PLANPROGRAM Detaljreguleringsplan Samanbinding av Rv5 - Havrenesvegen, veg/bustad Alternativ 3 kulvert Flora kommune Framlegg til høyring 25.02.2016
Flora kommune Planprogram Detaljreguleringsplan Samanbinding av Alternativ 3 kulvert, Flora kommune Dato 25.02.2016 Utarbeidd av Jane Berg Solheim Kontrollert av Heidi Dyrøy Status Framlegg til høyring Oppdragsgjevar Illustrasjon framside Flora kommune Norconsult AS Strandgata 15 6900 Florø Telefon: 97 62 70 00 E-post: post@ivestconsult.no www.ivestconsult.no
F Ø R E O R D ivest Consult AS har på oppdrag frå Flora kommune, utarbeidd planprogram for alternativ 3 kulvert gjennom kyrkjeparken i Florø sentrum. Føremålet med planprogrammet er å avklare rammer for planarbeidet i høve til utgreiingsbehov, planprosess, medverknad m.m. Detaljreguleringsplan for samanbinding av Rv5 - Havrenesvegen, veg/bustad vert lagt fram i 3 ulike alternativ. Alternativ 1 og 2 er ei forlenging av Lindheimsvegen, og er utarbeidd i eige dokument. Dette Planprogrammet omfattar berre Alternativ 3 kulvert. Planområdet for Alternativ 3 utgjer om lag 48 daa, og arealet er noko utvida i høve første varsling av dette alternativet, slik at det og omfattar 7 tilgrensande eigedomar på nordsida av Rv5. Då planarbeidet omfattar ny veg har det vore vurdert etter «Forskrift om konsekvensutredninger for planer etter plan- og bygningsloven» 3-c jamfør punkt 10- b og e i Vedlegg ll og det er derfor utarbeidd planprogram. I planprogrammet er det konkludert med at planarbeidet ikkje kjem inn under forskrifta sitt saklege virkeområde mellom anna på grunn av storleiken, men at omsyn till landskap og estetikk, nærmiljø og friluftsliv, naturmangfald, kulturmiljø, trafikktryggleik, infrastruktur og miljøfaglege tilhøve som støy er moment som skal grundig vurderast i planarbeidet. ivest Consult as Side 1 av 13
INNHALD INNLEIING... 3 2. SKILDRING AV OMRÅDET OG PLANSITUASJON... 3 2.1 SKILDRING AV OMRÅDE... 3 2.2 KOMMUNEPLAN... 4 2.3 REGULERINGSPLANAR... 4 3. FØREMÅL MED PLANARBEIDET OG AVGRENSING AV PLANOMRÅDET... 5 4. ALTERNATIV LOKALISERING... 5 VURDERING AV KRAV OM KONSEKVENSUTGREIING... 6 6. TEMA SOM SKAL VURDERAST I PLANPROSESSEN... 7 6.1 VURDERING AV KONSEKVENS AR... 7 6.2 LANDSKAP OG ESTETIKK... 7 6.3 NATURMILJØ OG NATURMANGFALD... 7 6.4 KULTURMILJØ/KULTURMINNE... 8 6.5 FRILUFTSLIV/NÆRMILJØ... 9 6.6 FOLKEHELSE, BARN OG UNGE, UNIVERSELL UTFORMING... 9 6.7 MILJØFAGLEGE TILHØVE... 10 6.8 TRYGGLEIK MOT NATURSKADE... 10 6.9 INFRASTRUKTUR, TRAFIKKTRYGGLEIK OG TILGJENGE... 11 6.10 UTBYGGING OG FUNKSJON... 11 6.11 SAMFUNNSNYTTE OG NÆRINGSUTVIKLING... 12 6.12 ROS-ANALYSE... 12 7. PLANPROSESS OG OPPLEGG FOR MEDVERKNAD... 13 ivest Consult as Side 2 av 13
INNLEIING I samsvar med Plan- og bygningslova 4-1 og 12-9, vart det i samband med planarbeidet vurdert at det skal utarbeidast planprogram for alternativ 3 kulvert, i forslag til Detaljreguleringsplan for samanbinding av i Flora kommune. Planprogrammet skal avklare rammene for planarbeidet: - føremål med planarbeidet - planprosess med fristar og deltakarar - opplegg for medverknad - kva alternativ som vert vurderte - behov for utgreiingar I samband med arbeidet med alternativ 3 kulvertløysing gjennom Kyrkjeparken, har ivest Consult AS varsla utviding av planområde og offentleg ettersyn av planprogram for dette alternativet på vegne av Flora kommune. Planprogrammet er utarbeidd av ivest Consult AS. Forslag til planprogram vert lagt ut til offentleg ettersyn samstundes med varsel om planoppstart, og høyringsfrist skal vere minst 6 veker. Figur 1: Lokalisering av planområdet (Fylkesatlas.no). 