Saksbehandlar: Kristin Arnestad, Nærings - og kulturavdelinga Sak nr.: 17 / 657-1

Like dokumenter
Fylkesrådmannen rår hovudutval for næring og kultur til å gje slik tilråding:

Vedlegg: 1. Brev frå Landbruks- og matdepartementet. Invitasjon til innspel til jordbruksforhandlingane 2015

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane

Melding til Stortinget nr. 11 Endring og utvikling En fremtidsrettet jordbruksproduksjon

Møte med stortingsbenken for Sogn og Fjordane. Tema: Jordbruksmeldinga. Stortingsbenken Chr Rekkedal 1

MATPRODUKSJON OVER HEILE LANDET? Sogn og Fjordane Bondelag Anders Felde

Politikk for vekst i landbruket, kva betyr det for bonden på Vestlandet?

Korleis ta vare på landbruket og utviklinga av næringa gjennom fylkesplanarbeidet?

Saksbehandlar: Ingeborg Lysne Mcevoy, Næringsavdelinga Sak nr.: 16 / 760-2

Regionalt bygdeutviklingsprogram i Rogaland 2013

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

Sogn og Fjordane Bondelag

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

Samling for regionale styremedlemmar i Innovasjon Norge. Nils T. Bjørke 3. April 2014

Hjelmeland kommune. Dykkar ref.. Vår ref. Arkivkode: Dato: 09/ /11/3145 V HØYRINGSUTTALE - NY FORSKRIFT OM KVOTEORDNINGA FOR MJØLK

billeg mat har ein høg pris

Saksprotokoll. Arkivsak: 14/17411 Tittel: SAKSPROTOKOLL: FORSLAG TIL NY FORSKRIFT OM MIDLER TIL INVESTERING OG BEDRIFTSUTVIKLING I LANDBRUKET.

Vedtak om grensejustering mellom kommunane Ørsta, Volda og Hornindal

Prop. 28 S. ( ) Proposisjon til Stortinget (forslag til stortingsvedtak)

FORSLAG TIL ORGANISERING, METODE OG FRAMDRIFTSPLAN

Oppdragsbrev strategisk bruk av bedriftsretta investeringsmidlar i landbruket

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Fylkesdirektøren for næring rår hovudutval for plan og næring til å gjere slikt vedtak:

Status og utviklingstrekk driftsøkonomi i Hordaland

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV MIDLAR TIL KOMMUNALE NÆRINGSFOND. GJELD FRÅ

Fylkesdirektøren for næring rår hovudutvalet for plan og næring til å gjere slikt vedtak:

Landbruksmelding for Hordaland

Regionreforma og Sogn og Fjordane fylkeskommune

Jølster kommune Saksutgreiing

Statsbudsjettet Kap. 551 post 64 Utviklingsmidlar til Oppland fylkeskommune - Tilskotsbrev - Overføringar - Rapportering

Lesja kommune Forvaltning og utvikling

Effekten av tiltak i landbruket Fakta om ekstra tiltak og utviklinga av landbruket i verdsarvområdet og randsonene

Mål og strategiar for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane

Framlegg Handlingsprogram Kompetanse og Verdiskaping 2017

Bompengereforma - overføring av garantiar til Ferde AS

Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland

SMIL - STRATEGI FOR SANDE KOMMUNE

Fornyings- og administrasjonsdepartementet

FRÅSEGN TIL HØYRING OM FORSLAG TIL ENDRINGER I PLAN- OG BYGNINGSLOVA


Dykkar ref: Vår ref Saksbeh: Arkivkode: Dato: 2017/ Einar Mikkelsen,

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. 2.gongs behandling - deling - 278/5 og 272/1 Åkra - Evy Brekke

Kommuneretta næringsutvikling - statusrapport, evaluering og vidare arbeid

1 Fylkestinget går inn for å styrke kapitalbasen i Fjord Invest A/S med 15 mill kr.

Radøy kommune Saksframlegg

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: UTVAL FOR PLAN OG UTVIKLING Møtestad: Telefonmøte Møtedato: Tid: 12.30

MØTEBOK. Fylkesutvalet. Rica Sunnfjord Hotel - Førde. Møtedato Kl. 15:40 17:10

Kontrollrapport - Overføring av fylkesvegadministrasjonen

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

MØTEBOK. Fylkeshuset - møterom Sygna. Møtedato Kl

1. Det er ikkje mangel på veterinærar, men det kan verta ein mangel på dyktige produksjondyrveterinærar i deler av landet.

