FYLKESMANNEN I MØRE OG ROMSDAL
|
|
|
- Stina Børresen
- 9 år siden
- Visninger:
Transkript
1 Saksbehandlar, FYLKESMANNEN I MØRE OG ROMSDAL innvalstelefon Samordnar Sveinung Dimmen, Vår dato Vår ref /332915VD1/421.2 Dykkar dato Dykkar ref. Møre og Romsdal fylkeskommune Postboks MOLDE Møre og Romsdal fylkeskommune. Fylkesplan svar til høyring. Generelt Fylkesutvalet i Møre og Romsdal har i møte gjort vedtak om å legge forslag til Fylkesplan ut til høyring. I Regional planstrategi for Møre og Romsdal har fylkestinget prioritert å ha ein overordna strategisk plan for den regionale samfunnsutviklinga. Fylkesplanarbeidet har vore lagt opp som ein open og brei planprosess med medverknad frå ei rekke ulike samfunnsaktørar. Fylkesmannen har deltatt i samband med dette, og kome med innspel under vegs. Vi viser elles til tidlegare merknader i vårt høyringsbrev i samband med Regional planstrategi. Dette er merknader som i stor grad også vil gi viktige rammer og føringar for arbeidet med Fylkesplanen. Fylkeskommunen har i sitt oversendingsbrev av peika på at høyringspartane i sine uttalar m.a. tar stilling til følgjande spørsmål: Korleis er dine/dykkar interesser/fagfelt teke i vare? Er du einig i val av overordna prioriteringar? Kva kan vere aktuelle samarbeidsprosjekt i fylket på desse områda? Er du einig i val av hovudmål på dei tre innsatsområda? Er du eining i val av gjennomgåande perspektiv? Er oppbygginga av planen forståeleg? Ha du andre innspel til innhald, prosess eller gjennomføring? Struktur og innhald Utkast til Fylkesplan er innhaldsmessig strukturert rundt tre overordna perspektiv, tre innsatsområde og tre gjennomgåande perspektiv. Dokumentet har ei logisk, oversiktleg og ryddig oppbygging, delt inn i åtte hovudkapittel. I slutten av kvart hovudkapittel er det vist til utfyllande kjelder til kunnskap gjennom aktuelle referansar og lenker. Kapittel 1 peikar på viktige regionale og nasjonale utviklingstrekk og utfordringar som bakteppe for arbeidet med fylkesplanen. Endring og omstilling knytt til ulike samfunnsområde vil sette sitt preg på regionalt plan- og utviklingsarbeid i åra framover. Fylkesmannen I Møre og Romsdal Postboks MOLDE fmmr ostmottak f Ikesmannen.no Organisasjonsnr:
2 side 2 av 6 Arbeidet med regionreforma vil her kunne resultere i både nye regionale oppgåver og nye geografiske inndelingar frå Kapittel 2 rettar søkelyset mot rammer og retningslinjer for planarbeidet. Dette omfattar m.a. koplingar til regional planstrategi, referansar til kunnskapsgrunnlag og planprosess, samt presentasjon av ei prinsippskisse med illustrasjon av samanhengen mellom overordna prioriteringar, gjennomgåande perspektiv og utvalde innsatsområde. I følgje Regional planstrategi skal regional delplan for folkehelse vidareførast. Delplanen gir føringar for det samla arbeidet med folkehelse, og tema blir i så måte ivaretatt i det regionale plansystemet. I arbeidet med handlingsprogram for Regional delplan for folkehelse deltar Fylkesmannen både med tema og oppfølging av handlingsprogrammet. Kapittel 3 gjer nærare greie for dei overordna prioriteringane i planen: Integrering Omstilling Attraktive bu- og arbeidsmarknadsregionar For kvart av dei tre prioriteringsområda er det formulert forslag til aktuelle utfordringar og oppgåver som utgangspunkt for samarbeid mellom fylkeskommunen og andre regionale aktørar. Fylkesmannen vil også her vere ein naturleg samarbeidspart. Kapittel 4 gjer nærare greie for tre gjennomgåande perspektiv knytt til Klima og miljø Barn og unge Likestilling og inkludering Dei gjennomgåande perspektiva har som mål å styrke viktige nasjonale samfunnsomsyn med vekt på heilskaplege og tverrfaglege tilnærmingar. Referanse til både Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging og til Regional planstrategi blir her understreka. Kapittel 4 7 omfattar ein nærare presentasjon og drøfting av hovudinnsatsområda i planen: Kultur Kompetanse og verdiskaping Samferdsel Til kvart av dei tre hovudinnsatsområda er det formulert 5 7 hovudmål. Desse hovudmåla skal følgjast opp og konkretiserast gjennom handlingsprogram for kvart innsatsområde. Det er lagt opp til ei årleg rullering av desse. Kapittel 8 inneheld ein omtale av vidare gjennomføring og oppfølging av fylkesplanen gjennom ulike partnarskap- og samarbeidnettverk mellom fylkeskommunen og andre samfunnsaktørar. Dette vil m.a. kunne omfatte oppgåver i samband med vidare arbeid med handlingsprogram knytt til dei ulike hovudmnsatsområda i planen, samt vidare oppfølging knytt til evaluering og revisjon av overordna prioriteringar og gjennomgåande perspektiv.
