ØRSTA KOMMUNE SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Magnar Selbervik Arkivsak: 2016/69 Løpenr.: 910/2016 Utvalsaksnr. Utval Møtedato Ørsta formannskap Saka gjeld: SØKNAD OM 132 KV SJØKABEL EIKSUND - RJÅNES TILRÅDING TIL VEDTAK: Ørsta formannskap syner til søknad frå Mørenett om anleggskonsesjon for ny 132 kv sjøkabel Eiksund Rjånes. Formannskapet har ikkje merknader til sjølve sjøkabelen isolert sett, men syner til at ei oppgradering av dagens 66 kv kraftlinje frå Haugen til Håheim via Rjånes gjev fleire nye og uavklarte problemstillingar i høve vedteken arealbruk. Formannskapet ber om at dette vert søkt avklara gjennom drøftingsmøte med kommunen før ein tek stilling til den delen av søknaden som gjeld Ørsta kommune.
Saksvedlegg: I 14.01.2016 14.01.2016 Høring av søknad om å erstatte 132 kv sjøkabler på streknignen Eikesund- Bjerknes og Eikesund- Rjånes. NVEs referanse: 201507154-2 Norges Vassdrags- og energidirektorat Saksopplysningar: NVE har sendt på høyring ein søknad frå Mørenett om justert anleggskonsesjon etter energiloven for nye sjøkablar mellom Eiksund og Berknes (4,1 km) og Eiksund og Rjånes (3 km). Det er kabelen mellom Eiksund og Rjånes som direkte vedkjem arealbruk i Ørsta kommune og som formannskapet bør uttale seg til. Ein må likevel også sjå heile nettstrukturen i område og begge sjøkablane i ein samanheng. Kommunen har fått førelagt planar frå Mørenett om å satse på 132 kv kraftlinja på sørsida av Ørstafjorden og på sikt sanere dagens 66 kv linje på nordsida av Ørstafjorden. Kommunestyret har nyleg vedteke ein ny kommunedelplan for Ørsta sentrum og Hovdebygda der sentrale nye bustadområde som Øvre Mo og Engeset føreset flytting, kabling eller sanering av denne 66 kv linja. Mørenett har ikkje hatt merknader til denne kommunedelplanen. Søknaden om erstatning av dagens sjøkabel Eiksund Rjånes vert no grunngjeven med alder, men også ønskje om seinare to 132 kv linjer ei på kvar side av Ørstafjorden for å kunne auke overføringskapasiteten frå Haugen til Håheim og vidar mot Hareid og Ålesundsområdet. Dette er nye planar/vurderingar som ikkje har vore førelagt Ørsta kommune som planmynde. Kommunen har difor bedt Mørenett om eit møte for å diskutere disse nye planane. Ein lyt sjå planane om nye sjøkabel i denne samanhengen. Mørenett har i samtale stadfesta at dei ikkje vil skifte ut dagens sjøkabel Eiksund- Rjånes utan at det var konkrete planar om ei vidare oppgradering av denne linja til 132 kv. Formannskapet bør no uttale seg i høve dei nye føresetnadane som kjem fram i søknaden. Søknader om anleggskonsesjonar (energilova 3-1) for overføring av elektrisk energi er no unnateke handsaming etter plan og bygningslova (pbl). Utbygging av lokalnettet i medhald av områdekonsesjonen (energiloven 3-2) må framleis handsamast på ordinær måte etter pbl. Mørenett søkjer no anleggskonsesjon for sjøkablane og tiltaket er såleis unnateke også frå plandelen av pbl. Om vidare oppgradering av dagens 66 kv kraftlinje frå Haugen til Rjånes også vil kome som ein søknad om anleggskonsesjon eller som ein del av områdekonsesjonen til Mørenett er ikkje avklara. Tidlegare vart arealspørsmålet regulert av både pbl og energilova. Bakgrunnen for endringa var at handsaming av anleggskonsesjonar etter energilova har tilnærma dei same krava som etter pbl. I tillegg vart det vedteke endringar i energiloven gjennom å gje kommunane høve til å nytte motsegn for å ivareta viktige interesser i gjeldande planar. Arealet ved ilandføring på Rjånes er regulert til fareområde høgspentlinje. Arealet i kring er regulert til jordbruk, med ei sone på knapt 30 meter langs stranda som friluftsområde. Sjøarealet rundt Rjåneset er regulert til friluftsområde med føremål Natur, Fiske, Ferdsel og Friluftsliv (NFFF) vidare utanfor.
