Steinar Reiten (KrF) fremma på vegner av seg sjølv og Oddbjørn Vatne (SP) følgjande endringsforslag:

Like dokumenter
Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Line Hoem Medlem AP

HØYRING OM OPPHEVING AV KONSESJONSLOVA OG BUPLIKT

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane

Korleis ta vare på landbruket og utviklinga av næringa gjennom fylkesplanarbeidet?

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Framlegg Handlingsprogram Kompetanse og Verdiskaping 2017

Vedlegg: 1. Brev frå Landbruks- og matdepartementet. Invitasjon til innspel til jordbruksforhandlingane 2015

Sogn og Fjordane Bondelag

Birgit Aarønæs Lisbeth Nervik

STRATEGIPLAN FOR BRUK AV MIDLAR TIL SÆRSKILDE MILJØTILTAK I JORDBRUKET (SMIL) OG NÆRINGS- OG MILJØTILTAK I SKOGBRUKET (NMSK) I VANYLVEN KOMMUNE

Arbeid og inntekt i jordbruket i Aust-Agder

Felles Landbrukskontor ÅLA

Statsråden. Vår ref 18/144-2

Kva kompetanse treng bonden i 2017?

Landbruksmelding for Hordaland

Statusrapportering for reiselivsnæringa i Møre og Romsdal - heile 2016

Rasjonalisering deling av landbrukseigedommar

Endra konkurransesituasjon, løns- og drivstoffkostnader og at reiarlaga prisar risiko høgare, er dei viktigaste årsakene til at prisane går opp.

STRATEGIPLAN FOR BRUK AV MIDLAR TIL SÆRSKILDE MILJØTILTAK I JORDBRUKET OG NÆRINGS- OG MILJØTILTAK I SKOGBRUKET I VANYLVEN KOMMUNE

HØYRINGSUTTALE FRÅ HJELMELAND KOMMUNE- ENDRING I REGLANE OM NYDYRKING - FORBOD MOT NYDYRKING AV MYR Vedlagt er høyringsuttale frå Hjelmeland kommune.

K-SAK 174/14 HØYRING - FRAMLEGG TIL OPPHEVING AV KONSESJONSLOVA OG BUPLIKTA. Kommunestyret handsama saka i møte og gjorde slikt vedtak:

Felles Landbrukskontor ÅLA

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Utdanningsutvalet

Felles Landbrukskontor ÅLA

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

Same ordlyd som oppsummeringa i saksframlegget på s , med unntak av kulepunkt 4 på s. 20.

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Samling for regionale styremedlemmar i Innovasjon Norge. Nils T. Bjørke 3. April 2014

Møteprotokoll. Regional- og næringsutvalet Møtestad: Sunndal kommune, rådhuset Dato: Tid: 10:30 Protokoll nr: 1/2017

Høyringsuttale om oppheving av konsesjonslova og buplikt på landbrukseigedomar.

ass. plansjef seksjonsleiar konsulent

Status og utviklingstrekk driftsøkonomi i Hordaland

Saknr. 10/ Ark.nr. 243 V Saksbehandler: Per Ove Væråmoen INNSPILL TIL JORDBRUKSFORHANDLINGENE. Fylkesrådets innstilling til vedtak:

Fylkestinget vedtar følgende innspill til arbeidet med jordbruksoppgjøret 2013:

Møteprotokoll. Regional- og næringsutvalet Møtestad: Ørskog kommune, rådhuset Dato: Tid: 10:30 Protokoll nr: 1/15

Saksnr Utval Type Dato 008/18 Formannskapet PS Formannskapet vedtek følgjande medlemmer til den politiske arbeidsgruppa:

Regionalt bygdeutviklingsprogram i Rogaland 2013

Møre og Romsdal fylkeskommune føreset at bindingane frå NTP står fast og kjem tidleg i perioden.

Statusrapportering for reiselivsnæringa i Møre og Romsdal pr august 2016

Høyringsuttale frå Time kommune - lov om endring av konsesjonslova, jordlova m.fl.