3 side 3 av 6 Merknader knytt til aktuelle tema og innsatsområde I forhold til arbeidet med regional planlegging har Fylkesmannen ei viktig rolle både som sektorpolitisk organ for å ivareta den enkelte fagsektor sine interesser i planarbeidet, og som samordningsinstans for samordning av statens interesser for å ivareta heilskaplege vurderingar på tvers av sektorar. Ei viktig oppgåve for Fylkesmannen er å sjå til at nasjonale forventningar blir ivaretatt i prioritering av tema. Det vil også vere aktuelt for Fylkesmannen å delta i fylkeskommunen sitt arbeid med etablering av arenaer for vidare oppfølging av fylkesplanarbeidet. Dette omfattar m.a. oppfølging knytt til handlingsprogram for kvart av dei tre hovudinnsatsområda i planen, men er også aktuelt i arbeidet med revisjon av fylkesplanen, regionale delplanar, eller andre planrelaterte oppgåver. Fylkesmanen vil her gjennom si samordnarrolle også kunne medverke til at statlege etatar følgjer opp sitt gjennomføringsansvar i forhold til regionale og kommunale planar med tilhøyrande handlingsprogram. Vi viser her m.a. til forsøksordninga med statleg samordning av motsegn knytt til kommunale planar. Med referanse til kapittelinndelinga i planstrategidokumentet har Fylkesmannen følgjande merknader knytt til våre ansvarsområde: Vedk kap. 3 Overordna prioriteringar Vi har prøvd å sjå dei overordna prioriteringane i samanheng med dei tre innsatsområda. Innan prioriteringsområda Omstilling og Attraktive bu- og arbeidsmarknadsregionar finn vi desse igjen i omtalen og i hovudmåla knytt til desse. Når det gjeld prioriteringsområde Integrering er dette ikkje på tilsvarande vis tatt med i nærare omtale og hovudmål. Det vil vere naturleg å omtale/ ha mål som inkluderer integrering både i innsatsområda Kultur og Kompetanse og verdiskaping. Innsatsområda har hovudmål som skal følgjast opp og konkretiserast gjennom handlingsprogram for kvart innsatsområde. Slik det no er framstilt kan det sjå ut som integrering skal vere på sida av innsatsområda og ikkje tenkt inkludert i handlingsprogrammet. Vedk. kap. 4 Gjennomgåande perspektiv Klima og miljø Fylkeskommunen sitt arbeid med klima og miljø blir mellom anna følgt opp gjennom handlingsprogrammet til Regional delplan for klima og energi. I samband med dette arbeidet er det nedsett ei tverrfagleg arbeidsgruppe som følgjer opp iverksetjing av handlingsprogrammet, der også representantar frå fylkesmannen deltek. Vi ynskjer å halde fram med å vere ein støttespelar i dette arbeidet, og ser fram til vidare samarbeid. Vi ser det som eit godt grep at klima og miljø er teke inn som eit av tre gjennomgåande perspektiv i fylkesplanen, då dette løftar spørsmålet opp på eit meir overordna nivå. Dette legg til rette for at klima og miljø ikkje blir avgrensa til å vere eit snevert sektoransvar, men at heile organisasjonen si verksemd blir sett i lys av verknader på klima og miljø. Fylkeskommunen har mange roller, til dømes i form av myndigheit, rådgivar og samordnar overfor kommunane, tenesteytar, eigedomsforvaltar og kjøpar av varer og tenester. Dette
4 side 4 av 6 gir eit stort mogelegheitsrom for å kunne styre samfunnsutviklinga i «grøn» retning. Samstundes kan det oppstå målkonfliktar, der ein må vege ulike samfunnsomsyn opp mot kvarandre. Her bør innverknad på klima og miljø vektleggjast i vurderinga. Til dømes kan dette gjelde avgjerder om lokalisering av vidaregåande skular eller andre besøksintensive institusjonar som vil kunne generere transportbehov. For rettleiing innan kommunalt miljø- og klimaarbeid viser vi til nettstaden Miljøkommune.no. På nettstaden er det mellom anna informasjon om den nye statlege støtteordninga Klimasats, der kommunar og fylkeskommunar kan søke om midlar til klimatiltak. Barn og unge Fylkeskommunen har valt å føre vidare Barn og unge som eitt av tre gjennomgåande perspektiv. Denne prioriteringa støtter Fylkesmannen. Fylkesmannen har satsinga Betre oppvekst og i samband med den har fylkeskommunen og Fylkesmannen skrive under ein samarbeidsavtale knytt til barn og unge sine oppvekstvilkår. Avtalen definerer felles ønske om å arbeid med tiltak knytt til folkehelse, gjennomføring i vidaregåande skole, medverknad, og barn og unge i planarbeid. Utkast til Fylkesplan viser til kunnskapsgrunnlaget utarbeidd for Regional planstrategi Der blir det gjort greie for utviklingstrekk på 15 samfunnsområde. Fylkeskommunen har saman med Fylkesmannen i 2016 gitt ut rapporten BarneByks om barn og unges oppvekstvilkår