saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 11.01.20177 110129/2016 Jan Eirik Søraas Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet 08.02.2017 Drosjeløyva i Møre og Romsdal - Statusrapport - 2016 Bakgrunn Faktatal Pr. 31. desember 2016 hadde vi slike tal drosjeløyve i drift i Møre og Romsdal: Spesialutrusta (høgst 9 sete) Utvida løyve (10-17 sete) Utvida spesialutrusta (10-17 sete) Tal løyvehavarar 189 Ordinære løyve 199 8 5 Reserveløyve 95 7 8 23 Tal løyve totalt 294 15 8 28 Det er i alt 17 drosjeløyve (hovudløyve) som er lagt på is på grunn av nedgang i køyregrunnlaget. Reserveløyve er fleire stader blitt tildelt som mellombels erstatning. I desse kommunane blir behovet for tal drosjeløyve vurdert nærare. Berre ein av kommunane i fylket Stordal er pr. dags dato heilt utan drosjeløyve. Etterspurnaden etter drosjetransport i Stordal har blitt utført av drosjane i nabokommunane (Norddal og Ørskog). Tendensen i utviklinga innan drosjetransporten er nedgang i køyregrunnlaget. Norges Taxiforbund avd Møre og Romsdal har sende over ein rapport om situasjonen for drosjane rundt om i kommunane i fylket og spesielt om situasjonen for maxitaxiløyva. Pasienttransport Helse Midt-Norge har inngått avtale om pasienttransporten med følgjande aktørar (sjå òg vedlagte kart): Herøy Taxisentral: Sande, Volda og Ørsta. MediTrans: Kristiansund, Eide, Norddal, Stordal/Ørskog, Stranda, Hareid, Herøy, Ulstein og Vanylven, Kristiansund og Eide. Nordvest Taxi: Aure, Smøla, Halsa, Rindal, Surnadal, Sunndal, Tingvoll, Averøy, Nesset, Molde, Fræna, Aukra, Midsund, Rauma, Vestnes, Sandøy, Skodje, Haram, Giske, Sula og Ålesund.
I desse kommunane har MediTrans (tidlegare Lenes Bussreiser) inngått samarbeid med drosjane: Vanylven, Norddal, Stranda, Eide og Kristiansund. Bestillingstransport Vi har i dag FRAM Flexx (bestillingstransport og servicetransport) i følgjande kommunar: Aure, Halsa og Herøy, Haram og Volda. Tinging av drosje for desse transportane går gjennom FRAM Kundesenter i Kristiansund. Målet er å vise konkrete resultat og hauste erfaringar i desse kommunane før eventuelt vidare satsing i andre kommunar i fylket. Målet er òg å kunne samordne andre distriktstransportar med drosje, jf. til dømes samarbeid med Helse Midt-Norge om pasienttransport. For 2017 er målet å auke tal reisande gjennom FRAM Flexx med 50 prosent. I Molde kommune (Skålahalvøya) og Rauma kommune vart det frå 1. januar 2017 starta opp med slik ordning. Fleire kommunar vil etter kvart bli innlemma i ordninga. TT-transport I fleire kommunar har redusert køyregrunnlag for drosje spesialutrusta for transport for funksjonshemma medført at desse tilboda har forsvunne. Kommunane har valt å løyse spesialtransporten på forskjellige måtar, m a at brukarane nyttar eigne spesialtilpassa bilar med sjåfør. Den tilrettelagte transportordninga for funksjonshemma TT-transport skal i utgangspunktet berre tingast og utførast med drosje. I transportordninga blir det nytta både vanleg motorvogn (høgst 8 sitjeplassar, i tillegg til førarsetet) og småbuss/maxitaxi (9 16 sitjeplassar, i tillegg til førarsetet), spesialutrusta for transport av rullestolbrukarar. I dag dekkjer mange av dei spesialutrusta drosjane fleire kommunar. I tillegg til den vanlege transportordninga er Møre og Romsdal fylkeskommune saman med to andre fylkeskommunar (Østfold og Nord-Trøndelag) godkjent av Samferdselsdepartementet å delta i ei forsøksordning for å betre TT-ordninga (tilrettelagt transport) for brukarar med tyngre funksjonshemming). Ordninga vart gjort gjeldande for perioden 1. juli 2012 1. april 2014, seinare vidareført ut 2016 og no også for 2017. Ordninga er under utprøving i Averøy, Kristiansund, Molde, Rauma, Surnadal, Vestnes, Volda, Ørsta og Ålesund. Det vart i løpet av 2015 utvida til å gjelde for alle blinde/sterkt synshemma og rullestolbrukarar i sone M2 og M4. Trygt heim for ein 50-lapp Trygt heim for ein 50-lapp er eit trafikktryggingstiltak som tek sikte på å få ungdom trygt heim på kveld- og nattetid i helgene gjennom at dei kan nytte drosje i staden for å vere passasjerar i privatbilar. I Møre og Romsdal er ordninga innført i 28 kommunar. I Aure, Halsa og Herøy inngår ordninga i eit prøveprosjektet på bestillingstransport (FRAM Flexx). Erfaringar så langt har ikkje synt særleg endring i talet på bestilte turar etter omlegginga, prøveprosjektet blir vidareført ut 2016. Ut frå erfaringar ein gjer seg i desse kommunane, kan det bli aktuelt å legge Trygt heim for ein 50-lapp inn i FRAM Flexx (Flexx natt). Brukarar og drosjesentralar/løyvehavarar vil bli haldne orientert om moglege endringar i ordninga.