Frå Fylkesårsmøte i Senterpartiet i Sogn og Fjordane. Til Samferdsledepartementet v/statsråden Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget

Møteprotokoll. Møtestad: rom 700, Fylkeshuset Molde Dato: Tid: 10:30 Protokoll nr: 14/2014

Behandling i Fylkesutvalet Tove-Lise Torve (AP) fremma på vegner av seg sjølv og Jon Aasen (AP), Per Vidar Kjølmoen (AP), Eva Vinje

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Godt vèr og dyktige bønder, gav betre økonomi for Haugalandsbonden!!!!

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Dukkar ref: Vår ref Saksbehandlar Dato /IAA 2010/705-3 Per Eldar Nakken Høyring - forslag om endringar i Forskrift om nydyrking

Rådgiving for berekraftig mjølkeproduksjon

Jordbruksforhandlingene 2014 Innspill fra Hedmark fylkeskommune

Tilskot til rekruttering, likestilling og kompetanseheving i landbruket - 2. utlysing 2015

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet

Frå administrasjonen møtte på heile eller delar av møtet: informasjonssjef. seksjonsleiar konsulent

Tilskot til rekruttering og kompetanseheving i landbruket

Strategiplan for bruk av SMIL-midlar i Hægebostad kommune Perioden

Linda Nyvoll Antonsen

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: UTVAL FOR PLAN OG UTVIKLING Møtestad: Telefonmøte Møtedato: Tid: 12.30

Økonomiplan med budsjett for 2013

Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Mette Belden Medlem UAVH. Frå administrasjonen møtte på heile eller delar av møtet:

SMIL - STRATEGI FOR SANDE KOMMUNE

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Børild Skåra Arkivsak: 2015/433 Løpenr.: 5409/2015. Utvalsaksnr. Utval Møtedato Ørsta landbruksnemnd

Status landbruksområdet Troms. Wenche Styrvold og Gunnar Kvernenes 25. oktober 2018

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

PROTOKOLL. Formannskapet. Møtedato: Møtetid: Kl. 12:45 15:00 Møtestad: Ingebrigt Davik-huset, Saksnr.: 001/15-004/15

Avtale mellom Høyre, Fremskrittspartiet, Kristelig folkeparti og Venstre. om jordbruksoppgjøret 2014

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Behandling - Søknad om deling - 99/1 - Dimmelsvik - Eivind Tvedt

Vi må ta vare på matjorda. Om jordvern og eigedomspolitikk

MØTEPROTOKOLL. Faste medlemmar som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Margrete Bjerkvik Medlem KRF Anders Egil Straume Medlem KRF

Landbruk og naturforvaltning

Behandling i Samferdselsutvalet Det legges fram vedtak med 3 nye pkt. ang. etterslep, ferje og rassikring.

Hjelmeland kommune. Dykkar ref.. Vår ref. Arkivkode: Dato: 09/ /11/3145 V HØYRINGSUTTALE - NY FORSKRIFT OM KVOTEORDNINGA FOR MJØLK

Landbruks- og matpolitikken Velkommen til bords

Stranda kommune Næring og teknisk

MASFJORDEN. Foto: Gettyimages. Kommunen og innbyggjarane våre

Søknadsnr Søknadsår 2015 Arkivsak Prosjektretta tiltak innan rekruttering og kompetanseheving i landbruket i Sogn og Støtteordning

Bioforsk Tingvoll si stilling i ein fusjon av landbruksforskingsinstitutta

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkivsaksnr.: 14/ Interkommunalt samarbeid om skogbrukskompetanse i Sogn - Sogndal kommune

Meland kommune. Høyring om forslag om å oppheva konsesjonslova og buplikten. Landsbruks- og matdepartementet Postboks 8007 Dep 0030 OSLO

Statsbudsjettet Kap. 551 post 64 Utviklingsmidlar til Oppland fylkeskommune - Tilskotsbrev - Overføringar - Rapportering

Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Steinar Reiten Medlem KRF

Kvalitetsplanen for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

Stressar bonden slik at det går på tryggleiken laus?