i Møre og Romsdal. Saman med andre undersøkingar gir den eit enda betre kunnskapsgrunnlag om oppvekstvilkåra for barn og unge. Rapporten må også leggast til grunn for det vidare arbeidet med gjennomgåande perspektivet på barn og unge. Fleire av samfunnsomsyna i dei gjennomgåande perspektiva har eigne lover. Eigne særlover kan føre til at ein ikkje i tilstrekkeleg grad gjer heilskaplege vurderingar. Som eksempel på dette trekker Fylkesplanen fram folkehelseutfordringar. Dette stiller krav om breie tverrfaglege og tverrsektorielle løysingar. FNs barnekonvensjon har som mål å sjå heilskapleg på rettane til barn. Den fremmar samhandling til barnets beste og står over særlovene. Gjennom Barnekonvensjonen har vi forplikta oss til å bruke denne som rettsgrunnlag for alle handlingar som vedkjem barn. Den må også leggast til grunn for fylkesplanen. Vedk. kap. 6 Innsatsområde Kompetanse og verdiskaping Møre og Romsdal er eit stort landbruksfylke, særleg innanfor mjølk- og storfekjøttproduksjon. Dei siste åra har avverkinga av skog auka sterkt og her ligg det eit stort verdiskapingspotensiale i å foredle meir av tømmeret regionalt. Vedk. kap. 7 Innsatsområde samferdsel Det er ei nasjonal målsetjing å redusere bilbruken og få meir av trafikken over på kollektiv og sykkel/gange. Fylkeskommunen er ein viktig regional aktør med ansvar for kollektivtransport og ferjetrafikk, og som premissgivar for samordna areal- og transportplanlegging. Vi har ei forventning om at fylkeskommunen tek ei leiarrolle i dette arbeidet, der det vil vere spesielt viktig å ha eit godt samspel med kommunane.
5 side5 av 6 Vedk. kap. 8 Gjennomføring av fylkesplanen Fylkesmannen vil vere ein viktig medspelar i plan- og utviklingsarbeid på regionalt nivå, både som sektormyndigheit og som samordningsinstans. På fleire innsatsområda som er omtalt i utkastet til Fylkesplan vil Fylkesmannen ha eit viktig sektoransvar. Fylkesmannen har deltatt under vegs i planprosessen, og vil også vidare i arbeidet med handlingsprogramdelen, samt i ulike typar regionale plan- og utviklingsprosjekt elles, vere ein naturleg samarbeidspart. Oppsummering Utkast til Fylkesplan gir ein ryddig og oversiktleg gjennomgang og drøfting av viktige regionale utviklingstrekk og utfordringar. Fylkesplanen er tett kopla til Regional planstrategi for Møre og Romsdal , vedtatt av fylkestinget i april Gjennom dette planarbeidet har Møre og Romsdal fylkeskommune lagt eit godt grunnlag for ein debatt rundt viktige prioriteringar og strategiske vegval. Fylkeskommunen som planstyresmakt og regional utviklingsaktør vil vere ein viktig pådrivar for å utnytte regionale og lokale fortrinn til regional utvikling ut frå overordna og langsiktige vurderingar og prioriteringar. Dette vil også inngå som ei viktig plattform for vidare planarbeid både på regionalt og kommunalt nivå. Fylkesmannen konkluderer med at: Planforslaget omfattar ein grundig og systematisk gjennomgang av status og utviklingstrekk knytt til regional planlegging og utvikling, og der regionale mål og tiltak på ulike samfunnsområde blir vurdert og nærare presentert i lys av tre overordna prioriteringar, tre gjennomgåande perspektiv og tre innsatsområde. Dette sikrar planen og planarbeidet ei solid tverrfagleg forankring, godt tilpassa nasjonale føringar. Fylkesmannen støttar val av overordna prioriteringar, hovudmål og gjennomgåande perspektiv. Det er lagt opp til ein open planprosess med brei deltaking frå ulike aktørar og interessegrupper. Fylkesmannen sine interesser er elles jamt over godt ivaretatt i planutkastet. I det vidare arbeidet med fylkesplanen, regionale delplanar og andre planrelaterte oppgåver er det viktig å bygge vidare på dette samarbeidet. Eit viktig vilkår for at regional planlegging skal skape initiativ og utvikling vil vere at aktørar som har ansvaret for gjennomføringa, deltek i utviklinga av og har eigarskap til strategiane og handlingsplanane. Tett samarbeid og samhandling med kommunar, regionale statlege organ, institusjonar og organisasjonar vil her vere ein viktig føresetnad for å sjå utviklingtrekk og utfordringar i fylket på tvers av kommunegrenser, forvaltningsnivå og sektorar. Arbeidet med det pågåande regionog kommunereformarbeidet står her sentralt. Natur, miljøvern, friluftsliv, folkehelse, oppvekst og utdanning, landbruk og jordvern, er eksempel på temaområde som med utgangspunkt i Fylkesmannen sine ansvarsområde vil kunne følgjast vidare opp gjennom ulike typar samarbeidstiltak.
