SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Olav Grov Arkiv: 223 U Arkivsaksnr.: 13/39 Bedriftsnettverk Jostedalen. Søknad om finansiering. Rådmannen si tilråding: Bedriftsnettverk Jostedalen får kr 75.000 i tilskot til gjennomføring av prosjekt. Tilskotet vert finansiert av post 32503.14703.402.
Saksutgreiing: Prenta vedlegg: Uprenta vedlegg: Søknad frå Bedriftsnettverk Jostedalen Samandrag: Innovasjon Norge og Norwegian Center of Expertice for reiseliv (NCE Tourism Fjord Norway) har sett i gang ei satsing for å vidareutvikle unike opplevingstilbod i reiselivet. Satsinga tek utgangspunkt i samarbeidande bedriftsnettverk. I 2012 har det vore gjennomført tre forprosjekt i denne satsinga i Sogn og Fjordane, bedriftsnettverket i det aktivitetsbaserte reiselivet i Jostedalen er eit av dei nettverka som fekk tilbod om deltaking. Forprosjektet bedriftsnettverk i Jostedalen er gjennomført med støtte frå Innovasjon Norge, eigeninnsats og eigenkapital frå bedriftene i reiselivet i Jostedalen. Erfaringane frå arbeidet i forprosjektet har vore så positive at Innovasjon Norge ynskjer å gå vidare i eit hovudprosjekt, dersom bedriftene ville satse vidare. Det føreligg no eit opplegg for eit hovudprosjekt. Luster kommune vert utfordra på å bidra med kr 75.000 i finansiering. Utval som har vedtaksmynde: Næringsutvalet Fakta: Innovasjon Norge og Norwegian Center of Expertice for reiseliv (NCE Tourism Fjord Norway) har sett i gang ei satsing for å vidareutvikle unike opplevingstilbod i reiselivet. Satsinga tek utgangspunkt i samarbeidande bedriftsnettverk. I 2012 har det vore gjennomført tre forprosjekt i denne satsinga i Sogn og Fjordane, bedriftsnettverket i det aktivitetsbaserte reiselivet i Jostedalen er eit av dei nettverka som fekk tilbod om deltaking. Forprosjektet bedriftsnettverk i Jostedalen er gjennomført med støtte frå Innovasjon Norge, eigeninnsats og eigenkapital frå bedriftene i reiselivet i Jostedalen. Erfaringane frå arbeidet i forprosjektet har vore så positive at Innovasjon Norge ynskte å gå vidare i eit hovudprosjekt, dersom bedriftene ville satse vidare. Rune Abildgård Sørensen har vore prosjektleiar i forprosjektet, han er dansk med erfaring frå å jobbe med aktivitetsturisme både i Jostedalen og andre plassar. Han har og ein utdanningsbakgrunn som er relevant. Steinar Bruheim har leia bedriftsnettverksarbeidet på vegne av deltakande bedrifter. Åsne Folstad i Innovasjon Norge gjev slik omtale av forprosjektet i desember 12: Prosjektet i Jostedalen er i forbindelse med Innovasjon Norge Sogn og Fjordane sin satsing på styrking av opplevelsesbedriftene, for mer markedsrettede og konkurransedyktige opplevelsestilbud. Satsingen gjennomføres i dialog med NCE Tourism Fjord Norway og Fjord Norge. Bedriftsnettverket har også samarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane ved Ove Oklevik, som skal bistå prosjektet til å styrke destinasjonens markedskommunikasjon. Målet for satsingen er å styrke markedskommunikasjonen gjennom et tettere samarbeid på reisemålet, med mål om økt belegg i skuldersesongene. Jostedalen er for øvrig fremhevet som en hub (med mange aktivitetsbedrifter innenfor et geografisk avgrenset område) av NCE Tourism, sammen med Voss. Jostedalen Breførarlag, som feiret 25 år i år, har vært en viktig aktør og har helt sikkert bidratt til at flere har turt å satse på å etablere reiselivsbedrifter i Jostedalen. Innovasjon Norge jobber for å tilrettelegge klyngesamarbeid mellom Jostedalen og andre opplevelsessentra, for gjensidig erfaringsutveksling. Innovasjon Norge ønsker også å bidra til økt utnytting av markedskunnskapen som vi har på våre mange utenlandskontor. Så langt har bedriftsnettverket fått tilbakemeldinger på sine produkttilpasninger fra bl.a. Tyskland- og Holland-kontoret til Innovasjon Norge. I tillegg har de deltatt på workshops hvor alle utekontorene har vært representert. Nettverket får også