«Landbruksvekst Halsa» Prosjekt for økt omsetning og verdiskaping i landbruket

Vestlandet ein stor matprodusent

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Løyve i perioden i Avslag i perioden i Laks og aure i sjø 22

Effekten av tiltak i landbruket Fakta om ekstra tiltak og utviklinga av landbruket i verdsarvområdet og randsonene

Ferjedrift Åfarnes-Sølsnes i perioda

Til å skriva under møteboka saman med fylkesordføraren vart Beate Husa og Terje Kollbotn valde.

Vik kommune Plan/forvaltning

Tilskot til rekruttering, likestilling og kompetanseheving i landbruket, 1. utlysing 2015

Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld:

SAKSFRAMLEGG. Saksnr Utval Møtedato Sakshandsamar 073/13 KOMMUNESTYRE Helge Andre Njåstad

Fylkesrådmannen rår hovudutval for næring og kultur til å gje slik tilråding:

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Auka matproduksjon frå fjellandbruket. Kristin Ianssen Norges Bondelag

INVESTERINGER I LANDBRUKET

Destinasjon Geirangerfjord Trollstigen AS - søknad om tilskot til pilotprosjekt

Kvam herad. Arkiv: N-391 Objekt:

Problemstilling. Landbruksbygg og kulturlandskap. Solveig Svardal

Transkript:

Møre og Romsdal Fylkeskommune: Innspel til jordbruksforhandlingane 2014 Behandling i Fylkesutvalet - 27.01.2014 Steinar Reiten (KrF) fremma på vegner av seg sjølv og Oddbjørn Vatne (SP) følgjande endringsforslag: «Tillegg kulepunkt 1, ny setning: Det er spesielt viktig at ein ved komande og seinare jordbruksoppgjer har som mål å redusere inntektsgapet mellom bønder og andre grupper i samfunnet. Endring kulepunkt 4, andre setning: Ordninga må førast vidare med auka ramme i komande avtaleperiode, og ein større del av ramma for Nye kulepunkt: Fylkesutvalet viser til omlegginga frå kronetoll til prosenttoll på ein del landbruksprodukt som Stortinget vedtok i samband med behandlinga av statsbudsjettet for 2013, og ber om at denne endringa i tollsatsar ikkje blir reversert. Prosenttoll er eit viktig verkemiddel for å nå målet om å redusere inntektsgapet mellom bønder og andre grupper i samfunnet, særleg for melkeprodusentar. Fylkesutvalet viser til den kraftige avgiftsauken på anleggsdiesel som vart innført frå 1. januar. Det er vanleg med eit forbruk av diesel i storleik 10 000 til 30 000 liter pr år på gardsbruk, avhengig av produksjonsareal og tal på dyr. Eit avgiftshopp på 81 øre pr liter diesel vil difor nulle ut store delar av fjorårets gode jordbruksavtale, som sikra eit gjennomsnitts gardsbruk ein inntektsvekst på 31 000 kr pr årsverk. Også for skogbruket er ein slik avgiftsauke dramatisk med tanke på lønsemd ved avverking. Fylkesutvalet føreset at avgiftshoppet på anleggsdiesel blir fullt ut kompensert i årets jordbruksoppgjer, og at denne kompensasjonen ikkje blir rekna med som ein del av inntektsveksten for norske bønder i komande avtaleperiode. Fylkesutvalet ber om at taket på melkekvotar ikkje blir fjerna, og at dei gjeldande kvotetaka for enkeltbruk og samdrifter blir vidareført med eventuelle mindre justeringar. Dersom ein skal oppretthalde ein variert bruksstruktur med landbruk i heile landet, er ordninga med kvotetak eit viktig verkemiddel.» Gunn Berit Gjerde (V) fremma følgjande endringsforslag: «Endring av siste del av siste punkt:..., trengs det nye måtar å ta ut tømmeret på i tillegg/supplement til skogsvegar. Kommune- og fylkesveger i skogbruksområde bør dimensjonerast for tømmertransport.» Votering: Tilrådinga sitt kulepunkt 1 vart samrøystes vedteke Forslaget om tillegg til kulepunkt 1 frå Steinar Reiten og Oddbjørn Vatne vart vedteke mot fire stemmer (H, 1 Frp) Tilrådinga sine kulepunkt 2 og 3 vart samrøystes vedteke Tilrådinga sitt kulepunkt 4: 1. setning vart samrøystes vedteke. Forslaget om endring av 2. setning i kulepunkt 4 frå Steinar Reiten og Oddbjørn Vatne vart vedteke mot 5 røyster (H, Frp)