6 side 6 av 6 Med helsing Rigmor Brøste (e.f.) Sveinung Dimmen As. Fylkesmann Samordnar Dokumentet er elektronisk godkjent og hor ingen signatur. Kopi: Kystverket Midt-Norge Postboks ÅLESUND NVE Region Vest Postboks FØRDE Mattilsynet Postboks BRUMUNDDAL Direktoratet for mineralforvaltning postboks TRONDHEIM Fiskeridirektoratet regin Møre og Romsdal Postboks BERGEN Statens vegvesen region Midt postboks MOLDE
Regional planstrategi
Regional planstrategi www.mrfylke.no/rps 26.10.15 Regional planstrategi - RPS 1 Regional planstrategi lovheimel Regional planmyndighet skal minst ein gong kvar valperiode og seinast eitt år etter konstituering,
DELPROGRAM A. Regional planstrategi prosess og medverknad
DELPROGRAM A Regional planstrategi prosess og medverknad -Ein tydeleg medspelar Regional planstrategi for Møre og Romsdal Nyttårskonferansen, 10. januar 2019 Ass. fylkesplansjef Ingunn Bekken Sjåholm Regional
Sveinung Parr Dimmen - Anne Mette Nerbøberg. FM embetsoppdrag Betre oppvekst - Barnebyks
Sveinung Parr Dimmen - Anne Mette Nerbøberg FM embetsoppdrag 2017 - Betre oppvekst - Barnebyks Plannettverksamlingar våren 2017 www.fylkesmannen.no/mr/ Fylkesmannen sine roller og oppgåver Fylkesmannen
Kort om FMMR Strategiplan Molde Sveinung Parr Dimmen Samordnar FMMR
Kort om FMMR Strategiplan 2015 2018 Molde 08.03.2017 Sveinung Parr Dimmen Samordnar FMMR Strategiplan 2015-2018 versjon 09.02.2017 Innhald Fylkesmannen sine ulike roller og oppgåver... 4 Organisering...
Planprogram for Regional delplan for folkehelse - endeleg vedtak
saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 14.12.2012 76302/2012 Sigri Spjelkavik Saksnr Utval Møtedato U-10/13 Fylkesutvalet 28.01.2013 Planprogram for Regional delplan for folkehelse - endeleg
REGIONAL PLANLEGGING. Rev
REGIONAL PLANLEGGING Rev. 03.13. Mål for plan- og analyse avdelinga (PoA) 2 Vi vågar litt meir! VI skal vere: EIN UTVIKLINGSAKTØR EIN TYDELEG MEDSPELAR VI skal gjere Møre og Romsdal til EIT FØREGANGSFYLKE
Regional planstrategi - RPS
-Ein tydeleg medspelar Regional planstrategi - RPS Presentasjon for hovudutvala våren 2015 Ass. fylkesplansjef Ingunn Bekken Sjåholm Eg vil seie noko om Kvifor planlegging Den regionale planlegginga generelt
-Ein tydeleg medspelar. Verktøykassa
Verktøykassa Møre og Romsdal fylkeskommune, plan og analyseavdelinga, november 2015 Plantypane Planstrategi svært overordna, skal avdekke behov for planlegging kvart fjerde år (skal ikkje vere ein plan
Samhandlingskonferansen 2015 Regional plan for folkehelse. Regional plan for folkehelse 2015-2019
Samhandlingskonferansen 2015 Regional plan for folkehelse Fylkesdirektør Svein Arne Skuggen Hoff Sogn og Fjordane fylkeskommune Regional plan for folkehelse 2015-2019 Fylkesdirektør Svein Arne Skuggen
Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret
Aurland kommune Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda 06.09.2012 112/12 Kommunestyret 06.09.2012 Saksansvarleg: Jan Olav Møller Arkivsaknr.: Arkiv Sakshandsamar Dato 12/771-3 K1-120,
Tokke kommune. Planprogram kommunedelplan Helse og omsorg Framlegg 15. mai Ann Wraa Helse - og omsorgsleiar
Tokke kommune Planprogram kommunedelplan Helse og omsorg 2017 2030 Framlegg 15. mai 2017 Ann Wraa Helse - og omsorgsleiar Innhald 1. Bakgrunn for planarbeidet 2. Føremål 3. Føringar for planarbeidet 4.
