Finansutvalet/Planutvalet. Arbeidsdokument 1 - Regional planstrategi Arbeidsdokumentet handlar om desse tema:

Like dokumenter
Nasjonale forventningar korleis svarar fylket på forventningane? Vedlegg til Regional planstrategi for Sogn og Fjordane

Nasjonale forventningar korleis svarar fylket på forventningane?

Regional planstrategi Kva, kvifor og korleis?

Regionale roller og regionalt samarbeid i klimatilpassingsarbeidet

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

Ved handsaminga av arbeidsdokument nr. 3, , konkluderte planutvalet slik:

Regional planstrategi

DELPROGRAM A. Regional planstrategi prosess og medverknad

Samhandlingskonferansen 2015 Regional plan for folkehelse. Regional plan for folkehelse

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane

Nasjonale forventninger til planleggingen. Seminar for politikere i Buskerud 24. og 25. februar 2016

Regional plan og regionale forventningar. Fjerde samling, Samhandling for Grønt Skifte september.

Sakspapir KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR SVEIO OG PLANPROGRAM FOR KOMMUNEPLANEN

Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging Vedteke ved kongeleg resolusjon 12. juni 2015

Planstrategi

Kommunereforma. Utviklingsarbeid i kommunane

Planutvalet, 27. november 2013

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

Kommuneplanen sin handlingsdel. Eid kommune

MØTEBOK. Leikanger - Fylkeshuset, møterom Sygna. Møtedato Kl. 11:30 12:45

Planstrategi for Vinje kommune Synspunkt

KOMMUNAL PLANSTRATEGI FLORA KOMMUNE

Regional planstrategi for Vestland - utfordringar for fylket og for regionane

MØTEBOK. Fylkeshuset - møterom Sygna. Møtedato Kl

Møte med regionråda våren 2015 Regional planstrategi Regional plan for folkehelse

FRÅSEGN TIL HØYRING OM FORSLAG TIL ENDRINGER I PLAN- OG BYGNINGSLOVA

Planstrategi for Ullensvang herad

«Nye Vestland fylkeskommune» i endring og utvikling

Regional og kommunal planstrategi

Regional planstrategi Sogn Regionråd Fylkesdirektør Svein Arne Skuggen Hoff

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting


Saksframlegg. Regional plan for folkehelse SAKSFRAMSTILLING

Planprogram. Rullering av Kommunedelplan for Skogsskiftet Sund kommune

REGIONAL PLANSTRATEGI

Regional planstrategi - innhold og prosess

Rådmannen si rolle i arbeidet med klimatilpassing Rådmann Ole John Østenstad Dato:

REGIONAL PLANLEGGING. Rev

-Ein tydeleg medspelar. Verktøykassa

FORSLAG TIL ORGANISERING, METODE OG FRAMDRIFTSPLAN

MOGLEG MED EIT LEVANDE VAKSDAL Ein kompakt urban tettstad 16 minutt frå Bergen sentrum med tog (Bybanestoppet Slettebakken ligg 16 minutt frå Bergen

Radøy kommune Saksframlegg

Jølster kommune Saksutgreiing

REVISJON AV AREALDELEN I KOMMUNEPLANEN UTLEGGING TIL HØYRING OG OFFENTLEG ETTERSYN

Regional planstrategi for Vestland - løypemelding om utfordringar for samfunnsutvikling i Vestland fylke

AKTIVITET OG FRILUFTSLIV I SUNNFJORD KOMMUNE

Saksnr Utval Type Dato 008/18 Formannskapet PS Formannskapet vedtek følgjande medlemmer til den politiske arbeidsgruppa:

Austevoll kommune. Dato Sakshandsamar Vår ref. Dykkar ref John Tveit 16/343-56

REGIONAL PLANSTRATEGI OPPSTART

Årssamling i regionalt planforum 2017 regional planstrategi Marit Rødseth, plansjef 12.september 2017

Ole Aasaaren Regionsjef

FRÅSEGN - HØYRING AV STATLEGE PLANRETNINGSLINJER FOR BOLIG-, AREAL- OG TRANSPORTPLANLEGGING - MLJØVERNDEPARTEMENTET

Kommunal planstrategi. Tilrådd av formannskapet den 27/ , sak 97/16. Øystre Slidre rein naturglede!

Målselv mulighetslandet. Kommunal planstrategi

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

Planutvalet sluttar seg til ny framdriftsplan for arbeidet med planprogrammet for regional plan for folkehelse.