Tilrådinga sine kulepunkt 5 og 6, inkl. Gunn Berit Gjerde sitt endringsforslag til kulepunkt 6, vart samrøystes vedteke. Forslaget frå Steinar Reiten og Oddbjørn Vatne om 3 nye kulepunkt: 1. nye kulepunkt vart vedteke mot 5 røyster (H og Frp) 2. nye kulepunkt vart vedteke mot 3 røyster (H) 3. nye kulepunkt fekk 6 røyster (AP, SP 1V, Uavh, KrF) og fall, medan 7 røysta mot (1V, H, FrP og Sml). Vedtak i Fylkesutvalet - 27.01.2014 Det er spesielt viktig at ein ved komande og seinare jordbruksoppgjer har som mål å redusere inntektsgapet mellom bønder og andre grupper i samfunnet. Det er viktig at rammevilkåra blir utforma slik at dei bidreg til å oppretthalde Det er positivt at det vart innført tilskot til grøfting. Ordninga må førast vidare med auka ramme i komande avtaleperiode, og ein større del av ramma for auka avverking og uttak av tømmer/skogsvirke, trengs det nye måtar å ta ut tømmeret på i tillegg/supplement til skogsvegar. Kommune- og fylkesveger i skogbruksområde bør dimensjonerast for tømmertransport Fylkesutvalet viser til omlegginga frå kronetoll til prosenttoll på ein del landbruksprodukt som Stortinget vedtok i samband med behandlinga av statsbudsjettet for 2013, og ber om at denne endringa i tollsatsar ikkje blir reversert. Prosenttoll er eit viktig verkemiddel for å nå målet om å redusere inntektsgapet mellom bønder og andre grupper i samfunnet, særleg for melkeprodusentar. Fylkesutvalet viser til den kraftige avgiftsauken på anleggsdiesel som vart innført frå 1. januar. Det er vanleg med eit forbruk av diesel i storleik 10 000 til 30 000 liter pr år på gardsbruk, avhengig av produksjonsareal og tal på dyr. Eit avgiftshopp på 81 øre pr liter diesel vil difor nulle ut store delar av fjorårets gode jordbruksavtale, som sikra eit gjennomsnitts gardsbruk ein inntektsvekst på 31 000 kr pr årsverk. Også for skogbruket er ein slik avgiftsauke dramatisk med tanke på lønsemd ved avverking. Fylkesutvalet føreset at avgiftshoppet på anleggsdiesel blir fullt ut kompensert i årets jordbruksoppgjer, og at denne kompensasjonen ikkje blir rekna med som ein del av inntektsveksten for norske bønder i komande avtaleperiode.