ekstern prosessledelse ved innleid konsulent, Børre Berglund, som bidrar til faglig veiledning og god fremdrift. Vi mener at Jostedalen et unikt reisemål med god tilgjengelighet til aktive opplevelser på bre og fjell, som bør ha et større potensiale i både hjemmemarked og utenlandsmarkeder. Mange av aktørene har høy kompetanse med internasjonal godkjenning som breførere og tindeveiledere. Styrken til bedriftsnettverket i Jostedalen er at de har en god lokal samarbeidsånd. Prosjektleiar Rune A Sørensen oppsummerer forprosjektet slik: I forprosjektet har nettverket i samarbeid med konsulent Børre Berglund arbeidd med ein ny forretningsmodell for å opne ein ny marknad for reiselivsbedriftene i Jostedalen og gjere dette på ein ny og annleis måte enn det som tidlegare har vore praksis for Jostedalsbedriftene. Prosjektets fokus er på betre merkevarebygging (branding) av Jostedalen som reisemål, identifisering og vidareutvikling av potensielle marknader - særleg gruppereiser og opphald over lengre tid (+2 døgn) er i fokus. Samarbeidet i prosjektet er konkretiseret i ein samarbeidsavtale som alle involverte bedrifter er innforstått med og har underskrive. Som ein del av forprosjektet og eit ynskje om betre branding av Jostedalen, er nye nettsider og ein heilt ny grafisk profil under utarbeiding. Dei nye nettsidene skal samle alle aktivitetsog overnattingstilbod samt annan relevant informasjon om Jostedalen på éi nettside. Denne forbetra oversikten av tilboda i Jostedalen forventar ein skal auke tilstrøyminga av turistar og framfor alt auke talet på gjestedøgn i Jostedalen. I forprosjektet inngår i bedriftsnettverket ALLE reiselivsbedriftene i Jostedalen. Med fokus på skulder- og lågsesong (vinter) har Bedriftnettverket etablert eit nytt marknadsorientert produkt under fana Jostedal SigNatur. Med utgangspunkt i eksisterande produkt og enkelte nye, vil bedriftene forsøke med målretta sal og marknadsføring retta mot gruppereiser, særleg i skulder- og vintersesong. Bedriftsnettverket har ut frå kundegruppa som vitjar og ein kjenner til i Jostedalen samt innput fra Innovasjon Norge, Tyskland og Nederland, utarbeidd ein beskrivelse av det kundesegmentet som er aktuelt for den nye satsinga - ut frå det datasettet som bedriftsnettverket innehar pr. i dag. Nettverket har laga ein produktkatalog til bruk ved innsal til reisearrangørar og private grupper, der den enkelte sjølv kan setje saman ein pakke innehaldande overnatting og aktivitetar spesialtilpassa til denne sine behov og ynskjer. Det er meininga at produktkatalogen og Jostedal SigNatur skal vidareutviklast og tilpassast i dialog med kundesegmentet, og på den måten få sluttbrukaren involvert i den endelege utforminga og tilpassinga av produkta og konseptet. Produktkatalogen til Jostedal SigNatur har Jostedals-perlene på menyen, og her blir det fokusert på eit høgt servicenivå, stor kompetanse innan dei enkelte aktivitetar og formidling av komplette naturopplevingar i eit unikt brelandskap, ikkje langt frå fjorden. Bedriftsnettverket forventar å inngå eit samarbeid med ulike reisearrangørar, innanfor aktiv ferie og soft adventure segmentet i utlandet. Det er no utforma ein søknad om å delta vidare i eit hovudprosjekt. I søknaden heiter det m.a: Målsetting for Hovudprosjektet Kvalitative mål 1. Vidareutvikle eit samarbeid mellom dei reiselivsverksemdene som er etablerte i Jostedalen. 2. Gjennom eit 3-årig samarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane, skal bedriftsnettverket gjennomføre fleire kunde- og marknadsundersøkingar for å kartlegge kundegruppa, samt optimalisere kommunikasjonsstrategien med desse. Kvantitative mål 1. Gjennom samarbeidet mellom reiselivsverksemdene er målsettinga å auke omsetninga og innteninga til verksemdene i skuldersesong (februar, mars, april, mai, juni og september og oktober). Dette gjennom den nye satsinga Jostedal SigNatur. Samarbeidet baserer seg på ei felles forståing oppnådd i forprosjektet og som er nedfelt i samarbeidsavtalen. Bedriftsnettverket forventar ein auke i den samla omsetninga for dei deltakande bedrifter på 50% i skuldersesongen frå 2012 til 2015.