Kommunedelplan. for fysisk aktivitet Planprogram - Høyringsutgåve

SAMORDNINGSFORSØKET. Rennesøy Knut Harald Dobbe

Hareid kommune Kommunedelplan for vatn og avløp Forslag til planprogram

Planprogram for revisjon av regional planføresegn om lokalisering av handel og kjøpesenter (handelsføresegna)

INDRE VESTLAND. Innspel frå Hardanger, Sogn, Voss og Vaksdal i dialogmøte med Vestland fylke

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS

Saksnr. utval Utval Møtedato 002/16 Planutvalet /16 Bystyret Fastsetjing av planprogram for områderegulering Indre Øyrane

Regional planstrategi Møre og Romsdal

Kommuneplan Samfunnsdel

Regional kompetansestrategi Sogn og Fjordane sluttrapport fase1

Arkiv FE-140. Kommuneplan Planprogram arealdel - Offentleg ettersyn

Tilbakemelding på FT-sak 7/14 Tryggleik og beredskap - Rapport

BARN OG UNGE I PLANSAKER

Kommuneplanlegging = samfunnsutvikling og verdiskaping? Kva kompetanse treng kommunane

Strategisk plan for kystensamling. Prosjektleiar Arne Kringlen Norconsult AS

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

Søknadskjema Lokal Agenda 21-midlar, 2011

Fylkesmannen i Oppland JORDVERNSTRATEGI FOR OPPLAND

DATO: SAKSHANDSAMAR: Arve Varden/Tom Guldhav SAKA GJELD: Plan for prehospitale tenester - arbeid med mandat for fase 2

Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet høyringsdokument planprogram. Lærdal kommune PLANPROGRAM

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

Sveinung Parr Dimmen - Anne Mette Nerbøberg. FM embetsoppdrag Betre oppvekst - Barnebyks

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE , vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, for

Nye Vestland fylkeskommune status og prosess

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

EID KOMMUNE Møtebok. Arkiv: 024 Objekt:

Miljø- og utviklingsminister: Erik Solheim Ref. nr.: Saksnr: Dato: Godkjenning av Fylkesplan for Møre og Romsdal

Born og unge i arealplanlegging. 10. juni 2015 Anette J. Mokleiv og Morten Sageidet

SAKSFRAMLEGG. Revisjon av kommuneplanen sin samfunnsdel for Fitjar kommune. Oppstart av Planprogram.

Saksframlegg. Sakshandsamar Arkiv JournalpostID Marit Magdalene Schweiker K /5829

Planstrategi for Vestland. Årssamling regionalt planforum 10.september 2019 Marit Rødseth

Regional planstrategi. I dialog med kommuner og regionråd

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

Opplæring. Plansystem og planarbeid

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, SOSIAL OG OMSORG FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM, 30. AUGUST 2016

FYLKESMANNEN I MØRE OG ROMSDAL

3) Vassområdeutvala kjem med innspel om viktige utfordringar og prioriteringar i vassområdet til dokumentet Vesentlege vassforvaltningsspørsmål

INNSPEL OM VIKTIGE NASJONALE INTERESSER I SAMBAND MED DET PÅGÅANDE ARBEIDET MED EI NASJONAL RAMME FOR VINDKRAFT PÅ LAND

Saman om å skape. Strategi for innbyggardialog

Plan- og bygningsloven. Gunn Tove Nyheim

Erfaringar frå arbeidet med samordna bustad- areal- og transportplanlegging

Kommuneplan for Radøy delrevisjon konsekvensvurdering av endringar i kommuneplanens arealdel

HØYRING VEDK FORSLAG TIL STATLEGE PLANRETNINGSLINJER FOR DIFFERENSIERT FORVALTNING AV STRANDSONA LANGS SJØEN

Transkript:

Side 1 av 11 Plan- og samfunnsavdelinga Finansutvalet/Planutvalet Sakshandsamar: Svein Arne Skuggen Hoff E-post: Svein.Arne.Skuggen.Hoff@sfj.no Tlf.: 91888868 Vår ref. Sak nr.: 14/7870-5 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr. 27583/15 Dykkar ref. Dato LEIKANGER, 10.08.2015 Arbeidsdokument 1 - Regional planstrategi 2016-2020 Arbeidsdokumentet handlar om desse tema: 1. Føremålet med planarbeidet 2. Organisering av planarbeidet 3. Status for planarbeidet 4. Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging 5. Drøfting av målbilete 6. Drøfting av utfordringar 7. Framdriftsplan. Føremålet med handsaminga i planutvalet er å informere om prosessen så langt, og starte realitetsdiskusjonar omkring målbilete og tema for utgreiingar. 1. Føremålet med planarbeidet Plan og bygningslova gjev rammene for planarbeidet ( 7-1, 1. og 2. ledd): «Regional planmyndighet skal minst én gang i hver valgperiode, og senest innen ett år etter konstituering, utarbeide en regional planstrategi i samarbeid med kommuner, statlige organer, organisasjoner og institusjoner som blir berørt av planarbeidet. Planstrategien skal redegjøre for viktige regionale utviklingstrekk og utfordringer, vurdere langsiktige utviklingsmuligheter og ta stilling til hvilke spørsmål som skal tas opp gjennom videre regional planlegging» Viktige prinsipp for planstrategien: 1. Regional planstrategi er ein strategi for samfunnsplanlegging 2. Regional planstrategi er ein arena for dialog og samhandling 3. Regional planstrategi skal fremje heilskapleg regional utvikling og gjere planlegginga meir forpliktande og målretta 4. Regional planstrategi skal fastsette kva regionale planar og/eller interkommunalt plansamarbeid som skal gjennomførast i planperioden 5. Regional planstrategi skal følgje opp nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging. Viktige rammer for arbeidet vil være: Få opp eit godt kunnskaps- og avgjerdsgrunnlag: For å kunne drive målretta samfunnsutvikling er det viktig at politikkutforminga bygger på eit godt kunnskapsgrunnlag. I arbeidet med regional planstrategi har difor fylkeskommunen som oppgåve å skaffe politikarane relevant, oppdatert og faktabasert kunnskap om viktige tema og satsingsområde for fylket Fylkeshuset Askedalen 2 6863 LEIKANGER Tlf.: 57 65 61 00 Bankgiro: 4212 02 02000 postmottak.sentraladm@sfj.no www.sfj.no Org.nr.: NO 941 388 841 MVA