Samrøystes tilråding frå Regional- og næringsutvalet møte 03.12.2013 Det er viktig at rammevilkåra blir utforma slik at dei bidreg til å oppretthalde Det er positivt at det vart innført tilskot til grøfting. Ein større del av ramma for auka avverking og uttak av tømmer/skogsvirke trengs det auka utbygging av skogsvegar. I tillegg er mange kommune- og fylkesvegar ikkje dimensjonert for tilstrekkeleg akseltrykk for tømmertransport. Saksframlegg Regional- og næringsutvalet 03.12.2013 Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet 27.01.2014 Innspel til jordbruksforhandlingane 2014 Bakgrunn Kvart år blir det gjennomført forhandlingar mellom landbruksnæringa og staten der rammevilkåra for næringa blir fastsett. I den samanheng ber Landbruks- og matdepartementet om innspel frå fylkeskommunane. Det blir lagt til grunn at innspela er basert på ein prosess med det regionale partnerskapet der også fylkesmannen, landbruksorganisasjonane og Innovasjon Norge er med. I «Landbruksmelding for Møre og Romsdal» vedteke av fylkestinget i 2012 går det m.a. fram at ein ønskjer at sentrale styresmakter skal gi landbruksnæringa dei rammevilkåra som trengs for å nå dei måla som er sett i forhold til inntekt, produksjon, sysselsetting, kulturlandskap og verdiskaping. Det blir òg vist til den store avgangen av dyrka jord og at mykje av jorda er leigejord, noko som ikkje er heldig. I siste stortingsmelding om landbrukspolitikken (St.meld. nr. 9 2011-12, «Velkommen til bords») er eitt av måla å auke matproduksjonen i takt med folketalsveksten, noko som inneber ein vekst på ca. 20 % fram mot 2030. Eit mål for utforminga av jordbruksavtalen må vere å bidra til å nå dei måla som er sett av både sentrale og regionale styresmakter. Møre og Romsdal har ca. 10 % av landbruket i landet totalt. Ca. 95 % av jordbruksarealet blir brukt til grasproduksjon. Mjølkeproduksjon er den viktigaste driftsgreina med litt over 900 bruk (av totalt ca. 2850) og som står for ca. 75 % av verdiskapinga. For 20 år sidan var det nesten 3 gonger så mange mjølkebruk. Meir enn 30 % av mjølka blir no produsert i ei samdrift.

Det er i snitt ca. 2,7 deltakarar i kvar samdrift. Elles er det òg mange som driv med sau (nesten 1000 bruk), og sjølv om sauehaldet ikkje betyr like mykje som mjølkeproduksjon målt i kroner og øre så betyr det mykje for kulturlandskapet. Tal sauebruk er blitt redusert nesten like mykje som tal mjølkebruk. Landbruksnæringa har i lang tid vore prega av nedgang i talet på bruk. I Møre og Romsdal har nedgangen vore relativt større enn i landet samla sett. Det har nok samanheng med både at det i utgangspunktet var mange og små bruk og at det i ein lang periode har vore lett å få seg anna arbeid her i fylket. Det er helst i samband med generasjonsskifte eller når det blir nødvendig med store investeringar i driftsbygningane at ein må velje mellom enten å legge ned drifta eller å satse relativt tungt. Innteninga i landbruket spelar ei stor rolle i vurderinga. Sjølv om talet på bruk i drift har gått kraftig ned, har både produksjon og jordbruksareal i drift halde seg relativt bra oppe. Etter ei storstilt utbygging på slutten av 1970- og byrjinga av 1980-talet og etterfølgjande produksjonsregulering hadde dei fleste bruk lenge ein til dels betydeleg ledig kapasitet. Etter kvart som mange no har slutta har dei som er att fylt opp att den ledige kapasiteten. I tillegg kjem at dei som fornyar bygningsmassen sin samtidig aukar kapasiteten, men det store volumet av auken har komme der det har vore ledig kapasitet. Dette gjer at samla produksjon har halde seg nokså jamnt. Det er grunn til å sjå for seg at nedleggingar som skjer frå no vil føre til nedgang i samla produksjon i og med at det ikkje lenger er ledig kapasitet i særleg grad. Om lag halvparten av jordbruksarealet er no leigejord. Særleg det arealet som ligg lengst unna driftssenteret og areal som er dårleg drenert vil gjerne bli drive på eit minimumsnivå og slik at det knappast kan kallast å vere i drift. Ein ser at ulemper med aukande avstand til nødvendig areal veg opp for fordelane med stordrift. Drift av areal med tungt utstyr og gamle grøfter har ført til jordpakking og reduserte avlingar. Jordbruksareal er dessutan ofte pressa i forhold til omdisponering til andre formål. Ofte er det areal av den beste kvaliteten (kornareal) som må vike plass for utbyggingsformål, og det kan ikkje kompenserast ved å dyrke nytt areal anna stad i landet der det kun er aktuelt å produsere gras. Mange bønder er i ferd med å nå pensjonsalder. På grunn av mykje etableringar og utbyggingar på slutten av 1970-talet og tidleg på 1980-talet er aldersgruppa overrepresentert i jordbruket. Neste generasjon er gjerne rundt 40 år no og etablert i andre yrke og ofte busett andre stader. Dette gjer at ein vil kunne sjå ei enno større avskalling av landbruksnæringa i åra som kjem. Det vil bli nødvendig med ei haldningsendring i retning av å skille klarare mellom ein gard som bedrift og ein gard som heim. Det er viktig med eit apparat rundt den enkelte bonde for å bistå med både rettleiing og rådgjeving. Det finst eit visst rådgjevingsapparat på kommersielt grunnlag, t.d. TINE, Nortura og forsøksringane. Landbrukskontora i kommunane er derimot blitt vesentleg redusert i omfang. For dei som er i ei avklaringsfase og treng nokon som dei kjenner til å rådføre seg med er det nettopp landbrukskontora som tradisjonelt har vore til god hjelp. Med redusert kapasitet må dei nødvendige forvaltningsoppgåvene prioriterast, og det er mindre kapasitet til å bistå i ei avklaringsfase og i kontakten med finansieringskjelde for evt. Investeringar (Innovasjon Norge). Skogbruket er i langt mindre grad enn jordbruket påverka av jordbruksforhandlingane, då skogbruksnæringa i all hovudsak er marknadsstyrt. Som resultat av skogplanting og kultivering i mange tiår er det i dag store skogressursar med mykje skog som er i eller nærmar seg hogstmoden alder. Redusert byggeaktivitet i Europa p.g.a. økonomisk lågkonjunktur og redusert sal av papiraviser har ført til redusert etterspørsel og lågare prisar. I vårt område er det ikkje problem med avsetning av tømmeret, men prisnivået er utfordrande. I forhold til uttak av tømmer er vegnettet ein flaskehals. Dette vart særleg synleg etter oppryddinga etter orkanen Dagmar for to år sidan. Dette gjeld både skogsvegar og offentleg vegnett.

