for plansaker 15.05.2012 024/12 Gjøsund Hege Avgjerd av: Arkiv: L12, 20/15, 20/7, 20/6 Arkivsaknr 12/452 Gnr. 20/15, 7 og 6 - privat regulering bustadtomter på Lepsøy - oppstart Framlegg frå Rådmannen: Det faste utval for plansaker godkjenner at det vert starta opp detaljplan for bustadar innan del av gbnr 20/15, 20/6 og 20/7 på Lausund, Lepsøy i samsvar med plan og bygningslova 12-8.. Vedlegg: SKMBT_C22012050210210.pdf 1215-Varslingskart Model (1.pdf Oversiktkart.pdf Oversiktskart kommuneplan.pdf Gårdskart.pdf Intakt lavlandsmyr.pdf Saksutgreiing: Hallgeir Wuttudal søkjer på vegne av tre grunneigarar om oppstart av regulering til bustadtomter på gbnr 20/15, 20/7 og 20/6 på Lausund, Lepsøy. Formålet med reguleringa er å leggje til rette for bustadtomter. Det er søkt om 3 tomter på gbnr 20/15, ei bustadtomt på gbnr 20/7 og 2 bustadtomter på gbnr 20/6. Området ligg på nedsida av fylkesvegen på Lausund, i tilkyting til eksisterande bustader langs vegen.
Tilkomst skal etablerast frå fylkesvegen. Forslagstillarar var i møte med Haram kommune den 2.4.2012, der dei la fram ideane rundt detaljplanen. For gbnr 20/15: Ynskjer å få regulert 3 tomter på eigedommen, i tilknyting til eksisterande busetting. Målsettinga er å kunne tilby tomter til unge som flyttar heim til Lausund. Krav om detaljplan. For gbnr 20/7: Ynskjer i utgangspunktet to bustadtomter, ei på oversida av vegen, i tilknyting til eksisterande hus på eigedommen, og ei tomt på nedsida av fylkesvegen. På oversida av fylkesvegen vert forslagstiller råda til å søkje frådeling, då det i kommuneplanen er lagt til rette for å gje frådeling av inntil to bustadar, dersom det ikkje kjem i konflikt med jordbruk eller andre forhold. Frådeling må søkjast om separat frå detaljplanen. På den tomta forslagstiller ynskjer regulert på nedsida av fylkesvegen stod der eit eldre hus tidlegare. Der står murar att etter dette gamle huset. Forslagstiller ynskjer at denne tomta inngår i detaljplanen. For gbnr 20/6: Forslagstillar ynskjer å få regulert 2 bustadtomter på nedsida av vegen. Der står i dag ei løe og ei garasje i området. Vurderast som vanskeleg å få frådeling, då der allereie er frådelt bustadtomt på same eigedom, og i tillegg vil tomtene kome i konflikt med LNF-område (landbruk) og driftsbygning (løe). Forslagstiller ynskjer tomtene regulert. Vurdering: Områda som er søkt regulert ligg i kommuneplan med formål LNF-område, der landbruk er framtredande. Området inngår også i heilskap innanfor området som i forskrift er avsett til dyrelivsfredning i kommuneplan. Dyrelivsfreding: Naturbase faktaark. Dyrelivsfreding Løvsøyrevet: http://dnweb12.dirnat.no/nbinnsyn/asp/faktaark.asp?iid=vv00000676 Forskrift om vern av Løvsøyrevet fuglefredingsområde med tilgrensande dyrelivsfreding, Haram kommune, Møre og Romsdal: http://www.lovdata.no/for/lf/mv/mv-19880527-0396.html Detaljregulering etter plan og bygningslova 12-3: Private forslag må innhaldsmessig følgje opp hovudtrekk og rammer i kommuneplanens arealdel og føreliggande områdereguleringar. Ved vesentlege avvik gjeld krava i 4-2 andre ledd. Pbl 4-2: Planbeskrivelse/ Planomtale: For reguleringsplanar som kan få vesentlege verknader for miljø og samfunn, skal planomtalen gi ei særskilt vurdering og beskrivelse konsekvensutgreiing - av planens verknader for miljø og samfunn.