Skole- og rutekøyring Det er ruteselskapa som er delegert mynde til å inngå kontrakt med undertransportørar om skole- og rutekøyring i fylket. I stor grad gjeld dette kontrakt med drosjesentralar/drosjeløyvehavar. I ein del utkantdistrikt er skole- og rutekøyring for ruteselskap hovudinntekta for drosjeløyvehavar. Slik transport blir utført med både vanlege drosjar og maxi-taxi. Nye ruteselskap som har vunne anbod på skole- og rutekøyring har ikkje medført store endringar på undertransportørsida. Pirattaxi Det er avvikla møte med politiet i Kristiansund, Ålesund og Molde, der fokus har vore pirattaxi. For vår del har det vore viktig å få fokus på trafikksikring for passasjerar og at det krevs løyve for utøving av persontransport med motorvogn mot vederlag. I Kristiansund vart det avvikla samordna kontroll natt til søndag 22. mai 2016 mellom fleire etatar (Politiet, Statens vegvesen, Skatteetaten og samferdselsavdelinga). Politiet ønsker sjølv om dei har mangel på kapasitet å bidra til å ta dei verste utøvarane av pirattaxi. Aktuelle tiltak: Å melde personar som utøver pirattaxi Topp-10 liste over aktive pirattaxi sendes politiet, NAV, Skatt, Kemner og Statens vegvesen. Natt-Flexx m/drosje, nattbuss Rapport til FTU Felles aksjon mellom fleire etatar Uformell telefon til pirattaxiaktørar Gjere det så enkelt som mogleg for vidare samhandling Håndbok for melding om piratkjøring til politi, skatt, kemner og Nav. Felles utspill mot media Målet er å avvikle fleire felles kontrollar rundt om i fylket, og å få fokus på problemet gjennom media og ungdommen. Merknader og vurdering Drosje er fastsett å vere ein del av den kollektive transportordninga i Møre og Romsdal. Drosje er etter yrkestransportforskrifta pålagt driveplikt, dvs. 24 timers vakt dersom den ikkje er knytt opp mot ei vaktskiftordning gjennom nærare samarbeid med andre drosjeløyvehavarar/drosjesentral. Samferdselssjefen konstaterar: I 2016 vart det tildelt 9 ordinære drosjeløyve og 3 reserveløyve. I tillegg er det tildelt fleire mellombelse reserveløyve. Klagenemnda i fylket behandla i 2016 tre drosjesaker (Averøy, Molde og Kristiansund). Samferdselssjefen godkjente i brev 7. november 2016 at det blir starta arbeid med å opprette felles drosjesentral i Volda og Ørsta kommunar. Det er mange stader i fylket problem med å leggje til rette for god drosjeservice. Interne konfliktar gjer dette til ei stor utfordring.