Side 2 av 11 Samordning av lokal og regional planstrategi: Både kommunane og fylkeskommunen møter strengare krav til omstillingsevne i måten dei løyser rolla som tenesteytar og utviklingsaktør. Gjennom eit godt felles forarbeid til kommunale og regional planstrategiar vil vi kunne ha eit felles grunnlag som forenklar planprosessane og bidreg til meir samordna og heilskapleg utvikling av fylket. Fylkeskommunen har ansvaret for å samordne planprosessane på lokalt og regionalt nivå. Tilråding: Planutvalet sluttar seg til at regional planstrategi blir eit dokument som gir retning for plan- og utviklingsarbeidet i fylket, og konkretiserer konkrete rammer for planarbeidet i valperioden. 2. Organisering av planarbeidet Politisk er det fylkesutvalet som er styringsgruppe for planarbeidet, med planutvalet som støttespelar. Alle formelle vedtak undervegs i prosessen vert gjort av fylkesutvalet, medan det er fylkestinget som vedtek endeleg planstrategi. Internt i fylkeskommunen vil fylkesrådmannen organisere arbeidet som eit prosjekt etter den såkalla PLP metoden: Leiar for arbeidet: Plan og samfunnsavdelinga ved prosjektleiar. Ansvarleg: Fylkesdirektør Svein Arne Skuggen Hoff Prosjektleiar: Annlaug Kjelstad Arbeidsgruppe: Torbjørn Hasund, Elisabet Kjerstad Bøe, Ole Inge Gjerald, Lars Hustveit, samt 1-2 representantar frå kvar avdeling avhengig av tema Administrativ styringsgruppe: FRM Leiargruppa Det er etablert ein dialog med fylkesmannen for å klargjere den eksterne organiseringa og forankringa av prosessen. Utfallet av denne dialogen er enno ikkje på plass. 3. Status for planarbeidet Når Kva Merknadar 20.04 og Møte med Det er gjennomført slike møte i Nordfjord og Sogn. 06.05 regionråda 07.- 08.05.15 Regional plankonferanse 26.05.15 Møte med Fylkesmannen Samling for kommunar, offentlege og friviljuge organisasjonar. Frå kommunane møtte i hovudsak representantar frå plansida. Alt materiale som vart utarbeida under konferansen, er samla og sendt ut til deltakarane i arbeidsgruppa (sjå pkt. 2 over). Drøfta regional forankring og organisering med planansvarleg (fylkesmiljøvernleiaren). Einig om tett dialog. Dei vil kome tilbake med framlegg til meir formell kopling/organisering. 29.05.15 Arbeidsgruppa Arbeidsgruppa drøfta bruk av materialet frå den regionale plankonferansen» og vegen vidare. Grunnlag for denne saka. 05., 10. og 12.06. 3 regionale møte med kommunane om plannettverk Nordfjord, SIS/HAFS og Sogn. Drøftingsmøte saman med FM for å etablere plannettverk som eit verkemiddel mellom anna for å samarbeide om planstrategiar. Tilråding: Planutvalet ovannemnde statusinformasjon til vitande.