Pbl 4-1: Planprogram. For reguleringsplanar som kan ha vesentlege verknader for miljø og samfunn, skal det som ledd i varsling av planoppstart utarbeidast eit planprogram som grunnlag for planarbeidet. Saksutgreiinga skal avgjere om tiltaket etter plan og bygningslova fell inn under forskrift om konsekvensutgreiing sitt saklege virkeområde, og difor skal behandlast etter forskrifta (krav om planprogram og konsekvensutgreiing). 5 i forskrift om konsekvensutgreiing pålegg ansvarleg mynde å ta tidleg stilling til om reguleringsplanen fell inn under kriteria i 4 i same forskrift. For reguleringsplanar skal dette skje før varsel om oppstart. Detaljplanen på Lausund kjem ikkje inn under 2 i forskrifta; planar og tiltak som alltid skal behandlast etter forskrifta. Tiltaket ligg derimot under vedlegg 2 punkt 2: Detaljregulering av hytte- og bustadområde der planen avvik frå kommuneplan eller områdeplan. Vedlegg 2 angir planar og tiltak som skal vurderast etter 4 i forskrifta: - Detaljplanen for Lausund skal vurderast etter forskriftas 4: 4: Kriterier for vurdering av vesentlege verknader for miljø og samfunn Planer og tiltak etter 3 skal behandles etter forskriften dersom de a) er lokalisert i eller kommer i konflikt med områder med særlig verdifulle landskap, naturmiljø, kulturminner eller kulturmiljø som er vernet eller fredet, midlertidig vernet eller fredet eller foreslått vernet eller fredet, eller hvor det finnes eller er stor sannsynlighet for å finne automatisk fredete kulturminner som inngår i et kulturmiljø med stor tidsdybde, - Det omsøkte området er ikkje registrert som nasjonalt eller regionalt særleg verdifullt kulturlandskap i direktoratet for naturforvaltning sin naturbase. Det er heller ikkje registrert i basen som Naturtype etter DNs håndbøker som regionalt eller nasjonal viktig naturtype. Utanfor planområdet er eit område med intakt lavlandsmyr ved skulen registrert som lokalt viktig førekomst etter DNs handbøker. På riksantikvaren sin nettside, Askeladden.no, er der ingen kjende kulturminne registrert innan det omsøkte planområdet. Likevel kan der finnast ukjende automatisk freda kulturminne innan plangrensene, dette må avklarast med fylkeskommunen sin kulturavdeling. b) er lokalisert i eller kommer i konflikt med viktige inngrepsfrie naturområder eller utgjør en trussel mot truede naturtyper, truede arter eller deres leveområder, mot prioriterte arter eller deres funksjonsområder, mot utvalgte naturtyper, eller mot andre områder som er særlig viktige for naturens mangfold - Det omsøkte området er ikkje vurdert som nokon trussel eller i konflikt med inngrepsfrie naturområde eller at det utgjer ein trussel mot trua naturtypar, artar eller leveområde for trua artar.