Oppfølging handlingsplan - Koordinerande einingar, individuell plan og koordinator
Overordna samhandlingsutval Møre og Romsdal Saksframlegg Oppfølging handlingsplan - Koordinerande einingar, individuell plan og koordinator Saksnr Utvalsnamn Møtedato 2017/13 Overordna samhandlingsutval
Planstrategi for Ullensvang herad
Planstrategi for Ullensvang herad 2012 2016 Ullensvang herad har ny kommuneplan som gjeld frå 2011 til 2022. Planstrategien vurderar heradet sitt planbehov og prioriteringar i perioden 2012 2016. Strategien
PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune
PLANPROGRAM Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse 2019-2022 Balestrand kommune Leikanger kommune FØREORD Balestrand, Leikanger og startar med dette opp arbeidet med å lage til felles
Regional planstrategi Kva, kvifor og korleis?
Regional planstrategi 2016 2020 Kva, kvifor og korleis? Fylkesdirektør Svein Arne Skuggen Hoff Regional planstrategi -regionale aktørar Program Kl. 09. 00 Velkommen v/fylkesdirektør Svein Arne Skuggen
Framlegg Handlingsprogram Kompetanse og Verdiskaping 2017
saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 24.01.2017 7841/2017 Øyvind Tveten Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet 07.02.2017 Fylkesrådmannens tilråding 16.02.2017 Fylkesutvalet 27.02.2017
KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, SOSIAL OG OMSORG FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM, 30. AUGUST 2016
KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, SOSIAL OG OMSORG 2017-2027 FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM, 30. AUGUST 2016 Innhald 1. Bakgrunn for planarbeidet 2. Føremål 3. Føringar for planarbeidet 4. Mål 5. Tema og avgrensing
Utv.saksnr.: Utval: Møtedato: 35/17 Formannskapet
Kommuneplanen sin samfunnsdel i Aukra, melding om start av planarbeid Aukra formannskap har i møte den 3. april 2017 vedtatt å melde start av planarbeid, kommuneplanen sin samfunnsdel 2017-2015, i samsvar
Er det mulig å få til en bedre sammenheng i plansystemet? Marit Rødseth
Er det mulig å få til en bedre sammenheng i plansystemet? Marit Rødseth 6.12.2016 God gjennomføring gir betre planar Gjennomføring eit svakt ledd som gir konsekvensar for framtidig planlegging Større vekt
Regional planstrategi Møre og Romsdal
Regional planstrategi Møre og Romsdal 2012-2016 Regional planstrategi eller RPS Heidi-Iren Wedlog Olsen, Plan- og analyseavdelinga 2 Regional planstrategi Heimla i plan- og bygningsloven, 7 Skal utarbeidast
Strategien peikar på fire særlege utfordringar for reiselivet på Vestlandet:
Saksutredning: REISELIVSSTRATEGI FOR VESTLANDET 2013-2020 Trykte vedlegg: Utrykte vedlegg: 1. Bakgrunn: Vestlandsrådet har utarbeidd og vedteke ein felles reiselivsstrategi for Vestlandet. Bakgrunnen var
Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS
Sakspapir Saksbehandlar Arkiv ArkivsakID Kristin Nåmdal FE - 144, TI - &76 17/194 Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS 07.02.2017 Temaplan for barn og unge- oppstartsmelding Saksopplysningar:
Nasjonale forventningar korleis svarar fylket på forventningane?
