Fredag 16. mars 2012, kl

Like dokumenter
ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010

Tilleggsinnkalling av Formannskapet

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Jeg/vi gir ikke tillatelse til at barnehage overfører informasjon om Namn: Etternamn: Fødselsdato: til skole.

Kva. Statped Vest. kan tilby regionen? Steinar Sandstad. Statped Vest. 6. februar 2009

Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson.

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Overgang barnehage barneskule -ungdomsskule

Alle grunnskular. Fagavdeling barnehage og skole

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering

Trygg og god overgang mellom barnehage og skole

Referat frå møte

TILSYNSRAPPORT. Austevoll kommune Austevoll ungdomsskule

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

2 av 6 Desse sakene vart handsama: SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 069/12 12/689 Faste saker 070/12 12/659

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

TILSYNSRAPPORT Voss kommune, Sundve skule

I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringsloven gjøres følgende endringer:

TILSYNSRAPPORT Opplæringslova 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring. Kvinnherad kommune Husnes ungdomsskule

Revidering av kommunedelplan for oppvekst Struktur

I dette rundskrivet finn du informasjon om innføring av valfag på ungdomstrinnet.

KLASSEKONTAKT. Kva kan eg gjere? Kven er eg til for? Korleis kan eg jobbe? Lysarka bygger på FUG - hefte ABC for foreldrekontaktar.

Torsdag 31.oktober 2013 FAGSAMLING OM SKULE

Rutinar - Overgang. Barneskule - ungdomsskule

Fagdag om søkjarar til vgo med B-skjema

SAMARBEID HEIM OG SKULE

Referat frå regionalt brukarråd i Statped vest

PPT no og i framtida.

Retningslinjer for gjennomføring

2 of 12 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 008/ /1175 Faste saker 009/ /1152 Statistikk over sjuke

Utval: Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad: Fylkesutvalssalen 3. etg., Fylkeshuset Dato: Tidspunkt: 09:50-12:50

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

2 av 6 disponering av midlane kommunen får tildelt gjennom ordninga med Den kulturelle spaserstokken, og utvalet krev å bli tatt med i drøftingar når

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

Nasjonalt råd for lærarutdanning. Omlegging av. samarbeid med U/H-institusjonane. Steinar Sandstad

Styringsgruppa Utviklingsplan HMR HF

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Regelverket om spesialpedagogisk hjelp og spesialundervisning - og om å sikre gode overgangar

Elev- og lærlingombod i HFK

NOTAT/REFERAT ETTER REGIONALT BRUKERRÅDSMØTE I STATPED NORD, 26. NOVEMBER 2015.

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

TILSYNSRAPPORT Opplæringslova 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring. Kvinnherad kommune Rosendal ungdomsskule

2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 003/14 14/122 Faste saker 004/14 13/849 Oppfølging rapport barnevern

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

MØTEPROTOKOLL. Utval: Personal og økonomiutvalet Møtedato: Møtetid: 15: Møtestad: Kommunehuset

Fogn oppvekstsenter levande og lærande

ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Retten til gratis offentleg grunnskuleopplæring. Stord kommune, Nysæter ungdomsskule

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 1/10 10/29 POLITISK KVARTER - PERSONALUTVALET

Deltidsopplæring for hørselshemmede grunnskoleelever

Rådmann. Sjå adresseliste /63-4 A20. HØYRING - SKULESTRUKTUR VALLE KOMMUNE

Kvalitetskriterium i PP-tenesta

OVERSIKT OVER OPPGÅVER OG ANSVAR KNYTT TIL EKSTERN VURDERING

MØTEPROTOKOLL. Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Randi Langlo MEDL AP

Rådmannsutvalet Førde

Plan for overgangar. for barn og unge

Plan for utvikling av barnehage og skule i Balestrand kommune Planprogram

TILSYNSRAPPORT. Forvaltningskompetanse avgjerder om særskild tilrettelegging. Modalen kommune Mo skole

Tilgangskontroll i arbeidslivet

05/12 Plan for forvaltningsrevisjon for perioden Forslag til prosjektplan

Ekskursjon til Stryn kommune besøk på to oppvekstsenter

Inntak til vidaregåande skule for søkjarar med fortrinnsrett, søkjarar med rett til individuell handsaming og minoritetsspråklege søkjarar.