2. Som eit resultat av auka branding og synleggjering i samband med sal av gruppereiser gjennom Jostedal SigNatur, vurderer bedriftnettverket det som sansynleg at det og kan genererast ein auka omsetning generelt i hovudsesongen frå 2012 til 2015 med fleire som vil besøke Jostedalen, bli med på aktivitetar og overnatte. Målsettinga for satsinga Jostedal SigNatur er at dette skal bli det leiande aktivitetsproduktet for gruppereiser i Fjordog Fjell-Norge! 3. Strategi Posisjonere Jostedalen ved hjelp av internett gjennom dei nye fellesnettsidene, med aktiv bruk av sosiale media samt kunde- og marknadsundersøkingar laga i samarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane. Posisjonere Jostedal SigNatur i høve sentrale nettsider som VisitNorway, FjordNorway og Sognefjord.com Posisjonere Jostedal SigNatur mot norske og internasjonale media (i samarbeid med VisitNorway, NCE, Fjord Norge). Arbeide aktivt mot internasjonale reiselivsoperatørar. 4. Tiltak og handlingar Utarbeide ein kommunikasjonsstrategi mot kundesegmentet, bl.a. i samarbeid med HiSF. Gjennomføre testpiloter og hergjennom marknadsorientere/tilpasse produktet og tilretteleggje logistikktiltak. Systematisk oppnå kontakt og inngå i forhandlingar med internasjonale operatørar, der aktiv ferie er i fokus hos sluttbrukaren. Systematisk jobbe mot media for å oppnå pressebesøk, både frå norske og internasjonale media. Systematisk informere og presentere Jostedalen og Jostedal SigNatur til reiselivsbedriftene som ligg innafor dagsturavstand til Jostedalen Forbetre informasjonen til kvar einskild bedrift i samarbeidet. Når kunden er på dei ulike heimesidene og er kome til ei bedrift må det vere enkel og god info om forteljinga om bedrifta, historia, menneskja i bedrifta og lokalsamfunnet Jostedalen. Dei som fortel dei gode historiane oppnår merksemd og interesse.
Utarbeide eit introduksjonsprogram for alle som jobbar i reiselivsnæringa i Jostedalen. I dette nettbaserte programmet skal kvar einskild få den mest naudsynte informasjonen om Jostedalen, natur og landskap, kultur og historie samt info om notida og reiselivsprodukta. Kvar einskild bedrift må ha sine eigne opplæringsprogram. Gjennom at alle som jobbar både har noko å fortelje og ynskjer å fortelje det, vil ein kunne skape gjenkjøpsinteresse. Utvikle eit produkt basert på Jostedal SigNatur mot bedriftsmarknaden - (natur)møte, mat og moro. Viktige samarbeidspartnerar Innovasjon Norge sine utekontor. Visit Norway og Fjord Norge (inkl. NCE). Høgskulen i Sogn og Fjordane. Større operatørar: ColorLine, Wolters Reisen, OAD, aktivitetsoperatørar. Logistikkleverandørar: Widerøe, Nettbuss, Sogn Billag, Fjord1. Arbeidsmåte i hovudprosjektet Prosjektleiar i ca. 50% stilling. Alle bedriftene deltek i felles møte ca. 6-10 gonger i året. Styret på 4-5 personar som møtest ved behov og som jobbar tett mot prosjektleiar. Alle bedriftene må aktivt delta på møte lokalt, men og på studieturar, møte med marknaden etc. 8. Budsjett og finansiering Prosjekt-budsjett Prosjektleiing (leiar 50% stilling) kr. 285.000,00 Prosjektomkostningar kr. 108.000,00 Marknadsføring, annonsering, kr. 150.000,00 pressebesøk Reisekostnad prosjektleiar og bedriftene kr. 50.000,00 Prosjektsamlingar og felles kr. 70.000,00 marknadsføringsturar Testpilotar kr. 300.000,00 Forskningsprosjekt kr. 200.000,00 Bedriftene sine timekostnader: 650 timer á kr. 500,- kr. 325.000,00 I alt kr. 1.488.000,00 Finansiering Innovasjon Norge kr. 744.000,00 (løyvd) Eigendel og eigeninnsats HiSF kr. 100.000,00 (på plass) Luster Kommune kr. 75.000,00 Nasjonalpark/Naturarvprosjekt/BHS kr. 50.000,00 Eigeninnsats bedrift - arbeid kr. 325.000,00 (forplikta) Eigeninnsats bedrift - kapital kr. 194.000,00 (løyvd) Finansiering 1. året kr. 1.488.000,00 Vurdering: Som det går fram av finansieringsplanen søkjer Bedriftsnettverket Jostedal om kr 75.000 i tilskot frå Luster kommune. Dei andre delene i finansieringsplanen er i hovudsak på plass. Bedriftene sjølve går inn med om lag 200.000 i eigenkapital og har avtalefesta at dei skal yte 325.000 i eigeninnsats. Innovasjon Norge har gjort positivt vedtak. Det er ei relativt stor satsing som no vert planlagd. Målet for prosjektet; med fokus på sesongutvikling og nye kundegrupper er viktig. Samarbeidet med Innovasjon Norge, Høgskulen, FjordNorge, NCE Tourism er ein svært viktig del av prosjektet. Bedriftene deltek både med eiga tid og og kapital, det er avgjerande. Rådmannen viser til «Grunnlaget for handsaming av næringssaker» vedteke i kommunestyret februar 2012 der det m.a heiter:
«Kommunen kan vere med på marknadssatsing hjå einskildverksemder eller grupper av desse, om det er særleg godt gjennomarbeidde opplegg med betydeleg satsingfrå verksemdene sjølve» «Bygdeutviklingsprosjekt der andre offentlege aktørar er med på finansieringa vil ha prioritet» Rådmannen tilrår kommunal medfinansiering. Dato: 08.01.13 Jarle Skartun Olav Grov rådmann næringssjef Særutskrift skal sendast: m/kopi til: