I-padprosjekt Ein trygg og god start av oksygenbehandling i heimen Nina Midtbø,Lærings- og meistringssenteret Helse Førde HF Førde 20.04.17
Lærings og meistringssenteret Lærings- og mestringssenteret er organisert under medisinsk klinikk, og er lokalisert i Førde (vie) på Nordfjordeid og i Florø. Samarbeid med kliniske avdelingar og brei samhandlingsflate mot kommunane i Sogn og Fjordane Våre funksjonar Ambulant rehabiliteringsteam (undervisning/systemnivå) Bindeleddsfunksjon til Regionalt kompetansesenter for habilitering, og rehabilitering Oppfølging av heimebuande oksygenbrukarar Gruppebasert pasientopplæring, læring og meistring
Behandlingshjelpemiddelordninga Omlag 4000 menneske i Sogn og Fjordane får teneste frå BHM ordninga i Sogn og Fjordane Via BHM ordninga får pasientar spesialisert medisinsk behandling heime. Døme på slik behandling kan vere heimerespiratorbehandling, behandling av søvnapnoe og langtidsoksygenbehandling. (ca 130-150) Behandlingshjelpemidla er eigd av helseforetaket og vert lånt ut til pasientane etter søknad frå legespesialist. Opplæring til pasientar,pårørande eller kommunalt hjelpeapparat skjer via dei kliniske avdelingane.
Oksygendistribusjon Helse førde overtok distribusjon av oksygen til brukarane i Sogn og Fjordane frå 1.februar.17. Guro Grønvold er sjukepleiar, koordinator og er «på hjul» for å levere oksygen, og følgje opp behandlinga til oksygenpasientar i Sogn og Fjordane. Guro skal også vere eit «bindeledd» og skal vere med på å styrke samhandlinga mellom brukarane, pårørande, dei lokale oksygenkontaktane i kommunane,oksygensjukepleiar, lungelegane,lungesjukepleiarane og tilsette i BHM.
Bakgrunn Vidareføring av 2 prosjekt: «Handlingsrom gir pusterom» 2003/2004. - Nettverk av lokale oksygenkontaktar i primær og spesialisthelsetenesta - Oksygensjukepleiar i Helse førde - Årlege nettverkssamlingar for brukarar, pårørande og helsepersonell «kvardagen med O 2 2011
Min oksygenperm Kommunikasjonsperm Samarbeidsprosjekt mellom brukar, pårørande og fagpersonar på ulike nivå Elektronisk versjon på Helse-Førde sin nettside
Fra ide`til gjenomføring Bygger på erfaringar frå prosjekt i andre helseforetak med oppfølging via telemedisin for personar med KOLS etter akutt innlegging på sjukehus (KOLS koffert og Helsa mi) Ide`og rammer var tema på nettverkssamling for brukarar,pårørande og helse personell i 2016 på Skei Hotell
Oppfølging via videosamtalar Ved oppstart av langtidsoksygenbehandling, og ved utstyrsendringar og endringar i helsetilstand, får brukaren tilbod om å låne i-pad i 2 veker. Avtalar videosamtalar 3-4 gonger i veka, eller etter behov. Lokal oksygenkontakt deltek på ein eller fleire av videosamtalane (om mogleg og om brukar ønsker det) I-pad er låst til kun videosamtalar/acano - enkel i bruk - IKT/pasientsikkerheitsomsyn
Videosamtaler Brukar evnt. pårørande og/eller lokal oksygenkontakt deltek i videosamtalar med oksygensjukepleiar eller lungesjukepleiar ved medisinskpoliklinikk ved SSF Helse Førde Spørsmål og svar Fordelar og ulemper- Råd og tips Opplæring- bruk og vedlikahald Kontroll av oksygensaturasjon i kvile og aktivitet
Tilbakemelding frå «Enkel i bruk» «kjekt» å sjå kvarandre «Viktigaste å få snakka samen, få kontakt og svar på det ein lurar på» «Lærrikt og trygt» brukarane «godt å få gjort måle oksygenet «Nyttig å skrive ned spørsmål mellom samtalane
Tilbakemelding frå lokale oksygenkontaktar «Veldig god erfaring og opplevelse» «Lettare å følgje opp brukaren, veit kva som er blitt diskutert og avtalt» «Gunstig med hyppige samtalar, kan notere ned det ein lurar på» «Opplev at samtalane gjev tryggheit hos brukar»
Erfaringar så langt Enkel i bruk Fordele informasjon Kan følgje opp det brukaren ynskjer/er oppteke av
Fleire erfaringar Nyttig å ha med lokal oksygenkontakt Plassering av utstyr Repetisjon av bruk og vedlikehald av utstyret Oksygenmåling i kvile og aktivitet Betre oppfølging og samhandling
Takk for oppmerksomheten E-post: nina.johnsen.midtbo@helse-forde.no