Side 3 av 11 4. Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging Regjeringa la fram dei nasjonale forventningane til regional og kommunal planlegging i eit dokument vedteke ved kongeleg resolusjon 12. juni 2015. Innleiinga i dokumentet omtalar korleis dei nasjonale forventningane skal verke inn på plansystemet og dei regionale planprosessane: «For å fremje ei berekraftig utvikling skal regjeringa kvart fjerde år utarbeide nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging. Dette går fram av plan- og bygningslova 6-1. Dei nasjonale forventningane skal leggjast til grunn for arbeidet til dei nye fylkestinga og kommunestyra med regionale og kommunale planstrategiar og planar. Dei nasjonale forventningane skal også leggjast til grunn for korleis dei statlege styresmaktene skal ta del i planlegginga. Oppfølging frå alle partar vil bidra til betre samanheng mellom nasjonal, regional og kommunal planlegging, og gjere planlegginga meir føreseieleg og målretta. Dei nasjonale forventningane samlar mål, oppgåver og interesser som regjeringa forventar at fylkeskommunane og kommunane legg særleg vekt på i planlegginga i åra som kjem. Forventningsdokumentet er retningsgivande for regional og kommunal planlegging. Fylkeskommunane og kommunane har ansvar for å finne heilskaplege løysingar, der ein har både lokale forhold og lokalpolitiske interesser og omsyn i tankane saman med nasjonale og viktige regionale interesser. Forventningsdokumentet er ikkje uttømmande for alle oppgåver og omsyn som kommunane og fylkeskommunane skal sørgje for gjennom planlegginga etter plan- og bygningslova. Ein må derfor sjå dokumentet i samanheng med det regelverket og den rettleiinga som gjeld. Første del av dokumentet handlar om gode og effektive planprosessar. Andre del handlar om planlegging for berekraftig areal- og samfunnsutvikling generelt. Tredje del handlar om planlegging for attraktive og klimavennlege by- og tettstadsområde spesielt.» Forventningane er knytt opp til tre ulike område/tema, og har relevans for all type planlegging, og difor er ikkje alt like relevant i høve arbeidet med planstrategien. Dei tre tema i forventningane vert kort omtalt her med ei vurdering av relevansen og kva for element fylkesrådmannen meiner er særs viktige å ha med vidare i arbeidet med regional planstrategi. Dokumentet ligg i sin heilskap med som vedlegg. Tema 1: Gode og effektive planprosessar Regjeringa legg vekt på raskare prosessar for planlegging av bustad, næring og samferdsel. Samtidig styrkjer regjeringa det lokale sjølvstyret i planlegginga ved at fylkeskommunane og kommunane får større ansvar for å sikre nasjonale og viktige regionale interesser. Gjennom betre samarbeid og effektivisering av planarbeidet meiner regjeringa det er mogleg å korte ned tidsbruken, samtidig som ein sørgjer for å ta viktige omsyn og overhalde kvalitetskrava. Regjeringa forenklar plan- og bygningslova, legg til rette for auka bruk av IKT og forventar at fylkeskommunane og kommunane tek i bruk moglegheitene dette gir. Det er spesielt peika på tre område for å møte utfordringane: Enklare regelverk og betre samarbeid Målretta planlegging Auka bruk av IKT i planlegginga. Regjeringa forventar at den regionale og kommunale planlegginga tek omsyn til desse områda gjennom at: Fylkeskommunane og kommunane baserer planforslag og avgjerder på eit godt og oppdatert kunnskapsgrunnlag, og sikrar nasjonale og viktige regionale interesser. Fylkeskommunane og kommunane sikrar samtidig tidleg medverknad og involvering av publikum, relevante styresmakter, partar og interesseorganisasjonar.

