KONKURRANSEBESTEMMINGAR 1 GENERELLE FØRESETNADER 1.1 Orientering om oppdraget Sogndal kommune har regulert eit område på Kjørnes til bustadområde. Før bustadbygging tek til skal det byggjast VA- og veganlegg. Dette skal prosjekterast gjennom arbeidet i denne konkurransen. I tillegg skal kryss frå rv. 5 prosjekterast i samsvar med reguleringsplan for Kjørnes III. 1.2 Atterhald Følgjande atterhald gjeld: - Sogndal kommune har atterhald om finansiering av oppdraget. Endeleg avgjersle vert teken når prisane på oppdraget ligg føre. 1.3 Framdrift Dato for signering av kontrakt vil verte i perioden januar/februar 2013. Oppdraget skal vere ferdig prosjektert seinast 02.05.13. Tilbydar skal sjølv forklara korleis han tenkar å gjennomføre oppdraget, og gjennomføringsplanen med viktige milepelsdatoar er ein del av konkurransegrunnlaget for oppdraget. 1.4 Opsjonar Følgjande deloppdrag skal vere opsjonar i tilbodet: - prosjekteringsassistanse ved bygging 1.5 Tilbodsregler Denne anskaffinga vert gjennomført i samsvar med Lov 16. juli 1999 nr 69 om offentlige anskaffingar med tilhørande Forskrift om offentlige anskaffingar med utfyllande regelverk. 1.6 Anskaffingsprosedyre Anskaffinga er ein konkurranse som blir føreteken i henhald til Lov om offentlige anskaffingar del 1. Sogndal kommune vil kalle inn, om ein finn det naudsynt, til forhandlingsmøte med ein eller fleire av tilbydarane. Det vil ikkje vert dekt kostnadar til forhandlingsmøte. Om ønskjeleg, kan møtet holdast per video. Tilbydar må då stille med naudsynt programvare. 1.7 Kunngjøring av kunngjøringa Konkurransen er kunngjort på DOFFIN. 1.8 Vilkår for kontrakten Som vilkår for kontrakten gjeld NS 8401, siste revisjon. Detaljprosjektering Kjørnes IV. Vedlegg A. Side 1 av 6
2 KVALIFIKASJONSKRAV 2.1 Generelt I dette kapittelet er det lista opp kva for krav som stilles til leverandørane for å kunne delta i konkurransen. Merk at sjekklister for dokumentasjon av kvalifikasjonskrav er vedlagt i dette dokuments vedlegg 1. Manglande dokumentasjon eller mangelfull oppfylling av krav kan medføre at leverandøren blir avvist. Oppdragsgjevar tek atterhald om å innhente supplerande opplysningar og dokumentasjon, både direkte frå den einskilde leverandør eller frå eksterne kjelde om det av dokumentasjon framlagd med tilbodet kan være tvil om leverandøren tilfredsstillar kvalifikasjonskrava. 2.2 Krav til faglige og tekniske kvalifikasjonar Leverandøren må inneha tilstrekkelige tekniske kvalifikasjonar til å kunne oppfylle kontraktskrava. Til dømes er det eit krav at leverandøren har gjennomført referanseoppdrag av tilnærma same type, kompleksitet og omfang. 2.3 Spesielle krav til godkjenning etter PBL Det er ein føresetnad at leverandøren har sentral godkjenning eller kunne forvente å få lokal godkjenning for alle nødvendige funksjoner i høve til PBL. Dvs. ansvarsrett som: - Ansvarleg søker (SØK) - Ansvarleg prosjekterande (PRO) - Ansvarleg kontrollerande for prosjektering (KPR) Alle kostnader ved å ivareta de funksjoner som nemnt ovanfor skal dekkast av tilbydar og skal vere medrekna i tilbodet, også kostnader ved eventuell innhenting av lokal og sentral godkjenning. 2.4 Økonomiske og administrative krav 2.4.1 Føretaksregistrering Leverandøren skal være registrert i et føretaksregister e.l. som skreve i lovgivinga i sitt heimland. 2.4.2 Krav om attest for restansar på skatt/ avgift m. v. (skatte- og avgiftsattestar) Leverandøren skal leggje fram skatte- og avgiftsattestar som dokumentasjon på at skattar og avgifter er betalt. Skatte- og avgiftsattest (RF-1244 Fastsett av skattedirektoratet) skal være utstedt av hhv. kemner/ kommunekasserar der leverandøren har sitt hovudkontor, og av skattefogden i vedkommande sitt fylke. For leverandør frå EØS-området skal attestane framleggast av tilsvarande myndigheit. Attestane skal ikkje være eldre enn 6 månader, regnet frå den dag attestane skal være oppdragsgivar i hende (tilbodsfristens utløp). 2.4.3 HMS-eigenerklæring Leverandøren skal oppfylle lovbestemte krav innan helse, miljø og sikkerheit. Dette skal bekreftast i form av en eigenerklæring, jf vedlegg 1. Detaljprosjektering Kjørnes IV. Vedlegg A. Side 2 av 6
3 KONKURRANSEGRUNNLAGET 3.1 Generelt Som grunnlag for konkurransen gjeld dette anbodsdokumentet inkludert vedlegg. I tillegg vil eventuelle tilleggsopplysningar gitt skriftlig før tilbodsfristens utløp, inngå. Eventuelle endringar av konkurransegrunnlaget, til døme spesifikasjonar, konkurranseregler e.l., vil bli meddelt alle deltakarar og vil ha gyldigheit føre tidligare mottatt konkurransegrunnlag. 3.2 Tilleggsopplysningar Spørsmål til mottatte tilbodsdokument skal rettes skriftlig gjennom e-post til følgjande adresse: paul.olaf.baraas@sogndal.kommune.no. E-posten skal merkast med: Tilbod detaljprosjektering Kjørnes IV. Svar på spørsmål vil gitt skriftlig via Doffin 4 TILBODET 4.1 Innhald og organisering Leverandøren skal organisere tilbodet i høve til følgjande innhaldselement: - 1 Tilbodsbrev - 2 Pristilbod - 3 Gjennomføringsplan med viktige milepelsdatoar - 4 Beskriving av oppdragsløysing - 5 Kompetanse - 6 Annen naudsynt informasjon 1. Tilbodsbrev Tilbodsbrevet skal vere signert av ein person med fullmakt til å binde tilbydar mht tilbodets pris, leveringstid og gyldigheit. 2. Tilbodspris Tilbodsprisen skal innehalde alle kostnadar for gjennomføring av oppdraget. Kontrakt vert ein «fastpris kontrakt» for prosjekterings oppdraget Som grunnlag for berekning av opsjonsprisar skal timeprisar for tilbudt personell gjevast opp. 3. Beskriving av oppdragsløysing Her skal tilbydar beskrive korleis ein tenker å løyse dei ulike oppgåva i oppdraget, beskrive framgangsmetode og gje opp bindande gjennomføringsplan med viktige milepelsdatoar. Detaljprosjektering Kjørnes IV. Vedlegg A. Side 3 av 6
4. Kompetanse Her beskrivast tilbydars organisasjon, kven som skal arbeide med oppdraget med tilhøyrande anslag på stillingsstorleik, kompetanseoversikt til deltakarane på oppdraget, referanseprosjekt og annan naudsynt informasjon for å beskrive tilbydars kompetanse til å utføre oppdraget. Vedlegg 1 og dokument tilhøyrande vedlegg 1 skal vere ein del av leveransen for del 4. 5. Annen naudsynt informasjon Tilbydar skal her gje opp den informasjon som han meiner er naudsynt for å gjennomføre oppdraget eller som kan påverke konkurransesituasjonen. 4.2 Deltilbod Det er ikkje tillate å gje tilbod berre på deler av oppdraget. 