V o s s k o mmu ne ANBODSINNBYDING Voss kommune Open anbodskonkurranse: Prosjektet Ei løe i endring Anbodsfrist: 09.02.2012 kl 12.00.
KONKURRANSEGRUNNLAG 1. INNLEIING Voss kommune, i dette dokumentet kalla KUNDEN, har som mål å inngå avtale om prosjektet Ei løe i endring. Innkjøpsprosedyren er med tilvising til Forskrift om offentlige anskaffelser fastsett ved kgl.res. 7.april 2006 nr. 402 med heimel i lov 16.juli 1999 nr 69. Open anbudskonkurranse innkjøp over EØS/WTO terskelverdi ( 4-1). Tilbodsformen gir ikkje høve til forhandlingar om tilbodet. Etter at tilbodet er levert er det berre høve til oppklaring av eventuelle uklare tilhøve. 2. OMFANG Med utgangspunkt i kunngjering i DOFFIN og dette dokumentet, vert De med dette invitert til å gje tilbod på levering av prosjektet Ei løe i endring. Anbodet gjeld eit eingongskjøp. 3. DOKUMENT I FØRESPURNADEN I tillegg til dette dokumentet byggjer konkurransegrunnlaget på følgjande dokument: Vedlegg A1: Ikkje relevant for dette oppdraget. Vedlegg A: Ikkje relevant for dette oppdraget. Vedlegg B: Kravspesifikasjon Vedlegg C: Ikkje relevant for dette oppdraget. Vedlegg D: Utforming og krav til dokumentasjon Skjema for utfylling: Vedlegg E: Prisskjema Vedlegg F: Atterhald i tilbodet 4. PRIS VILKÅR FOR LEVERINGA Pris skal spesifiserast i vedlegg E Prisskjema. Betaslingsvilkår er 30 dagar etter mottak av godkjent faktura. Prisane skal vera kalkulert i norske kroner eksklusiv meirverdiavgift, inklusiv alle kostnadar/avgifter. 5. BETALING OG FAKTURERING Faktura skal vera maskinskriven (vert lese digitalt) og skal referere til kontaktperson i Voss kommune med bestillingsnummer. 2 av 5
6. INNSENDING AV TILBOD / GYLDIGHEIT Retningslinjer for utarbeiding av tilbod er gitt i vedlegg D. Tilbodet, inkludert alle opplysningar og vedlegg som er kravt i dette konkurransegrunnlaget skal utarbeidast på norsk og sendast i 1 -eit- eksemplar til: Voss kommune Postboks 145 5701 Voss Konvolutten skal merkast tydeleg: "Prosjektet ei løe Det er ikkje høve til å oversenda tilbod på elektronisk post eller telefaks. Heile tilbodet skal leverast på papir. Som ein del av tilbodet skal følgja eit signert og forpliktande tilbodsbrev. Tilbodet skal vera komplett. Postar som ikkje er prisa, blir sett på som kalkulert inn i andre postar. 6.1 Frist for å stå ved tilbodet Tilbodet skal vera gyldig i 90 dagar frå tilbodsfrist jamfør punkt 6 i dette dokumentet 6.2 Tilbodsopning Det vil ikkje bli føreteke offentleg opning av dei tilboda som er komne inn. 7. KOSTNADER MED Å DELTA I KONKURRANSEN Einkvar kostnad som tilbydar pådreg seg i samband med konkurransen må dekkast av tilbydar. Det same gjeld kostnader som er pådregne ved demonstrasjonar, testar eller liknande. 8. VURDERING Ein gjer merksam på at tilbod som ikkje er i samsvar med vilkåra i denne innbydinga vil bli avvist. Tilbod som kjem inn etter at tilbodsfristen er ute vil bli avvist og returnert uopna. Det vert teke atterhald om å: avlysa konkurransen med straksverknad dersom det ligg føre sakleg grunn. forkasta alle tilbod dersom resultatet av konkurransen gir sakleg grunn for det prosjektet har ei øvre ramme på kr. 600.000,-. Heile prosjektet må gjennomførast innanfor ramma. Viser dei innkomne tilboda at denne ramma vert overskriden, vil prosjektet ikkje bli gjennomført. Eventuelt forkasta tilbod blir ikkje returnert. 3 av 5
8.1 Kvalifikasjonskriterium Ved vurderinga vil det bli lagt vekt på at tilbydaren har det faglege, tekniske og økonomiske grunnlaget som er nødvendig for å kunna oppfylla pliktene i kontrakten. Ved vurdering av om tilbydar er eigna vil følgjande kriterium bli lagt vekt på: At tilbydar er à jour med innbetaling av skattar og avgifter. At tilbydar ikkje er i pågåande forhandlingar om gjeldsakkord eller er i konkurs. At tilbydar har gitt HMS- erklæring. Dokumentasjon det er krav om er omhandla i Vedlegg D. KUNDEN tek atterhald om rett til å søkja ytterlegare opplysningar om det som er nemnt ovanfor dersom dette er nødvendig. 8.2 Tildelingskriterium Tildeling av kontrakt vil skje på grunnlag av det økonomisk mest fordelaktige tilbodet, der ein tek omsyn til følgjande kriterium: 60% Firmaet sin presentasjon av mogleg tilnærming og oppgåveforståing. 30% Kompetanse frå ulike etterspurde fagmiljø og bemanning 10% Timeprisar 9. SPØRSMÅL Vi tek atterhald om å ettersenda tilleggsopplysningar til konkurransegrunnlaget inntil 5 dagar før innlevering. Eventuelle spørsmål i samband med denne innbydinga kan rettast til: Teknisk- og faglege spørsmål Kommersielle- og kontraktuelle spørsmål Kontaktperson Berit Marie Galaaen Kristian Østrem Telefon 56519608 (+47) 56 51 94 12 Mobiltelefon Faks (+47) 56 51 96 51 e-post Berit.m.galaaen@voss.kommune.no Kristian.ostrem@voss.kommune.no Eventuell presisering som blir utarbeidd, og som har konsekvens for konkurransen, vil bli sendt til alle som har fått tilsendt konkurransegrunnlaget. 10. Innkjøpsvilkår kontrakt Bindande avtale vert ikkje sett på som inngått ved val av tilbydar, og Voss kommune står fritt inntil kontrakt er underteikna mellom Voss kommune og valde leverandør. 11. KONTRAKT Ein eventuell kontrakt vil bestå av følgjande dokument: Bestilling 4 av 5
Vedlegg B: Kravspesifikasjon Tilbodet inklusiv vedlegg E og F 5 av 5