2. SKILDRING AV OMRÅDET OG PLANSITUASJON 2.1 Skildring av område Planområdet ligg sentralt i sentrumsområdet av Florø. Området berørt av vegtraseen er den vestlege delen av parkområdet ved Florø kyrkje, Kyrkjeparken. Kyrkjeparken ligg på ein høgde ovanfor sentrum. Frå området er det utsikt over Florø sentrum og hamneområda utanfor, med lange siktline mot fjella i nord og Brandsøyåsen i aust. Mot sør grensar parkområdet mot dei populære friområda, Litleåsen og Storåsen. Områda rundt parken er sentrumsareal med etablert næring, bustadområde, idrettsanlegg, naturområde, samt etablert fylkesveg i sør og etablert riksveg i nord. Figur 2: Florø kyrkje og parkareala vest for kyrkja (ivest Consult AS). ivest Consult as Side 3 av 13
2.2 Kommuneplan Aktuelt område er i Sentrumsplanen, sett av til offentleg eller privat tenesteyting (OP10-OP11-OP12), sentrumsformål (K08), eksisterande bustad (B5-B7-B9), friområde (F3), samt eksisterande veg (Rv5 og Fv545). Figur 3. Utsnitt arealdelen for gjeldande kommuneplan (http://www.flora kommune.no). 2.3 Reguleringsplanar Kartet under synar detaljreguleringsplaner for området. Planområdet for Alternativ 3 kulvert kjem i berøring med 2 eldre reguleringsplanar, der følgjande planar vil delvis verte erstatta eller endra gjennom prosessen med ny detaljreguleringsplan for samanbinding av Rv5 Havrenesvegen. Desse er: PlanID 19470101: Florø, vestre bydel, godkjent 12.11.1947. PlanID 19500101: Florø, Byggebelte vest, godkjent 01.11.1950. Figur 4 og 5: Utsnitt av eldre reguleringsplanar i området (http://www.flora kommune.no). ivest Consult as Side 4 av 13
3. FØREMÅL MED PLANARBEIDET OG AVGRENSING AV PLANOMRÅDET Figur 6: Ny varsla planavgrensing (Flora kommune). Hovudformålet med planarbeid er å følgje opp Bystyret si tilråding og tilrettelegging for ny samanbindingsveg mellom Rv5 og fylkesveg 545 (Havrenesvegen). Ny vegtraseen skal gje ei meir trafikktrygg løysing enn dagens situasjon i Stadionvegen. Planen vert lagt fram i 3 ulike alternativ. Alternativ 1 og 2 vart framlagt til politisk behandling i Plan og miljøutvalet den 26.05.2015 (023/15). Der vart det vedtatt at det skulle utarbeidast eit 3. alternativ som syna ei løysing som inneber ny veg i tunnel/kulvert under Kyrkjeparken og opp til Havrenesveien. Dette arbeidet skulle ta utgangspunkt i det arbeidet som vart gjort ved same alternativ i forbindelse med utarbeiding av Sentrumsplanen. Dette Planprogrammet omfatta berre Alternativ 3 kulvert, som er kulvert gjennom kyrkjeparken. Planområdet for Alternativ 3 utgjer om lag 48 daa, og arealet er noko utvida i høve første varsling av dette alternativet, slik at det og omfattar 7 tilgrensande eigedomar på nordsida av Rv5. Mot sør går avgrensinga i friområdet sør for Michael Sarsgate og i nordleg del av idrettsanlegg som grensar mot fylkesveg. I vest går planavgrensinga i eigedomsgrensene vest for rekkehusa i Stadionbakken, mot nord langs nordsida av Lindheimsvegen og Rv5, medan den i aust går aust for Florø kyrkje, og inkludera områda rundt kyrkja, sjå figur 6. 4. ALTERNATIV LOKALISERING Detaljreguleringsplan for samanbinding av Rv5 - Havrenesvegen, veg/bustad vert lagt fram i 3 ulike alternativ. Alternativ 1 og 2 er ei forlenging av Lindheimsvegen, der alternativa er utarbeidd i eige dokument. I Alternativ 3 kulvert, vert kulvertløysing gjennom Kyrkjeparken sett på som ei alternativ løysing. Desse tre alternativa vil bli vurdert opp i mot kvar andre ved politisk handsaming av detaljreguleringsplanen. ivest Consult as Side 5 av 13
VURDERING AV KRAV OM KONSEKVENSUTGREIING Etter Forskrift om konsekvensutredninger for planer etter plan- og bygningsloven (KU-forskrifta) 1-5 ledd, skal den som fremjar forslag til plan etter plan og bygningslova sjølv vurdere om planen fell inn under forskrifta sitt saklege verkeområde. Aktuelt område er i arealdelen til kommunedelplan for Florø sentrum (sentrumsplanen) sett av til offentleg eller privat tenesteyting (OP10-OP11-OP12), sentrumsformål (K08), eksisterande bustad (B5-B7-B9), friområde (F3), samt eksisterande veg (Rv5 og Fv545). Planframlegget er i hovudsak i samsvar med gjeldande kommunedelplan, men traseen for kulvert går over OP12 og i grunnen under OP10. Då planarbeidet omfattar ny veg vil det kunne være omfatta av «Forskrift om konsekvensutredninger for planer etter plan- og bygningsloven» 3-c jamfør punkt 10- b og e i Vedlegg ll, I KU-Forskrifta Vedlegg II punkt 10 b står følgjande «Utviklingsprosjekter for by- og tettstedsområder» og 10e) har følgjande ordlyd: «Bygging av veier, havner og havneanlegg, herunder fiskehavner og offshorerelaterte havner, samt utvidelse eller vesentlig endret bruk av eksisterende havner eller farleder.» Ny veg som er planlagt bygd vil til saman være 242 m, der 89 m følgjer eksisterande trase i Havrenesevegen. Det er såleis berre i 153 m veg som følgjer heilt ny trase. Vedlegg ll punkt 10b) i Forskrifta gjeld utviklingsprosjekt for by og tettstadsområder. Planlagd nybygging er av eit lite omfang, og sjølv om ny vegtrase medfører endringar i trafikkmønster, vil planarbeidet vere meir eit utbetringsprosjekt enn eit utviklingsprosjekt for Florø sentrum. Når det gjeld Vedlegg ll i punkt 10-e er denne vurdert å omfatte større vegprosjekt, og ein kan ikkje sjå at vegbygging av eit slikt avgrensa omfang som 153,5 m ny vegtrase utgjer, vil falle inn under forskriftas saklege verkeområde. 3 i KU-forskrifta omhandlar planar som skal vurderast etter vedlegg III, og der 3c) gjeld reguleringsplanar for tiltak i vedlegg II. Planarbeidet er som nemnd ovanfor vurdert å ikkje vere omfatta av tiltak nemnd i vedlegg II, og premissane for å vurdere arbeidet etter vedlegg III vil såleis ikkje vere til stades. Vi har likevel vurdert momenta a) til q) i vedlegg III. Planen vil kunne få verknader for miljø og samfunn, men slik vi ser det vil ikkje verknadene vere vesentlege, mellom anna fordi nybygginga har eit avgrensa omfang og fordi kulvertløysinga legg til rette for tilbakeføring av heile parkområdet, slik at friluftsinteressene og bybildet ikkje vert vesentleg endra av tiltaket. På bakgrunn av ovannemnde, kan ein ikkje sjå at tiltaket kjem inn under Forskriftas saklege verkeområde, og planarbeidet utløyser såleis ikkje krav om Konsekvensutgreiing. Det er likevel tenkt lagt opp til grundige r av konsekvensane for dei tema som kan vere konfliktfylte, sjå kap 6. ivest Consult as Side 6 av 13