Vurdering og konklusjon: Mørenett har vurdert to ulike alternativ, der sjøkabelen mellom Eiksund og Rjånes ikkje vert erstatta i alternativ 2. Alternativ 1 som er prioritert av Mørenett inneber at dagens 66 kv sjøkabel Eiksund-Rjånes vert erstatt av ein ny 132 kv sjøkabel, men vert drifta med 66 kv i påvente av oppgradering av 66 kv kraftlinja frå Haugen til 132 kv. Det er i dag ein tilkomstveg ned til muffehuset som er tenkt fjerna og erstatta av ei ny kabelendemast. Fjerning av muffehuset vil vere positivt ut frå landskapsbildet og friluftsinteressene og kan opne for etablering av ein parkeringsplass for ålmenta knytt til friluftsområdet. Denne effekten vert likevel redusert om muffehuset vert erstatta av ei ny kabelendemast. Bilde 1: Dagens ilandføring og muffehus i strandsjona Rjånes Ein har ikkje konkrete registreringar knytt til gyte- og oppvekstområde for fisk eller andre naturverdiar knytt til livet i sjøen eller på land som vil kome i konflikt med skisserte trase. På Fiskeridirektoratet sine sider er område sør for Rjåneset vurdert som eit område det vert drive yrkes,-, fritids- og/eller fritidsfiske td med garn og line. Vi legg til grunn at Fiskeridirektoratet ivaretek omsynet til disse registreringane i si fråsegn og at ei erstatning av ein eksisterande sjøkabel ikkje vil vere til avgjerande ulempe for disse interessene (jf naturmangfaldlova sin 8). I følgje søknaden ligg det vidare planar om oppgradering frå 66 kv til 132 kv spenningsnivå frå Haugen via Rjånes til Håheim i 2027. Dette vil kunne auke kapasiteten frå ca 290 MW til 380 MW. Med alternativ 2 der ein ikkje erstattar dagens sjøkabel frå Rjånes og på sikt sanerer dagens 66 kv kraftlinje nord for Ørstafjorden vil den maksimale kapasiteten mellom Haugen og Håheim via Berknes vere 180 MW, men med moglegheit for auke til 350 MW ved seinare oppgradering.
Alternativ 1 med ny sjøkabel Eiksund-Rjånes er valt av Mørenett. Dette då alternativet er vurdert å gje ein meir solid framtidig nettstruktur og større sikkerheit i forsyninga mot Hareid og Ålesundsområdet. Det synes ikkje vere teke omsyn til konsekvensar og vidare kostnader knytt til naudsynt omlegging av kraftleidning gjennom Ørsta sentrum, som følgja av ny kommunedelplan. Oppgradering og auka spenning vil også gje auka magnetfelt nære bustadar andre stadar i kommunen. Bilde 2: Kommunedelplan for Ørst sentrum og Hovdebygda med dagens 66 kv kraftlinje Ei oppgradering av dagens 66 kv kraftlinje vil også krevje avklaring i høve forskrift om verneplan for edellauvskog i Møre og Romsdal fylke, freding av Skorgeura naturreservat i Ørsta kommune. Eit ytterlegare ryddebelte gjennom naturreservatet vil ut frå naturverdiane ikkje vere ønskjeleg.
Vi har forståing for ønskje om ein robust nettstruktur og sikkerheit i forsyninga. Vi har ikkje merknader til sjølve søknaden om ny sjøkabel. Dette vil også vere i samsvar med gjeldande reguleringsplan for landarealet ved Rjånes. For sjøarealet som er avsett til NFFF vil ein sjøkabel for overføring av elektrisk energi ikkje vere i samsvar med føremålet. Her er det likevel snakk om å erstatt ein eksisterande sjøkabel i tilnærma same trase. Det vert lagt opp til at dei gamle oljetrykkskablane skal fjernast for å hindre oljelekkasjar. Vi finn såleis ikkje at søknaden isolert sett medfører auka ulempe i høve den vedtekne arealbruken. Ein føreset då at legging av kablane ikkje medfører nye fysiske hinder i strandsona. Vi finn likevel grunn til å peike på at ei opprustning av sjøkabelen Eiksund- Rjånes i neste omgang legg klare føringar for opprustning av dagens 66 kv linje nord for Ørstafjorden. Dette gjev nye utfordringar i høve utviklinga av Ørsta sentrum som ikkje er avklara. Dagens linje ligg også svært nære bustadfeltet på Sætre og eit bustadhus like aust for transformatorstasjonen på Rjånes. Ei slik oppgradering vil også gje konsekvensar i høve ryddebelte gjennom naturreservatet i Skorgeura. Dette er moment som bør vurderast grundigare før ein tek stilling til ei eventuell utskifting av sjøkabelen mellom Eiksund og Rjånes. Wenche Solheim Rådmann Eldar Øye Leiar plan- og utviklingsstaben