Side 4 av 11 Fylkeskommunane styrkjer regionalt planforum som arena for tidleg avklaring av interesser og konfliktar i plansaker, slik at viktige omsyn blir tekne hand om, og slik at ein avgrensar mengda motsegner. Kommunane nyttar regionalt planforum aktivt. Fylkesmannen, andre statlege styresmakter, fylkeskommunen og Sametinget prioriterer deltaking i planforum, og kjem med tydelege signal om kva som er nasjonale og viktige regionale interesser i dei enkelte sakene. Fylkesmannen, andre statlege styresmakter, fylkeskommunane og Sametinget legg vekt på det lokale sjølvstyret. Motsegn skal berre fremjast når det er nødvendig for å sikre nasjonale og viktige regionale interesser, og når tidleg dialog ikkje har ført fram. Kommunane tek i bruk moglegheitene som ligg i plan- og bygningslova for prioriteringar og forenklingar. Kommunane oppdaterer overordna planar, unngår fleire plannivå enn nødvendig, sørgjer for tenleg detaljering og tek i bruk moglegheitene for parallell plan- og byggjesaksbehandling. Kommunane sikrar effektiv behandling av private planforslag og bidreg til god plankvalitet ved å gi tidlege, tydelege og relevante krav til utgreiingar og dokumentasjon. Fylkeskommunane og kommunane sikrar enkel tilgang til digitale plandata gjennom bruk av digitalt planregister og tek i bruk verktøy for digital plandialog og plan- og byggjesaksbehandling. Fylkesrådmannen si vurdering: Fylkesrådmannen sluttar seg til regjeringa sitt ynskje om ikkje å gjere planlegginga meir omfattande enn det er behov for. Fylkesrådmannen ser samtidig at forventningane og krava til fylkeskommunen på plansida er store, både knytt til den regionale planlegginga, men og til støtta og deltakinga i kommunalt planarbeid. Det er difor viktig at ressursspørsmåla vert vurderte og drøfta parallelt med vedtak om gjennomføring av planprosessar. Fylkesrådmannen har og merka seg at det vert stilt tydelege krav til regionale statlege organ om deira deltaking i arbeidet med planstrategiar, og at planlegginga skal få konsekvensar og for deira vidare arbeid. Dette er positivt for å sikre legitimitet og godt samarbeid i planarbeidet. Vidare vil fylkesrådmannen aktivt nytte planforum for å utvikle samarbeidet ytterlegare. Fylkesrådmannen merkar seg og at tabellen det vert vist til, viser at planstrategien er ein av få planar som er lovpålagt. All anna planlegging på regionalt nivå, skal berre skje etter behov og ikkje etter pålegg. Tema 2: Berekraftig areal og samfunnsutvikling Regjeringa legg vekt på at vi i åra som kjem må førebu oss på ei langsiktig omstilling til eit samfunn med låge utslepp og tilpasse oss effekten av klimaendringar som alt skjer. Dette krev at vi tek i bruk sterkare verkemiddel enn vi har gjort til no, og at vi sikrar effektiv ressursutnytting i areal- og samfunnsutviklinga. Samtidig blir det viktig å leggje til rette for auka verdiskaping og næringsutvikling, og innovasjon og vekst i nye og grøne næringar. Regjeringa framhevar at kommunane og fylkeskommunane har sentrale roller som utviklingsaktørar og planstyresmakter i arbeidet for eit sikkert, vekstkraftig og miljø- og klimavennleg samfunn. Sjølv med reduserte utslepp må vi ta omsyn til at klimaendringane vil forsterke dei utfordringane naturforholda i landet vårt alt gjev. Stigande havnivå, auka flaum- og skredfare, meir ekstremvêr og store og intense nedbørsmengder gir auka og nye utfordringar for planlegginga. Norsk klimaservicesenter vil utarbeide klimaprofilar for alle fylka i Noreg. Regjeringa utarbeider også statlege planretningslinjer for klimatilpassing. Retningslinjene skal bidra til at samfunnet blir betre rusta for å møte klimaendringane, og dei skal leggjast til grunn ved statleg, regional og kommunal planlegging. Gjennom planlegginga er det forventningar om å møte utfordringane gjennom tre ulike innfallsvinklar: Bidra til eit klimavennleg og sikkert samfunn, gjennom Aktiv forvaltning av natur- og kulturminneverdiar og

Side 5 av 11 Framtidsretta næringsutvikling, innovasjon og kompetanse. Regjeringa forventar at den regionale og kommunale planlegginga tek omsyn til desse områda gjennom at: Fylkeskommunane og kommunane legg vekt på reduksjon av klimagassutslepp, energiomlegging og energieffektivisering gjennom planlegging og lokalisering av næringsverksemd, bustader, infrastruktur og tenester. Fylkeskommunane og kommunane tek omsyn til klimaendringar og risiko og sårbarheit i samfunns- og arealplanlegginga og byggjesaksbehandlinga. Kommunane sikrar at det blir utarbeidd risiko- og sårbarheitsanalysar for utbyggingsplanar, som gir eit godt kunnskapsgrunnlag for å førebyggje og redusere aktuelle risiko- og sårbarheitsforhold. Ein tek særleg omsyn til naturfarar og eksisterande og framtidige klimaendringar. Fylkeskommunane og kommunane identifiserer viktige verdiar av naturmangfald og landskap, friluftsliv, kulturminne og kulturmiljø, og tek omsyn til desse i regionale og kommunale planar. Den tilgjengeleg kunnskapen blir teken aktivt i bruk, og ein trekkjer fram og tek omsyn til dei samla verknadene. Fylkeskommunane legg til rette for betre tilgang på kompetent og relevant arbeidskraft som møter behova i den regionale arbeidsmarknaden. Planlegginga skjer i partnarskap med utdannings-, arbeidsmarknads- og næringsaktørane, og på tvers av sektorar og forvaltningsnivå. Fylkeskommunane og kommunane samarbeider om planlegging for verdiskaping, berekraftig næringsutvikling og innovasjon i partnarskap med næringslivet og regionale og lokale aktørar. Ein set av nok areal til næringsutvikling som bidreg til behova i næringslivet, og som er lokaliserte utifrå omsynet til samordna bustad-, areal- og transportplanlegging. Fylkeskommunane og kommunane sikrar viktige jordbruksområde og legg til rette for nye og grøne næringar som er knytt til jordbruk og skogbruk. Døme kan vere grønt reiseliv, mat med lokal identitet og utnytting av bioenergi. Fylkeskommunen og kommunane sikrar naturgrunnlaget for samisk kultur, næringsutvikling og samfunnsliv, og samiske interesser får ta del i planlegginga der ho rører ved desse. Planlegginga sikrar reindriftsareala samtidig som ho veg omsynet til reindrifta opp mot andre samfunnsinteresser. Fylkeskommunane og kommunane sikrar nok areal til fiskeri- og havbruksnæringa i kystsoneplanlegginga og veg dette opp mot miljøomsyn og andre samfunnsinteresser. Arealbehovet blir sett i eit regionalt perspektiv. Fylkeskommunane og kommunane sikrar tilgjenge til gode mineralreservar for mogleg utvinning og veg dette opp mot miljøomsyn og andre samfunnsinteresser. Behovet for og tilgangen til byggjeråstoff blir sett i ein regional samanheng. Fylkeskommunane og kommunane tek omsyn til arealbehovet til Forsvaret i høve til nasjonale forsvarsplanar og når dette er nødvendig for å sikre forsvarsevna til landet. Fylkesrådmannen si vurdering: Fylkesrådmannen meiner regjeringa peikar på vesentlege utfordringar for Sogn og Fjordane og at fleire av problemstillingane må vere med i vurderingane både knytt til utfordringar, til å utforme målbilete for framtida og i vurderinga av behovet for nye planar. Samtidig vil fylkesrådmannen peike på at vi alt har planar som i stor grad dekker opp områda. I planarbeidet vil det kanskje difor være like viktig å sjå om det er behov for å gjere mindre eller større endringar i eksisterande plandokument, opp mot det å lage heilt nye planar. I samarbeidet med partnarskapen og gjennom kommunekontakten vil fylkesrådmannen legge vekt på desse problemstillingane, slik at det vert vurdert gjennomgåande i planar og utviklingsprosjekt. Tema 3: Attraktive og klimavennlege by- og tettstadområde Regjeringa peikar på at folkeveksten i byane og tettstadene fører til press på areal og infrastruktur, og gir utfordringar for trafikkavvikling, helse og miljø. Samtidig gir veksten moglegheiter til å finne nye løysingar for byutvikling, næringsutvikling og transport. Regjeringa er oppteken av eit godt samarbeid med fylkeskommunane og kommunane om å få ned klimagassutsleppa og å skape godt