Regionreforma kva gjer vi? Tore Eriksen, fylkesrådmann Møte med Stortingsbenken, 23.oktober 2015

Vestlandet ein stor matprodusent

Oppdragsbrev strategisk bruk av dei bedriftsretta landbruksmidlane (IBU)

Framlegg til samarbeidsavtale og reviderte vedtekter for Vestlandsrådet

HØYRING OM OPPHEVING AV KONSESJONSLOVA OG BUPLIKT

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

2016 NB! Ny søknadsfrist er 15. november

Behandlet av Møtedato Saknr 1 Fylkesutvalget /7

EID KOMMUNE Møtebok. Arkiv: 024 Objekt:

OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL

MERKNADER TIL REGLEMENTA FOR HOVUDUTVALA I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE

Høyring - forslag til innretning av havbruksfondet. Uttale frå Gulen kommune. Saksnummer Utval Møtedato 002/16 Formannskapet

VIDARE SAMARBEID MELLOM FYLKESKOMMUNANE PÅ VESTLANDET MED TANKE PÅ Å FREMJE NYNORSKE LÆREMIDDEL

Tittel: Høyring - Forslag til forskrift om tildeling av utdanningsstøtte

Høyring Forslag om endringar i privatskulelova Innføring av midlertidig dispensasjonsregel

Internt brev - Særutskrift - Vurdering av å tilsetje eller leige inn hjelp til å utarbeide Strategisk næringsplan

Radøy kommune Saksframlegg

GLOPPEN KOMMUNE Sakspapir

Statsråden. Vår ref 18/144-2

Frå Fylkesårsmøte i Senterpartiet i Sogn og Fjordane. Til Samferdsledepartementet v/statsråden Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget

Fyresdal kommune. Møteinnkalling. Utval: Næringsfondsstyret Møtestad: Kommunehuset Dato: Tid: Etter formannskapsmøtet

Innspill til jordbruksoppgjøret 2017

Ole Aasaaren Regionsjef

Revidert Vest 39 - Samla finansierings- og utbyggingsplan for E 39 Kyststamvegen

Fråsegn frå Sogn og Fjordane fylkeskommune til jordbrukspolitikken

Austevoll kommune. Arkivkode FA-000

Vedtak om grensejustering mellom kommunane Vågsøy og Eid/Selje

Kollektivstrategi for Hordaland - Årsrapport 2016

Prop. 29 S. ( ) Proposisjon til Stortinget (forslag til stortingsvedtak)

Saksnr. Utval Møtedato 005/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr.

INDRE VESTLAND. Innspel frå Hardanger, Sogn, Voss og Vaksdal i dialogmøte med Vestland fylke

Nasjonale forventningar korleis svarar fylket på forventningane? Vedlegg til Regional planstrategi for Sogn og Fjordane

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

Meld. St. 11 ( ) Melding til Stortinget Endring og utvikling En fremtidsrettet jordbruksproduksjon

Sakspapir. Saksnr. Utval Møtedato 020/18 Formannskapet /18 Kommunestyret

Regional planstrategi Kva, kvifor og korleis?

Høyring - Framlegg om å oppheve regelen om priskontroll i konsesjonslova - Mindretalsanke

Planprogram for revisjon av regional planføresegn om lokalisering av handel og kjøpesenter (handelsføresegna)

Nettverkssamling Elverum 28. november Erik Ilseng FM i Hedmark, landbruksavdelingen

Saksnr. utval Utval Møtedato 002/16 Planutvalet /16 Bystyret Fastsetjing av planprogram for områderegulering Indre Øyrane

Prosjekt sau og utmark

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

UTTALE TIL HØYRINGSDOKUMENT NORSK FJELLPOLITIKK 2009

Kommuneplan for Radøy delrevisjon konsekvensvurdering av endringar i kommuneplanens arealdel

SAMLA SAKSFRAMST HQIYRING AV FORSLAG TIL ENDRING AV LOV 15. JUNI 2001 NR. 75 OM VETERINÆRER OG ANNET DYREHELSEPERSONELL

Frå plan til handling

Svar frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane: Høyring av NOU 2012:1 Til barns beste

Transkript:

Side 1 av 5 Saksframlegg Saksbehandlar: Kristin Arnestad, Nærings - og kulturavdelinga Sak nr.: 17 / 657-1 Fråsegn til Jordbruksmeldinga "Endring og utvikling - En fremtidsrettet jordbruksproduksjon" - Meld. St. 11 (2016-2017) Fylkesrådmannen rår hovudutval for næring og kultur til å gje slik tilråding: Hovudutvalet for næring og kultur rår fylkesutvalet til å gjere slikt vedtak: 1. Framtidig jordbrukspolitikk må ta i vare fylket og distrikta sin eksisterande bruksstruktur. Verkemidla må styrast slik at også små og mellomstore bruk vert tekne i vare. 2. Omsynet til kostnadseffektiv matproduksjon må ikkje gå føre dei langsiktige, overordna måla for landbrukspolitikken: M attryggleik, landbruk over heile landet, auka verdi - skaping og berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar. 3. Rammene for midlar til investering og bedriftsutvikling må aukast. Det er framleis viktig med regional forvaltning av IBU midlane, der detaljane i verkemiddel bruken vert fastlagt regionalt. 4. Det er positivt at auka produksjon så lang som mogleg skal skje med utgangspunkt i norske ressursar. Grovfôr og beiteressursar må nyttast i produksjonane. Ei betre utnytting av desse ressursane vil bidra til å hi ndre attgroing og stimulere til eit aktivt jordbruk. 5. Det bør framleis vere mogleg å produsere egg og geitemjølk i heile landet. Tilhøyrande marknadsordningar bør ikkje fjernast. 6. Dagens regioninndeling for omsetnad av mjølkekvoter bør ligge fast. 7. Det er viktig å sikre nok ressursar til rekrut tering og kompetanseheving i landbruket. Velferdsordningar og inntektsmoglegheiter må også vektleggast i framtidig politikk. 8. Klima og miljøomsyn må vektleggast. Det er særleg viktig å sikre eit godt kunnskaps - grun nlag. Det må settast av tilstrekkelege ressursar dette. Det må og setjast av midlar til t.d. grøftetilskot. Kompensasjon sordningar for bonden som følgje av klimatiltak bør vurderast nærare. Vedlegg : Innspel til jordbruksforhandlingane 2017, datert 25. nove mber 2016 Andre dokument som ikkje ligg ved: Sak til FU 119/16 Jordbruksforhandlingane 2017 og saksprotokoll Sak til HNK 19/2016 - Innlegg til melding om jordbrukspolitikken og saksprotokoll Andre dokument som ligg elektronisk ved: Meld. St. 11 (2016-2017) Melding til Stortinget Endring og utvikling - En fremtidsrettet jordbruksproduksjon: https://www.reg jeringen.no/contentassets/37566c89c95f410e9bbec04265a7145f/no/pdfs/stm2016201 70011000dddpdfs.pdf