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid: 14.30

Kontrollutvalet i Fusa kommune Møteprotokoll

Kommunale vedtekter forskulefritidsordningane i Sunnfjord kommunane

Vedtak i sak som gjeld klage på manglande innsyn etter offentleglova

Kartlegging av rammevilkår

Administrativ Organisasjonsutvikling

Høyring - Forskriftsendringar. Krav til relevant kompetanse i undervisningsfaget m.m.

TILSYNSRAPPORT Ullensvang herad, Kinsarvik skule

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Gry Susanne Hetlelid Arkiv: 034 Arkivsaksnr.: 18/1533-1

Høyring Ny forskrift om ansvar for utgifter til spesialpedagogisk hjelp for barn under opplæringspliktig alder

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Formannskapet Møtedato: Møtetid: 19:00-20:15 Møtestad: Kommunehuset

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

SOTRA BRANNVERN IKS - I arbeid for eit branntrygt lokalsamfunn!

SULDAL KOMMUNE. Rutine for overgangen barnehage - skule

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Sogn og Fjordane fylkeskommune

ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Retten til gratis offentleg grunnskuleopplæring. Stord kommune, Stord ungdomsskule

Møtereferat Orstad FAU Dato Til stades Møteleiar Referent Saker Sak Omtale Evaluering av Temakveld. Temakveld med Barnevakten nettmobbing.

TILSYNSRAPPORT. Forvaltningskompetanse avgjerder om særskild tilrettelegging. Nord-Fron kommune Vinstra ungdomsskole

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Øystre Slidre kommune

Rettane til sterkt svaksynte og blinde elevar Udir

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Utvalet for oppvekst og omsorg Møtedato: Møtetid: 15:00-19:30 Møtestad: Kommunehuset

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

Organisasjon og arbeidsgjevar

ephorte 2011/777-7 Vedteke i kommunestyresak 17/12. Gjeldande frå Vedtekter for kommunale skolefritidsordninger i Aukra

OPPLÆRINGSAVDELINGA. Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse

Informasjon om Sør-Fron ungdomsskule. Skuleåret

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

TILSYNSRAPPORT. Skulen sin gjennomføring av nasjonale prøver. Hjartdal kommune - Sauland skule. Fylkesmannen i Telemark

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSUTVALET

Tiltaksplan Tett på realfag Nasjonal strategi for realfag i barnehagen og grunnopplæring a ( )

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 056 A20 Arkivsaksnr.: 11/682-3

3 Samtale med føresette. Vert saka løyst her, vert det skrive ned og underteikna av alle.

2 av 7 Desse sakene vart handsama: SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 007/13 13/273 Faste saker 008/13 13/103

Transkript:

Referat frå møte i rådgjevande gruppe for prosjektet Overføring av heiltids opplæringstilbod for hørselshemma elevar frå Statped Vest ved Hunstad skole til Bergen kommune ved Nattland skole. Fredag 16. mars 2012, kl. 09.00-11.00 Møtestad: Hunstad skole, møterom Ekko Til stades: - Hanne Guri Hellevang, rektor, Bergen kommune, Nattland skole - Eva Gading, fagavdelinga, Bergen kommune - Linda Guttormsen, fagavdelinga, Bergen kommune - Thor-Arne Nilsen, avdelingsleiar, Statped Vest - Torill Solbø Zahl, cand.ed. Statped Vest - Arild Reigstad, Utdanningsforbundet Bergen - Øyvind Storesund, Norsk Tjenestemannslag, Statped Vest (første del av møtet) - Jørn Unneland, FAU ved Nattland skole - Jan Erik Olsen, SAU ved Pinnelien barnehage - Rune Kykjebø, FAU ved Hunstad skole - Hilde Sundve Jordheim, rektor, Statped Vest Hunstad skole Møteleiar: Prosjektkoordinator Hilde Sundve Jordheim Møtedokument: Dokument sendt til møtedeltakarane på førehand: - Referat frå møte i styringsgruppa, torsdag 2. februar 2012 - Referat frå møte i rådgjevande gruppe, torsdag 19. januar 2012 - Informasjonsplan for prosjektet - Møteplan for styringsgruppa og rådgjevande gruppe Saksliste for møtet: 1. Informasjon - deltakarane i rådgjevande gruppe kan kome med informasjon som dei synes er viktig for prosjektarbeidet 2. Gjennomgang av referat. 3. Drøfting av kva eit ressurssenter for hørselshemma elevar bør innehalde av oppgåver og kompetansar. 4. Informasjonsplan 5. Eventuelt 1