Nasjonale forventningar korleis svarar fylket på forventningane? Vedlegg til Regional planstrategi for Sogn og Fjordane 06-00 Vedteke i sak /6 i Fylkestinget.06.6 . Innleiing Regjeringa la fram dei nasjonale
Nasjonale forventningar korleis svarar fylket på forventningane? Vedlegg til Regional planstrategi for Sogn og Fjordane
Nasjonale forventningar korleis svarar fylket på forventningane? Vedlegg til Regional planstrategi for Sogn og Fjordane 06-00 . Innleiing Regjeringa la fram dei nasjonale forventningane til regional og
Folkehelse inn i kommunal planlegging. Sigri Spjelkavik rådgivar folkehelse
Folkehelse inn i kommunal planlegging Sigri Spjelkavik rådgivar folkehelse Lov om folkehelsearbeid - formål Lova skal bidra til ei samfunnsutvikling som fremjar folkehelse, her under jamnar ut sosiale
Målselv mulighetslandet. Kommunal planstrategi
Målselv mulighetslandet Kommunal planstrategi 2012-2015 Vedtatt KSsak 77/2012, den 20.09.2012 Innledning Kommunal planstrategien er verken ein plan eller ein strategi, men eit verktøy for å vurdere kommunen
VERKSEMDSBASERT VURDERING OG OPPFØLGING AV DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE
HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201102938-1 Arkivnr. 520 Saksh. Wanvik, Torill Iversen Saksgang Y- nemnda Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato 29.03.2011 05.04.2011-06.04.2011
KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG
KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG PLANPROGRAM Dette bildet av ein del av Sjøholt sentrum er teke i slutten av 1860-åra INNHALDSLISTE 1. INNLEIING... 3 2. BAKGRUNN FOR KULTURMINNEPLANEN... 4 3. FØRINGAR,
Planstrategi for Vinje kommune Synspunkt
Sakshandsamar, direktetelefon Kristin B. Vindvad, 35 58 61 31 Vår dato 11.07.2016 Dykkar dato 13.06.2016 Vår ref. 2016/3152 Dykkar ref. Vinje kommune Vinjevegen 192 3890 VINJE Planstrategi for Vinje kommune
Arbeidsprosess Kommuneplanen sin samfunnsdel
Arbeidsprosess Kommuneplanen sin samfunnsdel Til kommunestyret Innleiing I Volda kommune sin planstrategi (vedteken 29.11.2012) vart det vedteke at fullstendig revisjon av kommuneplanen skulle ha høg prioritet
INTERNASJONAL STRATEGI
INTERNASJONAL STRATEGI 2008 2009 SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE AUGUST 2007 1. Innleiande kommentarar Det internasjonale engasjementet i Sogn og Fjordane er aukande. Dette skapar utfordringar for fylkeskommunen,
Radøy kommune Saksframlegg
Radøy kommune Saksframlegg Saknr Utval Type Dato 062/2016 Kommunestyret i Radøy PS 27.10.2016 Sakshandsamar Arkivsaknr.: Dokumentnr.: Rolf Raknes 16/230 16/12590 Kommunal planstrategi Radøy kommune 2016-2020
Kommunedelplan. for fysisk aktivitet Planprogram - Høyringsutgåve
Kommunedelplan for fysisk aktivitet 2018-2029 Planprogram - Høyringsutgåve INNLEIING Bakgrunn for revisjon av planen Klepp kommune skal i tråd med planstrategien 2016-2019 revidera kommunedelplanen for
Kommuneplanen sin handlingsdel. Eid kommune
Kommuneplanen sin handlingsdel Eid kommune 2014-2017 1 Innhald 1 Bakgrunn... 3 2 Definisjonar... 3 3 Plan og styringssystem i Eid... 4 3.1 Rapportering og evaluering... 4 4 Handlingdel 2014-2017... 5 4.1
Fylkesmannen si rolle i kommunale plansaker - med søkelys på plansamordning hos FMMR
Fylkesmannen si rolle i kommunale plansaker - med søkelys på plansamordning hos FMMR Sveinung Dimmen Samordnar Fylkesmannen i Møre og Romsdal Fylkesmannen rolle og oppgåveportefølgje Fylkesmannen er Kongen
Kommunikasjonsplan Fylkesplan 2013-2016, regional plan for Møre og Romsdal
Kommunikasjonsplan Fylkesplan 2013-2016, regional plan for Møre og Romsdal For å sikre ei breiast muleg deltaking i arbeidet med Fylkesplan 2013-2016 skal det utarbeidast ein kommunikasjonsplan. Mål for
Møre og Romsdal pilotfylke for universell utforming Presentasjon for SAMU 2. desember 2014