Side 2 av 5 SAKSFRAM STILLIN G 1. Bakgrunn for saka Grunnen for at saka er fremja Den nye j ordbruksmeldinga vart godkjent i Statsråd 9. desember 2016, og har skapt debatt også her i fylket. Det har vore eit politisk ynskje om å fremje ei sak, og initiativet er i dette tilfelle kome frå kjem frå leiaren i hovudutval for næring og kultur (H N K). Historikk - tidlegare vedtak Landbruks - og matdepartementet inviterte 26. januar 2016 til å kome med innspel til meldinga om jordbrukspolitikken. Fristen var kort, men H N K handsama saka 2. februar og fylkes - kommunen sende eit innspel. P ga. den korte fristen var t ikkje saka veldig omfattande, og det var heller ikkje noko konkret framlegg å uttale seg om på dette tidspunktet. H N K gjorde følgjande vedtak: 1. Sogn og Fjordane har følgjande innspel til melding om jordbrukspolitikken: a. Det er behov for forsking og utvikling innan grovfòrproduksjon slik at ny teknologi og kunnskap kan bidra til meir effektiv t husdyrhald. b. Investeringsstøtta til driftsbygningar må aukast kraftig om mjølkeproduksjon og produksjon av kjøt frå storfe skal oppretthaldast i tråd med nye ret ningslinjer frå 2024. Fylkeskommunen sender kvart år innspel til dei årlege jordbruksforhandlingane. Innspela er basert på møte mellom landbruksorganisasjonane i fylket, fylkesmannen, Innovasjon Norge og fylkes - kommune n. F U vedtok fylkeskommune n sitt høyr ingsinnspel til Jordbruksforhandlingane 2017 i sak 119/16 i november 2016. Mykje av dette er relevant også i denne saka. Sentrale problemstillingar Meldinga er omfattande ( 160 sider ). Det er ikkje høve til å gå inn på alle tema her. Fylkes - rådmannen har gjort eit utval basert på det vi meiner er sentralt, tema som har vore prioritert i tidlegare saker og tema der det har vore stor debatt. Vi har sjølvsagt også konsentrert oss om dei sakene som vi meiner er særskilt relevante for Sogn og Fjordane. Andre o pplysningar saksgang Meldinga er no til handsaming i næringskomiteen som har frist for å gje si innstilling innan 7. mars 2017. Saka skal deretter handsamast i Stortinget. 2. Jordbruket i Sogn og Fjordane Sogn og Fjordane er eit aktivt landbruksfylke og næringa utgjer hos oss ein større del av total - sysselsettinga og næringsstrukturen enn i andre fylke. Fylket følgjer likevel dei same trendane som elles i landet med meir effektiv produksjon, stadig større bruk og nedgang i tal sysselsette. Sogn og Fjordane har ein topografi som naturleg avgrensar kor store bruka kan vere og som gjer at det er meir arbeidskrevjande å produsere her i fylket enn t.d. i delar av Rogaland og Trøndelags fylka. Næringsmiddelindustrien er den største industrigreina i industrifylket Sogn og Fjordane. Sogn og Fjordane har gode føresetnadar for å produsere mat basert på grovfòr. Dette pregar hovudproduksjonane våre: mjølk og storfe frå kjøtt og sau. Vidare har fylket gode produksjons - miljø for frukt og bær. Desse miljøa har hatt særs gode resultat dei siste åra. Tala syner at tal dyr, areal og produksjon generelt minkar. Fylket følgjer dei same trendane som elles i landet, med færre og større bruk. Dei negative utviklingstrekka er sterkare i Sogn og Fjordane enn i resten av landet. For meir detaljar viser vi til FU sak 119/16 med innspel til jordbruksforhandlingane 2017.