SAK RG 1-2012 Informasjonar Prosjektkoordinator introduserte dei tre foreldrerepresentantane frå Nattland skole, Pinnelien barnehage og Hunstad skole. Det vil vere naturlege at foreldrerepresentantane blir inviterte til møta i rådgjevande gruppe slik at foreldra lettare kan få innsyn i arbeidet, kome med innspel til arbeidet og vere med å gi informasjon til foreldregruppene om prosjektarbeidet. Representanten frå Norsk Tenestemannslag informerte om at det på sentralt IDF-møte i Utdanningsdirektoratet den 8. mars blei informert om oppstart av arbeidet i høve til deltidstilbod for hørselshemma elevar. Arbeidet skal starte opp 19. mars 2012. Ei arbeidsgruppa skal utarbeide forslag til framtidig organisering av deltidsopplæringa. Organisasjonane har bedt om at ein sentralt tillitsvald er deltakar i arbeidsgruppa. Direktoratet har tatt dette til etterretning. Prosjektkoordinator gav nokre fleire detaljar om den nasjonal arbeidsgruppa som Utdanningsdirektoratet har etablert for utviklinga av deltidstilbodet for hørselshemma elevar i Noreg. Det er avdelingsleiar Thor Arne Nilsen som representerer Statped Vest i arbeidsgruppa. Arbeidet er lagt til Møller-Trøndelag Kompetansesenter og direktør Anne Bakken har det overordna ansvaret for arbeidet. Leiar for arbeidsgruppa er Odd Morten Mjøen. Arbeidsgruppa vil gjere ei statuskartlegging av tenestetilbodet til deltidselevane, lage skisser til ulike modellar for eit framtidig tenestetilbod og utgreie konsekvensane av ulike modellar. Utgangspunktet for heile arbeidet vil vere å finne ut kva behov hørselshemma elevar har for ulike tenester frå Statped i framtida. Foreldrerepresentantane i den rådgjevande gruppa kom med fleire kommentarar til Statped sitt arbeid med det framtidige deltidstilbodet: I høve til digitalisering av tenestetilbodet; jf. Prosjektet Grenseløs læring, er det viktig at dette berre blir et supplement til dei fysiske møtepunkta for elevane og lærarane deira. Det er viktig å sjå kor naudsynleg deltidsopphalda er for elevane i høve til ein samlande fysisk lærings- og sosialiseringsarena. Det er viktig at elevane kan kome til eit levande skolemiljø og teiknspråkleg miljø. Det digitalisert tenestetilbodet i form av fjernundervisning kan berre vere eit supplement til dei fysiske deltidsopphalda som staten driv. Det blei også framheva nytten av dei nettverskursa lærarane til deltidselevane no får tilbod om i Statped Vest ved Hunstad skole. Rektor ved Nattland skole informerte om situasjonen ved skolen i høve til dei siste rapportane om helse, miljø og tryggleik. Det er ikkje eit forsvarleg inneklima ved skolen. Undersøkingane viser unormale verdiar i høve til luftkvalitet og temperatur i dei aller fleste klasseromma, og det er påvist soppangrep i lokala. Det fører til at det blir satt i verk ulike tiltak for å forbetre tilhøva til elevane både på kort og lang sikt. Mellom anna er elevane på 5. trinn flytta til Sædalen skole, og frå og med hausten 2012 vil heile barnetrinnet bli flytta til nye brakker nær Sædalen skole. Situasjonen setter sitt preg både på elevane og personalet ved skolen, og det vil vere krevjande å sikre god drift av skolen når verksemda skal skje på to stader som fysisk ligg så langt frå kvarandre. Denne situasjonen gjer det ekstra krevjande i høve til å sikre eit godt tilbod til dei elevane ved Nattland skole som har 2

hørselsvanskar og å byggje opp det kompetansemiljøet som skolen har trong om i framtida. Rektor meiner det er sers viktig å sjå til at skolen får gode rammer til å drive dette utviklingsarbeidet, slik at ein er godt rusta til å ta over staten sitt heiltidstilbod for desse elevane i 2014. Det er naudsynleg så snart som råd er, at skolen får styrka sin kompetanse innan det hørselstekniske fagområdet og innan IKT. Ein ser for seg ein 50% stilling til dette arbeidet. Likeins må skolen så mogeleg få på plass ein avdelingsleiar innan det hørselsfagleg område. Slik situasjonen er nå blir det hørselsfaglege arbeidet alt for fragmentert. Det blei ein diskusjon om systemet med fritt skoleval i Bergen kommune sett i høve til hørselshemma elevar som har trong om opplæring etter 2.6 i opplæringslova. Det er fleire elevar som no går over på ungdomstrinnet i Bergen kommunen og som skal ha opplæringa si etter 2.6. Dette fører til at det er fleire skolar i kommunen som må byggje opp teiknspråkleg kompetanse for å kunne gje desse elevane ei tilfredsstillande opplæring. Dette skjer i same perioden som vi skal byggje opp eit slikt miljø ved Nattland skole. Bergen kommune har førebels ikkje lagt føringar i høve til å samle desse elevane til opplæring i og på teiknspråk på ein bestemt stad i kommunen, slik som det er moglegheiter til i høve 2.6. Det kan vere vanskeleg for kommunen å kunne stille med tilfredsstillande fagleg kompetanse på kvar einskild skole, når desse elevane er spreidd på mange forskjellige skolar. Sak RG 2-2012 Gjennomgang av referat Det var ingen særskilde merknader til referata. Sak RG 3-2012 Ressurssenter for hørselshemma elevar - kva bør det innehalde av oppgåver og kompetansar Referatet frå møtet i styringsgruppa den 2. februar 2012 danna grunnlaget for drøftingane i rådgjevande gruppe. Dei tre modellforslaga blei presenterte: Modell A: Eit senter for heiltidselevar i Bergen og andre kommunar Hovudfokuset er på elevar med hørselsvanskar som har trong om ei heiltidsopplæring etter 2.6, opplæring i og på teiknspråk og med opplæring etter læreplanar for døve og sterkt tunghøyrde. Elevar frå kommunane i regionen kan etter avtale med Bergen kommune søkjast inn i dette opplæringstilbodet. Modell B: Eit senter for heiltidselevar med tenester retta ut til andre skolar i Bergen kommune Modellen byggjer på modell A, men har i tillegg etablert eit tenestetilbod for hørselsfagleg samhandling med andre skolar i kommunen som har elevar med høyrselsvanskar. Modell C: Eit ressurssenter i samarbeid mellom stat og kommune Modellen er ein kombinasjon av enten Modell A eller Modell B og staten sine tenester for deltids- og kurselevar. 3

Det blei ei lengre drøfting av dei ulike modellane også i høve til styringsgruppa sine presisjonar om at vi arbeider etter eit mandat i høve til Modell A. Rådgjevande gruppe meiner Modell A gjev eit for snevert perspektiv på arbeidet, og dei rår til at vi så snart som mogeleg bør vurdere korleis ein eventuelt kan utvikle eit arbeid som rettar seg inn med fokus på ein Modell C. Vi skal i 2014 ha etablert eit samarbeid mellom stat og kommune ved Nattland oppveksttun om eit tenestetilbod for heiltids- og deltidselevar og mest sannsynleg også for kurselevane og kursverksemda for foreldre og lærarar til deltids- og kurselevar. Foreldrerepresentantane meinte at ein uansett måtte arbeide for å få Modell B på plass, og dei bad prosjektkoordinator ta dette opp på nytt med styringsgruppa. I høve til Modell B rår dei også til at ein må sjå dei tenestene som SAPHT gir til skolane i Bergen kommune i samanheng med det hørselsfaglege arbeidet ved Nattland oppveksttun. Rådgjevande gruppe hadde også ei lengre drøfting av kva for kompetansar eit ressurssenter for det hørselsfaglege område bør innehalde. Følgjande kompetanse blei vurdert som sentrale for eit slikt ressurssenter: Allmennlærarar med teiknspråkkompetanse Spesialpedagogar med teiknspråkkompetanse Audiopedagogar med teiknspråkkompetanse IKT/audioteknikar Logopedar med teiknspråkkompetanse/audiopedagogisk kompetanse Sosialpedagogar med teiknspråkkompetanse Tolkar Døve tilsette I høve til lærarkompetanse er det ynskjeleg å få inn lærarar på masternivå som har teiknspråkkompetanse. Det blei vurdert i kva grad ein har trong om førskolelærarar med teiknspråkkompetanse i grunnskolen. Denne typen kompetanse kan vere verdifull i overgangen mellom barnehage og grunnskole, men slik den faglege profilen ved Nattland skole er i dag, krev ein minimum allmennlærarkompetanse for å arbeide i skolen. Det blei presisert at det vil vere stort behov for å ha tolkar permanent til stades ved skolen. I ein overgangsfase vil dette vere avgjerande for å få til eit vellukka resultat. Etter kvart som fleire tileignar seg ferdigheiter i teiknspråk/teikn til tale kan behovet for tolketenester bli noko mindre. I høve til å oppretthalde og vidareutvikle eit teiknspråkleg miljø ved Nattland oppveksttun vil det vere trong om å ha nokre døve tilsette med teiknspråk som førstespråk i personalgruppa. Dette for å sikre at ein kan oppretthalde eit teiknspråkleg miljø i personalgruppa, samstundes som ein sikrar teiknspråklege elevane gode språkmodellar. Det blei også understreka at det er viktig å skape ein balanse mellom talet på kvinner og menn i personalgruppa innan det hørselsfaglege området. 4

Rådgjevande gruppe hadde også ein lengre diskusjon om ei gruppe spesialistar som bør vere lett tilgjengeleg for det faglege arbeide ved ressurssenteret. Det blei drøfta om desse tenestene bør vere lokalisert ved Nattland oppveksttun eller om dei berre skal vere lett tilgjengelege for eksempel ved eit bestemt PPT-kontor i kommunen. Desse spesialistkompetansane er til dømes psykolog, musikkterapeut og ergoterapeut. Erfaringsmessig veit vi kor viktig det er at det er eit visst samarbeid mellom sosialpedagogane og psykologar som har teiknspråkleg og hørselsfagleg kompetanse. Dette gjeld samarbeid om elevane i høve til samspills- og åtferdsvanskar, ulike psykiske problem og ulike behov for testing av elevane. Trongen om samarbeid med konsulenttenesta blei særskilt nemnt i høve til modell B og C. Rådgjevande gruppe understreka kor viktig det er at ein i tida fram til overtakinga av heiltidstilbodet gradvis byggjer opp eit hørselsfagleg kompetansemiljø ved Nattland oppveksttun og at ein ser dette i samanheng med dei årsverka som vil bli overførte frå staten til Bergen kommune; jf. avtalen mellom staten og kommunen frå 6. juni 2011 ( Syv ansatte (årsverk) overføres permanent frå Statped Vest ved Hunstad skole til Bergen kommune ved Nattland skole fra og med skoleåret 2014-15, eller det tidspunktet det statlige grunnskoletilbudet for hørselshemmete elever overføres Bergen kommune. ) Sak RG 4-2012 Informasjonsplan Informasjonsplanen blei presentert og tatt til etterretning. Det blei understreka kor viktig det er at alle partane i prosjektet får lik informasjon om utviklinga i prosjektet og at informasjonen blir gitt til same tid. Eventuelt Det var ingen saker under eventuelt. Neste møte skal haldast 25. april. Møtetid er tidlegare satt til kl. 12.00-15.00. Det er i ettertid kome forslag om å halde møtet 25. april, kl. 08.00-10.00/11.00 Bergen, den 4. april 2012 Hilde Sundve Jordheim Prosjektkoordinator 5