6. TEMA SOM SKAL VURDERAST I PLANPROSESSEN 6.1 Vurdering av konsekvensar Nedanfor følgjer ei oversikt over tema for vurdering av konsekvensar i høve til planarbeidet, og tilnærming av problemstillingane. For kvart tema, er det spesifisert føljande strukturelle oppbygging: -. - Tilrådd metode. - : Oversikt over eksisterande kunnskap i form av planar, utgreiingar, retningsliner, registreringar, databasar osv. Problemstillingar og forslag til løysingar i Alternativ 3 kulvert, vil bli vurdert i høve dei 2 andre alternative traseane for Detaljreguleringsplan Samanbinding Flora kommune. 6.2 Landskap og estetikk Grunnlagsmaterial Området rundt kyrkja, Kyrkjeparken, er parklandskap. Dette parklandskapet er verdsatt som viktig i Miljødirektoratet sin naturbase for landskap (verdi-b), då denne type parklandslap ikkje er vanleg ut mot kysten. Parken ber tydelig preg av å vere eit eldre/gamalt parklandskap, med stort innslag av store eldre lauvtre, moselagd steingarde med smijernsportar, og nokon stadar kan man sjå rester etter gamle gravsteinar. Den gamle kyrkjegarden inngår i parkanlegget. Natursteinsmuren som går langs tilkomstveg på vestsida av kyrkja er eit viktig element i parklandskapet. Vurdere kor store endringar tiltaka vil representere landskapet i det berørte området, synlegheit og fjernverknad. Vurdering vil framgå av planomtale og løysingsforslag gjenspeglast i plankart/ føresegner. - Fylkesatlas - Kilden.skogoglandskap.no - Synfaring - Notat/Vurderingar gjort ved Beskrivelse av landskap og vegetasjon, utarbeidd av Norconsult - Landskapsplan, Norconsult - NIJOS, Nasjonalt referansesystem for landskap. - Kart med terrenginngrep. - Foto og illustrasjonar 6.3 Naturmiljø og Naturmangfald Kyrkjeparken er av naturtypen Parklandskap, som er verdsatt som viktig (B). I Naturdatabasen vert det sagt at parken kring Florø kyrkje er eit velutvikla parklandskap med stort innslag av eldre trær av ulik sort, og at denne type parklandskap kan ha potensiale til å innehalde kravfulle og mindre vanlege artar, då denne type landskap ikkje er vanleg langs kysten. Natursteinsmuren som går langs tilkomstveg på vestsida av kyrkja har potensiale til å huse mindre vanlege artar av vegetasjon, insekt m.m. Det er registrert fleire stadar med oppvekst av Platanlønn og fleire større lokalitetar med Parkslirekne. ivest Consult as Side 7 av 13
Planen sin verknad for naturmiljø, naturmangfald og biologisk mangfald vert i utgangspunktet vurdert på bakgrunn av føreliggande registreringar. Vurdering vil framgå av planomtale. - Naturmangfaldlova. - Artsdata i Artsdataregisteret. - Naturbasen til Miljødirektoratet - Fylkesatlas - Kilden.skogoglandskap.no - Notat/Vurderingar gjort ved Beskrivelse av landskap og vegetasjon, utarbeidd av Norconsult - Moglegheitsstudie tunnel/kulvert Kyrkjeparken Florø, ROS-r, utarbeidd av Norconsult. - Landskapsplan, Norconsult - Tilbakemelding/innspel frå Fylkesmannen. 