Planområdet ligg innanfor område til dyrelivsfreding etter forskrift om vern av Løvsøyrevet fuglefredingsområde med tilgrensande dyrelivsfreding, Haram kommune, Møre og Romsdal: http://www.lovdata.no/for/lf/mv/mv-19880527-0396.html Dette kan tolkast som eit funksjonsområde for artar, her sjøfugl. For område med dyrelivsfreding gjeld i forskrifta: Alle fugle- og pattedyrartar, også fuglereir, egg og ungar er freda mot jakt og fangst, skade og øydelegging av alle slag. Det er eit mildare vern innan dyrelivsfredingsområdet eller sjølve fuglefredingsområdet (på Løvsøyrevet). Der er ikkje direkte forbod mot utbygging. Der eksisterer allereie bustader langs heile fylkesvegen i dette området, og det vurderast som mindre vesentleg for dyrelivsfredinga om der oppførast nokre få hus i tilknyting til eksisterande busetting. Dette forutset at bustadane vert liggjande langs fylkesvegen som dei eksisterande og ikkje det vert tillate bustadar lenger ned mot strandsona enn vist på planen. c) er lokalisert i større naturområder som er særlig viktige for utøvelse av friluftsliv, herunder markaområder, eller i viktige vassdragsnære områder som ikke er avsatt til utbyggingsformål eller i overordnede grønnstrukturer og viktige friområder i byer og tettsteder, og hvor planen eller tiltaket kommer i konflikt med friluftslivsinteresser, - Planområdet er ikkje lokalisert i større naturområde eller vurdert som særleg viktig for utøving av friluftsliv. Detaljplanen kan likevel tenkast å kunne påverke tilgjenge til strandsona i området, i og med at det medfører meir tettbygd struktur langs fylkesvegen, der det i dag verkar meir ope. Der er i nærområdet tilgjenge, via veg, til strandsone. Markaområde og overordna grøntstrukturar er mindre relevant på Lepsøy, enn i meir tettbygde strøk, der det er stort press på slike areal. For Lepsøy er det i denne samanhengen viktig med allment tilgjenge til strandsone og areal mot sjøen. Det bør gjerast greie for i planomtalen korleis ein i planen skal sikre allmenn tilgjenge ned mot strandsona. d) kommer i konflikt med gjeldende rikspolitiske bestemmelser eller rikspolitiske retningslinjer gitt i medhold plan- og bygningsloven av 14. juni 1985 nr. 77 eller statlige planretningslinjer, statlige planbestemmelser eller regionale planbestemmelser gitt i medhold av lov 27. juni 2008 nr. 71, - Det er ikkje kjend at planen kjem i konflikt med forhold i punkt d). Det må i planlegginga takast omsyn til prinsippet om universell utforming og tilrettelegging for barn og unge sine behov. Når det gjeld RPR for samordna areal og transportplanlegging vil denne til dels utfordras ved ei kvar spreidd utbygging i utkantstrøk. Samstundes vil den foreslegne planen fungere som ei fortetting av eksisterande busetting langs fylkesvegen. Ferjekai, andre bustadområde og idrettsplass er i gangavstand til dei foreslegne bustadane.
e) kan komme i konflikt med utøvelsen av samiske utmarksnæringer, eller er lokalisert i reindriftens særverdiområder eller minimumsbeiter og kan komme i konflikt med reindriftsinteresser, eller på annen måte kan komme i konflikt med reindriftens arealbehov, - ikkje relevant for det omsøkte tiltaket f) innebærer større omdisponering av landbruks-, natur- og friluftslivsområder eller områder som er regulert til landbruk og som er av stor betydning for landbruksvirksomhet - Planområdet inneber omdisponering av LNF-område, der landbruk er framtredande, til bustadformål. På gbnr 20/15 er arealet nærmast fylkesvegen 3.1 dekar fulldyrka jord. Elles er arealet innan plangrensene på dette gbnr registrert som innmarksbeite. På gbnr 20/7 er jorda innan plangrensene hovudsakleg innmarksbeite med innslag av jorddekt fastmark og uproduktiv skog. På gbnr 20/6 er arealet innan plangrensene mykje fulldyrka jord, med innslag av jorddekt fastmark rundt bygningane (garasje og driftsbygning). Det er ikkje ein uvesentleg andel fulldyrka jord, eller dyrkbar jord, som ønskas omdisponert. Området har betyding som landbruksareal, om enn ikkje vurdert til å ha stor betyding. I samsvar med plan og bygningslova 4-2 må planomtalen søkje å få avklart verknader for landbruket på Lausund/Lepsøy om det foreslegne arealet vert nytta til bustader. g) gir vesentlig økning i antall personer som utsettes for høy belastning av luftforurensning, støy eller lukt, eller kan føre til vesentlig forurensning til jord, vann eller sedimenter, eller kan føre til vesentlig økning av utslipp av klimagasser, eller kan føre til vesentlig stråling, - ikkje relevant for det omsøkte tiltaket h) medfører risiko for alvorlige ulykker, ras, skred og flom, - der er ikkje kjende faktorar som skal setje folk/bygningar i fare, når det gjeld ras, skred eller flom, innan planområdet. Når det gjeld ulykker kan fleire avkøyrsler frå Fylkesvegen vere noko som kan redusere trafikktryggleiken i området. Dette må avklarast i planomtalen og med Statens Vegvesen. i) kan få konsekvenser for befolkningens helse eller helsens fordeling i befolkningen - ikkje relevant for det omsøkte tiltaket
j) kan få vesentlige konsekvenser for befolkningens tilgjengelighet til uteområder, bygninger og tjenester - tiltaket vil ikkje få vesentlege konsekvensar for befolkninga si tilgjenge til uteområde, bygningar eller tenester. k) kan få vesentlige miljøvirkninger i en annen stat. - ikkje relevant for det omsøkte tiltaket Naturmangfaldslova: Planforslaget råkar i liten grad naturmangfald, då området som skal regulerast i stor grad ligg innanfor område med eksisterande busetting. Arealet har LNF-formål med spreidd busetting. Jorda består av jorddekt fastmark, noko fulldyrka jord og noko innmarksbeite. Der er ikkje registrert prioriterte artar, trua artar eller nasjonalt/regional viktig naturtypar eller kulturlandskap i konflikt med detaljplanen. I nærleiken av planen er der registrert ein kartfesta naturtype etter DNs handboka, dette er ei intakt lavlandsmyr lokalisert ved skulen. Denne er registrert som lokalt viktig. Ein kan ikkje sjå at bygginga av nokre få bustadhus på dei øskte areala skal ha nokon verknad for lavlandsmyra. Detaljplanen er som tidligare nemnd innan område for dyrelivsfreding, der alle artar er freda mot jakt/fangst. Detaljplanen vil ikkje vere i konflikt med dette fredingsformålet. Kommunal hovudleidning går over gbnr 20/15. Elles er der ikkje registrert kommunal leidning på dei andre eigedommane. Dersom hovudleidning på gbnr 20/15 må leggast om, må dette påreknast å gjere på utbyggars kostnad. Vassleidninga ligg langs fylkesvegen. Tilkopling til kommunalt avlaup må skje i samråd med Haram kommune etter søknad om dette. Konklusjon: Detaljplanen vil etter Haram kommune si vurdering ikkje få vesentlege verknader for miljø og samfunn, etter kriteria i 4 i forskrift om konsekvensutgreiing. Haram kommune vil difor ikkje krevje planprogram for detaljplanen. Der er likevel nokre forhold innan planområdet som må avklarast i prosessen vidare. Ein grundig og utfyllande planomtale vil vere tilstrekkeleg for å vurdere effektane detaljplanen vil ha for miljø og samfunn; då særskilt med tanke på landbruk, allment tilgjenge til strandsona, trafikktryggleik og eventuelle verknader for dyrelivsfredningsformålet. I tillegg skal planomtalen vise at behova til born og unge er dekt, samt at prinsippa for universell utforming vert fylgd. Det skal utarbeidast ei ROS analyse. Gjøsund Hege
Utskrift http://kart3.nois.no/haramsandoy/content/printdynaleg.asp?left=355871.928663791... Page 1 of 1 10.05.2012 HARAM KOMMUNE Eiendom: Hj.haver/Fester: SITUASJONSKART Gnr: 0 Bnr: 0 Fnr: 0 Snr: 0 Adresse: Dato: 10/5-2012 Sign: Målestokk 1:10000 Det tas forbehold om at det kan forekomme feil på kartet, bla. gjelder dette eiendomsgrenser, ledninger/kabler, kummer m.m. som i forbindelse med prosjektering/anleggsarbeid må undersøkes nærmere.
Utskrift http://kart3.nois.no/haramsandoy/content/printdynaleg.asp?left=354106.88960729... Page 1 of 1 10.05.2012 HARAM KOMMUNE Eiendom: Hj.haver/Fester: SITUASJONSKART Gnr: 0 Bnr: 0 Fnr: 0 Snr: 0 Adresse: Dato: 10/5-2012 Sign: Målestokk 1:25000 Det tas forbehold om at det kan forekomme feil på kartet, bla. gjelder dette eiendomsgrenser, ledninger/kabler, kummer m.m. som i forbindelse med prosjektering/anleggsarbeid må undersøkes nærmere.