Møre og Romsdal pilotfylke for universell utforming 2010-2012 Presentasjon for SAMU 2. desember 2014 Innhald Bakgrunn Forankring Organisering Nasjonale hovudmål for pilotprosjektet Regionale mål for pilotprosjektet
HANDLINGSPROGRAM 2016 2018
Framlegg til HANDLINGSPROGRAM 2016 2018 Regional plan for vassforvalting i vassregion Hordaland (2016-2021) 24.09.2015 1 Forslag til Handlingsprogram for vassregion Hordaland 2016-2018 sendast på høyring
Regional planstrategi for Vestland - løypemelding om utfordringar for samfunnsutvikling i Vestland fylke
Nye Vestland fylkeskommune Notat Dato: 02.05.2019 Arkivsak: 2015/1434-764 Saksbehandlar: marrods Regional planstrategi for Vestland - løypemelding om utfordringar for samfunnsutvikling i Vestland fylke
Skodje kommune Teknisk avdeling
Skodje kommune Teknisk avdeling Sak 63/15 Arkivsak nr: 14/445 Arkiv: Sakshandsamar: Ingunn Stette Sak nr Utval Møtedato 105/15 Formannskapet 01.09.2015 63/15 Kommunestyret 22.09.2015 FORSLAG TIL KOMMUNEPLAN
Regional planstrategi - RPS
-Ein tydeleg medspelar Regional planstrategi - RPS Presentasjon for plannettverka våren 2015 Regional planlegging Inneber å legge til rette for Medverking Engasjement Samarbeid om å nå felles mål Skal
STYRESAK. DATO: SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Regional utviklingsplan for Helse Vest RHF ARKIVSAK: 2018/661 STYRESAK: 132/18
STYRESAK GÅR TIL: Styremedlemmer FØRETAK: Helse Vest RHF DATO: 05.12.2018 SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Regional utviklingsplan for Helse Vest RHF ARKIVSAK: 2018/661 STYRESAK: 132/18 STYREMØTE:
Saman om å skape. Strategi for innbyggardialog
Saman om å skape Strategi for innbyggardialog Vedteken i Ulstein kommunestyre 21. juni 2018 INNLEIING Kvifor gjer vi dette? Ulstein kommune vil styrke innbyggardialogen og lokaldemokratiet. Det er tre
Kommunal planstrategi. Tilrådd av formannskapet den 27/ , sak 97/16. Øystre Slidre rein naturglede!
Øystre Slidre rein naturglede! 2016-2020 Kommunal planstrategi Tilrådd av formannskapet den 27/10-2016, sak 97/16 Høyringsframlegg kommunal planstrategi 2016-2020 Side 1 av 22 Innhald 1. SAMANDRAG... 3
Kommuneplan Samfunnsdel
Kommuneplan 2013-2025 Samfunnsdel Samfunnsdel 2013-2025 Kommuneplanen sin samfunnsdel er kommunen sitt øvste leiande dokument og skal ta føre seg dei langsiktige målsettingane for kommunen og samfunnet.
Hvordan skape meir folkehelse?
Hvordan skape meir folkehelse? Arbeidsverkstad for Regional delplan for folkehelse Molde 11. april 2013 Quality Hotel Alexandra Innhold Fylkesmannens rolle Folkehelse! Barn og unge satsing 2013-2016 Skole,
Oppstart, prosjekt Møre og Romsdal som region mot 2025
saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 15.03.2018 37691/2018 Oddny Wiggen Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet 09.04.2018 Oppstart, prosjekt Møre og Romsdal som region mot 2025 Bakgrunn Det vert
Skodje kommune Teknisk avdeling
Skodje kommune Teknisk avdeling Sak 58/16 Arkivsak nr: 16/488 Arkiv: Sakshandsamar: Ingunn Stette Sak nr Utval Møtedato 60/16 Formannskapet 04.05.2016 58/16 Kommunestyret 24.05.2016 KOMMUNAL PLANSTRATEGI
INTERNASJONAL STRATEGI FOR HORDALAND
HORDALAND FYLKESKOMMUNE Internasjonalt arbeid Arkivsak 200809950-1 Arkivnr. 058 Saksh. Astrup, Ingebjørg Lillefjære-Tertnæs, Charlotte Torgersen, Matti Roksvåg, Berit Titlestad, Tor Saksgang Kultur- og
BARN OG UNGE I PLANSAKER
BARN OG UNGE I PLANSAKER Plan- og bygningslova 5-4 gir generelt fylkeskommunen mynde til å reise motsegn i saker med vesentlege nasjonale eller regionale interesser, eller i saker som av andre grunnar
MØTEBOK. Fylkeshuset - møterom Sygna. Møtedato Kl
MØTEBOK Organ Møtestad Planutvalet Fylkeshuset - møterom Sygna Møtedato 03.06.2015 Kl. 09.00 Faste medlemer til stades: Åshild Kjelsnes, Ap Nils P. Støyva, Ap Jenny Følling, Sp Karen Marie Hjelmeseter,