Vurdering Ei stor utfordring vil vere å nå stortingsmeldinga sitt mål om 20 % auke i matproduksjonen. Utviklinga går i motsatt retning og har gjort det lenge. Skal matproduksjonen auke, og skal unge vere interessert i å overta landbrukseigedomar og drive desse, må det ligge eit akseptabelt inntektspotensiale i botn. For Møre og Romsdal er det viktig at dei grasbaserte produksjonane vert sikra gode rammevilkår, og at desse er utforma slik at det også i framtida er lønsamt og interessant å drive landbruk i distrikta. For å oppretthalde landbruk i alle bygder og for å ivareta kulturlandskapet, som m.a. er viktig også for reiselivsnæringa, trengst det fortsatt ein strukturprofil som ivaretek små og mellomstore bruk sine moglegheiter for å drive landbruk. Det kan vere nødvendig å auke nivået på investeringsstøtte for å oppretthalde produksjonsvolumet. Det er mange som sluttar og berre eit fåtal har ledig produksjonskapasitet lenger. Dette kan også vere avgjerande for å motivere ungdom til å overta eller små og mellomstore bruk til å fortsette. Også større bruk treng å fornye bygningsmassen. Tilskot til grøfting er eit viktig tiltak for å betre jordkulturen, særleg på det nedbørrike Vestlandet. Den fylkesvise fordelinga samsvarer ikkje heilt med kor behovet er størst, og det blir derfor etterlyst klarare kriterier for den fylkesvise fordelinga av fleire miljøretta virkemidlar over jordbruksavtalen. Forslag til vedtak: Det er viktig at rammevilkåra blir utforma slik at dei bidreg til å oppretthalde Det er positivt at det vart innført tilskot til grøfting. Ein større del av ramma for auka avverking og uttak av tømmer/skogsvirke trengs det auka utbygging av skogsvegar. I tillegg er mange kommune- og fylkesvegar ikkje dimensjonert for tilstrekkeleg akseltrykk for tømmertransport. Ottar Brage Guttelvik - fylkesrådmann Bergljot Landstad - regional- og næringssjef