Side 3 av 5 Verdiskapingsplanen er ein regional plan for verdiskaping i fylket, og gjeld for 2014-25. Landbruk kom med som satsingsområd e i verdiskapingsplanen i 201 6, og byggjer på Regionalt bygde - utviklingsprogram for Sogn og Fjordane. Verdiskapingsplanen slår m.a. fast at det er viktig at den nasjonale politikken gjev svar på regionale utfordringar. Vi vil at tilskotsramma for bedriftsretta investeringsmidlar ver t dobla, sikre framleis differensierte og målretta tilskotsordningar som tek omsyn til ulike drifts - og arealforhold, og arbeide for styring av dei nasjonale ordningane som stimulerer til drift av jordbruksareal og planteproduksjon. 3. Vurdering ar og konsekvensar Målstruktur Dei fire overordna måla for landbrukspolitikken ligg f ast som tidlegare: M attryggleik, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar. Dette er positivt og det er viktig med ein føreseiele g landbrukspolitikk. Samstu ndes seier regjeringa i kap. 8 at hovudføremålet med jordbrukspolitikken skal vere ein kostnadseffektiv matproduksjon. Regjeringa legg stor vekt på produksjonsmålet, og meiner at effektiv matproduksjon skal v ege tungt samanlikna med andre omsyn. I praksis betyr dette m.a. at regjeringa vil legge til rette for bruk som har høve til å utvikle produksjonen og redusere kostnadane per produsert eining. Eit hovudføremål om kostnadseffektiv matproduksjon vil ofte k ome i konflikt med dei overordna måla. Viss e in skal legge til rette for landbruk over heile landet kan ikkje alltid kostnadsomsyn gå føre. Verkemidla må styrast slik at også små og mellomstore bruk vert tekne i vare, og det må produserast trygg mat på ein berekraftig og klimavenleg måte. Bedriftsretta verkemiddel Regj eringa seier i meldinga kap. 9.6 at den regionale partnarskapen ikkje lenger skal ha høve til å utforme regelverk o g detaljerte føringar for bruk av dei bedriftsretta verkemidla. Ein grunngjev dette med at omfanget av føringar som ligg til grunn for bruken av midlar er betydeleg, og at det då vert særleg krevjande å opne for detaljerte regelverk og føringar på regionalt nivå, samt ulik praksis mellom fylka. Regjeringa legg likevel opp til at den regionale partnarskapen framleis skal ha ei viktig strategisk rolle i arbeidet med regionalt bygdeutviklingsprogram. Fylkesrådmannen meiner det er positivt at det har vore auka avsetjing til investerings - og bedriftsutviklingsordninga dei sist e jordbruksoppgjera. Men IBU midlane vert brukt opp tidleg på året, og dei samla løyvingane bør difor aukast. Regjeringa meiner det er viktig å forenkle ordningane i jordbrukspolitikken for å bidra til ein meir effektiv og lønsam sektor. Grunnlaget for b edriftsretta investeringar skal vere basert på lønsemdsvurderingar. Fylkesrådmannen meier det er viktig å ha eit regelverk der ikkje berre dei store bruka vert tilgodesett, men at ein også tek omsyn til strukturen og ressursgrunnlaget i fylka. Investeringa r må tilpassast behovet i dei ulike fylka. Det kan vere mogleg å gjere forvaltninga av midlane enklare, men å ta vekk den regionale påverknaden er ikkje vegen å gå. F U la også vekt på dette gjennom si høyringsfråsegn til jordbruksoppgjeret for 2017. Utnytting av ressursar - grovfôr og utmark I kap. 8.2 vert det slått fast at Stortinget ved dei siste jordbruksoppgjera har lagt vekt på at auka produksjon så langt som mogleg skal skje med utgangspunkt i norske ressursar. Dette betyr at husdyrproduksjon så langt som mogleg byggje på norsk grovf ôrareal, beitebruk og norske fôrvarer. Regjeringa vil sikre grunnlaget for den geografiske produksjonsfordelinga og legge til rette for auka bruk av norske fôrressursar. Regjeringa legg m.a. vekt på at dette er avgj erande for å auke husdyrproduksjonen og bruke arealressursane i heile landet.