Jølster kommune Saksutgreiing
Jølster kommune Saksutgreiing SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Utval for Plan og Utvikling 13.06.2012 032/12 TOF Kommunestyret 19.06.2012 050/12 TOF Sakshandsamar: Thor Ove
Samfunnsutvikling planlegging, samferdsel, Samferdselskonferanse 11.11.11 Fylkesplansjef Ole Helge Haugen
Samfunnsutvikling planlegging, samferdsel, Samferdselskonferanse Fylkesplansjef Ole Helge Haugen Regionale utviklingstrekk vegen framover Regional planstrategi har ei målsetting om å styrke fylket sin
HANDLINGSPROGRAM
Framlegg til HANDLINGSPROGRAM 2016 2018 Regional plan for vassforvalting i vassregion Hordaland (2016-2021) 24.04.2015 1 Forslag til Handlingsprogram for vassregion Hordaland 2016-2018 sendast på høyring
Handlingsprogram
Handlingsprogram 6-8 Regional plan for vassforvaltning i Sogn og Fjordane vassregion (6-) www.vannportalen.no/sognogfjordane Handlingsprogram 6-8 til Regional plan for vassforvaltning 6- Sogn og Fjordane
AKTIVITET OG FRILUFTSLIV I SUNNFJORD KOMMUNE
KOMMUNAL PLAN FOR IDRETT, FYSISK AKTIVITET OG FRILUFTSLIV I SUNNFJORD KOMMUNE PLANPROGRAM Illustrasjon: Gregory Idehen FØREORD Naustdal, Gaular, Førde og Jølster kommune starta med dette opp arbeidet med
STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Johnny Heggestad SAKA GJELD: Helse 2035
STYRESAK GÅR TIL: Styremedlemmer FØRETAK: Helse Vest RHF DATO: 28.04.2017 SAKSHANDSAMAR: Johnny Heggestad SAKA GJELD: Helse 2035 ARKIVSAK: 2017/407 STYRESAK: 054/17 STYREMØTE: 11.05. 2017 FORSLAG TIL VEDTAK
Anna Elisa Tryti, Ruth Ørnholt, Anne Aune, Britt Karen Spjeld, Per Morten Ekerhovd,
KULTUR- OG IDRETTSAVDELINGA Arkivnr: 2014/1442-104 Saksbehandlar: Ronny B. Skaar Anna Elisa Tryti, Ruth Ørnholt, Anne Aune, Britt Karen Spjeld, Per Morten Ekerhovd, Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato
Strategi Forord
Forord Distriktssenteret sin Strategi 2020 skal vere eit praktisk verktøy til inspirasjon i vårt daglege arbeid. Strategi 2020 skal sikre oss god retning og måloppnåing. På den måten kan lokalt utviklingsarbeid
KOMMUNEDELPLAN FOR OPPVEKST FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM 25. AUGUST 2015
KOMMUNEDELPLAN FOR OPPVEKST 2016-2019 FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM 25. AUGUST 2015 Innhald 1. Bakgrunn for planarbeidet 2. Føremål 3. Føringar for planarbeidet 4. Mål 5. Tema og avgrensing av innhald 6. Planprosess
Regionalt bygdeutviklingsprogram i Rogaland 2013
Regionalt bygdeutviklingsprogram i Rogaland 2013 Rogaland skognæringsforum 1 1. Innleiing Arbeidet med Regionalt bygdeutviklingsprogram er forankra i Meld. St. 9 (2011-2012) Landbruks- og matpolitikken.
Kvam herad. Sakspapir
Kvam herad Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saknr Kvam formannskap Kvam heradsstyre Avgjerd av: Arkiv: N - 504 Arkivsaknr Saksh.: Jon Nedkvitne Objekt: 16/1064-6 Planstrategi for Kvam
RULLERING AV TRAFIKKSIKRINGSPLAN - UTLEGGING AV PLANPROGRAM TIL OFFENTLEG ETTERSYN, VARSEL OM OPPSTART
Saksnr Utval Møtedato Saksbeh. Utval for plan og miljø OHA Råd for seniorar og menneske med OHA nedsett funksjonsevne 012/14 Ungdomsrådet 08.04.2014 OHA Sakshandsamer: Øystein Havsgård Arkivsaknr 13/1119
Tilskot til folkehelsearbeid i kommunane - forlenging av tilskotsordning
REGIONALAVDELINGA Arkivnr: 2016/35103-1 Saksbehandlar: Else-Marie Brobakke Aarø Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse 10.01.2017 Utval for kultur, idrett og regional
Sakspapir KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR SVEIO OG PLANPROGRAM FOR KOMMUNEPLANEN
Sakspapir Saksbehandlar Arkiv ArkivsakID Åse Aleheim N - 101 16/153 Saksnr Utval Type Dato 040/16 Hovudutval teknisk/næring PS 05.09.2016 031/16 Hovudutval oppvekst/kultur PS 05.09.2016 099/16 Formannskapet