Side 6 av 11 fungerande byar og tettstader for næringsliv og innbyggjarar. God planlegging er avgjerande for å sikre effektiv arealbruk, eit miljøvennleg transportsystem, nok bustadbygging, sunne og trygge omgivnader og gode levekår for alle. Regjeringa peikar på fire område for å møte desse utfordringane: Samordna bustad-, areal- og transportplanlegging Eit framtidsretta og miljøvennleg transportsystem Levande by- og tettstadssenter Helse og trivsel. Regjeringa forventar at den regionale og kommunale planlegginga tek omsyn til desse områda gjennom at: Fylkeskommunane og kommunane fastset regionalt utbyggingsmønster, senterstruktur og hovudtrekka i transportsystemet, medrekna knutepunkt for kollektivtrafikken. Gjennom planlegginga trekkjer ein langsiktige grenser mellom by- og tettstadsområde og store samanhengande landbruks-, natur- og friluftsområde. Staten, fylkeskommunane og kommunane legg vedtekne planar til grunn for eigne vedtak. Den regionale og kommunale planlegginga legg til rette for nok og variert bustadbygging, lokalisert ut frå omsynet til samordna bustad-, areal- og transportplanlegging. Kommunane sikrar høg arealutnytting rundt kollektivknutepunkt, legg til rette for auka bruk av sykkel og gange i dagleglivet, og sikrar samanhengande gang- og sykkelsamband av høg kvalitet. Ein utnyttar potensialet for fortetting og transformasjon før ein tek i bruk nye utbyggingsområde. Fylkeskommunane og kommunane bidreg aktivt i arbeidet med konseptvalutgreiingar og statlege planar for store samferdselstiltak. Kommunane legg til rette for effektive prosessar og rask behandling av kommunedelplanar og reguleringsplanar for samferdselstiltak. Kommunane bidreg i samarbeid med statlege fagstyresmakter til at godsterminalar og hamner blir prioriterte i planlegginga, og at desse blir utvikla som effektive logistikkknutepunkt. Fylkeskommunane og kommunane i storbyområda legg til grunn at transportveksten skal takast med kollektivtransport, sykkel og gange, og følgjer aktivt opp bymiljøavtalar og byutviklingsavtalar med staten. Kommunane har ein aktiv og heilskapleg sentrumspolitikk for å skape eit godt og levande bymiljø. Kommunane legg til rette for etablering av bustader, arbeidsplassar, handel, service og sosiale møteplassar i sentrum. Ein bør leggje vekt på å få til eit forpliktande samarbeid mellom kommunen og det private næringslivet. Arkitektur, kulturminne, landskapsverdiar, vatn og grøne element blir tekne aktivt i bruk som ressursar i sentrumsutviklinga. Kommunane sikrar trygge og helsefremjande bu- og oppvekstmiljø, frie for skadeleg støy og luftforureining. Kommunane tek vare på naturverdiane og legg til rette for fysisk aktivitet og trivsel for heile folket ved å sikre samanhengande grøne strukturar, opne vassvegar og nær tilgang til område for leik, idrett, rekreasjon og friluftsliv i nærmiljøet. Kommunane legg prinsippa om tilgjenge og universell utforming til grunn i planlegging av omgivnader og bygningar. Fylkesrådmannen si vurdering: Fylkesrådmannen meiner regjeringa også her peikar på vesentlege utfordringar for Sogn og Fjordane og at fleire av problemstillingane må vere med i vurderingane både knytt til utfordringar, til å utforme målbilete for framtida og i vurderinga av behovet for nye planar. Fylkesrådmannen gjer og dei same vurderingane om at fylkeskommunen alt har planar som dekker opp deler av desse forventningane. Samtidig ser fylkesrådmannen at skal det være mogleg å følgje opp dei til dels store forventningane vil det krevje både kapasitet og kompetanse som fylkeskommunen i dag ikkje i tilstrekkeleg grad har.