Side 4 av 5 Fylkesrådmannen meiner det er positivt a t dette punktet vert trekt fram og det er viktig at grovf ôrareal og beite vert nytta godt. Ein stor del av verdiskapinga frå landbruket i Sogn og Fjordane kjem frå husdyrproduksjon. Heile 98% av arealet vert nytta til grovfôrproduksjon. Fylket har stor og god tilgang på grovfòr og utmarksbeite, noko som må nyttast i produksjonane. Ei betre utnytting av desse ressursane vil vere med på å h indre attgroing og stimulere til eit aktivt jordbruk. Dette er også viktig i reiselivssamanheng. Samstundes er det i eit fylke som Sogn og Fjordane viktig å ta i vare innmarksbeita og også ha verkemiddel som sikrar dette. Marknadsordningar Føremålet med marknadsbalansering av jordbruksråvarer er å sikre ei stabil forsyning av varer i alle marknader til tilnærma lik pris. Den skal også sikre produsentane stabil avsetning og stabile prisar i tråd med jordbruksavtalen. Regjeringa ynskjer sterkare konkurranse i konserveringsmiddelindustrien. Regjeringa vil vidareføre prinsippa i marknadsbalanseringssystemet for kjøt og kumjølk, men gjere justeringar for å styrke konkurranse n. I andre sektorar vil regjeringa gjere forenklingar og endringar slik at or dninga blir meir uavhengig av samvirka, redusere risiko for konkurransevriding og forenkle verkemiddelbruk. Fylkesrådmannen ser ikkje vekk frå at einskilte endringar i marknadsordningane kan vere fornuftig, men nokre endringar kan svekke distriktslandbru ket. Regjeringa føreslår å fjerne marknads - balanseringa av geitmjølk, egg og korn. Sogn og Fjordane har lite kornproduksjon, og endringane vil såleis ikkje få direkte konsekvensar. Å fjerne marknadsbalansering av geitemjølk og egg vil få konsekvensar for b ruk i Sogn og Fjordane. Begge endringane vil føre til ein enno sterkare geografisk konsentrasjon av produksjonen. For egg forsvinn mottaksplikta. Produksjonen av egg i fylket utgjer 2,3 % av landssnittet og fylket er såleis relativt lite med omsyn til prod uksjon av egg, men endringane vil få store konsekvensar for dei som driv aktivt og har investert mykje. For geitmjølk utgjer produksjonen i Sogn og Fjordane om lag 15% av landssnittet. I tillegg til sjølve produksjonskonsekvensane er geitehaldet viktig for kulturlandsskapet i fylket. Fylkesrådmannen meiner det er viktig å legge til rette for vidare produksjon av egg og geite - mjølk i Sogn og Fjordane, og ikkje berre prioritere dei bruka som ligg nærast mottaksapparatet. Regjeringa vil også endre tal produksjonsregionar for kumjølk frå 19 til 10. Fylkesrå dmannen meiner dette vil gje større sentralisering av produksjonen, og vere negativt for distrikts - landbruket. Dette kan også føre til at areal går ut av bruk i distrikta, medan det blir sterkare pres s på areal nokre stader. F U har sagt i uttalen til jordbruksforhandlingane at dagens regioninndeling for omsetnad av mjølkekvoter bør ligge fast. Rekruttering, utdanning og kompetanse ordninga r Dette temaet vert omtala i kap. 11. Det er her ikkje varsla st ore endringar, men ein del område skal vurderast nærare. M.a. vil ein sjå på ein nasjonal modell for vaksenagronomutdanning. Dei seinare åra har fylkeskommunen fått midlar frå landbruksdepartementet til rekruttering og kompetanseheving der vi m.a. har fina nsiert tilbodet om vaksenagronom i Sogn og Fjordane, samstundes som det er sett i verk nasjonale ordningar som t.d. mentorordning. Fylkesrådmannen meiner det framleis er viktig å sikre nok ressursar til rekruttering og kompetanseheving innan landbruket. Va ksenagronom er eit vellukka tiltak som må prioriterast vidare. Velferdsordningar og inntektsmoglegheiter må vektleggast. Klima og miljø Det er positivt at meldinga legg vekt på klima og miljøomsyn og vi trekk særleg fram kap. 12.2.6 om kunnskapsgrunnlag. Det er her eit stort kunnskapsbehov og fylkesrådmannen er einig i at slik forsking må vere ein viktig del av norsk klimaforsking. Fylkesdelplan for klima og miljø slår fast at Sogn og Fjordane gjennom å satse på tiltak som er mest effektive for landbruke t skal vere ein aktiv medspelar for å nå nasjonale mål for reduksjon av klimagassutslepp. I meldinga står at klimatiltak ikkje skal føre til auka subsidiar til jordbruket. Fylkesrådmannen meiner det te bør vurderast nærare. Det bør setjast av tilstrekkelege ressursar både for å sikre

Side 5 av 5 eit godt kunnskapsgrunnlag, og til gode klimatiltak som til dømes grøftetilskot. Kompensasjon ( for bonden ) som følgje av klimatiltak bør vurderast nærare. 4. Konklusjon Det er heilt sentralt at framtidig jordbrukspolitikk tek i vare omsynet til fylket sin eksisterande bruksstruktur. Verkemidla må styrast slik at små og mellomstore bruk vert tekne i vare. I eit fylke med Sogn og Fjordane sin topografi kan ikkje større bru k og auka produktivitet kompensere for nedgang i tal gardsbruk. Det tyder på at vi i større grad må oppretthalde tal gardsbruk for å halde oppe produksjonen, og då er rammevilkåra avgjerande. Mål om kostnadseffektiv matproduksjon må ikkje overstyre måla om mattryggleik, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar. Dersom ein skal legge til rette for landbruk over heile landet, kan ikkje alltid kostnadsomsyn gå føre. S må og mellomstore bruk må t akast i vare og det må produserast trygg mat på ein berekraftig og klimavenleg måte. Som ledd i dette må vi ha eit regionalt regelverk som tek omsyn til strukturen og ressursgrunnlaget i fylka. Investerin gar må tilpassast behovet i ulike fylka. Fylkesråd mannen legg i si tilråding elles vekt på prioriteringane i Regional plan for verdiskaping, Regionalt bygdeutviklingsprogram og det arbeidet som er gjort saman med partnarskapen gjennom innspel til jordbruksforhandlingane. Vurderingane frå kap. 3 i saksfram stillinga er summert opp i vedtakspunkta.