4.3 Alternative tilbod Det er tillate å gi alternative tilbod i tillegg til det som går frem av konkurransegrunnlaget. Alternative tilbod skal presenterast og beskrivast på ein slik måte at oppdragsgjevar kan vurdere dei utan kontakt med leverandøren. Alternative tilbod som ikkje tilfredsstillar dei same funksjons- og kvalitetskrav som oppdragsgjevaren set, vil ikkje bli vurdert. 4.4 Avvik og atterhald Dersom tilbodet er meint å avvike frå konkurransegrunnlaget, skal dette klart gå fram av tilbodet. Avvika skal spesifiserast i tilbodsbrevet. Dei skal vere presise og eintydige, og skal vere beskrive slik at oppdragsgjevar kan vurdere avvika utan kontakt med leverandøren. Atterhald som ikkje er prissett, vil kunne verte prissett av oppdragsgjevar for at oppdragsgjevar skal kunne samanlikna tilboda. Atterhald som ikkje lett lar seg kostnadsbereikna, kan føre til at tilbodet verte og avvist. Eventuelle atterhald skal oppgjevast særskild i leverandørens tilbodsbrev sjølv om dei og er skreve i andre dokument i tilbodet. 4.5 Språk Tilbodsbrevet og all dokumentasjon i tilbodet skal vere på norsk. 4.6 Valuta Tilbodet skal gis i norske kroner. 4.7 Vedståingsfrist Tilbodet skal være bindande i 90 dagar etter tilbodsfristens utløp. 4.8 Retur av tilbod Tilboda vil ikkje bli returnert. Detaljprosjektering Kjørnes IV. Vedlegg A. Side 4 av 6
5 INNLEVERING AV TILBOD 5.1 Leveringsadresse Tilbodet leverast til: Postmottak Sogndal kommune, Kommunehuset i Sogndal kommune. Alternativt kan tilbodet sendast med post: Sogndal kommune, Gravensteinsgata 17, Postboks 153, 6851 SOGNDAL. I båe tilfella skal tilbodet merkast med Tilbod prosjektering Kjørnes IV. ATT: Paul Olaf Baraas. 5.2 Merking Tilbodet skal leverast i lukka konvolutt og merkes som beskrive i 5.1. Innpakking, lukking og merking av tilbodet skal gjerast på en slik måte at tilbodets konfidensialitet kan bevarast fram til tilbodsopninga. 5.3 Tilbodsfrist Tilbodsfrist: Torsdag 17.01.2013 kl 12.00, sjå og kunngjering på Doffin 6 Vurdering av tilbod 6.1 Tildeling Oppdragsgjevar vil tildele kontrakten til den leverandøren som etter ei samla vurdering har gitt det økonomisk mest fordelaktige tilbodet. Følgjande tildelingskriteria vil verte lagt til grunn for rangering av tilbod: - Tilbodspris - Timepris - Skildring av gjennomføring - Tidsplan - Kompetanse og referanser Detaljprosjektering Kjørnes IV. Vedlegg A. Side 5 av 6
7 Vedlegg: 7.1 Vedlegg 1: Sjekkliste dokumentasjon av kvalifikasjonskrav Dokumentasjon Generell kompetanse Dokumentasjon på sentral godkjenning, eventuell dokumentasjon som kan sannsynlig gjere at tilbodar vil oppnå ein lokal godkjenning innanfor følgjande element: - Ansvarleg søker (SØK) - Ansvarleg prosjekterande (PRO) - Ansvarleg kontrollerande for prosjektering (KPR) Vedlagt Oversikt over tilbodars generelle referanseoppdrag. Firmaattest Skatte- og avgiftsattestar, nyare enn 6 månader: Skatteattest frå kemner (RF-1244) Mva-attest frå skattefogden (RF-1244) HMS-eigeerklæring. Utfylt skjema for HMS-eigeerklæring. Eksempel på skjema finnes her: http://www.lovdata.no/for/sf/fa/ta-20060407-0402-033.html Detaljprosjektering Kjørnes IV. Vedlegg A. Side 6 av 6