Side 7 av 11 Tilråding (for ev. politisk utfylling/supplering: Planutvalet tek dei nasjonale forventningane til regional planlegging til vitande, og sluttar seg til at dei ulike tema og problemstillingane vert med i vurderingar av behov og val av plantema i planperioden. (Planutvalet ber om det særleg vert vektlagt å synleggjere utfordringane knytt til: - ) 5. Drøfting av målbilete Ekstern involvering gjennom plankonferansen (sjå pkt. 3 over) og møta med to av regionråda, har både gitt innspel til utfordringar og til eit felles målbilete for planstrategien. Med målbilete meiner vi konkrete mål, omtale av effektar av tiltak/satsingar og kva for meirverdi vi ynskjer å skape. Innspela er ikkje ferdig formulert, men er å sjå på som oppfatningar av kvalitetar og konkrete styrkar som må med i målbiletet. Innspela er inndelt i Samfunns- og kulturmål og i Utviklingsmål. Samfunns-/kulturmål: Bygging av identitetsfellesskap på kommune- og fylkesplan o Fjordafylket, ein av verdas beste og vakraste stader å bu o Fysiske og sosiale møteplassar Eigenart og mangfald, gjennom sjølvtillit, openheit og god kommunikasjon Deltakande demokrati, med utprøving i planprosessar Integrere alle typar innvandrarar i arbeid, haldningar i lokalsamfunna og norsk opplæring Utviklingsmål betre, styrke, endre og utvikle: Regionsentra/bygdebyar med bu- og arbeidsmarknadsregionar o Gjere større tettstadar meir attraktive for aldersgruppa 25 30 år Positive kvalitetar og fortrinn m.a. helse, omsorg, utdanning og trivsel Infrastruktur/kommunikasjon o Mobil- og nettdekning o Veg o Båt Næringsutvikling o Satsing i bygdebyane o Nytte lokale ressursar o Mangfald i arbeidsplassar o Gode arenaer for etablering av næring innan natur/ressursar, energi og kunnskap o Samspel mellom kunnskapsmiljø og næringsliv o Kreativitet for å få inn meir inntekter av natur- og kulturbaserte næringar o Rask sakshandsaming/dialog med næringslivet Planstrategien skal også vise at vi har realitetsvurdert dei statlege forventingane, og at dette og vert spegla i målbiletet. I tillegg må og planstrategien spegle fylkeskommunen sine eigne tankar om mål og utvikling, både for dei fylkeskommunale ansvarsområda og for fylket sett under eitt. Difor må også desse perspektiva drøftast inn i strategien for å utvide og vidareutvikle ovannemnde målbilete. Vi må difor ta med oss hovudmåla i gjeldande regionale planar og nasjonale føringar innan desse områda: o Verdiskaping i næringslivet strategi, marknad, kapital og kompetanse o Satsing på folkehelse o Omsyn til klimaendringar og klima- og miljøtiltak o Tryggleik og beredskap i planar og organisasjonen, inkl. ROS-analyser o Utvikling av bygdene/lokalsamfunna og landbruksnæringane o Verdien av estetikk, arkitektur og kulturlandskap o Aukande behov for kompetanse og ressursar innan omsorg og helse o Sysselsetjing og arbeidsløyse, behovet for mangfald i arbeidsplassar i ein region