6.4 Kulturmiljø/kulturminne Delar av planområdet ligg i eit område som er registrert som eit område med nasjonale interesser i by (Riksantikvaren sitt register for Nasjonale kulturhistoriske bymiljø, NB-registeret). Kyrkjeparken rundt Florø Kyrkje er del av ein eldre kyrkjegard. Fleire stader i parken er det gamle graver/gravsteinar i tillegg til eit større minnesmerke frå 1946 som minnast krigsofra frå Flora kommune. Natursteinsmuren som går langs tilkomstveg på vestsida av kyrkja er eit viktig element i kulturmiljøet rundt kyrkja. Innanfor planområdet er det lokalisert eit tilfluktsrom frå 2. verdskrig. Det er ingen freda bygg, eller bygningar registrert i SEFRAK, eller andre kjende verna eller automatisk freda kulturminner innanfor planavgrensing. Planen sin verknad for kulturminner og kulturmiljø vert vurdert på bakgrunn av føreliggande registreringar. Vurdering vil framgå av planomtale. - Fylkesatlas - http://www.kulturminnesok.no - Moglegheitsstudie tunnel/kulvert Kyrkjeparken Florø, ROS-r, utarbeidd av Norconsult. - Landskapsplan, Norconsult - Tilbakemelding/innspel frå kulturmynda. - Dialog med Flora krigshistorielag ivest Consult as Side 8 av 13
6.5 Friluftsliv/nærmiljø Kyrkjeparken vert i dag i hovudsak nytta som gangtilkomst til og frå sentrum. Det er ikkje opparbeidd områder med installasjonar til leik, men parken har store graskledde områder, som i liten grad vert nytta til leik og opphald. Litleåsen og områda sør for kyrkjepark, er del av eit større samanhengande turområde med Storåsen, Litlevatnet og Storevatnet. Her går det eit nettverk av stiar, også fleire av dei med lys. Planområdet grensar mot eit større idrettsanlegg i sørvest. Kyrkjeparken er viktig tilkomstveg til Florø Barneskule i aust og Flora ungdomsskule i vest. Her ferdast det folk i 100-tall igjennom kvar dag, både til fots og på sykkel. Planen sin verknad for friluftsliv og nærmiljøanlegg utanfor planområdet vert vurdert på bakgrunn av føreliggande registreringar. Etablering av leikeplass, fellesområde/møteplass, stiar og vertikale gangforbindelsar vil bli vurdert i planarbeidet. Vurdering vil framgå av planomtale og løysingsforslag gjenspeglast i plankart/ føresegner. - Fylkesatlas - Informasjon frå offentlege instansar, kommunen og organisasjonar. - Synfaring - Landskapsplan, Norconsult - Kart med terrenginngrep. - Foto og illustrasjonar 6.6 Folkehelse, Barn og unge, Universell utforming Kyrkjeparken er viktig i eit folkehelseperspektiv fordi den gjev trafikktrygg gangtilkomst mellom Havreneset bydel, sentrum, ungdomsskulen, barneskole, idrettsanlegg og friluftsområda kring Storåsen. Sti/gangveg gjennom parkanlegg, Rv5 Markegata, Fv545 Havrenesvegen, Michael Sarsgate og Stadionvegen stettar ikkje krava til universell utforming i dag. I tilgrensande område i sør og sørvest, er det godt tilrettelagt for folkehelsetiltak retta mot idrett, fritids- og friluftsmogelegheiter for mange grupper i befolkninga. Innanfor planområdet er det lite tilrettelagt for leik og felles møteplassar. Vurdere område eigna for leik innanfor planområdet, samt stiar og vertikale gangforbindelsar. I ne vil og grad og omfang av tilrettelegging for funksjonshemma og eldre inngå. Dialog med interesseorganisasjonar (idrettslag m.fl.) Vurdering vil framgå av planomtale og løysingsforslag gjenspeglast i plankart/ føresegner. - Rettleiar for Universell utforming - TEK10 - Tilbakemelding/innspel frå kommunens koordinator for Miljøretta Helsevern. - Innspel frå interesseorganisasjonar/nabolag - Landskapsplan, Norconsult ivest Consult as Side 9 av 13