Eit framhaldande arbeid pågår med å godkjenne/ajourføre vedtekter og reglement for drosjesentralane/samarbeidsordningar, jf. samferdselsutvalet sitt vedtak i møte 14. desember 2009 om å godkjenne felles vedtekter og reglement for drosjesentralane i Møre og Romsdal. Prosessen med anbod på pasienttransporten for helseføretaket har gjort at fleire ledige drosjeløyve er blitt lagt på is. Vurdering av behovet for desse løyva pågår. Avtale om pasienttransporten med helseføretaket er avklåra. MediTrans har i ein del kommunar inngått avtale med drosjane for å dekkje opp pasienttransporten. Blant mange av kommunane som ikkje har fått avtale om pasienttransport er det blitt eit sterkt redusert køyregrunnlag. Dette har/vil kunne medføre reduksjon i tal løyve, og eit redusert drosjetilbod. For dei små drosjesentralane kan dette medføre problem dersom det blir færre enn 3 løyvehavarar i ei vaktordning. Det kan eventuelt vere ei aktuell løysing av løyvedistrikt inneheld fleire kommunar. Redusert køyregrunnlag vil også framkalle spørsmål/søknad om redusert køyreplikt. Det er Samferdselsdepartementet som kan gje dispensasjon, etter positiv tilråding frå samferdselssjefen. Dette vil vere mest aktuelt i utkantdistrikta/øyane. Framhaldande problem med å oppretthalde maxi-taxiløyva spesialutrusta for transport for funksjonshemma, spesielt i utkantane (sjå også rapport frå taxiforbundet). Fleire blir søkt nedgradert til motorvogn registrert for høgst 8 sitjeplassar, på grunn av problem med m a å skaffe sjåfør(ar) med utvida sertifikat. Slike motorvogner skal vere godkjent etter Forskrift om universell utforming av motorvogn i løyvepliktig transport mv. Vi er i utgangspunktet skeptiske til slik godkjenning på grunn av tryggleiken til passasjer(ar). Samferdselsavdelinga har saman med Molde Taxisentral lagt til rette for eit godt rute- og tilbringartilbod til/frå Molde lufthavn, Årø. Målet med FRAM Flexx sine bestillings- og servicetransportar er å gje innbyggjarane i distrikta eit godt kollektivtransporttilbod gjennom å nytte m a drosje og å styrke køyregrunnlaget for drosjane i distrikta. Kontaktmøta med drosjenæringa vil bli oppretthalde som ein viktig møteplass for diskusjon om framtida for næringa. Vi avvikla eit slikt møte 18. februar 2016. Fylkeskommunen er avhengig av at det blir oppretthalde drosjeløyve i distrikta, for å kunne løyse dei transportordningane fylkeskommunen har i dag og har planer om i framtida. Å oppretthalde drosje i distrikta er viktig for både kommunane, innbyggjarane, ruteselskapa og fylkeskommunen. Vi opplever stor frustrasjon blant distriktsdrosjane, spesielt der pasienttransporten er overteken av turvognselskap. Løyver har blitt sagt opp og mange av løyvehavarane vurderer å avslutte drosjedrifta på grunn av stor nedgang i næringsinntekta. Vi prøver best mogleg å legge til rette slik at køyregrunnlaget for drosjane skal bli oppretthalde/eller auka gjennom fylkeskommunale transportar, t d bestillingstransport, skoletransport, rutekøyring mv. Kommunane har i liten grad engasjert seg for å auke køyregrunnlaget til drosjane. Den tidlegare opparbeidde 24-timars vaktberedskapen drosjane har hatt vil kunne forsvinne. Dette er noko kommunane i ettertid oppdagar for seint når drosjetilbodet er borte. Framleis er det diskusjon rundt om i kommunane om kjøp av institusjonsbilar/- miljøbilar. Vi meiner at kommunane nøye bør vurdere kostandene ved både innkjøp og drift av slike småbussar. Nedgang i køyregrunnlaget for dei spesialutrusta drosjane har medført/vil kunne medføre at transporttilbodet for dei funksjonshemma/rullestolbrukarar forsvinn.
Mange eldre og uføre i kommunane vil ved bortfall av drosjeløyve få problem med å kome seg til/frå serviceinstitusjonar, butikk, lege m v. Vi har tidlegare (12. november 2014) orientert fylkeseldrerådet om situasjonen for distriktsdrosjane. Eldrerådet har gjeve kommentarar til m a Økonomiplanen 2015-2018 om bestillingstransport med drosje. I Kollektivstrategi 2012-2021 har fylkeskommunen som mål å arbeide for å samordne dei transportane Møre og Romsdal fylkeskommune tilbyr. I tillegg er det ved organisering av bestillingstransport eit mål å opprette eit felles køyrekontor. I distrikta skal vi ha eit samarbeid med kommunar, stat, drosjenæringa og andre for å få til god løysingar for bestillingstransport. Målet er å sjå dei ulike transportbehova ute i distrikta i samanheng, og å samordne desse transportane gjennom ei felles bestillingsordning, jf. prøveprosjekt på bestillingstransport. Vi er no i gong med å teste ut ei slik samarbeidsløysing FRAM Flexx. Det må fokuserast på samarbeidsordningar mellom drosjeløyvehavarane for å leggje til rette for eit best mogleg køyregrunnlag, arbeidstilhøve, rekruttering til yrket og til framhaldande tilgjenge for drosjetenester. Forslag til vedtak: Samferdselsutvalet tek saka til vitande. Ottar Brage Guttelvik fylkesrådmann Arild Fuglseth samferdselssjef Vedlegg 1 NTF avd Møre og Romsdal - Statusrapport - 2016 2 Oversyn pasienttransport