Side 8 av 11 Tilråding: Planutvalet meiner det er behov for å utvikle eit samla målbilete for utviklinga av fylket, og ber om at prosessen gjev rom for brei involvering og deltaking, for å få fram breidda og utfordringane for fylket. 6. Drøfting av utfordringar Det har kome innspel på mange tema og samlande omgrep som kan verte grunnlag for drøftingar i den politiske prosessen. Skal vi få oppslutnad om eit felles omgrep eller ei felles utfordring for den nye planperioden, må vi klare å konkretisere innhaldet i omgrepa vi vil nytte. Her er det gjort ei omtale av dei mest tydelege innspela så langt. Fylket må evne å skape ein arena for dei store diskusjonane med å drøfte både fortrinna og utfordringane. Lista over utfordringar er ikkje uttømmande, men eit grunnlag for det vidare arbeidet. Tilråding: Mål om folketalsauke: + 10.000 innan 2030 Gje «det grøne skiftet» innhald: Næringsutvikling bærekraft i produksjon av varer og tenester Miljø og klimavenleg transport Folkehelse og omsorg velferdsteknologi Energiproduksjon Lokal mat og verdikjeder Teknologiutvikling Kompetanseutvikling Strukturendringar Flyplassar Bygge vedteken E-39 og Kystvegen Samle oss om sentralsjukehuset Vidaregåande skular Satse på 3 bygdebyar Og framtidige kommunesentra Integrering Unge, tilflyttarar, innvandrarar Dyrke initiativ bli verdiskaparar Få ansvar gje ansvar Skape entusiasme Vilje til å ta risiko aksept for å trå feil Kommunisere ut resultata våre Marknadsføre oss utanfor fylkesgrensa og landet Marknadsføre det sanne bilete ikkje berre prospektkort Planutvalet sluttar seg til at tema i dokumentet vert lagt til grunn for det vidare arbeid med regional planstrategi.

Side 9 av 11 7. Framdriftsplan Når Kva Merknadar Juni august 17. august 2015 August August/ oktober Primo september Sep./okt. Strukturere stoffet frå dialog med andre Planutvalet handsamar Arbeidsdokument 1 Møte med regionråda for SIS og HAFS Etablere eit kunnskapsgrunnlag for planstrategien Regionalisere statleg politikk. Forventningar frå staten til fylka og kommunane på planområdet, datert 12.06.15. Prosess med ungdom i samarbeid med UPU (Ungdomspolitisk utval) Okt./nov. Arbeidsdokument 2. Politisk og administrativ drøfting av målbilda og hovudmål i planlegging Nov./des. Statusvurdering av alle gjeldande regionale planar Nov./des. Januar 2016 Februar / mars April 2016 Dialogmøte i regionråda/ plannettverka Fylkesutvalet: Framlegg til planstrategi. Utlegging på høyring Høyring Fylkestinget: Vedtak av ny planstrategi Det er produsert mykje stoff (Førde-konferansen, regionråda, FM/regional stat) som det er viktig å systematisere og redigere slik at vi kan nytte det inn i det vidare arbeidet. Informasjon og status. Drøfte innhald og prosess (framdrift/forankring). Den politiske prosessen vert lagt inn i ein samla framdriftsplan/milepelsplan når den er klarert. Det er gjennomført møte med Sogn og Nordfjord (mai/juni) Statistikk og analyser etter behov. Fortrinnsanalyse av situasjonen no. Arbeidsgruppa vil drøfte nærare mål, når, korleis og av kven. Gjennomføre eit samarbeidsmøte med kommunane, FM og eventuelt andre regionale aktørar, for å få ei felles forståing av kva som er dei viktige plan- og utviklingsoppgåvene hjå oss. Invitere ungdom inn for å gje sine synspunkt på utviklinga i fylket, og konkretisere utfordringar og målbilete. Gjennomføre ein tverrsektoriell prosess for drøftinga og legge dette fram for politisk drøfting og prioriteringar i november. Planutval og hovudutvala. Utarbeide ein samla status som viser kva planar som gjeld, kva for planstatus dei har, og ei vurdering av planane. Vurderinga skal munne ut i ei tilråding om kva vi gjer vidare med den einskilde plan (avviklar den, reviderer den m.m.) Drøfting og informasjon om både fylket og kommunane sine planstrategiar innhald, mål og prosess Konkretisere utfordringane for fylket, felles målbilete og konkretisere planar/tiltak for å føre oss dit. Høyring, oppsummering og handsaming i arbeidsgruppe og styringsgruppe, før politisk slutthandsaming Tilråding: Planutvalet sluttar seg til framdriftsplanen med følgjande milepelar: * 17.08.15 PU Arbeidsdokument 1 * 04.11.15 PU Arbeidsdokument 2 * Januar/februar 2016 FU Utlegging av planstrategi på høyring * April 2016 FT Vedtak av regional planstrategi

Side 10 av 11 Tore Eriksen fylkesrådmann Svein Arne Skuggen Hoff fylkesdirektør Brevet er elektronisk godkjent og er utan underskrift Vedlegg: Nasjonale forventningar til regional planlegging Mottakar (ar) Kopi til:

Side 11 av 11