6.7 Miljøfaglege tilhøve Ny veg vil erstatte delar av eksisterande Fv545, Lindheimsvegen og Stadionbakken, som tilkomstveg mellom Havreneset og sentrum. Vegtrafikk genererer støy. Biltrafikken i Markegate og Stadionbakken er høg. Områda langs Rv5 og Fv545 ligg innanfor gul og raud sone på Støyvarselkart frå Statens vegvesen. Støyvarselkarta er basert på ÅDT frå 2010, med ein framskriving av trafikkmengda med utgangspunkt i dagen situasjon. Den har ikkje teke høgde for ny utbygging på Knapstadmarka, Norheimsmarka eller Gunhildvågen. Auka trafikkmengde kan medføre støyulempe. Det er ikkje kjende forureiningskjelder i eller rundt planområdet, heller ikkje kjende forureiningskjelder som kan forureine overflatevatn på staden. Vurdering av støy inngår i ROS-analyse, og vert vurdert på bakgrunn av føreliggande opplysningar. Evt. behov for og forslag til avbøtande tiltak vert og ein del av ne. - Moglegheitsstudie tunnel/kulvert Kyrkjeparken Florø, ROS-r, utarbeidd av Norconsult. - Statleg retningslinje T-1442/2012 med tilhøyrande rettleiing. - Trafikkdata frå Statens Vegvesen - Eksisterande støysonekart 6.8 Tryggleik mot naturskade Klima i området er typisk for dei ytre delane av regionen. Florø ligg i ytre Sunnfjord, berre nokre mil sør for Stad, som er ein av dei mest nedbørsrike og vindutsette regionane i landet. Her er hyppige tilfelle av høg nedbørintensitet og sterk vind. Det er lite snø og delar av området er solrikt. Det er ikkje kjend at det er spesielle utfordringar knytt til overflatevatn innanfor planområdet. Innløp til kulvert ligg under marin grense, men det er lite lausmasse i området, slik at risiko for kvikkleire vert vurdert som liten. Planområde grensar til omsynssone for ras på nordsida av Litleåsen. Det er ikkje registrert fare for ras, skred eller flom innanfor planområdet. - Notat; Ingeniørgeologisk vurdering av gjennomførbarhet, datert 2015.10.12, utarbeidd av Norconsult - Moglegheitsstudie tunnel/kulvert Kyrkjeparken Florø, ROS-r, utarbeidd av Norconsult. - www.atlas.nve.no ivest Consult as Side 10 av 13
6.9 Infrastruktur, trafikktryggleik og tilgjenge Dagens trafikkmønster i Florø genererar mykje av trafikken mellom ytre og indre del av Floralandet, gjennom nokre få kryss. Stadionbakken/Havreneset og Hamnegata/Lindheimsvegen er 2 av dei, og begge er innanfor planområdet. Tilkomst til og frå sentrum og Havreneset bydel, skjer i hovudsak gjennom Stadionvegen via Lindheimvegen og Havrenesvegen. Vest for planområdet ligg eit større idrettsanlegg og Flora ungdomsskule. Sistnemnde er byens einaste ungdomsskule, og har 458 elevar i skuleåret 2014/2015. Aust for planområdet ligg Florø Barneskule som har 550 elevar. Planområdet ligg som eit kryssingspunkt mellom dei to skulane og det ferdast derfor mange hundre barn og ungdomar igjennom området kvar dag. I følgje opplysingar henta frå Statens Vegvesen sitt vegkart er det registrert fleire ulykker på strekninga frå Stadionvegen til Florø Ungdomsskule mellom bil og gåande/syklande. Denne registreringa gjeld alvorleg ulykker. Det ligg føre lite dokumentasjon i høve mindre ulykker/hendingar, men det er grunn til å tru at dette talet ligg langt høgare enn registrerte ulykker. Det ligg ikkje føre tilsvarande statistikk for trafikkulykker for Lindheimvegen og Stadionvegen, då desse er kommunale vegar. Det er grunn til å tru at talet på ulykker for denne strekninga ligg noko høgare enn tala frå Havrenesvegen fordi vegen her er smal, og har fram til hausten 2015 vore utan definert gangareal. Opparbeidd gangareal i Stadionvegen er eit mellombels tiltak i påvente av ny samanbinding mellom Rv5 og Fv545. Vurdere samla trafikkløysing innanfor planområdet. Vurdering vil framgå av planomtale og som del av ROS-analysen. Framlegging av evt. forslag til avbøtande tiltak vert og ein del av ne, og løysingsforslag gjenspeglast i plankart/føresegner. - Notat/Vurderingar gjort på veg, utarbeidd av Norconsult. - Moglegheitsstudie tunnel/kulvert Kyrkjeparken Florø, - ROS-r, utarbeidd av Norconsult. - www.vegvesen.no/vegkart/vegkart/ - Handbok N100 Veg- og gateutforming - Handbok 263 Geometrisk utforming av veg- og gatekryss - Innspel frå kommunen og evt. vegvesenet - Illustrasjon endra køyremønster 6.10 Utbygging og funksjon Innanfor planområdet er utbyggingsmønsteret i hovudsak sentrumsområde, einebustadar med til dels store tomter, i tillegg til Kyrkjeparken som ligg som eit relativt stort ope område. Vurdering vil framgå av planomtale og som del av ROS-analysen. Framlegging av evt. forslag til avbøtande tiltak vert og ein del av ne, og løysingsforslag gjenspeglast i plankart/føresegner. - Kommunedelplan for Florø sentrum. ivest Consult as Side 11 av 13
6.11 Samfunnsnytte og næringsutvikling Havrenesvegen er viktig bindeledd for dei som bur og driv næring i Havreneset og Gunnhildvågen. Den er saman med Kinnvegen tilkomstveg til desse områda. Dagens trafikksituasjon gjer vidare utvikling av Havreneset som bydel og næringar i Gunnhildvågen vanskeleg. Vurdering vil framgå av planomtale og som del av ROS-analysen. Framlegging av evt. forslag til avbøtande tiltak vert og ein del av ne, og løysingsforslag gjenspeglast i plankart/føresegner. - Kommunedelplanar for Flora kommune. 6.12 ROS-analyse Det vil bli gjennomførd ein eigen risiko- og sårbarheits analyse i samband med utarbeidinga av reguleringsplanen. I ROS-analysen skal det leggjast vekt på utfordringar knytt både til noverande klima og forventa framtidige endringar i klima. Aktuelle tema i ei ROS-analyse vil vere: - Sårbare objekt (kulturminne, friluftsområde, natur/biologisk mangfald) - Klima, samt endringar som følgje av klimaendringar - Vind/ekstremnedbør samt endringar som følgje av klimaendringar - Grunnforhold, del av området ligg under marin grense - Trafikktilhøve/tryggleik - Forureining, støy - Energi- og vassforsyning - Samfunnstryggleik, beredskap - Andre farar ivest Consult as Side 12 av 13
7. PLANPROSESS OG OPPLEGG FOR MEDVERKNAD Planprosess og framdrift Fasar i planarbeidet Samarbeid og Ansvarleg Forslag til Framdrift medverknad Møter med naboar Flora kommune Februar 2016 (utført) Utarbeiding av planprogram Flora kommune ivest Consult AS Februar 2016 Varsel om utviding av planavgrensing og offentleg høyring av planprogram Vedtak av planprogram m/innkomande merknader Utarbeiding av framlegg til reguleringsplan Første gongs handsaming av planutkast Offentleg ettersyn av planframlegg Flora kommune Flora kommune 25. Feb. - 7. april 2016. Flora kommune Flora kommune April 2016 Flora kommune ivest Consult AS Mars-april 2016 Flora kommune April 2016 Flora kommune April-mai 2016 Handsaming av planframlegget med merknader Flora kommune Mai-juni 2016 Vedtak av reguleringsplan Flora kommune Juni 2016 ivest Consult as Side 13 av 13